5 Eit likestilt arbeidsliv
Figur 5.1
Kjelde: Anagram design.
For gutar og menn handlar likestilling i arbeidslivet mellom anna om høvet til å kombinere arbeid og familieliv, og om eit trygt arbeidsmiljø. Menn er overrepresenterte i enkelte yrke med høgare risiko for arbeidsulykker, sosial dumping og arbeidskriminalitet, og enkelte grupper av menn opplever diskriminering i arbeidsmarknaden (NOU 2024: 8).
Arbeidsmarknaden i Noreg er prega av høg sysselsetjing, men òg av tydelege kjønnsdelte utdannings- og yrkesval. Gutar og menn søkjer seg sjeldnare til kvinnedominerte utdanningar og yrke. Det bidreg til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, der menn er i stort mindretal i sentrale velferdstenester. Konsekvensen er at barn og unge i avgrensa grad møter menn i viktige tenester som omsorgs- og velferdsyrke. Det kan ha noko å seie for kjensla av å høyre til og opplevinga av å bli forstått. Betre kjønnsbalanse kan gi fleire rollemodellar og meir representative tenester.
Menn som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, midlertidig eller varig, skal ha ein økonomi som gjer det mogleg å leve eit verdig liv og delta i samfunnet. Det norske velferdssamfunnet har gode ordningar for inntektssikring og eit godt offentleg tenestetilbod. Ordningar som sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og økonomisk sosialhjelp bidreg til inntektssikring og reduserer konsekvensane av sjukdom, arbeidsløyse og andre livsutfordringar som særleg rammar enkelte grupper av menn. På denne måten er velferdsordningane viktige for å jamne ut sosiale forskjellar, forhindre utanforskap og bidra til å fremje likestilling.
Regjeringa arbeider for eit arbeidsliv der alle har høve til å delta og til å kombinere arbeid med andre delar av livet. Det inneber òg at ein ser på forhold som påverkar moglegheitene, arbeidsmiljøet og livskvaliteten i arbeidslivet for gutar og menn, og på kva tiltak som kan bidra til mindre kjønnsdelte utdannings- og yrkesval.
Regjeringa vil
-
leggje til rette for god balanse mellom familie og jobb
-
styrkje HMS-arbeidet på den enkelte arbeidsplassen
-
halde fram innsatsen for å hindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
-
ha betre oppfølging av aktivitets- og forklaringsplikta for arbeidsgivarar
-
ha fleire menn i kvinnedominerte yrke og fleire kvinner i mannsdominerte yrke
Boks 5.1 Mannsutvalet foreslår
Mannsutvalet meiner at likestillingspolitikken i for lita grad har belyst utfordringar som særleg rammar menn, også i arbeidslivet (NOU 2024: 8). Utvalet peikar på den store kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden, arbeidsmiljøutfordringar som særleg gjeld dei mannsdominerte næringane, trakassering og menns moglegheiter til å ha balanse mellom arbeid og familieliv. Utvalet meiner at normene i mannsdominerte yrke ofte er mindre familievennlege og meir prega av overtidskultur og lite tilrettelegging for omsorgsplikter. Dei meiner at dette kan gjere det vanskeleg for menn å kombinere forsørgjarrolla med aktiv omsorg i familien.
Mannsutvalet har følgjande forslag på dette området:
-
Etablere eit trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie i mannsdominerte bransjar
-
Satse på gode HMS-rutinar for psykososialt arbeidsmiljø og mot trakassering, inkludert seksuell trakassering, i arbeidslivet
Boks 5.2 Kva arbeidet har å seie for menns identitet
Arbeid gir ikkje berre inntekt og økonomisk tryggleik – for mange kan det òg vere ein viktig arena for meistring, fellesskap og sosiale relasjonar. For mange menn har det å vere i arbeid og bidra økonomisk tradisjonelt vore eit viktig ideal og ein del av identitetsforståinga, særleg i vaksenlivet (St.meld. nr. 8 (2008–2009)). Sjølv om kjønnsrollene og forventingane til kvinner og menn har endra seg mykje, er arbeid framleis ei viktig kjelde til identitet, meistring og sosial tilhøyrsel for mange menn (NOU 2024: 8). Konsekvensane av å falle ut av arbeidslivet kan dermed handle om meir enn økonomi. Arbeidslivstilknyting viser seg å ha direkte konsekvensar for helsa. For menn er samanhengen mellom arbeidsløyse og dårleg helse, inkludert auka risiko for sjukehusinnleggingar, dødelegheit og sjølvmord, sterkare enn for kvinner (Heggebø, 2022).
Boks 5.3 Status på menns deltaking i arbeidslivet
Menn har tradisjonelt hatt høg yrkesdeltaking i Noreg, og i 2025 var 72 prosent av menn i alderen 15–74 år sysselsette. Menn utgjorde då 53 prosent av dei sysselsette (SSB, 2025a). Forskjellane mellom kvinner og menn i både sysselsetjing og deltidsarbeid er blitt mindre over tid, særleg som følgje av auka yrkesdeltaking og meir heiltidsarbeid blant kvinner.
Samtidig er det store forskjellar blant menn. Menn med innvandrarbakgrunn og menn med funksjonsnedsetjingar har til dømes mykje lågare sysselsetjingsgrad enn menn generelt. I 2025 var 70 prosent av menn med innvandrarbakgrunn sysselsette, mot 82 prosent i befolkninga elles (SSB, 2025b).
Det er teikn til ei svakare sysselsetjingsutvikling blant menn i det ein kan kalle kjernealderen i arbeidslivet (25–54 år). I 2025 låg sysselsetjingsdelen under EU-gjennomsnittet. Sysselsetjinga aukar generelt med utdanningsnivå og er klart høgare blant personar med høgare utdanning enn blant personar med lågare utdanningsnivå (Eurostat, 2026). I 2025 var andelen utanfor arbeid og utdanning høgare blant unge menn enn blant unge kvinner. Andelen uføre er høgare blant kvinner i alle aldersgrupper, med unntak av dei under 25 år.
Sysselsetjing og arbeidsløyse varierer meir blant menn enn blant kvinner fordi menn oftare jobbar i konjunkturfølsame næringar som industri, bygg og anlegg. Desse blir sterkare påverka av opp- og nedgangstider. Til dømes fall sysselsetjinga meir for menn enn for kvinner under finanskrisa i 2008–2009 og etter oljeprisfallet i 2014. Kvinner arbeider dessutan i større grad i offentleg sektor og i tenestenæringar som er mindre påverka av konjunktursvingingar.
Fleire mannsdominerte næringar, som petroleumssektoren, står overfor omstillingar i åra som kjem. For å halde oppe yrkesdeltakinga blir det viktig med tilgang til utdanning, kompetanseutvikling og omstilling. Arbeidsinnvandrarar i bygg- og anleggsbransjen er blant gruppene som er mest utsette for konjunktursvingingar og arbeidsløyse.
5.1 Dårlegare rammer for arbeids- og familielivsbalanse i enkelte delar av arbeidslivet?
Mannsutvalet meiner at kjønnsdelinga i arbeidslivet fører til ulikt handlingsrom for menn og kvinner, og at det er vanskeleg å kombinere arbeid og familieliv i ein del mannsdominerte yrke (NOU 2024: 8).
