8 Det viktige fellesskapet

Figur 8.1 

Figur 8.1

Kjelde: Anagram design.

Opne møteplassar, fritidsaktivitetar, idrett, frivilligheit, interesseorganisasjonar og kunst- og kulturtilbod er viktige fellesskapsarenaer som gir tilhøyrsel, vennskap, meistring og meining i kvardagen, og som bidreg til livskvalitet, inkludering og samfunnsdeltaking. For mange av utfordringane som er omtalte i denne meldinga, som psykiske og fysiske helseplager, kriminalitet og ulike former for marginalisering, er gode og trygge fellesskap ein viktig del av løysinga.

Det er ikkje alle som deltek i slike fellesskap, heller ikkje alle gutar og menn. Når gutar og menn står utanfor sentrale fellesskapsarenaer eller finn tilhøyrsel i destruktive fellesskap, kan det få alvorlege konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet. Eit inkluderande og demokratisk samfunn føreset at folk opplever tilhøyrsel, tillit, deltaking og innverknad og kjenner seg som ein del av den generelle offentlegheita.

Regjeringa vil styrkje dei gode og viktige fellesskapa som bind samfunnet saman. Alle skal ha høve til å delta i trygge og meiningsfulle fellesskap, også utanfor heimen, skulen og arbeidsplassen. For barn og unge er gode fellesskap særleg viktige for ein god oppvekst og for gode livsval. Då treng dei gode vaksne rollemodellar, eit mangfald av møteplassar og aktivitetar, eit sterkt kulturliv, høve til demokratisk deltaking, ein god ytringskultur og trygge digitale rom. Aktørar som bidreg til dette, må spelast gode.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for eit mangfaldig og levande kulturliv som bidreg til ytringsfridom, meiningsbryting og eit ope offentleg ordskifte

  • sikre at alle har tilgang til kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet og tilbod om idrett og fysisk aktivitet, uavhengig av kjønn, bustad, økonomi og sosial bakgrunn

  • bidra til gode rammevilkår for lokale og nasjonale kultur- og frivilligaktørar som medverkar til å skape aktivitetar og møteplassar

  • bidra til eit kvalitetsløft for fritidsklubbar og andre opne møteplassar for barn og unge

  • tidleg identifisere og gi god behandling for problematisk speleåtferd og auke og dele kunnskap om spel og speleproblem

  • jobbe for ein trygg digital oppvekst og betre skjermbalanse for unge

Boks 8.1 Mannsutvalet foreslår

Mannsutvalet argumenterer for at enkelte utfordringar knytte til helse, einsemd og utanforskap rammar gutar og menn i større grad, eller på andre måtar, enn kvinner. Utvalet understrekar at førebygging og handtering av desse utfordringane krev innsats på fleire samfunnsarenaer samtidig. Høvet til å etablere og oppretthalde meiningsfulle sosiale relasjonar og delta i fellesskap og samfunnsliv bidreg til auka tilhøyrsel og kan ha ein beskyttande effekt ved livskriser og sjukdom.

Utvalet trekkjer fram at fritidsarenaer og sosiale møteplassar kan vere sentrale inkluderingsmekanismar, og at det er viktig å anerkjenne verdien av møteplassar der mange gutar og menn i dag finn meining og fellesskap.

Mannsutvalet meiner òg at det kan vere relevant å sjå radikalisering og valdeleg ekstremisme i samanheng med gutar og menns utanforskap. Ekstremisme og radikalisering heng saman med opplevinga av å stå utanfor storsamfunnet.

Mannsutvalet foreslår å

  • Etablere fleire møteplassar for gutar og menn

  • Motverke sosiale forskjellar i fritidsaktivitetane til barn og unge

  • Etablere eit fritidsklubbtilbod i alle kommunar

8.1 Einsemd og sosial isolasjon

Gode fellesskap og sterke sosiale relasjonar kan gi støtte i krevjande livsfasar og motverke einsemd. Ikkje alle har tilgang til slike fellesskap, og for nokre kan det føre til einsemd og sosial isolasjon. Det kan få alvorlege helsemessige konsekvensar som auka stress og høgare risiko for psykiske lidingar. Einsemd og sosial isolasjon aukar dessutan risikoen for hjarte- og karsjukdommar, demens og sjølvmord.

Risikoen for einsemd er særleg høg i grupper som er meir utsette for utanforskap, mellom anna personar med låg utdanning, svak økonomi, helseutfordringar eller svak tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarar, personar med funksjonsnedsetjingar, skeive, unge i sårbare livsfasar og eldre kan òg vere særleg utsette. Rasisme, diskriminering og etnisk profilering kan forsterke einsemd og utanforskap (Wollscheid, Lynnebakke, Kindt, Karlstrøm, & Fossum, 2022).

Einsemd, sosial isolasjon og låg livskvalitet kjem særleg til uttrykk blant einslege menn, menn utan stabile sosiale relasjonar, eldre menn og menn utanfor arbeidslivet. Ein rapport frå SSB viser at einslege menn i alderen 45–66 år i større grad enn einslege kvinner rapporterer å vere lite tilfredse med livet (Gram, SSB, 2023). Menn er oftare barnlause, men avgrensa kunnskap om frivillig og ufrivillig barnløyse gjer det vanskeleg å vurdere kva dette har å seie for livskvaliteten.

Menn rapporterer gjennomgåande noko lågare tilfredsheit med dei sosiale relasjonane sine enn det kvinner gjer, og særleg einslege menn, skeive menn og menn med innvandrarbakgrunn er mindre tilfredse (SSB, 2025f).1 I alle aldersgrupper frå 18 til 79 år er det fleire menn enn kvinner som oppgir at dei ikkje har nokon dei kan rekne med dersom dei får store personlege problem. Menn er i noko større grad sosialt isolerte og har oftare færre nære relasjonar (NOU 2024: 8).

Hos eldre personar er einsemd spesielt knytt til auka risiko for redusert kognitiv funksjon og demens (Meld. St. 15 (2022–2023)). Livsovergangar kan forsterke sårbarheita for både einsemd og sosial isolasjon, særleg i eldre år. Overgangen frå arbeid til pensjonisttilvære, tap av partnar eller redusert sosial deltaking kan innebere tap av roller og nettverk. Menn og kvinner kan oppleve slike overgangar ulikt, mellom anna som følgje av kjønnsroller, ulik jobbidentitet blant menn og kvinner og ulik grad av vane med å halde sosiale relasjonar ved like.

I eit forskingsnotat basert på NorLAG-undersøkinga blir det påpeika at utdanningsnivå har noko å seie for korleis ein meistrar slike livsovergangar (Herlofson, Løset, & Veenstra, 2025). Ein nyare norsk studie frå OsloMet, basert på NorLAG-data, følgde nesten 10 000 nordmenn gjennom 20 år og fann at sosial isolasjon auka risikoen for tidleg død med rundt 15–16 prosent (Aartsen, Vangen, Pavlidis, Hansen, & Precupetu, 2024). Manglande partnar og lite kontakt med familie var blant dei viktigaste faktorane. Studien fann òg at det særleg blant menn som rapporterte om einsemd, var høg dødsprosent, og forskarane konkluderte med at sosiale tiltak for å redusere einsemd og sosial isolasjon blant eldre kan redde liv (Dyb, 2025).

Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i å skape fellesskap, aktivitetar og møteplassar som kan bidra til å motverke isolasjon og einsemd. Deltakinga i det frivillige er generelt høg, og det er fleire menn enn kvinner som deltek med frivillig innsats og i organisasjonar. Økonomi, funksjonsnedsetjing og innvandrarbakgrunn påverkar grada av deltaking, noko som betyr at nokre grupper menn deltek mindre i fellesskapa som det frivillige tilbyr. Ein gjennomgang av frivillig engasjement dei siste 25 åra viser ein liten tendens til nedgang blant unge. Nedgangen er større blant unge menn enn blant unge kvinner. Andelen frivillige blant unge menn har gått ned med 10 prosentpoeng etter pandemien, men er framleis høgare enn for 15 år sidan (Fladmoe, Eimhjellen, & Sivesind, 2024). Nedgangen kan vere teikn på svekt tilhøyrsel og mindre rekruttering til frivillige fellesskap blant enkelte grupper unge menn som følgjer andre utviklingstrekk knytte til utanforskap, einsemd og svakare samfunnsdeltaking. Det kan òg vere uttrykk for ein pandemieffekt, men like fullt eit utviklingstrekk som er relevant å følgje med på. Lågare deltaking i ung alder kan få betyding for tilknytinga til frivillige fellesskap seinare i livet (Ballard, Hoyt, & Pachucki, 2019).

8.2 Fritidsvanane blant unge gutar har endra seg: meir skjerm og mindre kultur

Fritida er ein viktig arena for vennskap, tilhøyrsel og meistring. Gjennom organiserte aktivitetar og uformelle møteplassar kan barn og unge byggje sosiale nettverk, utvikle evner og interesser og oppleve fellesskap. Dei fleste barn og unge deltek i organiserte fritidsaktivitetar, men deltakinga varierer mellom ulike grupper, og ein del fell frå i ungdomsåra. Sjølv om gutar samla sett er godt representerte, er det enkelte grupper som deltek i mindre grad enn andre.

Fritidsvanane blant unge har endra seg mykje det siste tiåret. Ungdom bruker meir tid på skjermbaserte aktivitetar og mindre tid på skulearbeid, lesing og kulturorienterte fritidsaktivitetar enn før. Ei veksande gruppe unge er meir heime i fritida. Gutar med låg sosioøkonomisk status er overrepresenterte blant desse. Dei rapporterer lågare livskvalitet, svakare sosial tilhøyrsel og meir einsemd enn andre grupper (les meir om fritidsprofilane til Ungdata i boks 8.2). Studien «Ung i endring» peikar på at inaktive gutar kan vere meir sårbare enn inaktive jenter når det gjeld vennskap, sosial tilhøyrsel og andre livsutfordringar. Mens nokre jenter har eit aktivt sosialt liv også utanfor organiserte fritidsaktivitetar, ser dette ut til å vere vanskelegare for gutar (Eriksen, 2019).

Sjølv om fritidsvanane til dei unge har endra seg, er dei framleis kjønnsdelte. Både i Noreg og internasjonalt ser vi store kjønnsforskjellar i kulturbruk og kulturdeltaking (Berge et al., 2026). Jenter deltek oftare enn gutar i organiserte kulturaktivitetar som musikk, dans, teater og visuell kunst, mens gutar i større grad driv med idrett og skjerm på fritida (Bekkengen, 2025). Kulturbruksundersøkingane til SSB og Ungdata viser at forskjellane blir etablerte tidleg, og at dei blir forsterka i ungdomsåra, særleg i overgangen til ungdomsskule og vidaregåande opplæring, der deltakinga fell.

At gutar og jenter vel ulike aktivitetar, er ikkje i seg sjølv ei likestillingsutfordring. Utfordringa oppstår når kjønnsnormer og forventingar avgrensar kva aktivitetar barn og unge opplever som relevante, tilgjengelege eller sosialt akseptable. Forsking viser mellom anna at kjønnsnormer og utviklinga av eigen kjønnsidentitet kan gjere enkelte kunst- og kulturformer mindre attraktive eller meir sosialt risikable for gutar. Dersom ein opplever manglande meistring og tilhøyrsel i eksisterande tilbod, kan det vere ein barriere, og det same kan svakare rekruttering og oppfølging frå vaksne og institusjonar vere (Berge et al., 2026).

