Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

200

Kunnskapsdepartementet

410 386

409 701

414 513

1,2

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

40 011

216 285

233 998

8,2

Sum kategori 07.10

450 397

625 986

648 511

3,6

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3200

Kunnskapsdepartementet

4 601

Sum kategori 07.10

4 601

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

392 277

389 977

394 257

21

Særskilde driftsutgifter

16 821

16 712

17 160

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 288

3 012

3 096

Sum kap. 0200

410 386

409 701

414 513

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2021

Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiinga. Følgande mål gjeld for arbeidet i Kunnskapsdepartementet:

  • Departementet skal ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken og integreringspolitikken.

  • Departementet skal sikre at kunnskaps- og integreringspolitikken blir sett i verk.

  • Departementet skal ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet.

  • Departementet skal legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved verksemdene der dei oppheld seg store delar av dagen.

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla:

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Resultat i 2019

Alle måla denne proposisjonen set for sektoren, er rettesnorer for departementet. Samanhengen mellom arbeidet i departementet og resultata i sektoren er likevel avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitutt og i tenester som arbeider med å integrere innvandrarar. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk politikken for integrering, barnehage, grunnopplæring, høgare utdanning og forsking. Med dette ansvaret følger ansvar for kunnskapsutvikling i sektoren, både til bruk for departementet sjølv og for andre avgjerdstakarar. Kunnskapsgrunnlaget om utdanning, forsking og integrering er godt. Mykje kunnskap er tilgjengeleg i forsking og statistikk. Dertil arbeider Kunnskapsdepartementet vedvarande med å legge til rette for utdanningsforsking. Resultat frå dette arbeidet blir rapportert under kap. 201. Internasjonalt samarbeid gir tilgang til å vere med i undersøkingar som kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Elev- og studentorganisasjonar, innvandrarorganisasjonar og arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar formidlar viktig kunnskap om korleis målgruppene for politikken opplever politikken.

Målet om godt kunnskapsgrunnlag føreset ikkje berre at kunnskapen finst, men òg at departementet bruker kunnskapen som grunnlag for avgjerder. Kunnskapsdepartementet meiner vi har eit godt kunnskapsgrunnlag, men at det er rom for å bruke kunnskapen meir og betre i dei avgjerdsprosessane departementet har.

Boks 4.1 Proposisjonar og meldingar Kunnskapsdepartementet har lagt fram for Stortinget i 2019–2020

  • Prop. 2 L (2019–2020) Midlertidig lov om ansettelser i stillinger med regionale integreringsoppgaver

  • Prop. 2 L (2019–2020) Endringer i introduksjonsloven (Nasjonalt tolkeregister)

  • Prop 9 L (2019–2020) Endringer i universitets- og høyskoleloven (vilkår for statstilskudd til private høyskoler)

  • Prop. 47 L (2019–2020) Endringer i statsborgerloven og introduksjonsloven (personopplysninger og automatiserte avgjørelser)

  • Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven)

  • Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon)

  • Prop. 98 L (2019–2020) Endringer i statsborgerloven (krav om ferdigheter i norsk muntlig)

  • Prop. 102 L (2019–2020) Midlertidig lov om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19

  • Prop. 103 L (2019–2020) Midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19

  • Prop. 123 L (2019–2020) Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19

  • Prop. 134 L (2019–2020) Endringer i statsborgerloven (tap av statsborgerskap av hensyn til grunnleggende nasjonale interesser)

  • Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO

  • Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet

Dei faste budsjettproposisjonane er ikkje med i oversynet.

Særskilt om tryggleik og beredskap

Dei store menneskesamlingane på avgrensa område gjer at sektoren under Kunnskapsdepartementet har utfordringar med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap innanfor ulike scenario som smittefare, ulykker, vald og terror. Dette handlar i stor grad om å ta vare på menneskeliv og helse. Samfunnstryggleik handlar òg om at til dømes personopplysningar ikkje kjem i feil hender. I tillegg forvaltar universitet og høgskular store verdiar, som historiske bygningar, vitskapleg utstyr, forskingsdata og vitskaplege og historiske samlingar som kan vere særleg utsette og må tryggast.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav, tilrådingar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Revidert utgåve av Styringsdokument for arbeidet med samfunnssikkerhet i Kunnskapsdepartementets sektor, publisert i juni 2019, samlar krav og føringar som gjeld for alle verksemder i sektoren. I 2019 publiserte Utdanningsdirektoratet òg nye nettsider om samfunnstryggleik og beredskap.

Ein viktig føresetnad for eit solid førebyggande arbeid med samfunnstryggleik og formålstenleg handtering av uønskte hendingar er god kompetanse hos den einskilde for korleis hen bør handle. Sikresiden.no er ein webapp som gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 30 verksemder i universitets- og høgskulesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring på feltet. I 2019 utvikla sikresiden.no i samarbeid med Råd for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren (Beredskapsrådet) nye faner og e-læring for å sette i verk innhald frå Tiltaksliste mot radikalisering og valdeleg ekstremisme i universitets- og høgskulesektoren på sida. Den seinare tida har sikresiden.no publisert nyttig materiale om mellom anna sjølvsmordsførebygging.

Departementet har stor merksemd på informasjonstryggleik. I 2019 stilte departementet krav til dei underliggande verksemdene om at dei må utvikle ein rutine for handtering av digitale hendingar.

Oppfølging av sikkerheitslova

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande tyding for GNF vert underlagde sikkerheitslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere kontinuerleg.

Kunnskapsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjon i eigen sektor: «KD GNF 1: Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit» omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder. Departementet har ikkje identifisert andre GNF i eigen sektor, men det kan vere verksemder i eigen sektor som er vesentlege eller avgjerande for at GNF i ein annan sektor skal fungere, som evna til å halde oppe visse typar elektroniske kommunikasjonstenester. Vurderinga blir gjennomført i samanheng med Kommunal- og moderniseringsdepartementets oppfølging av aktuelle aktørar på området.

Budsjettforslag for 2021

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 394,3 mill. kroner over post 01, 17,2 mill. kroner over post 21 og 3,1 mill. kroner over post 45 i 2021. Departementet foreslår følgande flyttingar til post 01:

  • 1,1 mill. kroner frå kap. 201, post 21 for å kompensere for bortfallet av midlane departementet har motteke frå EU etter at det nasjonale ansvaret for Eurydice er flytta til Diku. Midlane gjeld planlagde faste lønnsutgifter til ei stilling innanfor analyse og kunnskapsgrunnlag i departementet.

  • 1,1 mill. kroner frå kap. 220, post 01 for flytting av eitt årsverk i samband med at departementet har teke over styringa av Statped frå Utdanningsdirektoratet.

  • 0,95 mill. kroner frå kap. 275, post 21 til faste lønnsutgifter til ei stilling innanfor lærarutdanning. Forslaget er ei oppfølging av vedtak gjort i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjettet 2020.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Salsinntekter o.a.

4 601

Sum kap. 3200

4 601

Resultat i 2019

Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2019 skriv seg mellom anna frå vederlag for tilsette som har vore lånte ut til andre verksemder, og frå sal av utrangert IKT-utstyr.

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter

40 011

216 285

233 998

Sum kap. 0201

40 011

216 285

233 998

Utdanningsforsking

Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

Forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskulen, høgare utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang dei siste åra. Kvaliteten og relevansen til forskinga er blitt betre, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram. Departementet vil følge opp måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. Forskning, kunnskapsmegling og bruk 2020–2024 for å finne løysingar på dei utfordringane sektoren står overfor, og vidareføre den positive utviklinga i utdanningsforskinga.

Program og ordningar i Forskingsrådet, FoU-innsats i underliggande etatar, departementets eigne utlysingar, og senterordningar er verkemiddel regjeringa tek i bruk for å følge opp dei langsiktige måla for utdanningsforskinga. I samspel med basisløyvingane til forskingsinstitusjonane skal dette bidra til kontinuitet og vidare oppbygging av utdanningsforskinga i Noreg.

Noreg treng forsking av høg kvalitet om utdanningssystemet. I strategien for utdanningsforsking blir nokre område framheva. Utdanning er ei viktig kjelde til sosial mobilitet, særleg blant norskfødde med innvandrarforeldre. Departementet vil derfor stimulere til utdanningsforsking som rører temaet integrering gjennom heile utdanningsløpet. Vi treng òg meir kunnskap om kva digitaliseringa inneber, til dømes med omsyn til opplæring og undervising, læring hos barn, elevar og studentar, rolla til lærararane og førelesarane, og dessutan for oppvekstvilkåra for barn og unge. Dette gjeld òg utilsikta konsekvensar av digitaliseringa. Ekspertgrupper og forskarar har vidare peikt på eit behov for å styrke spesialpedagogikk som forskingsfelt. Det er generelt eit behov for meir forsking som viser korleis ein kan førebygge og avhjelpe lærevanskar frå tidleg barndom til vaksenlivet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten finansierer aktivitetar som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for.

Mål for 2021

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskaps- og integreringspolitikken.

Resultat i 2019

Ei evaluering Forskingsrådet gjorde i 2018 av utdanningsforskinga i Noreg viste ei positiv utvikling av norsk utdanningsforsking dei seinare åra. Det er grunn til å tru at den positive utviklinga heldt fram i 2019. Fleire av fagmiljøa har både god forskingskvalitet og høg kapasitet, og utdanningsforskinga har generelt stor påverknad på politikkutforming og praksis.

Evalueringa viste samstundes store skilnader mellom forskargruppene som blei evaluerte. Der nokre er særs gode med potensial til å bli framifrå, har andre grupper langt att før dei når tilstrekkeleg høg standard. Vidare konkluderte evalueringa med at vi treng meir publisering i internasjonale tidsskrift og meir profesjonell forskingsleiing. Satsing på forskingsleiing vil kunne betre moglegheita for å utvikle framifrå miljø og samarbeid med sterke miljø i utlandet. Det er òg for lite strategisk samarbeid mellom forskarar og brukarar, og behov for midlar til forsking på praksisorienterte problemstillingar.

Vidare treng vi forsking som stimulerer til nærare samarbeid mellom lærarutdanningane og forskinga der, og den forskinga som elles går føre seg i sektoren. Tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt er svak, og det trengst meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren.

Ifølge den siste NIFU-rapporten Ressursinnsatsen til FoU innenfor tematiske satsingsområder i 2017 har det vore ein stor samla vekst i midlar til utdanningsforsking i Noreg dei siste 10–15 åra. Samstundes har antalet forskarar på feltet, og kompetansen blant utdanningsforskarane, auka merkbart. Volumet på utdanningsforskinga har gått opp. Kvinnedelen i utdanningsforskinga er høgare enn i forskarpopulasjonen totalt, medan delen med doktorgrad og delen stipendiatar er relativt låge.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 234 mill. kroner på post 21 i 2021.

Departementet har gitt Diku det nasjonale ansvaret for koordinering av Eurydice-arbeidet. Departementet foreslår å flytte 1,1 mill. kroner frå posten til kap. 200, post 01 for å kompensere for bortfallet av midlane departementet har motteke frå EU til dette arbeidet. Midlane er knytte til planlagde faste lønnsutgifter til ei stilling innanfor analyse og kunnskapsgrunnlag i departementet.

På oppdrag frå departementet har Unit gjort ei konseptutgreiing for framtidig deling av data om utdanning, forsking og integrering. Målet er ein infrastruktur for data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang, og der data kan koplast på tvers av kjelder, innanfor og på tvers av verksemder og sektorar. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til eit forprosjekt i 2021 som skal konkretisere det tilrådde konseptet.

Statped skal ikkje lenger forske eller finansiere forsking. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å flytte FoU-midlar frå Statped til å opprette eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. I 2021 utgjer dette 3 mill. kroner. Dette er ei oppfølging av tiltak varsla i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Forskingsrådet vil lyse ut senteret, som får oppstart i 2021. Formålet med senteret er ei styrking av den spesialpedagogiske forskinga og auka kvalitet, kompetanse og kapasitet på feltet.

Tabell 4.1 Løyvingar på kap. 201, post 21

i 1 000 kroner

Forskingsprogrammet FINNUT i Noregs forskingsråd. FINNUT finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet.

176 400

Forsking for forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) ved Noregs forskingsråd, som skal medverke til eit sterkt og relevant kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av politikk for forsking og innovasjon hos relevante aktørar.

12 500

Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU). Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa.

12 400

Forprosjekt: Konsept for framtidig deling av data om utdanning, forsking og integrering.

10 000

Centre for Educational Measurement (CEMO) ved Universitetet i Oslo. Senteret skal medverke til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar.

7 800

Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen. Senteret skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg.

5 700

Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU.

3 200

Senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering.

3 000

Nye analysar, forsøk og utgreiingar.

3 000

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

220

Utdanningsdirektoratet

677 915

638 035

637 580

-0,1

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15 849

15 913

16 014

0,6

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

122 063

138 029

145 145

5,2

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

111 922

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 242 854

1 179 380

1 624 718

37,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 845 569

3 132 215

3 396 679

8,4

227

Tilskot til særskilde skular

206 425

218 821

229 186

4,7

228

Tilskot til frittståande skular o.a.

5 245 036

5 428 995

5 793 844

6,7

229

Noregs grøne fagskule – Vea

32 135

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

776 661

720 897

692 388

-4,0

Sum kategori 07.20

13 164 507

11 472 285

12 647 476

10,2

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3220

Utdanningsdirektoratet

23 821

14 907

13 977

-6,2

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

18 921

8 884

15 623

75,9

3225

Tiltak i grunnopplæringa

23 393

23 617

12 495

-47,1

3229

Noregs grøne fagskule – Vea

6 317

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

38 296

45 863

47 094

2,7

Sum kategori 07.20

110 748

93 271

89 189

-4,4

Innleiing

Kunnskap er grunnlaget for demokrati, verdiskaping og velferd, og legg grunnlaget for at alle skal ha like moglegheiter og fridomen til å ta eigne val. Skulen skal gi alle elevar trygge rammer og bygge opp nødvendige ferdigheiter til å oppnå draumar og ambisjonar. Gjennom formålsparagrafen i opplæringslova har samfunnet gitt grunnopplæringa eit omfattande og viktig mandat. Opplæringa skal gi alle elevar ferdigheiter, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sitt eige liv, delta i arbeids- og samfunnslivet og ta vare på seg sjølve og andre i samfunnet. Alle skal ha høve til å realisere potensialet sitt i ein inkluderande skule.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for grunnopplæringa:

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa ved skulane og i lærebedriftene. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet.

KS og Kunnskapsdepartementet inngjekk i 2018 ein ny samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i barnehagen og grunnopplæringa som skal gjelde ut 2021. Avtalen skal bidra til koordinert ressursinnsats, legge til rette for lokale løysingar og bidra til å nå dei nasjonale måla for grunnopplæringa. Avtalen blir følgd opp gjennom konsultasjonsordninga, som er ein fast møteplass for dialog og samarbeid mellom KS og regjeringa.

For statistikk og informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå òg relevant omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2021

Covid-19-pandemien og den fysiske stenginga av skulane delar av våren 2020 har òg konsekvensar for 2021. Departementet foreslår å løyve 170 mill. kroner til oppfølging av sårbare elevar som har fått tapt progresjon.

Covid-19-pandemien og stenginga av skulene synleggjorde utfordringar med digital undervisning i fleire kommunar. Våren 2020 løyvde Stortinget 80 mill. kroner til tiltak i kommunar, fylkeskommunar og friskular som har utfordringar med overgangen til digital undervisning i samband med covid-19-pandemien. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2021. Midlane skal nyttast både til å handtere behov ved nye periodar med stenging eller redusert skuletilbod og for å vidareføre arbeidet med å utjamne forskjellar mellom kommunar når det gjeld digital undervisning. Midlane vil i 2021 òg støtte opp om mål i digitaliseringsstrategien og innføringa av fagfornyinga.

Den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien, råkar særleg personar utan vidaregåande opplæring. Det er derfor ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Våren 2020 blei det løyvd nær 850 mill. kroner til tiltak som mellom anna skal gjere det mogleg for fleire å fullføre vidaregåande opplæring og gi fleire læreplassar, jf. Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020). Regjeringa vil halde fram denne satsinga i 2021.

Gode og mange nok læreplassar er ein viktig føresetnad for at fleire skal ta fagbrev. Covid-19-pandemien sette mange lærlingar i ein vanskeleg situasjon våren 2020. Fleire tusen blei permitterte. Regjeringa vil halde fram satsinga for å gi fleire læreplass i 2021 og foreslår å løyve 170 mill. kroner til ein ekstraordinær auke i lærlingtilskotet på 4 250 kroner per kontrakt våren 2021. Regjeringa foreslår vidare 150 mill. kroner for å legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skule for elevar som ikkje får læreplass, kalla Fagbrev som elev.

Regjeringa foreslår å løyve 300 mill. kroner for at permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring. Vidare foreslår regjeringa å løyve 150 mill. kroner for at avgangselevar med hòl i vitnemålet kan få moglegheit til å fullføre. Regjeringa vil også halde fram satsinga på auka bruk av ordninga med Fagbrev på jobb og foreslår å løyve 46 mill. kroner til denne i 2021.

