7 Vald og kriminalitet

Figur 7.1 

Figur 7.1

Kjelde: Anagram design.

Nesten halvparten av alle menn i Noreg oppgir at dei har blitt utsette for fysisk vald éin eller fleire gonger i løpet av livet. Valden er ofte utøvd av menn dei ikkje kjenner. Menn blir òg utsette for fysisk, psykisk og seksuell vald i nære relasjonar.

Utfordringar knytte til oppvekst- og levekår, normer og forventingar til korleis gutar og menn skal vere og reagere, kan vere medverkande årsaker til at gutar og menn blir involverte i vald og kriminalitet, både som utøvar og som utsett. Det breie førebyggjande arbeidet skjer på tvers av fleire samfunnsområde. Det handlar mellom anna om å førebyggje utanforskap og leggje til rette for gode oppvekstvilkår, deltaking og moglegheiter. Desse innsatsområda er nærmare omtalte i andre kapittel i meldinga.

Den samla innsatsen for å førebyggje vald og kriminalitet er nedfelt i fleire strategiar og handlingsplanar. Alle som blir utsette for vald, skal få nødvendig vern og oppfølging. Det er behov for å styrkje den førebyggjande innsatsen og sikre god oppfølging av både utsette og utøvarar.

Dette kapittelet handlar om vald som rammar gutar og menn, og korleis dette kan førebyggjast og følgjast opp. Det endrar ikkje det viktige arbeidet knytt til at vald mot kvinner framleis er ei av dei mest alvorlege likestillingsutfordringane i samfunnet.

Regjeringa vil

  • følgje opp Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028)

  • bidra til likeverdige og tilgjengelege hjelpetilbod for valdsutsette menn og kvinner

  • utarbeide tilrettelagd helseinformasjon på Helsenorge til personar som er utsette for ikkje-familiær vald

  • omtale tiltak for og oppfølging av personar som er utsette for ikkje-familiær vald, i ein nasjonal rettleiar for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar

  • følgje opp Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025–2028

Boks 7.1 Mannsutvalet foreslår

Mannsutvalet peikar på at vald mot menn i lita grad har blitt forstått og følgt opp som ei samansett likestillingsutfordring. Forventingar til maskulinitet kan gjere det vanskeleg for menn å erkjenne, snakke om og søkje hjelp i samband med valdserfaringar (NOU 2024: 8).

Utvalet trekkjer fram at problematisk åtferd blant gutar og menn ofte blir individualisert og forstått som ansvaret til den enkelte, i staden for å bli forstått som eit uttrykk for underliggjande utfordringar som krev heilskaplege og samfunnsretta løysingar.

Utvalet etterlyser meir førebygging, betre hjelpetilbod og ei heilskapleg tilnærming som ser vald, maskulinitetsnormer og likestilling i samanheng. Mannsutvalet foreslår følgjande tiltak:

  • Gi betre hjelp til offer for ikkje-familiær vald

  • Styrkje hjelpetilbodet til personar som utøver vald i nære relasjonar

Boks 7.2 Kjønnsnormer kan påverke om ein søkjer hjelp

Førestillingar om maskulinitet kan ha innverknad på korleis vald blir utøvd, forstått og erfart, både blant dei som utøver vald, og dei som er utsette for det. Studiar viser at ein del menn kan ha utfordringar med å setje ord på valdserfaringar, og at dei kan kjenne seg bundne av forventingar til korleis ein «mandig» respons på truslar og overgrep skal sjå ut (NOU 2024: 8, s. 201). Førestillingar om kva menn «bør tole», kan til dømes gjere det vanskelegare å erkjenne og formidle valdssårbarheit, sjølv når valden har alvorlege konsekvensar (Rosten, 2020).

Menns vald mot menn er den vanlegaste forma for politimeld vald, men har likevel fått avgrensa merksemd i forskinga og samfunnsdebatten. Ein studie av korleis slik vald blir presentert og tolka i dommar og i media, tyder på at vald som blir utøvd mellom menn – også mellom menn som står i eit likestilt forhold til kvarandre – til ei viss grad blir normalisert. Valden blir ofte forstått som ein del av den sosiale samhandlinga mellom menn og blir gjerne beskriven på ein forenkla måte av media (Jon & Skilbrei, 2024). Dette kan tyde på at valden blir oppfatta som «vanleg» eller forventa. Det kan gjere det vanskelegare å sjå valden som eit samfunnsproblem som krev førebygging og oppfølging.

Menn nyttar i mindre grad enn kvinner særskilde hjelpetilbod for valdsutsette, som krisesenter, Nok.-senter og hjelpetelefonar. Det kan ha samanheng med at kvinner oftare blir utsette for alvorleg og gjenteken vald i nære relasjonar, men òg med barrierar knytte til maskulinitetsnormer, skam og det å søkje hjelp. Det kan òg skrive seg frå at nokre av tilboda er betre tilrettelagde for kvinner enn for menn.

7.1 Omfanget av alvorleg fysisk vald blant menn

Menn blir i stor grad utsette for alvorleg fysisk vald, ofte i det offentlege rommet og av ukjende gjerningspersonar, til dømes på utelivsarenaer. Valden kan få store konsekvensar for den som er utsett, og kan òg skape utryggleik for andre.

I Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) si omfangsundersøking av vald og overgrep i den norske befolkninga frå 2023 oppgir omtrent halvparten av mennene, 46 prosent, at dei har opplevd minst éi alvorleg fysisk valdeleg hending etter at dei fylte 18 år, mot 29 prosent av kvinnene (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023). Dei fleste som hadde opplevd alvorleg fysisk vald, hadde vore utsette for vald frå menn. 15 prosent av dei utsette mennene oppgav kvinneleg utøvar.

Menn rapporterer om fleire fysiske skadar av valden, mens kvinner i større grad enn menn oppgir at dei var redde for å bli skadde eller døy då dei blei utsette for valden (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023). UngVold-undersøkinga peikar på at unge gutar langt oftare enn jenter blir utsette for truslar om vald eller fysisk vald frå jamaldringar (Frøyland, Lid, Schwencke & Stefansen, 2023).

Menn er sterkt overrepresenterte blant valdsutøvarar, uavhengig av om valden rammar menn eller kvinner. I NKVTS-undersøkinga rapporterte omtrent 80 prosent av dei som hadde vore utsette for alvorleg fysisk vald, at gjerningspersonen var ein mann. Rundt 20 prosent oppgav at dei hadde blitt utsette for vald frå ei kvinne, mens 12 prosent hadde opplevd vald frå personar av begge kjønn.

7.2 Menn blir òg utsette for vald i nære relasjonar

Menn blir òg utsette for fysisk og psykisk vald i nære relasjonar, og dei er svakt overrepresenterte som offer for mindre alvorleg fysisk vald. NKVTS si omfangsundersøking frå 2023 viser at mindre alvorleg fysisk vald frå ein partnar rammar 15 prosent av menn og 13 prosent av kvinner. Kvinner er mest utsette for alvorleg fysisk partnarvald: 10 prosent av kvinnene har opplevd dette, samanlikna med 3 prosent av mennene (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023).

Psykisk vald rammar både kvinner og menn. I hovudsak blir psykisk vald karakterisert som måtar å skade, skremme eller krenkje nokon på som ikkje er av direkte fysisk natur. Det kan òg omfatte måtar å styre, kontrollere eller dominere andre på ved hjelp av underliggjande makt eller truslar. Psykisk vald blir helst utøvd i nære relasjonar, til dømes mot ektefellen eller sambuaren, barn og andre familiemedlemmer.

Ettersom omgrepet psykisk vald ikkje har nokon klar definisjon, er det vanskeleg å samanlikne statistikk og vurdere kjønnsdimensjonen i utøving av og sårbarheit for denne forma for vald. Svenske studiar viser at den sjølvrapporterte sårbarheita for psykisk vald er høgare enn for den fysiske (Brå, 2024).

Undersøkinga viser at det er kjønnsforskjellar i former for kontroll i parforhold. Menn opplever oftare å bli overvaka på nett enn kvinner, mens kvinner noko oftare opplever sjalusi og at dei må gjere greie for kvar dei har vore. Når vi ser på den meir omfattande kontrollen, der det er snakk om ei blanding av fleire kontrollformer, er kvinner meir utsette enn menn (17 prosent kvinner mot 14 prosent menn) (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023).

Konsekvensane av vald i nære relasjonar kan vere gjennomgripande både for den valdsutsette og for barna til den valdsutsette. Valden har større konsekvensar enn den fysiske skaden han forårsakar. Det er ein klar samanheng mellom det å bli utsett for vald i nære relasjonar og den fysiske og psykiske helsa. Mange som blir utsette for vald eller overgrep, utviklar helseplager, anten akutt som følgje av fysiske skadar eller akutte psykiske traumereaksjonar, eller ved at skadane utviklar seg over tid.

Yngre og eldre kvinner og menn som er utsette for vald, har høgare førekomst av angst og depresjon. Ei følgje av valden kan vere auka bruk av alkohol og andre rusmiddel, og dessutan sjølvmordsproblematikk. I tillegg har dei som er utsette for vald, og særleg kvinnene, klart høgare førekomst av kreft, hjarte- og karsjukdommar og fallskadar enn kvinner som ikkje er utsette for vald (NKVTS, 2018).

Barn kan sjølve bli utsette for vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar, eller dei kan vere vitne til at ein forelder eller ein annan omsorgsperson blir utsett for dette. Å vere vitne til vald kan vere like skadeleg for barn som å bli utsett for det sjølv. I UngVold-studien frå 2023 oppgav éin av seks deltakarar at dei i oppveksten hadde sett eller høyrt ein forelder bli utsett for fysisk vald eller psykiske krenkingar frå ein partnar (Frøyland, Lid, Schwencke & Stefansen, 2023). Å vere utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i barndommen gir auka risiko for utryggleik, redusert helse og livskvalitet også i vaksen alder, og det kan auke risikoen for at ein sjølv blir utsett for eller utøver vald som vaksen (Aakvaag & Strøm, 2019)

NKVTS-undersøkinga viser at personar som har vore utsette for vald, opplever fleire symptom på angst, depresjon og posttraumatisk stress enn personar som ikkje har vore det. Jo fleire former for vald personen var utsett for, desto fleire symptom på psykisk uhelse blei rapporterte. Personar som hadde vore utsette for vald både i barndommen og som vaksne, hadde størst symptombelasting (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023).