Under eit innspelsmøte med unge (sjå boks 1.1) blei det framheva at frykt for å bli kalla «homo» framleis fungerer som ein sosial sanksjon i enkelte gutemiljø. Ungdommane beskreiv at dette kan gjere det vanskelegare å uttrykkje interesser, kjensler og identitet, og i nokre tilfelle kan det påverke deltakinga i fritids-, kultur- og frivilligaktivitetar. Samtidig understreka fleire at gutar sjølve kan bidra til meir inkluderande miljø gjennom å vere bevisste på eigen språkbruk og eigne haldningar. Det blei etterlyst støtte frå vaksne og tilgang til trygge arenaer som kan førebyggje ekskludering og diskriminering. Tilsvarande innspel blei fremja til rapporten (U)like muligheter, der det særleg blei lagt vekt på rekruttering av leiarar som ser heile det unge mennesket og førebyggjer sosialt utanforskap (Kulturtanken, 2024).

Boks 8.2 Dei unge blir stadig meir heimeorienterte

Ungdata identifiserer ulike typiske fritidsprofilar blant ungdom (Bakken, Abildsnes, & Sletten, 2024). Den største profilen, «dei som er mest med venner», har ei jamn kjønnsfordeling og er kjenneteikna av høg sosial deltaking, sterk tilhøyrsel og høg livskvalitet. Også blant «dei mest risikoorienterte» ungdommane er kjønnsfordelinga relativt jamn, med ei svak overvekt av gutar.

Dei tydelegaste kjønnsforskjellane ser vi blant «dei mest heimeorienterte» og «dei mest kulturelle» ungdommane. Gutar med låg sosioøkonomisk bakgrunn er overrepresenterte blant «dei heimeorienterte», som rapporterer om lågare livskvalitet, svakare sosial tilhøyrsel og meir einsemd enn andre ungdommar. Denne gruppa har vakse over tid og utgjer i dag om lag éin firedel av ungdomsbefolkninga.

Den andre gruppa med tydeleg kjønnsforskjell er «dei mest kulturelle» ungdommane, der jenter med høg sosioøkonomisk bakgrunn er overrepresenterte. Gutar deltek mykje mindre enn jenter i organiserte kulturaktivitetar som musikk, dans og teater. Forskjellane oppstår tidleg og blir forsterka gjennom ungdomsåra.

Det finns framleis avgrensa kunnskap om uformell og digital kulturdeltaking, om korleis gutar er med på desse arenaene, og om kva som kjenneteiknar gode inngangar til kunst og kultur for ulike grupper av gutar og unge menn. Det er behov for fleire longitudinelle analysar som kan sjå på årsakssamanhengar og effektar av tiltak over tid.

Boks 8.3 Innspel til inkluderande fritidsaktivitetar

Rapporten (U)like muligheter, om korleis barn og unge sjølve vurderer moglegheiter og behov for inkluderande fritidsaktivitetar, seier at økonomi, manglande tilrettelegging for personar med funksjonsnedsetjingar, mangel på god informasjon, logistiske utfordringar og stort konkurransefokus kan vere barrierar for deltaking. Sjølv om mange trivst med konkurransar, viser ein stor del av innspela at ungdom saknar meir vekt på det sosiale aspektet, også ved idrettsaktivitetar, og ikkje minst utover i ungdomsåra. Ungdommane ønskjer seg dessutan fleire lågterskeltilbod og opne møteplassar (Kulturtanken, 2024).

Boks 8.4 Unge menn er tydeleg underrepresenterte i museumsbesøk

Nær halvparten av befolkninga (46 prosent) besøkte eit museum i Noreg i 2025, ifølgje Norsk kulturbarometer 2025 (Bekkengen, 2025). Totalt blei det registrert 11,5 millionar museumsbesøk i 2025, noko som viser at mange går på museum fleire gonger i løpet av året. Brukar- og bruksundersøkinga ved museum i Noreg i 2025, som Ipsos har gjennomført på oppdrag frå Kulturdirektoratet, viser at kvinner framleis er i fleirtal blant museumsbesøkjande som er busette i Noreg, men kjønnsforskjellane er mindre enn i den tilsvarande undersøkinga frå 2019. Kvinner utgjer 56 prosent av dei besøkjande som er busette i Noreg, mens menn utgjer 42 prosent.

Blant dei yngste besøkjande som er busette i Noreg, aldersgruppa 15–24 år, er andelen kvinner (63 prosent) nær dobbelt så høg som andelen menn (32 prosent). Andelen menn aukar med alder, og i aldersgruppa 67 år og eldre er 51 prosent menn.

Kvinner er litt meir tilfredse med museumsbesøket enn menn. Blant kvinnelege besøkjande gir 46 prosent toppskår for besøket, mot 39 prosent blant menn. Kvinner vurderer dessutan i større grad enn menn at museumsbesøket har gitt dei ny innsikt, og at musea tek opp viktige samfunnsaktuelle tema. Samla sett viser undersøkinga at kjønnsforskjellane i museumsbruk er blitt mindre sidan 2019, men at unge menn framleis er tydeleg underrepresenterte (Ipsos, 2026).

8.3 Idretten både formar og speglar normer for kjønn

Idretten er den organiserte fritidsaktiviteten som når flest barn og unge, og nær sagt alle gutar deltek i idrett i kortare eller lengre periodar av oppveksten. Idrettslaga er derfor blant dei viktigaste arenaene for fellesskap, meistring og tilhøyrsel for gutar.

Forsking viser at barn og unge som deltek i idrett, særleg lagidrett, gjennomgåande har betre psykisk og sosial helse enn jamaldringar som ikkje deltek. Deltaking er mellom anna knytt til høgare sjølvkjensle, betre sosial fungering og færre symptom på psykiske plager (Eime, Young, Harvey, Charity, & Payne, 2013). For gutar som opplever lite meistring på skulen, kan idrett vere ein viktig arena for anerkjenning, tilhøyrsel og struktur i kvardagen. Longitudinelle studiar viser òg lågare førekomst av internaliserte psykiske plager over tid blant gutar som deltek i organiserte aktivitetar, særleg i grupper som elles er utsette for utanforskap (Moeijes, van Busschbach, Bosscher, & Twisk, 2018).

At idretten betyr så mykje, inneber samtidig at det er viktig å rette merksemda mot dei som ikkje deltek, eller som ikkje opplever tilboda som relevante. Ungdata viser at gutar som står utanfor organiserte fritidsaktivitetar, i gjennomsnitt rapporterer lågare trivsel, meir rusmiddelbruk og fleire erfaringar med mobbing (Bakken, 2025). Deltaking i idrett heng saman med ei rekkje forhold knytte til familie, økonomi, helse og sosiale nettverk. Dei som deltek, er ofte allereie ein del av eit etablert fellesskap, mens dei som står utanfor, gjerne møter samansette utfordringar på fleire livsområde. For nokre grupper, mellom anna enkelte minoritetsungdommar, kan låg deltaking òg handle om at dei ikkje opplever tilhøyrsel eller relevans i dei aktivitetane som blir tilbydde (Persson & Eriksen, 2025). Så sjølv om idretten har eit stort potensial som inkluderingsarena, når han altså ikkje alle grupper like godt.

Som samfunnet elles speglar idretten normer og forventingar knytte til kjønn, men normene varierer stort mellom ulike idrettar, aktivitetsformer og miljø. Det som gir status, anerkjenning og tilhøyrsel i eitt miljø, kan vere noko anna i eit anna miljø. For dei fleste barn og unge representerer idretten eit positivt fellesskap med gode rollemodellar og moglegheiter til å utvikle identitet, oppleve meistring og skape sosiale relasjonar. Samtidig peika #UngIDag-utvalet på at gutar som ikkje finn seg til rette i dei største og mest etablerte gutearenaene, kan oppleve at dei har færre sosialt aksepterte alternativ enn jenter (NOU 2019: 19). Forsking på maskulinitet og ungdomskultur tyder på at førestillingar om korleis gutar bør vere, og kva aktivitetar som blir oppfatta som passande for gutar, framleis kan påverke vala og handlingsrommet til dei unge. For enkelte kan slike forventingar gjere det meir krevjande å velje aktivitetar som bryt med etablerte normer. Det kan påverke både opplevinga av tilhøyrsel og kva aktivitetsval som verkar reelle og tilgjengelege. Men normene i idretten er ikkje statiske. Dei blir endra over tid og er påverka av samfunnsutviklinga, nye rollemodellar og den aukande merksemda på inkludering og mangfald. Idretten kan dermed både vidareføre og utfordre etablerte førestillingar om kjønn.

Blant skeive gutar og menn varierer erfaringane med idrett. For mange representerer idretten eit viktig fellesskap prega av vennskap, meistring, identitetsutvikling og sosial tilhøyrsel. Men forsking viser òg at enkelte opplever at diskriminering, ekskludering eller forventingar om å passe inn i bestemte førestillingar om kjønn og maskulinitet hindrar dei i å delta (Heian, Strandbu, Berge, Sogn, & Haugsevje, 2025). Kunnskapsgrunnlaget er ikkje stort nok til at vi kan seie kor stor del av skeive som deltek i idrett, men vi veit at erfaringane varierer mykje mellom ulike idretts- og aktivitetsmiljø. Utfordringane ser ut til å vere størst i miljø der tradisjonelle førestillingar om kjønn og seksualitet står sterkt, mens andre miljø i større grad gir rom for mangfald i identitet, kjønnsuttrykk og måtar å vere utøvar på. Forskinga understrekar dermed at vi ikkje kan forstå idretten som éin samla arena for skeive. Mens enkelte opplever utanforskap eller press om å tilpasse seg rådande normer, beskriv andre idretten som eit fellesskap der dei får anerkjenning og opplever tryggleik og tilhøyrsel (Heian, Strandbu, Berge, Sogn, & Haugsevje, 2025). Idretten kan dermed både spegle normer og haldningar som finst i samfunnet elles, og fungere som ein arena der slike normer blir utfordra gjennom nye fellesskap og erfaringar.

8.4 Deltaking, fellesskap og utfordringar i digitale spelmiljø

Dataspel er i dag ein av dei mest utbreidde fritidsaktivitetane i Noreg, særleg blant gutar og menn. Rapporten Barn og medium 2026 viser at 95 prosent av gutane speler dataspel, mot 83 prosent av jentene (Medietilsynet, 2026). Nesten dobbelt så mange gutar som jenter speler dagleg (63 mot 31 prosent), og 70 prosent av gutar i alderen 11–14 år speler dagleg. For mange gutar og unge menn er dataspel meir enn underhalding – det er ein sosial, lærerik og utviklande arena der dei knyter relasjonar, finn tilhøyrsel og byggjer nettverk. For dei som står i fare for å bli sosialt isolerte, kan spelmiljøet vere ein viktig ressurs. Fleire gutar enn jenter opplever speling som sosialt og som ei kjelde til kontakt med venner (67 mot 43 prosent) (Medietilsynet, 2026).

Dataspel blir i aukande grad anerkjent på linje med andre fritidsaktivitetar. Utdaterte førestillingar om ein direkte samanheng mellom valdelege spel og valdeleg åtferd er tilbakeviste. Men spelkulturen er likevel ikkje utan utfordringar. Deltaking kan krevje tilgang til utstyr, tid og ferdigheiter, og barn frå låginntektsfamiliar eller frå familiar med avgrensa digital kompetanse, kan dermed falle utanfor. I tillegg kan sterke prestasjonsnormer og tydelege hierarki i enkelte spelmiljø føre til at enkelte opplever utanforskap, sjølv om dei formelt deltek. Dataspelkulturen har òg store utfordringar med ekskludering og trakassering, særleg basert på kjønn.

Digitale fellesskap kan bli ei positiv erstatning for fysisk sosial kontakt. For andre kan det, gjerne i kombinasjon med arbeidsløyse, manglande deltaking i andre aktivitetar eller psykiske helseutfordringar, auke risikoen for isolasjon. Funn frå Barn og medium 2026 viser at gutar i større grad enn jenter rapporterer at spelinga går ut over søvnen, at dei bruker pengar i spel, at dei har spelt spel med 18-årsgrense, og at dei sjølve opplever at dei bruker for mykje tid på speling (Medietilsynet, 2026). Problemspeling kan dermed forsterke utanforskap og bidra til redusert livskvalitet. Spelproblematikk blir omtalt vidare i kapittel 8.7.

