Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte paragrafane

Merknad til § 6–4 tredje ledd

Endringa består i at det er klargjort at departementets læreplanheimel omfattar både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

Merknad til § 13–2

Endringa inneber at opplæringsansvaret for bebuarar i barneverninstitusjonar er flytt frå den fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa til fylkeskommunen der institusjonen ligg. I tillegg er det ansvaret institusjonen har for lokale til opplæringa, presisert. Det er berre når opplæringa skjer i institusjonen, at institusjonen skal sørgje for lokale til formålet.

Føresegna slår fast at fylkeskommunen der institusjonen ligg, skal oppfylle opplæringsrettane etter opplæringslova for barn og unge i barneverninstitusjonar.

Opplæringsansvaret inneber at fylkeskommunen der institusjonen ligg blir fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for å oppfylle opplæringsrettane for bebuarane etter opplæringslova. I dette ligg at den fylkeskommunen som har det økonomiske og juridiske ansvaret, også har ansvaret for at skoledrifta/opplæringa fyller krava i opplæringslova. Fylkeskommunen fastset mellom anna opplæringstiltaka, sørgjer for sakkunnige vurderingar, gjer vedtak om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning og sørgjer for at elevane har nødvendig undervisningsmateriell og utstyr.

Etter lovforslaget vil fylkeskommunen der institusjonen ligg også ha opplæringsansvaret for barn og unge frå andre fylkeskommunar. Det er ikkje føresetnaden at det skal skje individuelle gjesteelevoppgjer mellom fylkeskommunane.

Opplæringsansvaret omfattar

  • spesialpedagogisk hjelp til barn før opplæringspliktig alder (opplæringslova § 5–7)

  • grunnskoleopplæring for barn i opplæringspliktig alder (kap. 2 i opplæringslova)

  • vidaregåande opplæring (kap. 3 i opplæringslova)

  • spesialundervisning (kap 5. i opplæringslova)

  • opplæring spesielt organisert for vaksne (kap. 4A i opplæringslova)

Departementet viser til vurderingane og forslaget i punkt 4.9.

Merknad til § 13–3 a

Endringa inneber at ansvaret for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for pasientar i private helseinstitusjonar blir overført frå pasientens bustadkommune, høvesvis bustadfylkeskommune, til fylkeskommunen der institusjonen ligg. I tillegg er det ansvaret institusjonen har for lokale til opplæringa, presisert. Det er berre når opplæringa skjer i institusjonen, at institusjonen skal sørgje for lokale til formålet.

Føresegna slår fast at fylkeskommunen der institusjonen ligg, skal oppfylle opplæringsrettane etter opplæringslova for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Ansvaret er avgrensa til å gjelde pasientar i institusjonsplassar som er finansierte av regionale helseføretak. Når det gjeld fylkeskommunens ansvar for pasientar i helseinstitusjonar «som eit regionalt helseføretak eig», er det meint helseføretak som eit regionalt helseføretak eig etter lov 15. juni 2001 nr. 93 om helseforetak m.m. § 2 tredje ledd.

Opplæringsansvaret inneber at fylkeskommunen der institusjonen ligg blir fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for å oppfylle opplæringsrettane for pasientane etter opplæringslova. I dette ligg at den fylkeskommunen som har det finansielle og juridiske ansvaret, også har ansvaret for at skoledrifta/opplæringa fyller krava i opplæringslova. Fylkeskommunen fastset mellom anna opplæringstiltaka, sørgjer for sakkunnige vurderingar, gjer vedtak om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning og sørgjer for at elevane har nødvendig undervisningsmateriell og utstyr.

Etter lovforslaget vil fylkeskommunen der institusjonen ligg også ha opplæringsansvaret for barn og unge frå andre fylkeskommunar. Det er ikkje føresetnaden at det skal skje individuelle gjesteelevoppgjer mellom fylkeskommunar.

Opplæringsansvaret omfattar

  • spesialpedagogisk hjelp til barn før opplæringspliktig alder (opplæringslova § 5–7)

  • grunnskoleopplæring for barn i opplæringspliktig alder (kap. 2 i opplæringslova)

  • vidaregåande opplæring (kap. 3 i opplæringslova)

  • spesialundervisning (kap. 5 i opplæringslova)

  • opplæring spesielt organisert for vaksne (kap. 4A i opplæringslova)

Merknad til romartal II om iverksetjing

Departementet foreslår at lovendringane trer i kraft på det tidspunkt Kongen fastset.

Når det gjeld endringane i opplæringsansvaret for pasientar i helseinstitusjonar og bebuarar i barneverninstitusjonar, tek departementet sikte på at lovendringane trer i kraft 1. januar 2007.

Til forsida