Tal frå levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø frå 2025 viser at over éin av tre sysselsette synest at jobben går utover privatlivet. Dette er aller mest utbreidd blant dei som jobbar i undervisningsyrke, og blant leiarar i hotell, restaurant og varehandel. Kvinner opplever oftare enn menn at jobben går utover privatlivet, 40 mot 33 prosent (SSB, 2025c). Samtidig opplever fleire menn enn kvinner, 23 mot 17 prosent, at det er venta at dei skal vere tilgjengelege for jobbførespurnader i fritida (SSB, 2025c). Næringar og yrke der mange synest at jobbkrava går utover privatlivet, er kjenneteikna av arbeid utanom ordinær arbeidstid, lange arbeidsveker, forventingar om tilgjengelegheit utanom arbeidstid eller arbeid som fører til at ein ofte er sliten etter arbeidsdagen.
Boks 5.4 Jobbsjansen
Formålet med tilskotsordninga er å bidra til auka sysselsetjing blant heimeverande innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden, og som har behov for kvalifisering for å komme i jobb eller ordinær utdanning. Jobbsjansen skal gjennom individuelt tilpassa program styrkje kvalifikasjonane til deltakarane slik at kvar enkelt på sikt kan få varig tilknyting til arbeidslivet og bli økonomisk sjølvhjelpt. At denne gruppa innvandrarkvinner kjem i arbeid og gjennom det kan bidra til familieøkonomien, kan betre moglegheita for meir likedeling av omsorgspliktene i heimen.
5.2 Enkelte menn opplever diskriminering i arbeidslivet
Samtidig som det norske arbeidslivet i aukande grad er etnisk mangfaldig, er det ei utfordring med etnisk diskriminering i tilsetjingsprosessar.
I 2024 sende forskarar ut over 2700 fiktive jobbsøknader frå likt kvalifiserte personar med bakgrunn frå ei rekkje ulike land til stillingsutlysingar i den norske arbeidsmarknaden (Larsen & Midtbøen, 2024). Det kom fram at religiøs tilhøyrsel påverkar moglegheitene på arbeidsmarknaden. Menn med muslimsk bakgrunn frå land utanfor Europa har 14 prosent sjanse for å bli innkalla til jobbintervju, mens menn med norsk majoritetsbakgrunn som ikkje oppgir noka tilknyting til kristendom, har 40 prosent sjanse. Muslimske menn med bakgrunn utanfor Europa må altså søkje på om lag tre gonger så mange stillingar for å få innkalling til jobbintervju. I søknadene blei det oppgitt at søkjaren anten var fødd i Noreg eller hadde innvandra som seksåring. Diskrimineringa rammar både innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar i Noreg (Larsen & Midtbøen, 2024). Også tidlegare undersøkingar har vist tilsvarande mønster.
Forskarane fann òg at når majoritetsnorske søkjarar oppgav at dei hadde ei kristen tilknyting, medførte det ein reduksjon i moglegheita for å bli innkalla til jobbintervju på 17,5 prosent samanlikna med andre tilsvarande søkjarar (Amundsen, 2024). Tilhøyrsel til kristendommen hadde ingenting å seie for søkjarar frå andre land i Europa, USA og Russland. Søkjarar frå land utanfor Europa hadde derimot høgare sjanse for å få ein positiv respons dersom dei oppgav tilhøyrsel til kristendom, samanlikna med søkjarar med same bakgrunn utan tilknyting til nokon religion.
Personar med innvandrarbakgrunn kan òg oppleve diskriminering etter at dei har komme inn på arbeidsmarknaden. Personar med minoritetsbakgrunn forheld seg til risikoen for å bli diskriminerte og prøver å unngå å bli diskriminerte ved å prøve å tone ned den etniske og religiøse bakgrunnen sin for å få innpass i arbeidslivet (Orupabo, Larsen, & Nadim, 2026). Gutar med minoritetsbakgrunn opplever i større grad enn andre elevar at dei ikkje får læreplass i yrkesfagleg utdanning, sjå meir om dette i kapittel 4.
Også personar med funksjonsnedsetjing opplever diskriminering i tilsetjingsprosessar i Noreg (Bjørnshagen & Østerud, 2021). Sjølv om det er lite kjønnsdelt kunnskap, er det grunn til å tru at også menn med funksjonsnedsetjingar blir utsette for diskriminering i arbeidslivet.
5.3 Menn er overrepresenterte i utsette yrke
Menn og kvinner blir utsette for ulike eksponeringar, krav og belastingar i arbeidsmiljøet som følgje av at majoriteten av menn og majoriteten av kvinner jobbar i ulike næringar og yrke (les meir om dette i kapittel 5.5). Dei typiske mannsdominerte næringane har arbeid som i hovudsak er manuelt og fysisk, med avgrensa kontortid. Slike yrke inneber i mindre grad direkte samhandling med pasientar, klientar eller kundar enn kvinnedominerte yrke, der relasjonelt og emosjonelt arbeid utgjer ein større del av arbeidskvardagen (STAMI, 2024).
5.3.1 Menn er mest utsette for arbeidsulykker
Menn rapporterer oftare om arbeidsskadar og arbeidsrelatert nedsett høyrsel enn kvinner, men gjennomgåande noko færre ulike arbeidsrelaterte helseplager enn kvinner (STAMI, 2024). Dette heng saman med at menn er overrepresenterte i utsette yrke som yrke innanfor bygg, anlegg og industri, noko som òg blir gjenspegla i statistikken for arbeidsrelaterte ulykker.
I 2022 oppgav 2,4 prosent av sysselsette menn å ha hatt ein arbeidsskade som førte til fråvær frå jobb det siste året, samanlikna med 1,7 prosent av sysselsette kvinner (STAMI, 2022). Det er særleg unge og utanlandske menn som er utsette for arbeidsulykker. I perioden 2020–2024 var det 129 menn som døydde i arbeidsulykker. Det svarer til heile 97 prosent av dødsulykkene i arbeidslivet i perioden (Arbeidstilsynet, 2026).
Arbeidsgivarar har ansvaret for å kartleggje og vurdere risiko ved arbeidet og for å setje i verk risikoreduserande tiltak. Arbeidstilsynet peikar på at sjølv om arbeidsulykker ofte har komplekse årsakssamanhengar, går manglar i det systematiske HMS-arbeidet igjen i årsaksanalysane (Arbeidstilsynet, 2024). Mannsutvalet meiner at sjølv om det har vore stor innsats for å betre det fysiske arbeidsmiljøet på mange mannsdominerte arbeidsplassar, så er det behov for å gjere dette arbeidet meir treffsikkert (NOU 2024: 8, s. 152).
5.3.2 Arbeidsinnvandrarar er særleg utsette for sosial dumping
Fleirtalet av arbeidsinnvandrarar til Noreg er menn. Blant arbeidsinnvandrarar frå EU-land i Sentral- og Aust-Europa som kom til Noreg mellom 1990 og 2020, er tre av fire menn. For arbeidsinnvandrarar frå tredjeland og andre EU-land er andelen menn om lag sju av ti (NOU 2022: 18).
Mange arbeidsinnvandrarar arbeider i mannsdominerte næringar som bygg og anlegg, industri og landbruk, der risikoen for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er høgare enn i arbeidslivet elles. Risikobransjar for arbeidslivskriminalitet er ofte kjenneteikna av låg terskel for etablering, stort innslag av ufaglært og utanlandsk arbeidskraft, og få formelle kompetansekrav. Bransjane har gjerne lange kontraktskjeder, utstrekt bruk av midlertidig og atypiske tilsetjingsformer, sesongarbeid og låg organisasjonsgrad på både arbeidstakar- og arbeidsgivarsida (Brunovskis, Bøckmann, Jahnsen & Ødegård, 2026).
