6 Betre helse for gutar og menn

Figur 6.1 

Figur 6.1

Kjelde: Anagram design.

Noreg har gode levekår og velferdstenester, inkludert helse- og omsorgstenester, og befolkninga har generelt god helse og livskvalitet. Likevel er det tydelege kjønnsforskjellar i sjukdomsførekomst, sjukdomsforløp, helseåtferd og kor ofte kvinner og menn oppsøkjer helsetenesta. Menn har mellom anna høgare førekomst av ikkje-smittsame sjukdommar, rus- og avhengnadsproblem og sjølvmord. Sjukdom, skadar og tidleg død som kan førebyggjast, og som rammar menn hardare enn kvinner, er ikkje berre eit helseproblem, det kan òg vere ei likestillingsutfordring (NOU 2024: 8).

Kvinner og menn kan ha ulike behov i møte med helse- og omsorgstenestene, og slike forskjellar har det ikkje blitt lagt stor nok vekt på. Biologi og kjønna normer og forventingar, som maskuline ideal om sjølvstende og styrke, kan bidra til auka risikoåtferd blant gutar og menn og til høgare terskel for å søkje hjelp. At menn søkjer hjelp seint, eller lèt vere å søkje hjelp, kan få uheldige konsekvensar for helsa deira. I tillegg er det store sosiale helseforskjellar blant menn.

Regjeringa vil arbeide for ei friskare befolkning og mindre sosiale helseforskjellar. Det er eit mål å bruke personellressursane i helse- og omsorgstenestene betre for å få meir helse igjen for innsatsen. Pasientar skal oppleve ei helseteneste som heng saman – heile vegen, heile livet. Å fremje god helse blant gutar og menn vil styrkje folkehelsa og gi betre føresetnader for eit langt og aktivt liv.

For å møte likestillingsutfordringar når det gjeld helse, er det behov for meir kunnskap om kva kjønn har å seie for helse, og kjønnsperspektivet må i større grad bli teke omsyn til når politikk, folkehelsearbeid og tenestetilbod skal utformast. Det overordna målet for kvinnehelsestrategien til regjeringa er å bidra til at betydinga av kjønn blir vektlagd i politikkutforminga og i korleis helsemyndigheitene og den felles helsetenesta arbeider med kvinnehelse og kjønnsperspektivet i helse. Dette gjeld òg for helsa til gutar og menn. Det er nødvendig å styrkje helsekompetansen i befolkninga, som er eit område der det finst kjønnsforskjellar. Helse- og omsorgstenestene må samtidig leggje til rette for at informasjon og tilbod er forståelege, tilgjengelege og tilpassa ulike behov blant pasientar og i befolkninga.

Regjeringa vil

  • fremje friske leveår for gutar og menn gjennom livsløpet gjennom kunnskap og folkehelsepolitikk retta mot område der menn har høgare dødelegheit og sjukdomsbelasting enn kvinner

  • jamne ut forskjellar i friske leveår og levealder mellom ulike grupper av menn

  • fremje god psykisk helse og motverke skadeleg bruk av rusmiddel for gutar og menn gjennom innsats for god folkehelse og i helse- og omsorgstenestene

Deltaking i fellesskap, gode sosiale relasjonar og støtte er avgjerande for god helse i befolkninga, og dette blir omtalt i kapittel 8.

Boks 6.1 Mannsutvalet foreslår

Mannsutvalet viser til at tidleg død og helsetap blant menn i stor grad kan førebyggjast. Utvalet argumenterer for at det er behov for meir kunnskap og kompetanse om menns helseutfordringar og kjønnsforskjellar i helse. Utvalet trekkjer fram at betre tilrettelegging, mellom anna gjennom anonym innleiande kontakt og meir tilgjengelege lågterskeltilbod, kan bidra til at gutar og menn søkjer hjelp tidlegare, og til meir openheit om fysisk, psykisk og seksuell helse (NOU 2024: 8).

Mannsutvalet reiser spørsmål om prostatakreft kan førebyggjast og behandlast på ein betre måte. Utvalet framhevar òg at arbeidet med sjølvmordsførebygging må styrkjast og i større grad rettast mot menn, som er overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken.

Mannsutvalet foreslår fleire tiltak knytte til helse:

  • Setje ned eit mannshelseutval

  • Greie ut eit nasjonalt screeningprogram for prostatakreft

  • Gjere helsetenester meir tilgjengelege for gutar og menn

  • Gjennomføre ei satsing på seksuell helse

  • Auke helsepersonells kunnskap om menns helseutfordringar for å utnytte potensialet ved konsultasjon betre

  • Styrkje innsatsen for å forhindre sjølvmord

  • Styrkje tilboda innanfor psykisk helsevern, rusbehandling og fengsel

6.1 Levevanar, levekår og forventa levealder

Forventa levealder og friske leveår er ein viktig peikepinn på korleis det står til med folkehelsa, og på korleis kvinner og menn skil seg frå kvarandre med omsyn til levekår og levevanar. Menn har høgare dødelegheit enn kvinner gjennom store delar av livsløpet, og det bidreg til at dei i gjennomsnitt har lågare forventa levealder. I 2025 var forventa levealder for menn 81,6 år og for kvinner 84,9 år (Forthun & Baravelli, 2026).

Årsaka til den høgare dødelegheita varierer med alder. Blant yngre menn utgjer ulykker, overdosar og sjølvmord ein større del av dødsfalla, mens kreft, hjarte- og karsjukdommar, demens og andre aldersrelaterte sjukdommar blir vanlegare dødsårsaker seinare i livet (NOU 2024: 8). Det er store sosiale forskjellar i dødelegheit blant menn, sjå boks 6.2.

Boks 6.2 Store sosiale forskjellar i forventa levealder blant menn

Blant menn er det store sosiale forskjellar i forventa levealder, og forskjellane har auka dei siste tiåra. Menn med kort utdanning og låg inntekt lever mykje kortare enn menn med lang utdanning og høg inntekt. I Noreg var forskjellen i forventa levealder mellom menn over 40 år med høgast og lågast inntekt 13,8 år i 2011–2015, mens den tilsvarande forskjellen for kvinner var 8,4 år (Kinge et al., 2019). Blant personar med høg inntekt eller formue var kjønnsforskjellane i dødelegheit små. Det tyder på at sosiale forhold og levekår kan forklare ein stor del av overdødelegheita blant menn.

Forklaringane på samanhengen mellom sosioøkonomisk status og dødelegheit er samansette og inkluderer forskjellar i levevanar, arbeidsforhold og helsebelastingar (Syse et al., 2022). Nokre studiar vektlegg fysiske forhold som bustad, nærmiljø og tilgang til helsetenester, grøne område og idrettsanlegg (Gugushvili & Wiborg, 2025). Andre peikar på psykososiale mekanismar, der trong økonomi, opplevd prestasjonspress og sosial samanlikning bidreg til kronisk stress med negative helseeffektar. Slike mekanismar ser ut til å verke særleg sterkt blant menn, mellom anna i samanheng med normer knytte til forsørgjarrolle og sosial status (Engblad, 2025).

Levealderen har auka mykje for både menn og kvinner, men den relative auken har vore størst blant menn (Engblad, 2025). Dette blir i stor grad knytt til endringar i levevanar og helseåtferd. Mindre røyking, betre førebygging og behandling av hjarte- og karsjukdommar (Forthun & Baravelli, 2026), og færre dødsfall som følgje av trafikkulykker og drukning (Solbakken et al., 2026), har særleg bidrege til auka levealder blant menn.

Det er òg relevant å skilje mellom talet på leveår og talet på friske leveår. Menn mistar i større grad leveår som følgje av tidlegare død, mens kvinner i gjennomsnitt lever lenger, men med fleire år med sjukdom og nedsett funksjonsevne. Kvinner sitt høgare helsetap kan ikkje hovudsakleg forklarast med at dei lever lenger. Kvinners færre friske leveår er mellom anna knytt til høgare førekomst av psykiske plager, smertetilstandar og muskel- og skjelettlidingar, og dessutan helseutfordringar i samband med svangerskap og overgangsalder (Forthun, Madsen, Schwinger & Knudsen, 2025). Hos eldre kvinner kjem mellom anna osteoporose og fallskadar, inkludert hoftebrot, i tillegg (Institute for Health Metrics and Evaluation, 2025).

For enkelte store sjukdomsgrupper utviklar menn sjukdom tidlegare i livet enn kvinner og har høgare risiko for alvorlege forløp. Det gjeld særleg hjarte- og karsjukdom, der menn i gjennomsnitt får sjukdom fire til åtte år tidlegare enn kvinner (Ariansen et al., 2026). Kreft er den største dødsårsaka i Noreg (FHI, 2026a), og både førekomst og dødelegheit av kreft er samla sett høgare blant menn enn blant kvinner, sjølv om forskjellane varierer mellom ulike kreftformer. Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma blant menn, og dei fleste tilfella blir diagnostiserte etter fylte 60 år. Mannsutvalet har særleg peika på behovet for tiltak som kan bidra til tidlegare oppdaging av denne forma for kreft. Røyking og UV-eksponering er dei viktigaste risikofaktorane for kreft hos begge kjønn, etterfølgt av kosthaldsfaktorar, overvekt/fedme og alkohol (Berstad et al., 2023). Sjølv om dødelegheita for fleire kreftformer har gått ned over tid, bidreg høgare førekomst, seinare diagnostisering og forskjellar i levevanar til at menn samla sett blir ramma hardare. Dette kan òg ha samanheng med at menn har mindre kunnskap om kreftsymptom og tek seinare kontakt med helsetenesta. I ein rapport frå Kreftforeningen, basert på mellom anna ein landsdekkjande befolkningsanalyse frå Respons Analyse, kjem det fram at berre éin av fem menn oppgir å ha god kjennskap til faresignal om kreft, mot éi av tre kvinner (Kreftforeningen, 2025).

Kjønnsforskjellar kjem òg tydeleg til uttrykk ved akutte og potensielt livstruande hendingar. Fleire menn enn kvinner blir behandla for hjartestans, og dei er i gjennomsnitt yngre når dette skjer (SKDE, 2025).

Kjønn påverkar dessutan risikoen for skadar og ulykker. Kvart år døyr det om lag 2800 personar som følgje av skadar. Rundt 2100 av dei skuldast ulykker, resten kjem hovudsakleg av sjølvmord (Solbakken et al., 2026). Menn har høgare dødelegheit etter ulykker i alle aldersgrupper. Menn døyr oftare av trafikkulykker, drukning og forgiftingar, mens kjønnsforskjellane er mindre ved fall- og brannulykker. Alkohol og andre rusmiddel er ein medverkande faktor ved mange skadar.

Ein del av forskjellane i vanhelse og dødelegheit må sjåast i samanheng med kjønnsforskjellar i levekår, utdanning, levevanar og risikoåtferd. Både biologiske forhold og sosiale normer kan spele ei rolle. Ideal knytte til sjølvstende og styrke kan til dømes bidra til at menn har ei meir risikofylt åtferd og høgare terskel for å søkje hjelp. Forsking tyder på at menn gjerne utviser meir risikofylt åtferd enn kvinner på mange område, særleg knytt til helse, tryggleik og bruk av rusmiddel (Helsedirektoratet, 2024a).

Det er ein sterk sosial gradient i førekomsten av ikkje-smittsame sjukdommar. Det vil seie at sjukdomsbyrda er størst blant personar med færrast sosioøkonomiske ressursar, og at risikoen aukar gradvis i takt med lågare utdanning og inntekt. FHI har undersøkt førekomsten av ikkje-smittsame sjukdommar blant personar i alderen 50–64 år som budde i Noreg i 2023. Resultata viser at dobbelt så mange menn med berre grunnskuleutdanning hadde éin eller fleire ikkje-smittsame sjukdommar samanlikna med menn med høgare universitets- og høgskuleutdanning (høvesvis 31 prosent og 15 prosent) (Dalene et. al., 2026). Dei store sosiale forskjellane var særleg tydelege for hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2 og kols. Dei same sosiale gradientane blei funne hos kvinner, men førekomsten var lågare for dei fleste sjukdommane. Dei store sosiale ulikskapane viser at det er eit betydeleg potensial for førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar: Ved å rette tiltak mot sentrale risikofaktorar for ikkje-smittsame sjukdomar gjennom heile livsløpet er det teoretisk mogleg å halvere førekomsten blant mennene med lågast utdanning og inntekt.

