9 Ein fornya likestillingspolitikk
Figur 9.1
Kjelde: Anagram design.
Noreg har eit omfattande verkemiddelapparat for likestilling og eit lovverk som pålegg alle offentlege styresmakter å arbeide aktivt for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Fleire offentlege utgreiingar har over tid peika på behovet for å styrkje gjennomføringa av likestillingspolitikken. Trass i eit omfattande lovverk og etablerte strukturar har utvala i stor grad identifisert dei same utfordringane: manglande koordinering og svak oppfølging av sektoransvaret. Mangelfull oppfølging av likestillingsansvaret kan føre til at kunnskap om utfordringane til gutar og menn ikkje blir omsett i politikk, at tenestene ikkje blir tilpassa behovet til brukarane, og at dei eksisterande forskjellane vedvarer.
Regjeringa vil ha ein effektiv og kunnskapsbasert likestillingspolitikk med tydeleg ansvar, eit solid kunnskapsgrunnlag og systematisk oppfølging på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. For å styrkje likestillingspolitikken og sikre eit meir samordna og målretta likestillingsarbeid har Kultur- og likestillingsdepartementet sett i verk fleire tiltak som skal vidareutvikle verkemiddelapparatet.
Regjeringa vil
-
styrkje strukturen for likestillingspolitikken
-
bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag om likestilling for gutar og menn
-
fremje likestillinga for gutar og menn internasjonalt
Boks 9.1 Mannsutvalet foreslår
Utvalet tilrår ein likestillingspolitikk som vidarefører innsatsen for kvinners likestilling og i større grad tek for seg strukturelle og kulturelle forhold som avgrensar deltakinga og handlingsrommet til gutar og menn (NOU 2024: 8). Vidare meiner utvalet at likestillingsintegreringa må gjennomførast meir systematisk, støtta av ei heilskapleg evaluering av verkemidla, tydelegare sektorovergripande ansvar og sterkare oppfølging.
Mannsutvalet har følgjande forslag til tiltak på dette området:
-
Innføre ein kjønnsnøytral formålsføresegn i likestillings- og diskrimineringslova (sjå omtale i kapittel 2)
-
Innføre meir effektive verkemiddel i likestillingspolitikken
-
Revidere statistikksider og indikatorar for kjønnslikestilling
-
Skaffe meir forsking og kunnskap om menns likestillingsutfordringar
9.1 Utfordringar i organiseringa og gjennomføringa av likestillingspolitikken
Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har det overordna ansvaret for å koordinere og initiere likestillingspolitikken. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda har heilt sentrale forvaltings-, handhevings- og kompetanseoppgåver på likestillings- og diskrimineringsfeltet. Statsforvaltarane har ei viktig rolle i å fremje likestilling og ikkje-diskriminering, og gjennom til dømes rettleiing, kunnskapsformidling og dialog med kommunane skal dei bidra til eit systematisk og kunnskapsbasert likestillingsarbeid. I tillegg kjem fem likestillingssenter, som er organiserte som private stiftingar eller som ein del av universitets- og høgskulesektoren. Sentera får grunnløyving frå Kultur- og likestillingsdepartementet og har eit felles samfunnsoppdrag som beskriv kva dei, innanfor det øyremerkte tilskotet, skal bidra med på likestillingsfeltet. Tilskotsordninga for familie- og likestillingspolitiske tiltak er òg eit viktig verkemiddel i arbeidet med å fremje kjønnslikestilling. Gjennom denne ordninga blir det lagt til rette for at sivilsamfunnet kan bidra med kunnskap, kompetanse og likestillingstiltak.
Det er eit grunnleggjande og lovfesta prinsipp i norsk likestillingspolitikk at alle offentlege styresmakter skal arbeide aktivt, målretta og systematisk med likestilling, jf. omtalen av aktivitetsplikta i kapittel 2. Men vi har for lite kunnskap om korleis plikta blir etterlevd, om lova verkar etter intensjonen, og kva effektar ho har i samfunnet.
