Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

3 Opplæringsverksemda i praksis

For å få eit bilete av opplæringsverksemda i praksis er det gjennomført ei kartlegging av opplæringsverksemda i behandlingsinstitusjonar for rusmiddelmisbrukarar, behandlingsinstitusjonar for somatiske tenester og psykisk helsevern, barneverninstitusjonar, og behandlingsinstitusjonar for somatisk rehabilitering. Kartlegginga vart gjord ved at det vart sendt brev til institusjonane med spørsmål om talet på plassar, om institusjonen gir noka form for opplæring til pasientane under opphaldet, kva slags opplæring som blir gitt og korleis ho blir organisert, om opplæringa fungerer godt i høve til dei behov og dei lovfeste rettane bebuarane har, og kven som finansierer opplæringa.

Denne gjennomgangen har gitt eit betre grunnlag for å vurdere om det er tilhøve som tilseier at dei ulike behova for opplæring hos forskjellige målgrupper også kan tilseie at ulike forvaltningsinstansar bør ha opplæringsansvaret.

3.1 Oppsummering av kartlegginga

Opplæringsverksemda ved behandlingsinstitusjonar for rusmiddelmisbrukarar

Det er om lag 75 institusjonar (døgninstitusjonar og poliklinikkar) i spesialisthelsetenesta som tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelmisbrukarar. Av desse var det 40 døgninstitusjonar (24 private og 16 offentlege) som vart vurderte som relevante når det gjaldt opplæring, og som derfor fekk tilsendt spørsmål om opplæringsverksemda. 23 institusjonar (15 private og 8 offentlege) har gitt tilbakemelding.

Tilbakemelding frå rusinstitusjonane viser at det er stor variasjon når det gjeld talet på behandlingsplassar, opphaldstid, og om det blir drive opplæring i institusjonen eller ikkje. I dei tilfella der institusjonane driv opplæring, er det også variasjon når det gjeld innhaldet i og organiseringa av opplæringstilboda, og tilbakemeldingane viser også store variasjonar mellom institusjonane når det gjeld finansieringa av opplæringa, til dels uavhengige av lovføresegnene på området.

Institusjonane er særleg opptekne av å ta vare på desse elementa:

  • at skoletilbodet er ein integrert del av behandlingsopplegget

  • at skoletilbodet kan tilretteleggjast individuelt, etter dei behov den enkelte har, og uavhengig av om vedkommande har rett til opplæring eller ikkje

  • at det er viktig å ha ordningar som sikrar kontinuitet i opplæringsverksemda, også etter at opphaldet i institusjonen er avslutta

  • at det er viktig å ha ordningar som er administrativt enkle å praktisere.

Ut frå tilbakemeldingane har departementet registrert desse problemstillingane:

  • Somme institusjonar gir opplæring som pasientane har rett til etter opplæringslova, saman med annan type opplæring. Det betyr at det kan vere vanskeleg å skilje ut den formelle, rettsbaserte opplæringa som kommunane skal dekkje.

  • I somme tilfelle kan det også vere vanskeleg å skilje ut kva som er grunnskoleopplæring og kva som er vidaregåande opplæring (jf. at kommunane etter gjeldande rett skal betale for grunnskoleopplæring, fylkeskommunane for vidaregåande opplæring).

  • Det er tungvint og arbeidskrevjande å ha med eit stort tal kommunar å gjere når det gjeld refusjon for opplæringa. Spesialundervisning etter § 4A–2 krev også sakkunnig vurdering og førehandsgodkjenning frå heimkommunen.

Opplæringsverksemda ved barneverninstitusjonane

Per 1. august 2005 var 93 statlege barneverninstitusjonar kvalitetssikra og 133 private og kommunale institusjonar godkjende for plasseringar etter barnevernlova. 123 institusjonar (61 statlege og 62 private/kommunale) har gitt tilbakemelding.

Det er eit mangfald av barneverninstitusjonar, med store variasjonar mellom anna når det gjeld formål og målgruppe, alderssamansetjinga av bebuarane og lengda på opphaldet. Derfor er det også store variasjonar i korleis opplæringa for bebuarane blir gitt. Tilbakemeldingane frå institusjonane viser at sjølv om det økonomiske og juridiske ansvaret i dag ligg éin stad, blir regelverket praktisert til dels svært ulikt.