Arbeidsinnvandrarutvalet peikte på at mange har svak tilknyting til arbeidslivet, avgrensa norskferdigheiter og manglande kunnskap om rettar og plikter i norsk arbeidsliv. Det kan gjere dei særleg sårbare for utnytting og bidra til svakare integrering. Utvalet understreka derfor betydinga av eit meir seriøst og regulert arbeidsliv, mellom anna gjennom innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og betre lønns- og arbeidsvilkår (NOU 2022: 18).
5.3.3 Menn blir òg utsette for trakassering
Trakassering, inkludert seksuell trakassering, kan få alvorlege konsekvensar for den som blir ramma, og kan skape utryggleik og dårleg arbeidsmiljø. Seksuell trakassering omfattar ulike former for uønskt seksuell merksemd og førekjem på mange arenaer, særleg i arbeidslivet (Meld. St. 7 (2024–2025)).
I levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø frå 2025 oppgir 5,3 prosent av dei sysselsette at dei har blitt utsette for uønskt seksuell merksemd (SSB, 2025d). Kvinner blir i langt større grad enn menn utsette for uønskt seksuell merksemd. Førekomsten av uønskt seksuell merksemd varierer mykje mellom bransjar og er høgast i helse- og omsorgssektoren og overnattings- og serveringsbransjen. I desse sektorane blir menn utsette i større grad enn i andre yrke. Menn er i større grad utsette på kvinnedominerte arbeidsplassar enn på mannsdominerte arbeidsplassar (Hov, Horvei, & Bjerkebakke, 2025). Menn med kjønnsoverskridande identitet/uttrykk, menn med etnisk minoritetsbakgrunn og menn med funksjonsnedsetjing er langt meir utsette for uønskt seksuell merksemd i arbeidslivet enn menn totalt sett. Trakasseringsbarometeret 2025 viser ein auke i omfanget av uønskt seksuell merksemd i arbeidslivet blant menn under 30 år frå 2023, frå 18 til 34 prosent (Hov, Horvei & Bjerkebakke, 2025).
Underrapportering førekjem truleg både blant kvinner og menn, men kan vere særleg utbreidd blant menn. Forsking indikerer at ein er meir tilbøyeleg til å oppfatte ein situasjon som seksuell trakassering når ei kvinne blir utsett for det av ein mann, enn omvendt (Bjerkebakke & Sogge, 2024). Det kan òg vere forskjellar når det gjeld kjennskapen til omgrepet «seksuell trakassering» og terskelen for å omtale ei handling som trakassering. Normer om maskulinitet og skam knytte til det å stå fram som sårbar, kan bidra til at menns erfaringar blir bagatelliserte eller ikkje blir rapporterte (Meld. St. 7 (2024–2025)).
5.4 Tiltak for eit godt arbeidsliv
Skal Noreg nå målet om eit likestilt arbeidsliv og eit godt arbeidsliv for alle, må likestillingspolitikken rette merksemda også mot arbeidslivsforhold som har noko å seie for menn, eller der menn er særleg utsette eller sårbare.
Regjeringa følgjer opp dette gjennom:
-
rammer for eit arbeidsliv som gjer det mogleg å kombinere arbeid og omsorg
-
grep for eit arbeidsliv utan diskriminering
-
ny nasjonal arbeidsmiljøstrategi
-
melding til Stortinget om seksuell trakassering
-
førebygging av sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Målet om god balanse mellom arbeid og familieliv må sjåast i samanheng med andre innsatsar, mellom anna tiltaka i Helsepersonellplanen for å auke delen heiltidsstillingar, meir helgearbeid og meir fleksible turnusordningar. Slike ordningar må utviklast gjennom partssamarbeidet, innanfor krava til eit forsvarleg arbeidsmiljø og ein helsefremjande arbeidssituasjon, og med omsyn til arbeidstakarane sitt omsorgsansvar og livsfase.
5.4.1 Rammer for eit arbeidsliv som gjer det mogleg å kombinere arbeid og omsorg
Noreg har i stor grad eit lov- og regelverk som legg til rette for at alle arbeidstakarar skal kunne kombinere arbeid og familieliv.
For det første skal arbeidsgivarar jobbe for at tilsette kan kombinere arbeid og familieliv. Dette er ein del av aktivitets- og forklaringsplikta arbeidsgivarar har etter likestillings- og diskrimineringslova § 26. Lova seier ikkje noko om kva tiltak som skal setjast i verk, men tiltaka skal byggje på undersøkingar og kartlegging av utfordringar på arbeidsplassen.1
For det andre er arbeidsmiljølova tydeleg på at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø. Regulering av arbeidstid er sentralt for å gjere det mogleg å kombinere arbeid med familie- og omsorgsansvar. Dette er regulert i arbeidsmiljølova, og Arbeidstilsynet fører tilsyn med og kontrollerer at regelverket blir følgt. Arbeidsmiljølova opnar òg opp for fleksible arbeidstidsordningar, slik at arbeidstakaren kan tilpasse arbeidskvardagen etter eigne behov. Dette kan vere særleg viktig for arbeidstakarar i ein periode med omsorgsansvar for små barn eller pårørandeomsorg for foreldre, ektefellar eller andre.
5.4.1.1 Vidareføre trepartssamarbeid for betre arbeids- og familielivsbalanse
Mannsutvalet peikar på at tiltak for meir likestilling i arbeidslivet hovudsakleg har vore retta mot kvinnedominerte bransjar og i mindre grad har bygd på kunnskap om mannsdominerte bransjar og korleis ein kan leggje til rette for betre balanse mellom arbeid og familie/fritid (NOU 2024: 8).
Regjeringa har følgt opp Mannsutvalets forslag med å etablere eit trepartssamarbeid for betre balanse mellom arbeid og familie i mannsdominerte og kvinnedominerte bransjar. Samarbeidet er lagt til arbeidsgruppa for likestilling i arbeidslivet under arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd. Les meir om vidareføringa av trepartssamarbeidet i kapittel 3.3.4.
5.4.1.2 Meir kunnskap om balansen mellom arbeid og familie/fritid
Kultur- og likestillingsdepartementet har, i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, lyst ut eit forskingsprosjekt som skal kartleggje korleis manns- og kvinnedominerte bransjar legg til rette for arbeids- og familielivsbalanse i dag.
OsloMet (Arbeidsforskningsinstituttet AFI) har fått i oppdrag av Arbeids- og inkluderingsdepartementet å kartleggje tilsette i leiande og særleg uavhengige stillingar, som leiarstillingar, og blant sjølvstendig næringsdrivande. Dette er stillingar som er unnatekne frå arbeidstidsreglane, og dermed har ikkje desse arbeidstakarane det same vernet som andre når det gjeld regulert arbeidstid, kviletid og overtidsgodtgjersle.
5.4.1.3 Betre oppfølging av aktivitets- og forklaringsplikta for arbeidsgivarar
Aktivitets- og forklaringsplikta er eit viktig verktøy som skal sørgje for at menn og kvinner har like moglegheiter på jobb og ikkje blir diskriminerte på arbeidsplassen. Mellom anna skal arbeidsgivarane jobbe aktivt for at dei tilsette skal kunne kombinere arbeid og familieliv, oppleve karriereutvikling og ikkje bli trakasserte på arbeidsplassen.