8.5 Behov for fleire tilgjengelege lågterskeltilbod

Ikkje alle barn og unge finn seg til rette i organiserte fritidsaktivitetar, og for mange gutar er eigenorganisert lågterskelidrett viktig for å halde oppe aktivitet og fellesskap. Både Mannsutvalet og barn og unge seier at det trengst fleire tilgjengelege møteplassar der det er mogleg å delta utan store økonomiske kostnader, prestasjonskrav eller forpliktingar (NOU 2024: 8; Kulturtanken, 2026).

Fritidsklubbar er eitt døme på slike lågterskelarenaer. Dei treffer breitt på tvers av sosial bakgrunn, og jenter og gutar bruker dei i omtrent like stor grad. Den førebyggjande rolla til fritidsklubbane er understreka i det folkehelsefremjande arbeidet og i fleire utgreiingar (NOU 2024: 8; NOU 2024: 3). Det er likevel variasjon både i tilgangen til og kvaliteten på fritidsklubbane. Ikkje alle kommunar har eit fritidsklubbtilbod, og høvet til å delta i opne fellesskap er derfor til ei viss grad avhengig av kvar ungdommane bur.

Sjølv om mange kommunar legg vekt på førebyggjande arbeid for barn og unge, kan kultur- og fritidstilbod vere sårbare. Dei siste åra har det vore ein nedgang i dei kommunale kulturbudsjetta etter fleire år med oppgang. 39 prosent av kommunane rapporterer om kutt i kulturbudsjetta for 2026. Det er størst kutt i stillingar og i støtte til frivillige organisasjonar, etterfølgt av kutt i kulturskuletilbod og opningstider på biblioteket. Idrettsanlegg, kulturbygg og tilskot til idrett blir òg ramma. Fleire kommunar opplyser at kultur i stor grad er skjerma frå dei største kutta, eller at politikarane har reversert foreslåtte kutt, særleg i tilbod til barn og unge og kulturskulen (Holmboe & Kleppe, 2026).

Boks 8.5 Frivilligsentralar som fellesskapsarenaer for seniormenn

Norges Frivilligsentraler (NFS) jobbar for å styrkje frivilligsentralane som møteplass for fleire eldre menn ut frå eit folkehelseperspektiv. Her er arbeidet mot einsemd og for sosial deltaking gjennom prosjektet Seniormenn i frivilligheten viktig. Frivilligsentralane tilbyr aktivitetar og fellesskap for breie målgrupper i heile landet.

Det finst ikkje nasjonale tal for kjønnsfordelinga blant besøkjande og frivillige i frivilligsentralane. I prosjektet Seniormenn i frivilligheten er det samla inn kunnskap om korleis eksisterande møteplassar og fellesskap når ulike grupper eldre menn, og kva som skjer i overgangar seint i livet – til dømes når arbeidslivet og etablerte sosiale arenaer fell bort, eller ved tap av partnar, redusert helse eller mindre sosialt nettverk. Her er menn særleg utsette for å oppleve einsemd. Råda for å rekruttere seniormenn er utarbeidde på grunnlag av erfaringar med og forsking på kva som fremjar frivillig innsats.

Prosjektet er gjennomført saman Norske Kvinners Sanitetsforening, Nasjonalt senter for aldring og helse, Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Voksenopplæringsforbundet. Målet er å samle forsking, erfaringar og konkrete praksisdøme som kan gi meir kunnskap om kva som motiverer menn til aktivitet, deltaking og frivillig engasjement, og kva rolle frivilligsentralane har i dette arbeidet.

Nokre råd om korleis ein kan gjere aktivitetar meir tilgjengelege:

  • konkrete aktivitetar og interesser som inngang til fellesskapet

  • låg terskel og tydelege, føreseielege rammer

  • personleg invitasjon i tillegg til generell annonsering

  • høve til å bruke eigne ferdigheiter og oppleve å vere til nytte

  • medverknad og fleksibilitet

  • stabile fellesskap der ein framleis kan høyre til, sjølv om helsa og kapasiteten endrar seg

8.6 Tiltak for å styrkje det viktige fellesskapet og motverke einsemd

Frivilligsentralar, aktivitetstilbod for eldre, fritidsklubbar og aktivitetane til frivillige organisasjonar er viktige døme på lokalt forankra møteplassar som bidreg til inkludering og motverkar einsemd.

Med stadig fleire eldre som bur åleine, er det viktig å ha gode og inkluderande lokalsamfunn. Aktivitetar og møteplassar med låg terskel for å delta, både i utemiljø og på stader som butikkar, kafear og bibliotek, bidreg i stor grad til sosial støtte og fellesskap. Det same gjer eit inkluderande sivilsamfunn med frivillig innsats.

Regjeringa vil styrkje dei generelle verkemidla for inkludering i fellesskapsarenaene. Det handlar mellom anna om å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking, sikre trygge og inkluderande miljø og leggje til rette for eit mangfald av aktivitetar, slik at folk over heile landet kan finne noko dei opplever som relevant og interessant. Regjeringa legg vekt på universelle ordningar som når breitt ut i frivillig sektor, og som styrkjer kulturinstitusjonane. Samtidig kan analysar av kjønnsforskjellar og andre forskjellar bidra til meir treffsikre universelle løysingar.

Regjeringa viser til følgjande tiltak som er sette i gang:

  • gode rammevilkår for frivillig sektor til å skape inkluderande fellesskap og møteplassar

  • styrking av fritidsklubbar og opne møteplassar for ungdom

  • styrking av anlegg til idrett, kultur og eigenorganisert aktivitet lokalt

  • innsatsar for å sikre at kulturen når alle

  • samarbeid om å styrkje inkluderinga av barn og unge

  • tiltak for ein trygg, inkluderande og tilgjengeleg dataspelkultur

  • meir kunnskap om kva tiltak som aukar deltakinga blant barn og unge, og særleg blant underrepresenterte grupper

  • jamne ut sosiale forskjellar i livskvalitet

  • betre fellesskap og møteplassar for eldre gjennom eldreløftet til regjeringa

8.6.1 Gode rammevilkår for frivillig sektor til å skape inkluderande fellesskap og møteplassar

Gode rammevilkår for det frivillige er det viktigaste verkemiddelet for å støtte opp under ein mangfaldig og tilgjengeleg frivillig sektor. Det inkluderer føreseieleg finansiering, enkle regelverk og tilgang til eigna lokale.

Frivillige organisasjonar tilbyr interessefellesskap der folk møtest rundt alt frå idrett og friluftsliv til kultur, dataspel, handverk eller andre felles interesser. Gjennom frivilligheita kan folk delta i interessekamp og samfunnsengasjement, anten det handlar om menns likestillingsutfordringar, pasientrettar, lokalmiljøutvikling, miljøspørsmål eller andre saker som blir opplevde som viktige.

Sentrale statlege tilskotsordningar er momskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar, lokale aktivitetsmidlar, tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar, Frifond og tilskot til idrettsanlegg og fysisk aktivitet, kulturformål og friluftslivsorganisasjonar. Full momskompensasjon til det frivillige er gjennomført i heile regjeringsperioden og er foreslått vidareført i 2027.

I 2026 blei det fordelt over 4 milliardar kroner i spelemidlar til idrett og over 1,1 milliardar kroner til kultur. Tiltak for barn og unge er prioritert, og målet er å leggje til rette for at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn og økonomi. Organisasjonane kan i stor grad nytte midlane der dei meiner dei trengst mest, noko som er viktig for at dei skal kunne gjere ein god jobb med å inkludere grupper som fell utanfor, og som står utanfor fellesskapa. Stabil og føreseieleg finansiering er avgjerande for inkluderingsarbeidet til organisasjonane og for å byggje opp nødvendig kompetanse over tid (Arnesen & Hansen, 2024).

I tillegg til dei breie og generelle ordningane har regjeringa prioritert eigne satsingar på mangfald og inkludering med Krafttak for mangfald og inkludering i idretten frå 2021 til 2024 og Krafttak for mangfald og inkludering i kulturfrivilligheita frå 2024 til 2026. Utlysing av driftsmidlar til kulturfrivilligheita blei etablert i 2026 og er eit viktig tiltak for frivillige organisasjonar som jobbar for eit meir mangfaldig og inkluderande kunst- og kulturtilbod for barn og unge. Det bidreg til å styrkje både den nasjonale kompetansen og lokale tiltak, samtidig som vellykka modellar kan vidareutviklast og spreiast. I tillegg gir IMDi tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar.

Regjeringa prioriterer òg driftstilskot til frivilligsentralane, som er lokale møteplassar i nesten alle kommunar. I 2027 er det sett av 293,5 millionar kroner til driftstilskot til 601 frivilligsentralar i 336 kommunar.

For å snu trenden med mindre frivillig deltaking blant unge menn etter pandemien kan organisasjonar ha eit særleg blikk på rekruttering i denne gruppa og ta utgangspunkt i interessene og ressursane deira. Gode råd for rekruttering til frivillig innsats er utdjupa i boks 8.5.

Boks 8.6 Fellesskap og frivilligheit for menn

Det finst fleire frivillige organisasjonar som arbeider særleg med inkludering av gutar og menn, og som er opptekne av å redusere likestillingsutfordringar. Rebrothering er ein av dei.

Rebrothering er ein ideell organisasjon som rettar seg mot menn, og som byggjer fellesskap gjennom samlingar, samtalegrupper, aktivitet og frivilligheit. Organisasjonen arbeider mellom anna med psykisk helse, sosial inkludering og ungdomsengasjement. Dei har faste samlingar i Bergen, Oslo og Stavanger, der menn møtest til aktivitetar, erfaringsdeling og fellesskap.

Boks 8.7 Handlingsplanen Alle inkludert!

Handlingsplanen Alle inkludert! blei lansert våren 2024 og har utløyst store investeringar i idrett, kultur og fritidsklubbar. I perioden 2023–2026 er det gitt over 1 milliard kroner ekstra i statsbudsjettmidlar og spelemidlar til tiltak som skal bidra til brei deltaking, med særleg vekt på barn og unge i familiar med vedvarande låg inntekt (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2024a).

8.6.2 Styrking av fritidsklubbar og andre opne møteplassar for ungdom

Fritidsklubbar er viktige møteplassar og inkluderingsarenaer, særleg for ungdom som ikkje finn seg til rette i organiserte eller prestasjonsorienterte fritidstilbod. I 2026 har Bufdir fått i oppdrag å utarbeide ein kommunal rettleiar for arbeidet med fritidsklubbar og andre opne møteplassar.

Regjeringa har sidan 2022 styrkt tilskotsordninga til inkludering av barn og unge med 231 millionar kroner, slik at ho utgjer totalt 758 millionar kroner i 2026. Gjennom denne ordninga har kommunar og andre aktørar kunna søkje om treårig støtte til mellom anna fritidsklubbar, lokale fritidskassar og utstyrssentralar.

I 2026 etablerte regjeringa eit kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet). I forslaget til statsbudsjett for 2027 blir det foreslått at den delen av tilskota til inkludering av barn og unge som i dag går til kommunane, skal innlemmast i ordninga frå 2027. Programmet inneber at tilskot som i dag er øyremerkte bestemte tiltak eller sektorar, blir samla i éi overordna ordning. Det gir kommunane større handlingsrom til å prioritere førebyggjande innsats, sjå ulike tiltak i samanheng og tilpasse innsatsen til lokale behov. Tiltaka kan vere både universelle og målretta og vil òg kunne omfatte fritidsklubbtilbod. Ordninga skal evaluerast i perioden 2026–2028. Evalueringa skal mellom anna vurdere resultatet av ordninga opp mot måla og delmåla. Eitt av delmåla er at barn og unge skal ha god helse, oppleve tilhøyrsel og delta, mellom anna i fritidsaktivitetar og i nærmiljøet.