Boks 7.3 Kjærastevald blant unge

UngVold-undersøkinga frå 2023 kartlegg ulike former for vald og krenkingar i kjærasteforhold.

Resultata viser at omfanget er høgt. Blant ungdom som har eller har hatt ein fast kjærast, rapporterte om lag 3 av 10 å ha opplevd minst éi form for vald eller krenking frå ein kjærast – 22 prosent blant gutar og 35 prosent blant jenter. Det vanlegaste, særleg blant jenter, er å bli utsett for seksuell vald. Fleire jenter enn gutar oppgav òg at dei hadde vore utsette for psykiske krenkingar, digitale truslar og audmjukingar og digitale seksuelle krenkingar. 1 av 10 har opplevd fysisk vald frå ein kjærast, til dømes dytting, lugging, slag og spark. Gutar oppgav å ha blitt utsette for slik kjærastevald noko oftare enn jenter.

Sårbarheit for kjærastevald er meir utbreidd blant ungdom med ei anna seksuell orientering enn heterofil, blant unge med funksjonsnedsetjingar og blant dei som har opplevd problem i oppveksten (Frøyland, Lid, Schwencke & Stefansen, 2023). Kontrollerande åtferd er ein tydeleg risikomarkør for kjærastevald. Ein stor del av ungdom som hadde erfart slik åtferd frå ein kjærast, rapporterte òg om vald og andre former for krenkingar.

7.3 Kjønnsnormer og maskulinitet kan gjere det vanskeleg å snakke om seksuell vald og overgrep

Seksuell vald er eit samleomgrep for ulike former for seksuelle krenkingar og omfattar alt frå berøring til valdtekt. NKVTS-undersøkinga viser at 1 av 20 norske menn blir utsette for valdtekt eller andre former for seksuelle overgrep i løpet av livet. Det tilsvarande talet for kvinner er 1 av 5, altså langt høgare (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023).

Ungdomstida er den tida i livet då flest blir utsette for seksuell vald. UngVold-undersøkinga frå 2023 viser at det rapporterte omfanget av nesten alle former for seksuell vald var tilnærma dobbelt så høgt som i 2015, for både gutar og jenter. Omtrent 1 av 4 i UngVold-undersøkinga rapporterte at dei hadde vore utsette for minst eitt tilfelle av seksuell vald i løpet av oppveksten. Kjønnsforskjellane er betydelege, og omfanget av seksuell vald er nær fire gonger så stort blant jenter som blant gutar (Frøyland, Lid, Schwencke & Stefansen, 2023).

Det blir i hovudsak oppgitt at det er menn som utøver seksuell vald, også når den utsette sjølv er ein mann. Kvinnene som hadde blitt utsette for valdtekt, oppgav i 97 prosent av tilfella at utøvaren var ein mann. Mennene som hadde opplevd valdtekt, oppgav i 58 prosent av tilfella at utøvaren var ein mann. I 17 prosent av tilfella var det både menn og kvinner som utøvde valdtekta (Dale, Aakvaag, Strøm, Augusti & Skauge, 2023, s. 75).

Erfaringar frå hjelpeapparatet kan tyde på at kjønnsnormer og førestillingar om maskulinitet kan gjere det vanskelegare for gutar og menn å identifisere overgrep, snakke om det og søkje hjelp. Frykt for ikkje å bli trudd, skam og uvisse om eigen identitet kan gjere det vanskeleg å fortelje om det som har skjedd. Dette kan bidra til at overgrep mot gutar og menn i mindre grad blir avdekte og følgde opp, og det understrekar kor viktig det er at hjelpetenestene har kompetanse til å møte alle utsette på ein trygg, respektfull og likeverdig måte.

7.4 Mangel på informasjon til offer for ikkje-familiær vald

Den alvorlege fysiske valden som gutar og menn blir utsette for, ofte i det offentlege rommet og der gjerningsmannen er ukjend, kan få store og langvarige konsekvensar for den psykiske helsa deira. Ein norsk studie av personar som hadde vore utsette for fysisk vald utanfor nære relasjonar, der nær 80 prosent var menn, fann at blant deltakarane som blei følgde opp, hadde nær éin av tre symptom som var i samsvar med posttraumatisk stressliding, eitt år etter hendinga, mens nær éin av fem hadde slike symptom åtte år seinare (Johansen et al., 2022).

Det finst i dag ingen tilpassa helseinformasjon til denne gruppa, og det varierer kva slags oppfølging dei får etter valdshendinga. Valdsoffer er ofte i kontakt med legevakta og kan få tilbod om oppfølging der eller av det kommunale psykososiale kriseteamet.

7.5 Krisesentertilbodet til menn

Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste verne- og rettleiingstilboda for personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Kommunane har ansvar for å sørgje for eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn. Etter gjeldande rett er det eit krav om fysisk skilde krisesentertilbod for kvinner og menn. Bakgrunnen er ei avveging mellom to ulike likestillingsperspektiv: å fremje generell likestilling ved å gi kvinner og menn lik tilgang til krisesentertilbodet og å gi eit særleg vern for kvinner, som er mest utsette for alvorleg vald i nære relasjonar. Alle som er utsette for vald i nære relasjonar, skal ha eit likeverdig tilbod, uavhengig av kjønn. Krisesentertilbodet omfattar både ein midlertidig trygg stad å bu og eit dagtilbod med rettleiing og informasjon om rettar og moglegheiter.

Det er eit mål at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, skal få eit tilbod som er tilpassa behovet deira, uansett kva for ein situasjon dei er i. Kommunen skal leggje til rette for at tilbodet varetek dei individuelle behova til brukarane. Slik tilrettelegging kan mellom anna henge saman med kjønn, seksuell identitet og/eller kjønnsidentitet, alder, etnisitet, språk, funksjonsnedsetjing og valdserfaringar.

I 2025 budde det 2 052 kvinner og 226 menn på krisesentera, og 3 467 kvinner og 364 menn nytta dagtilbodet på krisesentera. 65 prosent av dei som budde på krisesenter i 2025, hadde innvandrarbakgrunn. 1 531 barn budde på krisesenter i 2025 (Sentio Research Norge, 2025).

Menn utgjer ein liten del av dei som nyttar krisesentertilbodet. Det kan henge saman med kor mange menn som blir utsette for alvorleg vald frå partnaren sin, men òg med forhold ved tilbodet eller terskelen for å søkje hjelp.

Kunnskapen på feltet peikar på fleire moglege forklaringar. Fleire studiar viser til at det å søkje hjelp på ein stad som i stor grad er rekna som eit tilbod for kvinner, kan vere eit stort steg å ta for valdsutsette menn (Grøvdahl & Jonassen, 2015). Ifølgje Reform – ressurssenter for menn er det òg eit problem at mange menn ikkje veit at dei har eit krisesentertilbod, og heller ikkje at dei kan ta med seg barna dit (Reform, 2024). I ei landsrepresentativ undersøking som Kantar gjorde for Reform i 2020, gjekk det fram at berre 41 prosent trudde at krisesentera hadde tilbod til menn med barn (Kantar, 2020). Når spørsmålet gjaldt menn utan barn, var det berre 31 prosent av dei spurde som trudde at krisesentera hadde noko tilbod.

Sjølv om krisesenterlova føreset eit likeverdig tilbod uavhengig av kjønn, er det i praksis likevel slik at det er forskjellar i tilbodet til kvinner og menn, og dermed også til barna deira. Studiar peikar mellom anna på stadvis dårlegare fysisk standard, manglar ved tryggleiken, mindre aktivitetstilbod, lite eigna butilbod, manglande bemanning i helgar og på kveldstid og at menn i større grad blir isolerte, særleg i mindre kommunar og krisesenter (Bakketeig, 2014). Nokre plassar for menn står ubrukte i periodar. Krisesenter der tilbodet til kvinner og menn er samlokalisert, det vil seie at det er skilde avdelingar for kvinner og menn i det same bygget, med separate inngangar, gir betre tilbod til menn. Når tilbodet til menn ikkje er godt nok, er heller ikkje tilbodet til barn som kjem saman med ein mannleg omsorgsperson, godt nok.

7.6 Tiltak for å fange opp og førebyggje vald og overgrep

Korleis vald blir forstått, betyr noko for kva slags førebyggjande tiltak som blir sette i verk. Kjønnsperspektiv i valdsførebygging inneber å forstå, analysere og handtere vald ved å anerkjenne at kjønn har noko å seie for kven som utøver vald, kven som blir utsett for vald, kva type vald det er snakk om, og kva konsekvensar valden har. Det handlar òg om å forstå kva rolle kjønnsnormer speler for både utøving av vald, erfaringar med vald og responsen frå omgivnadene.

Regjeringa vil styrkje førebygginga av vald og sikre eit heilskapleg hjelpetilbod, både til utsette og utøvarar. Regjeringa viser til følgjande tiltak som er sette i verk:

  • tilbod til personar som utøver vald og overgrep

  • hjelpetilbod som er kjende og tilgjengelege også for valdsutsette menn

  • tiltak for å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar

7.6.1 Tilbod til personar som utøver vald og overgrep

Tilbod til valdsutøvarar og personar som står i fare for å utøve vald, overgrep eller aggressiv eller skadeleg seksuell åtferd, er ein viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet. Mannsutvalet framhevar behovet for å styrkje behandlingstilbodet til valdsutøvarar slik at det blir meir tilgjengeleg i fleire delar av landet.