9.1.1 Fleire tilrådingar om eit styrkt verkemiddelapparat
Likestillingsutvalet peika i NOU 2011: 8 på behovet for å styrkje det offentlege likestillingsarbeidet, tydeleggjere plikter og utvikle meir forpliktande strukturar for oppfølging av likestillingspolitikken (NOU 2011: 8).
Også seinare offentlege utgreiingar har peika på utfordringar med å gjennomføre likestillingspolitikken. Både #UngIDag-utvalet og Mannsutvalet går langt i å understreke at sektoransvarsprinsippet for likestilling, slik det er lovfesta gjennom aktivitets- og forklaringsplikta, ikkje fungerer godt nok i praksis.
Evaluering av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda viser at det rettslege handhevingsapparatet har ei viktig og legitim rolle, men at det kan bli betre med tanke på gjennomslagskraft, rolleavklaring og samspel med andre delar av likestillingsapparatet (Lund & Co, 2024). Det er ikkje gjennomført tilsvarande heilskaplege evalueringar av likestillingsarbeidet til Bufdir eller av samspelet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar på feltet.
For å få meir kunnskap om korleis offentlege styresmakter arbeider med likestilling, sette regjeringa i 2024 i gang eit samarbeid med OECD om ein gjennomgang av norsk likestillingspolitikk. Formålet var å undersøkje korleis likestillingsperspektiv blir integrerte i offentleg styring og politikkutvikling, og korleis aktivitets- og forklaringsplikta blir følgd opp i praksis.
OECDs rapport, som blei publisert våren 2026, peikar på at det trass i sterk politisk forplikting er manglande samsvar mellom dei høge ambisjonane regjeringa har for eit likestilt og mangfaldig samfunn og måten sektorane jobbar på i praksis. Departementa knyter ikkje likestillingsmål til breiare nasjonale økonomiske mål som full sysselsetjing, konkurranseevne og innovasjon, særleg innanfor energi og grøn og digital sektor. OECD meiner at det er behov for å anerkjenne likestilling som ei langsiktig strategisk drivkraft for berekraftig og inkluderande vekst som òg påverkar bruttonasjonalproduktet. For å sikre vedvarande framgang på likestillingsfeltet er det nødvendig med langsiktige investeringar i eit solid oppdatert kunnskaps- og datagrunnlag og institusjonell kapasitet til å bruke kunnskapen i politikkutforminga (OECD, 2026b).
9.1.2 Likestillingsarbeidet i kommunane
Kommunane har ansvar for å fremje likestilling gjennom rolla som tenesteytar, arbeidsgivar og styresmaktsutøvar. Dei forvaltar sentrale velferdstenester, arbeidsplassar og ressursar med stor betyding for levekår, deltaking og moglegheiter. Eit systematisk og målretta likestillingsarbeid i kommunesektoren blir vurdert som ein sentral føresetnad for å realisere nasjonale mål om likestilling og likeverd og sikre at offentlege tenester og avgjerder kjem alle grupper til gode. Aktivitets- og forklaringsplikta er meint å støtte opp under dette arbeidet.
Ein rapport om kommunanes arbeid med aktivitets- og forklaringsplikta etter likestillings- og diskrimineringslova viser at den lovpålagde plikta berre i avgrensa grad blir etterlevd slik ho er meint (EY, 2024). Sjølv om mange kommunar gjennomfører enkeltståande tiltak for likestilling, er arbeidet ofte lite systematisk og svakt forankra i den ordinære styringa og praksisen i kommunen. Etter fleire år med skjerpa krav i aktivitets- og forklaringsplikta er det framleis stor variasjon i korleis plikta blir forstått og følgd opp.