Kjønnsforskjellar og sosioøkonomiske ulikskapar i levevanar som kosthald, fysisk aktivitet og tobakks- og alkoholbruk bidreg vesentleg til variasjonen i vanhelse og dødelegheit av ikkje-smittsame sjukdommar (Syse et al., 2022). Røyking er ein stor risikofaktor for hjarte- og karsjukdommar og bidreg til den høge førekomsten av sjukdomsgruppa blant menn (Dalene et al., 2026). Sjølv om andelen som røykjer dagleg har halde seg stabil på om lag 7 prosent dei siste åra, har andelen som røykjer av og til, auka med høvesvis 24 og 18 prosent blant menn og kvinner i aldersgruppa 16–24 år. I aldersgruppa 25–44 år er dagleg røyking meir utbreidd blant menn enn blant kvinner. Andelen som røykjer dagleg, er høgast i aldersgruppa 45–79 år, med noko fleire kvinner enn menn (SSB, 2025e). Røyking er i større grad utbreidd blant personar med lågare utdanning og blant menn med innvandringsbakgrunn (FHI, 2026b). Det har blitt vanlegare å bruke snus dagleg enn å røykje. Menn bruker framleis snus oftare enn kvinner i alle aldersgrupper, men sidan 2016 har den daglege bruken auka markant for begge kjønn. Blant kvinner har andelen auka frå 6 til 11 prosent, og blant menn har han auka frå 14 til 21 prosent (SSB, 2025e).

Menn har gjennomgåande eit høgare alkoholforbruk enn kvinner, rapporterer oftare episodisk høgt inntak og har i alle aldrar langt høgare risiko for å utvikle alkoholbrukslidingar (Ørstavik, Moan & Christiansen, 2026; Helsedirektoratet, 2026c). Om lag 8 prosent av menn og 3 prosent av kvinner opplever ei alkoholbruksliding i løpet av ein tolvmånadersperiode (Reneflot et al., 2018). Ved auka alkoholkonsum aukar også risikoen for ulykker, vald og sjølvmordsforsøk, og eksisterande helseutfordringar kan forsterkast. Det er òg kjønnsforskjellar i bruken av dopingmiddel, og langt fleire menn enn kvinner bruker anabole steroid (FHI, 2013). Menn bruker cannabis i større grad enn kvinner (Helsedirektoratet, 2026a). Etter cannabis er dei sentralstimulerande stoffa kokain, ecstasy/MDMA og amfetamin dei mest brukte illegale rusmidla. Også desse stoffa er mest utbreidde blant menn og i dei yngste aldersgruppene (Helsedirektoratet, 2026a).

Menn har generelt mindre gunstige kosthaldsvanar enn kvinner, med høgare inntak av raudt kjøtt, salt og sukkerhaldig drikke og lågare inntak av frukt, bær, grønsaker og fiber (Abel et al., 2026). Samtidig er det ein sosial gradient i kosthaldet der personar med høgare utdanning i større grad følgjer kostråda enn det personar med lågare utdanning gjer. Når det gjeld fysisk aktivitet, er det ein større andel menn enn kvinner som oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet (Helsedirektoratet, 2025b), men også her er det ein tydeleg sosial gradient der menn med låg utdanning i mindre grad oppfyller dei.

Overvekt og fedme er meir utbreidd både blant menn og blant personar med lågare utdanning. Dette er ei kompleks utfordring der både levevanar som kosthald og fysisk aktivitet speler inn, saman med genetisk disposisjon og miljøfaktorar (Meyer & Juliusson, 2026).

Personar med kort utdanning og låg inntekt er generelt meir utsette for skadar og dårleg helse enn personar frå grupper med lang utdanning og høg inntekt. Arbeidsrelaterte risikofaktorar, rusmiddelbruk og ulik tilgang til førebyggjande tiltak kan bidra til auka sårbarheit (Solbakken et al., 2026). Samtidig påverkar sosiale og kulturelle normer korleis ulike grupper tek til seg informasjon om helse og førebygging.

Boks 6.3 Helseutfordringar i den samiske befolkninga

Det er utfordrande å lage statistikk om den samiske befolkninga, mellom anna fordi etnisitet ikkje blir registrert i nasjonale helseregister. Undersøkingar i område med samisk og norsk busetjing viser at både kvinner og menn med samisk bakgrunn rapporterer om meir psykiske plager enn dei utan samisk bakgrunn i dei same geografiske områda, og i litt større grad om dårleg fysisk helse (Torheim et al., 2026). Personar med samisk bakgrunn rapporterer òg i større grad enn personar med ikkje-samisk bakgrunn at dei har vore utsette for vald i barndommen og/eller i vaksen alder (Torheim et al., 2026). Det manglar nyare kunnskap om førekomsten av sjølvmord og sjølvmordsåtferd i den samiske befolkninga. Senter for samisk helseforsking har gjennomført større befolkningsundersøkingar i kommunar med samisk befolkning i 2003–2004 og 2012–2014, kalla SAMINOR 1 og 2. Studiane har påvist fleire helseutfordringar i den samiske befolkninga utan at årsakssamanhengane er kjende. Ei større undersøking, SAMINOR 3, blei gjennomført i 2023–2025 og inkluderte nord-, lule- og sørsamiske område.

6.1.1 Seksuell helse blant menn

Mannsutvalet (NOU 2024: 8) vurderer at menns utfordringar med seksualitet og seksuell dysfunksjon ikkje blir møtte på ein god nok måte i helsevesenet i dag.

For gutar og menn kan tradisjonelle førestillingar om maskulinitet, som forventingar om seksuelt initiativ, prestasjon, virilitet og heteronormativitet, gjere det vanskeleg å snakke ope om eigne erfaringar, utfordringar og behov. Mange menn opplever varige problem med ereksjon eller andre seksuelle funksjonar, og dette kan påverke sjølvkjensla og identiteten for mange. Terskelen for å ta opp og få hjelp med slike utfordringar er høg for mange.

Gutar oppsøkjer i mindre grad informasjon om og tenester knytte til seksuell helse, og opplever i mindre grad undervisninga om kjønn og seksualitet som relevant. Skulen har ansvar for å gi elevar kunnskap om kropp, seksualitet, kjønn, grenser og respekt for andre, og seksualitetsopplæringa er ein del av det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, som skal fremje god helse og gode livsval. Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet utviklar ein kompetansepakke som skal støtte arbeidet til skulane med seksualitet, kjønn, grensesetjing og relasjonar. Les meir om undervisning om kjønn og seksualitet i kapittel 7.6.3.

Sosial isolasjon og mangel på trygge samtalar om kjensler og seksualitet kan svekkje menns seksuelle helse. Det tradisjonelle mannsidealet kan gjere det vanskeleg å be om hjelp, også for menn som har vore utsette for seksuelle overgrep. Samtidig kan tronge kjønnsnormer bidra til at nokre menn utviklar ei seksuell åtferd som er skadeleg både for dei sjølve og andre.

Erfaringar frå samtaletilbod viser at enkelte menn slit med hyperseksualitet, som høgt konsum av pornografi eller avhengnad av sexkjøp. Ein kvalitativ studie frå Redd Barna viser at ein del barn og unge har fri tilgang til pornografi på nettet lenge før eigen seksualitet og eige tenningsmønster er etablert (Berggrav, 2020). Pornografisk innhald inneheld ofte vald og krenkjande framstillingar, og ein del av materialet som sirkulerer, er dokumenterte overgrep. Politiet åtvarar om at auka deling av og eksponering for grovare seksualisert materiale kan bidra til haldningsendringar og ei normalisering av overgrep, noko som kan vere ei drivkraft for nye seksuallovbrot (Politiet, 2024). Forskinga på samanhengane mellom pornografi, kjønnsroller og seksualitet er likevel framleis avgrensa i norsk samanheng.

Mannsutvalet meiner at kunnskapen om menns seksuelle helse er mangelfull på fleire område, og at det er behov for meir forsking på årsakene til og konsekvensane av fallande sædkvalitet, kjønnssjukdommar som særleg rammar menn, betydinga av pornografibruk og seksuell helse blant menn som har sex med menn. Mannsutvalet peikar òg på at mannleg seksualitet i mindre grad blir anerkjend som mangfaldig og positiv og oftare blir knytt til problematiske eller uønskte uttrykk.

6.2 Tiltak for å styrkje folkehelsa

Regjeringa arbeider for ei friskare befolkning og for at alle skal ha likeverdige høve til ei best mogleg helse. For å nå dette målet må helsepolitikken ta omsyn til at det er vesentlege kjønnsforskjellar i helse og sjukdom. Mykje av menns sjukdom og funksjonstap er mogleg å førebyggje. Det er behov for breie befolkningsretta tiltak som treffer alle, også på område der menn blir ramma særskilt. I tillegg er det behov for målretta tiltak overfor høgrisikogrupper blant menn. Å fremje god helse blant gutar og menn vil styrkje folkehelsa generelt.

Folkehelsepolitikken har mål om fleire friske leveår, slik at barn, unge, vaksne og eldre får betre føresetnader for å leve eit friskare liv og mindre behov for helse- og omsorgstenester. Vi har tre overordna nasjonale folkehelsemål: Noreg skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder, befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse, trivsel og færre sosiale helseforskjellar, og vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga. Gjennom folkehelsepolitikken blir det arbeidd med å oppnå fleire friske leveår for alle menn, særleg menn med låg inntekt og kort utdanning, som er meir utsette for sjukdom og tidleg død. Innsatsen blir omtalt i Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga, som er den nasjonale strategien for å jamne ut sosiale helseforskjellar.

Eit sentralt grep er å styrkje kunnskapsgrunnlaget om korleis kjønn, og kjønn i kombinasjon med andre faktorar, påverkar levevanane, livskvaliteten og helsa til folk. Det inneber å innhente, analysere og samanlikne helsedata fordelt på kjønn og gjere denne kunnskapen tilgjengeleg som grunnlag for avgjerder i helsesektoren og for andre samfunnssektorar. Ei rekkje nasjonale helsedata frå befolkningsundersøkingar er samla under Folkehelseinstituttet. Folkehelserapporten og Helsedirektoratets sektorrapport bidreg til kunnskapsgrunnlaget for folkehelsemeldinga, som blir lagd fram om lag kvart fjerde år. Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet bidreg til at ulike satsingar, som handlingsplan for fysisk aktivitet, program for eit aldersvennleg Noreg og forskjellige folkehelsekampanjar, tek omsyn til kjønnsrelaterte helseutfordringar gjennom livsløpet. Ei slik tilnærming skal bidra til meir treffsikre tiltak og betre måloppnåing i folkehelsearbeidet.

Kunnskap om kjønn bør inngå når befolkningsretta tiltak på folkehelseområdet, tilrådingar og rettleiingar skal utformast. Kravet i folkehelselova om eit kunnskapsbasert og systematisk folkehelsearbeid inneber at relevante forskjellar i helse mellom kvinner og menn bør takast med i vurderinga. Kjønnsperspektivet kan dermed vere viktig for å sikre at folkehelsetiltak blir tilpassa ulike behov i befolkninga. Kjønnsperspektivet er implisitt ein del av det systematiske oversiktsarbeidet ettersom dataa er kjønnsdelte, men ulikskapane kan tydeleggjerast.

Regjeringa trekkjer i tillegg fram følgjande tiltak:

  • gjennomføring av nasjonal livskvalitetsstrategi (2025–2030) og vidare oppfølging

  • tilrådingar om skjermbruk for barn og unge

  • nasjonalt program for rusmiddelførebygging

  • innsats for redusert bruk av tobakks- og nikotinprodukt

  • handlingsplan for fysisk aktivitet 2020–2029

  • tiltak for å redusere sosiale kosthaldsforskjellar

  • meir kunnskap om somatisk helse, psykisk helse, rusmiddelproblem og livskvalitet blant menn i lågaste inntektskvartil

  • tiltak for å auke helsekompetansen i befolkninga

  • følgje opp strategien for god seksuell helse – vårt felles ansvar

Boks 6.4 Forslaget om eit mannshelseutval

Mannsutvalet foreslår å setje ned eit eige mannshelseutval. Grunngivinga er at det finst systematiske og lite utgreidde kjønnsforskjellar i helse som går i menns disfavør, og at kunnskapsgrunnlaget og tenestetilbodet ikkje er godt nok tilpassa dette (NOU 2024: 8).