Det finst ulike oppfølgings- eller behandlingstilbod til vaksne og barn som utøver vald og overgrep, mellom anna tilbod i regi av helsetenester, barnevern og familievern. Det finst òg tenester med spesifikke mandat om behandlingstilbod til valdsutøvarar, slik som Sinnemestring Brøsetmodellen og stiftinga Alternativ til Vold. Dei seinare åra har behandlingstilbodet i spesialisthelsetenesta til vaksne som gjer seg skuldige i overgrep mot barn, eller som har seksuell interesse for barn, blitt styrkt. Det same gjeld tilbodet til barn som har problematisk eller skadeleg seksuell åtferd.

Regjeringa vil jobbe for at det skal vere likeverdige og tilgjengelege behandlingstilbod i helse- og omsorgstenesta til personar som har utøvd eller står i fare for å utøve vald og seksuelle overgrep, i tråd med Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar 2024–2028. På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet ferdigstilte Helsedirektoratet i 2022 ein overordna strategi for heilskapleg og planmessig utvikling av arbeidet retta mot personar som har utøvd vald eller seksuelle overgrep. Direktoratet arbeider med å foreslå konkrete tiltak for å nå måla i strategien, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

7.6.1.1 Sinnemeistring og behandlingstilbod i regi av helsetenestene

I spesialisthelsetenesta kan pasientar med til dømes alvorleg psykisk liding og forhøgd valdsrisiko få behandling i ordinære eller tryggleikspsykiatriske tilbod basert på individuell vurdering av behandlings- og oppfølgingsbehovet.

Helsedirektoratet utarbeidde i 2020 nasjonale faglege råd for helsetilbodet til personar som står i fare for å utøve seksuelle overgrep mot barn («Det finnes hjelp»). I 2020 og 2021 fekk dei regionale helseføretaka i oppdrag å etablere eit heilskapleg behandlingstilbod til personar som står i fare for å utøve seksuelle overgrep mot barn, i tråd med ein modell som Helsedirektoratet har utarbeidd. Tilbodet skulle òg tilpassast behova i den samiske befolkninga.

I tråd med Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021) blei helseføretaka vidare bedde om å sikre god nok klinisk kompetanse på behandling av seksuelle åtferdsproblem hos barn og unge. Arbeidet skulle gjennomførast i samarbeid med eit nasjonalt klinisk nettverk. Ettersom ein stor andel av seksuelle overgrep mot barn og unge er utført av jamaldringar, er det etablert behandlingstilbod for skadeleg seksuell åtferd ved alle ungdomspsykiatriske poliklinikkar/psykisk helsevern retta mot skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge.

«Det finnes hjelp» er eit landsdekkjande tilbod til vaksne med seksuell interesse for barn, og som ønskjer støtte til å førebyggje overgrep. Tilbodet er tilgjengeleg i alle helseregionar og er følgt opp med informasjonskampanjar retta særleg mot menn i alderen 18–35 år.

«Ny kurs» er eit poliklinisk behandlingstilbod i Helse Sør-Øst for personar over 18 år som har gjort, eller som er bekymra for at dei skal gjere, seksuelle overgrep mot barn eller vaksne. Ein sentral del av tilbodet er å støtte pasienten i å utvikle eit meiningsfullt liv med mål om at dette skal førebyggje nye overgrep.

«BASIS – Behandling av seksuallovbruddsproblematikk i spesialisthelsetjenesten» er eit frivillig tilbod til personar som er dømde for seksuallovbrot, og som er i gang med å gjennomføre straffa, eller for dei som blir vurderte å ha høg risiko for tilbakefall. Behandlinga startar i fengsel, og tilbodet blei etablert i alle helseregionar i 2020.

7.6.1.2 Familievernet sitt arbeid med vald

Familievernet kan komme i kontakt med familiar der éin eller fleire utøver eller blir utsette for vald. Det er viktig at terapeutar og meklarar fangar opp saker som treng særleg oppfølging, og at dei melder vidare til barnevernet eller politiet når det er nødvendig. Kunnskap om vald og overgrep er derfor ein del av grunnkompetansen til alle tilsette. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i fleire år arbeidd for å styrkje grunnkompetansen om vald i familievernet. Velferdsforskingsinstituttet NOVA har på oppdrag frå Bufdir i fleire år forska på familievernet sitt arbeid med vald. I ein studie frå 2024 finn NOVA at fagutviklinga på valdsfeltet har ført til generelt større merksemd, betre kompetanse og gode verktøy i arbeidet med vald i familievernet (Seeberg & Bossy, 2024). Sjå òg omtale av samarbeidet mellom Alternativ til Vold og familievernet under punkt 7.6.1.3.

Ein del familievernkontor tilbyr sinnemeistringskurs i form av gruppetilbod for personar som opplever at dei er for sinte i kvardagen, til dømes på barna eller partnaren. Nokre av kursa finst òg som videokurs eller digitale verktøy, til dømes littsint.no.

Regjeringa vil sjå på tiltak for å fange opp risikosakene i familievernet og få desse vidare til eigna handtering i barnevern og politi etter behov.

7.6.1.3 Alternativ til Vold – eit viktig tilbod til menn som utøver vald

Alternativ til Vold (ATV) blei etablert som det første europeiske behandlingstilbodet til menn som utøver vald mot partnaren. Seinare er tilbodet utvida til å omfatte kvinner òg. ATV er i dag eit offentleg finansiert behandlings- og kompetansesenter med særleg vekt på vald i nære relasjonar og har 15 kontor spreidde rundt om i landet. ATV får tilskot både frå staten og frå kommunar. Statens tilskot i 2026 er på om lag 102 millionar kroner over budsjettet til Barne- og familiedepartementet.

Sidan 2017 har det statlege tilskotet inkludert eit familiemandat, som inneber at også barna og partnaren til utøvaren i behandling kan få eit samtaletilbod. Nokre kontor har eigne tilbod til ungdom med valdsproblematikk, valdsutsette vaksne og barn som har opplevd vald heime.

ATV har i fleire år samarbeidd med familievernet både på sentralt og lokalt nivå for å heve grunnkompetansen om vald og overgrep blant dei tilsette i familievernet. Det omfattar mellom anna opplæring av terapeutar ved alle familievernkontor i metoden «Enkel og effektiv aggresjonskontroll» og samarbeid i enkeltsaker. Dette samarbeidet blir vidareført.

Fire av behandlingsstadene til ATV har tilbod til ungdom som utøver vald. Tilbodet er finansiert av kommunane. ATV Drammen er stiftinga sitt senter med kompetanse på ungdom som utøver vald i det offentlege rommet, og har sidan 2003 hatt eit tilbod til ungdom i samarbeid med Drammen kommune. Eit tilsvarande tilbod er etablert i Kristiansand og Asker, og eit nytt tilbod blei oppretta i Stavanger i 2025. Tilboda er gratis og byggjer på ei eigenutvikla psykologfagleg tilnærming. Erfaringane viser at tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid er vesentlege suksessfaktorar. Døme frå Drammen viser at tilbodet kan inngå i ei samanhengande tiltakskjede med barnevern, konfliktråd, skule, politi og andre kommunale tenester. ATV opplyser at om lag 90 prosent av ungdommane i behandling sjølve har vore utsette for vald eller har vakse opp i ein heim med partnarvald (ATV, 2025).

Evalueringar frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress viser positive behandlingsresultat for vaksne (Askeland, Birkeland, Lømo, & Tjersland, 2021). Sjølv om det berre finst avgrensa forsking på effekten av behandling for barn og unge med valds- og aggresjonsproblem, er det rimeleg å gå ut frå at god og kvalifisert behandling kan førebyggje at dei tek valdsproblematikken med seg inn i sine eigne nære relasjonar. Behandling kan òg hjelpe ungdom ut av ein kriminell løpebane prega av vald.

Dei fleste ATV-kontora tilbyr behandling berre i kommunane som har inngått driftsavtale med ATV. Det inneber i praksis at mange kommunar ikkje har noko ATV-tilbod til innbyggjarane sine. Regjeringa prioriterer det statlege tilskotet til ATV. Dersom fleire kommunar inngår eit samarbeid med ATV, vil det kunne styrkje behandlingstilbodet til valdsutøvarar.

7.6.2 Hjelpetilboda skal vere kjende og tilgjengelege, også for valdsutsette menn

Mange ulike tenester er viktige i oppfølging, behandling og vern av valds- og overgrepsutsette, til dømes generelle tenester der hjelp til utsette er ein del av oppgåvene, tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga, kommunale helse- og omsorgstenester, spesialisttenesta og familievernet. I tillegg omfattar hjelpetilbodet spesialiserte tenester der hjelp til valdsutsette utgjer kjerneoppgåva, til dømes krisesentertilbodet, overgrepsmottaka, sentera mot incest og seksuelle overgrep, Nok.-sentera, støttesentera for kriminalitetsutsette, Alternativ til Vold og hjelpetelefonar for valdsutsette. Både dei spesialiserte og dei generelle tenestene utgjer viktige delar av det samla tilbodet til valdsutsette.

Statistikk viser at menn i mindre grad enn kvinner oppsøkjer dei særskilde hjelpetilboda for valdsutsette, til dømes krisesentertilbodet, sentera mot incest og seksuelle overgrep, Nok.-sentera og hjelpetelefonar for valdsutsette (Agenda Kaupang, 2026). Det er flest kvinner som nyttar seg av tilbodet i overgrepsmottak. Andelen menn som oppsøkjer mottaka, har over tid lege mellom 4 og 7 prosent (NOU 2024: 4, 2024). Det kan ha samanheng med at kvinner i mykje større grad enn menn rapporterer om alvorleg og gjenteken vald i nære relasjonar. I tillegg kan andre faktorar spele inn, som til dømes at menn og gutar har høgare terskel for å søkje hjelp, særleg ved alvorleg fysisk eller seksuell vald, eller at nokre av tilboda er betre tilrettelagde for kvinner enn menn. Det er eit mål at tenestene skal vere likeverdige for kvinner og menn, og at dei særskilde hjelpetilboda for valdsutsette skal vere godt kjende både blant kvinner og menn.

