2 Menn har eit sterkt diskrimineringsvern

Figur 2.1 

Figur 2.1

Kjelde: Anagram design.

Menn har eit sterkt rettsleg vern mot kjønnsdiskriminering i lovverket. Diskriminering av ein person fordi vedkommande er mann, er ulovleg. Kvinner har eit tilsvarande vern som menn mot kjønnsdiskriminering.

Mannsutvalet har sett spørsmålet om ei kjønnsnøytral formålsføresegn i likestillings- og diskrimineringslova på dagsordenen, og det har fått mykje merksemd i den offentlege debatten om menns likestilling. Utvalet meiner at det er eit prinsipielt problem at eitt kjønn er prioritert særskilt i formålsføresegna i lova, og at det ikkje lenger er openbert at det er kvinner som gruppe som er mest utsett for diskriminering. Mannsutvalet uttaler at dei ikkje har hatt høve til å gjennomføre ei juridisk vurdering av dette spørsmålet, men viser til at den tilsvarande lovgivinga i Sverige og Danmark er kjønnsnøytral.

Regjeringa meiner at det er gode grunnar til å behalde formålsføresegna slik ho er i dag. Samtidig kan eit alternativ vere å greie ut ei revidering av heile formålsføresegna. Då kan ein opne for ein ny inngang til problemstillinga. Til dømes at lova skal bidra til å ta vare på verdiar som fridom, deltaking, tryggleik, inkludering, mangfald, eller at lova skal fremje like rettar for alle. Dette vil eventuelt opne for ei kjønnsnøytral formålsføresegn, som ikkje særskilt fremhevar eitt kjønn framfor eit anna.

Boks 2.1 Kva er formålsføresegna i likestillings- og diskrimineringslova?

Formålsføresegna i likestillings- og diskrimineringslova § 1 består av tre ledd.

Første ledd fastset at formålet med lova er å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunn av dei diskrimineringsgrunnlaga som lova vernar, som mellom anna er kjønn. Andre ledd definerer likestilling, mens tredje ledd lyder slik: «Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling. Loven skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer, og hindre at nye skapes.»

Formålsføresegna uttrykkjer det overordna målet og dei overordna omsyna med lova, men etablerer ikkje rettar eller plikter for verken styresmakter eller enkeltpersonar (Prop. 81 L (2016–2017), s. 310). Formålsføresegna har ikkje eit sjølvstendig materielt innhald. Det er med andre ord ikkje formålsføresegna som fastset kva rettar kvinner eller menn har etter lova. At menn er verna mot diskriminering på grunn av kjønn, følgjer av forbodet mot diskriminering i § 6, ikkje av formålsføresegna i § 1. Den rettslege betydinga av formålsføresegna er slik sett avgrensa.

Sjølv om formålsføresegna ikkje har eit sjølvstendig materielt innhald, kan ho ha noko å seie når lova skal tolkast, ved at dei andre føresegnene i lova må forståast og brukast i lys av formålet som kjem til uttrykk i § 1. Når det gjeld føresegna om positiv særbehandling av menn, er forarbeida til lova heilt klare på at formålsføresegna ikkje er til hinder for slik særbehandling (Prop. 81 L (2016–2017), s. 176). Formålsføresegna har vidare ein viktig symbolfunksjon.

2.1 Regjeringa meiner det er gode grunnar til å oppretthalde formålsføresegna i likestillings- og diskrimineringslova

Kvinner og menn har allereie eit likt vern mot diskriminering etter lovgivinga, og ei endring av formålsføresegna vil ikkje endre det materielle innhaldet i vernet.

Regjeringa meiner at å fjerne tilvisinga til kvinner frå formålsføresegna kan gi inntrykk av at ein har komme lenger i arbeidet med kvinners likestilling enn det ein faktisk har. At lova særleg tek sikte på å betre kvinners stilling, må forståast i lys av den historiske bakgrunnen for vernet mot diskriminering. Vernet har vakse fram for å motverke usakleg forskjellsbehandling av menneske som gjennomgåande har vore særleg utsette for diskriminering, som kvinner, etniske minoritetar, homofile og personar med funksjonsnedsetjingar. Framhevinga av kvinner og minoritetar i formålsføresegna reflekterer dette. Det betyr likevel ikkje at kvinner har eit sterkare diskrimineringsvern enn menn.

