Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

6 Kontroll

6.1 Høyringsnotatet

Høyringsnotatet gjorde greie for dei kontrollbehova som den nye stønadsordninga fører med seg i høve til reglane om inntektsprøving og i høve til om vilkåret om å vere busett i Noreg er oppfylt. Ved inntektsprøvinga av stønaden skal det inngå eit vidt spekter av norske og utanlandske inntekter, og ein skal ta omsyn til inntektene til ektemake, sambuar eller registrert partnar og til formue. Ein vil kunne bruke dei kontrollordningane ein har i dag, men på eit utvida område.

Høyringsnotatet peika vidare på at den supplerande stønadsordninga vil stille strengare krav til kontroll enn til dømes kontrollen med pensjonar frå folketrygda, av di den supplerande stønad skal stoggast ved lengre utanlandsopphald enn tre månader. Det vart framheva at stønadstakarane må ha plikt til å melde frå i god tid før eit opphald i utlandet. Meldeplikta må omfatte kor lenge stønadstakaren trur at opphaldet vil vare. Opplysningane bør vere dokumenterte, til dømes ved framlegg av tur/returbillett. Høyringsnotatet reiste vidare spørsmål om å innføre ei plikt til å møte personleg på trygdekontoret med fastsette mellomrom, alternativt å sende kort til bustadsadressa i Noreg, som stønadstakaren skal signere og sende attende innan ein kort frist.

6.2 Høyringsinstansane

Mange av høyringsinstansane har synspunkt på kontrollspørsmåla:

Kommunenes Sentralforbund er samd i behovet for kontroll, og støttar innføringa av ei plikt til å melde seg på trygdekontoret som kontroll i høve til opphald i utlandet.

Bosnia-Hercegovina Forbundetgår inn for at kontroll med opphald i utlandet skjer ved utsending av kort som skal returnerast signert av stønadstakaren.

Utlendingsdirektoratet peikar på at bruk av kort som vert sendt til stønadstakaren for signering og retur til trygdekontoret ikkje alltid vil fungere godt, av di ein del eldre utlendingar ikkje kan skrive.

Ressurssenter for pakistanske barn foreslår som eit kontrolltiltak at stønadstakarane får plikt til å møte på trygdekontoret minst to gonger i året med pass eller reisedokument. Trygdekontoret kan då kontrollere inn- og utreisestemplingar.

MiRa-senteret og Arbeidernes Kommunistparti (AKP) er lite glade for dei kontrolltiltaka i høve til opphald i utlandet som vart skisserte i høyringsnotatet. Senteret meiner at ordninga «fratar en eldre person retten til bevegelsesfrihet.» AKP reiser óg på dette punktet spørsmål om ordninga verkar diskriminerande.

Senter mot etnisk diskriminering meiner at personleg oppmøte på trygdekontoret er for inngripande og ikkje bør vere ein del av kontrollen. Senteret peikar særleg på at den tradisjonelle levemåten til reisande gjer det naudsynt å tilpasse kontrolltiltaka til dette. Trygdeetaten har etter Senteret si oppfatning vore for strenge med denne gruppa.

Datatilsynet legg vekt på at den nye lova gjer det klårt kva for opplysningar ein treng for handsaming av sakene og korleis etaten skal skaffe seg desse opplysningane. Tilsynet meiner at det primære bør vere at stønadstakaren sjølv dokumenterer inntekt og formue, slik at trygdeetaten berre unntaksvis hentar opplysningane på eiga hand. Vidare åtvarar Datatilsynet mot å lage særskilt strenge kontrollordningar for den supplerande stønaden, slik at tiltaka kan framtre som brot på prinsippet om likebehandling, vurdert i høve til det som gjeld for alderspensjonistar i folketrygda.

Rikstrygdeverket har ei rekkje synspunkt når det gjeld kontrollaspektet, mellom anna følgjande:

«Når det gjelder kontroll av inntekter fra utlandet og formue i utlandet er mulighetene meget små dersom vedkommende ikke har oppgitt inntektene og formuen til norske ligningsmyndigheter. Pensjonsinntekter fra EØS-land og andre land vi har trygdeavtale med vil kunne innhentes i den grad det gjelder pensjoner som er omfattet av trygdeavtalene. Informasjon om øvrige pensjonsinntekter og andre inntekter fra utlandet vil måtte bygge på søkerens egne opplysninger og de opplysninger ligningsetaten innehar. Det samme gjelder informasjon om formue.

Det vil bli nødvendig å sørge for hjemmel og rutiner for overføring av informasjon om inntekter og formue fra ligningsmyndighetene i større utstrekning enn det trygdeetaten nå mottar. Inntektsopplysningene som overføres årlig fra ligningsetaten til trygdeetaten begrenser seg nå til pensjonsgivende inntekt, og opplysningene kommer nesten ett år på etterskudd. En mulighet vil kunne være å ha et eget inntekts- og formuesregister for denne personkretsen. Vi antar at bidragssystemets inntektsregister vil kunne utvides til å dekke dette behovet. Det vil da kunne lages månedlige kontroller mot registeret som tilsvarende oppdateres månedlig gjennom overføringer av endringsopplysninger fra ligningsetaten. På denne måten ville man løpende kunne fange opp endringer som meldes til ligningsmyndighetene.