Alle innbyggjarar har rett til likeverdige tenester etter behov, uavhengig av økonomi, sosial status, kjønn, etnisitet, seksuell orientering, alder, funksjonsevne og kvar i landet dei bur.

Regjeringa legg til grunn at menn sine helseutfordringar blir følgde opp innanfor den eksisterande folkehelsepolitikken og etablerte strategiar, der det blir lagt vekt på sosiale forhold, risikoåtferd og bruk av helsetenester. I denne meldinga er regjeringa tydeleg på at kjønnsperspektivet, det vil seie merksemd om kvinner og menn sine særskilde helseutfordringar, blir vektlagt i politikkutviklinga og i utviklinga av helse- og omsorgstenester framover.

Menns helse blir omhandla vidare i ei rekkje arbeid, mellom anna i Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033), Bedre helsehjelp – flere gode år (2025–2033) – Handlingsplan for å heve levealderen hos mennesker med alvorlige psykiske lidelser og/eller alvorlige rusmiddelproblemer, Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar, Meld. St. 5 (2024–2025) Trygghet, fellesskap og verdighet. Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet Del I – en ny politikk for forebygging, skadereduksjon og behandling, Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 og Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040.

6.2.1 Nasjonal livskvalitetsstrategi (2025–2030) og vidare oppfølging

Den reviderte folkehelselova frå 2026 gir psykisk helse og livskvalitet ein tydelegare plass i folkehelsearbeidet. Grunnlaget for kommunane sitt systematiske arbeid med livskvalitet og einsemd er styrkt gjennom at det er teke inn i revisjonen av folkehelselova.

Nasjonal livskvalitetsstrategi (2025–2030) tek utgangspunkt i at livskvaliteten i Noreg er høg, men ujamt fordelt, og at utviklinga går i negativ retning for enkelte grupper (Helse- og omsorgsdepartementet, 2025a). Den faktoren som påverkar livskvaliteten til befolkninga mest, er sosial støtte og tilhøyrsel.

Regjeringa har gitt Helsedirektoratet, i samarbeid med FHI, i oppdrag å utarbeide eit utkast til ein handlingsplan for å fremje livskvalitet og førebyggje og redusere einsemd.

Sjå òg omtale av einsemd i kapittel 8.

6.2.2 Tilrådingar om skjermbruk for barn og unge

Skjermbruk påverkar søvn, helse, leik og sosial aktivitet, faktorar som er viktige for psykisk helse og livskvalitet. Fleire gutar enn jenter i barneskulealder bruker over tre timar på skjerm kvar dag. Det kjem i hovudsak av at gutar bruker meir tid på dataspel enn jenter. Frå ungdomsskulen og utover er den totale skjermtida per dag ganske likt fordelt mellom kjønna (Enstad & Bakken, 2024).

Regjeringa har bedt direktorat som har ansvar for trygg digital oppvekst, om å samle skjermråda sine på éin stad, foreldrehverdag.no. Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Medietilsynet har saman utarbeidd felles tilrådingar om skjermbruken til barn og unge på fritida, i barnehagen, på skulen og på SFO. Formålet er at foreldre og yrkesgrupper som jobbar med barn og unge, enkelt skal finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon og få råd om korleis skjermen kan brukast på ein sunnare og tryggare måte. Tilrådingane handlar òg om at skjermen ikkje skal stå i vegen for det som gir oss god helse. Tid på skjerm bør ikkje fortrengje andre aktivitetar som er viktige for god helse og livskvalitet, som å vere saman med andre, sove eller vere fysisk aktive.

Tilrådingane åtvarar dessutan mot risiko som følgjer direkte av sjølve skjermbruken. Her blir konkrete appar og tenester som TikTok, YouTube og Snapchat trekte fram. Bakgrunnen for dette er mellom anna det avhengnadsdannande designet til desse appane, skadeleg innhald og potensialet for rekruttering til kriminalitet.

6.2.3 Nasjonalt program for rusmiddelførebygging

Menn har eit høgare alkoholforbruk enn kvinner. Menn drikk oftare, og dei har oftare eit høgt kunsum per gong. Menn har òg eit høgare forbruk av ulovlege rusmiddel, og særleg har det vore ein urovekkjande auke i bruken av kokain. Helsedirektoratets levevanekampanjar tek omsyn til kjønn og legg kunnskap om ulikskap i levevanar til grunn for kampanjar (FHI, 2023).

Regjeringa styrkjer det kunnskapsbaserte rusmiddelførebyggjande arbeidet gjennom Nasjonalt program for rusmiddelførebygging retta mot barn og unge. Programmet skal bidra til auka bruk av kunnskapsbaserte metodar i det lokale førebyggjande arbeidet. I 2027 blir det foreslått å føre vidare arbeidet med programmet. Helsedirektoratet skal mellom anna vidareutvikle ein portefølje av fagleg tilrådde tiltak, leggje til rette for lokal implementering og styrkje kunnskapsformidlinga. Regjeringa piloterer òg eit globalt førebyggingssystem, CHAMPS, i to utvalde kommunar.

6.2.4 Innsats for redusert bruk av tobakks- og nikotinprodukt

Det er særleg blant unge menn at røyking og snusbruk er meir utbreidd enn blant unge kvinner. Både røyking og bruk av snus inneber risiko for alvorlege helseskadar.

Tobakksstrategien til regjeringa har som mål å oppnå ein tobakks- og nikotinfri generasjon. Barn og unge er særleg sårbare for nikotin (Meld. St. 15 (2022–2023)). Tiltaka i strategien skal redusere bruken av tobakks- og nikotinprodukt, særleg blant barn og unge, og gjere det lettare for folk å slutte å bruke dei. Målet er òg å verne befolkninga mot passiv røyking.

I tobakksstrategien er det fleire tiltak med mål om å redusere bruken av tobakks- og nikotinprodukt, som betre hjelp til tobakksavvenning, utvida røykjeforbod, redusert tilgjengelegheit, forbod mot nettsal, høge avgifter, sterkare helseåtvaringar og redusert eksponering på sosiale medium.

6.2.5 Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020–2029

Personar med høg utdanning og god økonomi er oftare fysisk aktive enn andre, det gjeld også for gutar og menn.

Målet med Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020–2029 er eit meir aktivitetsvennleg samfunn der alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnivå og sosial bakgrunn, får høve til å vere fysisk aktive (Helse- og omsorgsdepartementet, 2020). Regjeringa har som mål å auke andelen av befolkninga som oppfyller dei helsefaglege tilrådingane om fysisk aktivitet, med 15 prosentpoeng innan 2030. Planen omfattar tiltak for gå- og aktivitetsvennlege nærmiljø, meir fysisk aktivitet i barnehage og skule, aktivitet i arbeidslivet og tiltak innanfor friluftsliv, idrett og helse- og omsorgstenester. Det blir òg arbeidd med kunnskapsutvikling, innovasjon og betre bruk av fysisk aktivitet innanfor førebygging og behandling. Informasjonskampanjar om levevanar, mellom anna fysisk aktivitet, kan vere effektive når bodskapen er basert på innsikt i ulike målgrupper, til dømes menn i sosioøkonomiske grupper som er lite aktive. Tiltak som fremjar fysisk aktivitet, kan òg utformast slik at dei tiltrekkjer seg fleire menn, slik til dømes gåfotball gjer.

Boks 6.5 Gåfotball

Gåfotball er ein tilpassa variant av fotball. Sporten er organisert under Norges Fotballforbund (NFF), som igjen er eit særforbund under Norges idrettsforbund. Gåfotball er ein raskt veksande sport. Han er spesielt retta mot eldre vaksne (40+, 50+, 60+ og 70+), men passar for alle, uansett kjønn, alder eller ferdigheitsnivå. Det blir lagt stor vekt på sosialt samvær etter treningane, så tiltaket kan derfor vere godt eigna til å redusere einsemd.

6.2.6 Tiltak for å redusere sosiale forskjellar i kosthald

Målet med kosthaldspolitikken er å få fleire til å følgje kostråda og redusere forskjellar i kosthaldet mellom grupper, inkludert forskjellar mellom kjønn og ulike sosiale grupper.

Dei viktigaste tiltaka til regjeringa er å gjere det enklare å ta sunne val, mellom anna gjennom eit meir forpliktande samarbeid med matbransjen. Regjeringa har innført eit forbod mot å marknadsføre usunn mat og drikke særleg retta mot barn under 18 år. Formålet med forbodet er å verne barn og ungdom mot aukande og målretta marknadsføring av usunne produkt og jamne ut sosiale forskjellar. Regjeringa har òg innført forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år. Gutar har høgare inntak av energidrikk enn jenter. Kommunikasjonskampanjar om kosthald tek omsyn til kjønnsperspektivet.

6.2.7 Meir kunnskap om somatisk helse, psykisk helse, rusmiddelproblem og livskvalitet blant menn i lågaste inntektskvartil

For å styrkje kunnskapsgrunnlaget om menns helse og forskjellar i forventa levealder har regjeringa gitt Statistisk sentralbyrå i oppdrag å utarbeide ei samla kunnskapsoppsummering om helse og livskvalitet blant menn i lågaste inntektskvartil, samanlikna med menn i høgare inntektskvartil og med kvinner. Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for tiltak som kan redusere sosial ulikskap og kjønnsforskjellar i helse.

Rapporten blir lansert i november 2026.

6.2.8 Auke helsekompetansen i befolkninga

I Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 – Vår felles helsetjeneste er auka helsekompetanse i befolkninga løfta fram som viktig for at alle skal ha den same tilgangen til tenester, og at pasientar og brukarar skal få hjelp på rett stad og til rett tid.

Helsekompetanse handlar om evne til å finne, forstå, vurdere og bruke informasjon om eiga helse. God helsekompetanse er svært viktig i dagens samfunn, der befolkninga blir eksponert for store mengder helseinformasjon frå ulike kjelder og kanalar. Informasjon til befolkninga må vere lett å forstå, og tenestene må leggjast til rette slik at dei er tilgjengelege for alle. God helsekompetanse kan gjere den enkelte betre i stand til å handtere si eiga helse, ta informerte val og delta meir aktivt i oppfølginga. God helsekompetanse kan derfor gjere det lettare for menn å oppsøkje helsevesenet når dei opplever helseutfordringar. Som ein del av regjeringa sitt prosjekt om ei friskare befolkning vil innsatsen i helse- og omsorgstenesta for å bidra til førebygging og styrkt eigenmeistring vere viktig.

6.2.9 Følgje opp strategien God seksuell helse – vårt felles ansvar

Regjeringa vil leggje til rette for at alle i samfunnet kan ha ei god seksuell helse.

For å styrkje den seksuelle helsa til menn er det behov for openheit, tilpassa tenester, kompetanse i helsetenestene og eit oppgjer med avgrensande kjønnsroller. Det er viktig å erkjenne at menn ikkje er ei einsarta gruppe, og at alder, helse, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering og/eller kjønnsidentitet, etnisitet og sosioøkonomisk bakgrunn påverkar erfaringar og behov på ulike måtar.

Det overordna målet med regjeringsstrategien God seksuell helse – vårt felles ansvar: Strategi for seksuell helse er god seksuell helse for heile befolkninga gjennom heile livsløpet (Helse- og omsorgsdepartementet, 2025b).

