Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

8 Andre spørsmål

8.1 Tilbakekrevjing av feilutbetalte ytingar

Dette spørsmålet vart ikke teke opp i høyringsnotatet.

Departementet foreslår at lova om supplerande stønad får ein paragraf som gir heimel for å krevje attende feilutbetalte ytingar dersom stønadstakaren forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Mønsteret er den tilsvarande regelen i bidragsinnkrevjingslova § 14 nr. 2 snarare enn dei meir kompliserte reglane i folketrygdlova § 22-15.

Forslaget inneber vidare at beløp som vert krevde attende kan bli avrekna i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald, men slik at avrekninga er avgrensa til 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa. Dette tilsvarar ordninga etter folketrygdlova § 22-16 (sjå óg den same lova § 22-15 tredje leddet).

Beløp som ikkje vert avrekna som nemnd, kan etter forslaget krevjast inn etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Dette tilsvarar regelen i folketrygdlova § 22-15 tredje leddet.

Ein viser til § 13 i lovforslaget og til merknadene til denne paragrafen.

8.2 Finansiering

I høyringsnotatet vart det lagt til grunn at utgiftene til supplerande stønad skulle dekkjast av det ordinære statsbudsjettet. Dette er mellom anna vesentleg for å få unntak frå eksportkravet i EØS-avtalen (om dette sjå punkt 12). Departementet foreslår at dette vert slått fast i den nye lova § 14, som er utforma etter mønster av barnetrygdlova §§ 20 og 21.

Ein viser til lovforslaget § 14 og til merknadene til denne paragrafen.

8.3 Handsaminga av saker

Ein viktig del av reglane for handsaming av saker om supplerande stønad er drøfta i punkt 6 om kontroll. Det er óg bruk for andre reglar, som i store trekk kan byggje på dei tilsvarande reglane i folketrygda. Departementet foreslår:

  1. I § 15 i den nye lova vert det bestemt at reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av sakene, men med dei unntaka som framgår av lova (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 21-1).

  2. I § 16 vert det bestemt at Rikstrygdeverket avgjer saker etter lova, men slik at avgjerda kan bli delegert til anna organ i trygdeetaten (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 20-2). Rikstrygdeverket vil vurdere nærare om desse sakene skal avgjerast lokalt på trygdekontoret eller om handsaminga skal leggjast til anna organ med sikte på å sikre særleg kompetanse på dette området. Det einskilde trygdekontoret vil ofte ha få slike saker.

  3. I § 17 vert det bestemt at søknad om supplerande stønad skal setjast fram for trygdekontoret på bustaden, som har plikt til å hjelpe til med å fylle ut det aktuelle skjemaet (tilsvarande er bestemt i folketrygdlova § 21-2, sjå óg forvaltningslova). Det vert presisert at søkjaren må møte personleg i samband med søknaden (sjå punkt 6.3).

  4. I § 22 vert det bestemt at saker etter lova kan ankast inn for Trygderetten. For saker etter folketrygdlova framgår dette av same lova § 21-12, som inneheld ei rekkje andre reglar om anke og klage. Etter forslaget til § 22 i lova om supplerande stønad skal desse reglane gjelde så langt dei høver. Departementet har vurdert om ei anna ordning for anke eller klage kunne vere aktuelt for saker om supplerande stønad, men har ikkje funne grunnlag for dette.

  5. I § 23 vert det vist til andre saksbehandlingsreglar mv. i folketrygda, som skal gjelde for saker om supplerande stønad så langt dei høver. Dette gjeld folketrygdlova §§ 20-8 (revisjon), 21-9 (teieplikt), 21-10 (behandlingstid og plikt til skriftleg melding om vedtak), 21-11 (heimel for Rikstrygdeverket til å gjere om vedtak i underordna organ), 22-1 (utbetaling til den som har rett til ytinga), 22-6 (utbetaling til sosialkontoret eller andre når stønadstakaren ikkje kan disponere ytinga sjølv) og 22-18 (utbetalingsmåten for ytingar).

Ein viser til dei nemnde paragrafane i lovforslaget og til merknadene til den einskilde paragrafen.

Til forsida av dokumentet