Regjeringa har varsla to nye utgreiingar av aktivitets- og forklaringsplikta i 2027. For det første skal ein greie ut tekniske løysingar for å gjennomføre og rapportere på pliktene som følgjer av aktivitets- og forklaringsplikta, medrekna lønnskartleggingsplikta. Ein skal sjå prosjektet i lys av eventuelle nye krav som følgjer av likelønnsdirektivet og berekraftsdirektivet. For det andre skal ein gå gjennom aktivitets- og forklaringsplikta med sikte på å gjere regelverket til eit meir effektivt verkemiddel for likestilling i arbeidslivet og for å gjere det meir handterleg for arbeidsgivarane. Ein skal mellom anna sjå på om det er mogleg å innføre meir effektive sanksjonar. Utgreiingane er ei oppfølging av tiltak i Strategi for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030 og ein del av arbeidet med å gjennomføre likelønnsdirektivet til EU.
5.4.2 Integrering og arbeid mot diskriminering i arbeidslivet
Hausten 2023 lanserte regjeringa ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet med vekt på barrierar både på vegen inn i og oppover i arbeidslivet. Planen gjeld for perioden 2024–2027, og 16 av tiltaka er under overskrifta arbeidsliv. I 2025 publiserte regjeringa ein midtvegsrapport for å finne status på tiltaka (Arbeids- og inkluderingsdepartementet, 2025).
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet gjennomfører ei rekkje av tiltaka til regjeringa som skal bidra til å fremje meir etnisk mangfald i arbeidslivet. Tiltaka omfattar mellom anna ei tilskotsordning for verksemder og kunnskaps- og rettleiingsplattforma Mika.no. Plattforma gir arbeidsgivarar tilgang til forsking, erfaringsbasert kunnskap og verktøy for å førebyggje diskriminering og styrkje inkludering på arbeidsplassen. Mika.no har mellom anna blitt nytta til å følgje opp tiltak frå handlingsplanen, som til dømes å formidle kunnskap om kva mangfaldsleiing er.
I 2027 vil regjeringa leggje fram ein integreringsstrategi som tek tak i nokre av dei største utfordringane på integreringsfeltet. Målet med strategien er auka arbeidsdeltaking, betre levekår og mindre segregering. I tillegg vil regjeringa sjå på kva slags kulturelle barrierar som står i vegen for at innvandrarar kan delta i arbeids- og samfunnslivet.
5.4.3 Følgje opp ny nasjonal arbeidsmiljøstrategi
Arbeidsmiljøet i Noreg er generelt godt, men likevel er det framleis utfordringar i fleire yrke og bransjar. Undersøkingar viser at sjølv om mange verksemder gjennomfører enkeltståande HMS-aktivitetar, er det for mange arbeidsplassar som ikkje har systematisk oppfølging. Det er utvikla kunnskap og kunnskapsbaserte, verksemdsretta verktøy og verkemiddel til bruk i HMS-arbeidet til verksemdene gjennom mellom anna IA-avtalens arbeidsmiljøsatsing og bransjeprogramma, men det er framleis eit potensial for at fleire verksemder skal ta i bruk verktøya.
Kvinnearbeidshelseutvalet (NOU 2025: 5) peikar på at lov- og avtaleverket i norsk arbeidsliv legg til rette for at partane på arbeidsplassen kan og skal samarbeide om førebyggjande arbeidsmiljøarbeid, men at det likevel er eit forbetringspotensial når det gjeld arbeidet med risikovurderingar og målretta førebyggjande arbeidsmiljøarbeid i verksemdene generelt. Kunnskap om belastingar i arbeidsmiljøet påverkar kjønna ulikt, er viktig for at det ikkje skal oppstå forskjellsbehandling mellom kjønna når risikoar skal vurderast. For å få fram forskjellar mellom kvinner og menn presenterer Statens arbeidsmiljøinstitutt resultat av forskinga si fordelt på kjønn.
Partssamarbeid og innsatsen til partane lokalt og sentralt er avgjerande for eit trygt og godt arbeidsmiljø. Styresmaktene og partane i arbeidslivet er einige om å styrkje det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet i norsk arbeidsliv. Dette er vidareført i avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet for 2025–2028 (IA-avtalen).
Arbeidsmiljøet har påverknad på helsa, trivselen og livskvaliteten til den enkelte og kan førebyggje sjukdom og skadar. For å styrkje arbeidsmiljøarbeidet i verksemdene vil regjeringa òg leggje fram ein nasjonal arbeidsmiljøstrategi.
Stortinget har vedteke endringar i arbeidsmiljølova som presiserer krava til det psykososiale arbeidsmiljøet. Målet er å rettleie verksemdene og å understreke at det psykososiale er ein viktig del av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, på lik linje med det fysiske arbeidsmiljøet. Den nye arbeidsmiljøstrategien vil følgje opp dette og ha psykososialt arbeidsmiljø som eit av innsatsområda sine.
5.4.4 Følgje opp Meld. St. 7 (2024–2025) Om seksuell trakassering
Regjeringa har lagt fram Meld. St. 7 (2024–2025) Om seksuell trakassering. Meldinga gir den første samla framstillinga av kunnskap om omfanget av seksuell trakassering på tvers av ulike samfunnsområde, i arbeidslivet, i utdanning og skule, i kulturlivet, i fritidsaktivitetar, idrett og frivillig verksemd og på internett. Meldinga gir òg ei samla oversikt over relevant regelverk, aktørar og verkemiddel i arbeidet med å førebyggje seksuell trakassering.
På den eine sida viser meldinga at det er avgjerande at arbeidslivet og andre samfunnsarenaer set i verk konkrete tiltak for å fremje eit aktivt førebyggjande arbeid. På den andre sida viser ho at det er behov for eit breitt likestillingsarbeid som tek eit oppgjer med forventingar til korleis kvinner og menn skal oppføre seg, maktubalanse og ukultur. Dette er med på å løfte diskusjonen om kva som skal til for å få eit samfunn som er fritt for seksuell trakassering, og peikar ut retninga for den vidare politikkutviklinga.
5.4.5 Førebyggje og motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
1. august 2025 la regjeringa fram ein oppdatert Handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet med 38 tiltak som skal få bukt med utnytting av arbeidstakarar.
Handlingsplanen rettar seg ikkje spesifikt mot menn, men mange av tiltaka vil ha ein positiv effekt for mannlege arbeidstakarar, særleg i bransjar der menn er overrepresenterte og risikoen for utnytting er høg, slik som innanfor bygg og anlegg, transport, bilpleie og landbruk.
Vidare er mange av tiltaka retta mot utanlandske arbeidstakarar, som i stor grad er menn. Låg formell kompetanse, dårlege norskkunnskapar og liten kjennskap til rettar og plikter i norsk arbeidsliv gjer at denne gruppa er særleg utsett for å bli utnytta i arbeidslivet.
Handlingsplanen inneheld ei rekkje tiltak for å fremje eit organisert arbeidsliv, styrkje rettane til arbeidstakarane og hindre utnytting. Han skal òg mobilisere forbrukar- og innkjøpsmakt og styrkje det tverretatlege samarbeidet om kontroll og oppfølging. I tillegg omfattar planen tiltak for å auke kunnskapen om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og for å styrkje det internasjonale samarbeidet.
5.5 Vedvarande kjønnsdeling i utdanning og arbeidsliv
Noreg har ein sterkt kjønnsdelt arbeidsmarknad. Menn og kvinner arbeider i stor grad i ulike sektorar, næringar og yrke. Mønsteret blir tidleg etablert gjennom utdanningsval. Alt i vidaregåande opplæring vel gutar og jenter langt på veg ulike utdanningsprogram og fagområde, og desse forskjellane blir vidareførte i høgare utdanning og i arbeidslivet.