7.6.2.1 Støttesenter for kriminalitetsutsette

Støttesentera for kriminalitetsutsette er i dag ein sentral del av tilbodet til alle, uavhengig av kjønn, som er utsette for vald, overgrep og annan integritetskrenkjande kriminalitet. Sentera gir støtte, informasjon og rettleiing og legg til rette for at møtet med politiet og rettsapparatet blir ei så god oppleving som mogleg i ein vanskeleg situasjon for den utsette. Vald i nære relasjonar og annan vald utgjer den største delen av sakene som støttesentera arbeider med.

Oslo Economics og Agenda Kaupang gjennomførte i 2025 ei evaluering av støttesentera på oppdrag frå Politidirektoratet. Evalueringa viser at tilbodet har positive verknader for kriminalitetsutsette. Ho peikar òg på at støttesentera kan avlaste etterforskarar og påtalejuristar og bidra til at vitne er betre førebudde til avhøyr og rettsbehandling. Samtidig viser evalueringa at det er variasjonar mellom sentera når det gjeld organisering, bemanning og oppgåveutføring, noko som kan påverke måloppnåinga. Evalueringa blei lansert i juni 2026 og blir no følgd opp av Politidirektoratet.

7.6.2.2 Styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod på krisesenter

Kravet i krisesenterlova om fysisk skilde krisesentertilbod for kvinner og menn er særleg grunngitt i behovet for tryggleik og vern av valdsutsette kvinner. Fleire studiar viser at kravet om fysisk skilde butilbod til kvinner og menn kan vere ei utfordring, særleg for mindre kommunar og krisesenter, sjå kapittel 7.5. Ei mogleg årsak til at tilbodet til menn nokre stader har eit mindre omfang og lågare kvalitet, kan vere at kommunane opplever det som uforholdsmessig kostbart å ha eigne krisesentertilbod til menn.

Romerike krisesenter IKS har frå 2021 gjennomført eit forsøk med felles krisesentertilbod for kvinner og menn, og forsøket blei følgjeevaluert av NOVA i 2025. Evalueringa viser at tilbodet til menn og barn som kjem med far, blei styrkt. Konsekvensane for kvinner er meir samansette, og forskarane kunne ikkje trekkje sikre konklusjonar om korleis eit slikt tilbod påverkar kvinners bruk av krisesenteret. Forsøket er forlengt ut 2027 og blir følgt opp med vidare evaluering (Dullum & Bakketeige, 2025).

Spørsmålet om det bør opnast for felles krisesentertilbod til kvinner og menn, eller om dagens ordning bør førast vidare, var på høyring sommaren 2025. Høyringssvara var delte, og det blei konkludert med at det var behov for meir kunnskap og fleire utgreiingar. Under behandlinga av Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) gjorde Stortinget oppmodingsvedtak 1019 om å styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod og vedtak 1020 om å vidareføre igangsette forsøk med krisesentermodellar. Barne- og familiedepartementet følgjer opp dette.

7.6.2.3 Andre tiltak for å styrkje krisesentertilbodet til menn og barna deira

I tillegg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om integrert butilbod for kvinner og menn er det viktig å setje i verk andre tiltak for å betre tilbodet til menn og barna deira. Endringane i krisesenterlova som Stortinget vedtok 16. juni 2025, tydeleggjer plikta kommunen har til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod. Den faglege rettleiaren for innhaldet i krisesentertilbodet understrekar kommunane sitt ansvar for å gi eit tilrettelagt tilbod for menn.

Tilstanden til og utforminga av krisesenterbygg er ein viktig faktor for å kunne tilpasse tenesta til valdsutsette menn. Det blei i 2025 etablert ei ny tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Mellom anna fekk fleire kommunar tilskot til å etablere eigne avdelingar for menn. Tilskotsordninga er vidareført i 2026 og blir òg foreslått vidareført i 2027.

Dersom krisesentertilbodet skal vere eit tilgjengeleg lågterskeltilbod for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, må det vere kjent både for kvinner og menn og for instansar som møter valdsutsette. Den faglege rettleiaren for innhaldet i krisesentertilbodet framhevar at informasjon om krisesentertilbodet til menn, både samtaletilbod og butilbod, må komme tydeleg fram når kommunane informerer om tilboda sine. Kommunane har ei plikt etter kommunelova til å informere om all verksemd og på eit språk som valdsutsette kan forstå. Det blir òg informert om krisesentertilbodet i ulike kanalar på sosiale medium. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet bidreg til å gjere krisesentertilbodet kjent for menn gjennom informasjon, statistikk, forsking og fagutvikling.

I informasjonsarbeidet om krisesentertilbodet, anten det er kommunen, staten eller frivillig sektor som står bak, er det viktig å synleggjere betre at tilbodet er retta mot både kvinner og menn, vaksne og barn.

7.6.2.4 Menn som blir utsette for vald utanfor familien

Menn utøver og blir i stor grad utsette for alvorleg fysisk vald, særleg vald som skjer i det offentlege rommet og som blir utøvd av ukjende gjerningspersonar. Tilbodet til denne gruppa valdsutsette menn varierer i kvalitet og tilgjengelegheit. Regjeringa tek sikte på å gjere informasjon meir tilgjengeleg for denne gruppa menn ved å utarbeide tilpassa helseinformasjon på Helsenorge for personar som er utsette for vald utanfor familien. Det er viktig at denne gruppa menn får den hjelpa dei har behov for. Dei kommunale psykososiale kriseteama og legevaktene skal leggje til rette for oppfølging etter alvorleg fysisk vald utanfor familien der det er behov for det. Dette skal innarbeidast gjennom den pågåande revisjonen av Nasjonal rettleiar for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar.

Boks 7.4 Lågterskeltilbod retta mot gutar og menn

Mannstelefonen, som er driven av Reform – ressurssenter for menn, er eit landsdekkjande lågterskeltilbod for menn som treng nokon å snakke med. Tilbodet blir bemanna av frivillige som har fått opplæring i samtalestøtte, og tilbyr anonyme og fortrulege samtalar om tema som einsemd, samlivsbrot, konfliktar, psykisk helse, vald, overgrep og andre livsutfordringar. Mannstelefonen er Noregs eldste telefonteneste spesielt retta mot menn.

Reform – ressurssenter for menn utviklar i samarbeid med fleire krisesenter eit gruppetilbod for menn som er utsette for vald i nære relasjonar. Prosjektet, som starta i 2025 og er vidareført i 2026, skal gi erfaringar med rekruttering til gjennomføring og evaluering av gruppetilbod for målgruppa. Erfaringane blir delte med krisesenter og andre hjelpetenester for å bidra til vidare utvikling av tilbodet. Tilbodet er retta mot menn som har vore utsette for vald i vaksen alder, og som ikkje lenger bur saman med valdsutøvaren. Prosjektet er støtta av konfliktrådet og blir gjennomført i samarbeid med Romerike krisesenter, Asker, Bærum og Lier krisesenter og Oslo krisesenter (Reform, 2026).

Kamerathjelpen er eit lågterskel samtaletilbod som er drive av MannsForum. Tilbodet er basert på likemannsstøtte, der menn kan snakke anonymt og fortruleg med frivillige som sjølv har erfaring med krevjande livssituasjonar. Samtalane kan handle om mellom anna samlivsbrot, konfliktar knytte til foreldreskap, einsemd, psykiske belastingar og andre livskriser.

Utsattmann.no er eit nasjonalt informasjons- og støttetilbod for gutar og menn som har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Nettstaden blir driven av menn med eigne erfaringar som overgrepsutsette i samarbeid med fagpersonar. Utsattmann.no formidlar kunnskap om vald og overgrep, tilbyr ei anonym spørsmåls- og svarteneste og gir råd til utsette, pårørande og fagpersonar. Gjennom informasjon, erfaringsformidling og rettleiing skal tilbodet bidra til å gi folk auka kunnskap, redusere stigma og gjere det lettare for utsette gutar og menn å oppsøkje hjelp.

7.6.3 Tiltak for å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar

God førebygging og tidleg innsats mot vald og overgrep kan redusere behovet for meir omfattande tiltak seinare og spare enkeltindivid og samfunnet for store kostnader, både menneskelege og økonomiske. Det er behov for førebyggjande og haldningsskapande tiltak som rettar seg mot gutar og menn for å motverke normer som fremjar vald og skadeleg seksuell åtferd.

7.6.3.1 Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar for perioden 2024–2028

Regjeringa la i 2023 fram ein opptrappingsplan med 122 tiltak for å førebyggje og motarbeide vald, overgrep og, i verste fall, drap. Gjennomføringa er godt i gang, og det blei publisert ein statusrapport i juli 2026.

Opptrappingsplanen er sentral i arbeidet med å førebyggje, gi betre hjelp til og vern av personar som er utsette for vald og overgrep, og sørgje for meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av personar som har utøvd det. Tiltaka omfattar mange sektorar, mellom anna barnehagen og skulen, barne- og familievernet, helsesektoren og politiet. Døme på sentrale tiltak:

  • Innføring av RISK-modellen i alle politidistrikt, der politispesialistar og sosial- og helsefagleg tilsette arbeider saman i team for å førebyggje vald. Innsatsen blir retta både mot valdsutsette, valdsutøvarar og barna til valdsutsette. Regjeringa har som mål å etablere RISK i alle politidistrikt og har begynt med Nordland, Sør-Vest og Sør-Øst politidistrikt.