9.2 Tiltak for eit godt verkemiddelapparat for likestillingspolitikken
Eit godt verkemiddelapparat for likestillingspolitikken er eit av hovudmåla i Strategien for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030 (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2024c). Strategien peikar mellom anna på tiltak knytte til aktivitets- og forklaringsplikta til offentlege styresmakter, styrkt samarbeid mellom offentlege aktørar, eit tilgjengeleg rettleiings- og lågterskeltilbod i diskrimineringssaker og styrking av likestillingspolitiske organisasjonar og likestillingssentera. Gjennom strategien har regjeringa allereie varsla innsats for eit betre verkemiddelapparat for likestillingspolitikken.
Forslaget frå Mannsutvalet om meir effektive og forpliktande verkemiddel i likestillingspolitikken blir særleg følgt opp gjennom
-
gjennomgang av verkemiddel på likestillingsfeltet og oppfølging av tilrådingane frå OECD
-
auka likestillingskompetanse og betre rammer for eit sterkt sivilt samfunn
-
betre kunnskapsgrunnlag og statistikk om kjønn og menns likestillingsutfordringar
9.2.1 Gjennomgang av verkemiddel på likestillingsfeltet og oppfølging av tilrådingane frå OECD
Regjeringa har sett i gang ein gjennomgang av verkemidla på likestillingsfeltet. Målet er å greie ut organiseringa, ansvarsfordelinga og verkemiddelbruken hos sentrale aktørar som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og Diskrimineringsnemnda (DN) og ordninga med tilskot til likestillingssentera. Kultur- og likestillingsdepartementet har gitt DFØ i oppdrag å gjennomføre ei evaluering av korleis desse aktørane bidreg til å nå det overordna samfunnsmålet om mest mogleg likestilling og minst mogleg diskriminering. DFØ skal òg vurdere korleis departementet si styring av verksemdene fungerer. Evalueringa vil leggje grunnlaget for ei vurdering av eventuelle endringar i organisering, ansvarsfordeling, verkemiddel og styring blant sentrale aktørar på likestillingsfeltet.
Regjeringa ønskjer å sjå tilrådingane frå OECD i samanheng med evalueringa av verkemiddelapparatet for likestilling og med eit større forskingsprosjekt som CORE – Senter for likestillingsforsking ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) gjennomfører hausten 2026. Dette prosjektet vil gi meir kunnskap om korleis aktivitets- og forklaringsplikta til offentlege styresmakter og arbeidsgivarar fungerer i praksis.
9.2.2 Meir kompetanse på likestilling og gode rammer for eit sterkt sivilt samfunn
Dei siste åra har regjeringa styrkt innsatsen for likestilling på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ved å bidra til kompetanseheving i kommune-Noreg, auke støtta til likestillingssentera og sørgje for ei betre tilskotsordning for frivillige organisasjonar blir det bygd kapasitet og kompetanse til å møte likestillingsutfordringar i heile landet.
9.2.2.1 Likestilte kommunar
Regjeringa vil løfte det systematiske arbeidet med likestilling, mangfald og menneskerettar i kommunane gjennom eit prosjekt som skal styrkje likestillingsarbeidet i praksis. Prosjektet består av nettverkstreff, kompetansesamlingar, kommunebesøk og digitale kompetansetiltak og skal gjere kommunane betre stand til å analysere sine eigne likestillingsutfordringar, integrere likestilling i mål- og styringssystem og byggje på erfaringar frå andre som har gjort det same.
Det er KS som driv prosjektet, og som har inngått ein samarbeidsavtale med Bufdir.
9.2.2.2 Styrket likestillingssenterstruktur
Dei fem likestillingssentera – Likestillingssenteret, Likestillingssenteret KUN, Likestillingssenteret på Vestlandet, Reform – ressurssenter for menn og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder – jobbar breitt med likestilling. Reform har i tillegg eit særskilt mannsperspektiv. Sentera skal halde seg oppdaterte på likestilling, og dei skal utvikle og formidle kunnskap om alle diskrimineringsgrunnlag.