Dei største næringane i Noreg er bygg og anlegg, industri, varehandel, undervisning og helse- og sosialtenester. Med unntak av varehandelen er alle desse sterkt kjønnsdelte. Menn dominerer i bygg og anlegg, industri og tekniske yrke, mens kvinner er sterkt overrepresenterte i undervisning og helse. Særleg innanfor helse- og sosialtenestene, som er den største næringa i Noreg, er kvinner i stort fleirtal; her er 8 av 10 tilsette kvinner. Den sterke kvinnedominansen i denne sektoren bidreg vesentleg til den samla kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden (NOU 2024: 8).
Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden påverkar gutar og menn på fleire måtar. For det første kan det avgrense opplevinga til den enkelte av kva utdannings- og yrkesval som er reelt tilgjengelege. Når eit yrke er dominerte av eitt kjønn, kan terskelen for å velje utradisjonelt vere høg, særleg i ungdomsåra når normer og forventingar frå omgivnadene ofte har mykje å seie. Det kan føre til at tradisjonelle førestillingar om kva yrke som passar for kvinner og menn, kan leggje føringar for kva utdanning gutar og jenter vel. For det andre har kjønnsdelinga konsekvensar for kva tenester befolkninga møter, og for kva rollemodellar som er tilgjengelege under oppveksten til barn og unge.
Det er teikn til endring i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, men utviklinga har i hovudsak skjedd ved at kvinner har gått inn i tidlegare mannsdominerte yrke. Menn har i langt mindre grad søkt seg til kvinnedominerte utdanningar og yrke. Skal ein få fleire menn eller kvinner inn på studium der det er ujamn kjønnsbalanse, må det vere fleire av det underrepresenterte kjønnet som faktisk søkjer seg til desse utdanningane. Den høge terskelen for menn til å velje desse utdanningane og yrka er særleg sentral om ein vil prøve å forstå kvifor kjønnsdelinga endrar seg så sakte.
Boks 5.5 Kvifor vel gutar og jenter ulikt?
Utdanningsval blir påverka av ei rekkje faktorar, og det er inga enkel forklaring på kvifor gutar og jenter ofte vel ulike utdanningar. Mannsutvalet viser til forsking som peika på betydinga av mellom anna interesser, skuleprestasjonar, sosial og etnisk bakgrunn, kjønnsstereotypiar og fråfall og gjennomføring i utdanningsløpet (NOU 2024: 8).
Familie, venner og andre rollemodellar speler òg ei viktig rolle. Kva utdanningar og yrke ungdom møter i omgivnadene sine, kan påverke kva moglegheiter dei oppfattar som aktuelle. Til dømes kan gutar som kjenner menn som arbeider i omsorgsyrke, lettare sjå for seg ein slik yrkesveg sjølve (Vestøl, 2020).
Når enkelte utdanningar og yrke er sterkt knytte til eitt kjønn, kan terskelen for å velje utradisjonelt opplevast som høg. Det kan avgrense moglegheita til å velje utdanning og yrke ut frå eigne interesser og talent og bidra til å halde oppe tradisjonelle førestillingar om kva yrke som passar for kvinner og menn.
Strukturane og rammevilkåra i arbeidslivet påverkar òg utdanningsvala. Lønn, arbeidsvilkår, status og karrieremoglegheiter har noko å seie for kor attraktive ulike utdanningar og yrke verkar. Mannsutvalet peikar på at fleire tradisjonelt mannsdominerte yrke har vore knytte til høgare lønn og status enn kvinnedominerte yrke (NOU 2024: 8). Det kan ha bidrege til å gjere slike yrke attraktive også for kvinner, mens menn i mindre grad har hatt tilsvarande insentiv til å søkje seg til kvinnedominerte yrke.
5.5.1 Kjønnsdeling i vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning
I den vidaregåande opplæringa vel gutar oftare yrkesfaglege utdanningsprogram enn jenter. I skuleåret 2024–2025 valde om lag 60 prosent av gutane som begynte på vg1, eit yrkesfagleg utdanningsprogram (Utdanningsdirektoratet, 2026e). Det er i hovudsak på dei yrkesfaglege programma at kjønnsdelinga er svært skeiv, mens det er betre kjønnsbalanse på dei studieførebuande programma.
På helse- og oppvekstfag har andelen gutar falle dei siste åra. Dette er programmet med nest lågast andel gutar. I 2019–2020 var 21 prosent av elevane på helse- og oppvekstfag gutar, mens det i skuleåret 2024–2025 berre var 15 prosent.
Figur 5.2 Andel jenter og gutar på vg1 etter utdanningsprogram, 2024–2025
Kjelde: (Utdanningsdirektoratet, 2026e).
Også i høgare yrkesfagleg utdanning er utdanningsvala sterkt kjønnsdelte. Dette er praksisnære og korte utdanningar på nivået over vidaregåande opplæring som skal svare på behovet i arbeidslivet. Talet på studentar har meir enn dobla seg sidan 2017, og det er i dag omtrent like mange menn som kvinner som tek høgare yrkesfagleg utdanning. Utdanningsvalet til studentane gjenspeglar i stor grad dei same kjønnsdelte mønstera som i vidaregåande opplæring. Kvinner dominerer innanfor helse- og velferdsfag; her er 86 prosent av studentane kvinner. Menn dominerer innanfor tekniske fag og samferdsel, der høvesvis 88 og 89 prosent av studentane er menn. Dei kjønnsdelte vala ser ut til å påverke både karriereutvikling og inntekt, men det er meir å hente lønns- og karrieremessig for mennene enn for kvinnene som tek fagskuleutdanning.
I Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid: med høyere yrkesfaglig utdanning foreslår regjeringa å greie ut det juridiske handlingsrommet for å innføre kvotar i samband med opptak til høgare yrkesfagleg utdanning. Eit tiltak i meldinga er å vurdere å endre regelverket, slik at ein i større grad kan gi søkjarar med ulike bakgrunnar opptak til fagskuleutdanning. Kunnskapsdepartementet vil i oppfølginga av dette tiltaket også vurdere om det kan ha ein effekt på kjønnssamansetninga i høgare yrkesfagleg utdanning (Meld. St. 11 (2024–2025), ss. 84–85).
Dei kjønnsdelte mønstera blir vidareførte i høgare utdanning òg. Det er fleire menn innanfor teknologiske fag, IKT og idrett, mens kvinner er i fleirtal på helse- og sosialfag, i visse lærarutdanningar, på språkstudium og i rettsvitskap. Berre nokre få fagområde, som økonomi og administrasjon og primærnæringsfag, har ei relativt jamn kjønnsfordeling.
Over tid har det skjedd endringar i kjønnsfordelinga på fleire fagområde innanfor høgare utdanning. Tidlegare mannsdominerte fag som juss, medisin og psykologi er no kvinnedominerte, mens økonomiske og administrative fag har fått ei jamnare fordeling. Kvinner har i større grad valt å gå inn i fagområde som tradisjonelt har vore mannsdominerte, mens menn i mindre grad har valt kvinnedominerte fag.
Ei kunnskapsoppsummering frå 2019 viser at sjølv om gutar i gjennomsnitt gjer det betre enn jenter i tekniske og numeriske fag enn i teoretiske fag og språkfag, så vel gutar og jenter med dei same akademiske styrkane framleis ikkje likt. Spesielt har jenter ein tendens til å velje bort tekniske karrierar, sjølv når dei gjer det betre i tekniske og numeriske fag enn i teoretiske fag og språkfag (Reisel, Skorge & Uvaag, 2019).