Her er tre sentrale føresetnader for å nå dette målet:

  • fremje seksuelle rettar, respekt for mangfald og positive haldningar til seksualitet

  • auke kunnskapen om og kompetansen på seksualitet og seksuell helse

  • fremje god seksuell helse og tenester som når alle

Eit særleg sentralt mål i strategien for gutar og menn er å jamne ut kjønnsforskjellar i bruk av helsestasjons- og skulehelsetenesta og andre lågterskeltilbod (Helse- og omsorgsdepartementet, 2025b). Det er ei sterk fagleg tilråding at helsestasjon for ungdom bør setje i verk tiltak for å nå gutar i større grad og dermed jamne ut forskjellar i bruk av tenesta. Eit anna relevant mål i strategien er at tilsette i helse- og omsorgstenesta skal ha nødvendig og relevant kompetanse for å tematisere seksuell helse.

Ei heilskapleg undervisning om kjønn og seksualitet gjennom skuleløpet skal gi barn og unge kunnskap, ferdigheiter og haldningar som fremjar god seksuell helse og respektfulle relasjonar. Undervisninga skal vere kunnskapsbasert og alderssensitiv og omfatte tema som seksuell utvikling, relasjonar, kjensler, kroppsbilete, kjønnsroller og seksuell og reproduktiv helse. Regjeringa legg til grunn at undervisninga skal vareta mangfald og bidra til trygge læringsmiljø for alle elevar, særleg for dei som bryt med normer for kjønn og seksualitet eller tilhøyrer minoritetar.

Ettersom gutar i mindre grad oppsøkjer informasjon og tenester knytte til seksuell helse og i mindre grad opplever undervisninga i skulen som relevant, bør innhaldet tilpassast gutars erfaringar. Tema som kropp, maskulinitetsnormer, kjensler, samtykke, grensesetjing og ansvar i relasjonar bør integrerast for å styrkje refleksjonsevna, empatien og handlingskompetansen deira.

Regjeringa vil vidare styrkje kompetansen på kjønn, seksualitet og kjønnsforskjellar i elevar si læring og helseåtferd blant lærarar og andre tilsette i skulen. Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet skal vidareutvikle og ta i bruk kompetansepakkar som støttar skulen sitt arbeid med folkehelse og livsmeistring, inkludert seksualitet, relasjonar og grensesetjing.

Boks 6.6 Porno eller fakta?

Reform – ressurssenter for menn har eit prosjekt som har som formål å gi informasjon om kropp, grenser og positiv seksualitet for gutar og unge menn. I dag får gutar mykje av informasjonen om seksuell helse frå porno og sosiale medium, og det kan gi dei eit urealistisk og usunt bilete av kva sex inneber. I prosjektet, som har fått tilskot frå Helsedirektoratet, har Reform utvikla korte videoar som tek opp vanlege misforståingar, mytar og problematiske framstillingar av sex.

Boks 6.7 Spørsmål om sex og porno til ung.no

Ung.no er ein statleg informasjonskanal som gir ungdom kvalitetssikra informasjon. Ung.no gir grunnleggjande kunnskap om seksualitet gjennom postar på sosiale medium og ved å svare på spørsmål som ungdommen sender inn. Spørsmåla og svara blir gjorde tilgjengelege slik at dei kjem mange til nytte.

Over 10 prosent av spørsmåla som tenesta får inn, handlar om sex, noko som viser at det er eit stort behov for informasjon og kunnskap hos ungdommen (ung.no, 2025). Det er generelt færre gutar enn jenter som aktivt oppsøkjer hjelp i spørsmål og svar-tenesta, men kjønnsforskjellen er mindre når det gjeld spørsmål om sex.

Ein tydeleg trend Ung.no observerer, er at stadig fleire ungdommar ser på porno – både som ei kjelde til læring, fordi dei er nysgjerrige og for å inspirere eige sexliv og påverke tenning. Ung.no ser òg ein auke i spørsmål om pornoavhengnad. I tillegg er det fleire spørsmål om problematisk og skadeleg seksuell åtferd som tilsynelatande er inspirerte av porno. Sjå òg tekstboksen om Ung.no i kapittel 7.

6.3 Psykiske helseutfordringar blant menn

Menn skårar samla noko høgare enn kvinner på tilfredsheit med eiga psykisk helse, og fleire menn rapporterer om ei overvekt av positive kjensler (SSB, 2025f). Utviklinga i psykiske plager blant unge gir likevel grunn til bekymring.

Data frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) viser ein stor auke i symptom på angst og depresjon blant unge og unge vaksne dei siste tiåra, både blant kvinner og menn (NOU 2024: 8, s. 181). Sjølv om psykiske plager framleis er meir utbreidde blant kvinner, viser studien at auken frå 1995 til 2019 har vore markant også blant unge menn, særleg i aldersgruppene 20–29 år og 30–39 år. 6,9 prosent av både menn og kvinner i aldersgruppa 30–39 år hadde symptom på depresjon i byrjinga av perioden, og i 2019 hadde andelen auka til 11,6 prosent av mennene, mot 8,9 prosent av kvinnene (NOU 2024: 8, s. 181).

Også Ungdata-tal viser ein auke i sjølvrapporterte psykiske helseplager i perioden 2014–2023 (Helsedirektoratet, 2025c; FHI, 2026b). Ungdom med låg sjølvrapportert sosioøkonomisk status rapporterer om høgare nivå av psykiske plager. Erfaringar frå Ung.no tyder på at fleire gutar enn tidlegare tek kontakt om psykisk helse.

Figur 6.2 Psykiske plager hos gutar i ulike undersøkingar

Figur 6.2 Psykiske plager hos gutar i ulike undersøkingar

Kjelde: (Bang et al., 2026).

Andelen unge som blei registrerte med ei psykisk liding i spesialisthelsetenesta, auka i perioden 2010–2022. Auken var særleg stor blant tenåringsjenter og unge kvinner. Utviklinga har flata ut eller gått noko ned etter 2022, men for enkelte diagnosar har auken halde fram, mellom anna ADHD- og autismespekterdiagnosar. Auken har vore stor for begge kjønn, men størst for jenter og unge kvinner. Samtidig er det blant barn under 16 år med ein ADHD-diagnose ei klar overvekt av gutar. Blant gutar mellom 6 og 12 år har det frå 2010 til 2022 nesten vore ei dobling i talet på nye ADHD-diagnosar (Aase, Pettersen, Bang, Havdahl, & Biele, 2025). For autismespekterdiagnosar er gutar og menn overrepresenterte i alle aldersgrupper (Bang et al., 2026).

Det har vore ein auke i andelen unge som blir uføre på grunn av psykiske plager og lidingar. Dette heng særleg saman med auken i talet på barn og unge med utviklingsforstyrringar, hyperkinetiske forstyrringar og åtferdsforstyrringar. Det er fleire unge menn enn unge kvinner som får uføretrygd på grunn av psykiske plager og lidingar.

Boks 6.8 Påverkar kjønnsnormene eigenrapporteringa om psykisk helse?

Enkelte forskarar reiser spørsmål ved om jenter og kvinner kan vere meir tilbøyelege til å rapportere om kjensler, særleg negative kjensler, fordi dette i større grad samsvarer med rådande førestillingar om femininitet (Bakken & Sletten, 2026). Normer for maskulinitet og femininitet kan påverke korleis psykisk helse kjem til uttrykk og blir rapportert, og dermed òg korleis kjønnsforskjellar blir forstått og målte. Samtidig har vi avgrensa kunnskap om korleis kjønnsroller og samfunnsmessige forventingar påverkar den psykiske helsa og livskvaliteten til menn, slik Mannsutvalet òg påpeikar.

Sjølv om mange psykiske helseutfordringar rammar begge kjønn, er det kjønnsforskjellar i kva plager og lidingar kvinner og menn oftast opplever. Menn har høgare risiko for mellom anna alvorlege psykoselidingar, rusmiddellidingar og rusrelaterte problem, valds- og aggresjonsvanskar og åtferdsvanskar. Slike utfordringar fører ofte til kontakt med andre tenester enn psykiske helsetenester, til dømes politi, kriminalomsorg, rusbehandling eller akuttmedisinske tenester. Tal frå 2023 viser at om lag 18 prosent av alle menn og 26 prosent av alle kvinner var i kontakt med primærhelsetenesta og/eller spesialisthelsetenesta på grunn av psykiske symptom og lidingar i løpet av eitt år (Kirkøen et al., 2026).

Det er òg vesentlege forskjellar i psykisk helse og livskvalitet internt i gruppa menn, og faktorar som inntekt, utdanningsnivå, sivilstatus og alder har mykje å seie. Førekomsten av angst, depresjon, sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk er høgare blant skeive enn blant heterofile og cispersonar. Det gjeld òg for homofile og bifile menn (Anderssen, Eggebø, Stubberud, & Holmelid, 2021).

Mannsutvalet peikar på at psykisk helsearbeid i større grad må ta høgd for kjønnsforskjellar i symptombilete, kommunikasjonsform og hjelpesøking. Utvalet meiner òg at det trengst meir forsking på korleis psykisk helse blir påverka av kjønnsroller og samfunnsforventingar.

Forsking frå Norden viser at unge menn i større grad enn unge kvinner synest det er vanskeleg å søkje hjelp, delta i samtalar om psykisk helse og erkjenne eigne psykiske utfordringar (Randell, 2023). Mykje tyder på at tradisjonelle maskulinitetsnormer legg vekt på eigenskapar som kan stå i vegen for å søkje hjelp, og det er godt dokumentert at unge menn i mindre grad enn unge kvinner søkjer hjelp ved psykiske utfordringar (Randell, 2023). Sjå óg omtale i kapittel 6.8.

Einsemd blir omtalt i kapittel 8.

Boks 6.9 Livskvalitet og psykisk helse hos skeive

Lhbt+-personar rapporterer oftare om psykiske helseplager, inkludert angst og depresjon, og har oftare sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk enn heterofile og cispersonar, særleg blant bifile og transpersonar (Anderssen, Eggebø, Stubberud, & Holmelid, 2021).

Livskvalitetsundersøkinga frå 2020 viser at 38 prosent av alle skeive er lite nøgde med den psykiske helsa si. Det er 16 prosentpoeng meir enn i befolkninga generelt, der 22 prosent svarer det same. Bifile er gruppa med størst andel som er lite nøgd med den psykiske helsa si (42 prosent), etterfølgt av lesbiske og homofile (37 prosent) og personar med anna seksuell orientering (35 prosent) (Gram, 2021). Alder, utdanning, yrkesdeltaking, inntekt og samlivsstatus kan forklare noko av forskjellen i livskvalitet mellom desse gruppene, men også når det blir kontrollert for desse faktorane, er gruppene mindre tilfredse med livet enn heterofile (Arnesen H. S., 2024b).

Regjeringa har sett i gang ei ny nasjonal levekårsundersøking blant mangfaldet av skeive i Noreg. Undersøkinga vil gi oppdaterte og meir detaljerte data om livskvalitet og psykisk helse, med særleg vekt på bifile og transpersonar, og betydinga av mellom anna etnisitet, alder og funksjonsnedsetjing. Resultata er venta i 2027 og vil bidra til eit meir presist kunnskapsgrunnlag for vidare politikk- og tenesteutvikling.

Boks 6.10 Kroppspress og spiseforstyrringar er eit aukande problem

Det er viktig å synleggjere at gutar og menn òg kan ha alvorlege spiseforstyrringar og stor kroppsmisnøye, og at det kan komme til uttrykk på andre måtar enn hos mange jenter. For gutar og menn kan utfordringane oftare vere knytte til eit ideal om å vere både slank og muskuløs, noko som kan gi seg utslag i eit rigid kosthald, overtrening, bruk av kosttilskot, anabole steroid og andre ulovlege prestasjonsfremjande middel og svelting eller anna kroppskontrollerande åtferd. Når spiseforstyrringar og kroppspress i stor grad er forbunde med jenter, kan det bidra til at tenestene i mindre grad oppdagar og fangar opp problema til gutar og menn.

Ein studie viser at gutar som er overopptekne av å byggje musklar, har auka risiko for å slite med psykiske problem (NOU 2019: 19, s. 228). #UngIDag-utvalet meiner at både foreldre og jamaldringar er viktige for korleis idealet om kropp og utsjånad blir forma, og auka skjermbruk med reklame og influensarar har òg stor påverknad. Sosiale medium kan leggje eit stort press på gutar gjennom framstilling av «perfekte» kroppar og gjennom råd om trening og kosthald.