Departementet foreslår eit nytt tilskot på 45,5 mill. kroner for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Tiltaket er ein del av kompetansereforma Lære heile livet.

Hausten 2020 starta innføringa av dei nye læreplanane i grunnopplæringa. Regjeringa foreslår å løyve 180 mill. kroner til læremiddel i samband med fagfornyinga.

Regjeringa la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske skilnader. Regjeringa foreslår i oppfølginga av meldinga å løyve 50 mill. kroner i 2021 som del av eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Regjeringa foreslår også lovendringar i ei rekke særlover for å gi betre samordna tenester til barn og unge med behov for langvarige og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Dette omfattar felles reglar for individuell plan og innføring av rett til barnekoordinator for familiar som har behov for dette.

Hausten 2021 tek ny rammeplan for skulefritidsordninga (SFO) til å gjelde. Gjennom rammeplanen vil regjeringa tydeleggjere verdigrunnlaget for SFO og legge rammene for arbeidet til kommunane med å utvikle kvaliteten på tilbodet. Rammeplanen vil gi rom for lokale variasjonar, og det blir utvikla støtte- og rettleiingsmateriell. Regjeringa vil fjerne økonomiske barrierar som hindrar barn frå familiar med låg inntekt i å få gå på SFO, og foreslår derfor å løyve 114,5 mill. kroner for å dekke heilårseffekten av ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular for elevar på 1. og 2. trinn og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Vidare foreslår regjeringa å løyve 25 mill. kroner i 2021 i halvårseffekt for å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular til også å omfatte 3. og 4. trinn frå hausten 2021. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 3 mill. kroner til å opprette ei eiga tilskotsordning for SFO ved friskular som ønsker å tilby tilsvarande moderasjonsordning for elevar på 1.–4. trinn. Regjeringa foreslår òg å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Arbeidet mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa. Departementet foreslår å løyve om lag 110 mill. kroner til dette arbeidet i 2021. I tillegg blir desentralisert kompetansemodell styrka, mellom anna for å følge opp arbeidet med eit godt læringsmiljø.

I tråd med Granavolden-plattforma foreslår regjeringa å auke husleige- og kapitaltilskotet til frittståande skular i Noreg med 15 mill. kroner i 2021.

Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Regjeringa vil halde fram med den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og foreslår å bruke 1,6 mrd. kroner til dette i 2021. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 300 lærarar hausten 2021 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk.

Regjeringa vil trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar og foreslår å bruke 229 mill. kroner på dette i 2021. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar frå 1 500 til 2 300 frå hausten 2021.

I tillegg til hovudprioriteringane foreslår Kunnskapsdepartementet å vidareføre fleire andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa i 2021, jf. omtale i teksten under.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Utfordringar ved skulestart og oppfyllinga av lærarnorma

Overgangen frå barnehage til skule og SFO kan vere vanskeleg for ein del barn, og spørsmålet om utsett skulestart kan dukke opp. Regjeringa har sørgd for at det frå hausten 2018 blei innført ei gjensidig plikt for barnehage- og skuleeigarane til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skule og SFO. Regelverket gir rom for fleksibel skulestart, altså at barn kan få tidlegare eller seinare skulestart, men det er få som bruker denne moglegheita i dag. For både 2018 og 2019 var det 0,6 pst. av seksåringane som framleis gjekk i barnehage i staden for skule. Det ligg ikkje føre tal for femåringar som har starta tidlegare på skulen.

Lærarnorma blei innført hausten 2018 og skjerpa hausten 2019 slik at det samla for kvart hovudtrinn på skulane skal vere maksimalt 16 elevar per lærar på 1.–4. trinn og maksimalt 21 elevar per lærar på 5.–10. trinn. Høvet til å gjere unntak frå lærarnorma blei våren 2019 utvida frå 1. januar 2019 til 1. august 2020. Det er ikkje planlagt å forlenge dispensasjonshøvet ytterlegare. Per 1. oktober 2019 oppfylte 81 pst. av skulane lærarnorma. For meir statistikk, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Utfordringar ved kvalitet og høvet til å få gå på SFO

SFO er ein viktig arena for inkludering, leik og vennskap. Minoritetsspråklege elevar kan i tillegg ha nytte av SFO som ein stad å få brukt norsk språk i leik med andre barn.

Det er stor variasjon i både pris, innhald og kvalitet i SFO-tilbodet. Det er ei utfordring at ein del barn ikkje får delta fordi familien ikkje har råd. Mange kommunar har ikkje eigne planar for SFO ut over dei vedtektene kommunane er pålagde å ha. Foreldra er stort sett nøgde, men foreldra til barn med særlege behov er meir misnøgde enn andre foreldre. For statistikk om SFO, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Læringsmiljøet er generelt sett godt, men framleis blir mange elevar mobba

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova kap. 9A. Det er derfor positivt når den siste elevundersøkinga frå skuleåret 2019–20 viser at prosentdelen elevar som har blitt mobba to–tre gongar i månaden eller oftare, har gått ned det siste året frå 6,1 pst. til 6,0 pst. Dette er elevar som svarer at dei i ein eller annan kombinasjon er mobba av medelevar, digitalt mobba av nokon på skulen eller mobba av vaksne på skulen. Det er det lågaste talet som har blitt målt sidan starten i 2007. Ein rapport frå Universitetet i Bergen i juni 2020 viser liknande god utvikling på mobbetala.

Figur 4.1 Prosentdelen gutar og jenter som svarer at dei blir mobba av medelevar to–tre gongar i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn hausten 2019.

Figur 4.1 Prosentdelen gutar og jenter som svarer at dei blir mobba av medelevar to–tre gongar i månaden eller meir, fordelt på kjønn og klassetrinn hausten 2019.

Kjelde: Elevundersøkinga 2019

Omfanget av mobbing er klart størst på barneskulen. Det er små kjønnsskilnader når det gjeld mobbing, men forskjellar i type mobbing. Jenter opplever meir indirekte mobbing, som å bli haldne utanfor og baksnakka, medan gutar opplever meir direkte og fysisk mobbing, som å bli slått, dytta eller halden fast. 1,8 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba digitalt. Det er ein svak nedgang frå 1,9 pst. året før. 1,6 pst. av elevane rapporterer at dei har blitt mobba av ein lærar eller ein annan tilsett på skulen. Det er på same nivå som året før.

Dei nye reglane for skulemiljø som tok til å gjelde 1. august 2017, inkluderte ei ny handhevingsordning som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til fylkesmannen. I 2019 blei det meldt inn 1 585 slike mobbesaker. I fire av fem saker der fylkesmannen tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Lærlingundersøkinga 2018 viser at lærlingane stort sett trivst i opplæringa, er motiverte til å lære og er fornøgde med førebuinga til læretida. 3,4 pst. av lærlingane og 7,2 pst. av lærekandidatane melder om at dei blir mobba. Undersøkinga viser også at lærlingane i dei største bedriftene er meir nøgde enn dei i små bedrifter, og at eldre lærlingar er mindre nøgde enn yngre.

Strategiar og tiltak

Tiltak for ein god skulestart og for oppfølginga av lærarnorma

Det er for tidleg å seie noko om erfaringane med den gjensidige plikta for barnehage- og skuleeigarar til å samarbeide om overgangen frå barnehage til skule og SFO, men departementet vil følge med på korleis kommunane oppfyller plikta.

I 2019 inviterte regjeringa kommunane til å prøve ut ulike ordningar innanfor regelverket for fleksibel skulestart. Trondheim og Kristiansand har søkt om å få prøve ut modellar for fleksibel skulestart.

Lærarnorma er fullfinansiert, og i 2020 blei midlane til lærarnorma innlemma i kommuneramma og fordelte etter særskild fordeling. Ein revidert delkostnadsnøkkel for grunnskulen blir teken i bruk frå 2021 for å ta høgde for endringane i forskriftene om lærartettleik. For meir detaljar om fordelinga av midlane i 2021, sjå Kommunal- og moderniseringsdepartementets grøne hefte. Stortinget har vedteke at lærarnorma skal evaluerast undervegs, og at evalueringa skal sjåast i samanheng med tiltak for å rekruttere tilstrekkeleg mange kvalifiserte lærarar. Utdanningsdirektoratet fekk hausten 2018 i oppdrag å setje i gang evalueringa. Direktoratet har inngått ein avtale med Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) om evalueringa, som mellom anna skal gi kunnskap om etterleving, struktur- og styringseffektar o.a. Prosjektet skal ha fire delrapportar, og sluttrapport kjem i mai 2022.

Tiltak for kvalitet og deltaking på SFO

I oppfølginga av Tett på-meldinga vil departementet styrke kvaliteten i SFO gjennom ein nasjonal rammeplan for SFO og også auke høvet til deltaking gjennom moderasjonsordningar. Hausten 2021 tek ny rammeplan for SFO til å gjelde. Gjennom rammeplanen vil departementet tydeleggjere verdigrunnlaget for SFO og legge rammene for arbeidet til kommunane med å utvikle kvaliteten i SFO. Rammeplanen skal gi rom for lokale variasjonar, og støtte- og rettleiingsmateriell skal følge med.

Hausten 2020 blei det innført ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular på 1.–2. trinn og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Som del av regjeringas arbeid mot fattigdom vil regjeringa utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO til også å omfatte 3.–4. trinn frå hausten 2021 og opprette ei eiga tilskotsordning for SFO ved frittståande skular som ønsker å tilby tilsvarande moderasjonsordning for elevar på 1.–4. trinn. Sjå meir omtale under kap. 228, post 84. Regjeringa foreslår å løyve 28 mill. kroner til dette. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar frå hausten 2021. Sjå meir omtale under kap. 226, post 21.

Tiltak mot mobbing og for eit betre læringsmiljø

Innsats mot mobbing og for eit godt og inkluderande læringsmiljø er eit høgt prioritert område for regjeringa. Dette er dei tre viktigaste tiltaka mot mobbing:

  • Lovverket (opplæringslova kap. 9A) med aktivitetsplikt for skulen og ei rettsleg overprøving av om skulen har oppfylt aktivitetsplikta overfor einskildelevar i skulemiljøsaker (handhevingsordninga)

  • Kompetanseutviklingstiltak om mobbing og læringsmiljø for tilsette i barnehagar og skular

  • Fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular

Dei nye reglane for skulemiljø blei evaluerte i 2019 av Deloitte på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Departementet starta hausten 2019 arbeidet med å følge opp funna frå evalueringa. Fleire av tilrådingane frå evalueringa gjeld behov for betre rettleiing om konkrete problemstillingar som skulane og fylkesmennene står overfor i praktiseringa av regelverket. For desse punkta fekk Utdanningsdirektoratet i tildelingsbrevet for 2020 i oppdrag å revidere dagens rettleiingsmateriell om skulemiljøreglane og utarbeide ny rettleiing om dei temaa som ikkje er dekte i dag.

Når det gjeld spørsmålet om personvernet til elevane og dei tilsette, så vil denne problemstillinga bli følgd opp nærare i samband med departementets pågåande arbeid med å gå gjennom sektorregelverket, mellom anna opplæringslova, for å sikre at dette er i samsvar med det nye personregelverket. Dei resterande tilrådingane frå evalueringa vil bli vurderte i samband med oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Finansieringa av handhevingsordninga for skulemiljøsaker er auka for å styrke kapasiteten hos fylkesmannen sidan lovverket tok til å gjelde hausten 2017. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til handhevingsordninga.

Departementet foreslår å vidareføre løyvingar til tiltak for kompetanseheving og rettleiing for barnehagar, skular og barnehage- og skuleeigarar når det gjeld å skape og halde ved like gode barnehage- og skulemiljø. Departementet gjennomfører i 2020 i samarbeid med Utdanningsdirektoratet ei intern evaluering av fleire av kompetansetiltaka som gjeld arbeidet mot mobbing. Evalueringane vil bli ferdigstilte innan utgangen av 2020. Evalueringane skal legge grunnlaget for eventuelle endringar i innrettinga av kompetansemidlane.

Partnarskap mot mobbing er eit samarbeid mellom regjeringa og relevante samfunnsaktørar for eit inkluderande lærings- og oppvekstmiljø. Den siste avtalen gjeld for perioden 2016–20. Våren 2020 blei det gjort ei evaluering av Partnarskap mot mobbing. Resultata vil bli drøfta av leiarmøtet i partnarskapet hausten 2020, og behov for eventuelle endringar vil bli vurdert. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til Partnarskap mot mobbing i 2021.

Departementet vil òg gi tilskot til organisasjonar som arbeider for eit betre læringsmiljø, jf. omtale under kap. 225, post 74 og 75.

Ein evalueringsrapport om ordninga med mobbeombod blei lagd fram i juli 2020. Rapporten viser at skuleeigarane og barnehageeigarane er nøgde med ordninga. Det same gjeld elevane og foreldra som har vore i kontakt med omboda. Dei opplever å møte forståing og å få god informasjon og råd. Mobbeomboda er plasserte i fylkeskommunen, noko som kan føre til ulik praktisering av mandatet. Omboda manglar ein organisasjon som kan sørge for lik praksis, og mange av omboda opplever rolla si som midt mellom skulen og fylkesmannen. Dette inneber at foreldre vender seg til ombodet som ein nøytral tredjepart eller ein mellomstasjon før foreldra eventuelt vel å bruke den formelle klageretten som ligg i opplæringslova (handhevingsordninga). Rapporten blir avslutta med spørsmål som kan gi retning til den vidare diskusjonen om utviklinga av ordninga med fylkesvise mobbeombod. Departementet vil med utgangspunkt i desse spørsmåla vurdere den vidare innrettinga og finansieringa av ordninga.

Elevundersøkinga blir revidert for mellom anna å samsvare med fagfornyinga. Ny undersøking vil vere klar til bruk hausten 2022.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er behov for ei styrking av tidleg innsats og meir inkluderande praksis i grunnopplæringa

Tett på-meldinga tek utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget frå rapporten til ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten) og delar av Stoltenberg-utvalets rapport, NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring, om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar. Rapportane peika på ei rekke svakheiter og utfordringar ved dagens system. Stortinget behandla meldinga 24. april 2020, jf. Innst. 188 S (2019–2020).

Ein del elevar slit psykisk

Ei rekke undersøkingar viser at mange unge slit psykisk. Dette er omtala mellom anna i NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert og Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Undersøkingar viser at mange unge slit med depresjonar, angst og søvnproblem, og at psykiske vanskar er ei viktig årsak til at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Offentlege tenester som ligg utanfor skulen, kan derfor vere svært viktige for å betre den psykiske helsa og hindre fråfall. Utsette barn og unge treng ein skule som samarbeider godt med andre offentlege tenester.

Ein del barn og unge og familiane deira har av ulike årsaker samansette utfordringar som gjer at dei støyter på ekstra problem ved at offentlege tenester ikkje er samordna seg imellom. Dette blei ekstra tydeleg under covid-19-pandemien våren 2020.

Skulen er ein viktig arena når det gjeld hjelp og støtte til barn og unge som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Alle tilsette har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om alvorlege forhold, jf. opplæringslova § 15-3. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at skulen i 2019 melde 17 pst. av sakene for barn og unge i alderen 6–17 år.

Nettovergrep mot barn og unge ser ut til å bli eit stadig større samfunnsproblem, og skulen har derfor ei viktig rolle i å gi elevane kunnskap om grensesetjing for eigen kropp og varsemd i bruken av digitalt utstyr.

Det er store forskjellar i korleis skulen møter elevar med stort læringspotensial

Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevane. Elevar med stort læringspotensial må få møte forventningar og utfordringar i skulen, slik at dei opplever meistring og anerkjenning. Skulane må ha kunnskap om, og kompetanse til, å møte elevar med stort læringspotensial. Regelverket gir gode høve til forsering og fleksibilitet. Slik kan skulane gi utfordringar og motiverande undervisning til barn og elevar med stort læringspotensial. NOU 2016: 14 Mer å hente. Bedre læring for elever med stort læringspotensial viste likevel at det er store forskjellar i korleis skulane tilpassar undervisninga til elevar med stort læringspotensial.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å styrke tidleg innsats og betre inkluderande praksis i grunnopplæringa

Departementet er i gang med å følge opp tiltaka i Tett på-meldinga. Tiltaka må sjåast i samanheng, og dei må byggast opp over tid. Det må skapast ein kultur for tidleg innsats og inkludering på alle nivå i systemet, frå barnehage, skule og SFO til eigar- og myndigheitsnivå og andre tenester i laget rundt barnet og eleven.

God allmennpedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse er grunnleggande for å kunne oppdage, følge opp og legge til rette for barn som har behov for særskild tilrettelegging. Derfor satsar departementet vidare på dei kompetanseordningane og vidareutdanningstilboda for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule som er i gang. I tillegg blir det i samarbeid med KS sett i gang eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis for kommunar og fylkeskommunar. Kompetanseløftet startar opp hausten 2020 og skal byggast opp over ein periode på fem år og sjåast i samanheng med dei endringane som er varsla for Statped, jf. omtale under kap. 230. Kompetanseløftet skal sjåast i samanheng med eksisterande kompetanseordningar og vidareutdanningstilbod. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompetanseløftet med 25 mill. kroner til totalt 50 mill. kroner i 2021. Kompetanseløftet skal omfatte både tilsette i barnehage og skule, PP-tenesta og eventuelt andre tenester som inngår i laget rundt barna og elevane. Målet er at alle kommunar og fylkeskommunar skal ha tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane til å kunne fange opp og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert dei med behov for særskild tilrettelegging.

Fleire av regelverksendringane og presiseringane av regelverket som er varsla i meldinga, vil bli vurderte i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Dette gjeld mellom anna presiseringar i regelverket for å sikre at fagpersonar med rett kompetanse gir spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

Fleire tiltak i meldinga gjeld forsking og pilotprosjekt for å styrke kunnskapen om inkluderande praksis og spesialpedagogikk. Det skal opprettast eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. Noregs forskingsråd vil lyse ut senteret, med oppstart i 2021. Sjå meir omtale under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag.

Sjå også del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering for omtale av Et samfunn for alle. Regjeringens strategi for likestilling av mennesker med funksjonsnedsettelse for perioden 2020–2030.

Styrking av psykisk helse i grunnopplæringa

Regjeringa la i juni 2019 fram Prop. 121 S (2018–2019) Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024). Gjennom tiltaka i planen vil regjeringa at fleire skal få god psykisk helse og god livskvalitet, og at dei som treng det, skal få eit godt behandlingstilbod. Planen inneheld både helsefremjande, førebyggande og behandlingsretta tiltak og omfattar barn og unge i alderen 0–25 år.

Helsedirektoratets tilskotsordning Psykisk helse i skulen har som mål å styrke psykisk helse i skulen for å få betre læringsmiljø, auka kompetanse, tidleg innsats og samhandling mellom sentrale instansar og tenester for barn og unge. Ei evaluering frå NIFU i 2019 konkluderer med at både staten, gjennom tilskotsordninga, og dei som tilbyr program innanfor området psykisk helse i skulen, har ei viktig rolle i å støtte kommunane i arbeidet med den psykiske helsa til elevane. Forskarane peikar på at fagfornyinga og det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring kan gjere at skulane får meir eigarskap til temaet psykisk helse, og at skulane vil ta ei meir aktiv rolle i å definere kva dei treng av kunnskap.

100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane i 2021 er grunngitt med ei særskild satsing på den psykiske helsa til barn og unge. Psykisk helse vil også bli omtala i stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring, som blir lagd fram våren 2021, jf. omtale av meldinga under målet Alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Tiltak for betre tverrsektorielt samarbeid til beste for utsette barn og unge

Kunnskapsdepartementet leier 0–24-samarbeidet, der Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet deltek. Satsinga skulle i utgangspunktet gjelde perioden 2015–20. Forseinkingar på grunn av den ekstraordinære situasjonen med covid-19-pandemien og smitteverntiltak i 2020 gjer at 0–24-samarbeidet blir forlengd noko inn i 2021. Målet er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år gjennom betre samarbeid mellom tenestene for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet. Sjå meir omtale under kap. 226 post 64.

I juni 2020 blei det sendt på høyring eit forslag om endringar i ei rekke sektorlover for å gi betre velferdstenester til barn og unge med behov for eit samansett tenestetilbod. Regjeringa foreslår mellom anna å innføre rett til barnekoordinator for familiar med barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne og å harmonisere reglane om individuell plan. Høyringa har frist 1. november 2020.

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har sitt siste år i 2021. Planen omfattar mellom anna tiltak som gjeld meir kompetanse om vald og overgrep blant dei tilsette i skulen, og tiltak som skal gjere barn og unge betre i stand til å forstå kva vald og overgrep er, og korleis ein kan få hjelp dersom ein er utsett for dette. I samband med planen leier Justis- og beredskapsdepartementet arbeidet med ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn. Strategien blir lagd fram hausten 2020.

Kunnskapsdepartementet deltek i områdesatsinga i Groruddalen for perioden 2017–26 og områdesatsingane i Oslo sør og indre Oslo aust for perioden 2018–26, jf. kap. 226, post 21, programkategori 07.90 Integrering og mangfald og Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa legg etter planen fram ein strategi for barn og unge i låginntektsfamiliar hausten 2020. I samband med strategien foreslår regjeringa å løyve 200 mill. kroner til tiltak mot fattigdom blant barn og unge. Mellom tiltaka er utviding av inntektsgradert foreldrebetaling i SFO med 3. og 4. trinn, tilskotsordning til inntektsgradert foreldrebetaling i SFO for 1.–4. trinn for frittståande skular og gratis SFO for låginntektsfamiliar i utvalde kommunar. For heilskapleg omtale av strategien, sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet.

Arbeidet med strategien BarnUnge21 starta hausten 2019. Målet er å skape ein målretta, heilskapleg og koordinert nasjonal innsats for forsking, utvikling og innovasjon for utsette barn og unge. To av fire arbeidsgrupper er særleg relevante for kunnskapssektoren: arbeidsgruppa for forsking, som skal støtte praksis, utdanning og innovasjon, og arbeidsgruppa for utdanning, som skal støtte kunnskapsbasert, samordna og brukarretta praksis. Strategien skal etter planen bli lagd fram i desember 2020.

Tiltak for å betre tilbodet til elevar med stort læringspotensial

Utdanningsdirektoratet utarbeidde i 2019 ein rettleiar og ei kompetansepakke om elevar med stort læringspotensial. Dette skal vise skulane og skuleeigarane kva handlingsrom dei har når det gjeld å legge til rette for denne elevgruppa, og auke kompetansen om elevar med stort læringspotensial.

I oppfølginga av Realfagsstrategien blei det hausten 2016 starta ei treårig utprøving med etablering av talentsenter for elevar med høgt læringspotensial i realfag på 7.–10. trinn og i dei to første åra i vidaregåande opplæring. Talentsentera er plasserte ved vitensentera i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim. NIFU har i 2019 gjennomført ei evaluering der konklusjonen er at talentsentera har etablert eit tilbod som er imponerande i kvalitet og omfang, og som inspirerer og løftar elevane. I behandlinga av statsbudsjettet for 2020 blei det løyvd ekstra midlar til talentsentra. Eit nytt talentsenter starta opp skuleåret 2020–21 på Jæren.

Regjeringa vil i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov vurdere endringar i opplæringslova for elevar med stort læringspotensial.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange lærarar manglar relevant kompetanse

Grunnopplæringa stiller store krav til kompetansen hos lærarane. Det er godt dokumentert frå forskinga at elevane lærer meir når lærarane har fordjuping i det faget dei underviser i. Regjeringa er derfor bekymra over at så mange lærarar anten ikkje har fordjuping i faget dei underviser i, eller ikkje er formelt kvalifiserte for tilsetjing. Statistikk frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 24 pst. av matematikklærarane, 17 pst. av norsklærarane og 35 pst. av engelsklærarane i grunnskulen mangla fordjuping i faget i skuleåret 2019–20. Talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava i matematikk, norsk og engelsk, har gått ned med omtrent 10 700 frå 2015 til 2019. I skuleåret 2019–20 var om lag 3 800 personar i undervisningsstillingar i grunnskulen ikkje kvalifiserte for tilsetjing. Dette utgjer ifølge GSI 5,4 pst. av alle lærarane i grunnskulen og er ein nedgang frå 5,8 pst. i skuleåret 2018–19.

Meir bruk av IKT i opplæringa i form av system, plattformer, digitale einingar og digitale læremiddel krev auka kompetanse hos lærarar og skuleleiarar om samanhengar, moglegheiter og utfordringar. God forståing av informasjonstryggleik og personvern er også viktig for å lykkast med digital utvikling. NIFU-rapporten om covid-19-pandemien våren 2020 viser at det er store skilnader mellom lærarar, skular og kommunar i den digitale kompetansen. Dette er i samsvar med TALIS-studien frå 2018, der 20 pst. av lærarane seier at dei har eit stort behov for betre kunnskap om å integrere IKT i undervisninga.

Utfordringa med mogleg framtidig lærarmangel

9,5 pst. av lærarane i grunnskulen er 60 år eller meir, og 18,5 pst. er i aldersgruppa 50–59 år. I vidaregåande skule er 15,4 pst. av lærarane 60 år eller meir, medan 26,9 pst. er 50–59 år. Framskrivingar frå SSB viser at underskotet på grunnskulelærarar i dag kjem til å auke framover, og at det i 2040 kan komme til å mangle så mykje som 5 800 grunnskulelærarar. For dei andre lærarutdanningane er det berekna eit overskot, og lærarar med andre utdanningar enn grunnskulelærarutdanning kan dermed kunne avhjelpe noko av underskotet. Eit lærarunderskot vil derfor truleg i størst grad råke 1.–4. trinn, då dei fleste andre lærarutdanningane ikkje kvalifiserer for tilsetjing på desse trinna.

Tal frå SSB viser at 90 pst. av grunnskulelærarane som er sysselsette i skulen eitt år etter fullført utdanning, framleis er sysselsette i skulen fem år etter dette (tal for 2013–2018). For dei som har fullført ei lektorutdanning, er talet 85 pst., for faglærarar er talet 81 pst., for dei med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) 83 pst. og for dei med praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) 78 pst.

Mange lærarar opplever overgangen frå utdanninga til yrket som vanskeleg. Dei første åra som nytilsett lærar kan vere krevjande, men er på same tid viktige for å utvikle seg i lærarrolla. Det er framleis mange nyutdanna nytilsette lærarar i grunnopplæringa som ikkje får rettleiing. Ein delrapport frå Rambøll våren 2020 viser likevel ein liten auke i prosentdelen som får rettleiing, frå 61 pst. i 2016 til 65 pst. i 2020.

Fafo-rapporten Fra gallionsfigur til overarbeidet altmuligmann? frå januar 2020 handlar om rekruttering av skuleleiarar og peikar på at det er ei utfordring å få søkarar til utlyste stillingar, særleg i små kommunar. Samstundes ser 50–70 pst. av dei spurde skuleleiarane for seg å bli verande i stillinga ut yrkeskarrieren. Fafo finn at over halvparten av skuleleiarane er over 50 år, og at ei sentral utfordring er å få unge nytilsette skuleleiarar til å trivast i jobben.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å gi fleire lærarar relevant kompetanse

Styrking av lærarutdanningane

Regjeringa ønsker at læraryrket skal vere attraktivt for fleire, og at elevane skal møte lærarar med god fagkunnskap i faga dei underviser i. Etter innføringa i 2005 av karakter- og poengkrav for opptak til lærarutdanningane har det vore ein auke i delen studentar som fullfører. I 2016 blei det innført krav om karakteren 4 i matematikk for å kome inn på grunnskulelærar- og lektorutdanningane. Sett under eitt er det fleire studentar som startar no, enn før innføringa av kravet. Dei siste åra har det vore færre studentar som fell ifrå etter første studieår, enn tidlegare. Det er ikkje grunnlag for å seie at 4-kravet gir færre lærarstudentar i eit lengre perspektiv. Rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn har vist seg meir sårbar enn rekrutteringa til dei andre utdanningane. 4-kravet gir likevel mest meining for studentane ved denne utdanninga, sidan dei skal greie minst 30 studiepoeng i matematikk. Erfaringa viser at mange studentar slit med matematikkfaget, noko som kan ha medverka til sviktande gjennomføring tidlegare.

Våren 2017 lanserte regjeringa Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Strategien er retningsgivande for arbeidet med å utvikle lærarutdanningane. Det er eit sentralt mål å utvikle samarbeidet mellom universitet, høgskular og barnehage- og skulesektoren. Sjå også omtale av barnehagelærarutdanninga i programkategori 07.30 Barnehagar og omtale av høgare utdanning under kap. 260 Universitet og høgskular.

Den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling skal sikre at tiltaka er betre tilpassa lokale behov

I oppfølginga av Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen blei det i 2017 innført ei desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen. Målet med ordninga er å møte dei lokale utfordringane meir treffsikkert og at alle skular, kommunar og fylkeskommunar gjennom samarbeid med universitet og høgskular skal ta ansvar for og ha handlingsrom til å drive kvalitetsutvikling lokalt. Alle fylka har etablert samarbeidsforum der skuleeigarar, universitet, høgskular og fylkesmannen er med. Utdanningsdirektoratet fordeler det statlege tilskotet til kompetanseutvikling gjennom fylkesmannen til kvart einskilt samarbeidsforum. Direktoratet arbeider systematisk med tiltak for å koordinere dei desentraliserte ordningane for kompetanseutvikling i barnehage, skule, spesialpedagogikk og inkludering, og for yrkesfag, for å styrke det lokale arbeidet med kompetanseutvikling.

Hausten 2020 vil departementet fastsetje retningslinjer for tildeling av midlar til tre tilskotsordningar for kompetanseutvikling:

  • desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskule og vidaregåande skule

  • regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

  • kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Retningslinjene gjer greie for målsetjingar, roller og oppgåver i ei ny felles tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at det er barnehage- og skuleeigarar og universitet og høgskular som er mottakarar av tilskot i ordningane. Retningslinjene er sende på høyring.

Det kan bli aktuelt å tildele ekstra midlar til tilskotsordninga til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring hausten 2021 dersom det er handlingsrom til det.

Vidareutdanning skal bidra til at fleire lærarar får fordjuping i faga dei underviser i

Regjeringa har som mål at alle lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i, og vil halde fram med satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. I perioden 2014–20 har Utdanningsdirektoratet gitt om lag 40 000 tilbod om vidareutdanning til lærarar gjennom Kompetanse for kvalitet – strategi for lærere og skoleledere frem mot 2025. Det er stadig mange lærarar som søker vidareutdanning. Vidareutdanninga har medverka til at fleire lærarar har tilstrekkeleg utdanning i undervisningsfaga sine. Samtidig vil det framleis vere utfordringar med å oppfylle kompetansekrava innan 2025. Departementet vil framleis følge utviklinga nøye. I studieåret 2020–21 har 1 247 lærarar fått innvilga søknad om vidareutdanning i engelsk. Samtidig er det innvilga 1 456 søknader i matematikk og 1 160 søknader i norsk. Sjå også omtale under kap. 226, post 22.

Karrierevegen som lærarspesialist skal bidra til at erfarne lærarar blir i yrket

Regjeringa ønsker å halde på gode lærarar i klasserommet, og starta i 2015 eit pilotprosjekt for ein ny karriereveg for lærarar som lærarspesialist. Regjeringa har som mål å auke talet på lærarspesialistar til totalt 3 000 innan utgangen av 2022 og gi alle skular tilgang til lærarspesialist i begynnaropplæring. Det vil vere ein styrke for kompetanseutviklinga i skulen at det finst spesialistar i dei fleste sentrale skulefaga og i tillegg innanfor område som begynnaropplæring, profesjonsfagleg digital kompetanse, opplæring av minoritetsspråklege elevar og spesialpedagogikk.

Regjeringa foreslår å auke satsinga på karrierevegar for lærarar til 229 mill. kroner i 2021. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar frå 1 500 til 2 300 frå hausten 2021. NIFU gjennomfører ei evaluering av karrierevegar for lærarar. Ein delrapport skal etter planen kome våren 2021, og sluttrapporten hausten 2021.

Tiltak for å bidra til at nytilsette lærarar og skuleleiarar blir i yrket

Regjeringa ønsker at nyutdanna nytilsette lærarar skal få god støtte og rettleiing, slik at dei blir trygge i lærarrolla og får nytta kompetansen sin. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning følger regjeringa opp dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehagen og skulen. Sluttrapporten for Rambøll si evaluering om dette er venta tidleg i 2021. Utdanningsdirektoratet forvaltar også eit tilskot på om lag 62 mill. kroner som kommunar og friskular kan søke på til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Sjå også omtale under kap. 226, post 21, 22 og 61, kap. 231, post 21 og kap. 260, post 50.

Det er viktig å setje inn tiltak som gjer at unge, relativt nytilsette skuleleiarar trivst, sidan det er dei som i størst grad er usikre på den vidare yrkeskarrieren sin. Skuleleiar- og rektorutdanninga er eit viktig rekrutteringstiltak i denne samanhengen.

Tiltak for å heve den digitale kompetansen blant lærarar

For å kome i møte fleire av dei behova for kompetanseutvikling som lærarar sjølve melder om i TALIS-studien frå 2018, er det i dei siste åra starta opp vidareutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse og programmering. Det finst òg lærarspesialistutdanning og moglegheit for å bli lærarspesialist i profesjonsfagleg digital kompetanse. I tillegg skal alle vidareutdanningstilbod til lærarar legge til rette for refleksjon om kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet og arbeidsmetodane i faget, og gi lærarane erfaring med å bruke digitale ressursar for å nå kompetansemålet til faga. Digitalisering av opplæringa er også eit vanleg tema i etterutdanning i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling.