5.5.1.1 Færre menn enn kvinner tek høgare utdanning
I dag har fleire kvinner enn menn fullført ei grad i høgare utdanning. Fleirtalet av kvinner i aldersgruppa 25–66 år har høgare utdanning, mens fleirtalet av menn i same aldersgruppe har vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning (Bufdir, 2026). Andelen kvinner i alderen 25–66 år med høgare utdanning steig frå 12 prosent i 1980 til 52 prosent i 2022. For menn har andelen stige frå 16,7 prosent til 36,9 prosent i den same perioden (Bufdir, 2026).
Kjønnsforskjellen knytt til kven som tek høgare utdanning, heng delvis saman med kjønnsdelte utdanningsval og det kjønnsdelte arbeidslivet. Fleire av dei største kvinnedominerte yrka, som sjukepleie, krev høgare utdanning. Samtidig er det mange menn som jobbar i yrke som i større grad rekrutterer frå yrkesfaglege utdanningar. Dette er òg utdanningar som kan gi gode lønns- og karrieremoglegheiter. Det illustrerer at kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden ikkje berre handlar om utdanningsnivå, men òg om kva utdanningar og yrke kvinner og menn vel, og korleis dei blir verdsette i arbeidslivet.
At færre menn enn kvinner tek høgare utdanning, er ikkje unikt for Noreg. Det same gjeld i dei fleste OECD-land, men kjønnsforskjellane er endå større i Noreg. Island er det einaste landet i OECD der forskjellen mellom kjønna er større enn i Noreg.
Gutar med innvandrarbakgrunn vel i mindre grad enn andre høgare utdanning, mens norskfødde gutar med innvandrarforeldre i større grad vel høgare utdanning enn andre – eit mønster som også gjeld for jenter.
Når det gjeld personar med funksjonsnedsetjing, er det ein større andel kvinner med funksjonsnedsetjing enn menn med funksjonsnedsetjing som har gjennomført minst eitt år med høgare utdanning: 42 prosent kvinner mot 33 prosent menn i 2022 (Fredborg, 2024).
5.5.2 Få menn i viktige velferdstenester
Menn er i klart mindretal i sentrale velferdstenester som barnehage, skule og helse- og omsorgstenester. Det er ein konsekvens av dei kjønnsdelte utdannings- og yrkesvala som pregar arbeidsmarknaden, jf. ovanfor. Den skeive kjønnsfordelinga inneber til dømes at mange barn går gjennom barnehageåra med få mannlege rollemodellar, og gutar og menn møter sjeldnare fagpersonar av eige kjønn i helse- og velferdstenester. Høvet pasientar har til å møte personell av same kjønn, kan vere særleg viktig i situasjonar som blir opplevde som personlege eller sensitive. Kjønnsbalansen kan òg vere viktig for arbeidsmiljøet og for korleis arbeidsoppgåver blir fordelte, utvikla og løyste i helse- og omsorgstenestene.
Ein jamn kjønnsbalanse i pasientretta profesjonar vil gjere det lettare for fleire å søkje hjelp. Det er særleg relevant for helsesjukepleiarar, der det i dag er stor overvekt av kvinner. Ein betre kjønnsbalanse kan bidra til større mangfald i erfaringar, perspektiv og rollemodellar og gjere tenestene meir representative for befolkninga dei skal betene.
5.5.2.1 Få mannlege tilsette i barnehagen og grunnskulen
Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2024 var 11 prosent menn, og frå 2013 til 2024 har prosentdelen menn auka med berre omtrent 0,5 prosenteiningar. Grunnbemanninga omfattar tilsette i barnehagen som jobbar direkte med heile barnegruppa. Andelen menn varierer noko etter eigarforholdet til barnehagen og mellom fylka.
Talet på personar som søkjer seg til barnehagelærarutdanninga, har gått ned dei siste åra. I 2024 var det 1985 studentar som begynte på barnehagelærarutdanning. I 2024 var det 1945 ferdiguteksaminerte barnehagelærarar, noko som svarer til ein nedgang på 295 barnehagelærarar sidan 2023. Andelen menn var 17,2 prosent i opptaket for 2024, mens andelen menn som blei uteksaminerte som barnehagelærarar same år, var 15,9 prosent.
I skuleåret 2024–2025 var 26 prosent av lærarane i grunnskulen menn. Andelen har lege mellom 25 og 26 prosent i heile perioden mellom 2013 og 2024. Denne statistikken omfattar òg tilsette som underviser utan godkjend utdanning. Omtrent like stor del av kvinnelege og mannlege lærarar er kontaktlærarar, høvesvis 58,2 og 59 prosent i 2024–2025. Det er noko forskjell mellom fylka og etter eigarforholdet til skulen.
Det er ein lågare andel menn som arbeider i skulefritidsordninga (SFO) enn som lærarar i grunnskulen. I skuleåret 2024–2025 var 22 prosent av dei tilsette i SFO menn – ein auke på 6,2 prosentpoeng frå skuleåret 2013–2014. Det er større variasjon mellom fylka i andelen menn som arbeider på SFO, samanlikna med i læraryrket. Oslo har høgast andel mannlege tilsette på SFO, med 38,4 prosent, og Møre og Romsdal har lågast andel, med 11,4 prosent.
Talet på personar som søkjer seg til grunnskulelærarutdanninga, auka i 2024 etter fleire år med nedgang. Det skjedde samtidig som regjeringa endra opptakskrava til lærarutdanninga. I 2024 var det 1 235 studentar som begynte på grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn, og 22,7 prosent av desse var menn. 990 studentar begynte på grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn, og 38,4 prosent av desse var menn. I 2024 var det 1 000 ferdiguteksaminerte grunnskulelærarar for 1.–7. trinn, og 17 prosent av dei var menn. Det var 1 205 ferdiguteksaminerte grunnskulelærarar for 5.–10. trinn, og 35,7 prosent av dei var menn.
Boks 5.6 Hvor er mine brødre
Prosjektet Hvor er mine brødre er eit døme på lokalt samarbeid for å rekruttere fleire til lærarutdanninga og pedagogiske yrke. Målet er å motivere menn med fleirkulturell bakgrunn til å bli lærarar i barnehage og skule, og dessutan barnevernspedagogar, med særleg fokus på rekruttering i Oslo aust. Prosjektet arrangerer møte der elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen får møte rollemodellar som deler erfaringar med fråfall og utanforskap og fortel om eigne utdannings- og yrkesval. I tillegg held Hvor er mine brødre presentasjonar og fagseminar for utdanningsinstitusjonar, legg til rette praksisplassar og driv nettverksgrupper med sosiale og faglege aktivitetar i aktuelle bydelar. Ambisjonen er å auke mangfaldet blant pedagogar og lærarar, slik at skulen og barnehagen betre speglar samfunnet. Dette kan bidra til å byggje tillit og styrkje relasjonane mellom barn, foreldre og sentrale aktørar i utdannings- og barnevernsfeltet.
5.5.2.2 Få mannlege tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene
17,1 prosent av dei med helse- og sosialfagleg utdanning som var sysselsette i helse- og sosialtenestene ved utgangen av 2025, var menn (SSB, 2026e).
I dei kommunale helse- og omsorgstenestene har andelen menn auka noko i perioden 2016–2020, men menn utgjorde framleis berre 15,2 prosent av dei sysselsette i 2020. I 2024 var om lag 18 prosent av dei sysselsette i helsetenestene, inkludert pleie- og omsorgstenester i institusjon, menn. I dei kommunale helse- og omsorgstenestene var andelen 17 prosent (SSB, 2026f).
