Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen her legg Arbeids- og sosialdepartementet fram forslag til ei ny lov om supplerande stønad for personar med kort butid i Noreg og tilsvarande redusert rett til ytingar frå folketrygda. Dersom dei manglande ytingane frå folketrygda ikkje vert kompenserte av ytingar frå utlandet, vert desse personane i regelen varige mottakarar av økonomisk sosialhjelp når dei når pensjonsalderen. Formålet med den nye lova er å garantere ei minste samla inntekt for denne gruppa.

Supplerande stønad skal etter forslaget gå til personar som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Som busette i Noreg reknast berre personar som har opphaldsløyve som gir grunnlag for løyve til permanent busetjing. Stønadstakaren må opphalde seg i Noreg minst 9 månader av året, og kan ikkje få stønad under opphald i utlandet som varar lengre tid enn samanhengande tre månader.

Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader om gongen, og søkjaren må møte personleg på trygdekontoret i samband med søknad om ytingar eller forlenging av ytingar.

Retten til ytingar etter den nye lova vert basert på ei streng behovsprøving av ytingane. I praksis vil det i alt vesentleg dreie seg om prøving mot inntekta til stønadstakaren og ein eventuell ektemake eller sambuar, men lovutkastet opnar for å ta omsyn til formue i særlege tilfelle.

Etter forslaget i lova skal garantinivået svare til minstepensjonen i folketrygda i den tilsvarande situasjonen med omsyn til sivil status og forsørging av ektemake eller barn, men lova inneber visse tilpassingar i høve til reglane i folketrygda.

Stønad etter lova vert gitt når garantinivået er høgare enn inntektene som skal inngå ved prøvinga, og skal då utgjere differansen mellom garantinivået og inntektene. Dersom stønadsbeløpet vert lågare enn 176 kroner i månaden, vert stønad ikkje gitt.

Stønadsutgiftene til den nye ordninga er førebels rekna til 150 millionar kroner i 2006, med ei motsvarande innsparing i utgiftene til økonomisk sosialhjelp på 135 millionar kroner. Utgiftene og innsparingane vert rekna på nytt i samband med budsjettframlegget for 2006.

Den nye lova om supplerande stønad skal høyre under trygdeetaten.

Til forsida