Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

2 Opplæring i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar

2.1 Gjeldande rett

Statlege helseinstitusjonar

Opplæringsansvaret for pasientar i statlege helseinstitusjonar er regulert i opplæringslova § 13–3 a. Føresegna slår fast at fylkeskommunen der institusjonen ligg, skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter opplæringslova for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket eig. Fylkeskommunen der institusjonen ligg, er fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for opplæring av alle pasientar i dei statlege helseinstitusjonane som ligg i vedkommande fylkeskommune. Det går vidare fram at helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa, og at departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

Private helseinstitusjonar

Fylkeskommunens opplæringsansvar etter opplæringslova § 13–3 a er avgrensa til pasientar i helseinstitusjonar som det statlege helseføretaket eig. Det vil seie at for pasientar i private helseinstitusjonar er det kommunen der pasienten er busett, som har opplæringsansvaret når det gjeld grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder , jf. opplæringslova § 13–1 og forskrift til opplæringslova § 18–1 bokstav a. Det inneber at bustadkommunen betaler for opplæringa etter avtale. Dette gjeld både når pasienten er i opplæringspliktig alder og har rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 2, og når pasienten har rett til grunnskoleopplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A. Når det gjeld vidaregåande opplæring for pasientar i institusjonar som ikkje er åtte av statlege helseføretak, er opplæringsansvaret regulert av opplæringslova § 13–3 første ledd. Det vil seie at fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busette i fylkeskommunen.

Også før staten overtok helseføretaka 1. januar 2002, var det pasientens heimkommune, høvesvis heimfylkeskommune, som hadde ansvaret for opplæring i helseinstitusjonar som fylkeskommunen ikkje hadde ansvaret for å drive.

Opplæring i barneverninstitusjonar

Opplæringsansvaret for klientar i barneverninstitusjonar er regulert i opplæringslova § 13–2. Det følgjer av føresegna at det er fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring. Ansvaret omfattar både statlege, private og kommunale institusjonar. Det går fram at institusjonane skal sørgje for nødvendige lokale til opplæringa, og at departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

Opplæringsansvaret: oppsummering

Statlege helseinstitusjonar: Fylkeskommunen der institusjonen ligg, har finansierings- og opplæringsansvaret for all opplæring etter opplæringslova i statlege helseinstitusjonar.

Private helseinstitusjonar: Pasientens bustadkommune har opplærings- og finansieringsansvaret for grunnskoleopplæringa, og pasientens bustadfylkeskommune har opplærings- og finansieringsansvaret for vidaregåande opplæring.

Barneverninstitusjonar (offentlege og private): Fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa (i dei fleste tilfelle den kommunen der barnet er registrert som busett) har opplærings- og finansieringsansvaret for både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

2.2 Bakgrunnen for ulik lovregulering: lovendringar frå 1991 

Medisinske institusjonar

Fram til 1991 var ansvaret for opplæring i fylkeskommunale institusjonar (sosiale og medisinske) delt mellom kommunar og fylkeskommunar. Vertskommunane for institusjonen hadde ansvaret for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder, medan vertsfylkeskommunane hadde ansvaret for vidaregåande opplæring. Ordninga viste seg ikkje å vere formålstenleg, mellom anna på grunn av delvis uklare ansvarsforhold, usemje når det gjaldt skolelokala i institusjonane, og ikkje minst ein omstendeleg og tidkrevjande administrativ prosedyre knytt til det økonomiske oppgjeret ved gjesteelevordninga. Det var derfor behov for ei meir funksjonell løysing. Dette var bakgrunnen for ei lovendring i 1991 der fylkeskommunen vart ansvarleg for både grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen åtte eller på annan måte hadde ansvaret for å drive, jf. Ot.prp. nr. 54 (1990–91). Hovudgrunngivinga var at det forvaltningsnivå som hadde ansvaret for å drive ein sosial og medisinsk institusjon, også skulle ha det økonomiske ansvaret for opplæringa av bebuarane i institusjonen.

Da staten med verknad frå 1. januar 2002 overtok spesialisthelsetenesta, vart det foreslått å føre vidare fylkeskommunens opplæringsansvar for pasientane, jf. Ot.prp. nr. 30 (2001–2002). I høringsbrevet før lovproposisjonen vart det lagt fram to alternative forslag: statleg opplæringsansvar eller fylkeskommunalt ansvar. Departementet gjekk inn for at ansvaret framleis skulle vere fylkeskommunalt. Hovudgrunngivinga var at fylkeskommunen truleg ville gi elevane det beste opplæringstilbodet den tida dei var pasientar ved institusjonen, av følgjande grunnar:

  • Fylkeskommunen hadde 10 års erfaring med å ha ansvaret for opplæringa ved dei medisinske (og sosiale) institusjonane, og det var etablert rutinar og avtalar som gav ei forsvarleg drift av skoleverksemda ved institusjonane.

