Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

11.1 Utvidinga av EØS-området og ei supplerande stønadsordning

EØS-avtalen inneber deltaking i eit økonomisk samarbeid der fri rørsle av arbeidskraft er eit av dei berande prinsippa. Avtalen inneber óg ei omfattande regulering av høvet til å flytte over landegrensene for andre persongrupper enn arbeidstakarar eller sjølvstendig næringsdrivande.

Trygdedelen i EØS-avtalen er den mest vidtfamnande av dei trygdeavtalane Noreg har med andre land. Målet med trygdereglane i EØS er sikring av trygderettane for personar som har budd og arbeidd i fleire av landa som avtalen gjeld for. Avtalen vil styrke retten til ytingar frå dei ordinære trygdeordningane. Ein konsekvens av dette er at behovet for økonomisk sosialhjelp og ytingar frå ei supplerande stønadsordning vert tilsvarande redusert.

Hovudforankringa for trygdereglane i EØS er rådsforordning 1408/71. Dei viktigaste prinsippa i forordninga er:

  • Ein arbeidstakar skal vere medlem i trygdeordninga i arbeidslandet.

  • Borgarar i medlemslanda skal behandlast likt.

  • Trygdeperiodar i dei ulike landa skal leggjast saman for å opne rett til ytingar.

  • Trygdeytingar skal i regelen bli gitt/utbetalt sjølv om personen bur eller oppheld seg i ein annan medlemsstat.

I høve til dei nye medlemslanda, vil minstegarantien etter forordning 1408/71 artikkel 50vere viktig. Garantinivået er minstepensjon i landet der pensjonisten bur, fastsett som om all oppteningstid i EØS hadde vore oppteningstid i dette landet. Dersom summen av ytingar frå EØS-landa er lågare enn garantinivået, må landet der pensjonisten bur betale eit tilsvarande tillegg.

Som nemnd vil trygdereglane i EØS-avtalen styrke retten til ordinære trygdeytingar for personar frå dei nye EU-landa. Fleire vil få alderspensjon frå folketrygda, og fleire vil få ytingar frå heimlandet under opphald i Noreg. Styrkinga av pensjonsrettane for dei nye EØS-borgarane i Noreg vil vere mest markert når det gjeld uførepensjon, der ein kan få saker som ikkje kvalifiserer for ytingar i dag, men som kan få samla ytingar godt over minstenivået når EØS-reglane slår inn. Dette vil sjølvsagt etter kvart verke inn på ytingane som alderspensjonistar i Noreg.

For personar over 67 år som ikkje har hatt uførepensjon, vil det viktigaste elementet vil vere den nemnde minstegarantien i trygdeforordninga artikkel 50. Pensjonsnivået i dei nye medlemslanda er førebels mykje lågare enn i Noreg, og sjansane for at Noreg må utbetale tilleggsytingar etter artikkel 50 er store.

Styrkinga av den ordinære pensjonsretten for personar frå dei nye EU-landa har til konsekvens at det gjennomsnittlege behovet for sosialhjelp og/eller supplerande stønad vert redusert for denne delen av innvandrarbefolkninga. Utan vesentlege endringar i migrasjonen mellom Noreg og desse landa vil resultatet av det utvida EØS-området bli at utgiftene til sosialhjelp og til ei ny supplerande stønadsordning går ned. Auka migrasjon vil i tilfelle redusere denne effekten.

Slik det ser ut i dag, med den overgangsordninga på arbeidsmarknaden som Noreg har etablert, vil utvidinga av EØS-området først og fremst auke utgftene til dei ordinære trygdeordningane. Den supplerande stønadsordninga vert venteleg billegare å etablere. I denne samanhengen må ein óg vere merksam på forslaget i punkt 3.3 om at eldre personar med opphaldsløyve i Noreg som forsørgde familiemedlemer, ikkje skal få tilgang til den supplerande stønadsordninga før dei har løyve til varig busetjing her. I dei første åra ville det mest vere denne gruppa som ville kunne innebere eit auka press mot den nye ordninga, som etter forslaget skal få ei aldergrense på 67 år.

11.2 Utgiftene til supplerande stønad

Dei økonomiske konsekvensane av den nye stønadsordninga er rekna med bakgrunn i dei data om den aktuelle innvandrarbefolkninga som vert presenterte i punkt 10. Utgangspunktet er ein personkrins på om lag 4 900 personar i 2002, som det reknast med vil auke til om lag 5 900 personar i 2005 og 6 400 personar i 2006.

Den gjennomsnittlege butida i Noreg som gir rett til pensjon vert rekna å auke fra 12,84 år i 2002 til 13,66 år i 2005 og 14,47 år i 2006. Årsaka til auken er ei høgare gjennomsnittleg butid hos dei nye årskulla som når pensjonsalderen i 2005/2006 enn gjennomsnittet i 2002.

Det er lagt til grunn at 43,6 prosent av populasjonen ikkje vil vere aktuelle for supplerande stønad på grunn av full grunnpensjon og eller tilleggspensjon utover særtillegget, sjå punkt 10.3 og tabell 10.4.