Maskinell kontroll kan foretas løpende mot arbeidstaker-/arbeidsgiverregisteret, slik at det kan fanges opp dersom en stønadsmottaker kommer i inntektsgivende arbeid eller endrer arbeidsgiver. Ettersom målgruppen for den supplerende stønaden er 67 år eller mer, vil denne kontrollen være av mindre betydning, men den bør etter Rikstrygdeverkets mening likevel foretas.

Man bør i tillegg kunne forlange at stønadsmottakerne en gang i året besvarer et spørreskjema vedrørende sin totale økonomiske situasjon og sin sivilstatus. Utsendelse og oppfølging av et slikt kontrollskjema vil pålegge den behandlende instansen et vesentlig arbeid, spesielt dersom det blir nødvendig med innkalling til samtale eller det må sendes ut purringer. Det må fastsettes en frist for når stønaden kan stanses dersom stønadsmottakeren ikke svarer på henvendelsene. En frist på tre måneder kan synes rimelig, tatt i betraktning at det skal tillates et fravær fra riket på inntil tre måneder pr. år.

De praktiske mulighetene til å kontrollere at en person faktisk oppholder seg i Norge er begrenset. En løpende kontroll mot folkeregisteret vil måtte etableres, og dette kan fange opp tilfeller der det faktisk meldes flytting ut av landet. Mulighetene til å kontrollere flyttinger som ikke meldes til folkeregisteret er små. Det samme gjelder kontrollmulighetene vedrørende varigheten av eventuelle ferieopphold i utlandet.»

I høyringssvaret reiser Rikstrygdeverket spørsmål om ordningar som inneber at stønadstakaren får plikt til frammøte på trygdekontoret, men peikar samstundes på at dette vil krevje administrative ressursar. Mellom anna vil det kunne vere naudsynt med tolk i slike situasjonar. Rikstrygdeverket peikar óg på at samarbeid med inn- og utreisekontrollen vil kunne gi resultat.

6.3 Vurdering

Vilkåra for ytingar frå den supplerande stønadsordninga gjer det naudsynt med kontroll i høve til inntekt og formue og i høve til opphald i utlandet. Kontrollen må vere meir omfattande enn for ytingar frå folketrygda, særleg når det gjeld opphald i utlandet.

I høyringssvaret sitt tilrår Datatilsynet at ein så mykje som mogleg baserer seg på opplysningane frå stønadstakaren. Departementet vil i samband med dette peike på at Riksrevisjonen ved fleire høve har retta kritikk mot at kontrollen i trygdeetaten ikkje har vore god nok, slik at ytingar er gitt med uriktige beløp (sjå til dømes Dokument nr. 1 for 2000-2001 sidene 83 - 91). Ein legg difor til grunn at den nye lova om supplerande stønad bør ha minst dei same heimlane for trygdeetaten som i folketrygda til å hente opplysningane sjølv.

Når det gjeld henting av inntektsopplysningar, vil ein kunne nytte dei kjeldene som trygdeetaten har i dag, sjå høyringssvaret frå Rikstrygdeverket. Det er likevel naudsynt med fleire data enn vanleg ved inntektsprøvinga av trygdeytingar, der det sentrale er stønadstakaren si eiga arbeidsinntekt. Behovet for opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ektemaken eller sambuaren er langt på veg eit særtrekk ved den supplerande stønaden. Inntektsprøvinga av tillegg for forsørgt barn eller ektefelle er det som ligg nærast opp til prøvinga av den nye ytinga.

Ein stor del av dei som kan få supplerande stønad, har ein avkorta alderspensjon frå folketrygda, slik at kontrolltiltak til ein viss grad er implementerte alt på bakgrunn av reglane i dag.

Kontrollen mot ytingar frå folketrygda bør kunne vere 100 prosent effektiv, og det same bør gjelde utbetalingane av andre norske pensjonsytingar, offentlege eller private. Opplysningane i likningsetaten vil vere eit viktig sjekkpunkt. Vidare opnar det internasjonale trygdesamarbeidet for kontroll i høve til ytingar frå andre land. Inntekt og formue i utlandet vil likevel generelt vere vanskeleg å kontrollere.

Dersom trygdekontoret er i tvil om inntektsopplysningane dei har fått er korrekte, bør dei - dersom det er vanskeleg å skaffe god dokumentasjon på annan måte - kunne løyse eventuelle kontrollproblem ved å påleggje stønadstakaren ei plikt til å dokumentere at opplysningane stemmer. Dersom stønadstakaren ikkje skaffar dokumentasjonen, bør retten til stønaden falle bort så lenge det er tvil om vilkåra er oppfylte.