Tiltak for å heve kompetansen til yrkesfaglærarane

Den nye tilbodsstrukturen for fag- og yrkesopplæringa tok til å gjelde frå hausten 2020 for Vg1. For Vg2 blir han innført hausten 2021 og for Vg3 hausten 2022. Gode yrkesfaglærarar med oppdatert fagkunnskap bidreg til relevant og praktisk opplæring for elevane, noko som vil kunne føre til at fleire fullfører og består fagopplæringa. Regjeringa sette derfor hausten 2015 i gang ei satsing på yrkesfaglærarane – Yrkesfaglærarløftet – for fagarbeidarar i framtida. Satsinga skal bidra til å rekruttere fleire yrkesfaglærarar og sørge for at fleire får ei godkjend lærarutdanning, og at yrkesfaglærarar får høve til å delta i etter- og vidareutdanning. Regjeringa foreslår å styrke Yrkesfaglærarløftet med 10 mill. kroner i 2021.

Som del av Yrkesfaglærarløftet er det moglegheiter for ei rekke vidareutdanningstilbod som skal gi yrkesfaglærarane den kompetansen dei treng for å undervise elevar som møter eit arbeidsliv i utvikling. Som del av satsinga finst det mellom anna fleire vidareutdanningstilbod som skal utvikle den digitale kompetansen til yrkesfaglærarane.

Fylkeskommunane er med i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Det er ei rekke tiltak som inngår i denne ordninga, mellom anna midlar til hospitering og fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet. Midlane som gjeld yrkesfag, er skilde frå dei etablerte samarbeidsforuma. Ein viktig grunn er at det innanfor yrkesfaga er andre aktuelle tilbydarar av kompetanseutvikling enn universitet og høgskular, til dømes bedrifter, opplæringskontor, bransjeorganisasjonar og fagskular.

Nye retningslinjer for tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa med tydeleg omtale av mål, roller og oppgåver blir fastsette av departementet hausten 2020.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Utviklingstrekk og utfordringar

Det må gjerast endringar i vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring skal førebu elevane på vidare studium og deltaking i yrkes- og samfunnslivet. Skal ein lykkast med det, må strukturen og innhaldet i opplæringa vere tilpassa behova i høgare utdanning og arbeidsmarknaden. Vidaregåande opplæring må òg vere betre tilpassa behova til elevane og utfordringar og moglegheiter vi kan sjå i framtida. Framleis er det altfor mange som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Regjeringa vil derfor setje i gang arbeidet med ei fullføringsreform.

Sjølv om mykje er bra i den vidaregåande opplæringa, er regjeringa oppteken av at det må gjerast noko med dei utfordringane som er der. Derfor arbeider departementet no med ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. I arbeidet med stortingsmeldinga er det blitt peikt på fem overordna utfordringar i vidaregåande opplæring. Desse er:

  1. Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring med for svake føresetnader.

  2. Elevane får ikkje det dei treng for å bli best mogleg studieførebudde.

  3. Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane og arbeidslivet godt nok.

  4. Psykiske vanskar er eit aukande problem for mange elevar.

  5. Avgrensingar i retten til vidaregåande opplæring er eit hinder for at fleire skal fullføre.

Psykiske vanskar er omtala under målet Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring med for svake føresetnader

Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring med for svake faglege føresetnader. Resultat frå grunnskulen er den einskilde faktoren som i størst grad påverkar kor sannsynleg det er at elevar kjem til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. I stor grad er det elevar med svake resultat frå grunnskulen som ikkje fullfører. Dess viktigare studie- eller yrkeskompetanse er for ei stabil tilknyting til arbeidslivet, dess meir alvorleg er situasjonen for dei som ikkje fullfører og består. Figuren under viser samanhengen mellom karakterane elevane har frå ungdomsskulen (grunnskulepoeng), og i kva grad dei gjennomfører vidaregåande opplæring.

Figur 4.2 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, etter kor mange grunnskulepoeng dei har. 2013-kullet.

Figur 4.2 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring innan fem år, etter kor mange grunnskulepoeng dei har. 2013-kullet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

For skuleåret 2019–20 mangla 6 pst. av elevane karakter i meir enn halvparten av faga, og dei fekk derfor ikkje utrekna grunnskulepoeng. Dette er ein auke frå 5,3 pst. for skuleåret 2018–19. Årsakene til at elevar manglar karakterar er samansette.

Stoltenberg-utvalet peikar i NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring på at kjønnsforskjellen i grunnskulepoeng i favør til jentene blir forsterka av utdanningsnivået til foreldra. Gutar som har foreldre med låg utdanning, har nesten tolv færre grunnskulepoeng enn jenter som har foreldre med høg utdanning.

Dei nasjonale prøvane i engelsk og rekning har målt utviklinga sidan 2014 og dei nasjonale prøvane i lesing sidan 2016. Over tid er det på nasjonalt nivå inga stor endring for elevar på 5. trinn i engelsk og rekning. For lesing er det ein reduksjon i prosentdelen elevar både på lågaste nivå og på høgaste nivå. For elevar på 8. trinn er det i snitt inga endring frå tidlegare, men delen elevar på dei lågaste meistringsnivåa har gått noko ned i både lesing, engelsk og rekning. For elevar på 9. trinn, som tek dei same prøvane som elevane på 8. trinn, er det fleire som skårar på dei to høgaste nivåa, noko som er forventa sidan desse elevane har gått eitt år meir på skulen.

Norske elevar har delteke i Programme for International Student Assessment (PISA) i 2018. Norske elevar gjer det svakare i lesing og naturfag samanlikna med førre PISA-undersøking i 2015. Resultata for matematikk er uendra. Norske elevar er framleis på eller over OECD-snittet i alle tre fagområda. Sett over fleire år er dei norske resultata i PISA stabile.

Elevar som nyleg har kome til Noreg, og som derfor ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag, utgjer den største gruppa som ikkje får karakter i alle fag i grunnskulen. Butida har stor innverknad på meistringsnivået til elevane, sidan tida har mykje å seie for utvikling av gode norskferdigheiter. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde elevane med innvandrarforeldre i lesing.

Skulane bidreg i varierande grad når det gjeld læringa til elevane

Det er stort mangfald i den norske skulen, og familiebakgrunnen til elevane, som utdanninga og inntekta til foreldra og eventuell innvandrarbakgrunn, forklarer mykje av skuleprestasjonane deira. For å seie noko om kva som er skulane sitt bidrag til læringa utarbeidar Utdanningsdirektoratet årleg såkalla skulebidragsindikatorar.

Skulebidragsindikatorane for grunnskulen for 2018 og 2019 viser at éin av fem kommunar ligg under forventa skulebidrag på mellom- og ungdomstrinnet. Det er store forskjellar mellom skular, og også mellom kommunar og til dels fylke, når det gjeld bidraget til læringa i grunnskulen. Det er ikkje nødvendigvis samanheng mellom bidraget til skulane på tvers av trinna. Ein skule kan gjere det godt på barneskuletrinna, og mindre godt på ungdomsskulen. Undersøkingane seier ikkje noko om årsakene til forskjellane.

Resultata for vidaregåande skule for 2018–19 viser at det er tydelege forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Det blir berekna tre ulike indikatorar: karakterpoeng, årsbestått og deltaking. Analysen viser at det er større forskjellar mellom fylka når det gjeld årsbestått, enn for dei andre indikatorane. Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program. Sjå kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa for meir omtale.

Elevane får ikkje det dei treng for å bli best mogleg studieførebudde

Det formelle kravet til å vere studieførebudd er å ha fullført studieførebuande utdanningsprogram med godkjent vitnemål. Det er ikkje nødvendigvis like klart kva det vil seie å vere godt førebudd for å studere. Eit av hovudmåla med dei studieførebuande studieprogramma er å gjere elevane i stand til å gjennomføre høgare utdanning. Elevar med gode karakterar frå vidaregåande opplæring fullfører i større grad høgare utdanning dei har starta på, enn dei som ikkje har så gode karakterar.

NOU 2019: 25 Med rett til å mestre er klar på at den vidaregåande opplæringa må førebu elevane betre på studiar enn det som er tilfellet i dag. Mange studentar manglar kompetanse i å skrive og lese lengre akademiske tekstar. Utgreiinga etterlyser også meir generelle kompetansar som sjølvstende, kritisk sans, korleis ein skal lære å lære, og det å skilje strukturar, tankesett og metodar i ulike fag frå kvarandre.

Studiebarometeret 2018 viser at studentane jamt over gir ein moderat til låg skår på spørsmåla om vidaregåande opplæring førebudde dei godt på høgare utdanning.

Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane og arbeidslivet godt nok

Framskrivingar viser at Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Derfor er det viktig å satse på fag- og yrkesopplæringa.

I NOU 2019: 25 Med rett til å mestre tek Liedutvalet til orde for at opplæringa i større grad må bygge opp om den yrkesfaglege sluttkompetansen, og at det er behov for å få fleire til å fullføre med yrkeskompetanse. For at fleire skal fullføre med yrkeskompetanse, blir det peika på behov for tiltak som gir støtte undervegs i opplæringa, inkludert tiltak for å skaffe fleire læreplassar.

I 2018–2019 blei det teikna rundt 23 000 nye lærekontraktar. Sidan 2012–13 har talet på nye lærlingar per år auka med rundt 20 pst. 78 pst. av søkarane fekk læreplass i 2019, noko som er den største delen nokon gong. Det er likevel for mange som ikkje får læreplass, og dette er i mange tilfelle ei årsak til at elevar ikkje fullfører opplæringa. Mange elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram sluttar i overgangen mellom skule og læreplass. I ein situasjon der mange verksemder slit økonomisk, er det grunn til å tru at det blir endå vanskelegare å få læreplass.

På grunn av covid-19-pandemien blei mange lærlingar permitterte våren 2020. Det er stor usikkerheit knytt til konsekvensane covid-19-pandemien vil ha for lærlingar og talet på læreplassar på sikt.

Avgrensingar i retten til vidaregåande opplæring er eit hinder for at fleire skal fullføre

Regjeringa har som mål at ni av ti elevar fullfører og består vidaregåande opplæring i 2030. Av elevane som starta i 2013, fullførte 78,1 pst. med studiekompetanse (innan fem år) eller yrkeskompetanse (innan seks år). Det er stadig fleire som fullfører, men det er framleis for mange som ikkje gjer det.

Kvart år er det om lag 5 500 personar som mistar retten til vidaregåande opplæring utan at dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Desse personane er særleg sårbare i økonomiske nedgangstider.

I dag har ein rett til opplæring på full tid i tre år. Denne ordninga er til hinder for at fleire skal fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. Liedutvalet foreslår i NOU 2019: 25 Med rett til å mestre at retten til vidaregåande opplæring ikkje skal knytast til tid, men at retten skal vere knytt til å fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. Utvalet peikar på at eit slikt skifte inneber at ein må fjerne dei mange hindringane for fullføring som er innebygde i systemet som finst i dag. Systemet må i større grad bli tilpassa føresetnadene til den einskilde eleven.

Opplæringslovutvalet la i desember 2019 fram NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Arbeidet til utvalet gir også viktige innspel til korleis vidaregåande opplæring kan sjå ut i framtida. Opplæringslovutvalet tek også til orde for ein utvida rett til vidaregåande opplæring.

Det betyr mykje for tala for fullføring kor mange år etter oppstart ein ser på. Det er mykje høgare fullføring om ein ser på tala ti år etter oppstart, særleg når det gjeld yrkesfag.

Figur 4.3 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring 5–10 år etter oppstart. 2009-kullet.

Figur 4.3 Prosentdel som fullfører og består vidaregåande opplæring 5–10 år etter oppstart. 2009-kullet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Sluttrapporten frå evalueringa av fråværsgrensa (Fafo-rapport 2020: 09) peikar på at fråværsgrensa har vore vellykka for dei fleste elevane. Forskarane finn at elevane er om lag 20 pst. meir til stades på skulen og oppnår noko betre læringsresultat etter at fråværsgrensa blei innført hausten 2016. Alle elevgruppene reduserer fråværet, men den største reduksjonen finn ein i gruppene som hadde høgast fråvær frå før. Forskarane argumenterer for tiltak som kan kompensere for gruppa med sårbare elevar som framleis har høgt fråvær. Dei kan stå i fare for å ikkje få vurdering i fleire fag enn tidlegare. Det er for tidleg å slå fast om fråværsgrensa har konsekvens for fråfallet i skulen.

Manglande digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa

Covid-19-pandemien og fysisk stenging av skulane våren 2020 førte til at svært mange skuleeigarar tok i bruk verktøy som videokonferanse, nettpratløysingar og digitale læremiddel i undervisninga. Situasjonen avdekte samstundes at ikkje alle kommunar var like godt rusta når det gjaldt infrastruktur, utstyr, digitale ressursar/læremiddel og kompetanse. Fleire hendingar i 2019 og 2020 har vist at det er naudsynt med auka merksemd om personvern og informasjonstryggleik i kommunane. Det manglar også kunnskap om positive og negative effektar ved auka teknologitettleik og digitalisering i både skule og barnehage om bruk av digitale verktøy og korleis dette påverkar barnehagebarn og elevar.

Regjeringa viser i Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 til at digitale ferdigheiter og bruk av IKT i opplæringa er ein svært sentral del av læringa til elevane. Digitale ferdigheiter er like grunnleggande som lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter, og inngår i det vi omtalar som kompetansar for det 21. hundreåret. Bruk av teknologi i undervisninga opnar for nye moglegheiter og utfordringar i opplæringa. God implementering av bruk av IKT krev derfor ei målbevisst og strategisk tilnærming.

Ei av dei mest samfunnskritiske oppgåvene til Utdanningsdirektoratet er å utarbeide og gjennomføre prøvar og eksamenar. Dagens IKT-løysingar for digital prøve- og eksamensgjennomføring er over ti år gamle og utdaterte, både teknologisk og funksjonelt. Mange elevar er ekskluderte frå å delta på nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar og læringsstøttande prøvar fordi løysinga i dag ikkje er universelt utforma. Marknaden for system for prøvegjennomføring har òg utvikla seg raskt og kan tilby ei rekke nye funksjonar som dagens system ikkje har.

Strategiar og tiltak

Det må gjerast endringar i vidaregåande opplæring

Regjeringa vil våren 2021 legge fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring i eit livslangt læringsperspektiv. Det har vore få endringar i vidaregåande opplæring sidan Reform 94, trass i at samfunnet har endra seg mykje. Målet er at vidaregåande opplæring skal gi alle eit godt grunnlag for å ta del i arbeids- og samfunnslivet gjennom vidare utdanning og arbeid, og eit grunnlag for å lære heile livet.

Stortingsmeldinga vil kome med tiltak som mellom anna svarer på dei fem hovudutfordringane som er identifisert i arbeidet:

  • Mange elevar begynner i vidaregåande opplæring med for svake føresetnader.

  • Elevane får ikkje det dei treng for å bli best mogleg studieførebudde.

  • Fagopplæringa dekker ikkje behova til elevane og arbeidslivet godt nok.

  • Psykiske vanskar er eit aukande problem for mange elevar.

  • Avgrensingar i retten til vidaregåande opplæring er eit hinder for at fleire skal fullføre.

Regjeringa vil kome tilbake til fleire og meir konkrete tiltak når stortingsmeldinga blir lagd fram våren 2021.

Tiltak for å bidra til at fleire elevar går ut av grunnskulen med eit godt fagleg grunnlag for vidaregåande opplæring

I oppfølginga av Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet og Innst. 19 S (2016–2017) er læreplanane for grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæring fornya. Innføringa skjer trinnvis. Hausten 2020 kom det nye læreplanar for 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring, hausten 2021 følger 10. trinn i grunnskulen og Vg2, og hausten 2022 får også Vg3 nye læreplanar. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er å ruste elevane best mogleg for framtida. Med nye læreplanar er det behov for å fornye læremidla, og det er allereie løyvd midlar til dette i 2019 og 2020. For 2021 foreslår departementet å løyve ytterlegare midlar, jf. omtale under kap. 226, post 21.

For meir omtale om oppfølging av tiltaka i Tett på-meldinga, sjå under måla Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø og Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt.

Regjeringa har som mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp frå barnehage til vidaregåande opplæring, jf. omtale av strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22 i programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Dei to hovudgrepa når det gjeld minoritetsspråklege i barnehagen og grunnopplæringa, er

  • å styrke tidleg innsats for utvikling av norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse

  • å auke kompetansen blant tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring for å vareta minoritetsspråklege barn og unge i heile utdanningsløpet

Departementet har frå hausten 2020 gjort utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring om til ei permanent ordning. Ordninga gir nykomne elevar tospråkleg opplæring i matematikk og naturfag på nett, dette i kombinasjon med den ordinære opplæringa. Fleksibel opplæring skal bidra til raskare norskinnlæring og gi eit betre grunnlag for det vidare opplæringsløpet. I 2020 blei det sett av 3,6 mill. kroner til mellom anna ei utviding av ordninga med begynnaropplæring i faget engelsk, jf. Prop. 117 S (2019–2020).