Som gjort greie for i punkt 11.1, vil utvidinga av EØS-området frå 1. mai 2004 innebere ei vesentleg styrking av dei ordinære pensjonsrettane for personar frå dei aust-europeiske landa som vart medlemer i EU frå 1. mai 2004. Det er ikkje innarbeidd nokon effekt av dette i høve til supplerande stønad, men ein vil sjå nærare på dette i samband med budsjettframlegget for 2006.

Det er vidare innarbeidd ein mogleg effekt av prøving mot andre inntekter enn eigen pensjon frå folketrygda, sjå til dømes punkt 10.3 og tabellane 10.5 og 10.6 om det etter måten reduserte mottaket av sosialhjelp for personar med ektemake.

På dette grunnlaget, og under omsyn til justeringa av grunnbeløpet frå 1. mai 2004, vert utgiftene til supplerande stønad på årsbasis rekna til 150 millionar kroner i 2006. Talet er usikkert. Dette gjeld mellom anna i høve til korleis dei nærare vilkåra for ytingar etter lovforslaget vil verke inn på utgiftene, til dømes forslaga om at ein skal ta omsyn til sambuarskap på same måten som ekteskap (sjå lovforslaget § 2 andre leddet) og at personar under lengre opphald i institusjon ikkje skal få ytingar (sjå lovforslaget § 12). Ein har ikkje data som gir grunnlag for å rekne på dette. Tilsvarande er det usikkert kor mange stønadstakarar ein får i ordninga. Talet dei næraste åra vil venteleg utgjere ein stad mellom 1 700 og 2 500 personar.

11.3 Reduserte utgifter til sosialhjelp

Etableringa av ei supplerande stønadsordning vil innebere reduserte utbetalingar frå sosialkontora. Totalutgiftene til sosialhjelp i 2006 utan ei supplerande stønadsordning og utan reduksjonar på grunn av EØS-utvidinga frå 1. mai 2004 (sjå punkt 11.1) kan reknast til 164 millionar kroner. Utgangspunktet er utgiftene i 2002 oppjusterte med ein årleg auke i mottakarane av sosialhjelp på 5 prosent og ein auke i utbetalingane per person på 2 prosent per år. Innsparinga i sosialhjelp i 2006 på grunn av innføringa av den supplerande stønadsordninga vert rekna å utgjere i gjennomsnitt 70 000 kroner per sak, 135 millionar kroner i alt. Talet vil bli revidert i samband med budsjettframlegget for 2006.

11.4 Administrative konsekvensar

Ressursbehov i trygdeetaten vil dels gjelde utgifter til utvikling av IT-støtte, dels ressursar til det kontinuerlege arbeidet med sakene, inkludert kontrolltiltak.

Eingongskostnadene ved å innarbeide den foreslåtte supplerande stønadsordninga i IT-opplegget for trygdeetaten reknar Rikstrygdeverket til 6 millionar kroner, med ein utviklingsperiode på 16 månader. Utviklinga av IT-støtten er vesentleg for å kunne utføre maskinelle kontrollar og nytte det vanlege systemet for utbetaling av ytingar. I tillegg kjem opplæringskostnader på om lag 0,5 millionar kroner.

Dersom ein legg til grunn at det kjem 2 500 søknader i innføringsåret, vil arbeidet med handsaminga av søknadene ifølge Rikstrygdeverket utgjere om lag 12 årsverk. Ein kan leggje til 3-4 årsverk for kontrollarbeid i dette året. Ressursbehovet tilsvarar i alt om lag 7 millionar kroner.

I åra etter innføringsåret vil kontrollarbeidet vere den vesentlegste delen av arbeidet. Talet personar med supplerande stønad vil dei to første påfølgjande åra venteleg liggje mellom 2 000 og 3 000, og arbeidet med kontroll vil då ifølgje Rikstrygdeverket utgjere 12-15 årsverk, tillagt 2-3 årsverk for handsaming av nye søknader (venteleg mellom 300 og 600 dei første to åra), tilsvarande om lag 7,5 millionar kroner.

Innføringa av ei supplerande stønadsordning vil innebere mindrearbeid for sosialkontora. Denne reduksjonen er vanskeleg å rekne på, av di arbeidet er spreidd på mange kontor. Ein kan leggje til grunn at arbeidet i dag krev om lag dei 15-18 årsverka som ein meiner at trygdeetaten vil kome til å bruke. Det er klårt at alle desse årsverka ikkje vert borte, mellom anna av di ein del av stønadstakarane i den nye ordninga framleis vil få økonomisk sosialhjelp (men med sterkt reduserte beløp). Den administrative innsparinga som det er mogleg å ta ut, vert rekna til 4 millionar kroner.

11.5 Dekning av utgiftene til utbetalingar og administrasjon

Utgiftene til utbetaling og administrasjon av ytingar etter den nye stønadsordninga er tenkt inndekte ved ein reduksjon i rammeoverføringa til kommunane tilsvarande innsparinga i økonomisk sosialhjelp og administrativ innsparing på sosialkontora, og ved andre omdisponeringar på budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. I åra etter innføringsåret vil stønads- og administrasjonsutgiftene gå over Arbeids- og sosialdepartementet sitt budsjett på vanleg måte.

Til forsida