Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i opplæringslova

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 6–4 tredje ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter om andre særskilde læreplanar for grunnskole opplæringa i samiske distrikt og for elevar elles som får samisk opplæring i grunnskole og i vidaregåande opplæring. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til desse forskriftene.

§ 13–2 skal lyde:

§ 13–2 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova

Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der institusjonen ligg som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her.

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5–1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5–8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale tilformålet.

Departementet kan gi nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

§ 13–3 a skal lyde:

§ 13–3 a Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar

Fylkeskommunender ein institusjon ligg skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Fylkeskommunens ansvar gjeld berre for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak finansierer. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Departementet kan gi nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

II

Lova gjeld frå det tidspunkt Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast i verk til ulik tid.

Til toppen
Til forsida av dokumentet