Tiltak for å støtte grunnskulane i læringsarbeidet

Regjeringa har innført ei nedre grense for skulekvalitet i grunnskulen. Skuleeigarar som har for dårlege resultat over tid, får gjennom oppfølgingsordninga nasjonal hjelp til å løfte kvaliteten på skulen, mellom anna gjennom eit nasjonalt rettleiarkorps av skuleekspertar. Kommunane som er omfatta av ordninga, blir identifiserte gjennom eit indikatorsett for kvalitet i opplæringa, og desse kommunane vel aktuelle tiltak for kvalitetsutvikling i dialog med fylkesmannen.

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe, som, basert på mellom anna skulebidragsindikatorane, skal kome med anbefalingar om korleis skular og skuleeigarar som bidreg mindre til elevane si læring enn det vi kan forvente, kan løfte resultata sine.

Fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at ni av ti skal fullføre vidaregåande opplæring i 2030. Personar utan gjennomført vidaregåande opplæring stiller svakare i arbeidsmarkanden enn andre, særleg i tider med økonomisk krise. Regjeringa vil derfor setje i gang arbeidet med ei fullføringsreform.

Som ein del av regjeringa sin plan for å få Noreg ut av krisa som følger av covid-19-pandemien, blei Utdanningsløftet 2020 lansert våren 2020, jf. Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Mellom anna inneheld satsinga 450 mill. kroner til fylkeskommunane for å gi eit tilbod til ledige og permitterte som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, og for å gi eit tilbod til personar som gjekk ut av vidaregåande opplæring våren 2020 utan å ha fullført. Regjeringa foreslår å vidareføre desse tiltaka i 2021, jf. omtale under kap. 225, post 69.

Fag- og yrkesopplæringa skal styrkast

Regjeringa satsar på fag- og yrkesopplæringa og gjennomfører eit yrkesfagløft i samarbeid med skuleeigarane og partane i arbeidslivet. For å møte dei utfordringane som covid-19-pandemien og den økonomiske krisa har skapt, har regjeringa kome med ei rekkje tiltak for å betre situasjonen for dei som skal ut i lære.

I Utdanningsløftet 2020 blei lærlingtilskotet auka med 4 250 kroner for hausten 2020. Det blei òg løyvd 175 mill. kroner til eit særskilt lærlingtilskot som fylkeskommunane til dømes kan bruke til å stimulere einskildbransjar og bedrifter til å ta inn fleire lærlingar. Regjeringa foreslår å vidareføre den ekstraordinære auken av lærlingtilskotet òg våren 2021, og kompenserer fylkeskommunane med 170 mill. kroner gjennom rammetilskotet til dette. I tillegg til denne ekstraordinære auken har det ordinære lærlingtilskotet auka reelt med over 25 000 kroner per kontrakt sidan 2013.

Elevane som ikkje får læreplass, får tilbod om Vg3 i skule. Tilbodet er som regel eittårig og blir sett på som mangelfullt av elevar, fylkeskommunane og partane i arbeidslivet. Resultatet kan ofte vere at elevane som har det største behovet for oppfølging, får det dårlegaste tilbodet. 4 500 av ungdommane som søkte om læreplass i 2019, stod utan plass ved utgangen av året. Konsekvensane av covid-19-pandemien vil truleg gjere denne utfordringa større. Departementet vil derfor forsterke og utvide tilbodet til dei som ikkje får læreplass. Departementet foreslår 150 mill. kroner til eit tilskot til fylkeskommunane som skal legge til rette for eit utvida tilbod om Vg3 i skule for elevar som ikkje får læreplass. Departementet foreslår å kalle tilbodet Fagbrev som elev. Departementet vil utforme tilbodet i dialog med Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæring og fylkeskommunane innanfor ramma av målet om eit tilbod som er likeverdig med ein læreplass.

Regjeringa har i Granavolden-plattforma varsla at ho vil gjere det enklare å ta fleire fagbrev. Bakgrunnen er at krava til kompetanse i arbeidslivet aukar og at fleire derfor har behov for ein ny yrkeskompetanse. I dag har ein berre rett til meir vidaregåande opplæring om ein ikkje allereie har gjennomført dei åra ein har rett til. Framskrivingar frå SSB viser at Noreg vil ha for få fagutdanna i framtida, og behovet for at fleire får ny yrkeskompetanse blir forsterka av konsekvensane av covid-19-pandemien. Etter- og vidareutdanningsutvalet (NOU 2019: 12) og Lied-utvalet (NOU 2019: 25) har foreslått å utvide moglegheita til å ta fleire fagbrev. Departementet foreslår 45,5 mill. kroner til eit tilskot til fylkeskommunane for at fleire som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring skal få tilbod om å ta eit fagbrev (yrkesfagleg rekvalifisering). Tiltaket er ein del av kompetansereforma Lære heile livet.

Kunnskapsdepartementet har gitt Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet i oppdrag å greie ut korleis eit nasjonalt lærlingtorg, som er ein nasjonal digital portal, kan forenkle prosessen med å formidle læreplassar, og kva behov det er i formidlingsprosessen. Dei skal mellom anna greie ut modellar for, og kostnadene ved, utvikling og drift av ei slik løysning. På bakgrunn av desse råda vil Kunnskapsdepartementet arbeide vidare for å få på plass eit nasjonalt lærlingtorg.

I 2018 er det etablert ei ordning med Fagbrev på jobb, jf. Innst. 290 L (2017–2018) og Prop. 52 L (2017–2018). Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring. I samband med Utdanningsløftet 2020 blei det våren 2020 løyvd 46 mill. kroner for å stimulere fylkeskommunane til å tilby ordninga. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet i 2021.

Regjeringa har sett i verk forsøk med modulstrukturert opplæring på grunnskulenivået og forsøk med modulstrukturerte læreplanar i lærefag i vidaregåande opplæring for vaksne. Forsøket blei utvida med 7,5 mill. kroner i 2020 innanfor utvalde lærefag, som ein del av Utdanningsløftet 2020, og departementet foreslår å vidareføre utvidinga med heilårseffekt i 2021, sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Hausten 2020 blei ein ny tilbodsstruktur for fag- og yrkesopplæringa innført. Det er den største endringa i yrkesfagutdanningane sidan Kunnskapsløftet i 2006. Fleire elevar skal få spesialisere seg frå dei startar i vidaregåande opplæring. Strukturen i dei yrkesfaglege tilboda i vidaregåande opplæring er endra, slik at dei blir meir relevante for elevar, lærlingar og arbeidslivet. Læreplanane er eller er i ferd med å bli endra, i tråd med fagfornyinga. Dei skal bli meir relevante og gi betre moglegheit for fordjuping.

I 2020 blei det etablert ei tilskotsordning for fylkeskommunar som etablerer og gjennomfører tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar. Ordninga blir foreslått vidareført i 2021 med 15 mill. kroner.

Digitaliseringsstrategien skal bidra til betre utnytting av IKT i opplæringa

Strategien Framtid, fornying og digitalisering. Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 er tett kopla til fagfornyinga. Tiltak for både auka profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarar og utvikling og innkjøp av digitale læremiddel skal støtte opp under innføringa av nye læreplanar i grunnopplæringa. Strategien legg også vekt på at staten kan støtte skuleeigarane ved å utvikle digitale fellesløysingar. Regjeringa foreslår å sette av til saman 95 mill. kroner til Den teknologiske skulesekken i 2021.

Covid-19-pandemien våren 2020 synleggjorde både moglegheiter og utfordringar for grunnopplæringa når det gjeld bruk av digitale løysingar. Det blei løyvd 80 mill. kroner til å betre den digitale undervisninga, 60 mill. kroner til innkjøp av digitale læremiddel og 5 mill. kroner til å auke kunnskapen om bruken av digitale verktøy i skulen. Dette vil bidra til å løfte dei kommunane som har hatt store utfordringar med digital undervisning, og gjere fleire digitale læremiddel tilgjengelege for elevar og lærarar. Departementet foreslår å vidareføre 80 mill. kroner til dette i 2021. Midlane skal nyttast både til å handtere behov ved nye periodar med stenging eller redusert skuletilbod og til å vidareføre arbeidet med å utjamne forskjellar mellom kommunar når det gjeld digital undervisning. Dette vil vere ulike former for støtte til kommunar og friskular, og kan inkludere midlar til digital infrastruktur, fellesløysingar og kompetansetiltak. I einskilde kommunar og fylkeskommunar er også forskjellar i levekår ei utfordring for god heimeundervisning. Midlane vil i 2021 òg støtte opp om mål i digitaliseringsstrategien og innføringa av fagfornying.

Hausten 2020 lanserer regjeringa ein ny handlingsplan knytt til digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa. Handlingsplanen styrker delar av strategien, særleg når det gjeld digital infrastruktur og trygg og god bruk av IKT i skulen. Med nokre få konkrete tiltak er målet å setje i gang prosessar som eit oppspel til ny digitaliseringsstrategi når den gjeldande går ut i 2021. Sjå også omtale av digitalisering i del III, kap. 10 Fornye, forbetre, forenkle.

Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Dette vil mellom anna gjelde kartleggingsprøvar på 1.–3. trinn. Systemet vil ha brukaren i sentrum og skal støtte krava om universell utforming. Sjå meir omtale under kap. 226, post 45.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

386 552

364 427

356 265

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

215 450

203 059

208 508

70

Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

75 913

70 549

72 807

Sum kap. 0220

677 915

638 035

637 580

Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i anna arbeid direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa og i barnehagen, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert mynde i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av fylkesmannen på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, friskulelova, vaksenopplæringslova kap. 4 Diverse skular, og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskot til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, friskular, folkehøgskular, freds- og menneskerettssenter og andre formål, jf. kap. 224, 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2021

Dei måla som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.

Måla for verksemda til direktoratet i 2021 er:

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket.

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane sine og overfor lærebedrifter.

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar.

Resultat i 2019

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

Barnehageeigarar og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i erfaringane sine og kompetansen sin. Direktoratets rolle handlar om å støtte innføringa av rammeplanen, mellom anna gjennom å utvikle og gjere rettleiings- og støttemateriell tilgjengeleg. Støttemateriellet på nett hadde mange besøk i 2019, særleg ulike rettleiingar er godt besøkte. Alle fylkesmennene har sett i verk tiltak for å bidra til at rammeplanen blir teken i bruk.

Resultata frå den internasjonale undersøkinga TALIS Starting Strong Survey 2018 viser at både foreldre og tilsette er fornøgde med samarbeidet mellom barnehagen og heimen.

Direktoratet legg i dag til rette for eit omfattande kompetansetilbod retta mot barnehagesektoren knytt til inkludering og barnehagemiljø.

Fagfornyinga har vore eit prioritert område i 2019. Saman med partane i strategien og sektoren elles har direktoratet jobba med å utvikle både sjølve læreplanverket og støtte til innføringa. Læreplanane for grunnskulen og fag som er gjennomgåande til vidaregåande opplæring, blei fastsette av departementet i november 2019 og blir tekne i bruk hausten 2020.

Direktoratet har òg jobba med fagfornyinga for studieførebuande utdanningsprogram. Organiseringa og gjennomføringa av denne prosessen følger dei same prinsippa og retningslinjene som for fagfornyinga for grunnskulen og gjennomgåande fag, med opne og involverande prosessar.

Fagfornyinga for yrkesfag blei sett i gang i 2018. Dei overordna måla for dette arbeidet er å bidra til auka rekruttering til yrkesfaga, auka gjennomføring og auka verdsetjing av kompetansen i arbeidslivet. I 2019 er det utvikla ti læreplanar for Vg1, og fire av dei er for heilt nye utdanningsprogram. Parallelt har direktoratet arbeidd med å utvikle om lag 270 læreplanar for Vg2 og Vg3. Læreplanane på Vg1 blei lanserte i februar 2020, og planane på Vg2 og Vg3 blir lanserte i februar 2021.

Dei aller fleste elevane trivst på skulen og har eit godt læringsmiljø. Nærare 90 pst. av elevane frå 5. trinn i grunnskulen til Vg3 trivst godt eller svært godt på skulen.

I Elevundersøkinga er det ein liten nedgang i prosentdelen elevar som oppgir at dei blir mobba på skulen, i 2019 samanlikna med i 2018. Det er positivt å sjå at det er færre elevar som svarer at dei blir mobba, men det er framleis for mange elevar som blir mobba. PISA 2018 viser at prosentdelen som gir positivt uttrykk for at dei føler at dei høyrer til, at dei lett får venner, og at dei andre elevane liker dei, er på samme nivå som i PISA 2015, men lågare enn i 2003.

I slutten av januar 2019 lanserte direktoratet nettressursen Tiltak i skulemiljøsaker på udir.no. Ressursen inneheld både pedagogisk fagstoff og rettleiar om regelverksetterleving. Formålet med ressursen er å presentere kvalitetssikra informasjon om eigna tiltak for eit trygt og godt psykososialt miljø og å førebygge eller handtere mistrivsel, krenking eller uønskte hendingar.

Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

For å sikre eit godt barnehagetilbod og ei god opplæring er kompetansen til dei tilsette heilt avgjerande. Det er i dei seinare åra innført og justert krav til personaltettleiken og kompetansekrava innanfor både barnehage- og skulefeltet for å styrke kvaliteten i sektorane.

Strategien Kompetanse for fremtidens barnehage skal støtte opp om arbeidet med rekruttering og kompetanseutvikling. Strategien Kompetanse for kvalitet skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa for å styrke læringa til elevane, slik at dei er godt rusta for livslang læring, for framtidig arbeidsliv og for å delta aktivt i samfunnet. Rolla til direktoratet i arbeidet med å nå måla i strategiane er å utarbeide føringar for innhaldet og organiseringa av dei studia som blir oppretta for strategien. Satsinga på vidareutdanning er vidareført i 2019, og det finst i dag ei rekke vidareutdanningstilbod retta mot ulike målgrupper.

Totalt er det 42 pst. som er barnehagelærarar eller har tilsvarande utdanning, blant tilsette i grunnbemanninga. 21 pst. er barne- og ungdomsarbeidarar. Prosentdelen tilsette som er barnehagelærarar eller tilsvarande, auka frå 38 pst. til 42 pst. frå 2016 til 2019.

Kompetansehevingstiltaka er særleg knytte til vidareutdanning og tilrettelegging av ordninga for barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak gjennom regional ordning. Vidareutdanningstilboda har god dekning. I 2019 var det totalt 1 440 deltakarar i tilbodet knytt til barnehagesektoren, fordelte på vidareutdanning for barnehagelærarar (900 deltakarar), tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (172 deltakarar) og leiarutdanning for styrarar (368 deltakarar).

Strategiane Lærarløftet og Kompetanse for kvalitet legg rammene for den nasjonale satsinga for å styrke kompetansen i skulen. Tiltaka er særleg knytte til vidareutdanning for lærarar, utvikling av nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar) og styrkt skulebasert kompetanseutvikling gjennom desentralisert ordning.

I perioden 2015–19 har over 30 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning. I den same tidsperioden har det vore ei positiv utvikling i retning av at ein stadig større del lærarar oppfyller kompetansekrava for tilsetjing i matematikk, engelsk, norsk og norsk teiknspråk. Samisk er unntaket, med ein aukande del som ikkje oppfyller kompetansekravet.

Vidareutdanningstilboda i skulesektoren har god dekning. Totalt fekk over 7 500 lærarar eller leiarar tilbod om deltaking i 2019 fordelte på vidareutdanning for lærarar (6 842 deltakarar), lærarspesialistordninga (262 deltakarar) og rektorutdanninga (450 deltakarar).

For å støtte arbeidet med kvalitet i tilboda er direktoratet i dialog med universitet og høgskular. Direktoratet gir føringar for innhaldet i tilboda gjennom utlysinga til institusjonen. Dei følger òg korleis vidareutdanningstilboda utviklar seg, ved å gjennomføre deltakarundersøkingar og følge opp desse i dialog med institusjonen som grunnlag for betring og utvikling.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Direktoratet har fleire verkemiddel som samla og kvar for seg kan bidra til å støtte målet. Dei bruker aktivt udir.no som formidlingskanal, men også gjennom vedtak i klagesaker eller tilsyn er dei opptekne av å omtale regelverket på ein måte som medverkar til at mottakarane forstår kva regelverket betyr for dei og i den konkrete samanhengen.

Fylkesmannen har rettleiingsansvaret overfor kommunane. I tildelingsbrevet for 2019 gav direktoratet eit særskilt krav til fylkesmannen om målretta og tilpassa regelverksrettleiing med auka merksemd på tilpassa rettleiing ut frå behova til kommunane.