Som nemnd vil det avgrensa høvet til opphald i utlandet i den supplerande stønadsordninga stille større krav til kontroll på dette punktet enn når det gjeld kontrollen med pensjonar frå folketrygda. Stønadstakarar som får supplerande ytingar etter nyordninga, må få plikt til å melde frå i god tid før eit opphald i utlandet. Meldeplikta må óg omfatte kor lenge stønadstakaren trur at opphaldet vil vare. Opplysningane bør vere dokumenterte, til dømes ved framlegg av tur/returbillett.

Trygdekontoret vil ha få alternativ til maskinell kontroll med kor stønadstakaren er på ein gitt dato. Folkeregisteret vil ikkje vere brukbart i denne samanhengen, av di stønadstakaren i alle høve skal vere registrert der. Som nemnd i høyringssvaret frå Rikstrygdeverket, er det er mogleg at data omkring inn- og utreise frå landet vil kunne vere til hjelp ved kontrollen. Dersom ein må etablere nye koblingar mellom register, kan ein få vanskelege spørsmål i høve til personopplysningslova. Nye kontrolltiltak av denne typen vil kunne innebere at trygdeetaten får store mengder informasjon som ikke er naudsynt for formålet.

Ordninga reiser difor spørsmål om kontrolltiltak som ikkje er like vanskelege i høve til personvernet, men som på den andre sida kan opplevast som inngripande for den einskilde stønadstakaren. Det kan vere aktuelt å innføre plikt til å møte personleg på trygdekontoret med fastsette mellomrom. Eit alternativ vil vere å sende kort til bustadsadressa i Noreg, som stønadstakaren skal signere og sende attende innan ein kort frist.

Synet på personleg frammøte på trygdekontoret varierer sterkt blant høyringsinstansane. Departementet kan sjå dei problema som er knytta til dette, men ser på den andre sida ikkje alternative fullgode måtar til å føre kontroll med at vilkåret om avgrensa opphald i utlandet vert etterlevd i praksis. Det vil vere behov for å arbeide vidare med desse spørsmåla fram til ordninga vert sett i kraft (sjå punkt 12).

I høyringsnotatet vart det lagt til grunn at ein person skulle ha ein varig rett til supplerande stønad så lenge han eller ho fyller vilkåra for ytinga. I det vidare arbeidet med saka har departementet vurdert om stønad bør bli gitt for ein avgrensa periode i tråd med den tilsvarande ordninga i Sverige, der ytingane vert gitt for eitt år om gongen (sjå punkt 9.1).

Ein avgrensa stønadsperiode har til føremon at ein stor del av kontrollen med omsyn til inntekter og opphald i utlandet kan skje i samband med søknaden om forlenga ytingar. Rikstrygdeverket meiner at denne effekten vert særleg stor dersom søkjaren må møte personleg på trygdekontoret ved framlegg av søknaden. Eit slikt krav vil ikkje innebere eit vesentleg inngrep for søkjaren, ettersom det i alle høve er vanleg at ein er innom trygdekontoret i samband med krav om varige ytingar.

Etter tilhøva vil departementet foreslå at supplerande stønad berre vert gitt for tolv månader om gongen, og at søkjaren må møte personleg på trygdekontoret for å kunne søkje om supplerande stønad. Prosedyren bør vere den same enten det er spørsmål om å gi supplerande stønad første gongen eller om forlenging av stønadsperioden. Det vil likevel vere behov for andre kontrolltiltak og heimlar for slik kontroll, men tiltak utanom kontrollen ved handsaminga av søknaden må byggjast opp med denne kontrollen som fast ramme.

Departementet foreslår på denne bakgrunnen at:

  1. Supplerande stønad vert gitt for 12 månader om gongen. Ved søknad om stønad eller om forlenging av stønadsperioden må søkjaren møte personleg på trygdekontoret.

  2. Det vert innarbeidd reglar i den nye lova om stønadstakaren si plikt til å gi opplysningar om inntekt og formue og andre tilhøve som verkar inn på retten til supplerande stønad, etter mønster av dei tilsvarande reglane i folketrygdlova.

  3. Det vert innarbeidd reglar slik at trygdeetaten kan hente opplysningar som nemnd i bokstav b, tilsvarande reglane i folketrygda.

  4. Opplysningsplikta for stønadstakaren og heimelen for trygdeetaten til å hente opplysningar skal gjelde tilsvarande for stønadstakaren sin ektemake eller sambuar.

  5. Trygdeetaten kan setje som vilkår for å gi stønad eller halde fram med å utbetale stønad at stønadstakaren eller ektemaken/sambuaren legg fram dokumentasjon om tilhøve som gjer det usikkert om vilkåra for ytinga er oppfylte.

  6. Det vert innarbeidd heimel for departementet til å gi forskrift om kontroll, mellom anna med sikte på eventuelt å påleggje personleg frammøte på trygdekontoret etter nærare reglar i tillegg til plikta til personleg frammøte etter bokstav a.

Ein viser til lovforslaget § 11 første leddet og til §§ 18, 19, 20 og 21 og til merknadene til desse paragrafane.

Til forsida