Kartlegginga viser at bebuarane i barneverninstitusjonane i det alt vesentlege får si opplæring i normalskolen eller i samarbeid med denne. Organiseringa av opplæringa skjer på mange måtar, og det varierer kor godt det fungerer. Ein del institusjonar melder om at tregleik i oppgjeret mellom fylkeskommunane og kommunane, og inntaksreglane til vidaregåande skole gjer det vanskeleg å få på plass eit tilfredsstillande skoletilbod raskt etter institusjonsplassering.

Institusjonane er særleg opptekne av å ta vare på desse elementa:

  • at integrering i normalskolen skjer der det er mogleg, og det blir lagt vekt på nært samarbeid mellom nærskolen og institusjonen

  • at det er fleksibilitet når det gjeld opplæringstype og integrering i normalskolen, og tett kontakt og oppfølging når bebuaren går over i normalskolen etter ein eventuell periode med opplæring i institusjon

  • at det er høve til tid og ro med undervisning i små grupper, eller undervisning éin til éin i institusjonen, for bebuarar som i ein periode har behov for dette.

Ut frå tilbakemeldingane har departementet registrert desse problemstillingane:

  • Somme institusjonar melder om forseinka oppstart av skoletilbod for bebuarar på grunn av forseinka finansiering/overføring av ressursar mellom fylkeskommunar.

  • Fleire institusjonar melder om problem med å få på plass opplæringstilbod til bebuarar i vidaregåande opplæring når dei flytter inn etter inntakstidspunktet for skolen.

Opplæringsverksemda ved helseføretaka (somatikk og psykiatri)

46 institusjonar (44 offentlege og 2 private) har gitt tilbakemelding.

Kartlegginga av opplæringstiltaka i avdelingane for somatiske tenester og tenestene innan psykisk helsevern innanfor spesialisthelsetenesta viser stor variasjon i kapasitet, opphaldstid, opplæringstilbod og måten desse tilboda blir drivne på. Tilbakemeldingane viser også at opplæringa til dels blir finansiert uavhengig av lovføresegnene på området.

Institusjonane er særleg opptekne av å ta vare på desse elementa:

  • å bevare høvet til at institusjonane sjølv, i samarbeid med ansvarshavande kommunar og fylkeskommunar, kan finne fram til dei beste løysingane for skoletilboda

  • å bevare høvet til individuell tilrettelegging for den enkelte eleven

  • å bevare høvet til at tilbod, der dette er nødvendig, ikkje skil mellom rettselevar og ikkje-rettselevar

  • å ha like ansvarsreglar for offentlege og private institusjonar

  • at dei integrerte opplæringstilboda, som i mange tilfelle også er ein del av eit heilskapleg behandlingstilbod, kan bestå.

Opplæringsverksemda ved behandlingsinstitusjonar for somatisk rehabilitering

Beitostølen Helsesportsenter, Øystre Slidre; Valnesfjord Helsesportsenter, Fauske; Attføringssenteret, Rauland; og Hernes Institutt i Hedmark er landsdekkjande på fagfelta fysikalsk medisin og rehabilitering. Attføringssenteret og Hernes Institutt har berre vaksne brukarar og ingen skoleavdelingar.

Beitostølen Helsesportsenter og Valnesfjord Helsesportsenter har gitt tilbakemelding om opplæringsverksemda.

Institusjonane er særleg opptekne av å ta vare på desse elementa:

  • Skoletilbodet bør inngå som del av det totale brukartilbodet.

  • Institusjonane ser det som formålstenleg med éin finansieringsinstans for institusjonen, som integrerer både medisinskfaglege og pedagogiske tilbod.

Ut frå tilbakemeldingane har departementet registrert desse problemstillingane:

  • Institusjonane er avhengige av stabil finansiering av skoleverksemda. Oppgjer frå kommunar (gjesteelevoppgjer) blir betrakta som lite formålstenlege. Barna har korte opphald, det er eit stort administrativt arbeid for 2–3 vekers opphald i høve til 100 ulike kommunar kvart år (innhente førehandsgodkjenning, fakturere, purre), det er ikkje samarbeid mellom den som søkjer barna inn (lege) og den som skal betale for opphaldet (kommunen).

Til forsida