Ein medieanalyse som Bufdir har bestilt, viser at jenter og gutar i sosiale medium blir presenterte for svært ulike trenings- og kosthaldsideal. Gutar blir eksponerte for ein såkalla #Gymbro-kultur (styrketrening, musklar og yting) og kosthaldsråd som skal gi best mogleg treningsutbytte (TRY, 2026). Sjølv om det i utgangspunktet er positivt å vere oppteken av kosthald og trening, kan ei overinteresse leie til ei spiseforstyrra åtferd (Dane & Bhatia, 2023). Mykje av informasjonen på sosiale medium kan vere villeiande eller i verste fall feil. Det kan forsterke stereotype oppfatningar om at gutar skal vere muskuløse og sterke. Ungdom som bruker mykje tid på sosiale medium, ser ut til å vere meir sårbare for kroppspress enn ungdom som bruker mindre tid på dette (NOU 2019: 19, s. 229).

Erfaringar frå Ung.no viser over tid eit aukande fokus på kroppspress, også hos gutar. Gutar heilt ned til 13-årsalderen stiller spørsmål om trening, slanking og bruk av prestasjonsfremjande preparat. Dei spør òg om trendar og bruker då omgrep som «jawline», «mewing» og «ripped». Bruk av peptid er ei ny problemstilling i spørsmål frå gutane det siste året.

6.4 For mange menn døyr i sjølvmord

Sjølvmord er ei alvorleg folkehelseutfordring, og menn er særleg utsette. Av dei 676 registrerte sjølvmorda i Noreg i 2025 var heile 76 prosent menn. Talet på sjølvmord er høgast i aldersgruppene 30–49 år og 50–69 år. Samla sett var det noko færre sjølvmord i 2025 enn i 2023 og 2024.

Årsakene til sjølvmord og sjølvmordsforsøk er samansette og heng saman med ulike livsfaktorar. Psykiske lidingar, låg sosioøkonomisk status, familiehistorikk med sjølvmord, alkohol- og rusmiddelbruk, manglande sosialt nettverk og tidlegare sjølvmordsforsøk er sentrale risikofaktorar. Det er særleg unge menn med psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem og eldre menn som lever åleine og opplever depresjon, som er i risikogruppa. Barndomstraume er ein annan viktig risikofaktor for sjølvmord hos menn. Alvorlege somatiske sjukdommar aukar òg risikoen (FHI, 2020). Forsking viser at det å leve i samliv og ha nære sosiale relasjonar heng saman med lågare risiko for sjølvmord blant eldre menn.

Menn nyttar i større grad enn kvinner metodar med høgare risiko for dødeleg utfall, så det er færre menn enn kvinner som overlever sjølvmordsforsøk. Det bidreg til at fleire menn tek livet sitt, sjølv om kvinner gjennomfører fleire sjølvmordsforsøk. Dette blir omtalt som kjønnsparadokset i sjølvmordsstatistikken. Mange har heller inga kjend psykisk liding eller tidlegare kontakt med psykiske helsetenester. Ei norsk undersøking av dødsfall forårsaka av sjølvmord, overdose eller alkoholrelaterte leverskadar i ein seksårsperiode før dødsfall viste at to tredelar av kvinnene hadde hatt kontakt med spesialisthelsetenesta, mens berre halvparten av mennene hadde hatt slik kontakt (Heggebø & Ljunggren, 2025).

Det er mange og samansette årsaker til at menn toppar sjølvmordsstatistikken (Dietrichson, 2022). Sosial isolasjon blir trekt fram som ein viktig faktor. Mange menn har færre nære relasjonar og snakkar sjeldnare om kjenslene sine, noko som gjer det utfordrande for omgivnadene å oppdage at dei har det vanskeleg. Det tradisjonelle mannsidealet – der mannen skal vere sterk, beskytte andre og ikkje vise svakheit – kan gjere det ekstra krevjande å be om hjelp.

Ifølgje Nasjonalt kartleggingssystem for sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling har nesten halvparten av dei som tek sitt eige liv, vore i kontakt med psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling det siste året før sjølvmordet (Walby, Astrup, Gill & Myhre, 2024). Dei fleste sjølvmord skjer under behandling eller kort tid etter utskriving. Det inneber samtidig at omtrent halvparten av dei som tek sitt eige liv, ikkje har vore i behandling for psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem i spesialisthelsetenesta året før sjølvmordet. Dette gjer det utfordrande å fange opp alle som er i risikogrupper, og understrekar behovet for både spissa tiltak inn mot kjende risikogrupper og breiare og meir tilgjengelege førebyggjande tiltak.

Fleire studiar viser at det er ein samanheng mellom gjeld og sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Særleg usikra gjeld og misleghald av bustadlån aukar risikoen. Forsking viser òg at det er større førekomst av sjølvmord blant personar med pengespelproblem enn i befolkninga generelt (Kristensen et al., 2025; Kristensen et al., 2024). Å ha pengespelproblem har helsemessige konsekvensar (Langham et al. 2016; Pallesen S. et al., 2023). I samtalestatistikken for 2024 frå Hjelpelinja for speleavhengige der helsemessige konsekvensar er tema, oppgir 9 prosent av dei som speler, at dei har hatt sjølvmordstankar eller -forsøk.

Speleproblem og regjeringa sin innsats mot speleproblem blir omtalt i kapittel 8.7–8.8.

6.5 Flest menn blant dei med rusmiddel- og avhengnadslidingar

Psykiske lidingar og avhengnadsproblem opptrer ofte samtidig. Undersøkingar både frå Noreg og andre land viser at personar med alvorlege psykiske lidingar ofte har rusmiddelproblem òg, og personar som er avhengige av alkohol eller narkotiske stoff, har ofte psykiske plager eller lidingar (Ørstavik, Moan & Christiansen, 2026). Menn er overrepresenterte på fleire område som har eit overforbruk- eller avhengnadsaspekt knytt til seg, som rusmiddelproblem og pengespelproblem (Pallesen S. et al., 2023).

Noreg har over tid hatt ein stabil høg førekomst av narkotikautløyste dødsfall (òg kalla overdosar). Dei fleste av dei narkotikautløyste dødsfalla i 2024 var i aldersgruppa 50–59 år, og gjennomsnittsalderen ved narkotikautløyste dødsfall har lege stabilt på rundt 45 år i perioden 2020–2024. Årlege tal frå dødsårsaksregisteret viser at menn utgjer eit stort fleirtal av dei som døyr av narkotika- og alkoholutløyste årsaker. Av dei 342 narkotika- og alkoholutløyste dødsfalla i 2024 var 75 prosent menn (Helsedirektoratet, 2026a), og ei tidlegare kartlegging av dødsårsaker fann at overdosar var den nest vanlegaste dødsårsaka blant menn under 50 år (Knudsen et al. 2017, sitert av Gjersing, 2018).

Dødsårsaksregisteret fangar ikkje opp alle dødsfall som kan knytast til narkotikabruk, ettersom dødsårsaka kan vere vald, ulykker eller ulike sjukdommar knytte til rusmiddelbruken (Gjersing, 2018).

6.6 Menn er overrepresenterte i tvunge psykisk helsevern

Mange som har alvorlege psykiske lidingar, har god livskvalitet og lever eit meiningsfullt liv, men ei alvorleg psykisk liding har personlege og sosiale konsekvensar for kvar enkelt. Psykiske lidingar kan føre til utanforskap, og mange opplever framleis stigma knytt til sjukdommen. Ei alvorleg psykisk liding kan føre til uførleik, arbeidsløyse, sjukefråvær, fysiske sjukdommar og redusert forventa levealder.

Mannsutvalet påpeikar at talet på døgnplassar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling er blitt betydeleg redusert over tid, og at utviklinga kan føre til at mange menn ikkje får eit godt nok behandlingstilbod. Utvalet understrekar at mangelfull behandling av personar med alvorlege psykiske lidingar kan få alvorlege konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet.

Det har lenge vore ei målsetjing å vri verksemda i psykisk helsevern frå behandling i døgnavdelingar til poliklinisk og ambulant behandling nær der pasientane bur. Både talet på døgnplassar og opphaldsdøgn i psykisk helsevern har gått ned sidan 1990. I same periode har det vore ei satsing på å byggje ut dei kommunale tilboda innanfor psykisk helse og på rusmiddelfeltet, og det har vore ei omfattande utbygging av polikliniske, ambulante og oppsøkjande tenestetilbod som ACT, FACT og FACT Ung. Desse tilboda bidreg til redusert behov for døgninnleggingar og bruk av tvang. Den same utviklinga gjeld for tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Mens kjønnsfordelinga blant døgnpasientar i psykisk helsevern samla sett er relativt jamn, er menn overrepresenterte blant pasientar som er underlagde tvungent psykisk helsevern. Tenesteutvikling som fremjar frivilligheit, gir god pasientbehandling generelt, men vil gagne unge menn spesielt sidan dei utgjer ei større gruppe av tvangsinnlagde pasientar enn kvinner. Tal frå 2022 viser at i aldersgruppa 23–29 år var 262 menn per 100 000 tvangsinnlagde, mot 134 kvinner. Kjønnsforskjellane er mindre etter fylte 50 år, men i yngre aldersgrupper er dei tydelege (Helsedirektoratet, 2024b). Menns overrepresentasjon i tvunge psykisk helsevern heng delvis saman med at menn i mindre grad enn kvinner frivillig oppsøkjer og tek imot psykisk helsehjelp med samtykke. Menn har ein tendens til å utsetje å be om hjelp til det er alvorleg og akutt, med desto større risiko for at det resulterer i vedtak om tvunge vern.

Nokre av utfordringane i dag er mellom anna knytte til auka press på døgnkapasiteten i psykisk helsevern fordi fleire blir dømde til behandling. Helseføretaka planlegg døgnkapasiteten ut frå det framskrivne behovet og vanhelsa i befolkninga, men det varierer kor mange som blir dømde til tvunge psykisk helsevern, og dermed er det vanskeleg å planleggje. Det kan i tillegg vere krevjande å få til ei god samordning av helsetenester for heilskapleg og langsiktig oppfølging – særleg for personar med alvorlege lidingar og samansette behov. Etter mange år med nedgang i den totale døgnplasskapasiteten i psykisk helsevern for vaksne har reduksjonen no stoppa opp, og det er planlagt for ein auke framover. Det er særleg for personar med alvorlege psykiske lidingar og i tryggingspsykiatrien at det er behov for å auke døgnkapasiteten.

6.7 Tiltak for å betre menns psykiske helse og redusere problematisk rusmiddelbruk

Psykisk helse og rusmiddelfeltet er viktige satsingsområde for regjeringa. Det er behov for sterkare innsats for å førebyggje psykiske plager og lidingar, og terskelen for å få hjelp må bli lågare. Samtidig skal personar med alvorlege psykiske lidingar få meir heilskapleg behandling og oppfølging. På rusmiddelfeltet er den overordna ambisjonen å førebyggje og redusere dei negative konsekvensane som rusmiddelbruk kan ha for den enkelte, for dei pårørande og for samfunnet, og sikre at personar med rusmiddelproblem opplever tryggleik, fellesskap og verdigheit (Meld. St. 5 (2024–2025)).

Gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse gir regjeringa retning for psykisk helse-feltet for tiårsperioden 2023–2033. Regjeringa prioriterer psykisk helse gjennom styrkt innsats, med særleg vekt på helsefremjande og førebyggjande tiltak, lågterskeltilbod, auka døgnkapasitet og tidleg og rask avklaring for dei som søkjer hjelp (Meld. St. 23 (2022–2023)). Psykisk helse-feltet skal styrkjast med 3 milliardar kroner i tiårsperioden. Så langt er løyvingane auka med om lag 1,5 milliardar kroner.

Mange med rusmiddelrelaterte problem har samansette utfordringar som krev ulik oppfølging i kommune- og spesialisthelsetenestene.