Likestillingssenteret på Vestlandet er det femte og nyaste. Skipinga av dette senteret har vore viktig for å sikre ein landsdekkjande struktur med eitt senter i kvar region. Slik kan endå fleire kommunar få hjelp med arbeidet for likestilling og mangfald. Målgruppene for dei regionale likestillingssentera er innbyggjarane og offentleg, privat og frivillig sektor.
I regjeringsperioden (2021–2026) har løyvingane til dei regionale likestillingssentera auka med om lag 80 prosent.
9.2.2.3 Styrking av likestillingspolitiske organisasjonar
Tilskot til aktørar som jobbar med kjønnslikestilling, blir i all hovudsak gitt gjennom den etablerte tilskotsordninga «Familie- og likestillingspolitiske tiltak», som Bufdir forvaltar på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet. Målet med ordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape meir aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk i Noreg. Ordninga prioriterer tiltak for å betre likestilling for kvinner og menn, tiltak for å engasjere gutar og menn i likestillingsarbeid og tiltak retta mot likestillingsutfordringar som barn og unge møter i barnehagen, på skulen, i skulefritidsordninga og i fritida.
Sidan 2020 er tilskotsordninga auka med nærmare 180 prosent. I tillegg auka tilskotet med 4 millionar kroner i 2026. Dette var ei ekstraløyving for å styrkje den attverande ramma for prosjekt som søkte ordninga.
Boks 9.2 Døme på prosjekttilskot med mannsperspektiv
Ordninga gir tilskot til ei rekkje prosjekt som belyser gutar og menns likestillingsutfordringar og bidreg til utvikling av kunnskap og tiltak på feltet. Her er nokre døme:
-
Forandringsfabrikken får totalt 570 000 kroner i 2026 og 2027 til prosjektet Gutta setter dagsorden, der gutar formidlar erfaringar og gir råd til styresmakter og skule om korleis likestillinga for gutar kan styrkjast i utdanningsløpet.
-
Reform – ressurssenter for menn får totalt 1,79 millionar kroner i perioden 2026–2028 til prosjektet En likestilt helsestasjon 2026–2028. Systematisk inkludering av fedre og andre ikke-fødende foreldre i helsestasjonstjenesten.
-
Foreininga Et barn for lite får 200 000 kroner i 2026 til prosjektet Menn som snakker sant om sorg, som tilbyr menn som har mista barn, ein arena for støtte og erfaringsdeling.
-
Likestillingssenteret KUN får totalt 735 000 kroner i perioden 2026–2028 til prosjektet Mann nok – han, livet og rollene imellom, som skaper arenaer for refleksjon om menns roller i arbeid, helse og familieliv.
-
MIR får 480 000 kroner i 2026 til prosjektet På tvers av generasjoner – fedre og sønner i dialog, som skal styrkje fedrars engasjement og fremje likestilling gjennom dialog og kunnskapsdeling.
9.2.3 Betre kunnskapsgrunnlag og statistikk om kjønn og menns likestillingsutfordringar
Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for ein treffsikker og legitim likestillingspolitikk. I ei tid med aukande polarisering, desinformasjon og spreiing av misvisande eller forenkla framstillingar av likestillingsspørsmål er det særleg viktig med forsking, statistikk og analysar som kan gi eit mest mogleg presist bilete av utviklingstrekk, utfordringar og effektar av ulike tiltak. Det bidreg til å styrkje både avgjerdsgrunnlaget og den offentlege samtalen om likestilling.