  • Etablering av partnardrapkommisjonen, som skal styrkje det førebyggjande arbeidet mot partnarvald og partnardrap

  • Utvikling av meir tilgjengelege og likeverdige behandlingstilbod til personar i helse- og omsorgstenesta som har utøvd eller står i fare for å utøve vald og seksuelle overgrep

  • Nasjonal strategi for arbeidet til helsesektoren med personar som utøver vald eller overgrep, med vekt på tilgjengeleg behandling og kunnskap om og kompetanse på å identifisere, vurdere og følgje opp dei som står i fare for å utøve vald

Helsedirektoratet har prioritert arbeidet med barn og unge, der potensialet for førebygging blir vurdert som særleg stort. Tiltaka skal samla bidra til betre førebygging, tidlegare innsats og auka tryggleik for personar som er utsette for vald og overgrep.

7.6.3.2 Informasjons- og haldningsskapande arbeid

Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep omfattar universelle tiltak for å formidle kunnskap om vald, overgrep, samtykke, grenser og tilgjengelege hjelpetilbod. Målet er både å førebyggje vald og overgrep og gjere det lettare å oppdage og stanse vald som alt skjer. Regjeringa meiner det er viktig å ha ein særleg innsats retta mot unge i det haldningsskapande arbeidet.

Dei seinare åra har norske styresmakter og frivillige organisasjonar gjennomført fleire haldnings- og informasjonskampanjar retta mot befolkninga generelt og mot unge spesielt for å førebyggje vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Sjølv om det har vore forska lite på effekten av slike kampanjar, kan det å setje temaet på dagsordenen òg bidra til at fleire blir klar over kva vald og overgrep faktisk er, og kor omfattande problemet er. Det kan gjere det lettare for utsette menn å fortelje nokon kva dei har opplevd, rapportere om det og oppsøkje hjelp.

Erfaringar frå andre land kan tyde på at valdsførebygging med eit kjønnsperspektiv og som særleg har gutar og menn som målgruppe, kan ha effekt for å oppnå endringar i haldningar og normer om vald (Moen, Bergman, & Øverlien, 2018). Samtidig er det viktig å understreke at kampanjar truleg vil ha liten effekt når det gjeld å førebyggje den gjentekne og grove valden.

Det er etablert eit samarbeid mellom relevante direktorat i arbeidet mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn. Direktoratsgruppa skal bidra til å auke kunnskapen i befolkninga om vald og overgrep og om konsekvensane av dette. Vidare skal gruppa leggje til rette for betre koordinering av kampanjar og anna haldningsskapande arbeid for å førebyggje vald og overgrep.

Eit døme er haldningskampanjen «Porno er ikke pensum», som blei lansert i 2026. Bakgrunnen er ein markant auke i talet på unge som blir utsette for seksuell vald, kombinert med at stadig fleire barn og unge blir eksponerte for porno og seksuelt innhald på internett. I tillegg har innføringa av den nye samtykkelova gjort tematikken meir aktuell. Målgruppa for kampanjen er unge mellom 15 og 18 år, og kampanjen oppmodar unge om å søkje kunnskap om kropp, sex og grenser frå den offentlege informasjonskanalen Ung.no og ikkje frå pornofilmar. Målet er å gi dei meir kunnskap om kvar grensene går mellom gjensidig sex, krenkjande eller skadelege erfaringar og seksuelle overgrep.

7.6.3.3 Undervisning om kjønn og seksualitet

Valdsførebyggjande tiltak i regi av barnehagar, skular og helsetenester gir eit godt grunnlag for å nå ut til flest mogleg barn og unge med openheit og kommunikasjon om tema som seksualitet, grensesetjing, vald og overgrep.

Undervisning om kjønn og seksualitet skal vere ein integrert del av opplæringsløpet frå tidleg alder og gjennom heile skulegangen. Formålet er å gi barn og unge kunnskap, ferdigheiter og haldningar som støttar god seksuell helse og legg grunnlaget for trygge og respektfulle relasjonar. Opplæringa skal byggje på oppdatert og forskingsbasert kunnskap og vere tilpassa aldersgruppa og den kulturelle bakgrunnen til elevane. Kompetansemåla skal dekkje sentrale tema som relasjonar og kjensler, kroppsbilete, kjønnsroller, grensesetjing og seksuell og reproduktiv helse.

Undervisninga må opplevast som relevant for livssituasjonen til elevane, også i lys av den digitale kvardagen deira, og må derfor ta opp tema som samtykke, grensesetjing og korleis ein kan handtere krenkingar og overgrep på nettet. Elevane må òg få kunnskap om kvar og korleis dei kan melde frå om slike hendingar.

Det er utvikla fleire informasjons- og opplæringsressursar både i regi av staten og frivillig sektor som kommunane kan nytte i det valdsførebyggjande arbeidet. Eit døme er «Jeg vet» (jegvet.no), som er ein gratis læringsressurs for barnehagar og skular om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Innhaldet er knytt til rammeplanen for barnehagen og læreplanane i skulen. Ei effektevaluering viser at bruk av «Jeg vet» aukar elevane sin samla kunnskap om vald i heimen, seksuelle overgrep og kva barn kan gjere, særleg blant dei yngste. Bruk av verktøyet har òg ein positiv effekt på motivasjonen til lærarane og bidreg til å gjere læraren tryggare i undervisninga om vald og overgrep (Flatø, Zhang, Strand, & Weiss, 2026). Også foreldre har eit ansvar for å snakke med ungdom om seksualitet og grensesetjing. Foreldrehverdag.no er ein inngangsport til digital informasjon for foreldre, drifta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Her kan foreldre finne tips og råd om korleis dei kan snakke med ungdom mellom anna om seksualitet, samtykke, sexpress og seksuelle overgrep. I 2025 er det utvikla nytt innhald om digitalt foreldreskap og om skadeleg innhald i sosiale medium.

Boks 7.5 Ung.no

Regjeringa har vedteke at nettstaden Ung.no skal vere den primære kanalen staten har for digital informasjon til, dialog med og tenester for barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå. På Ung.no kan ungdom stille anonyme spørsmål eller søkje på alt dei lurer på, blant tidlegare spørsmål og svar. Mange spørsmål handlar om kropp, sex og seksuelle overgrep. Nettstaden blir drifta av Bufdir i samarbeid med andre offentlege tenester og etatar, til dømes Helsedirektoratet. Bufdir samarbeider mellom anna med Kripos når det gjeld innhaldsartiklar om internettrelaterte overgrep.

7.6.3.4 Endringar i straffelovas kapittel om seksuallovbrot

Fleire endringar i kapittelet om seksuallovbrot i straffelova tok til å gjelde 1. juli 2025. Endringane skal styrkje det strafferettslege vernet mot ufrivillig seksuell omgang og leggje til rette for ei meir nyansert og forholdsmessig straffeutmåling. Den viktigaste endringa er at valdtektsføresegna er utvida til å ramme den som har seksuell omgang med nokon som verken i ord eller handling har samtykt til det: «Berre ja betyr ja». Valdtektsføresegna har eit nytt straffealternativ som rammar den som har seksuell omgang med nokon som i ord eller handling gir uttrykk for ikkje å vilje det: «Nei betyr nei».

I tillegg er føresegna om minstestraff for valdtekt til samleie mv. oppheva. Føresegna om misbruk av overmaktsforhold og liknande er utvida slik at ho rammar den som skaffar seg sjølv eller andre seksuell omgang ved å utnytte ein person under 18 år i ein særleg sårbar situasjon. Endringane skal styrkje det strafferettslege vernet mot ufrivillig seksuell omgang, leggje til rette for ei meir nyansert og forholdsmessig straffeutmåling og styrkje barns vern mot seksuell utnytting.

Det er lagt ut informasjon om dei nye føresegnene i straffelova på den nasjonale nettportalen dinutvei.no. Her ligg det informasjon og artiklar om kva føresegner som gjeld, og kva som er nytt. Portalen blir drifta av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress og blir finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet.

7.6.3.5 Barnevernet sitt arbeid med vald og overgrep

Barnevernet jobbar for at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid. Denne innsatsen kjem òg gutar og menn til gode. Forsking viser at det er mangel på både kompetanse og systematikk i saksbehandlinga i saker som gjeld bekymring om vald, og at tilgangen på verksame hjelpetiltak varierer. Det medfører at valdsutsette barn og familiane deira ikkje alltid får den hjelpa dei treng, frå barnevernstenesta. På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i gang med å lage ein rettleiar for korleis barnevernstenesta skal arbeide i valdssaker. Rettleiaren skal bidra til ei meir heilskapleg tilnærming, mellom anna gjennom auka fokus på systematikk og ferdigheitstrening i å snakke om vald med barn og foreldre. Rettleiaren skal innehalde faglege tilrådingar for heile saksbehandlingsforløpet. Bufdir arbeider samtidig med å utvikle nye kompetansehevingstiltak for det kommunale barnevernet.

Det er behov for å auke tilgangen på verksame hjelpetiltak. MST-CAN (Multisystemic Therapy – Child Abuse and Neglect) er eit kunnskapsbasert, intensivt behandlingstiltak som rettar seg mot familiar der det førekjem vald og/eller annan omsorgssvikt mot barn i alderen 6–18 år. Bufetat gir opplæring i bruk av tiltaket. Barne- og familiedepartementet gir tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), som hjelper kommunane med å greie ut, planleggje, etablere og halde ved like MST-CAN-tilbodet. Det er blitt fleire kommunale MST-CAN-team i Noreg dei siste åra, og i dag finst det fem slike team. Dei er organiserte i interkommunale samarbeid og omfattar 20 kommunar.

7.7 Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald rammar også menn

Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald er alvorlege former for kontroll og overgrep som avgrensar fridommen til personar og livsutfaldinga deira, og som kan få alvorlege konsekvensar for den psykiske og fysiske helsa deira. Gutar og menn blir òg utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. I 2025 gjaldt 22 prosent av sakene som var rapporterte til Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, gutar og menn. Det svarer til 302 saker (IMDi, 2025; Bufdir, 2026). For mange gutar og menn kan det vere krevjande å søkje hjelp. Skam knytt til det å vere mann og utsett for vald, og frykt for at ein ikkje skal bli møtt med forståing i hjelpemiddel apparatet, kan bidra til at dei ikkje søkjer støtte og hjelp (IMDi, 2025).