Ei kjønnsnøytral formålsføresegn vil kunne sende eit signal om at vi har nådd målet om likestilling. Det har vi ikkje, etter regjeringas syn. Eit slikt signal kan vere eit hinder i arbeidet mot diskriminering og for likestilling. Likestillingsarbeidet handlar ikkje berre om likebehandling, men òg om å motverke systematiske og strukturelle forskjellar mellom kjønna. Det er desse vedvarande ulikskapane som grunngir den særskilde omtalen av stillinga til kvinner i formålsføresegna.

Regjeringa synest at ei formålsføresegn som særleg framhevar kvinners stilling, vil vere mest i tråd med tilrådingane frå kvinnekomiteen til FN. Komiteen har ved fleire høve, og seinast i merknadene sine til Noregs landsrapport i 2023 oppfordra Noreg til å ha ei meir kjønnsspesifikk tilnærming til lovgiving, politikk og programutvikling (CEDAW, 2023, paragraf 15). Regjeringa oppfattar likevel ikkje at det følgjer av forpliktingane våre etter kvinnekonvensjonen at vi må unngå ei kjønnsnøytral formålsføresegn. Det ligg innanfor handlingsrommet til statane at ein sjølv kan vurdere korleis lovgivinga, også formålsføresegna, skal utformast for å oppfylle forpliktingane etter konvensjonen.

Regjeringa er oppteken av at kvinners rettar er under press i fleire delar av verda, og frykter at ei endring av formålsføresegna kan bli oppfatta som ei nedtoning av omsynet til kvinners likestilling og rettar. Sjølv om intensjonen med ei endring ville vere å tydeleggjere vernet mot diskriminering for gutar og menn, risikerer ein at endringa nasjonalt og internasjonalt blir tolka som ei nedprioritering av vernet for kvinner og jenter. I ein situasjon der rettane til kvinner og jenter blir utfordra, meiner regjeringa at ein bør vere varsam med endringar som kan takast til inntekt for ei forståing av at likestilling for kvinner og jenter står i motsetnad til omsynet til gutar og menn.

2.1.1 Kjønnsnøytral formålsføresegn er ikkje eit nytt forslag

Formuleringa om at lova særleg tek sikte på å betre kvinners stilling, har bakgrunn i likestillingslova frå 1978. Sidan den gongen har spørsmålet om ei kjønnsnøytral formålsføresegn vore vurdert fleire gonger. I 2009 foreslo Diskrimineringslovutvalet at formålsføresegna skulle vere kjønnsnøytral, som ein del av forslaget frå utvalet om å samle vernet mot diskriminering i éi lov (NOU 2009: 14, ss. 103–105). Utvalet grunngav dette med at lova skulle omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag, og at desse burde sidestillast. Likestillingslova 2013 § 1 andre ledd vidareførte likevel tillegget frå 1978-lova om at lova særleg skulle ta sikte på å betre stillinga til kvinner.

I høyringa av ny felles likestillings- og diskrimineringslov i 2015 foreslo det dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet ei kjønnsnøytral formålsføresegn ved å ikkje føre vidare formuleringa «særlig tar sikte på å bedre kvinners stilling». Departementet viste til at ei samla lov skulle gi eit meir heilskapleg og likeverdig vern mot diskriminering, og at det derfor var lite naturleg å framheve eitt diskrimineringsgrunnlag særskilt i føresegna.

Forslaget til ny formålsføresegn møtte motstand i den offentlege høyringa. På bakgrunn av høyringsinnspela endra departementet standpunkt og foreslo å føre vidare formuleringa om at lova særleg tek sikte på å betre kvinners stilling (Prop. 81 L (2016–2017), s. 58). Departementet viste til at kvinner framleis er dårlegare stilte enn menn på dei fleste samfunnsområde, og slutta seg til synet til høyringsinstansane som sa at det er viktig å signalisere at kvinners rettar og likestilling mellom kvinner og menn er ein grunnleggjande verdi i samfunnet. Det blei òg uttrykt bekymring for at ein ved ei kjønnsnøytral formålsføresegn kan risikere å ikkje oppdage kvinnediskriminerande barrierar og indirekte forskjellsbehandling av kvinner. Dette må ein sjå i samanheng med bakgrunnen for at diskrimineringsvernet av kjønn som gruppe voks fram, nemleg at kvinner systematisk er blitt utsette for langt meir usakleg forskjellsbehandling enn menn i ein historisk kontekst.