I den vidaregåande skulen er det ei overvekt av jenter (86,7 prosent i 2025) som søkjer seg til helse- og oppvekstfag (Utdanningsdirektoratet, 2026f). Det same kjønnsdelte mønsteret ser vi i helse- og sosialfagutdanningar i fagskulesektoren, (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, 2026), og dessutan i høgare utdanning, der andelen kvinner i helse-, sosial- og idrettsfag er 79 prosent (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, 2024a).
Boks 5.7 Menn i helse
Menn i helse er eit rekrutteringstiltak som har som formål å auke andelen menn i helse- og omsorgstenestene gjennom eit tilrettelagt og komprimert utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. Tiltaket rettar seg mot arbeidssøkjande menn i alderen 25 til 55 år og kombinerer opplæring med praksis i tenestene. Ordninga bidreg ikkje berre til å styrkje rekrutteringa til ein sektor med stort behov for arbeidskraft, men òg til auka mangfald blant dei tilsette. Samtidig gir tiltaket fleire menn høve til å få ei varig tilknyting til arbeidslivet, noko som kan ha positive ringverknader både for den enkelte og for samfunnet, mellom anna gjennom betre psykisk helse og auka deltaking.
I Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040 foreslår regjeringa å føre vidare og utvide rekrutteringstiltaket Menn i helse for å rekruttere menn til dei kommunale helse- og omsorgstenestene og bidra til å jamne ut kjønnsbalansen i ein sektor med svært høg kvinneandel.
5.6 Tiltak for færre kjønnsdelte utdanningsval og ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad
Tiltak for betre kjønnsbalanse i arbeidslivet må sjåast i samanheng med tiltak for betre kjønnsbalanse i utdanningane. Det er først og fremst utdanningsvala til dei unge som bidreg til at arbeidslivet er kjønnsdelt, men forhold i arbeidslivet og dei unge si oppfatning av yrke, vurdering av eigne ferdigheiter og interesser påverkar òg utdanningsvala (Myklebust et al., 2019).
For at ungdom skal kunne ta utdannings- og yrkesval uavhengig av kjønn og kjønnsnormer, er det viktig at dei har grunnleggjande ferdigheiter som gir dei reelle valmoglegheiter. Svake grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning kan gjere det vanskelegare å gjennomføre utdanning og få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Den negative utviklinga i læringsresultata og talet på elevar som er på dei lågaste meistringsnivåa i lesing og matematikk, skal snu. Regjeringa sitt mål om ein meir praktisk skule vil samtidig kunne bidra til at fleire unge kan få teste ulike interesser og moglegheiter på tvers av kjønn i løpet av skulegangen. Det kan få konsekvensar også for val av høgare utdanning. Les meir om dette i kapittel 4.
Kjønnsdelte utdanningsval og ein kjønnsdelt arbeidsmarknad er ei samansett utfordring som krev innsats frå fleire sektorar og på fleire politikkområde. Regjeringa følgjer opp problemstillinga til dømes i arbeidet med rekruttering til helse- og omsorgssektoren. Her er det sett i verk målretta tiltak for å betre kjønnsbalansen. Ein prøver mellom anna å rekruttere fleire menn til helse- og omsorgsyrke, og ein arbeider systematisk for å få til ei jamnare kjønnsfordeling blant dei tilsette.
Det finst fleire døme på ulike bransjespesifikke og lokale rekrutterings- og rollemodellprosjekt som har som formål å bidra til betre kjønnsbalanse i ulike utdanningar, sektorar og næringar, til dømes Hvor er mine brødre, Gutter og helsefag og Menn i helse, jf. tekstboksar tidlegare i kapittel 5.
Regjeringa viser til følgjande døme på innsats:
-
god karriererettleiing
-
nasjonalt senter for yrkesfag
-
meir kunnskap om og erfaring med arbeidslivet
-
miljø med kompetanse på kjønnsdelte utdanningsval
-
innføring av kjønnskvotar i opptak til høgare utdanning
Boks 5.8 Indikatorar for å følgje utviklinga
Sentrale mål i regjeringsstrategien for eit likestilt samfunn 2025–2030 er mindre kjønnsdelte utdanningsval og eit meir likestilt arbeidsliv. Strategien gir ei samla oversikt over innsatsen til regjeringa på området og understrekar kor viktig det er med koordinert innsats på tvers av sektorar. I samband med strategien er det utarbeidd indikatorar som gjer det enkelt å følgje utviklinga i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Her er nokre relevante indikatorar som blir jamleg oppdaterte:
-
søkjar- og elevtalet til yrkesfag med gute- eller jentedominans
-
gjennomstrøyminga i den vidaregåande opplæringa
-
andelen menn i kvinnedominerte yrke
5.6.1 God karriererettleiing
God karriererettleiing kan hindre at unge avbryt utdanninga og hamnar utanfor utdanning og arbeid, eller at dei må begynne på eit nytt utdanningsløp og dermed «rykkjer tilbake til start». Slik rettleiing gjer den enkelte betre rusta til å ta bevisste utdannings-, yrkes- og karriereval. Det er òg viktig med tanke på utfordringane i samfunnet, for i dag blir ikkje den samla kompetansen i befolkninga godt nok utnytta, og kompetansen til den enkelte samsvarer ikkje godt nok med behovet i arbeidslivet. Karriererettleiing som er bevisst på at kjønn og kjønnsstereotypiar har noko å seie for utdanningsval, kan bidra til at unge kan ta betre informerte val, uavhengig av kjønn (Jensen & Aspøy, 2024; Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, 2024b).
Den nasjonale karriererettleiaren karriereveiledning.no gir elevar rettleiing gjennom chat og e-post, og på utdanning.no finn dei informasjon om svært mange utdanningar og yrke. I tillegg har kommunane og fylkeskommunane plikt til å tilby utdannings- og yrkesrådgiving til elevar og lærlingar.
For å styrkje karriererettleiinga i skulen er det ei tilskotsordning på 15 millionar kroner til fylkeskommunane for å prøve ut ulike modellar for samarbeid mellom karrieresentera og skulane, både ungdomsskular og vidaregåande skular. Det kan òg inkludere utforsking av korleis arbeidslivet og andre eksterne aktørar kan vere ein ressurs i karriererettleiinga.
På nettstaden Kvalitetslaboratoriet har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse samla ressursar og verktøy med støtte i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriereveiledning. Ein av desse ressursane er rettleiingsrommet, som består av ei rekkje filmar med refleksjonsoppgåver som gir karriererettleiarar høve til å reflektere rundt rettleiing. I 2026 blei det lansert to casar som tek opp kjønnsdelte utdanningsval, for å gjere karriererettleiarar bevisste på korleis kjønn og kjønnsstereotypiar påverkar utdanningsval.
5.6.2 Nasjonalt senter for yrkesfag
Regjeringa har etablert eit nasjonalt senter for yrkesfag for å styrkje kvalitets- og utviklingsarbeidet i fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet og for å få fleire til å gjennomføre ei yrkesfagleg utdanning. Senteret skal òg bidra til betre kjønnsbalanse i yrkesfaga.
5.6.3 Meir kunnskap om og erfaring med arbeidslivet
Erfaring med og kunnskap om arbeidslivet og ulike utdanningsmoglegheiter kan ha mykje å seie for utdannings- og yrkesval, også når det gjeld å velje uavhengig av kjønn.
I Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole la regjeringa opp til å gi elevane meir praktisk arbeidslivsopplæring. Frå skuleåret 2026–2027 er det obligatorisk for skulane å tilby arbeidslivsfaget på ungdomstrinnet som eit alternativ til framandspråk. Tiltaket skal mellom anna førebu elevane til å velje utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa og gjere dei meir kjende med kva moglegheiter dei har innanfor både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram (Meld. St. 34 (2023–2024)).
