Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

12 Iverksetjing

Etter rådsforordning 1408/71 artikkel 10 kan ein ikkje stogge utbetalinga av pensjonsytingar og andre ytingar av di pensjonisten flyttar til eit anna EØS-land. Tilsvarande har ein arbeidstakar krav på pensjon utan omsyn til nasjonale krav om bustad, sjølv om vedkomande bur i eit anna EØS-land når spørsmålet om å tilstå ytinga oppstår.

Etter forordninga artikkel 10a kan ytingar i visse tilfelle avgrensast til busette personar. Dette skal vere særskilte ikkje-avgiftsbaserte ytingar som nemnde i forordninga artikkel 4 nr. 2a, mellom anna ytingar som skal gi dekning som supplerer dei ordinære trygdeytingane. Dei andre EØS-landa må gå med på eit slikt unntak. Godkjende unntak vert tekne inn i vedlegg IIa til forordninga.

Ei ny supplerande stønadsordning vil i prinsippet vere omfatta av EØS-avtalen og eksportreglane der. Ytinga er likevel av ein slik art at Noreg kan rekne med å få eksportunntak. Dei vesentlege kriteria for dette er at

  • ytinga er skattefinansiert (ikkje knytta til at det er betalt trygdeavgift)

  • ytinga vert behovsprøvd/inntektsprøvd

  • det ikkje gjeld vilkår om opptening, kvalifiseringstid eller liknande.

Mange av EØS-landa har fått unntak frå eksportplikta for tilsvarande ordningar som den supplerande stønadsordninga som vert foreslått i proposisjonen her. Mellom anna har Sverige fått unntak for ordninga som er nemnd i punkt 9.1.

Spørsmålet om eksportunntak i EØS er vesentleg i høve til om ein bør etablere ei supplerande ordning. Dersom stønadstakarane skulle få ytinga utbetalt til seg etter at dei har flytta frå Noreg, ville dette snu om på heile grunnlaget for ordninga.

Formelt sett kan ikkje eit eksportunntak tingast inn i EØS-avtalen før etter at ordninga er etablert i lov. Departementet finn på bakgrunn av dette at ei ny lov om supplerande stønad i utgangspunktet ikkje bør tre i kraft før ein har fått på plass eit unntak frå eksportplikta etter rådsforordning 1408/71. Utsett iverksetjing som nemnd vil heller ikkje utan vidare føre til ei vesentleg forseinking av ordninga i praksis. Som nemnd i punkt 11.4, har Rikstrygdeverket bedt om ein periode på 16 månader til utvikling og utprøving av IT-støtte fram til ordninga vert iverksett. Det vil difor gå ei viss tid etter lovvedtaket før det kan vere aktuelt å utbetale ytingar.

Sak om unntak frå eksportplikta kan takast opp ved dei relevante EØS-organa med ein gong lova er på plass og medan den praktiske implementeringa i trygdeetaten vert førebudd. Kor lang tid det tek å tinge inn eit eksportunntak vil kunne variere. Spørsmålet om unntak for den tilsvarande svenske ordninga tok ca. eitt år.

Departementet foreslår etter dette at den nye lova trer i kraft frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Etter tilhøva kan det vere vanskeleg å få iverksett lova før 1. januar 2006.

Til forsida av dokumentet