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har hovudansvaret for tilskotet til Ungdom og Fritids fond, som skal gå til aktivitetar i klubbane. Fondet er styrkt med midlar både frå statsbudsjettet og spelemidlane dei siste åra, og departementet vidareførte innsatsen på same nivå i 2026, med 27 millionar kroner frå spelemidlane.

Kultur- og likestillingsdepartementet greidde i 2026 ut statusen for ikkje-kommunale og frivillig drivne opne møteplassar for ungdom. Denne utgreiinga skal gi meir kunnskap og eit betre grunnlag for å identifisere gode samarbeids- og finansieringsmodellar og vurdere behov og moglege tiltak for å styrkje ikkje-kommunale fritidsklubbar og opne møteplassar for ungdom.

8.6.3 Styrking av anlegg til idrett, kultur og eigenorganisert aktivitet lokalt

Lågterskeltilbod i nærmiljøet er særleg viktig for å inkludere dei som står lengst unna andre organiserte aktivitetar. Eigna lokale og arenaer er avgjerande for at det frivillige skal kunne tilby barn og unge aktivitetar innanfor idrett, kor og korps og eigenorganiserte aktivitetar.

Statlege tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg er derfor det fremste verkemiddelet i idrettspolitikken og kjem i tillegg til den lokale finansieringa. I denne regjeringsperioden er den gjennomsnittlege ventetida for å få spelemidlar til idrettsanlegg redusert frå nesten tre år til under eitt år. Det blir gitt ekstra tilskot til nærmiljøanlegg i område med levekårsutfordringar. Nærmiljøanlegg er enklare anlegg i nabolag og lokalsamfunn. Dei skal vere tilgjengelege for alle og kan brukast til eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Praksisen frå fylkeskommunane viser at nærmiljøanlegga blir høgt prioriterte.

For regjeringa er det viktig at alle barn og unge skal kunne ta del i fysisk aktivitet og idrett, både organisert og eigenorganisert. Gjennom spelemidlane bidreg regjeringa med store midlar til anlegg for eigenorganisert idrett, som særleg mange gutar bruker. Om lag 40 prosent av anleggsmidla på totalt 1,86 milliardar kroner gjekk til anlegg som primært blir nytta til eigenorganisert aktivitet, i 2024. Det gjeld nærmiljøanlegg, alpinanlegg, svømmeanlegg, friluftslivsanlegg, golfanlegg og skiløyper. Gjennom anleggsordninga kan ein søkje om tilskot til dømes til skateanlegg, aktivitetsparkar og motorikkparkar.

Organisasjonen Tverga blir støtta med driftstilskot på 11,5 millionar kroner frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2026. Tverga er eit kunnskaps- og kompetansesenter for eigenorganisert aktivitet som gir rettleiing og råd til fylkeskommunar, kommunar og eigenorganiserte miljø om tilrettelegging av aktivitet og bygging av anlegg. Frifond har motteke 4 millionar kroner til eigenorganisert aktivitet i 2026.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein nasjonal strategi for kulturarenaer. Målet er å leggje til rette for betre tilgang til eigna kulturarenaer over heile landet. Kulturarenaer er ikkje berre stader for kunst- og kulturaktivitetar, dei er òg viktige møteplassar som bidreg til fellesskap, sosial tilhøyrsel, livskvalitet og aktiv samfunnsdeltaking. Gode og tilgjengelege kulturarenaer kan vere særleg viktige for grupper som i mindre grad deltek i organiserte aktivitetar, eller som opplever utanforskap. Arenaene kan bidra til meistring, frivillig engasjement, tilhøyrsel og lokale nettverk på tvers av alder og bakgrunn. Strategien skal støtte kommunar og fylkeskommunar i rolla som tilretteleggjarar, og blant tiltaka som blir vurderte, er meir rettleiing, auka kunnskapsdeling og styrkt kompetanse om utvikling, bruk og tilgjengeleggjering av kulturarenaer.

Regjeringa har òg sett i gang arbeidet med ei ny melding til Stortinget om den statlege idrettspolitikken. Meldinga skal sjå på sentrale utfordringar og utviklingstrekk i norsk idrett. Arbeidet omfattar mellom anna spørsmål om deltaking, fråfall og barrierar for aktivitet blant ulike grupper.

Boks 8.8 Friluftslivet tilbyr attraktive fellesskap for gutar og menn

Gutar og menn er godt representerte i norsk friluftsliv både når det gjeld eigenorganiserte aktivitetar og i friluftslivsorganisasjonane, særleg innanfor jakt, fiske og båtliv. Forsking viser at friluftsliv har ei jamnare fordeling i sosioøkonomisk status enn idrett og kultur (Brevik & Rafoss, 2017). Sjølv om det finst økonomiske barrierar i friluftslivet òg, er det lågare terskel for å delta på mange av aktivitetane her enn på andre fritidsarenaer, og det er mogleg å delta utan krav om å måtte prestere. Friluftsliv kombinerer kontakt med naturen, fysisk aktivitet, sosial tilhøyrsel og meistring – faktorar mange forskarar meiner beskyttar mot psykisk uhelse. Statlege tilskot frå tilskotsordninga for friluftslivsaktivitet over budsjettet til Klima- og miljødepartementet bidreg til at friluftslivsorganisasjonar kan leggje til rette friluftsområde og sørgje for at kostnader ikkje kjem i vegen for at barn og unge får delta i aktivitetar. Slik bidreg styresmaktene til brei deltaking i friluftsliv og frivillige fellesskap.

8.6.4 Innsatsar for å sikre at kulturen når alle

Kunst- og kulturinstitusjonar som bibliotek, museum og scenekunstinstitusjonar bidreg til eit mangfaldig og inkluderande kulturliv. Regjeringa har som mål å bidra til eit rikt kulturliv i heile landet og sørgje for at barn og unge skal ha tilgang til og høve til å delta i kunst- og kulturaktivitetar, uavhengig av bakgrunn, bustad og økonomiske ressursar.

Aktørar som får tilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet, skal arbeide langsiktig og strategisk for å fremje mangfald og likestilling. Det inneber mellom anna at dei skal sørgje for universell utforming, låg terskel for deltaking og ei brukarbetaling som ikkje er høgare enn nødvendig.

Musea er viktige arenaer for kunnskapsformidling, læring, refleksjon og opplevingar for eit breitt publikum over heile landet. I 2025 hadde musea i det nasjonale museumsnettverket det høgaste besøkstalet på ti år med 7,5 millionar besøk. Dei hadde eit omfattande program med utstillingar, arrangement og pedagogiske tilbod. Rapporteringa viser likevel at andelen barn og unge gjekk ned til 22 prosent i 2025, etter å ha lege på rundt 25 prosent dei siste åra. Det tyder på at det framleis er behov for å styrkje arbeidet med å nå denne målgruppa. Ifølgje brukar- og bruksundersøkinga for musea i Noreg 2025 er unge menn tydeleg underrepresenterte blant dei som går på museum (les meir i tekstboks 8.4). Mange museum arbeider aktivt for å senke terskelen for deltaking gjennom å ha familieorienterte tilbod, differensierte prismodellar, ulike gratistiltak og aktivitetskort til redusert pris for personar med låg inntekt.

Kulturtanken er det statlege forvaltingsorganet for barne- og ungdomskultur. Kulturtanken arbeider for at alle barn og unge skal ha like høve til å oppleve, delta i og skape kunst og kultur, og bidreg til å motverke forskjellar i gutars og jenters kulturdeltaking gjennom ulike verkemiddel.

Den kulturelle skulesekken (DKS), som er forvalta av Kulturtanken, er eit viktig universelt tiltak. Gjennom DKS får alle elevar, uavhengig av kjønn og bakgrunn, oppleve kunst og kultur av høg kvalitet gjennom skulebesøk av profesjonelle kunstnarar. Slik når ein gutar og unge menn òg, som i mindre grad oppsøkjer kulturtilbod på fritida. Skulen blir dermed ein viktig utjamnande arena. Regjeringa vil prioritere Den kulturelle skulesekken.

Kulturtanken har òg tilskotsordningar og driv med utviklingsarbeid retta mot fylke, kommunar og kulturaktørar, der inkludering og mangfald er gjennomgåande prioriteringar. Eit kjønnsperspektiv på gutar og unge menn blir vareteke innanfor ulike verkemidla. For Kulturtanken er det viktig å bidra til større relevans, sosial tryggleik og oppleving av anerkjenning i kulturmøte, både på skule- og fritidsarenaer, og dessutan å motverke at kunst- og kulturtilbod står fram som kjønnsstereotype i innramming og formidling.

Regjeringa er oppteken av at kunst- og kulturinstitusjonane skal ha god kunnskap om publikummet sitt og arbeide målretta for å nå nye brukargrupper. Den landsdekkjande strukturen av museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar gjer at kunst og kultur av høg kvalitet er tilgjengeleg for folk i heile landet. Institusjonane samarbeider ofte og tett med frivillige og lokale aktørar, og stadig fleire initierer lågterskeltilbod og inkluderande framsyningar og konsept. Institutsjonane si rapportering viser at musikk- og scenekunstinstitusjonane arbeider godt og målretta mot barn og unge. Kvart fjerde arrangement er retta mot denne gruppa. Aktiviteten består mellom anna av framsynings- og konsertseriar, skule- og barnehagetilbod, talentutviklingstiltak og formidlingsprosjekt. I programma retta mot barn og unge viser fleire institusjonar at dei har ambisjonar om å prøve ut nye format og formidlingsformer, mellom anna gjennom ulike former for samskaping og medverknad og bruk av ny teknologi. Som ein del av Alle inkludert!, handlingsplanen for deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar, har regjeringa sidan 2025 prioritert ei særleg satsing hos Riksteatret på gratis teater for barn og unge, der formålet er å senke terskelen ved at barn og unge som vanlegvis ikkje går på teater, skal få oppleve relevant scenekunst gratis.

Boks 8.9 «Kultur for inkludering» trefte gutar i Larvik kommune

I Nesjar Teater- og Kulturforening var det markant fråfall blant gutar då dei kom i 13–14-årsalderen, og foreininga ville ta tak i problemet fordi lokalsamfunnet hadde ein høg sjølvmordsrate blant unge menn, og fordi fleire gutar streva med skulevegring. Med prosjektet «Kultur for inkludering», som var finansiert av Vestfold fylkeskommune i 2025, lykkast dei med å inkludere fleire gutar.

Prosjektet omfatta teater-, musikal-, revy-, keramikk- og snikkargruppe, temakveldar om psykisk helse, gaming- og sosialkveldar, overnattingstur og gutetilbodet Torsdagsklubben. Over 70 ungdommar deltok på aktivitetane. Når aktivitetane var sosiale og uformelle og leidde av unge rollemodellar, var andelen gutar svært høg. Erfaringane frå prosjektet viser at gutar ofte fell frå på grunn av konformitetspress, frykt for å ikkje passe inn og mangel på mannlege førebilete. Foreininga erfarte at dei fekk fleire gutar med seg med lågterskeltilbod som er uformelle og prega av praktisk og teknisk meistring.

8.6.5 Samarbeid for å styrkje inkluderinga av barn og unge

Fritidserklæringa er ein intensjonsavtale mellom regjeringa, Kommunesektorens organisasjon (KS) og frivillige organisasjonar som har som mål at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal ha høve til å delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre barn. Partane samarbeider om å nå dette målet gjennom jamlege møte, kommunenettverk og samlingar.