Boks 5.9 Gutter og helsefag
Universitetet i Tromsø (UiT) har sidan 2023 leidd prosjektet Gutter og helsefag, som skal bidra til at fleire unge, særleg gutar, blir kjende med moglegheitene innanfor helsefaglege utdanningar og yrke. Gjennom informasjonstiltak, skulebesøk og bruk av mannlege rollemodellar skal prosjektet gi elevar, lærarar og rådgivarar eit meir nyansert bilete av arbeid i helsesektoren. Prosjektet har utvikla seg frå ei regional satsing i Nord-Noreg til eit nasjonalt samarbeid som no omfattar fleire universitet og høgskular. Sidan oppstarten har prosjektet nådd om lag 5400 elevar gjennom rollemodellbesøk og 1900 elevar gjennom undervisningsopplegg i faget utdanningsval.
I budsjettforslaget for 2027 foreslår regjeringa å styrkje prosjektet og leggje til rette for at prosjektet kan utviklast til ei nasjonal satsing.
5.6.4 Miljø med kompetanse på kjønnsdelte utdanningsval
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) bidreg til å koordinere arbeidet med kjønnsdelte utdanningsval gjennom kontakt med andre direktorat, som Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. I tillegg har Bufdir oppretta eit nettverk for kjønnsbalanse i utdanning der fleire tiltak er med, til dømes det nasjonale prosjektet for lærarrekruttering. Formålet med nettverket er å styrkje kvart enkelt prosjekt gjennom kunnskaps- og erfaringsdeling. Nettverket ser òg på koordinering og synergiar mellom tiltaka.
Bufdir og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har samarbeidd om å utvikle ressursar til karriererettleiarar om korleis kjønn påverkar utdanningsval og i rettleiing om utdanningsval til elevane. Tiltaka er knytte til utdanningssektoren, men målet er at dei skal bidra til at unge tek meir informerte val utan å bli avgrensa av kjønnsstereotypiske oppfatningar av arbeidslivet og kva ein sjølv passar til, og dermed også til at kjønnsbalansen blir betre i arbeidslivet.
Komité for kjønnsbalanse og mangfald (Kif-komiteen) har sidan 2004 arbeidd for å fremje likestilling mellom kvinner og menn ved universitet, høgskular og forskingsinstitutt. I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet varsla regjeringa at Kif-komiteen òg skal arbeide for å styrkje kjønnsbalansen i høgare utdanning. Dette er følgt opp med ei utviding av mandatet frå og med funksjonsperioden 2026–2029. Til det utvida mandatet ligg at komiteen skal bidra til bevisstgjering omkring problemstillingar knytte til mangfald, inkludering og trakassering i høgare utdanning. Vidare skal komiteen bidra til auka kunnskap om korleis kjønn, sosial bakgrunn og etnisk bakgrunn påverkar mangfald og kjønnsdeling i utdanningsval.
Boks 5.10 Aktivitets- og forklaringsplikta som eit nyttig verktøy for å vurdere barrierar for kjønnsbalanse på arbeidsplassen
Tiltak retta mot utdanningsvalet til unge må sjåast i samanheng med arbeidsgivarane sine plikter og moglegheiter til å rekruttere og vareta eit mangfald av arbeidstakarar, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 om arbeidsgivarars aktivitets- og forklaringsplikt. I samsvar med lova skal arbeidsgivarar jobbe aktivt for å fremje likestilling og hindre diskriminering i verksemda si. Det inkluderer å kartleggje kva likestillingsutfordringar dei har i verksemda, og analysere moglege årsaker til desse. Basert på analysen skal dei setje i verk tiltak som skal bidra til å fremje likestilling eller hindre diskriminering.
Aktivitets- og forklaringsplikta kan vere eit nyttig verktøy for å undersøkje og vurdere barrierar for kjønnsbalanse i verksemda og for å vurdere kva tiltak som kan vere nyttige for betre kjønnsbalanse.
5.6.5 Frå kjønnspoeng til kjønnskvotar
Kjønnsubalansen i høgare utdanning kjem i hovudsak av at det er fleire kvinner enn menn som søkjer opptak til studium ved universitet og høgskular. I tillegg søkjer kvinner og menn seg til ulike utdanningar, slik at enkelte utdanningar får ein klar overrepresentasjon av menn, mens det på andre studium er ein klar overrepresentasjon av kvinner (Bufdir, 2026).
Denne søkjaråtferda blir ikkje løyst av verken poeng eller kvotar, men det kan bøte noko på store ulikskapar der det finst søkjarar av begge kjønn. Regjeringa håper at betre kjønnsbalanse i til dømes helsefaga over tid vil motivere fleire menn til å søkje seg til slike utdanningar.
I 2025 la regjeringa fram ei ny forskrift for opptak til høgare utdanning som vil tre i kraft 1. januar 2027. Den nye forskrifta inneheld fleire store endringar for opptak til høgare utdanning. Dei største endringane vil ikkje gjelde før studieåret 2028–2029.
Regjeringa fjernar dei fleste av dagens tilleggspoeng. Poenga for realfag og verneplikt blir behaldne, men dei blir halverte. Poeng for det underrepresenterte kjønnet (kjønnspoeng) blir erstatta med kvotar som skal sikre ein viss andel studentar av begge kjønn. Universitet og høgskular kan, som før, søkje Kunnskapsdepartementet om å nytte kvotar på studium med stor kjønnsubalanse. Kvotane blir først fylte opp med søkjarar frå det underrepresenterte kjønnet før alle konkurrerer om dei resterande studieplassane på like vilkår. Slik sørgjer ein for at ein viss andel personar av kvart kjønn kjem inn på studiet, dersom det er søkjarar av begge kjønn.
Dagens opptaksforskrift opnar for å tildele inntil to tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønnet på eit gitt studium. Sidan karakterpoengsummen blant søkjarar varierer, er det vanskeleg å seie på førehand korleis tilleggspoenga vil slå ut. Ved å gå over til kvotar fjernar ein denne uvissa. For opptaket til høgare utdanning i 2027 har ni universitet søkt Kunnskapsdepartementet om å nytte kjønnskvotar på til saman 19 studium der menn er underrepresenterte. Søknadene blir no vurderte av departementet. Kunnskapsdepartementet har ikkje motteke søknader om kjønnskvotar til studium der kvinner er i mindretal.
Endringane er i tråd med NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler og Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning med forslag til nye opptaksreglar (NOU 2022: 17; Meld. St. 20 (2024–2025)).
Den nye opptaksforskrifta opnar òg for at universitet og høgskular kan ta i bruk tre ulike modellar av rangerande opptaksprøver utan å måtte søkje Kunnskapsdepartementet.
Modellane har ulike formål og vil mellom anna kunne bidra til at også søkjarar utan dei høgaste karaktergjennomsnitta kan få ein studieplass. Slike rangerande opptaksprøver kan, slik regjeringa ser det, vere eigna til å hjelpe på kjønnsubalansen ved studium med spesielt høg konkurranse.
-
Modell 1 inneber at inntil 20 prosent av plassane blir fordelte basert på rangering frå opptaksprøve.
-
Modell 2 inneber at opptaksprøve kan brukast som rangeringsgrunnlag for søkjarar som har over 55 skulepoeng.
-
Modell 3 inneber at opptaksprøve kan brukast som rangeringsgrunnlag i kombinasjon med poeng, under føresetnad av at poenga veg tyngst.
Fotnotar
Les meir om aktivitets- og forklaringsplikta i kapittel 2.