2.1.2 Mange høyringsinstansar meiner at formålsføresegna bør behaldast

Det konkrete lovendringsforslaget til Mannsutvalet er å fjerne orda «kvinners og» frå likestillings- og diskrimineringslova § 1 tredje ledd første setning. Ved å følgje forslaget frå utvalet ville ny § 1 tredje ledd første setning vere slik: «Loven tar særlig sikte på å bedre minoriteters stilling.»

Forslaget frå Mannsutvalet byggjer i stor grad på dei same argumenta som tidlegare har vore fremja. Utvalet meiner at det er prinsipielt uheldig at eitt kjønn blir framheva særskilt i formålsføresegna i lova, og peikar på at ei kjønnsnøytral formulering i større grad kan signalisere at også menn kan vere utsette for diskriminering og ha behov for likestillingspolitiske tiltak.

Forslaget møtte motstand i høyringa som blei gjennomført i 2024. Av 97 høyringsinstansar til Mannsutvalet si utgreiing har 33 uttalt seg om formålsføresegna. Fem instansar uttrykkjer støtte til forslaget, fem tek ikkje eksplisitt stilling, mens 23 uttrykkjer usemje.

Høyringa viser at det er brei semje om at gutar og menns likestillingsutfordringar må takast på alvor. Usemja gjeld først og fremst om dette krev ei endring av formålsføresegna i lova. Fleirtalet av høyringsinstansane meiner at kvinners vedvarande strukturelle utfordringar, signaleffekten av lovføresegna og Noregs internasjonale forpliktingar taler for å behalde dagens formulering. Eit mindretal meiner at ei kjønnsnøytral føresegn betre vil uttrykkje at likestillingsarbeidet omfattar begge kjønn, og at det vil styrkje legitimiteten i lova blant gutar og menn.

Fleire av innvendingane som er fremja i høyringa av forslaget frå Mannsutvalet, er samanfallande med argumenta frå høyringa i 2015. Enkelte høyringsinstansar har òg spurt om forslaget er godt nok utgreidd.

Det blir peika på at kvinner framleis kjem dårlegare ut enn menn på fleire samfunnsområde. Til dømes argumenterer fleire med at kvinner framleis har lågare inntekt i gjennomsnitt enn menn, og kvinner er dårlegare representerte enn menn på toppen av næringslivet. Omfanget av valdtekt, alvorleg partnarvald og vald i nære relasjonar har auka. Kvinner er særleg utsette for seksuell vald, alvorleg partnarvald og partnardrap. Det blir peikt på at kvinner i større grad enn menn opplever seksuell trakassering. Det blir òg argumentert for at ei nøytral formålsføresegn vil bidra til å styrkje ei feilaktig oppfatning av at vi er i mål når det gjeld kvinners likestilling.

Enkelte høyringsinstansar set spørsmålsteikn ved om det er formålstenleg å ha ei formålsføresegn dersom ein ikkje trekkjer fram grupper som har eit særleg behov for diskrimineringsvern. Andre høyringsinstansar ønskjer heller å trekkje ordet «menn» inn i formålsføresegna. Likestillings- og diskrimineringsombodet støttar i høyringssvaret sitt ikkje forslaget frå utvalet om å fjerne «kvinners og» frå formålsføresegna. Ombodet er likevel einig med utvalet i at formålsføresegna bør synleggjere at likestillingsutfordringar òg kan ramme menn. Slik ombodet ser det, bør formålsføresegna ikkje vere kjønnsnøytral, men heller framheve eit kjønnsspesifikt perspektiv. Slik lyder det konkrete forslaget ombodet har til ny ordlyd:

Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og menns stilling der det finnes ulikhet som er til hinder for likestilling og som har sammenheng med kjønn, herunder kjønn i kombinasjon med andre diskrimineringsgrunnlag.