  • Fylkeskommunen hadde ansvaret for vidaregåande opplæring generelt, og dermed fagkompetansen på området.

  • Fylkeskommunalt ansvar ville truleg gi betre samanheng mellom det opplæringstilbodet som vart gitt før, under og etter institusjonsopphaldet. Dette tok dermed vare på tilknytinga til det ordinære skoleverket.

Fylkeskommunens opplæringsansvar var avgrensa til institusjonar som fylkeskommunen hadde ­ansvaret for å drive. Det innebar at også før staten overtok helseinstitusjonane, var det pasientens heimkommune, høvesvis heimfylkeskommune, som hadde ansvaret for opplæring i institusjonar som fylkeskommunen ikkje hadde ansvaret for å drive.

Barneverninstitusjonar

Fram til 1. januar 2004 var det fylkeskommunen som hadde opplæringsansvaret for klientar i barneverninstitusjonar som fylkeskommunen hadde ansvaret for å drive. Ansvaret omfatta også kommunale institusjonar og private barneverninstitusjonar som var omfatta av fylkeskommunens ansvar etter daverande lov 17.07.92 nr. 100 om barneverntenester kapittel 5.

Da staten med verknad frå 1. januar 2004 overtok det ansvaret fylkeskommunane tidlegare hadde hatt for etablering og drift av barneverninstitusjonar, vart det samtidig vedteke å halde oppe fylkeskommunens ansvar for opplæring av barn og unge i desse institusjonane, jf. Ot.prp. nr. 7 (2003–2004). Ansvaret vart her lagt til den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa, noko som i dei aller fleste tilfelle vil vere bustadfylkeskommunen. Bakgrunnen for dette var at lokaliseringa av barneverninstitusjonane på det tidspunktet var meir ujamt fordelt mellom fylkeskommunane enn helseinstitusjonane.

2.3 Særleg om retten til grunnskoleopplæring, spesialundervisning og vidaregåande opplæring for vaksne

Ved rusreforma i 2004 fekk staten ved dei regionale helseføretaka ansvaret for å yte tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk, jf. spesialisthelsetjenestelova § 2–1. I den samanheng vart i alt 74 institusjonar (private og offentlege) overførte til dei regionale helseføretaka. I dag blir tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk tilbode også ved andre institusjonar, i tillegg til dei som vart overførte ved rusreforma. Institusjonar som yter tverrfagleg, spesialisert behandling av rusmiddelmisbrukarar, blir heretter omtalte som «rusinstitusjonar».

Kartlegginga av opplæringsverksemda i rusinstitusjonane viser at mange av pasientane har mangelfull grunnskole og dermed rett til grunnskoleopplæring for vaksne i medhald av opplæringslova § 4A–1. Eitt av dei problema private rusinstitusjonar har peikt på, er at det i slike tilfelle likevel ofte er vanskeleg å få refusjon frå kommunane til slik fornya grunnskoleopplæring, sidan dei aller fleste pasientane har vitnemål frå fullført grunnskole.

Opplæringslova § 4A–1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne lyder:

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3–1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte. Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Retten til grunnskoleopplæring for vaksne gjeld dei som ikkje har fullført grunnskolen, men også dei som formelt sett har fullført, men som likevel treng meir grunnskoleopplæring. Lovformuleringa «treng grunnskoleopplæring» inneber at det må vurderast om den enkelte søkjaren treng grunnskoleopplæring. Det er behovet for opplæring i seg sjølv som er avgjerande for retten. Årsaka til behovet er såleis ikkje avgjerande. Retten omfattar vaksne som på grunn av sjukdom eller skade har behov for fornya grunnskoleopplæring, vaksne som tidlegare har fått mangelfull grunnskoleopplæring, og vaksne som har behov for meir opplæring på grunn av andre omstende.

Vaksne som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet etter § 4A–1, har rett til spesialundervisning etter § 4A–2. Vaksne som på grunn av sjukdom, skade eller ulykke har behov for fornya grunnskoleopplæring, vil som oftast falle inn under retten til spesialundervisning. Føresegna opnar også for re-læring av grunnleggjande kommunikasjonsdugleik og grunnleggjande lese- og skrivedugleik.

Kartlegginga viser at ein del vaksne i rusinstitusjonane også kan ha rett til vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne, jf. opplæringslova § 4A–3.

Til toppen
Til forsida av dokumentet