Mannsutvalet foreslår ei systematisk satsing på forsking som kan tette kunnskapshòl knytte til menns likestillingsutfordringar (NOU 2024: 8, ss. 276–277). Utvalet viser til offentleg finansierte statistikksider og ulike indikatorar for likestilling som er relevante for biletet av menns likestilling (til dømes uttak av fedrekvote og kjønnsforskjellar i utdanning og arbeidsliv). Utvalet peikar på at det er for lite kunnskap om andre sider ved likestillingssituasjonen til menn, mellom anna knytt til kvar barna skal bu etter samlivsbrot, og forskjellar i levealder. Kultur- og likestillingsdepartementet meiner det er fornuftig å gå gjennom offentlege statistikksider om kjønnslikestilling og vurdere om dei gir eit balansert grunnlag for å vurdere likestillingssituasjonen til kvinner og menn i Noreg i dag. Bufdir har derfor fått i oppdrag å vurdere dette. Bufdir følgjer opp oppdraget ved å gå gjennom eigne statistikksider om kjønnslikestilling, og ved å gi SSB i oppdrag å vurdere behovet for å revidere indikatorsettet «Indikatorane for kjønnslikestilling i kommunane».
OECD tilrår å styrkje offentleg sektor sin kapasitet til å bruke kunnskap og likestillingsanalysar i politikkutviklinga. Organisasjonen tilrår òg å utvikle interseksjonelle data og forsking i sektorar i omstilling, særleg innanfor grøn sektor, energi og digitalisering. Dette føreset langsiktige investeringar både i eit oppdatert kunnskaps- og datagrunnlag og i institusjonell kapasitet til å bruke kunnskapen i politikkutforminga. Per i dag er det ikkje avklart korleis tilrådingane frå OECD skal følgjast opp.
Strategien til departementa, Gode hver for oss. Best sammen omtaler behovet for kontinuerleg vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget (Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, 2025). Både DFØ og Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet understrekar betydinga av felles kunnskapsutvikling som grunnlag for politikkutvikling, krisehandtering og vidareutvikling av departementsfellesskapet.
Noregs forskingsråd har i rapporten «Kunnskapsgrunnlag for FoU-innsatsen på likestilling og ikke-diskriminering» peika på at det ligg eit stort potensial i å forbetre og samle datagrunnlaget. Forskingsrådet viser til at det finst mange små datasett som ikkje er samla, mellom anna om religion, livssyn, etnisitet, funksjonsnedsetjing og seksuell legning (Forskningsrådet, 2026).
Kultur- og likestillingsdepartementet ser eit stort potensial i å utnytte eksisterande statistikk, registerdata og KOSTRA-data betre på tvers av sektorar og er derfor i gang med å utforme ein FoU-strategi som skal definere kva struktur og retning arbeidet med forsking og utvikling skal ha, og kva arbeidet skal omfatte. Strategien vil sjå på kunnskapsstatusen og -behovet og på relevante verkemiddel både på område som fell innanfor sektoransvaret til departementet, og der departementet har eit tverrsektorielt ansvar.
9.3 Fremje likestilling for gutar og menn internasjonalt
Regjeringa vil løfte likestilling for gutar og menn internasjonalt som ein del av arbeidet med ein breiare og meir heilskapleg likestillingspolitikk. Internasjonalt samarbeid er avgjerande for å fremje likestilling, menneskerettar og ei berekraftig samfunnsutvikling. Noreg støttar opp om det multilaterale samarbeidet og er aktivt med på sentrale samarbeidsarenaer, mellom anna i FN, OECD, Europarådet og Nordisk ministerråd.
Det er viktig at likestillingspolitikken omfattar heile befolkninga. Fleire internasjonale avtalar, konvensjonar og samarbeidsarenaer gir rom for å rette merksemda mot utfordringar som særleg gjeld gutar og menn.
Regjeringa vil arbeide for at gutar og menn i større grad blir anerkjende som ein del av målgruppa for likestillingspolitikken, ikkje berre som aktørar i arbeidet med likestilling for andre grupper. Likestilling gjeld begge kjønn, og arbeidet for rettane og moglegheitene til kvinner og jenter vil framleis bli prioritert høgt. Det er samstundes behov for auka merksemd om forhold som påverkar moglegheitene og levevilkåra til gutar og menn. Regjeringa vil derfor bidra til at slike perspektiv i større grad inngår i den internasjonale likestillingsdiskusjonen og kunnskapsutviklinga.