Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 59 (2005-2006)

Om lov om endringar i opplæringslova

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Endring av opplæringsansvaret i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar

Forslaga til lovendringar medfører ingen endringar i dei samla utgiftene til opplæring i helseinstitusjonar og barneverninstitusjonar.

Forslaget til lovendring i opplæringslova § 13–3a inneber at ansvaret for opplæring av pasientar i private helseinstitusjonar blir overført frå pasientens bustadkommune, høvesvis bustadfylkeskommune, til fylkeskommunen der institusjonen ligg. Dette forslaget er i tråd med dagens modell for ansvaret for opplæring av pasientar i statlege helseinstitusjonar. Etter gjeldande rett skal fylkeskommunen der institusjonen ligg oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter opplæringslova, for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket eig, og som ligg i vedkommande fylkeskommune.

Forslaget til lovendring i opplæringslova § 13–2 inneber at ansvaret for opplæring av bebuarar i barneverninstitusjonar blir overført frå fylkeskommunen der den kommunen ligg som er ansvarleg for plasseringa (vanlegvis bustadfylkeskommunen) til fylkeskommunen der institusjonen ligg.

At ansvaret for grunnskoleopplæring i private helseinstitusjonar blir flytt frå kommunane til fylkeskommunane, medfører ei innsparing for kommunane og ei tilsvarande meirutgift for fylkeskommunane.

Dei utgiftene kommunane har til grunnskoleopplæring i private helseinstitusjonar, er finansierte gjennom rammetilskottet, og midlane er fordelte mellom kommunane etter kostnadsnøkkelen. Departementet har ikkje oversikt over kor store ressursar kommunane bruker på grunnskoleopplæring i private helseinstitusjonar i dag. Det er ikkje mogleg å skilje ut desse utgiftene i KOSTRA-rekneskapen. Det er sannsynleg at utgiftene for den enkelte kommunen kan variere frå eit år til eit anna, mellom anna fordi opphald i helseinstitusjonar kan variere frå nokre få veker til fleire år, og fordi retten til og behovet for opplæring varierer for den enkelte pasienten/eleven. Omfanget av og kostnadene ved grunnskoleopplæring i private helseinstitusjonar må derfor greiast nærmare ut.

Departementet legg til grunn at midlar må omfordelast mellom kommunar og fylkeskommunar f.o.m. 2007 for å vareta meirutgiftene for fylkeskommunane til grunnskoleopplæring i private helseinstitusjonar. Departementet vil komme tilbake til dei økonomiske konsekvensane, under dette omfordeling av midlar mellom kommunar og fylkeskommunar, i samband med budsjettet for 2007.

I dag har bustadfylkeskommunen ansvaret for vidaregåande opplæring i dei private helseinstitusjonane og for opplæringa i offentlege og private barneverninstitusjonar. Forslaget om lovendring inneber at ansvaret blir flytt frå bustadfylkeskommunane til dei fylkeskommunane der institusjonane ligg.

Også dei utgiftene fylkeskommunane har til vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar og til opplæring i barneverninstitusjonar, er finansierte gjennom rammetilskottet, og midlane er fordelte mellom fylkeskommunane etter kostnadsnøkkelen. I dette ligg det ein føresetnad om at utgiftene til slik opplæring i kvart enkelt fylke er proporsjonale med utgiftene til vidaregåande opplæring og talet på innbyggjarar 16–18 år. Talet på plassar i barneverninstitusjonar og private helseinstitusjonar i kvar fylkeskommune fordeler seg i hovudsak nokså likt med fordelinga av innbyggjarar 16–18 år i fylkeskommunane, sjølv om somme fylke har ein forholdsvis større del institusjonsplassar, spesielt knytte til talet på plassar i private rusinstitusjonar.

I eit brev til alle fylkeskommunane i september 2005 bad departementet om opplysningar om kor store utgifter fylka har til opplæring i barne- og helseinstitusjonar. Berre 14 fylkeskommunar svarte på førespurnaden, men desse svara tyder på at utgiftene til opplæring i institusjonar er i storleiken 1–2 prosent av dei samla utgiftene til opplæring i fylkeskommunane. Men det er ein del uvisse knytt til desse tala.

Utgiftene for fylkeskommunane til opplæring i barneverninstitusjonar og private helseinstitusjonar må greiast nærmare ut. Departementet vil komme tilbake til dei økonomiske konsekvensane, under dette eventuell omfordeling av midlar mellom fylkeskommunane, i samband med budsjettet for 2007.

Det blir også foreslått å overføre om lag 32 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementets kap. 230 til ramma for fylkeskommunane. Dette er midlar som i dag medverkar til å dekkje opplæring ved fem helseinstitusjonar åtte av statlege helseføretak.

Endringa i opplæringslova § 13–2 vil truleg gjere ordninga lettare å administrere enn dagens ordning, sidan det ikkje vil vere behov for noko økonomisk oppgjer mellom dei forskjellige instansane.

Endringa i opplæringslova § 13–3 a vil truleg medføre ei administrativt enklare ordning både for dei private helseinstitusjonane og for kommunar og fylkeskommunar. For dei offentlege helseinstitusjonane blir det ingen endringar.

6.2 Endring av læreplanheimelen for samisk opplæring

Forslaget om presisering av læreplanheimelen i opplæringslova § 6–4 tredje ledd når det gjeld ­vidaregåande opplæring, har ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar, sidan forslaget i seg sjølv ikkje inneber noka utviding av rettane til elevane eller pliktene for fylkeskommunane.

Dersom det skulle bli aktuelt å omsetje eller utvikle særskilde læremiddel i samband med parallelle samiske læreplanar i vidaregåande opplæring, er det føresetnaden at dette blir dekt innanfor den ramma som er sett av til utvikling av samiske læremiddel.

Til toppen
Til forsida av dokumentet