Regjeringa trekkjer fram følgjande innsatsar for betre psykisk helse og reduksjon av problematisk rusbruk:

  • styrkje arbeidet med sjølvmordsførebygging

  • lågterskeltilbod innanfor psykisk helse- og rusmiddelfeltet

  • oppfølging av handlingsplan for å heve levealderen for personar med alvorlege psykiske lidingar og/eller alvorlege rusmiddelproblem

  • meir tilgjengeleg, samanhengande og koordinert behandling av rusmiddellidingar gjennom førebyggings- og behandlingsreforma

  • oppfølging av handlingsplan mot overdosar

  • auke døgnkapasiteten og bidra til det heilskaplege pasientforløpet innanfor psykisk helse

6.7.1 Styrkt arbeid med å førebyggje sjølvmord

Mannsutvalet foreslår å forsterke innsatsen for å forhindre sjølvmord og at innsatsen blir endå tydelegare retta mot menn.

Regjeringa har varsla at ho vil leggje fram ein ny handlingsplan for sjølvmordsførebygging tidleg i 2027. Planen skal ha eit tydeleg kjønns- og mangfaldsperspektiv. I planen vil ein sjå nærmare på samanhengen mellom økonomiske utfordringar og sjølvmord.

Mannsutvalet peikar på at det er behov for meir kunnskap om sjølvmord i eit kjønnsperspektiv. I september 2026 sende regjeringa på høyring eit forslag om å etablere eit varig, nasjonalt sjølvmordsregister. Eit slikt register vil vere eit viktig verktøy for å finne gode tiltak for å førebyggje sjølvmord. Det skal ta utgangspunkt i kartleggingssystemet for sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Kartlegginga samlar inn informasjon om sentrale kjenneteikn ved pasientane som døyr, kvar i behandlingskjeda dei var, og kva tenester dei mottok. Om lag halvparten av alle sjølvmord blir gjorde av personar som har vore i kontakt med psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling dei siste tolv månadene. På sikt er det ønskjeleg at kartlegginga blir utvida til også å innehalde opplysingar om personar som berre har fått behandling frå den somatiske spesialisthelsetenesta og kommunal helse- og omsorgsteneste. Systematisk innhenting av slik informasjon over tid bidreg til at fleire moglege sjølvmordsførebyggjande tiltak kan identifiserast og evaluerast, for betre kvalitet på tenestene og betre pasienttryggleik. Tiltaket vil inngå i den nye handlingsplanen for førebygging av sjølvmord.

Boks 6.11 «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv»

Eit sentralt tiltak i Handlingsplan for førebygging av sjølvmord – Ingen å miste (2020–2025) er gjennomføringa av regionale folkeopplysingskampanjar om sjølvmord. Den overordna bodskapen for kampanjen er «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv». Målet er å gjere folk meir bevisste på sjølvmordstankar, bidra til at fleire søkjer hjelp, og få fleire til å bry seg dersom dei er bekymra for nokon. Målgruppa for kampanjane er heile den vaksne befolkninga, men kampanjane er utforma for å nå ulike grupper, særleg menn i alderen 40–60 år, og dei er tilpassa det kulturelle og språklege mangfaldet i befolkninga. Det inneber mellom anna at bodskapen er utforma for å treffe menn, og at det blir brukt mannlege rollemodellar for å fronte kampanjane.

Boks 6.12 Når tausheita blir farleg – den samiske mannen

Samiske menns historier om selvmordstanker og veier til bedring er eit forskingsprosjekt som er utført ved Senter for omsorgsforsking Nord (UiT). Hovudmålet for prosjektet er å dokumentere samiske menns erfaringar med sjølvmordstankar og -forsøk og avdekkje korleis kjønn, maskulinitetsnormer og samisk etnisk identitet påverkar desse opplevingane.

Ved hjelp av kvalitative djupneintervju med samiske menn over 18 år frå ulike område og med ulik bakgrunn kartlegg prosjektet personlege, relasjonelle og samfunnsmessige faktorar som påverkar både utvikling av sjølvmordstankar og vegen mot betring. Det er eit mål å identifisere barrierar i helsesystemet og foreslå kulturtilpassa og trygge hjelpetiltak retta mot menn frå samiske miljø.

Prosjektet er finansiert av Helse Nords forskingsfond og er eit samarbeid mellom Samisk nasjonalt kompetansesenter (SANKS) og UiT-forskarar.

6.7.2 Lågterskeltilbod innanfor psykisk helse- og rusmiddelfeltet

Mannsutvalet har foreslått å setje i verk tiltak for å gjere lågterskeltilbod innanfor psykisk helse meir tilgjengelege for menn og utarbeide ei nasjonal nettside som skal gjere det lettare å finne fram til lokale og regionale lågterskeltilbod.

Eitt av måla i opptrappingsplanen for psykisk helse er at innbyggjarar i alle kommunane i landet skal ha tilgang til kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innanfor psykisk helse og rus. Gode lågterskeltilbod kan gi folk tidleg hjelp før problema utviklar seg til å bli meir alvorlege og det blir behov for meir spesialisert hjelp. Det finst mange gode tilbod i kommunane der folk kan få lett tilgang til hjelp, utan tilvising og lange ventetider. Tilgangen varierer likevel rundt om i landet. Regjeringa har derfor styrkt inntektene til kommunane, etablert ei eiga tilskotsordning og lagt til rette for at kommunane kan få implementeringsstøtte til å etablere og utvikle lågterskeltilbod. I 2025 hadde 85 prosent av kommunane og bydelane som rapporterte, minst éin type lågterskeltilbod til vaksne, mot 76 prosent i 2024. For barn og unge har andelen auka frå 55 prosent i 2024 til 72 prosent i 2025 (Ose & Kaspersen, 2025). I 2027 foreslår regjeringa å styrkje tilskotsordninga for utvikling, tilpassing og etablering av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innanfor psykisk helse- og rusmiddelfeltet med 60 millionar kroner.

Lågterskeltilbod som er drivne av frivillige og ideelle organisasjonar, er eit viktig og verdifullt supplement til det offentlege tenestetilbodet innanfor psykisk helse- og rusmiddelfeltet. Tilbod som hjelpetelefonar, chat-tenester og andre samtale- og meistringstenester kan bidra med råd, støtte og rettleiing til personar som står i ein vanskeleg livssituasjon på grunn av psykisk uhelse, rusmiddelproblem eller vald. Tilboda er særleg viktige for menneske i krise og når andre tenester ikkje er tilgjengelege. Dei har heile landet som nedslagsfelt, er lett tilgjengelege og har føreseielege opningstider. Slike tilbod er òg viktige for dei som av ulike grunnar ikkje ønskjer å oppsøkje dei offentlege helse- og omsorgstenestene. Regjeringa legg til rette for slike tilbod gjennom ulike tilskotsordningar. I statsbudsjettet for 2026 blei mellom anna tilskota til hjelpetelefonar og chat-tilbod og til samtale- og meistringstilbod styrkte med 30 millionar kroner.

Boks 6.13 Mann om bord frå Trondheim kommune

Trondheim kommune har etablert Mann om bord, eit tiltak retta mot menn som opplever utanforskap eller strevar med å finne plassen sin i samfunnet. Tiltaket byggjer på samarbeid mellom kommunale tenester, frivillige aktørar og andre relevante samarbeidspartnarar og har som mål å styrkje deltaking, tilhøyrsel og meistring. Gjennom eit tydeleg kjønnsperspektiv rettar tiltaket merksemd mot barrierar som kan gjere det vanskelegare for menn å oppsøkje støtte og hjelp.

Regjeringa legg òg til rette for digitale sjølvhjelps- og behandlingstilbod innanfor psykisk helse- og rusmiddelfeltet. Digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy kan bidra til at det er lettare å finne fram til tilbod lokalt. Dette kan vere ein fordel for gutar og menn, som ofte ventar lenger med å oppsøkje hjelp ved helseutfordringar. Les meir om digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy under 6.9.4.

6.7.3 Oppfølging av handlingsplan for å heve levealderen for personar med alvorlege psykiske lidingar og/eller alvorlege rusmiddelproblem

Med handlingsplanen Bedre helsehjelp – flere gode år (2025–2033) vil regjeringa redusere forskjellar i forventa levealder for personar med alvorlege psykiske lidingar og/eller alvorlege rusmiddelproblem. Planen er ein del av arbeidet med å redusere sosiale helseforskjellar. Planen omfattar mellom anna tiltak for å styrkje innføringa av nasjonale pasientforløp for somatisk helse og levevanar, utarbeide retningslinjer for behandling av angst og depresjon der fysisk aktivitet inngår, og etablere treningstilbod til målgruppa. Samtidig legg planen vekt på behovet for å styrkje heile behandlingskjeda og byggje ned barrierar, stigma og fordommar som kan hindre nødvendig helsehjelp.

Menn er overrepresenterte blant personar med samansette helseutfordringar knytte til alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelproblem, og tiltaka i handlingsplanen vil derfor komme menn i målgruppa til gode.

6.7.4 Meir tilgjengeleg, samanhengande og koordinert behandling av rusmiddellidingar gjennom førebyggings- og behandlingsreforma

Med Meld. St. 5 (2024–2025) Trygghet, fellesskap og verdighet – Forebyggings- og behandlingsreformen for rusfeltet Del I – en ny politikk for forebygging, skadereduksjon og behandling vil regjeringa førebyggje betre og komme tidlegare inn med god hjelp, behandling og oppfølging av rusmiddellidingar. Reforma skal bidra til ei meir tilgjengeleg, samanhengande og koordinert behandling av rusmiddellidingar.

Ved å følgje opp meldinga vil regjeringa styrkje den førebyggjande innsatsen knytt til bruk av ulovlege rusmiddel gjennom betre samordning mellom sektorar og aktørar, og regjeringa legg vidare til rette for meir tilgjengeleg, samanhengande og koordinert behandling av rusmiddellidingar. Det inneber mellom anna ei tettare kopling mellom tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), psykisk helsevern og somatiske tenester.

Kommunane har ansvar for å yte helse- og omsorgstenester til personar med rusmiddelproblem som oppheld seg i kommunen. Dei skal mellom anna tilby råd og rettleiing, utgreiing og behandling, psykososial rehabilitering, helsetenester i heimen og plass i institusjon ved behov. Fastlegar og heimetenester er òg sentrale i det kommunale rusarbeidet, og mange kommunar har i tillegg oppsøkjande tenester, til dømes utekontaktar retta mot utsette barn og unge.

Boks 6.14 Oppsøkjande metodikk

Oppsøkjande tenester, til dømes i form av utekontaktar, er eit viktig tiltak for å identifisere og gripe inn tidleg overfor unge som står i fare for å falle utanfor eller utvikle psykisk uhelse eller rusmiddelproblem. Regjeringa har sett i gang ei nasjonal satsing på oppsøkjande metodikk gjennom eit kompetansesenter for rusfeltet (KORUS). Det er gjennom KORUS etablert eit nasjonalt kompetansemiljø og lagt til rette for nasjonale og regionale fagnettverk. Formålet er å stimulere fleire kommunar til å ta i bruk oppsøkjande arbeid som eit verktøy for tidleg intervensjon for å førebyggje fråfall, sosial ekskludering og rusmiddel- og psykiske helseproblem blant barn og unge på eit tidleg tidspunkt.

Betinga påtaleunntak med vilkår om oppmøte for rådgivande eining for russaker skal vere den føretrekte straffereaksjonen overfor unge som bruker narkotika. Rådgivande eining for russaker kan òg ha ein viktig funksjon som kontaktpunkt for andre offentlege instansar som har behov for råd og rettleiing. Helsedirektoratet har publisert nytt rettleiande materiell for einingane på nettsidene sine til bruk for kommunane.

I mange kommunar blir det tilbydd oppsøkjande behandling og oppfølging og skadereduserande tiltak, som lågterskel helsetilbod og utdeling av brukarutstyr. I samband med førebyggings- og behandlingsreforma har regjeringa gjort fleire grep som er viktige i eit skadereduserande perspektiv, som å endre brukarromregelverket og leggje til rette for rusmiddelanalysetenester.

Det er viktig å etablere ein grunnleggjande struktur for behandling av rusmiddellidingar over heile landet. Regjeringa har derfor bedt om at det skal etablerast basistenester innanfor TSB i alle helseføretak, slik at tenestene blir meir tilgjengelege og betre integrerte med anna spesialisthelseteneste. Dei regionale helseføretaka fekk også i 2024 i oppdrag å utvikle ei teneste med integrert ettervern innanfor TSB, som inkluderer brukarstyrte plassar, i samarbeid med kommunane.