Negativ sosial kontroll av gutar kan ta ulike former. Mange møter strenge krav og avgrensingar i eigne livsval parallelt med at det er venta at dei skal overvake og kontrollere søstrene sine eller andre familiemedlemmer. Å påleggje gutar å kontrollere og regulere jenters åtferd er òg ein måte å utøve kontroll over gutane på. Det same gjeld når gutar blir pressa av familien til å kontrollere eller utøvde vald mot andre familiemedlemmer (IMDi, 2025).

Vi veit ikkje så mykje om korleis ulike grupper av menn blir utsette for dette. Kunnskapsgrunnlaget om erfaringane til lhbt+-personar er òg avgrensa. Nokre studiar indikerer at lhbt+-personar er ei særleg sårbar gruppe ettersom seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk som bryt med heteronormative forventingar, kan bli oppfatta som ein trussel mot familiens ære (Stubberud & Eggebø, 2020). Det å få vite at ein i familien er skeiv, kan føre til brot i familierelasjonar, at søsken ikkje blir gifte, og at det blir behov for å gjenopprette æra (Bufdir, 2022b).

7.8 Innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald

Regjeringa har styrkt innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald dei siste åra. I 2025 blei handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028) lansert. Handlingsplanen har 29 tiltak innanfor innsatsområda rettsvern, førebygging, kompetanseheving i tenesteapparatet og ufrivillige utanlandsopphald. Dei særskilde tenestene består av mellom anna 69 mangfaldsrådgivarar ved utvalde skular over heile landet, det tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald og spesialutsendingar for integreringssaker ved utvalde norske utenriksstasjonar. Tenestene tilbyr direkte hjelp til utsette personar og støtte til det ordinære tenesteapparatet, slik at fleire saker kan avdekkjast og følgjast opp. Dei støttar òg frivillige organisasjonar som førebyggjer negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og anna arbeid gjennom IMDi og RVTS. I juli 2026 tok ei ny lov om særskild innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald til å gjelde. Lova regulerer mellom anna behandling av personopplysingar og deling av teiepliktige opplysningar i dei særskilde tenestene.

Regjeringa fremja i 2025 eit utreiseforbod som no er vedteke av Stortinget. Utreiseforbodet inneber at barneverns- og helsenemnda kan gjere vedtak om at eit barn ikkje kan forlate Noreg (utreiseforbod) dersom det er nærliggjande fare for at barnet i utlandet vil bli utsett for mishandling, at det er alvorleg fare for livet eller helsa til barnet, eller at det er risiko for annan alvorleg omsorgssvikt.

Regjeringa ønskjer at alle som blir utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, skal oppleve tenestene som tilgjengelege og relevante, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet eller seksuell orientering. Kunnskapsgrunnlaget om erfaringane til ulike grupper er framleis avgrensa, og det vil regjeringa ta med seg i det vidare arbeidet på området.

7.9 Rekruttering til kriminalitet

Menn er sterkt overrepresenterte i kriminalstatistikken og blant innsette i fengsel. Destruktiv åtferd som kriminalitet og vald kan i visse tilfelle vere eit uttrykk for underliggjande utfordringar. Slike handlingar kan vere symptom på marginalisering, manglande sosial tilhøyrsel og utilstrekkeleg tilgang til støtte og ressursar. Når gutar og menn fell utanfor fellesskapet, kan det gi seg utslag i åtferd som utfordrar både dei sjølve og samfunnet.

7.9.1 Gutar er overrepresenterte blant barn og unge som utøver kriminalitet

Gutar er sterkt overrepresenterte blant barn og unge som utøver alvorleg og gjenteken kriminalitet. Forsking og erfaringar frå politiet viser at mange av desse gutane sjølve har vakse opp med store belastingar, som omsorgssvikt, vald i heimen, foreldre som er registrerte for kriminalitet, svake skuleprestasjonar og kontakt med barnevernet (Oslo Economics, 2022). Sekretariatet for konfliktråda rapporterer om at ein stor del av ungdommane som får ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging for vald og overgrep, sjølve har vore utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt i barndommen (Sekretariatet for konfliktrådene, 2021). Tilsvarande funn er gjorde i ei undersøking av unge som gjentekne gonger har utøvd kriminalitet i Oslo politidistrikt, der valds- og overgrepserfaring, brotne relasjonar og ein anstrengd sosioøkonomisk situasjon prega oppveksten til mange av dei mest aktive lovbrytarane (Oslo politidistrikt & Oslo kommune, 2022).

Ein gjennomgang frå Oslo politidistrikt viser at dei fleste ungdommane med høg kriminalitetsbelasting tidlegare har vore registrerte som fornærma i straffesaker, ofte frå svært ung alder (Oslo politidistrikt & Oslo kommune, 2022). Mange kjem frå familiar med store levekårsutfordringar og manglar stabile vaksne rollemodellar. Denne sårbarheita kan kriminelle nettverk utnytte gjennom å tilby tilhøyrsel, status, vern og identitet. Særleg sårbare gutar kan derfor vere utsette for systematisk rekruttering til kriminelle miljø.

Dette understrekar at ungdomskriminalitet ikkje berre handlar om individuelle val, men òg om oppvekstvilkår, manglande støtte og avgrensa tilgang til positive og trygge fellesskap.

7.9.2 Risikofylte og skadelege internettmiljø for barn og unge

Kripos beskriv ei negativ utvikling med fleire unge som konsumerer og produserer valdsoppfordrande materiale på nett. Politiet har observert ein framvekst av ekstreme, valdelege nettsamfunn som byggjer fellesskap basert på kontroll, lojalitet og ekstreme haldningar, og der unge, sårbare individ blir påførte fysiske og psykiske skadar gjennom målretta og kynisk manipulasjon og utpressing. Politiet er merksame på utviklinga og har mellom anna gått ut i media og åtvara mot ekstreme nettsamfunn som rekrutterer barn og unge.

7.9.3 Gutar og unge menn er særleg sårbare for radikalisering

Dei siste åra har PST sett ein markant auke i radikalisering av mindreårige, særleg gutar, til høgreekstremisme i Noreg (PST, 2026a). Radikalisering og rekruttering skjer i stor grad på digitale plattformer, der innhald og propaganda er lett tilgjengeleg og enkelt å spreie. Radikalisering oppstår i eit samspel mellom individuelle, sosiale og samfunnsmessige faktorar. Kjønn er éin av fleire faktorar som kan bety noko i samband med radikalisering. Dei fleste som utøver ekstremistisk vald eller terrorhandlingar, er menn (Meld. St. 13 (2024–2025)). Enkelte former for maskulinitetsideal kan gjere gutar og menn meir mottakelege for bodskapen om makt, kamp, dominans og vald som løysing på ulike problem.

Ekstremismekommisjonen framhevar at ein fellesnemnar for ekstreme grupper er at dei fleste søkjer etter og rekrutterer unge menn. Førestillingar om kjønnsroller og ideal knytte til maskulinitet og feminitet er sentrale faktorar i fleire ideologiar og radikaliseringsprosessar. Kommisjonen meiner derfor at det er viktig å inkludere dette perspektivet i det førebyggjande arbeidet og identifisere faktorar som gjer særleg menn sårbare for å bli rekrutterte av ekstremistiske grupper (NOU 2024: 3).

Meld. St. 13 (2024–2025) Forebygging av ekstremisme – Trygghet, tillit, samarbeid og demokratisk motstandskraft viser at dei ungdommane som er mest utsette for radikalisering, er gutar som opplever utanforskap, einsemd, manglande meistring og svak tilknyting til skule eller arbeid, og som leitar etter identitet og fellesskap (Meld. St. 13 (2024–2025)). PST-rapporten om kva som kjenneteiknar mindreårige høgreekstremistar i Noreg, utdjupar at radikaliseringa av gutar ofte verkar å vere knytt til behov for tilhøyrsel og stadfesting snarare enn til sterk ideologisk overtyding. I nokre tilfelle kan ekstreme miljø tilby nettopp dette: tilhøyrsel, status og meining, og det gjer desse ungdommane særleg sårbare. Fleire har òg ein fascinasjon for vald, som gjere at radikaliseringsprosessen går raskare.

Meld. St. 13 (2024–2025) Forebygging av ekstremisme beskriv vidare korleis internett, spelmiljø og sosiale medium er blitt sentrale arenaer for radikalisering. Algoritmar kan bidra til at personar gradvis blir eksponerte for meir ekstremt innhald. I enkelte spelmiljø kan trakassering, hatefulle ytringar og kjønnsdiskriminerande språkbruk bidra til polarisering og gi grobotn for ekstreme haldningar. Ekstremistiske aktørar utnyttar i nokre tilfelle desse miljøa til rekruttering, propaganda og mobilisering.

Digitalt fellesskap kan tilby identitet, tilhøyrsel og enkle forklaringar på komplekse problem. Det kan gjere personar som er mykje åleine på internett, og som deltek i lukka nettforum, særleg utsette. Dersom dei samtidig opplever sosial isolasjon i kvardagen utanfor dei digitale arenaene, er det fare for at løysingane som blir presenterte i lukka forum, ikkje møter motargument og blir korrigerte.

7.10 Tiltak for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet, radikalisering og rekruttering til kriminelle miljø

Regjeringa har dei siste åra styrkt innsatsen for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet, motverke rekruttering til valdelege ekstreme miljø og verne barn og unge mot skadeleg påverknad på internett. Tiltaka omfattar både tidleg innsats, betre oppfølging av utsette unge og tiltak for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Fleire av tiltaka vil vere særleg viktige for gutar og unge menn, som er overrepresenterte blant dei som utøver kriminalitet og blir rekrutterte til kriminelle og valdelege ekstreme miljø.