For å nå måla er ein avhengig av det lokale arbeidet. Samarbeid mellom kommunar og frivillige lag og foreiningar er avgjerande for å realisere intensjonane i Fritidserklæringa.

Målretta samfunnsoppdrag er ein ny metode for å ta tak i gjenstridige samfunnsutfordringar. I 2025 sette regjeringa i gang samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utanfor!» – eit langsiktig og målretta arbeid for inkludering av barn og unge. Det overordna målet er at utanforskap blant barn og unge skal vere betydeleg redusert innan 2035. Kommunar, fylkeskommunar, frivillig sektor, næringsliv, forskingsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar er godt i gang med å vidareutvikle samarbeidet om å auke deltakinga til barn og unge og skape varige systemendringar for inkludering. Innsatsen skal bidra til at fleire barn og unge opplever meining og meistring, og at dei høyrer til i eit fellesskap.

8.6.6 Inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur

Akkurat som Mannsutvalet er regjeringa oppteken av å anerkjenne at dataspel er ein verdifull sosial arena for mange og ei kulturform som kan bidra til kreativitet, læring og utvikling av tekniske ferdigheiter.

Dataspelpolitikken til regjeringa er forankra i Tid for spel – dataspelstrategi 2024–2026, og eit sentralt mål er å leggje til rette for ein inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2024b). Tiltaka på området skal mellom anna bidra til å samle, styrkje og dele kunnskap om dataspel og dataspelkultur og sørgje for trygge og inkluderande møteplassar for dataspelkulturen.

Dataspelstrategien legg vekt på kor viktig det er med trygge digitale møteplassar i samspel med fysiske arenaer. Fleire stader i landet finst det arenaer der unge kan møtast og spele saman med trygge vaksne til stades. Det er altså behov for ei balansert tilnærming der spel blir forstått både som ressurs og risiko, noko som krev tiltak som støttar balanse, meistring og deltaking på fleire arenaer samtidig.

8.6.7 Meir kunnskap om målretta tiltak for auka deltaking

Det trengst meir kunnskap om kva tiltak som skal til for at fleire barn og unge, særleg frå dei underrepresenterte gruppene, skal delta. Derfor har Kultur- og likestillingsdepartementet sett i gang ulike kunnskapsprosjekt som vil bidra til auka innsikt.

I samband med Kulturtanken sitt prosjekt «Krafttak for mangfald» gjennomfører forskingsstiftinga Fafo eit prosjekt om kva som fremjar deltaking og reduserer barrierar. Prosjektet kjem òg med praksisnære tilrådingar og tilbyr verktøy basert på eksisterande tiltak i kulturfrivilligheita.

Kulturtanken viser til at det trengst meir forsking som går djupare inn i kva som faktisk verkar når ein vil auke deltakinga i kulturaktivitetar, særleg med tanke på tiltak retta mot gutar og unge menn. Dette krev mellom anna betre data om digital og uformell deltaking, meir finmaska analysar av korleis kjønn samverkar med andre sosiale ulikskapsfaktorar, og langsiktige evalueringar av konkrete program og verkemiddel. Meir kunnskap vil gjere det mogleg å utvikle meir treffsikre tiltak og vidareutvikle politikken på området.

Regjeringa har i 2026 løyvd midlar til ei fleirårig systematisk effektevaluering av inkluderingstiltak på fritidsfeltet. Formålet er å få meir kunnskap om effektar av ulike tiltak for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

Ekstrainnsatsen for deltaking i idretten i område med ein høg andel barn frå låginntektsfamiliar skal etter planen evaluerast i idrettsmeldinga som kjem i 2027.

Boks 8.10 Forskingsprosjekt om rasisme og diskriminering

På oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomfører Institutt for samfunnsforsking (ISF) eit forskingsprosjekt om rasisme og diskriminering på ei rekkje område i den norske offentlegheita. Prosjektet skal kartleggje korleis rasisme og diskriminering knytt til synlege kjenneteikn som hudfarge, klesdrakt og religiøse symbol kjem til uttrykk og påverkar minoritetar sine erfaringar og moglegheiter i Noreg. I tillegg skal prosjektet undersøkje det etniske mangfaldet og omfanget av rasisme og diskriminering i frivilligheita og i kunst- og kulturlivet, og det skal utforske korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast til å identifisere og forhindre hatefulle ytringar i sosiale medium.

8.6.8 Jamne ut sosiale forskjellar i livskvalitet

Den nasjonale livskvalitetsstrategien (2025–2030) skal gjere livskvalitet til eit tydelegare mål for samfunnsutviklinga (Helse- og omsorgsdepartementet, 2025a). Strategien tek utgangspunkt i at livskvaliteten i Noreg er høg, men ujamt fordelt, og at utviklinga går i negativ retning for enkelte grupper.

I 2024 blei temaa livskvalitet og einsemd innarbeidde i folkehelselova for å styrkje det systematiske arbeidet på området. Regjeringa har varsla ein handlingsplan for livskvalitet og einsemd som skal ta omsyn til kjønnsforskjellar.

Regjeringa arbeider på tvers av sektorar for å førebyggje og redusere einsemd. Innsatsen vil også bli følgd opp i den kommande handlingsplanen mot einsemd.

Regjeringa legg til rette for levande og inkluderande lokalsamfunn, møteplassar og sosiale buformer, mellom anna gjennom Eldrebustadprogrammet, Bu trygt heime-reforma og arbeidet med eit aldersvennleg Noreg. Saman med Kunnskapsdepartementet vil regjeringa òg arbeide med å styrkje tilhøyrselen og førebyggje fråfall i barnehage, skule og høgare utdanning. Det skal mellom anna utviklast ein kompetansepakke om temaet folkehelse og livsmeistring i skulen.

Helse- og omsorgsdepartementet samarbeider òg med Arbeids- og inkluderingsdepartementet om tiltak for ei friskare befolkning. Målet er mellom anna å redusere sosiale helseforskjellar og styrkje deltakinga i arbeids- og samfunnslivet.

Innsatsen på psykisk helse og rusfeltet er òg relevant for arbeidet mot einsemd, mellom anna gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse 2023–2033. I 2026 er det etablert ei tilskotsordning for kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innanfor psykisk helse og rus i kommunane. I tillegg har regjeringa styrkt tilskotet til hjelpetelefonar og chattilbod innanfor psykisk helse, rus og vald. Frivillige organisasjonar og andre aktørar i sivilsamfunnet er viktige samarbeidspartnarar i dette arbeidet.

8.6.9 Betre fellesskap og møteplassar for eldre gjennom eldreløftet til regjeringa

Regjeringa vil ha eit meir aldersvennleg Noreg, der eldre kan delta og kjenne seg trygge. Gjennom Eldreløftet følgjer regjeringa opp Bu trygt heime-reforma og kjem med nye og forsterka satsingar på bustad, bemanning og kvalitet, høyrsel, aktivitet og pårørande. Målet er trygge kvardagar i eit aldersvennleg samfunn. Med fleire eldre og åleinebuande eldre er det behov for å gjere det lettare å bu heime lenger og leggje til rette for effektiv tenesteyting i heimen. Dei eldre treng gode sosiale møteplassar, servicefunksjonar i nærleiken og tenester som gjer at dei kan meistre kvardagen i sin eigen heim. Regjeringa legg òg vekt på å styrkje moglegheita eldre har til å ta del i frivillige aktivitetar som kan bidra til betre helse og livskvalitet.

8.6.9.1 Ny tilskotsordning til aktivitetstiltak for eldrekrafta

Regjeringa har etablert ei ny tilskotsordning til aktivitetstiltak for eldrekrafta som del av Eldreløftet. Ordninga skal bidra til at eldre kan leve eit aktiv og meningsfullt liv, motverke einsemd og styrkje aldersvennlege møteplassar der eldre både kan delta og bidra i fellesskapet. Tilskotsordninga blei lansert i 2026 og dekkjer eit breitt spekter av tiltak, både for aktive pensjonistar som ønskjer å engasjere seg i frivillig arbeid, og for eldre som trenger meir tilrettelagde tilbod. 174 tiltak over heile landet fekk støtte, mellom anna aktivitetar som kan trekkje til seg menn, som transporthjelp, idretts- og turgrupper, historielag og gåfotball. Aktivitetstilskotet byggjer opp under arbeidet med aktivitetsgarantien i Bu trygt heime-reforma, tiltak i program for eit aldersvennleg Noreg 2030 og styrkjer folkehelseinnsatsen i Eldreløftet gjennom auka fysisk og sosial aktivitet for eldre. Regjeringa vil løfte eldrekrafta og ta i bruk den verdifulle erfaringa og kompetansen dei eldre har, til å løyse viktige samfunnsoppgåver. Regjeringa har derfor inngått eit partnarskap for eldrekrafta med sentrale frivillige organisasjonar og KS. I arbeidet skal dei særleg ta omsyn til ønska og behova til eldre menn. Mange vil gjerne bidra i frivillig arbeid for andre eldre eller i aktivitetar på tvers av generasjonar, mens andre treng tilrettelagde tilbod. Eldre menn deltek i stor grad i frivillig arbeid. Samtidig kan livsovergangar som det å bli pensjonist, ufør eller miste partnar og vener, auke risikoen for einsemd og sosial isolasjon. For å møte denne utfordringa har Senteret for eit aldersvennleg Noreg i samarbeid med fleire frivillige organisasjonar gjennomført eit prosjekt for å utvikle og synleggjere frivillige tilbod som i større grad treffer menn (sjå boks 8.5). Erfaringane frå prosjektet skal takast med vidare i partnarskapet for eldrekrafta.

Boks 8.11 Eldreløftet

Eldreløftet er ein del av regjeringsplanen for Noreg (2025–2029) og høyrer til satsingsområdet tryggleik for helsa. Fellesskapet skal stille opp for dei eldre. Derfor har regjeringa lagt fram Eldreløftet med nye og forsterka satsingar på bustad, bemanning og kvalitet, høyrsel, aktivitet og pårørande. Målet er å mobilisere eldrekrafta og bidra til ei trygg framtid for dei eldre.

8.7 Gutar og menn er overrepresenterte blant personar med speleproblem

Menn er tydeleg overrepresenterte i både problematisk pengespeling og problematisk dataspeling. Den siste befolkningsundersøkinga (frå 2022) om omfanget av penge- og dataspelproblem i Noreg blant personar mellom 16 og 74 år estimerer at om lag 23 000 nordmenn har problem med pengespel, mens om lag 93 000 har risiko for å få problem med det (Pallesen S. et al., 2023). Førekomsten av problematisk pengespeling blant menn er nær tre gonger så stor som for kvinner.

Problematisk penge- og dataspeling er utbreidd blant unge gutar. Ei stor skulebasert undersøking frå 2025 blant barn og unge i Noreg i alderen 12 til 17 år om penge- og dataspelproblem viste at 11,5 prosent av gutane og 2,2 prosent av jentene hadde symptom på pengespelproblem, og at det kan vere ein samanheng mellom dataspelproblem og pengespelproblem (Pallesen S. et al., 2023). Undersøkinga viste vidare at 3 prosent av gutane kan klassifiserast som dataspelavhengige, mot 1,1 prosent av jentene.

Norsk Tipping har dei siste åra sett eit trendskifte blant dei yngste spelarane ved at fleire av dei nye unge kundane (18–25 år) registrerer seg for å spele kasinospel. Andelen unge menn som speler kasinospel, er tre gonger høgare enn i befolkninga generelt. Dette er urovekkjande sidan kasinospel er blant spela med høgast risiko for å gi speleproblem. Nyare tal frå Norsk Tipping viser ein viss auke i problemspeling, særleg blant unge menn.