6.7.5 Følgje opp handlingsplan mot overdosar

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot overdosar som omfattar både ulovlege rusmiddel, vanedannande legemiddel og alkohol. Bakgrunnen er at det har vore stabilt mange overdosar dei siste åra, og at tidlegare strategiar ikkje har klart å redusere overdosetala. I 2024 døydde 345 personar av overdosar og 421 av alkoholrelaterte årsaker i Noreg. Foreløpige tal for 2025 viser 283 overdosar og 407 alkoholrelaterte årsaker (FHI, 2026c).

Planen inneheld ei rekkje tiltak som vil bli følgde opp framover. Som ein del av overdosearbeidet og innføringa av ei beredskapstenking på rusmiddelfeltet blei til dømes nettstaden overdosefare.no operativ i januar 2026. Nettstaden varslar om farlege rusmiddel i omløp, noko som er særleg viktig i lys av den aukande førekomsten av syntetiske opioid som fentanyl og nitazen.

6.7.6 Styrkje døgnkapasiteten og det heilskaplege pasientforløpet innanfor psykisk helse

Mannsutvalet foreslår at talet på døgnplassar i det psykiske helsevernet blir stabilisert på dagens nivå, og at det blir auka på sikt. Regjeringa deler denne vurderinga, og sidan 2021 er nedgangen i døgnkapasiteten bremsa. Døgnkapasiteten i psykisk helsevern skal vere på eit tilstrekkeleg nivå for å møte behovet for døgnbehandling. Regjeringa legg til rette for ei opptrapping, med ei forventing om ein auke alt i 2026. Det er planar om ytterlegare auke fram mot 2030.

Døgnkapasiteten i psykisk helsevern skal aukast med tilsvarande 430 plassar fram mot 2040. Med auken som er planlagd for dei neste fem åra, vil regjeringa vere godt i rute til å innfri dette løftet. Det er særleg behov for å auke døgnkapasiteten for dei med alvorleg psykisk liding, for ein må ta omsyn til det aukande behovet for plassar til dei som blir dømde til slik behandling, slik Mannsutvalet framhevar. Det faglege innhaldet i tilbodet skal vere av god kvalitet og tilpassa behovet til den enkelte.

Samtidig held regjeringa fram med å styrkje det heilskaplege pasientforløpet med tilbod som mellom anna heimesjukehus, ambulante tenester og FACT-team, som òg kan bidra til å redusere behovet for døgninnleggingar.

6.8 Sosial ulikskap i bruk av helse- og omsorgstenester

Menn nyttar primærhelsetenesta sjeldnare, og nokre har avgrensa kontakt med helsevesenet over lengre tid, også når symptoma tilseier at det er behov for medisinsk vurdering. Det kan bidra til at dei får seinare diagnose og dårlegare prognose ved sjukdommar der tidleg oppdaging er avgjerande, som kreft og hjarte- og karsjukdom.

Folkehelseinstituttet viser at menn bruker fastlegen i mykje mindre grad enn kvinner (Skyrud, Qureshi & Gjefsen, 2024). I gjennomsnitt har menn om lag 1,25 færre fastlegekonsultasjonar per år enn kvinner, og det er 8 prosent høgare sannsyn for at dei ikkje har hatt nokon fastlegekonsultasjon dei siste tre åra, enn tilfellet er for kvinner (Skyrud, Qureshi & Gjefsen, 2024). Konsultasjonar knytte til prevensjon og svangerskap er ikkje inkluderte i analysane og kan derfor ikkje forklare kjønnsforskjellane.

Forskjellane er særleg store blant personar utan partnar og blant personar med innvandringsbakgrunn. Samtidig minkar kjønnsforskjellane med aukande alder. Ved 80 års alder er det berre 10 prosent av mennene som ikkje har nokon konsultasjon hos fastlege eller legevakt i løpet av eitt år. For kvinner er mønsteret annleis: Det er relativt stabilt rundt 20 prosent som ikkje har hatt nokon fastlegekonsultasjon i løpet av eit år, fram til rundt 60 års alder – deretter blir andelen redusert fram mot 80 år. Då er forskjellen mellom menn og kvinner tilnærma lik null. Sjølv om studien om menns bruk av primærhelsetenester avdekkjer ujamn bruk av fastlegen mellom kjønna, understrekar forskarane at ein må forstå dei underliggjande årsakene til desse forskjellane for å kunne utvikle inkluderande bruk av helsetenester (Skyrud, Qureshi, & Gjefsen, 2024).

Bruken av fysioterapi og tannhelsetenester er lågare blant menn, og menn deltek i mindre grad i førebyggjande tiltak som influensavaksinasjon og screeningprogram (Lunde & Ramm, 2021). Tarmscreeningprogrammet er det einaste nasjonale screeningprogrammet som omfattar begge kjønn. Tal frå 2025 viser at 52 prosent av dei inviterte deltok, men deltakinga var lågare blant menn enn blant kvinner. Mens 57 prosent av kvinnene takka ja til tilbodet, var andelen blant menn 48 prosent. Lågare deltaking kan bidra til seinare oppdaging av sjukdom, men kunnskapen om kva helsekonsekvensar dette har over tid, er avgrensa.

Det er kjønnsforskjellar i bruken av helsestasjons- og skulehelsetenesta og andre lågterskeltilbod òg. I 2025 oppgav 26 prosent av jenter i vidaregåande opplæring at dei hadde brukt helsestasjon for ungdom det siste året, mot 8 prosent av gutane (Bakken, 2025). Samtidig peikar Mannsutvalet på at få kommunar har eigne tilbod retta mot gutar, og at det er behov for betre tilrettelegging, synleggjering og medverknad i utforminga av tenestene.

Ein rapport om sosial ulikskap i bruk av helsetenester finn at menn generelt har lågare bruk av helsetenester enn kvinner på tvers av sosial bakgrunn. Det er vanskeleg å avdekkje i kva grad den lågare bruken av helsetenester hos menn har negative helsekonsekvensar. Blant menn med svekt helse og låg utdanning er det færre som har hatt døgnopphald på sjukehus samanlikna med kvinner i same situasjon (Lunde & Ramm, 2021).

Det er store forskjellar mellom personar med innvandrarbakgrunn i Noreg når det gjeld levekår, levevanar og førekomst av sjukdom. Ifølgje folkehelserapporten frå FHI har innvandrarar lågare dødelegheit og noko høgare forventa levealder enn befolkninga elles (Indseth et al., 2026). Samtidig har innvandrarar frå land i Asia, Afrika eller Aust-Europa i gjennomsnitt dårlegare sjølvrapportert helse, psykisk helse og tannhelse enn andre. For enkelte sjukdommar og tilstandar er førekomsten lågare blant innvandrargrupper enn i resten av befolkninga, mens det er motsett for andre sjukdommar og tilstandar. Kunnskapsgrunnlaget om helsa og helsetenestebruken til innvandrarar er mangelfullt. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut helsetilstanden og bruken av helsetenester blant innvandrarar og nordmenn med innvandrarbakgrunn og korleis dette påverkar arbeidsdeltaking og inkludering.

Mannsutvalet peikar på at kulturelle og sosiale forhold kan bidra til forskjellar i korleis kvinner og menn bruker helsetenester. Tendensen til å bagatellisere eller avvise symptom og helseplager, som kan føre til at menn unngår eller utset å søkje hjelp, kan vere knytt til maskulinitet. Mannsutvalet meiner dessutan at helsetenestene i for lita grad er tilpassa menns behov, og at det trengst meir kunnskap om korleis menn bruker helsetenester, og korleis tenestene kan utformast for å nå menn betre.

Boks 6.15 Særskilde barrierar for lhbt+-personar

Lhbt+-personar rapporterer om særskilde barrierar i møte med helsevesenet. Forsking frå Noreg og Skandinavia viser at mange opplever utfordringar knytt til både tilgang, kvalitet og tillit til tenestene (Evje et al., 2025). Det er mange som ikkje er opne om identiteten sin, og som opplever normative antakingar knytte til kjønn og seksualitet og manglande kompetanse hos tenesteytarar. Nokre unngår derfor å søkje hjelp av frykt for diskriminering eller fordi dei har låg tillit til tenestene. Transpersonar og personar med kjønnsinkongruens rapporterer gjennomgåande fleire og meir samansette barrierar, mellom anna knytt til tilgangen til kjønnsstadfestande behandling, feilkjønning og manglande tilrettelegging i tenestene (Langeland, Gulli & Rigtrup, 2023; Ivanova, Nysæter & Fischer, 2025; Evje et al., 2025).

6.9 Tiltak for likeverdige helse- og omsorgstenester

Likeverdige helsetenester føreset at ulike grupper opplever dei som tilgjengelege, relevante og tilpassa behova deira. Mannsutvalet peikar på at nokre menn møter særskilde barrierar for å søkje hjelp, og at det trengst meir kunnskap om samanhengen mellom mannsroller, helseåtferd og helseutfall. Regjeringa vil leggje til rette for helse- og omsorgstenester som er tilgjengelege, forståelege og tilpassa dei ulike behova til befolkninga, slik at alle får likeverdige høve til å få informasjon og nytte relevante helse- og omsorgstilbod.

Det er ei sterk fagleg tilråding at helsestasjon for ungdom bør setje i verk tiltak for å nå gutar i større grad og dermed jamne ut forskjellar i bruk av tenesta. Tilboda bør vere tilpassa behova til gutane, og det er avgjerande at gutane sjølve får vere med og utforme tenestene. Nokre kommunar har oppretta eigne helsestasjonstilbod for gutar.

God kapasitet og kvalitet i allmennlegetenesta, inkludert fastlegeordninga, er ein føresetnad for å bevare og vidareutvikle likeverdige helse- og omsorgstenester til befolkninga. Det har blitt fleire fastlegar og færre personar utan fastlege sidan 2023, og det gagnar også menn.

Regjeringa vil i tillegg nemne følgjande tiltak:

  • utgreiing av screening for prostatakreft

  • betre kunnskap for å styrkje kvaliteten i helse- og omsorgstenestene

  • betre utnytting av helsedata

  • ta i bruk digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy

  • tiltak for å fremje betre helse- og omsorgstenester til innsette

Boks 6.16 Helsestasjon for gutar

For at ein skal nå fram til gutar i større grad, er det viktig at gutane opplever god tilgang til skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, og at tilbodet blir tilpassa behova til gutane. I den faglege retningslinja for helsestasjon og skulehelsetenesta blir det gitt døme på tiltak for å få fleire gutar til å oppsøkje helsestasjon for ungdom:

I nokre kommunar finst det eigne helsestasjonstilbod for gutar, anten som eiga teneste eller at spesielle tidspunkt er sette av til gutar. Bydel Gamle Oslo i Oslo kommune har til dømes eit tilbod til gutar med fagfolk som helsesjukepleiar, sjukepleiar, lege og psykolog.

Helsestasjon for gutar gir òg tilbod om testing av seksuelt overførbare infeksjonar (urinprøvar) og samtaletilbod gjennom drop-in eller timebestilling.

Retningslinja tilrår òg at helsestasjon for ungdom, før eventuelle tiltak blir sette i verk for å jamne ut kjønnsforskjellar i bruken av tenesta, bør:

  • ha oversikt over ungdomspopulasjonen

  • kartleggje og få oversikt over om det er forskjellar i korleis tenesta blir brukt, og kva som kan vere årsakene til dette

  • samarbeide med ungdommane i lokalmiljøet

  • analysere kvifor det er forskjellar, og vurdere om det er behov for å setje i verk tiltak

Det kan òg vere andre grupper som av ulike grunnar ikkje oppsøkjer tenesta. Helsestasjon for ungdom bør arbeide for å nå all ungdom, uavhengig av kjønn, seksualitet eller etnisk opphav.

Kjelde: (Helsedirektoratet, 2026b).