2.2 Menns vern i lovgivinga

Menn og gutar har eit breitt rettsleg vern mot diskriminering og trakassering. Vernet er forankra på fleire nivå. Grunnlova fastset grunnleggjande prinsipp om likskap og ikkje-diskriminering. Grunnlova § 98 fastslår at alle er like for lova, og at ingen må utsetjast for usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling. Diskrimineringsforbodet følgjer òg av ei rekkje internasjonale menneskerettskonvensjonar og EØS-rettslege forpliktingar som er ein del av norsk rett. Likestillings- og diskrimineringslova gir eit omfattande vern mot diskriminering på grunn av mellom anna kjønn, og har føresegner som mellom anna pålegg offentlege styresmakter og arbeidsgivarar aktivt likestillingsarbeid. Kjernen i diskrimineringsvernet er at kvar enkelt har eit vern mot usakleg forskjellsbehandling som har samanheng med ein verna eigenskap eller eit verna kjenneteikn, til dømes kjønn, sjølv om rettskjeldene varierer noko når det gjeld korleis vernet er formulert.1

2.2.1 Likestillings- og diskrimineringslova

Likestillings- og diskrimineringslova definerer likestilling som likeverd, like moglegheiter og like rettar og legg til grunn at tilgjengelegheit og tilrettelegging er grunnleggjande føresetnader for likestilling. Lova gjeld på alle samfunnsområde og er ufråvikeleg. Rettar og plikter etter lova kan derfor ikkje fråvikast ved avtale.

Lova inneheld både føresegner som vernar den enkelte mot diskriminering og trakassering, og føresegner som pålegg offentlege styresmakter, arbeidsgivarar og arbeidslivsorganisasjonar å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Arbeidsgivarar og leiinga i organisasjonar og utdanningsinstitusjonar har òg plikt til å førebyggje og prøve å hindre trakassering, også seksuell trakassering, innanfor ansvarsområda sine. Lova inneheld òg føresegner om positiv særbehandling, kjønnsrepresentasjon, individuell tilrettelegging og universell utforming.

2.2.1.1 Forbod mot å diskriminere

Gutar og menn er omfatta av vernet mot diskriminering på grunn av kjønn, på lik linje med jenter og kvinner.

Spørsmål om gutar og menns likestilling oppstår likevel ikkje berre i saker som gjeld diskriminering på grunn av kjønn isolert sett. Gutar og menn kan òg bli diskriminerte på grunn av andre forhold som er verna etter lova, eller på grunn av ein kombinasjon av fleire diskrimineringsgrunnlag. Homofile menn er til dømes verna mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, mens transpersonar er verna gjennom diskrimineringsgrunnlaget kjønnsidentitet. Menn som har omsorgsoppgåver for nærståande, er verna mot diskriminering på grunn av omsorgsoppgåver, på lik linje med kvinner. Vidare har både kvinner og menn eit diskrimineringsvern på grunn av permisjon ved fødsel og adopsjon. Også alder, funksjonsnedsetjing, etnisitet, livssyn og religion er relevante diskrimineringsgrunnlag for gutar og menn. I nokre tilfelle kan diskrimineringa vere knytt til fleire forhold samtidig, til dømes at ein person blir forskjellsbehandla både fordi han er mann, og fordi han har ei bestemt seksuell orientering eller ein bestemt etnisk bakgrunn. Lova forbyr uttrykkjeleg slik samansett diskriminering.

For at det skal vere snakk om diskriminering, må det liggje føre direkte eller indirekte forskjellsbehandling som ikkje er tillaten etter reglane om lovleg forskjellsbehandling eller positiv særbehandling. Forskjellsbehandlinga må ha samanheng med eitt eller fleire av dei verna diskrimineringsgrunnlaga. Det må med andre ord vere ein årsakssamanheng mellom forskjellsbehandlinga og det eller dei grunnlaga lova vernar.

Direkte forskjellsbehandling ligg føre når ein person blir behandla dårlegare enn andre i ein tilsvarande situasjon på grunn av eit verna diskrimineringsgrunnlag. For gutar og menn kan dette til dømes vere tilfelle der ein person blir avvist som leigetakar fordi han er mann, eller ikkje får tilgang til ei teneste på grunn av kjønnet sitt. Indirekte forskjellsbehandling ligg føre når reglar, praksisar, vilkår, handlingar eller unnlatingar som tilsynelatande er nøytrale, i realiteten gjer at personar med eit bestemt verna kjenneteikn stiller dårlegare enn andre.