For å bidra til at fylkesmennene praktiserer regelverket for skulemiljø og handhevingsordninga likt, har direktoratet vore oppteke av å gi dei felles arbeidsverktøy gjennom oppdatert saksbehandlingsrettleiing og tolkingsutsegner. I tillegg har temaet blitt teke opp jamleg på felles fagmøte og fagsamlingar med fylkesmannsembeta. Tilbakemeldingar frå embeta tyder på at desse tiltaka har bidrege til meir einsarta og lik praksis av regelverket for skulemiljø og i forvaltninga av handhevingsordninga. I 2019 har merksemda vore retta mot meir førebyggjande og systematisk arbeid opp mot skuleeigarar og skuleleiarar for å bidra til eit trygt og godt skulemiljø.

For tilsyna med dei frittståande skulane har eitt av måla for 2019 vore å ha fleire og meir treffsikre tilsyn, mellom anna ved å føre fleire mindre tilsyn baserte på konkrete risikovurderingar. Bakgrunnen for dette målet er at direktoratet stadig ser ein stor risiko for brot på regelverket. Derfor er det sentralt å bruke tilsynsressursane der dei kjem best til nytte.

Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane sine og overfor lærebedrifter

Direktoratet arbeider systematisk med å vidareutvikle og formidle kunnskap i form av forsking, statistikk og analysar. Det er stor interesse for fleire av direktoratets statistikk- og brukarundersøkingar. Statistikk for elevresultat og læringsmiljø inngår i verktøy som ståstadsanalysen og tilstandsrapportar. Desse verktøya blir nytta av skuleeigarar, skular, barnehagar og andre til å vurdere sin eigen sektor og si eiga verksemd. Udir.no er den viktigaste informasjonskanalen for direktoratet. Samla sett hadde udir.no 11,5 mill. besøk og over 50 mill. sidevisingar i 2019. Udir.no er under stadig utvikling.

For å gjere kunnskapen betre tilgjengeleg har direktoratet sett i gang eit prosjekt for å modernisere og fornye Skuleporten. Det nye grensesnittet skal vere meir dynamisk og brukarvennleg. Brukargruppa vil vere heile grunnopplæringa, inkludert barnehage og skule. Udir.no/statistikk hadde i overkant av 140 000 brukarar i 2019, ein auke frå 2018 på om lag 40 pst.

Kvalitetsvurderingssystemet i opplæringa skal gi eit kunnskapsgrunnlag, både nasjonalt og lokalt, om mellom anna læringsutbytet for elevane, og bidra til kvalitetsutvikling og dialog om verksemda i skulen.

Statistikkportalen og Skuleporten er viktige verktøy der direktoratet legg til rette for at skuleeigarar og skuleleiarar skal få enkel tilgang til relevante og pålitelege tal for eiga eining. Til dømes har 600 skular brukt ståstadsanalysen i Skuleporten 2019.

Skulebidragsindikatorar skal gi skuleleiarar og -eigarar ein indikasjon på kva skulen bidreg med til resultata elevane får. I 2019 har Udir publisert skulebidragsindikatorar for grunnskular for første gong. Desse tala har vore etterspurde, og dei er dei klart mest besøkte tala i Skuleporten. Det er òg publisert tal for vidaregåande skular. Desse blei publiserte første gong i 2018.

Brukarundersøkingane gir nyttig informasjon til politikkutvikling, men dei er òg verktøy som gir eit godt grunnlag for at barnehage- og skuleeigarar skal kunne bruke informasjonen om eiga verksemd i utviklingsarbeidet sitt. Undersøkingane rettar seg mot høvesvis elevar, lærlingar, vaksenopplæring, foreldre i barnehage, foreldre i skule, lærarar og lærebedrifter.

Direktoratet har høg aktivitet knytt til kunnskapsgrunnlaget. Det er også i 2019 utvikla og publisert ei rekke statistikkar, analysar og forskings- og evalueringsrapportar. For å gjere kunnskapsgrunnlaget med statistikk, forsking, rapportar og analysar enkelt tilgjengeleg er det oppretta ein eigen inngang på udir.no for dette. Sidene har i 2019 hatt 523 000 besøk og 2,1 mill. sidevisingar, ein kraftig vekst frå 2018.

Direktoratet har i 2019 sett i gang større evalueringar av lærarnorma, fagfornyinga og ny kompetansemodell. I tillegg har direktoratet andre store forskingsprosjekt i gang på skule- og barnehagefeltet. Desse større prosjekta vil bidra til eit meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar

I 2019 har direktoratet jobba med støtte til opplæring i digital kompetanse og pedagogisk bruk av IKT. Til dømes er det utarbeidd kompetansepakkar innan teknologi, programmering og algoritmisk tenking i samband med innføringa av nye læreplanar. Dette er eit viktig bidrag for å støtte sektoren i å nå målsetjingane med fagfornyinga.

Digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa har tiltak knytte til både elevens læring, kompetanse hos lærarane og infrastruktur. Gjennom nye læreplanar etter fagfornyinga, den teknologiske skulesekken og tiltak i strategiane Kompetanse for kvalitet og Yrkesfaglærarløftet bidreg direktoratet til å støtte digitaliseringsstrategien. Av dei 29 tiltaka som skal gjennomførast i strategiperioden, er 13 tiltak allereie gjennomførte og dei resterande tiltak er i prosess, primært gjennom fagfornyinga, den teknologiske skulesekken, kompetanse for kvalitet og yrkesfaglærarløftet.

Direktoratet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle Feide. For å sikre at det er tilgang til den nyaste tilgjengelege funksjonaliteten, og at det er denne som blir brukt, er det i 2019 lagt spesielt vekt på oppgradering til skjemaversjon 2.0.

Kompetanseportalen er eit sentralt tiltak for å spreie god praksis som òg når breitt ut. Ved inngangen til februar 2020 var det registrert om lag 50 000 brukarar frå i overkant av 3 000 skular. Denne nettbaserte tenesta er laga for tilsette i skular og barnehagar. Innhaldet i kompetansepakkane blir utarbeidd av UH-institusjonar i samarbeid med direktoratet.

I 2019 blei det etablert ei ny tilskotsordning der kommunane kan søke om tilskot til kjøp av digitale læremiddel. Både læremiddelbransjen, KS og Utdanningsforbundet har vore involverte i prosessen. Direktoratet vurderer at tilskotsordninga har hatt ein positiv effekt på marknaden for slike læremiddel.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 356,3 mill. kroner på posten. I løyvingsforslaget er det teke omsyn til følgande forslag til flyttingar av midlar frå posten:

  • 7,3 mill. kroner til kap. 256, post 01 i samband med flytting av oppgåver frå direktoratet til Kompetanse Noreg på områda læring for vaksne og kompetansemobilisering.

  • 1,1 mill. kroner til kap. 200, post 01 for flytting av eitt årsverk i samband med at Kunnskapsdepartementet har teke over styringa av Statped frå Utdanningsdirektoratet.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøvar innanfor yrkesfaga. Løyvingane på post 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2021

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Resultat i 2019

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring blei gjennomført som planlagt.

Arbeidet med å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar blei gjennomført som planlagt.

Statistikksystemet i direktoratet er hovudkanalen for publisering av statistikk og indikatorar i og for sektoren. I 2019 har direktoratet utvida funksjonaliteten og lagt inn nye statistikkar for å gi barnehage- og skuleeigarar og -leiarar endå breiare tilgang til statistikk og indikatorar.

Felleskomponenten Feide er etablert som ei nasjonal fellesløysing for sikker autentisering og pålogging i grunnopplæringa, og ved utgangen av 2019 var Feides teneste for pålogging tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular, med 180 mill. påloggingar.

I 2019 blei det etablert ei tilskotsordning for oppgradering av Feide for kommunar og fylkeskommunar. Verknader av tilskotsordninga vil vise seg utover i 2020, men interessa for ordninga er stor.

Bruk av nye Feide vil vere ein nøkkelfaktor for å vareta informasjonstryggleik og personvern i grunnopplæringa ved auka deling av data mellom digitale læremiddel og andre tenester i sektoren. Vidare har Feide bidrege til å forenkle og forbetre administrasjonen av pålogging og digitale tenester og gjort det mogleg å tilby nye typar tenester for utdanningssektoren.

For å betre funksjonalitet i Feide og utnytte dei moglegheitene som ligg i deling av data, har direktoratet starta arbeidet med ny kundeportal. Dette arbeidet blir ferdig i desember 2020.

I arbeidet med å utvikle og spreie standardar for læringsteknologi har direktoratet i 2019 identifisert utfordringar og funne løysingar på samordningsbehov i sektoren. Direktoratet har formannskapet for Standard Norges komité for læringsteknologi. I 2019 har direktoratet arbeidd med å utvikle standardar for å betre tilgangen på digitale læringsressursar, inkludert å legge til rette for å finne relevante ressursar som er tilpassa behovet til den einskilde eleven.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 208,5 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 gjeld utvikling av læremiddel. Løyvingane på post 21 og 70 må sjåast i samanheng.

Mål for 2021

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, nynorske parallellutgåver, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Resultat i 2019

Det blei i 2019 gitt midlar til totalt 42 nye prosjekt med denne fordelinga:

  • smale fagområde (8 prosjekt)

  • særskilt tilrettelagde læremiddel (16 prosjekt)

  • universell utforming (4 prosjekt)

  • nynorske parallellutgåver (4 prosjekt)

  • læremiddel for språklege minoritetar (10 prosjekt)

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 72,8 mill. kroner på posten.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

17 348

13 612

13 977

02

Salsinntekter o.a.

6 473

1 295

Sum kap. 3220

23 821

14 907

13 977

Inntektene gjeld oppdragsverksemd, salsinntekter og refusjonar.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 3220, post 02 med 1,3 mill. kroner knytt til avvikling av Bestillingstorget. Bestillingstorget er ei handelsløysing for sal av trykksaker og papirbasert informasjon til sektoren og er vedteke avvikla mellom anna som følge av at etterspurnaden etter papirbasert informasjon i all hovudsak har falle bort.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

15 849

15 913

16 014

Sum kap. 0221

15 849

15 913

16 014

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og det felles sekretariatet deira. Dagens utval er oppnemnde for perioden 2020–23.

Mål for 2021

FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og vareta interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2021 er:

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

  • Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim.

Resultat i 2019

Sekretariatet flytta hausten 2018 til Bø i Telemark, og det har kravd mykje av dei tilsette i 2019. Samstundes hadde utvala det siste året sitt i utvalsperioden. FUB og FUG løyste oppgåvene sine på godt vis. Dei har bidrege til godt samarbeid mellom heim og barnehage/skule og gjort synleg foreldreperspektivet og verdien av godt foreldresamarbeid i kontakten sin med relevante organisasjonar og institusjonar. Dei har delteke i arbeids- og referansegrupper på nasjonalt nivå og halde foredrag i ulike fora. Dei har gitt råd til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet gjennom møtepunkt og høyringssvar. Dei har informert og rettleidd foreldre og tilsette i barnehagar og skular ved å utarbeide og distribuere materiell, ved å publisere på nettsidene eller gjennom direkte møte. Det blei mellom anna brukt 0,5 mill. kroner til utvikling av digitalt materiell til fleirkulturelle miljø. Materialet blei utvikla i samarbeid med Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring og blei ferdig våren 2020.

I 2019 blei det brukt 0,8 mill. kroner over kap. 226, post 21 til dekning av ekstraordinære kostnader som følge av flyttinga av sekretariatet til Bø i Telemark.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 16 mill. kroner på posten.

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

120 711

136 065

143 126

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 352

1 964

2 019

Sum kap. 0222

122 063

138 029

145 145

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane på kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

  • drift av Diamanten (tidlegare Skådalen) skole for elever med døvblindhet

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skular og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skulane følger Kunnskapsløftet – Samisk.

Mål for 2021

Målet med løyvinga til Diamanten skole for elever med døvblindhet er å medverke til at døvblinde barn og unge i Oslo-regionen får opplæring.

Målet med løyvinga til drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Resultat i 2019

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark tilbyr fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i sin eigen kommune. I 2019 har det vore ein sterk auke i talet på elevar, aktivitetar og tilsette. Per 1. oktober 2019 var det 60 elevar som fekk samisk som fjernundervisning. Det er ein auke på tolv frå førre skuleår. Frå desember 2019 tilbyr kunnskapsparken også opplæring i lulesamisk. Ved utgangen av 2019 fekk 39 elevar fjernundervisning i sørsamisk, 17 fekk fjernundervisning i nordsamisk, og tre fekk fjernundervisning i lulesamisk. I tillegg til fjernundervisning blei det arrangert seks språksamlingar for kvart hovudtrinn i løpet av året.

Samiske vidaregåande skular

Begge skulane er opne for elevar frå heile landet og har både heiltids- og deltidselevar. Dei samiske vidaregåande skulane har eit særleg ansvar for å gi undervisning på og i samisk. Skulane har ei ordning med vertsfamiliar for dei yngste tilreisande elevane. I tillegg til den ordinære undervisninga gir skulane fjernundervisning i samisk.

I skuleåret 2019–20 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 96 elevar. Skulen hadde òg 56 elevar som fekk fjernundervisning. I skuleåret 2018–19 hadde skulen 110 elevar.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 86 elevar i skuleåret 2019–20, det same som året før. Skulen hadde òg 33 elevar som fekk fjernundervisning.

Skådalen skole for døvblindfødte

Statped driv Skådalen skole for døvblindfødte. Skulen flyttar til nye lokale i skuleåret 2020–21 og endrar namn til Diamanten skole for elever med døvblindhet. I 2019 fekk skulen midlar over kap. 230, post 01, 21 og 45. Sjå der for resultatrapportering for 2019.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skular og statsinternat i Finnmark er det i 2019 utbetalt 0,7 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skulane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 143,1 mill. kroner på post 01 og 2 mill. kroner på post 45. Løyvinga på post 01 inkluderer ein auke på 6,5 mill. kroner som følge av auka inntektsløyving til dei statlege vidaregåande skulane, jf. omtale under kap. 3222, post 02. Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 vedtok Stortinget å løyve midlar til forprosjektering av eit samlokalisert nybygg for Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš (SNTB) og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet har Statsbygg sett i gang forprosjektfasen i 2020. Utgiftene til forprosjekteringa blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet kap. 2445, post 30.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Salsinntekter o.a.

18 921

8 884

15 623

Sum kap. 3222

18 921

8 884

15 623

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning. For å gi betre samsvar mellom budsjetterte og faktiske inntekter ved dei statlege vidaregåande skulane foreslår departementet å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner, jf. også omtale under kap. 222, post 01.

Kap. 224 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Freds- og menneskerettssenter

100 838

71

Det europeiske Wergelandsenteret

11 084

Sum kap. 0224

111 922

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Sentera er uavhengige stiftingar.

Tilskotet for seks av freds- og menneskerettssentera blei i statsbudsjettet for 2020 samla på kap. 255, post 77. Departementet foreslår å flytte forvaltninga av tilskotet til dei seks sentera frå Kompetanse Noreg til Utdanningsdirektoratet i 2021. Flyttinga verkar ikkje inn på nivået på tilskotet. Flyttinga inneber at løyvinga over kap. 255, post 77 i 2021 blir flytta til kap. 224, post 70. Mål for 2021 og budsjettforslag for 2021 for dei seks sentera er samla under kap. 224, post 70. Resultata for 2019 for dei seks sentera er omtala under dei postane midlane blei løyvde over for 2019.

Det europeiske Wergelandsenteret er forankra i ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Europarådet og får tilskot direkte frå Kunnskapsdepartementet. Løyvinga til senteret over kap. 255, post 75 blir i 2021 flytta til kap. 224, post 71. Mål for 2021 og budsjettforslag for 2021 for senteret er gitt under kap. 224, post 71. Resultata for 2019 for senteret er omtala under posten midlane blei løyvde over for 2019.

Post 70 Freds- og menneskerettssenter

Posten inneheld tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Stiftelsen Arkivet (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Mål for 2021

Freds- og menneskerettssentera skal arbeide med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Dei einskilde sentera kan ha særskilde oppgåver som er nærare definerte i tilskotsbreva til sentera.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 100,8 mill. kroner på posten. Sjå tabell 4.2 for forslag til fordeling av tilskot over posten til freds- og menneskerettssenter.

Tabell 4.2 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Freds- og menneskerettssenter med tilskot over kap. 224, post 70

Beløp 2021

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

39 535

Falstadsenteret

22 779

Stiftelsen Arkivet

16 779

Nansen Fredssenter

6 954

Narviksenteret

9 049

Raftostiftelsen

5 742

Sum

100 838

Post 71 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap

Mål for 2021

Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 11,1 mill. kroner på posten. Departementet foreslår òg midlar til senteret over kap. 226, post 21 til drift av det nasjonale læringstilbodet i samarbeid med 22. juli-senteret og Utøya AS, jf. omtale under kap. 226, post 21.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

26 088

23 611

23 973

21

Særskilde driftsutgifter

105 135

109 614

112 556

60

Tilskot til landslinjer

231 367

240 373

243 207

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

68 047

80 107

87 660

64

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

65 307

62 111

36 265

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

215 037

248 556

66

Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

69 104

15 480

15 480

67

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

7 699

8 967

9 185

68

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

297 721

292 537

302 816

69

Tiltak for fullføring av vidaregående opplæring

691 500

70

Tilskot til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

62 867

74

Prosjekttilskot

9 195

9 437

6 739

75

Grunntilskot

85 287

88 587

95 337

Sum kap. 0225

1 242 854

1 179 380

1 624 718

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som fylkesmannen har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Fylkesmannen utbetaler midlane. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-25 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøven innanfor yrkesfaga.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.