Regjeringa følgjer opp dette gjennom

  • førebygging av og kamp mot barne- og ungdomskriminalitet

  • tiltak for betre førebygging, meir kunnskap om dei ekstreme nettmiljøa og betre oppfølging

  • innsats for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme

7.10.1 Førebygging av og kamp mot barne- og ungdomskriminalitet

Det er viktig å førebyggje at barn og unge blir rekrutterte inn i kriminalitet. Samtidig må vi sikre at dei som bryt lova, eller står i fare for å gjere det, blir møtte med raske og treffsikre reaksjonar. Regjeringa har dei siste åra sett i gang ei rekkje tiltak i arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet.

I 2025 prioriterte regjeringa om lag 450 millionar kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har utført eller står i fare for å utføre kriminelle handlingar, skal følgjast betre opp. Mellom anna skal kapasiteten til ungdomseiningane i kriminalomsorga aukast, og ein skal gi tilskot til beredskapsteam i elleve kommunar,1 forbetre straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, etablere hurtigspor for behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år i Agder, Oslo, Vest og Øst politidistrikt, og utvide tilbodet multisystemisk terapi (MST) i barnevernet. I tillegg blei det oppretta ei ny tilskotsordning for frivillige organisasjonar for å skape lokale møteplassar for gutar og unge menn som er i risikosona for utanforskap, og som står i fare for å utøve kriminelle handlingar. Formålet er å førebyggje kriminalitet og rekruttering til kriminelle miljø i utsette område gjennom å etablere trygge og inkluderande sosiale møteplassar og aktivitetstilbod for gutar og unge menn.

I 2026 prioriterte regjeringa å utvide ordninga med hurtigspor til tre nye politidistrikt: Sør-Vest, Sør-Øst og Trøndelag politidistrikt. I 2026 er dessutan tilskotet til éin-til-éin-oppfølging auka. Tiltaket gir tilpassa oppfølging til unge som utøver kriminalitet, eller som er i randsona av kriminalitet, og familiane deira. Tilskotet går til kommunane med størst utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet: Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen, Sandefjord, Skien, Lillestrøm og Lørenskog. Eit forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet er etablert. Tilskotet til éin-til-éin-oppfølging må sjåast i samanheng med vidareføringa av tilskotet til beredskapsteam. Beredskapsteama skal jobbe ekstra med mellom anna å hindre rekruttering til kriminalitet og motarbeide narkotikaomsetning på og ved skular. I tillegg til kommunane som i dag får midlar til éin-til-éin-oppfølging, får Sarpsborg tilskot til beredskapsteam. Oppfølgingsløpa forsterkar kvarandre. Eit forslag til strengare straffer for ulovleg væpning på offentleg stad og for uforsiktig omgang med skytevåpen og eksplosiv har vore på høyring.

I forslaget til statsbudsjett for 2027 blir det foreslått å løyve 119,8 millionar kroner til styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i justissektoren, barnevernet og kommunane. Tiltaka skal sørgje for betre oppfølging av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har utført eller står i fare for å utføre kriminelle handlingar. Tiltaka omfattar midlar til mellom anna:

  • å gjennomføre endringar i barnevernslova, jf. Prop. 86 L (2025–2026) Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) og Innst. 362 L (2025–2026)

  • å etablere ungdomsteam i Halden fengsel

  • å utvide Risk-metodikken mot vald i nære relasjonar til ei geografisk driftseining i Agder politidistrikt og styrkje arbeidet i distrikt som allereie bruker metodikken

  • å styrkje oppfølginga av barn og unge i konfliktrådet, særleg barn under 15 år

  • å sikre nok kapasitet i domstolane og konfliktrådet i arbeidet med hurtigspor i distrikt som allereie har etablert ordninga

  • å auke tilskotet til éin-til-éin-oppfølging i kommunane

7.10.2 Tiltak for betre førebygging, meir kunnskap om dei ekstreme valdelege internettsamfunna og betre oppfølging

Regjeringa arbeider med fleire tiltak mot ekstreme, valdelege nettsamfunn, mellom anna gjennom forslag om aldersgrense på sosiale medium (sjå òg kapittel 8) og ansvarleggjering av teknologiselskapa. Temaet blir følgt opp i fleire spor, mellom anna i arbeidet med ein ny nasjonal strategi mot valdeleg ekstremisme og terror.

Sårbarheitsfaktorar hos barn og unge ser ut til å spele ei rolle i rekrutteringa til ekstreme valdelege nettsamfunn. Samtidig er det mange som blir utsette for truslar eller overgrep i slike miljø utan at dei ber om hjelp. Det er derfor avgjerande at foreldra, skulen, helsevesenet, barnevernet og politiet har nødvendig kunnskap slik at dei kan identifisere teikn som gir grunn til uro. PST og politiet har publisert materiale med fenomenkunnskap og gir råd og rettleiing om tematikken på nettsidene sine.

Regjeringa la i 2025 fram den første heilskaplege stortingsmeldinga om ein trygg digital oppvekst, Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn. Meldinga peikar på at det auka digitale nærværet til barn og unge gir mange moglegheiter, men at det òg inneber større risiko for å bli utsett for kriminalitet, skadeleg påverknad og utnytting på nett. Blant dei sentrale tiltaka er forslag om ei lovfesta aldersgrense for bruk av sosiale medium og gjennomføring av EUs forordning om digitale tenester (Digital Services Act, DSA), som skal styrkje vernet av barn og unge i digitale tenester. Sjå òg omtale i kapittel 8.9.

Meldinga om trygg digital oppvekst omfattar òg tiltak retta mot fagpersonar som arbeider med barn og unge. Det er utvikla informasjon som skal distribuerast til kommunar, barnevernstenester og helsepersonell med mål om å styrkje kompetansen på risikofylte og skadelege miljø som barn og unge kan møte på internett. Informasjonen gir råd om kva teikn tilsette bør vere merksame på, og korleis dei kan førebyggje og følgje opp urovekkjande situasjonar. Den faglege oversikta er utarbeidd av Helsedirektoratet i samarbeid med Kripos, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og Medietilsynet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i tillegg gjort ei tilsvarande rettleiing tilgjengeleg for barnevernet, med konkrete råd til tilsette om oppfølging av barn som kan vere utsette for skadeleg påverknad eller utnytting på internett.

7.10.3 Innsats for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme

Fleire av tiltaka i Meld. St. 13 (2024–2025) Førebygging av ekstremisme vil vere særleg viktige for gutar og menn. Tiltaka rettar seg mot sentrale risikofaktorar som utanforskap, psykiske helseutfordringar og marginalisering i skule og arbeid. Til dømes vil tiltak for å få fleire unge inn i arbeid og aktivitet vere særleg relevante for gutar, som er overrepresenterte blant dei som fell utanfor skule og arbeid (Meld. St. 13 (2024–2025)).

Meldinga beskriv kor viktig tidleg innsats og tverrsektorielt samarbeid er for apparatet rundt sårbare individ. Gjennom å styrkje samarbeidet mellom skule, helse, politi og kommune vil ein lettare nå personar som kan vere særleg sårbare for radikalisering. Majoriteten av desse er gutar og menn.

Meldinga viser òg at det er behov for forsking. Bufdir har fått i oppdrag å følgje opp eit konkret tiltak om at det skal innhentast meir kunnskap om korleis ideal og førestillingar om kjønn har noko å seie for radikalisering og ekstremisme.

Boks 7.6 Radikalisering og kjønn

I 2026 har Kultur- og likestillingsdepartementet, gjennom tilskotsordninga til familie- og likestillingspolitiske tiltak som er drifta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, tildelt likestillingssenteret KUN vel 2 millionar kroner over tre år til prosjektet «Radikalisering og kjønn». Prosjektet skal gi dei som jobbar med barn og unge, foreldre og dei unge sjølve ny kunnskap om korleis digitale kulturar formar kjønnsroller og radikaliseringsprosessar, og korleis desse utfordringane kan møtast med inkluderande og kunnskapsbaserte tiltak.

Med aukande digitalisering skjer ein stadig større del av det sosiale livet og identitetsutviklinga til dei unge på nett. Samtidig veks det fram digitale miljø som utfordrar etablerte normer for kjønn og likestilling. Eit av dei mest komplekse fenomena i denne utviklinga er neo-manosfæren – nettbaserte fellesskap som fremjar ein antifeministisk og ofte radikaliserande bodskap som særleg kan påverke haldningane unge gutar har til kjønn, relasjonar og samfunn.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med dei andre regionale likestillingssentera og Reform – ressurssenter for menn.

7.11 Utfordringar for gutar og menn i møte med rettssystemet: kjønnsforskjellar i kontroll og straff

Gutar og menn er betydeleg overrepresenterte blant personar som blir kontrollerte av politiet, og blant domfelte. Kartleggingar og offentlege debattar reiser spørsmål om korleis kjønn, etnisitet og andre bakgrunnsfaktorar kan påverke erfaringar med kontroll, reaksjonar og oppfølging i rettssystemet. Slike spørsmål rører ved grunnleggjande prinsipp om rettstryggleik og likskap for lova.

Menn utgjer det store fleirtalet av innsette i norske fengsel. Mange står overfor store utfordringar i samband med overgangen frå fengsel til fridom. Svak tilknyting til arbeid og utdanning, helseutfordringar, rusproblem og avgrensa sosialt nettverk kan gjere overgangen til eit liv utan kriminalitet krevjande. Det er viktig med kunnskap om desse utfordringane for å styrkje rettstryggleiken og tilliten til styresmaktene og for å førebyggje ny kriminalitet.

7.11.1 Gutar og menn med minoritetsbakgrunn kan vere meir utsette for tilfeldige politikontrollar

Ei kartlegging som Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har gjort, viser at gutar og menn med minoritetsbakgrunn som er samla i grupper, oftare enn andre hamnar i søkjelyset til politiet (Likestillings- og diskrimineringsombudet, 2022). Opplevingar og erfaringar med rasisme kan forsterke kjensla av utanforskap og manglande tilhøyrsel til samfunnet. Dette kan auke sårbarheita for radikalisering (Uzair, 2023).