Grensa mellom dataspel og pengespel har dei siste åra blitt viska noko ut ved at det har komme inn pengespel og pengespelliknande element i dataspel. Til dømes kan ein kjøpe digitale forundringspakkar (loot-boksar) loot-boksar i dataspel der spelaren ikkje kjenner innhaldet eller verdien av innhaldet. Vidare kan ein kjøpe eller vinne skins, det vil si digitale kosmetiske gjenstandar som endrar det visuelle utsjånaden til ein figur, ein gjenstand eller eit våpen utan å påverke spelemekanikkane eller prestasjonane til spelaren. Skins kan brukast som innsats i pengespel på plattformer utanfor dataspela, såkalla skin betting. Fleire av desse sidene lèt òg personar under 18 år spele. Ingen i Noreg har lov til å tilby pengespel med skins, og sidan 2025 har Lotteri- og stiftelsestilsynet DNS-blokkert nettsider som tilbyr dette. Departementet har bestilt og motteke ein rapport frå Lotteri- og stiftelsestilsynet om korleis lootboksar og andre pengespelliknande element i dataspel kan regulerast. Rapporten er utarbeidd av Lotteri- og stiftelsestilsynet i samarbeid med Medietilsynet, Norsk filminstitutt og Forbrukartilsynet og er bestilt av regjeringa som ledd i oppfølginga av eit oppmodingsvedtak frå Stortinget om regulering av pengespelliknande element i dataspel. Rapporten er sendt på høyring, med høyringsfrist 12. januar 2027.

Den siste tida har det vakse fram såkalla prediksjonsmarknader, altså digitale plattformer der brukarar kan vedde på utfallet av framtidige hendingar. Prediksjonsmarknader er eit forholdsvis nytt fenomen som det er grunn til å vere merksam på. Mellom anna har det vore reist spørsmål om ein mogleg samanheng med speleproblem, eller om prediksjonsmarknadene kan fungere som ein inngangsport til seinare problemspeling. Det er foreløpig for tidleg å konkludere om slike samanhengar, men utviklinga gjer at mellom anna Lotteri- og stiftelsestilsynet følgjer fenomenet tett.

Speleproblem kan ha alvorlege konsekvensar for den psykisk helsa og livskvaliteten til folk, derfor er førebygging sentralt i regjeringa sin pengespelpolitikk. Førebygging er viktig i eit samfunnsperspektiv òg, sidan speleproblem kan få store konsekvensar både for den enkelte, dei pårørande og samfunnet elles. Tidleg førebygging kan bidra til å redusere økonomiske og sosiale belastingar og hindre at folk får speleproblem. Speleproblem kan føre til gjeld, som igjen kan gi økonomiske problem og skape stress og konfliktar i familie- og arbeidslivet. Over tid kan dette bli ein vond sirkel der gjeld og speling forsterkar kvarandre negativt. Regjeringas «Handlingsplan mot spilleproblemer 2026–2029» viser til at personar med pengespelavhengnad oftare har sjølvmordstankar enn befolkninga elles, og understrekar behovet for tidleg identifisering og tilgjengeleg hjelp (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2026).

8.7.1 Regjeringa sin innsats mot speleproblem

Arbeidet med å førebyggje speleproblem har vore forankra i nasjonale handlingsplanar sidan 2005. Handlingsplan mot spilleproblemer 2026–2029 omfattar både data- og pengespel og byggjer på eit mål om at så få personar som mogleg skal utvikle speleproblem (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2026). Dette er avgjerande for å redusere dei negative konsekvensane av speleproblem for enkeltpersonar, pårørande og samfunnet samla sett.

Handlingsplanen har tre overordna mål: Færrast mogleg skal utvikle speleproblem, problematisk speleåtferd skal identifiserast tidleg og møtast med god behandling, og kunnskapen om spel og speleproblem skal aukast og delast. For perioden 2026–2029 har ein lagt særleg vekt på utvalde målgrupper, mellom anna barn og unge i alderen 9–25 år, pårørande og barn som pårørande, idrettsutøvarar, personar under soning og andre utsette grupper. Mange av tiltaka i handlingsplanen vil i praksis særleg komme gutar og unge menn til gode ettersom dei er overrepresenterte blant personar med speleproblem. Barn og unge er ei sentral målgruppe i handlingsplanen, mellom anna fordi regjeringa er bekymra for ei utvikling der barn blir eksponerte for pengespel og får interesse for slike spel gjennom dataspel.

Handlingsplanen omfattar tiltak innanfor førebygging, hjelpetilbod og kunnskapsutvikling og må sjåast i samanheng med andre handlingsplanar, strategiar og råd.2 Arbeidet er langsiktig og dynamisk, med fast målstruktur, og ansvarlege styresmakter vurderer og justerer tiltaka løpande for å sikre at dei er relevante og treffsikre.

Norsk pengespelpolitikk er tydeleg styrt av omsynet til ansvarskjensle, der førebygging av speleproblem alltid skal komme før profitt. Handlingsplanen vidarefører derfor eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid og legg vekt på både førebygging, hjelp til dei som allereie har problem, og auka kunnskap som kan danne grunnlag for å utvikle politikken vidare.

Handlingsplanen blir finansiert av minimum 0,5 prosent av overskotet til Norsk Tipping og utgjorde 40 millionar kroner i 2025.

8.8 Demokratisk utanforskap, ytringsklima og digital påverknad blant unge menn

Mannsutvalet peikar på teikn til at særleg unge menn kan oppleve større avstand til demokratiet og fellesskapet. Sjølv om det generelt er små kjønnsforskjellar i valdeltakinga, ser vi at yngre menn og menn med innvandrarbakgrunn stemmer i mindre grad enn andre veljarar. Utgreiinga frå Mannsutvalet fortel òg at fleire gutar og menn opplever ytringsfridommen i Noreg som avgrensa (NOU 2024: 8).

Når nokon opplever at dei står på utsida av demokratiske prosessar, kan det bidra til avmakt, redusert tillit til institusjonar og lågare oppslutning om demokratiske verdiar. Sosiale medium, algoritmar og kunstig intelligens kan forsterke slike tendensar gjennom feilinformasjon, desinformasjon og målretta påverknad. Ulike grupper i befolkninga blir eksponerte for ulik informasjon om samfunnet og korleis dei bør leve.

Utanforskap, manglande meistring eller låg tillit til samfunnet kan gjere nokre gutar og unge menn meir mottakelege for polariserande eller ytterleggåande bodskapar. Enkelte nettmiljø tilbyr forklaringar på personlege og samfunnsmessige utfordringar som byggjer på fiendebilete, mistillit og motsetningar mellom grupper. Algoritmar kan bidra til auka eksponering for slikt innhald over tid og kan i visse tilfelle forsterke radikaliseringsprosessen.

Samla sett kan dette påverke livskvaliteten til gutar og menn, tilhøyrselen til fellesskapet og den demokratiske motstandskrafta i samfunnet.

8.8.1 Nokre menn har lågare tillit og lågare valdeltaking

Fleire undersøkingar peikar på at tillitsnivået generelt er høgt i Noreg, men at menn gjennomgåande har noko lågare tillit enn kvinner til styresmakter, media og andre innbyggjarar (Arnesen & Dalen, 2025; Oppøyen, 2022; DFØ, 2026; Eidset & Kræmmer, 2026). Levekårsundersøkinga til SSB viser at menns tillit samla sett er relativt stabil frå 2022 til 2025, men at det kan vere grunn til å sjå på enkelte utviklingstrekk. Andelen med låg tillit til rettsvesenet har auka, særleg blant unge menn, og fleire menn oppgir at dei har låg tillit til nyheitsmedia. Tilliten varierer med mellom anna utdanning, alder, deltaking i frivillige organisasjonar og økonomisk situasjon.

Det er betydelege forskjellar i valdeltakinga, avhengig av utdanning, innvandrarbakgrunn, alder og kjønn. Det er samla sett noko meir sannsynleg at menn blir «heimesitjarar», altså gjentekne gonger avstår frå å bruke stemmeretten sin, enn at kvinner blir det. Det gjeld særleg menn i alderen 26–39 år. Personar utan utdanning utover grunnskulen og personar med innvandrarbakgrunn er òg tydeleg overrepresenterte.

Når enkelte grupper deltek mindre i val, blir den politiske innverknaden deira svekt. Over tid kan det påverke både tilliten deira til demokratiet og representativiteten til systemet. Valforsking peikar på at vedvarande heimesitjing kan forsterke sosiale og politiske ulikskapar. Auka avstand mellom grupper og avgjerdstakarar kan òg styrkje oppslutninga om rørsler som utfordrar demokratiske normer (Meld. St. 13 (2024–2025)).

Boks 8.12 Demokratisk fråkopla ungdom

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har forskarar ved NTNU, saman med NTNU Samfunnsforskning og Rambøll Consulting Management, gjennomført den første nasjonale kartlegginga av demokratisk kunnskap og kompetanse blant elevar i vidaregåande skule: «Demokomp» (Storstad et al., 2026). Studien byggjer på data frå vel 3 200 vg2-elevar.

Studien viser at kunnskap om demokrati er viktig for engasjement og deltaking og ein av dei viktigaste faktorane for å byggje demokratisk beredskap. Elevar med god kunnskap om demokrati støttar i større grad demokratiske verdiar, dei har høgare tillit til institusjonar, og dei har betre evne til å vurdere informasjonskjelder. Samtidig viser kartlegginga at ein firedel av elevane i vg2 er det forskarane omtaler som «demokratisk fråkopla», det vil seie at dei har låg politisk interesse og låg politisk deltaking. Forskarane finn at det er ein tydeleg samanheng mellom demokratisk fråkopling og låg grad av politisk sosialisering i heimen, men at skulen til ei viss grad kan kompensere for dette (Storstad et al., 2026).

8.8.2 Gutar og menns deltaking i samfunnsdebatten

Gutar legg stor vekt på moglegheita til å ytre seg fritt og bli tekne på alvor når dei gjer det (Opinion, 2026). Ytringsfridom er blant temaa som engasjerer dei mest. Samtidig viser fleire undersøkingar at mange gutar og menn synest det er krevjande å delta i offentlegheita. Dei beskriv eit press om å uttrykkje seg på ein «rett» eller politisk korrekt måte, noko som kan heve terskelen for å delta og forsterke kjensla av at meiningane deira ikkje har nokon legitim plass i samfunnsdebatten. Nokre unge opplever handteringa av ytringar på digitale plattformer som ein barriere. På nett kan ytringar finnast eller bli synleggjorde i ettertid, og enkelte opplever at lagrings- og distribusjonsmekanismane til plattformene kan gjere at ytringar kan få utilsikta konsekvensar og publikum. Fleire menn enn kvinner, og fleire unge enn eldre, rapporterer at dei har vore utsette for nedlatande kommentarar. Det kan forklarast med at det er desse gruppene som i størst grad uttrykkjer meiningane sine digitalt (Fladmoe, Wollebæk, Thorbjønsrud, & Eggen, 2026). Menn er mest ytringsvillige og har vore det over tid, uavhengig av alder, utdanning og politisk tilhøyrsel.

Opplevingane av avgrensingar i ytringsrommet varierer, både når det gjeld kven som opplever det, og kvifor. Om ein opplever avgrensingar på grunn av lite meiningsmangfald eller «det politisk korrekte» eller på grunn av risikoen for å bli utsett for hets og hatefulle ytringar, er i stor grad avhengig av partipolitisk tilhøyrsel. Høgare terskel for å delta i samfunnsdebatten kan medføre sjølvsensur. For kvar enkelt kan dette redusere den demokratiske deltakinga, tilknytinga og innverknaden. For samfunnet samla sett kan det utfordre eit mangfaldig, ope og opplyst offentleg ordskifte og demokratisk representativitet og legitimitet.

