Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

5 Forslag om andre endringar i opplæringslova

5.1 Forslag om å endre læreplanheimelen for samisk opplæring

På grunnlag av fastsette nasjonale læreplanar for fag i grunnskolen (L97), er det for elevar som får samisk grunnskoleopplæring fastsett parallelle og likeverdige læreplanar i ei rekkje fag, til dømes naturfag og samfunnsfag. I dag kan departementet vedta slike parallelle samiske læreplanar med heimel i opplæringslova § 6–4 tredje ledd, på bakgrunn av utkast frå Sametinget.

Slike læreplanar gjer det mogleg å gi elevar som får samisk grunnskoleopplæring, ein kompetanse som svarer til den andre elevar får, samtidig som omsynet til samisk kultur, historie og samfunnsliv blir teke vare på, jf. Grunnlova § 110 a og ILO-konvensjon nr. 169 om vern av urbefolkningar.

I vidaregåande opplæring er det i dag ikkje noko system med parallelle og likeverdige samiske læreplanar, slik ein har i grunnskolen. I opplæringslova § 6–4 andre ledd er Sametinget gitt mynde til sjølv å vedta læreplanar i særskilde samiske fag i vidaregåande opplæring; dette er noko anna enn parallelle planar, tilpassa dei ordinære, nasjonale planane. I tillegg er Sametinget i same føresegn gitt mynde til sjølv å vedta læreplanar for opplæring i samisk språk i både grunnskole og vidaregåande opplæring.

Departementet vurderer det slik at det bør leggjast til rette for at eit system med parallelle samiske læreplanar også kan gjerast gjeldande i vidaregåande opplæring innanfor fellesfag, det vil seie fag som gjeld alle. I samsvar med det handlingsrom fylkeskommunane har innanfor vidaregåande opplæring, nedfelt i opplæringslova § 13–3 femte ledd, er det føresetnaden at skoleeigaren skal bestemme kva for vidaregåande skolar som skal ta i bruk parallelle og likeverdige samiske læreplanar.

5.2 Forslaget i høringsnotatet

Det vart foreslått at opplæringslova § 6–4 tredje ledd blir presisert med tanke på å få ein tydeleg heimel for at det både for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa kan fastsetjast parallelle og tilpassa samiske læreplanar. I samsvar med opplæringslova § 13–3 femte ledd vart det føresett at skoleeigaren skal bestemme kva for vidaregåande skolar som skal ta i bruk parallelle og likeverdige samiske læreplanar.

5.3 Synspunkt frå høringsinstansane

Ingen av høringsinstansane hadde merknader til høringsforslaget.

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet går etter dette inn for at opplæringslova § 6–4 tredje ledd blir presisert med tanke på å få ein tydeleg heimel for at det kan fastsetjast parallelle og tilpassa samiske læreplanar for både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Ordninga for den vidaregåande opplæringa blir noko annleis enn for grunnskolen ved at skoleeigaren skal bestemme kva for vidaregåande skolar som skal ta i bruk parallelle og tilpassa samiske læreplanar, jf. det handlingsrommet fylkeskommunane har innanfor vidaregåande opplæring, nedfelt i opplæringslova § 13–3 femte ledd. For grunnskolen gjeld dei parallelle og tilpassa læreplanane for alle skolar i samiske distrikt og for enkelte andre elevar utanfor samiske distrikt.

Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 7.

Til toppen
Til forsida av dokumentet