2.2.1.2 Lovleg forskjellsbehandling

Ikkje all forskjellsbehandling er diskriminering. I nokre situasjonar kan forskjellsbehandling vere nødvendig for å vareta legitime formål eller omsyn. Likestillings- og diskrimineringslova opnar derfor for at forskjellsbehandling kan vere lovleg, men berre dersom ho har eit sakleg formål, er nødvendig for å oppnå formålet og ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som blir forskjellsbehandla, jf. § 9 første ledd. Alle dei tre vilkåra må vere oppfylte. I arbeidslivet er høvet til lovleg forskjellsbehandling endå strengare, ved at eit ytterlegare vilkår om «avgjørende betydning for utøvelsen av arbeidet» må vere oppfylt for at direkte forskjellsbehandling skal reknast som forholdsmessig, jf. § 9 andre ledd.

I tillegg til den generelle tilgangen til lovleg forskjellsbehandling i § 9 har likestillings- og diskrimineringslova ei eiga føresegn om forskjellsbehandling knytt til graviditet, fødsel, amming og permisjon ved fødsel eller adopsjon i § 10. Bakgrunnen for at det er lovfesta ei eiga føresegn om desse forholda, er at ein vil gjere det tydeleg at forbodet mot slik diskriminering er svært strengt (Prop. 81 L (2016–2017), s. 150). Vernet gjeld også fedrar. Far har eit særleg sterkt vern mot forskjellsbehandling som følgje av omsorgspermisjon i samband med fødsel og ved uttak av den delen av foreldrepermisjonen som er reservert for kvar av foreldra.

For permisjonsperiodar som ikkje blir omfatta av det særskilde vernet, gjeld dei alminnelege reglane om lovleg forskjellsbehandling i § 9. Ved tilsetjing og oppseiing er forskjellsbehandling på grunn av graviditet, fødsel, amming og permisjon ved fødsel eller adopsjon uansett aldri tillate. Det gjeld òg ved forlenging av ei midlertidig stilling.

2.2.1.3 Positiv særbehandling

Positiv særbehandling er ei form for forskjellsbehandling som har til formål å fremje likestilling. Grunntanken er at eit diskrimineringsforbod åleine ikkje alltid er nok for å oppnå reell likestilling. I nokre tilfelle kan det vere nødvendig med særskilde tiltak for å avhjelpe strukturelle ulemper og barrierar. Eit døme på positiv særbehandling er at ein ved tilsetjing kan leggje vekt på kjønnet til ein søkjar dersom søkjarane elles har like gode kvalifikasjonar og vilkåra for positiv særbehandling elles er oppfylte.

For at positiv særbehandling etter likestillings- og diskrimineringslova § 11 skal vere tillate, må tre vilkår vere oppfylte. For det første må særbehandlinga vere eigna til å fremje formålet med lova, det vil seie å fremje like moglegheiter og rettar. For det andre må det vere eit rimeleg forhold mellom formålet ein ønskjer å oppnå, og kor inngripande særbehandlinga er for den eller dei som blir dårlegare stilt(e). Særbehandlinga må med andre ord vere forholdsmessig (Prop. 81 L (2016–2017), s. 318). For det tredje må særbehandlinga stanse når formålet med henne er oppnådd. Utgangspunktet er derfor at ordningar med positiv særbehandling bør vere midlertidige.

I dag gjeld tilgangen til positiv særbehandling etter likestillings- og diskrimineringslova § 11 på same måte for kvinner og menn. At lova «særlig tar sikte på å bedre kvinners […] stilling», jf. § 1 tredje ledd, står ikkje i motsetning til at det er tilgang til positiv særbehandling av menn. Det kjem fram eksplisitt av forarbeida til lova (Prop. 81 L (2016–2017), s. 310).

Tidlegare var tilgangen til å positivt særbehandle menn meir avgrensa enn tilgangen til å positivt særbehandle kvinner. Positiv særbehandling av menn var berre tillate ved tilsetjingar og opptak til utdanningar knytte til omsorg for og undervisning av barn, og dette var regulert i ei eiga forskrift. Då den nye likestillings- og diskrimineringslova tok til å gjelde i 2018, blei forskrifta oppheva. Tilgangen til å positivt særbehandle menn følgjer no av den alminnelege føresegna om positiv særbehandling, på same måte som for kvinner. Regelverket gjer det i dag mellom anna mogleg for arbeidsgivarar å leggje vekt på at ein søkjar er mann. Vilkåra for positiv særbehandling må i så fall vere oppfylte for den aktuelle stillinga. I dag er det altså ikkje berre tilsetjingar og opptak til utdanningar knytte til omsorg for og undervisning av barn som er aktuelle for bruk av positiv særbehandling til fordel for menn. I andre sektorar der menn som gruppe er underrepresenterte eller svakare stilte, kan ein nytte positiv særbehandling dersom vilkåra for dette er oppfylte.