6.9.1 Vurdere nye kreftscreeningprogram

Regjeringa har som mål i den Nasjonale kreftstrategien at det i løpet av strategiperioden (2025–2035) skal givast tilbod om ein større grad av persontilpassa screeningprogram, i tråd med EU sine satsingar (Helse- og omsorgsdepartementet, 2025c). Det er eit mål at kunstig intelligens (KI) skal kunne brukast både for å oppdage kreft tidleg og ved utgreiing av kreft. KI har potensial til å både kunne auke fordelane og redusere ulempene ved screening. Lungekreft og prostatakreft er dei kreftformene som per no skal greiast ut, men utviklinga innanfor KI og annan helseteknologi kan òg opne for at andre kreftformer kan bli aktuelle. Det er fleire pilotprosjekt på gang i Europa.

Populasjonsbasert screening for prostatakreft er ikkje innført i Noreg og heller ikkje i så mange andre land. Fleire studiar har vist at PSA-baserte screeningprogram kan føre til at færre døyr av prostatakreft. PSA står for prostataspesifikt antigen. Det er eit protein (enzym) som blir produsert av cellene i prostatakjertelen. Foreløpig er det ingen studiar som har vist at det er ei auka totaloverleving ved PSA-screening, men studiane har heller ikkje vore designa for å undersøkje denne problemstillinga.

Før det kan setjast i gang screening for prostatakreft, er det behov for meir kunnskap. Helsedirektoratet følgjer med på kunnskapsutviklinga på dette området og vil vurdere å setje i gang ein prosess for å greie ut screening for prostatakreft. I ei slik utgreiing vil det bli gjennomført ei vurdering av etiske, juridiske, organisatoriske, faglege og personellmessige konsekvensar, og i tillegg vil det bli gjennomført helseøkonomiske analysar.

6.9.2 Betre kunnskap for å styrkje kvaliteten i helse- og omsorgstenestene

Kvinner og menn kan handtere sjukdom og helseutfordringar på ulike måtar, og det påverkar når og korleis helsetenester blir brukte. Når menn i mindre grad enn kvinner bruker helsetenestene, kan det innebere at helseproblem blir oppdaga seinare eller ikkje blir følgde godt nok opp. Årsakene til kjønnsforskjellane er samansette, og det er usikkert kva konsekvensar dette har for menns helseutfall. Dette understrekar behovet for betre kunnskap om korleis kjønn speler inn i møte med helsetenestene, og for tiltak som bidreg til at tilboda når heile befolkninga på ein likeverdig måte.

I regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning er helse eit av seks prioriterte tematiske område. Innanfor denne prioriteringa blir mellom anna forsking på kvinnehelse og kjønnsforskjellar i helse rekna som viktig for at ein skal kunne gjere helse- og omsorgstenestene meir treffsikre og likeverdige.

Det finst relativt god kunnskap om biologien knytt til menns helse, men det er mindre kunnskap om kvifor menn oppsøkjer helsetenester sjeldnare enn kvinner, og kvifor sosial ulikskap ser ut til å slå sterkare ut for menn. Som del av den årlege dialogen med FHI er det aktuelt å be FHI om å styrkje analysen av kjønnsforskjellar og vurdere behovet for meir kunnskap om kjønnsforskjellar i bruken av helse- og omsorgstenester og kva dei betyr for helseutfall. Det er òg aktuelt å vidareutvikle kjønnsspesifikke analysar av helsedata der det er relevant, medrekna brukarundersøkingar, som grunnlag for forbetring av helse- og omsorgstenestene.

Det er eit mål for regjeringa at helsetenestene skal vere meir tilgjengelege for menn som i dag bruker dei mindre enn det forventa behovet (Skyrud, Qureshi & Gjefsen, 2024).

For å redusere sosiale og kjønnsbaserte helseforskjellar må tenestene utviklast med auka bevisstheit om kjønn, andre forskjellsdimensjonar som etnisitet, kjønnsmangfald, funksjonsnedsetjingar og sosiale forhold. Betre tilrettelegging for tidleg kontakt med tenestene, lågterskeltilbod og arbeid for å skape større mangfald blant tilsette er sentralt. I den offentlege helsetenesta skal det gjerast prioriteringar som sikrar best mogleg bruk av ressursane. Tiltaka som blir sette i verk, må sjåast i lag, slik at innsatsen samla sett bidreg til best mogleg helsegevinst, likeverdige tenester og effektiv bruk av dei samla personellressursane.

Regjeringa vil òg forbetre kunnskapen om menn sin helse og kjønnsforskjeller, også i samanheng med andre faktorar knytte til sosiale forhold. Dette skal nyttast til å utvikle betre og meir treffsikre helse- og omsorgstenester og folkehelsetiltak.

6.9.3 Betre utnytting av helsedata

Regjeringa vil leggje til rette for betre bruk av helsedata i arbeidet med helsa til befolkninga og kjønnsperspektiv i helse, mellom anna for å bidra til likeverdig tilgang til gode helsetenester og eit meir treffsikkert folkehelsearbeid.

Noreg har mange gode nasjonale helse- og kvalitetsregistre. Norsk pasientregister, kommunalt pasient- og brukarregister og medisinske kvalitetsregistere samlar informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar i norsk spesialisthelseteneste. Kunnskapen frå registera blir brukt til å forbetre kvaliteten på helsetenestene og pasienttryggleiken, men har òg stort potensial for å avdekkje om sosioøkonomi, kjønn og andre forhold påverkar om pasientane får likeverdige helsetenester.

Rapporten Betydning av kjønn for behandlingskvalitet i norske sykehus undersøkjer om behandlingskvaliteten i norske sjukehus er lik for kvinner og menn (SKDE, 2025). Rapporten er eit samarbeid mellom Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) og Nasjonalt senter for kvinnehelseforsking og tek utgangspunkt i fleire av dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Forskarane bak rapporten finn at det er små forskjellar i førekomst, behandling og overleving (der det blir registrert) for kvinner og menn. Eit anna viktig funn er at kjønnsforskjellane som blei registrerte, går begge vegar. Dette viser behovet for kjønnsdelte analysar av helsedata. Det skal utarbeidast fleire rapportar med analysar frå andre kvalitetsregister for å avdekkje om resultata også gjeld dei resterande fagområda som kvalitetsregistera dekkjer.

Rapporten frå kvalitetsregistera er positiv i den forstand at ingen av dei undersøkte registera finn uønskt variasjon i behandlingskvalitet mellom kjønna. Samtidig peikar funna på kor viktig det er med undersøkingar som belyser kva betyding kjønn har for tilgangen til behandling. Dette er viktig for at ein skal få meir kunnskap om korleis kjønn påverkar heile sjukdomsforløpet, inkludert risiko, symptom og overleving.

Sjølv om kjønn blir fastslått i dei fleste helseregister, er det behov for auka bruk av helsedata til å analysere og presentere etter kjønn. Ved å nytte registerdata til å studere ulike sjukdommar og helsetilstandar fordelt på kjønn er det mogleg å få ei betre forståing av korleis risikofaktorar, årsaksforhold og behandling heng saman og påverkar kvarandre.

Eit døme er data om trafikkulykker frå Norsk pasientregister som gir oversikt over kjønnsfordelinga av el-sparkesykkelulykkene relatert til rus, med klar overvekt av menn. Slik informasjon kan gi bakgrunn for haldningskampanjar. Data frå befolkningsundersøkingar som Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT), Tromsøundersøkelsen og Kartleggingsundersøkelser av fysisk aktivitet (KAN) vil gi informasjon om gutar og menn som er av betyding for folkehelsearbeidet.

I 2024 blei dei sentrale helseregistera samla i Folkehelseinstituttet for at ein skulle få betre samordning, gjere forvaltinga meir effektiv og få enklare tilgang til og auka bruk av data frå helseregister til styring, kvalitetsforbetring og forsking. Det vil òg vere viktig for kjønnsperspektivet i forsking.

Fleire av tiltaka i kvinnehelsestrategien vil òg bidra til å auke kunnskapen om menn. Til dømes er det snakk om å styrkje kompetansen på kjønn i helseutdanningar og vidareutdanningstilbod og ta i bruk kjønnsperspektivet ved revisjon og utarbeiding av nasjonale tilrådingar, råd og pakke- og pasientforløp.

6.9.4 Digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy

Regjeringa vil gjere kunnskapsbasert informasjon og digitale verktøy lettare tilgjengelege for befolkninga, både som sjølvhjelp og som del av oppfølging og behandling. Digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy kan gjere det enklare å ta kontakt med helse- og omsorgstenestene, gi støtte på eit tidleg tidspunkt og senke terskelen for å søkje råd og hjelp. Det kan vere særleg viktig for gutar og menn, som ofte ventar lenger med å oppsøkje hjelp ved helseutfordringar. For nokre kan digitale tenester som opnar for anonymitet, fleksibilitet og kontakt utan fysisk oppmøte, vere ein lågterskelinngang til hjelp.

Mange kan i større grad handtere vanlege og langvarige helseplager på eiga hand dersom dei har tilgang til gode og kunnskapsbaserte digitale verktøy. Det finst alt fleire slike løysingar, mellom anna på Helsenorge, men bruken varierer og er i lita grad integrert i det generelle tilbodet til helse- og omsorgstenestene. Regjeringa vil etablere ei digital førstelinje som skal gjere det lettare for folk å meistre si eiga helse, avlaste helse- og omsorgstenesta og bidra til at folk får raskare tilgang til råd, rettleiing og helsehjelp.

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei innbyggjarretta offentleg KI--basert svarteneste som består av ein chatbot som gir dialogbaserte, kvalitetssikra råd og svar på spørsmål om symptom, tilstandar og helseplager frå innbyggjarane. Svartenesten kan òg hjelpe med å tolke og forklare symptom og prøvesvar som innbyggjarane legg inn sjølve.

Innsatsen til regjeringa for å rekruttere gutar og menn til helse- og omsorgssektoren er omtalt i kapittel 5.

6.9.5 Innsats for betre helse- og omsorgstenester til innsette

Over 90 prosent av dei innsette i norske fengsel er menn. Fysiske og psykiske helseskadar skal førebyggjast gjennom gode gjennomføringsforhold. Det er godt dokumentert at innsette i fengsel har fleire levekårs- og helseproblem og mykje dårlegare helse enn befolkninga elles.

Kommunar med fengsel har ansvar for å tilby helse- og omsorgstenester til dei innsette (Helse- og omsorgstjenesteloven, 2011, § 3-9). Kommunane skal organisere tilbodet slik at dei innsette til kvar tid får forsvarlege helse- og omsorgstenester, og slik at helsepersonell kan skjøtte dei lovpålagde pliktene sine. Spesialisthelsetenesta har tilsvarande ansvar for å tilby nødvendige spesialisthelsetenester til dei innsette. Tilbodet av stadlege spesialisthelsetenester i fengsel er gradvis bygd ut, mellom anna gjennom satsingar for å sikre god psykisk helsehjelp, rusbehandling og behandlingstilbod til seksuallovbrotsdømde. Kriminalomsorga skal leggje til rette for at dei innsette kan få helsetenester når dei har behov for det.

I 2023 utnemnde regjeringa Straffereaksjonsutvalet. Utvalet skal vurdere forvaring, overføring til tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg og korleis helsa til dei innsette, særleg med vekt på alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming, best kan varetakast under varetekt og straffegjennomføring og ved tilbakeføring til samfunnet. Utvalet leverte ein NOU-rapport i 2025, og regjeringa følgjer fortløpande opp fleire tilrådingar frå utvalet (NOU 2025: 2).

Helsedirektoratet har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet utarbeidd ein ny nasjonal rettleiar til lov og forskrift for helse- og omsorgstenester til innsette. Formålet er å hjelpe tenestene med å vareta behova til dei som sonar i norske fengsel. Rettleiaren rettar seg mot den kommunale helse- og omsorgstenesta, den administrative og politiske leiinga i kommunen, den fylkeskommunale tannhelsetenesta og helseføretaka. Han beskriv mellom anna ansvaret kriminalomsorga har for å leggje til rette for at helse- og omsorgstenestene kan gjennomføre både dei lovpålagde oppgåvene sine og helsefremjande tiltak.