Boks 7.7 Mann med utanlandsk bakgrunn stoppa av politiet fleire gonger

I 2020 blei Trøndelag politidistrikt klaga inn for Diskrimineringsnemnda av ein mann med utanlandsk bakgrunn som meinte at politiet fleire gonger hadde stoppa og kontrollert han under bilkøyring på grunn av etnisiteten hans. I løpet av ein femårsperiode hadde han blitt stoppa ti gonger utan at kontrollane hadde avdekt brot på reglane om rusmiddelpåverka køyring, brot på fartsgrensene eller andre forhold. Diskrimineringsnemnda konkluderte med at mannen hadde blitt diskriminert på grunn av etnisitet ved dei gjentekne politikontrollane. Nemnda konkluderte òg med at den manglande loggføringa av kontrollane var indirekte diskriminerande.

Nemnda fann ikkje grunnlag for å konkludere med brot på forbodet mot trakassering eller brot på regelen om å førebyggje og søkje å hindre trakassering, men saka har ført til ein breiare diskusjon i politiet om etnisk profilering og behovet for betre registrering og kontroll med politiet sin praksis for personkontroll (Diskrimineringsnemda, 2026).

7.11.2 Moglege skeivskapar i straffeutmålinga

Dei seinare åra har spørsmål om moglege skeivskapar mellom kvinner og menn i straffeutmålinga til domstolane vore gjenstand for medieomtale og offentleg debatt. Mellom anna publiserte NRK ei sak i februar 2025 i samarbeid med den internasjonale gravegruppa Lighthouse Reports som var basert på ein gjennomgang av 9 091 dommar i straffesaker frå tingrettane i 2022 og 2023 (NRK; Lighthouse Reports, 2025; Bjørke et al., 2025). Gjennomgangen viste at kvinnelege lovbrytarar i gjennomsnitt fekk utmålt færre dagar i fengsel enn det mannlege lovbrytarar fekk for dei same lovbrota. Dagbladet Magasinet publiserte i mai 2018 ei liknande sak basert på ei undersøking av 1 118 dommar i straffesaker frå tingrettane om køyring i rusmiddelpåverka tilstand. I 907 av sakene var lovbrytarane menn, og i 211 av sakene var dei kvinner. Dagbladet Magasinet fann mellom anna at kvinner i større grad enn menn blei dømde til vilkårsstraff framfor straff utan vilkår, og at kvinner oftare enn menn fekk reduksjon i straffa i slike saker, og at dei dessutan fekk større reduksjon. Mediesaker som dette har reist spørsmål knytte til likskap for lova og skjønnsutøvinga til domstolane (Meldalen & Fjellberg, 2025).

7.11.3 Utfordringar i straffegjennomføring, rehabilitering og tilbakeføring til samfunnet

Menn er sterkt overrepresenterte i norske fengsel, og av 3 077 personar som var innsette i fengsel per første tertial 2026, var 2 913 menn. Menn utgjer dermed om lag 95 prosent av innsettepopulasjonen.

Forsking og offentlege utgreiingar viser at innsette generelt er marginaliserte og har store levekårsutfordringar. Mange har svak tilknyting til arbeidsliv og utdanning, dei har helseutfordringar, rusmiddelproblem og erfaring med utanforskap før soning.

Riksrevisjonen si undersøking av helse-, opplærings- og velferdstenester til innsette frå 2022 peikar på store manglar i oppfølginga under straffegjennomføringa. Undersøkinga konkluderer med at tenestene i for lita grad bidreg til å ruste innsette for eit liv utan kriminalitet etter lauslating (Riksrevisjonen, 2022).

I eit likestillingsperspektiv er det samtidig viktig å vere merksam på at det er ulike utfordringar for kvinner og menn som er innsette i institusjonane til kriminalomsorga. Fleire undersøkingar har vist at kvinnelege innsette i enkelte samanhengar har eit dårlegare tilbod under straffegjennomføringa enn menn, mellom anna fordi dei utgjer ein klar minoritet. Samtidig inneber det store fleirtalet av mannlege innsette at mange menn blir ramma av dei generelle utfordringane som er dokumenterte i kriminalomsorga, som manglande aktivitetstilbod og mangelfull kartlegging og oppfølging frå helse- og velferdssektoren.

Innsette har ofte avgrensa høve til å halde kontakt med familie og nære relasjonar under straffegjennomføringa. Restriksjonar knytte til besøk, telefonkontakt og andre kommunikasjonsformer kan gjere det krevjande å ta hand om foreldrerolla. Ettersom fleirtalet av dei innsette er menn, vil slike utfordringar i praksis få følgjer for mange fedrar og barna deira. For innsette med omsorgsansvar kan dette få konsekvensar for familierelasjonane og gjere det vanskelegare med tilbakeføring til samfunnet etter lauslating. Innsette kan bli overførte mellom fengsel under soninga. Slik flytting kan medføre brot i oppfølging, opplæring og aktivitetstilbod og gjere det meir krevjande å halde kontakt med familie og barn. Kontakten mellom innsette og barna deira er viktig både av omsyn til barns rett til familieliv og samvær med begge foreldra og for å bevare relasjonar som kan vere uvurderlege når dei innsette skal setjast fri.

7.12 Tiltak i samband med kontroll, straffeutmåling og gjennomføring av straff

Menn er overrepresenterte blant personar som blir kontrollerte av politiet, blant domfelte og blant innsette i fengsel. Prinsippet om likebehandling skal gjelde for alle. Regjeringa arbeider for å følgje opp spørsmål knytte til rettstryggleik, tillit og rehabilitering.

Regjeringa viser til følgjande tiltak:

  • oppfølging av evalueringa av pilotprosjektet med kvitteringsordning for personkontrollar

  • tiltak knytte til moglege forskjellar i straffeutmåling

  • betre rehabilitering og oppfølging etter gjennomført straff

7.12.1 Oppfølging av evalueringa av pilotprosjektet med kvitteringsordning for personkontrollar

Ei kvitteringsordning for personkontrollar gjennomført av politiet blei i ei årrekkje fremja som eit ønskt tiltak av organisasjonar som Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) og andre interessegrupper. Budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV seinhausten 2021 la grunnlaget for å setje i gang ei pilotordning med kvittering for personkontrollar gjennomførte av politiet. Pilotprosjektet er evaluert av politiet, med hjelp frå Oslo Economics og By- og regionforskningsinstituttet (NIBR) ved OsloMet.

Hovudkonklusjonen var at det er lite formålstenleg å innføre ei kvitteringsordning for personkontroll i politiet dersom formålet er å påverke tryggleiken og tilliten gjennom å påverke arbeidsmetodikken til politiet. Vurderingar og tilrådingar knytte særleg til forsking og rettslege problemstillingar blir følgde opp av Justis- og beredskapsdepartementet i samråd med Politidirektoratet, som òg har sett i verk tilrådde tiltak for å betre og effektivisere personkontrollen og styrkje kvaliteten og notoriteten. Verkeperioden for handlingsplanen til politiet for mangfald, dialog og tillit er forlengd ut 2027 (Oslo Economics; NIBR OsloMet, 2023).

7.12.2 Tiltak knytte til moglege forskjellar i straffeutmåling

På bakgrunn av det som har komme fram i ulike mediesaker om kjønnsforskjellar i straffeutmåling dei seinare åra, har Domstoladministrasjonen og domstolane hatt meir fokus på desse problemstillingane i det løpande kvalitetsarbeidet i domstolane i Noreg, innanfor rammene av den frie stillinga til domstolane.

Domstoladministrasjonen heldt i februar 2025 eit videomøte mellom NRK og alle domstolsleiarane i landet der dei gjekk gjennom og diskuterte denne tematikken og funnet i mediesaka som er nemnt i punkt 7.11.2. I ettertid har ein lagt til rette for at dei lokale fagsamlingane til domstolane kan nytte det som grunnlag for fagleg refleksjon og diskusjon. Domstoladministrasjonen arrangerte òg ein fagdebatt om temaet under Arendalsuka i 2025.

Moglege skeivskapar på bakgrunn av kjønn i straffeutmåling inngår vidare som eit tema i ulike kompetansetiltak i domstolane, og avgjerdspsykologi er mellom anna ein del av introduksjonsprogrammet for nye dommarar og i læringsløpet for rettsmekling. Der får deltakarane undervisning av ein psykologspesialist, og dei kan reflektere over avgjerdsprosessar og kva ubevisste vurderingsmekanismar kan ha å seie. Arbeidet med denne tematikken inngår i den kontinuerlege innsatsen til domstolane for å styrkje kvaliteten, likebehandlinga og tilliten til rettspleia.

7.12.3 Betre rehabilitering og oppfølging etter gjennomført straff

Målet med straffegjennomføringa er ikkje berre å reagere på lovbrot – ein skal òg leggje til rette for at kvar enkelt kan vende tilbake til samfunnet og leve eit liv utan ny kriminalitet.

Kvaliteten på rehabiliterings- og tilbakeføringstilboda er derfor viktig både for den enkelte, for samfunnsdeltakinga og for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet.

I Meld. St. 31 (2024–2025) Straff som virker – straffegjennomføring for et tryggere Norge varslar regjeringa fleire tiltak for å auke kvaliteten på straffegjennomføringa. Mellom anna skal aktivitetstilbodet i fengsla moderniserast, det skal leggjast betre til rette for at dei innsette kan få relevant yrkeskompetanse, og arbeidsdrifta skal i større grad sjåast i samanheng med opplæringstilbodet. Regjeringa varslar òg ein gjennomgang av regelverket for straffegjennomføring for å sikre eit meiningsfullt innhald som førebyggjer kriminalitet, samtidig som tryggleiken blir vareteken. I dette arbeidet skal ein mellom anna vurdere om ein har teke nok omsyn til ikkje-diskriminering og likeverdige gjennomføringsforhold.

Fotnotar

1

Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen, Sandefjord, Skien, Lillestrøm, Lørenskog og Sarpsborg.