Menn har større aksept for ytringar som kan opplevast som krenkjande, enn kvinner, og slik har det vore i mange år. Når slike ytringar rettar seg mot minoritetsgrupper, er aksepten relativt høg både blant menn og kvinner (høvesvis 79 og 56 prosent) (Fladmoe, Wollebæk, Thorbjønsrud, & Eggen, 2026). Demokratiske samfunn krev og legg til rette for toleranse og rom for usemje og mangfald. Som Ytringsberedskap – Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte viser til, omfattar ytringsfridommen òg ytringar som «fornærmar, sjokkerer og forstyrrar» (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2025a). Samtidig er det eit problem for ytringsfridommen og ei velfungerande offentlegheit dersom enkelte lèt vere å ytre seg fordi dei er redde for å bli møtte med hets, sjikane eller negative reaksjonar. Ytringsfridomskommisjonen drøfta om tilknyting til offentlegheita er eit vilkår for brei deltaking, og kva barrierar som kan hindre denne tilknytinga (NOU 2022: 9). Brei deltaking i offentlegheita inneber ikkje nødvendigvis at flest mogleg deltek, men at ulike grupper, erfaringar og perspektiv kjem til orde. Studiar viser at om lag ti prosent av befolkninga jamleg kommenterer på nyheiter digitalt (Moe & Schefner, 2026), og at femten prosent oppgir å ha deltatt i digitale diskusjonar om samfunnsspørsmål på sosiale medium/internett i løpet av det siste året (SSB, 2026h). Avgrensa deltaking kan skuldast mangel på tid og interesse, arbeidssituasjonen og ulik tilgang til ressursane som trengst for å delta. Erfaringar med hets og sjikane kan òg utgjere ein stor barriere, særleg for personar med etnisk eller religiøs minoritetsbakgrunn, kvinner og unge. For desse gruppene er angrepa oftare retta mot identitet og slike ting som hudfarge, religion og kjønn, enn mot innhaldet i ytringane.

8.8.3 Informasjon, normer og forventningar som gutar og unge menn møter på internett

Digitale plattformer er sentrale arenaer der maskulinitet og kjønnsnormer blir forma og formidla. Slike plattformer er blitt ein stor del av kvardagen til både barn, unge og vaksne, og særleg barn og unge bruker mykje tid på dataspel. Her blir dei eksponerte for ulike ideal, forventingar og vurderingar knytte til korleis ein bør vere, eller korleis ein bør leve. I mange tilfelle kan desse ideala, forventingane og vurderingane vere svært ulike for gutar og jenter. Under innspelsmøtet med unge om gutar og menns likestillingsutfordringar (sjå tekstboks 1.1) var deltakarane opptekne av korleis digitale miljø kan forsterke press, kroppsideal og ekstreme kjønnsnormer (Redd Barna, 2026).

Analysar tyder på at gutar og jenter bevegar seg i stadig meir ulike digitale informasjonsunivers (Storstad & Bungum, 2025; TRY, 2026). Innanfor desse kjønnsdelte informasjonsstraumane ser visse typar innhald ut til å nå særleg mange gutar. Det gjeld mellom anna bodskapar som blir presenterte som enkle forklaringar på komplekse samfunnsspørsmål eller som alternative forståingar av kjønn og samfunn. Forsking peikar på at konfliktorienterte forteljingar om kjønn i aukande grad har bevega seg bort frå marginale nettforum og over til større plattformer (Storstad & Bungum, 2025). Slike bodskapar kan få gjennomslag ved å bli kopla til erfaringar og utfordringar som unge gutar kjenner igjen, mellom anna gjennom innhaldsskaparar dei utviklar tillit til.

Nokre gutar og menn kan søkje seg til fellesskap som vender seg bort frå eller er i opposisjon til etablerte demokratiske normer. Den såkalla mannosfæren omfattar ulike digitale fellesskap som ofte er kjenneteikna av antifeministiske perspektiv og ei forståing av kjønn som biologisk bestemt og hierarkisk (Peters, 2026). Innhaldet i desse miljøa varierer frå sjølvhjelpsorientert rådgiving og diskusjonar om maskulinitet til meir ekstreme haldningar og konspirasjonsprega innhald. Samtidig er slike perspektiv i aukande grad blitt tilgjengelege på større og meir kommersielle digitale plattformer.

Subkulturar som incelmiljøet (involuntary celibacy, nettbasert fellesskap av menn som lever i ufrivillig sølibat, og som har kvinnefiendtlege haldningar) er døme på at digitale fellesskap kan tiltrekkje seg personar som opplever einsemd, sosial isolasjon og psykiske belastingar, kombinert med eit ytterleggåande verdsbilete. Digitaliseringa har gjort det enklare å etablere og oppretthalde slike fellesskap på tvers av landegrenser, og høg grad av anonymitet kan senke terskelen for å uttrykkje ekstreme haldningar og søkje tilhøyrsel i lukka nettverk.

Sosiale medium kan spele ei rolle i slike utviklingsprosessar. Den teknologiske utviklinga har tilbydt verktøy som gjer det enklare å produsere og spreie feilinformasjon, og dette kan aktørar som ønskjer å villeie eller skape uro, dra nytte av. Hatefulle ytringar og desinformasjon skaper ofte stort engasjement og kan spreiast raskt gjennom interaksjonane til brukarane og tilrådingsalgoritmane frå plattformene. Algoritmane kan dermed bidra til at brukarar blir eksponerte for stadig meir einsidig eller ekstremt innhald over tid. Det kan påverke radikaliseringsprosessar.

Politiets tryggingsteneste (PST) har dei siste åra registrert ein auke i talet på mindreårige som blir eksponerte for ekstrem islamistisk propaganda på nett (PST, 2026b). Dei fleste er gutar i alderen 15 til 17 år, men det er òg snakk om yngre barn. Nettbaserte plattformer gjer det mogleg å nå sårbare unge direkte, spreie propaganda raskt og etablere kontakt på tvers av geografiske grenser.

Digitaliseringa har utvida borgarane sitt høve til å ytre seg og innhente ny informasjon og nye perspektiv, uavhengig av tid og stad. Samtidig har dette opna opp for at produsentar utan redaksjonell tilknyting kan tilby nyheits- og aktualitetsinnhald som ikkje er basert på journalistiske arbeidsmetodar eller presseetikk. Kunstig intelligens (KI) gjer det ekstra krevjande å vurdere kva som er truverdig innhald, og å skilje mellom ekte og falsk informasjon. Utviklinga gjer det særleg viktig med kritisk medieforståing og kjeldekritikk. Medietilsynet si undersøking Kritisk medieforståelse i den norske befolkningen 2024 indikerer at evna til å identifisere KI-generert innhald er avgrensa i befolkninga. Samtidig svarer fleire menn enn kvinner og fleire unge enn eldre at dei synest det er lett å vurdere om informasjon dei møter på nettet, er sann eller usann. Det viser at det trengst meir systematiske og omfattande studiar for å undersøkje om enkelte grupper, til dømes unge menn, er meir sårbare for desinformasjon enn andre (Medietilsynet, 2024).

Boks 8.13 Innspel frå dei unge om digitalisering og likestilling

Unge beskriv digitale plattformer både som ein risiko og ein ressurs og peikar på korleis utviklinga skaper nye rom for påverknad, identitetsforming og sosial tilhøyrsel. Digitalisering kan gjere gutar meir utsette for skadeleg innhald, ekkokammer og miljø som fremjar snevre kjønnsroller. Fleire understrekar at polariserande bodskapar spreier seg raskt på dei algoritmestyrte plattformene, og at det digitale sporet til brukaren kan gjere det krevjande å bryte ut av slike miljø. Det blei òg framheva at profilerte kulturpersonlegdommar og kommentatorar i digitale rom har stor påverknad på korleis unge menn forstår kjønn og samfunn. Samtidig understreka dei unge at sosiale medium gir gode moglegheiter for å fremje likestilling, mellom anna ved å gi tilgang til nye perspektiv, mangfaldige rollemodellar og inkluderande fellesskap på tvers av geografi og bakgrunn.

Blant innspela til tiltak kom tilrådingar om å kartleggje korleis kunstig intelligens påverkar likestilling (Redd Barna, 2026).

8.9 Tiltak for eit demokratisk og motstandsdyktig samfunn

Demokratisk deltaking, eit mangfald av frie redaktørstyrte medium, eit ope og opplyst offentleg ordskifte og trygge digitale oppvekstmiljø er grunnleggjande for eit velfungerande samfunn.

Den raske teknologiutviklinga og posisjonen utanlandske teknologigigantar har i den norske offentlegheita, utfordrar desse føresetnadene. Regulering av digitale plattformer må kombinerast med styrkt demokratisk og digital kompetanse og eit mangfald av frie redaktørstyrte medium som befolkninga bruker og har tillit til. Kunnskap, deltaking og tillit byggjer fellesskap og motstandskraft mot desinformasjon og polarisering.

Utanforskap, manglande meistring eller låg tillit til samfunnet kan gjere enkelte gutar og unge menn meir sårbare for påverknad frå ytterleggåande nettmiljø. Slike miljø tilbyr tilhøyrsel og identitet og bidreg til å forsterke mistillit og fiendebilete. Dette må møtast med inkluderande fellesskap og gode rollemodellar.

Slik vil regjeringa leggje til rette for deltaking, ytringskultur og eit tryggare internett for barn og unge:

  • meir kunnskap om demokrati og medborgarskap i skulen

  • tilrettelegging for bibliotek som opne og demokratiske møteplassar

  • innsats for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og styrkt motstandskraft mot desinformasjon

  • innsats for trygg oppvekst i digitale samfunn

  • nordisk samarbeid om auka kunnskap om algoritmestyrt informasjon, likestilling og demokratisk motstandskraft

8.9.1 Meir kunnskap om demokrati og medborgarskap i skulen

Kunnskap om demokrati er avgjerande for å byggje demokratiske verdiar og tillit til demokratiske institusjonar. Derfor er demokrati og medborgarskap eitt av tre prioriterte tverrfaglege tema i læreplanverket. Likevel har mange unge for lite kunnskap om demokratiet. Fellesskuleutvalet peika i rapporten sin på at det er viktig med demokratiopplæring, men at opplæringa i temaet er blitt meir krevjande (NOU 2026: 10). Utfordringa er samansett, men utvalet meiner at det trengst ei heilskapleg satsing på demokratiopplæring i skulen. Det inneber å styrkje kompetansen til læraren, tydeleggjere demokratisk kunnskapsinnhald og verdiar i læreplanverket og sørgje for at elevane får lære om demokrati i praksis gjennom medverknad.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet jobbar Utdanningsdirektoratet med å fornye strukturen og innhaldet i framtidas vidaregåande opplæring. Temaet demokrati og medborgarskap inngår i dette arbeidet.

Andre aktørar bidreg òg i arbeidet med tematikken. I 2025 blei det lansert ein ny felles strategi for freds- og menneskerettssentera i Noreg (Kunnskapsdepartementet, 2025b). Sentera er viktige støttespelarar for skulane i arbeidet med å førebu elevane på demokratisk deltaking gjennom undervisning i grunnleggjande demokratiske verdiar som gjensidig respekt, toleranse, ytringsfridom og frie val. Strategien synleggjer breidda i arbeidet til sentera og viser kva dei bidreg med, både kvar for seg og samla. Han peikar òg på framtidige utviklingsområde og verkefelt for sentera, ikkje minst kor viktig det er at sentera vidareutviklar det faglege samarbeidet med andre kompetansemiljø. Målet er å skape fleire synergieffektar. Det kan vere både fagleg berikande og meir berekraftig for ressursane.

8.9.2 Biblioteka som opne og demokratiske møteplassar

Biblioteka er opne og inkluderande kulturarenaer som sikrar fri og lik tilgang til kunnskap, informasjon og kultur for alle. Dei legg til rette for læring, samtale og debatt og er ein møteplass for folk på tvers av alder, kjønn, kultur og sosioøkonomisk bakgrunn. Slik bidreg dei til å byggje fellesskap og tillit og til å styrkje den demokratiske offentlegheita. Biblioteka er derfor sentrale institusjonar i demokratiet.