Mål for 2021

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2019

Våren 2019 blei det teke 75 800 sentralt gitte eksamenar i grunnskulen, av desse var 2 500 frå grunnskuleopplæring for vaksne. I vidaregåande opplæring blei det teke 186 800 sentralt gitte eksamenar våren 2019. Av desse var 79 pst. eleveksamenar og 21 pst. privatisteksamenar.

Hausten 2019 blei det teke til saman 37 800 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring. Av desse var 85 pst. privatisteksamenar, medan resten blei tekne av elevar med rett til særskild, utsett eller ny eksamen. Oppmøtet på hausteksamen er framleis langt lågare enn på våreksamen. Totalfråværet for vidaregåande på våreksamen var 7,6 pst., medan det på hausteksamen var 17,4 pst.

Det blei behandla 1 600 klager i grunnskulen og 13 600 klager vår og haust for sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring. Totalt deltok 1 200 sensorar i sensorarbeidet i grunnskulen og 2 500 i vidaregåande opplæring for sentralt gitt eksamen med sentral sensur.

Eksamenar som fylkeskommunen har ansvar for å utarbeide (lokalt gitte eksamenar), er ikkje rekna med i desse tala.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 24 mill. kroner på post 01 og 112,6 mill. kroner på post 21.

Post 60 Tilskot til landslinjer

Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.

Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særskilt små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særskilt utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Ordninga har eksistert i den forma ho har i dag, sidan 1996.

Sidan ordninga blei oppretta, har det ikkje vore fastsett klare kriterium for å få landslinjestatus. Dei fleste landslinjetilboda har blitt oppretta på bakgrunn av lokale initiativ og politiske prioriteringar. Det har ført til at landslinjetilskotet i nokre tilfelle har bidrege til å vri ressursane i vidaregåande opplæring i ei anna retning enn det fylkeskommunane sjølv ønsker. Det er òg stor variasjon i kor mykje fylkeskommunane får i landslinjetilskot.

Departementet vil endre retningslinjene for landslinjeordninga frå 2021. Endringane gjeld nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod. Det blir eit krav at søknadene skal vere støtta av alle fylkeskommunane. Søknadene skal òg bli vurderte av Utdanningsdirektoratet. I vurderinga vil det mellom anna bli lagt vekt på nasjonale og regionale kompetansebehov. Endringane vil gjere søknadsprosessen og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av søknadene om landslinjer, meir oversiktleg for søkarane.

Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert med dei frie inntektene til fylkeskommunane. Fylkeskommunane er kompenserte for å gi eit tilbod til alle som har rett til vidaregåande opplæring, og dette inkluderer elevar ved landslinjer. For å unngå dobbeltfinansiering vil nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod bli finansierte med eit trekk i det samla rammetilskotet til fylkeskommunane, tilsvarande budsjetteffekten av opprettinga av ei ny eller utvida landslinje. Nivået på trekket blir berekna det året landslinja blir oppretta/utvida, og deretter vidareført som eit varig trekk utan justering for eventuelt endra elevtal innanfor godkjent elevtal.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2019

I skuleåret 2019–20 var det 1 673 heilårsplassar fordelte på 51 landslinjetilbod. Hausten 2019 brukte fylkeskommunane 81 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2020 var talet 79 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av elevplassane ved landslinjene blitt nytta.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 243,2 mill. kroner på posten. 2,8 mill. kroner av løyvinga følger av budsjettvedtak for tidlegare budsjettår om å opprette nye landslinjer. Dette gjeld

  • 1,3 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og hausteffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i sjømat som blei oppretta ved Vardø videregående skole hausten 2019

  • 1 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg1-tilbodet og hausteffekten av Vg2-tilbodet for landslinja i bratt friluftsliv som blei oppretta ved Rauma videregående skole hausten 2020

  • 0,6 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i jazz som blei oppretta ved Molde videregående skole hausten 2018

Departementet vil vidareføre satsane for tilskotsordninga på same nominelle nivå som i 2020.

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei ordning for samiskopplæring i grunnskulen

  • ei ordning for samisk i den vidaregåande opplæringa

  • ei ordning for studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar

Mål for 2021

Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i og lærarstudentar tek utdanning i samiske språk.

Resultat i 2019

Talet på elevar som vel samisk språk i grunnskulen, har auka frå 2016 til 2019, jf. tabell 4.3.

Tabell 4.3 Tal på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk

Skuleår

2016–17

2017–18

2018–19

2019–20

Samisk som førstespråk

927

935

952

954

Samisk som andrespråk

1 197

1 333

1 442

1 455

Totalt

2 124

2 268

2 394

2 409

Endring frå året før i pst.

–1,8

6,8

5,6

0,6

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

I 2019 blei det utbetalt 3,5 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa. Til samanlikning blei det utbetalt 3,4 mill. kroner i tilskot i 2018 og 0,4 mill. kroner i tilskot i 2017. Departementet ser positivt på at ordninga no blir utnytta betre.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 87,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 5,1 mill. kroner som følge av at fleire elevar får opplæring i samisk.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiesameining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve inntil dei fyller 18 år, eller har fullført det skuleåret dei fyller 18 år.

Mål for 2021

Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Resultat i 2019

I gjennomsnitt fekk 694 barn som var busette i mottak eller omsorgssenter eller som budde privat, grunnskuleopplæring i skuleåret 2018–19. Det er ein reduksjon på 589 elevar samanlikna med skuleåret 2017–18. I vidaregåande opplæring var det i skuleåret 2018–19 i aldersgruppa 16–18 år i gjennomsnitt 19 elevar. Det er ein reduksjon på 41 elevar samanlikna med skuleåret 2017–18.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 36,3 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 27,8 mill. kroner som følge av ein venta reduksjon i talet på elevar som utløyser tilskot til grunnopplæring.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2021

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon i perioden 2002–16. Målet med å gi tilsegnene har vore å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skule- og symjeanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Resultat i 2019

Det blei utbetalt 215 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2019.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår inga løyving på posten i 2021 som følge av at renteføresetnaden for ordninga er 0 pst. for 2021.

Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Til og med 2019 gjaldt posten tilskot til leirskule, men frå 2020 blei midlar til leirskule innlemma i rammetilskotet til kommunane under kap. 571, post 60, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For nærare omtale av lovfesting av plikt for kommunane til å tilby leirskule eller annan skuletur med overnatting som del av grunnskuleopplæringa, sjå Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon).

For 2019 gjaldt posten også tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme. Dette omfatta skuleturar for ungdom i alderen 12–16 år til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestader frå den andre verdskrigen. Handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020 går ut ved årsskiftet 2020–21. Regjeringa skal etter planen lansere ein revidert handlingsplan mot antisemittisme i 2021.

Frå og med 2020 omfattar denne posten berre tilskotsordninga til turar i samband med handlingsplanen mot antisemittisme. Departementet har fastsett reviderte retningslinjer som gjeld frå og med skuleåret 2020–21, der også elevar i vidaregåande opplæring blir omfatta av ordninga.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar eller minnestader for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2019

Tilskot til leirskuleopplæring blei tildelt på grunnlag av kommunane sine registreringar i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), og i 2019 blei det utbetalt tilskot for i alt 57 190 grunnskuleelevar som var på leirskule i løpet av 2019. Dette utgjer 9,4 pst. av gjennomsnittleg elevtal i kommunale grunnskular for skuleåra 2018–19 og 2019–20. Sidan grunnskulen omfattar ti årstrinn, var det eit mål for tilskotsordninga at 10 pst. av elevane fekk dra på leirskule kvart år. Det samla talet på leirskuleelevar i 2019 gir grunn til å tru at dei fleste, men ikkje alle, elevane i målgruppa fekk eit leirskuleopphald i løpet av grunnskulen i 2019.

Til tilskotsordninga til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme kom det inn 390 søknader i 2019. Det blei gitt tilskot for i alt 16 550 ungdommar i alderen 12–16 år, for skuleåret 2019–20. Alle søknader som fylte kriteria i tilskotsordninga, fekk tilskot.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 15,5 mill. kroner på posten.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen

  • ei for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

  • ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen

Mål for 2021

Målet med løyvinga er å gi elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk ved kommunale og frittståande grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å gi elevar og lærlingar med kvensk/norskfinsk bakgrunn opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og frittståande vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.

Resultat i 2019

Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, er lågare enn åra før. Hausten 2019 var det 468 elevar. Dette er 46 elevar færre enn i 2018.

Våren 2019 var det i alt 23 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring. Det er 10 fleire elevar enn i 2018.

Frå den årlege løyvinga til to heile studieheimlar for vidareutdanning av lærarar i kvensk eller finsk språk, blei det innvilga tilskot til ein kvart studieheimel i 2019 og til halvannan studieheimel i 2018.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 9,2 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for talet på elevar som vil få opplæring i kvensk eller finsk.

Frå våren 2021 blir tilskotsordninga for opplæring i kvensk eller finsk endra. For vidaregåande opplæring blir tilskotet rekna ut frå elevtal ved den einskilde skulen i staden for på fylkesnivå. Læreplantimane i faga vil danne grunnlag for tilskotet, og elevane blir inndelt i tilskotsgrupper. For studiepermisjon i vidareutdanning i kvensk eller finsk vil fylkeskommunar og friskular kunne ta imot tilskot, i tillegg til kommunale skuleeigarar. Tilskotsnivået for studiepermisjon blir auka frå lærarlønn til adjunktlønn.

Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Innsette i fengsel har rett til opplæring under soning av straff. Tilskot til opplæring i kriminalomsorga skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for den praktiske gjennomføringa.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver vil få særskilt tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skolen (DFS).

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. I tillegg skal lauslatne kunne fullføre opplæring som er begynt under soning. Opplæringa skal bli gitt etter kompetansemål frå læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Resultat i 2019

Det er etablert opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. I tillegg finst det oppfølgingsklassar for å lette overgangen etter lauslating, ti stadar i landet. Om lag 7 550 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2019, som er færre enn i 2018, då talet var om lag 9 500 personar. I 2019 var det fleire innsette som tok opplæring på grunnskulenivå enn i 2018. Ei forklaring til begge endringane er at stadig fleire innsette som har etablert tilknyting til arbeidsliv eller utdanning, soner utanfor fengsel med fotlenke eller elektronisk kontroll, slik at ein større del av dei dømde som sit i fengsel har svak tilknyting til arbeidsliv og låg utdanning. Denne gruppa er meir krevjande å motivere for opplæring, sjølv om dei har rett til det.

I samarbeid med kriminalomsorga bruker skuleverket ressursar på ulike opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunnskule- og/eller vidaregåande opplæring. Slik opplæring er kategorisert som «anna opplæring» i tabell 4.4. Kriminalomsorga legg òg til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning.

Tabell 4.4 Talet på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2018

2019

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Grunnskule

13

3

137

45

9

2

189

81

Vidaregåande skule

485

179

3 274

678

312

157

2742

716

Korte opplæringstilbod

464

58

2 864

277

152

27

2791

310

Anna opplæring

263

9

1 925

293

8

11

1348

222

Sum

1 225

259

8 200

1 293

481

201

7 070

1 336

Fagskule1

30

8

21

4

Høgskule/universitet

161

65

133

65

Reg. elevar vil seie kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.

Snitt vil seie gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar basert på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.

Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.

1 Tala for fagskule og høgskule/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid.

Kjelde: Fylkesmannen i Vestland

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 302,8 mill. kroner på posten. Endringar i fengselsstrukturen fører til desse justeringane i tilskotet til opplæring i kriminalomsorga for 2021:

  • ein auke på 3,2 mill. kroner til heilårseffekt av opplæringsutgifter ved Agder fengsel

  • ein reduksjon på 4,5 mill. kroner på grunn av nedtrapping av dublering av fengselsplassar

  • ein auke på 1,5 mill. kroner i samband med ei ungdomseining ved Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg

  • ein auke på 1,1 mill. kroner til opplæringsutgifter ved Arendal fengsel, avdeling Evje

Delar av løyvinga vil gå til drift av Desktop for skolen, som er eit IKT-system for sikker bruk av digitale verktøy i opplæringa i fengsla.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring

Posten blei oppretta ved behandlinga av Prop. 127 S (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Tiltaka som blir finansierte over posten, er ein del av Utdanningsløftet 2020, som er regjeringa si satsing på kompetanse for å motverke konsekvensane av den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien.

Mål for 2021

Tilskotet skal føre til at fleire fullfører vidaregåande opplæring og at fleire med studie- eller yrkeskompetanse tar fagbrev.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 691,5 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår 150 mill. kroner til eit nytt tilskot til fylkeskommunane for at tilbodet til dei som ikkje får læreplass (Vg3 i skule) skal bli utvida og forsterka. Ungdommane skal få opplæring over lengre tid, tilbodet skal starte opp tidlegare og kvaliteten på innhaldet skal styrkast. Departementet foreslår å kalle det nye utvida tilbodet Fagbrev som elev. Departementet vil utforme tilbodet i dialog med Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæring og fylkeskommunane innanfor ramma av målet om eit tilbod som er likeverdig med ein læreplass. Tilskotet skal legge til rette for eit utvida tilbod våren 2021 for elevar som ikkje får læreplass hausten 2020, på same tid som elevar som ikkje får læreplass neste haust får det same utvida tilbodet. Forslaget tek utgangspunkt i at 1 000 elevar i kvart kull får eit utvida tilbod. Tilskotet vil bli fordelt etter delkostnadsnøkkelen for vidaregåande opplæring i inntektssystemet for fylkeskommunane.

Departementet foreslår 45,5 mill. kroner til eit nytt tilskot til fylkeskommunane for at fleire som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring skal få tilbod om å ta eit fagbrev. Målgruppa inkluderer ledige med omstillingsbehov og unge med studiekompetanse som ikkje er motivert for eller ikkje kjem inn i høgare utdanning. Tilskotet legg til rette for 1 000 nye deltakarer i yrkesfagleg utdanning frå hausten 2020. Det er lagt til grunn at halvparten har behov for eit tilnærma fullt løp i yrkesfagleg utdanning (opptil 3,5 år), medan den andre halvparten berre treng eitt år i lære. På sikt legg tilskotet til rette for ein anslått auke i talet på deltakarar i vidaregåande opplæring som ikkje har rett til opplæringa på om lag 20 pst. Tilskotet vil bli fordelt etter delkostnadsnøkkelen for vidaregåande opplæring i inntektssystemet for fylkeskommunane. Tiltaket fører til større utgifter til utdanningsstøtte, som blir løyvde på postar over programkategori 07.80. Utdanningsstøtte.

I løyvinga inngår vidareføring av fleire av tilskota som blei oppretta i 2020 som ein del av Utdanningsløftet 2020, jf. Prop. 127 S (2019–2020). Det gjeld følgande tilskot til fylkeskommunane:

  • 300 mill. kroner for at ledige og permitterte utan vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Tilskotet legg til rette for at anslagsvis 5 000 personar kan fullføre i 2021.

  • 150 mill. kroner for at personar som går ut av vidaregåande opplæring våren 2021 utan å oppnå studie- eller yrkeskompetanse, kan få eit tilbod. Tilskotet legg til rette for at anslagsvis 2 500 personar i avgangskullet i 2021 kan fullføre hausten 2021.

  • 46 mill. kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb. Målgruppa for ordninga er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, og som har praksis frå lærefaget, men som har behov for rettleiing for å gå opp til fagprøva.

Tiltaka retta mot ledige og permitterte og avgangselevar inneber utgifter til utdanningsstøtte under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet vil kunne omprioritere mellom tilskota dersom vurderingar frå fylkeskommunane om ressursbehov tilseier det.

Innanfor løyvinga kan det òg bli gitt tilskot til friskular.

Post 70 Tilskot til opplæring av lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med særskilde behov

Målgruppa for tilskotet har vore lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, og/eller som har svake ferdigheiter i norsk og har budd kort tid i Noreg.

Tilskotsordninga er avvikla frå 1. januar 2020 og innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane.

Resultat i 2019

Tabell 4.5 Talet på søknader om tilskot for lærlingar og lærekandidatar i perioden 2010–19

År

Tal på søknader

Lærlingar

Lærekandidatar

2010

357

176

181

2011

326

122

204

2012

528

194

334

2013

551

214

337

2014

626

226

400

2015

855

301

554

2016

952

344

608

2017

971

383

5 881

2018

964

407

557¹

2019

950

426

524

1 Til saman gjaldt tre søknader praksisbrevkandidatar i 2017 og 2018.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Søknader om tilskot for lærekandidatar utgjorde 55 pst. av søknadene i 2019. Tilskotet blei i 2019 avkorta med 33,5 pst. for alle tilskotsmottakarane, fordi samla timetal for alle søkarane var høgare enn det talet som låg til grunn for løyvinga.

