Ot.prp. nr. 14 (2004-2005)

Om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

9 Ordningar i andre land

9.1 Äldreförsörjingsstöd (AFS), Sverige

Sosialforsäkringslagen regulerer kven som er omfatta av den nye AFS-lova, som tok til å gjelde 1. januar 2003. I motsetnad til den kommunalt finansierte sosialhjelpa i Sverige, er AFS statleg finansiert. Stønaden er meint å vere ei siste sikring for personar i økonomisk krise når dei har nådd pensjonsalderen, men ikkje har tilstrekkeleg ordinær pensjon. Det er eit vilkår for AFS at personen er busett i Sverige, men det gjeld inga krav til ei minste butid eller liknande.

Stønaden vert gitt frå personen fyller 65 år (aldersgrensa i Sverige) og vert prøvd mot inntekta til stønadstakaren og inntekta til ektemaken. Som inntekt reknast pensjonsinntekt og arbeidsinntekt mv., men óg bustøtte til pensjonistar og annan bustøtte.

Stønaden skal sikre livsopphald og dekkje rimeleg bukostnader. Maksimalt stønadsnivå er 1/12 av 1,294 gonger prisbasbeloppet (SEK 38 600) per månad for einslege og 1/12 av 1,084 gonger prisbasbeloppet for gifte stønadstakarar. Buutgifter blir dekte med opptil SEK 5 700 per månad for einslege og halvparten, SEK 2 850, for gifte. Samla støtte, inkludert bustøtte, kan då bli SEK 118 348 på årsbasis for ein einsleg person.

Stønaden vert utbetalt i månadlege terminar og vert gitt frå og med den månaden vedkomande fyller vilkåra for ytinga til og med den månaden då retten fell bort. Stønaden vert gitt for maksimalt 12 månader om gongen. Etter 12 månader må stønadstakarane setje fram ny søknad.

Ved opphald i fengsel og ved opphald i behandlingsheim og liknande, der staten dekkjer utgiftene, skal trygda ha vederlag, til vanleg SEK 80 pr. dag.

Alle satsane her er satsane i 2003.

9.2 Ordningar i andre EØS-land

Nedanfor følgjer ei liste over ordningar i andre EØS-land som er av same slag som den supplerande stønadsordninga som er skissert i notatet her og som er tekne inn i vedlegg IIa til forordning 1408/71, dvs. som ikkje er omfatta av eksportplikta etter forordninga (sjå punkt 12):

  • Belgia - garantert minsteinntekt for eldre (kvinner over 62 år, menn over 65 år).

  • Spania - alderspensjon som ikkje er basert på innbetalt avgift (gjeld for personar over 65 år).

  • Frankrike - «spesiell» stønad og supplerande stønad for personar som har fylt 65 år og for arbeidsuføre som har fylt 60 år.

  • Irland - alderspensjon som ikkje er basert på innbetaling av trygdeavgift (gjeld for personar over 66 år).

  • Italia - sosial stønad for eldre (over 65 år).

  • Liechtenstein - supplerande stønad for eldre, attlevande og uføre.

  • Portugal - sosial alderspensjon (personar over 65 år).

  • Storbritannia - alderspensjon for personar som er 80 år eller eldre.

Det er mogleg at lista kunne ha vore supplert med fleire ordningar i fleire land. Det er vanskeleg å vurdere kva som ligg bak dei enkelte ordningane i vedlegg IIa utan å gå inn på detaljane. Ordningane som er tekne med her, er klårt nok ordningar av same type som den supplerande stønadsordninga som er foreslått i proposisjonen her. Det er verdt å merkje seg at dei fleste av dei opplista ordningane er avgrensa til personar som har nådd pensjonsalderen.

Til forsida