Gjennom brei tilgang til litteratur, forsking, redaktørstyrte medium og andre kunnskapskjelder gir biblioteka befolkninga verktøy for refleksjon, kritisk tenking og digital dømmekraft. Biblioteka kan dermed gjere samfunnet meir motstandsdyktig mot gruppefiendtlege og antidemokratiske haldningar og styrkje den demokratiske beredskapen.

Folkebiblioteklova sikrar at alle kommunar har eit folkebibliotek som er eigd og finansiert av kommunen. Nasjonalbiblioteket er statens utviklingsorgan for biblioteksektoren og bidreg til utvikling gjennom å forvalte og tildele prosjekt- og utviklingsmidlar.

SSBs kulturbarometer viser at menn bruker biblioteket i mindre grad enn kvinner (Bekkengen, 2025). I 2025 var 44 prosent av menn bibliotekbrukarar, mot 54 prosent av kvinner. Menn i alderen 45–66 år var den gruppa som i minst grad brukte biblioteket i 2025. Tal frå Bokbasen Statistikk viser ein tilsvarande kjønnsforskjell når det gjeld utlån (Bokbasen, 2026). I første halvår av 2026 stod kvinner for 68 prosent av alle utlåna, mens menn stod for 23 prosent (9 prosent er ukjent). Biblioteksektoren er klar over kjønnsforskjellane, og enkelte bibliotek har utvikla prosjekt som rettar seg spesifikt mot gutar og menn.

I Regjeringens plan for Norge 2025–2029 er lesing eit prioritert område. Satsinga omfattar eit leseløft både i utdannings- og kultursektoren. For utdanningssektoren handlar det om å styrkje lese- og skriveundervisninga i skulen for å forbetre lese- og skriveferdigheitene til barn og unge. For kultursektoren handlar leseløftet om byggje ein sterkare kultur for lesing i heile befolkninga. Levande folkebibliotek, mangfaldig litteraturtilbod og god litteraturformidling er sentrale element i dette arbeidet. Kultur- og likestillingsdepartementet utarbeider ein leselyststrategi for vaksne. Biblioteka er sentrale i arbeidet med å skape leselyst i befolkninga.

8.9.3 Styrkt innsats for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og motstandskraft mot desinformasjon

Ytringsberedskap – Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte trekkjer opp prinsipp for det samla og sektorovergripande arbeidet til regjeringa med ytringsfridom og eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Han er ikkje utforma som ein tradisjonell handlingsplan med ei uttømmande liste over tiltak, men synleggjer korleis regjeringa vil arbeide på tvers av skule og utdanning, medium, kunst- og kulturliv, forsking, arbeidsliv, sivilsamfunn og digitale plattformer. Arbeidet skal styrkje infrastrukturen for ytringsfridommen, byggje ned barrierar for deltaking, sikre openheit og medverknad og bidra til ein ytringskultur som er prega av toleranse, mangfald og stor takhøgd. Eitt av prinsippa strategien løftar fram, er idealet om eit konstruktivt usemjefellesskap: eit fellesskap som ikkje byggjer på semje, men på evna og viljen til å handtere usemje gjennom dialog og samarbeid. I tråd med dette slår strategien fast at regjeringa vil «bidra til at ungdom utviklar forståing av ytringsfridom og verdien av debatt og ein konstruktiv usemjefellesskap» (Kultur- og likestillingsdepartementet, 2025b).

Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030) omtaler regjeringa sin innsats for å førebyggje at desinformasjon skal spreie seg og få effekt. Verkemidla og tiltaka skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte i tråd med infrastrukturkravet i Grunnlova § 100. Styresmaktene er pålagde å sørgje for at folk har høve til å vere engasjerte i og tilknytte offentlege samtalar. Strategien handlar med andre ord om å sikre ytringsfridommen, ikkje om å avgrense høvet individ har til å ytre seg offentleg, eller å fjerne usanne påstandar. Han skal styrkje eit demokratisk usemjefellesskap som ikkje er påverka av falsk eller villeiande informasjon.

Eit sentralt tiltaksområde i strategien er følgjeleg å styrkje den kritiske medieforståinga til befolkninga – kunnskapen og ferdigheitene som er nødvendige for å orientere seg og delta trygt i medielandskapet – slik at folk sjølve kan vurdere kva som er påliteleg informasjon. Tiltak inkluderer til dømes å støtte skipinga av Tenk – Senter for kildebevissthet, eit initiativ frå Faktisk.no, som er ein ideell organisasjon for faktasjekking og eit uavhengig redaktørstyrt medium. Senteret skal bidra til at fleire får kompetanse på kritisk medieforståing og kjeldekritikk. Utanforskap, manglande meistring eller låg tillit til samfunnet kan gjere nokre gutar og unge menn meir sårbare for påverknad frå aktørar som ønskjer å forsterke mistillit og fiendebilete. Tiltaksområdet i strategien rettar seg mot befolkninga generelt, ikkje mot spesifikke grupper. For særleg sårbare eller utsette personar og grupper kan det likevel vere svært viktig med tiltak som kan styrkje den kritiske medieforståinga.

Eit anna viktig tiltak er etableringa av eit senter for forsking på det offentlege ordskiftet. Institutt for samfunnsforsking, i samarbeid med Universitetet i Oslo og NORCE skal drive senteret. Senteret skal bidra med langsiktig og systematisk forsking på vilkåra til ytringsfridommen og utviklinga i det offentlege ordskiftet, mellom anna ved å undersøkje deltakinga og erfaringane til befolkninga, ulike gruppers tilgang til offentlegheita og betydinga av politiske, juridiske og teknologiske rammevilkår. Det skal òg følgje utviklinga i polarisering og desinformasjon, som korleis desinformasjon blir spreidd, kven som er særleg utsette, og kva mottiltak som verkar i ein norsk kontekst. Senteret er eit tiltak i både ytringsberedskapsstrategien og strategien for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon.

Skulen har potensial til å vere ei motvekt til dagens moglegheiter til å velje bort medietilbod som er sentrerte om politikk og samfunnsspørsmål, redaktørstyrt innhald mv., og kan gi unge den kunnskapen dei treng for å kunne nyansere og kritisk vurdere informasjon. Forsking viser at utdanning og demokratisk kunnskap styrkjer forståinga av likebehandling, mangfald og solidaritet med marginaliserte grupper som grunnleggjande verdiar i eit velfungerande demokrati (Storstad & Bungum, 2025, s. 79).

Boks 8.14 DSA – eit viktig verktøy for å verne mindreårige på internett

Forordninga om digitale tenester (Digital Services Act, DSA) blei vedteken av EU i 2022 og fastset nye reglar for digitale plattformer og søkjemotorar. Dei mest omfattande krava gjeld for dei aller største plattformene og søkjemotorane.

DSA pålegg plattformene å identifisere, vurdere og redusere risikoen knytt til tenestene sine, mellom anna risikoen som følgjer av ulovleg og skadeleg innhald. Forordninga inneheld særskilde føresegner som styrkjer vernet av barn og unge, til dømes eit forbod mot åtferdsbasert reklame retta mot barn. Det blir òg eit generelt forbod mot å vise åtferdsbasert reklame basert på sensitive personopplysingar, til dømes om legning, etnisitet eller religion. DSA er eit rammeverk som fastset prosedyrar og plikter for korleis plattformer skal handtere ulovleg innhald.

DSA er eit indre marknadsregelverk og blir rekna som EØS-relevant. Skjermbrukutvalet tilrådde at forordninga blir innlemma i norsk rett, og tilrådinga fekk brei støtte i høyringa. Regjeringa har varsla at arbeidet med å innlemme DSA i EØS-avtalen og gjennomføre regelverket i norsk rett vil bli prioritert. Gjennomføringa krev ny lovgiving, og lov om digitale tenester blei send på høyring hausten 2025.

8.9.4 Tiltak for ein trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

Regjeringa la fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn i 2025. Meldinga skal bidra til ein heilskapleg politikk på feltet og sjå på moglegheiter og utfordringar med den digitale kvardagen til barn og unge. Meldinga inneheld fleire tiltak som kan bidra til å fremje likestilling, mellom anna gjennom arbeidet med digital kompetanse, vern mot seksuell utnytting, regulering av digitale plattformer og utvikling av kunnskapsbasert politikk. Tiltaka kan bidra til å redusere kjønnsrelaterte forskjellar i risiko, deltaking og moglegheiter i den digitale kvardagen til barn og unge.

Andre tiltak i meldinga omfattar nasjonale råd for å hjelpe barn, unge og foreldre med å finne ein god balanse mellom skjermbruk og andre aktivitetar, og råd om mobilbruk i skulen. Meldinga legg vekt på å styrkje barns rettar og vern i digitale medium gjennom auka regulering av dei store teknologiaktørane. Regjeringa vil mellom anna føre vidare arbeidet med ny lovgiving for digitale tenester og styrkje det internasjonale samarbeidet for å sikre at teknologiselskap og digitale plattformer tek eit større ansvar for barns tryggleik på nett. Dette omfattar mellom anna vern mot skadeleg innhald, kommersiell påverknad, digitale krenkingar og ulike former for utnytting i sosiale medium.

8.9.4.1 Lovforslag om auka aldersgrense på sosiale medium

Regjeringa vil innføre ei aldersgrense for sosiale medium for å verne barn mot digitale overgrep, hets, rekruttering til kriminalitet og radikaliserande innhald. Aldersgrensa skal gjelde fram til det året ein fyller 16. Lova har vore på høyring i Noreg og EØS, og regjeringa jobbar med mål om å leggje fram eit lovforslag for Stortinget innan året er omme.

8.9.5 Nordisk samarbeid om meir kunnskap om algoritmestyrt innhald, likestilling og demokratisk motstandskraft

Gjennom Noregs formannskap i Nordisk ministerråd i 2027 vil regjeringa løfte fram behovet for betre samhald i ei uroleg tid. Eit ope og inkluderande samfunn føreset respekt for og vern om grunnleggjande rettar. I ei tid med aukande polarisering i spørsmål om kjønn, likestilling og rettar skal Norden vere ei samlande kraft for likeverd, fridom og inkludering og ein pådrivar for at alle skal kunne leve frie og trygge liv. Digitale plattformer medverkar til at debattar om kjønnsroller, rettar og identitet blir forma og spreidde over landegrensene.

I 2027 vil regjeringa ta sikte på å gjere ein innsats på kunnskaps- og informasjonsfronten når det gjeld korleis det digitale medielandskapet, algoritmestyrte informasjonsstraumar og mediebruk formar normer, haldningar og debattar knytte til kjønn, likestilling og lhbt+-rettar, og kva konsekvensar dette kan ha for tilliten, polariseringa og den demokratiske motstandskrafta i Norden. Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget, leggje til rette for erfaringsutveksling på tvers av sektorar og identifisere moglege tiltak som kan styrkje tilliten og den demokratiske motstandskrafta i Norden frå eit likestillings- og lhbt+-perspektiv.

I tillegg vurderer regjeringa nasjonale innsatsar for å auke kunnskapen om desse problemstillingane.

Fotnotar

1

Sjå for eksempel tabell 13790, 13794, 13795, 13797.

2

Dette inkluderer mellom anna dei nasjonale tilrådingane om skjermbruk som blei lanserte i 2026: Meld. St. 5 (2024–2025) Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet Del I – en ny politikk for forebygging, skadereduksjon og behandling, handlingsplanar for sjølvmordsførebygging, Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, regjeringa sin dataspelstrategi Tid for spill (2024–2026) og strategiplanen Bekjempelse av manipulering av idrettskonkurranser (2025–2028).