Nokre tiltak som blir assosierte med positiv særbehandling, er regulerte andre stader i lovverket. Døme på slike føresegner er krav om kjønnsbalanse i offentlege utval, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 28, eller reglar om kjønnsrepresentasjon i selskapsstyre som følgjer av føretakslovgivinga, sjå mellom anna aksjelova § 6-11 a og allmennaksjelova § 6-11 a.

2.2.1.4 Aktivitets- og forklaringsplikta

Eit vern mot diskriminering er ein grunnleggjande føresetnad for likestilling, men er ikkje i seg sjølv nok til å motverke strukturelle og systematiske forskjellar i samfunnet. I tillegg til det individuelle diskrimineringsvernet har likestillings- og diskrimineringslova derfor føresegner som pålegg offentlege styresmakter, arbeidslivsorganisasjonar og arbeidsgivarar å arbeide førebyggjande og systematisk for likestilling. Desse pliktene kjem fram av kapittel 4 i lova om aktivt likestillingsarbeid, der aktivitets- og forklaringsplikta utgjer sentrale verkemiddel.

Aktivitets- og forklaringsplikta til offentlege styresmakter inneber at dei på alle nivå, både som styresmaktsutøvarar og tenesteytarar, skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering, jf. § 24 første ledd første punktum. At offentlege styresmakter skal arbeide «aktivt» for å fremje likestilling og hindre diskriminering, inneber mellom anna at dei må setje i verk konkrete tiltak (Prop. 63 L (2018–2019), s. 92). Lova stiller ikkje krav om at bestemte tiltak skal gjennomførast, men føreset at offentlege styresmakter vurderer kva tiltak som er relevante, på bakgrunn av ein analyse av den aktuelle situasjonen.

Aktivitetsplikta omfattar òg at ein skal arbeide for å førebyggje trakassering, inkludert seksuell trakassering, og kjønnsbasert vald og motarbeide stereotypisering, jf. § 24 første ledd andre punktum. Presiseringa gjer det tydeleg at likestillingsarbeidet òg omfattar tiltak for å motverke stereotype oppfatningar og forventingar knytte til kjønn, inkludert førestillingar som kan bidra til ulik behandling av eller avgrense moglegheitene til gutar og menn.

Offentlege styresmakter skal vidare gjere greie for kva dei gjer for å vareta omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering i arbeidet sitt. Forklaringa skal leggjast fram i årsrapporten, årsmeldinga eller eit anna offentleg tilgjengeleg dokument.

Også alle arbeidsgivarar, uavhengig av storleik, sektor og bransje, skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling, jf. § 26. Arbeidet skal mellom anna omfatte områda rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, forfremjing, utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging og moglegheit for å kombinere arbeid og familieliv. Aktivitetsplikta inneber dessutan ei plikt til å prøve å hindre trakassering, inkludert seksuell trakassering, og kjønnsbasert vald.

I tillegg er alle offentlege arbeidsgivarar og arbeidsgivarar i private verksemder av ein viss storleik pålagde å følgje ein lovfesta arbeidsmetode i likestillingsarbeidet. Arbeidsgivarar i private verksemder med meir enn 50 tilsette skal nytte ein konkret arbeidsmetode i fire trinn i arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering. Dette følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 26. Også arbeidsgivarar i private verksemder med mellom 20 og 50 tilsette blir omfatta dersom dei tillitsvalde eller eit fleirtal av dei tilsette krev det. Arbeidsgivarar som er omfatta av plikta til å følgje denne lovpålagde arbeidsmetoden, skal òg gjere greie for korleis dei arbeider for å oppfylle pliktene, jf. § 26 a. Forklaringa skal leggjast fram i årsmeldinga eller i eit anna offentleg tilgjengeleg dokument.

Fotnotar

1

Sjå mellom anna Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 14, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 2 nr. 1 og artikkel 26, FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) artikkel 2 nr. 1 og FNs konvensjon om barnets rettar artikkel 2.