Post 74 Prosjekttilskot

Utdanningsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. Private og frivillige organisasjonar kan få tilskot.

Departementet vil endre innrettinga av ordninga frå 2022-budsjettet slik at ho blir meir avgrensa enn i dag. På den måten kan ordninga rettast inn mot prosjekt på område der departementet meiner det er eit særleg behov for at private og frivillige organisasjonar gjennomfører tidsavgrensa tiltak. Departementet vil presentere den nye innrettinga i budsjettforslaget for 2022.

Mål for 2021

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular.

Resultat i 2019

Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 9,2 mill. kroner frå tilskotsordninga for private og frivillige organisasjonar i 2019: Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Redd Barna, Landslaget for norskundervisning, MOT, Sex og Politikk, FRI – Rosa kompetanse skole, Skeiv Ungdom, Dysleksi Norge, Hvorfor det? AS, Organisasjonen Voksne for barn og Barnevakten.

I tillegg blei 1 mill. kroner av tilskotsmidlane på posten forvalta av Sametinget i 2019, for å gi tilskot til private og frivillige organisasjonar som gjennomfører tiltak mot mobbing blant barn og unge, relatert til samisk bakgrunn, språk og kultur.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 6,7 mill. kroner på posten.

Som ein del av omlegginga av ordninga som departementet vil gjennomføre frå 2022, foreslår departementet å flytte 3 mill. kroner av løyvinga til grunntilskotet. Sjå kap. 225, post 75 for omtale av kva organisasjonar som vil få grunntilskot som følge av flyttinga.

Post 75 Grunntilskot

Departementet tek sikte på å legge om ordninga frå 2022-budsjettet ved at det blir stilt tydelegare krav til organisasjonane som skal få tilskot. Organisasjonane som får grunntilskot i 2021, vil bli bedt om å gi informasjon om planlagt bruk av tilskotet. Dette vil danne grunnlag for vurderingar av kva for organisasjonar som skal få tilskot i 2022, og nivået på tilskotet.

Mål for 2021

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale organisasjonar og aktørar som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.

Resultat i 2019

Grunntilskot til organisasjonar mv.

I 2019 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 33,5 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til private og frivillige organisasjonar: Elevorganisasjonen, FIRST Scandinavia, Operasjon Dagsverk, WorldSkills Norway, Foreningen Norden og Norsk håndverksinstitutt, Forandringsfabrikken, Blå Kors – Snakk om mobbing, Teknisk Senter AS, Ungt Entreprenørskap Norge, Blikk AS, Barnevakten – Nettvettprogram til innføring av fagfornyelsen, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Unge funksjonshemmede.

Grunntilskot til NAROM

I 2019 fekk Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) 16,2 mill. kroner over posten. I 2019 deltok 9 406 personar på ulike aktivitetar i regi av NAROM. 7 177 var elevar i grunnopplæringa, 3 385 fleire enn i 2018. NAROM gjennomførte i 2019 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.

Grunntilskot til friskuleorganisasjonane

I 2019 fekk fire friskuleorganisasjonar eit samla tilskot på 0,8 mill. kroner. Organisasjonane utførte samordningsoppgåver for til saman 288 godkjende medlemsskular.

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 34,9 mill. kroner over posten i 2019. Organisasjonane har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 95,3 mill. kroner på posten.

I løyvinga inngår ein auke på 5 mill. kroner som følge av at departementet foreslår å vidareføre tilskotet til Faktisk.no til skuleprosjektet TENK med heilårseffekt. Organisasjonen fekk tilskot i 2020 i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.

Vidare foreslår departementet å flytte 3 mill. kroner til posten frå kap. 225, post 74, slik at tre organisasjonar som fekk prosjekttilskot i 2020, får grunntilskot i 2021. Desse organisasjonane er Landslaget for norskundervisning, Sex og Politikk og FRI – Rosa kompetanse skole.

Tabell 4.6 viser forslag til fordeling av grunntilskot til organisasjonar i 2021.

Tabell 4.6 Fordeling av tilskot på kap. 225, post 75

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2021

Elevorganisasjonen

2 905

Operasjon Dagsverk

589

FIRST Scandinavia

11 000

WorldSkills Norway

3 909

Foreningen Norden

1 152

Norsk håndverksinstitutt

6 211

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma

1 279

Forandringsfabrikken

3 528

Blå Kors – Snakk om mobbing

3 028

Teknisk Senter, Flekkefjord

829

Ungt Entreprenørskap

529

Blikk AS

229

Barnevakten – Nettvettprogram til innføring av fagfornyinga i 2020

250

NAROM

16 195

Friskuleorganisasjonar

805

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

34 899

Faktisk.no – skuleprosjektet TENK

5 000

Landslaget for norskundervisning

500

Sex og Politikk

500

FRI – Rosa kompetanse skole

2 000

Sum

95 337

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

23 393

23 617

12 495

Sum kap. 3225

23 393

23 617

12 495

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan etter statistikkdirektiva til OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp. Kunnskapsdepartementet foreslår ei tilsvarande løyving på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 12,5 mill. kroner i 2021.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 219 206

1 296 726

1 572 195

22

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

1 617 852

1 543 467

1 600 858

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

6 181

57 400

35 826

60

Forsking på tiltak for betre kvalitet i barnehagen og grunnopplæringa

44 229

61

Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

59 620

61 920

61 919

63

Forsking på effektane av auka lærartettleik

1 824 706

50 687

64

Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

39 310

40 529

71

Tilskot til vitensenter

73 775

82 705

85 352

Sum kap. 0226

4 845 569

3 132 215

3 396 679

Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. kap. 226 omfattar statlege løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar/delansvar for drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned. Det kan òg bli gitt tilskot til samordningsoppgåver i kommunesektoren over posten.

Mål for 2021

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtalen av desse i kategoriinnleiinga.

Resultat i 2019

Samla blei det brukt 1 219,2 mill. kroner over posten i 2019. Hovuddelen av midlane gjekk til kompetanseutviklingstiltak. Tabell 4.7 viser samla rekneskap for posten i 2019, med tiltak samla for dei ulike måla for posten.

Tabell 4.7 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 i 2019

(i mill. kr)

Mål

Rekneskap 2019

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

126,7

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

35,4

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

475,7

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

498,2

Andre tiltak

83,2

Sum

1 219,2

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

I 2019 blei det brukt 126,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø, over denne posten.

Tabell 4.8 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om eit godt og inkluderande læringsmiljø

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2019

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

39,9

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

36,5

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

20,0

Mobbeombod

10,0

Dembra

8,5

Program mot mobbing

4,0

Læringstilbod om 22. juli

3,0

Pilotar for inkludering

3,0

Partnarskap mot mobbing 1,8

Sum

126,7

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

Løyvingane gjekk til kompetanseheving og rettleiing til barnehagar og skular inkludert tre kompetansetiltak: læringsmiljøprosjektet, nettbasert tilbod og samlingsbasert tilbod. FAFO evaluerer tilboda. Ein delrapport frå februar 2020 viser utfordringar ved å få til kollektiv kompetanseutvikling i alle barnehagane og skulane som deltek i Læringsmiljøprosjektet og det samlingsbaserte tilbodet. I det nettbaserte tilbodet ønsker fleire styrarar og skuleleiarar meir oppfølging. Deltakarane opplever at tilbodet har høg fagleg kvalitet, og at dei har auka kompetansen sin. Mange rapporterer at dei raskare set inn tiltak. Tidlegare evalueringar av Læringsmiljøprosjektet viste også at skulane som deltok, reduserte mobbetala sine.

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

Fylkesmennene rapporterer om mange førespurnader frå barn, foreldre og skular for å få hjelp til å løyse skulemiljøsaker. I 2019 kom det inn 1 585 meldingar til fylkesmannen frå elevar og foreldre. I mange saker der fylkesmannen tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Forsøk med gratis deltidstilbod i SFO

Elevar med innvandrarbakgrunn og/eller frå familiar med låg inntekt går i mindre grad enn andre elevar på SFO. For minoritetsspråklege barn blir det dermed mindre høve til å utvikle norskkompetansen gjennom leik og samvær med norskspråklege barn. Forsøket blei sett i gang ved utvalde skular i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim hausten 2016 og blei avslutta etter fire skuleår i juni 2020.

Fylkesvise/regionale mobbeombod

Ordninga med fylkesvise mobbeombod blei etablert hausten 2018 og blir finansiert som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane. Alle fylkeskommunane deltek i ordninga. Omboda merkar sterk pågang frå born og unge som treng hjelp.

Tiltak mot rasisme og antisemittisme – Dembra

Kurstilbodet Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). I 2019 blei det brukt 2 mill. kroner til Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU), som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen for å auke kompetansen deira om korleis dei kan legge opp det pedagogiske arbeidet for å førebygge gruppebaserte fordommar hos elevane. I 2019 blei det brukt 6,5 mill. kroner til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. For nærare omtale av Dembra, sjå del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Støtte til program mot mobbing

I 2019 blei det sett av midlar til skuleomfattande læringsmiljø- og antimobbeprogram som kan bidra til å redusere mobbing i skulen. Programma legg mellom anna vekt på skjult mobbing, digital mobbing og psykisk helse.

Tilskot til læringstilbod om 22. juli

I 2019 blei det gitt eit tilskot på 3 mill. kroner for å gi fleire elevar og lærarar moglegheit til å delta i opplæringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap som er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Det europeiske Wergelandsenteret.

Pilotar for inkludering

Utdanningsdirektoratet sette i 2019 i gang pilotprosjekt for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO i fem kommunar, og for å evaluere dette. Prosjekta skal vere avslutta innan utgangen av 2022.

Partnarskap mot mobbing

Partnarskap mot mobbing består av regjeringa og 14 organisasjonar i oppvekst- og utdanningssektoren. Partnarskapet har i 2019 arrangert seminar, utvikla nettressursar og gitt støtte til tiltak som kan bidra til å auke lokal kompetanse.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

I 2019 blei det brukt 35,4 mill. kroner til tiltak som støtter opp under målet om at alle barn og unge får utvikla potensialet sitt over denne posten.

Tabell 4.9 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om å utvikla potensialet sitt

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2019

Områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør

10,5

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

9,3

Innovasjonsordninga Et lag rundt eleven

8,2

0–24-samarbeidet

7,4

Sum

35,4

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

I 2019 blei det brukt høvesvis 10 mill. kroner og 0,5 mill. kroner til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør. Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027. Sjå meir omtale i programkategori 07.90 og Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Målet med tilskotet er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring og med det redusere risikoen for ulykker. Også andre elevar som ikkje kan symje eller har hatt moglegheit til å delta i symjeundervisninga, kan omfattast av ordninga. Tilskotet har sidan 2016 vore budsjettert med 10 mill. kroner. I 2019 blei det nytta 9,3 mill. kroner, mot 8,6 mill. kroner i 2018.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet har sendt ein evalueringsrapport til fylkesmennene med forslag til korleis dei kan lyse ut og informere om tilskotet meir målretta. Dei har også forslag til tiltak for å styrke organiseringa av opplæringa og framtidige tiltak som ser symjeopplæringa i samanheng med den desentraliserte kompetanseordninga. Rapporten som blei lagd fram i februar 2019 blir følgd opp av fylkesmennene og brukt til å motivere endå fleire til å søke midlar til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar.

Innovasjonsordninga Et lag rundt eleven

Utdanningsdirektoratet tildelte midlar til prosjektet Et lag rundt eleven for å dokumentere effektar av systematisk satsing på tverrfagleg kompetanse gjennom to forskingsprosjekt. Det første er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger og Folkehelseinstituttet. Forskarane undersøker kva effekt auka bruk av helsesjukepleiarar på skulen har på læringsmiljø og læringsutbytte. Det andre prosjektet blir gjennomført av OsloMet og undersøker effekten av styrkt skuleleiing. Sluttrapport kjem hausten 2020. Direktoratet har utløyst opsjonar på dei to prosjekta, som medfører forlengingar til høvesvis 2021 og 2022.

0–24-samarbeidet

0–24-samarbeidet skal styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familiane deira gjennom betre samarbeid mellom tenestene. Målet er å hindre fråfall i vidaregåande opplæring og seinare utanforskap i samfunnet. Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Barne, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomfører ei rekke delprosjekt knytte til samordning av økonomiske, juridiske og pedagogiske verkemiddel i tilknyting til tverrsektorielt arbeid for utsette barn og unge. Frå hausten 2019 har også Politidirektoratet og Sekretariatet for konfliktråda blitt kopla på arbeidet.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

I 2019 blei det brukt 475,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse, over denne posten. Mesteparten av midlane til vidareutdanning blei løyvde over kap. 226, post 22, sjå meir omtale i rapporten for 2019 om den posten.

Tabell 4.10 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om kompetanse

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2019

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

239,3

Nye karrierevegar for lærarar

126,5

Yrkesfaglærarløftet

97,6

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

6,8

Kompetansetiltak for opplæring til asylsøkarar

3,0

Vurderingskompetansen til lærarane

2,5

Sum

475,7

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Av midlane blei 221,7 mill. kroner fordelte til fylkesmennene i alle fylka etter lærarårsverk, og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i samarbeidsforum. Skuleeigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. Blant tema som peika seg ut i 2019, var arbeid med nytt læreplanverk, skulemiljø og digitalisering. I vidaregåande opplæring peikar desse temaa seg ut: arbeid med nytt læreplanverk, digitalisering, vurderingspraksis og fagområde.

12,5 mill. kroner blei nytta til fylkesmannens administrasjon av ordninga, 0,4 mill. kroner gjekk til administrasjon av ordninga i direktoratet, og 4,7 mill. kroner blei nytta til koordinering av arbeidet med ordninga og evalueringsarbeid med bistand frå OECD.

Nye karrierevegar for lærarar

Hausten 2019 var 1 053 lærarar i funksjon som lærarspesialistar innanfor elleve fag og fagområde. Hausten 2019 studerte totalt 446 lærarar ved ulike lærarspesialistutdanningar. 37,3 mill. kroner gjekk til piloteringa av spesialistfunksjonen. I tillegg kjem bidraget frå arbeidsgivarane på om lag tredjeparten av lønnskostnadene. 89,1 mill. kroner av den samla løyvinga gjekk til lærarspesialistutdanningane.

Yrkesfaglærarløftet

Studieåret 2019–20 kunne yrkesfaglærarar søke på 26 vidareutdanningstilbod ved åtte universitet og høgskular. Tilboda kan både takast som reine vidareutdanningstilbod (med studiepoeng) eller som etterutdanning (utan studiepoeng). Totalt 411 yrkesfaglærarar fekk tilbod om å delta i 2019–20. Desentralisert ordning for yrkesfag blei etablert hausten 2019, og fleire nasjonale etterutdanningstiltak blei ein del av ordninga, inkludert hospiteringsordninga.

Rettleiing av nyutdanna lærarar

Universitet og høgskular kunne søke på midlar til mellom anna informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane, slik at fleire nyutdanna nytilsette lærarar fekk rettleiing. Same formål har også fått midlar over kap. 231, post 21. Sjå også omtale av midlar løyvde over kap. 226, post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar, som blei oppretta i 2019.

Hausten 2018 blei Kunnskapsdepartementet og organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning einige om eit sett av prinsipp og forpliktingar for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule. Dette er ein del av dei nasjonale rammene for rettleiinga av nyutdanna nytilsette lærarar. I 2019 blei det sett i verk ei evaluering av oppfølginga av dette. Evalueringa skal også sjå på målt utvikling når det gjeld omfang og kvalitet av rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Sluttrapporten er venta tidleg i 2021.

I 2019 utvikla Utdanningsdirektoratet ein rettleiar om kjenneteikn på gode lokale rettleiingsordningar og laga nye rammer for vidareutdanningstilbod i rettleiing som starta opp hausten 2020.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

I 2019 blei det brukt 498,2 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle lykkast i opplæringa og utdanninga.

Tabell 4.11 Oversikt over løyvingar til tiltak for å støtte målet om at alle lykkast

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2019

Digitaliseringsstrategien og Den teknologiske skulesekken

129,9

Fornying av innhaldet i skulen og læreplanforvaltning

81,8

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem

57,7

Oppfølgingsordninga, inkl. Rettleiarkorpset

43,6

Realfagsstrategien

41,2

Språk-, lese- og skrivestrategien, inkludert utvikling av skulebibliotek

32,8

Forsøk retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid

22,9

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa:

Lokal rekruttering av lærebedrifter

19,8

Yrkesfaglærar 2 (lektor 2-ordninga for yrkesfag)

12,8

Yrkesfagleg fordjuping

11,0

Forsking på fag- og yrkesopplæringa

5,0

Tiltak for minoritetar, inkludert fleksibel opplæring

13,8

Lektor 2-ordninga for realfag

12,0

Den virtuelle matematikkskulen

5,7

Samiske tiltak

4,2

Den naturlege skulesekken

4,0

Sum

498,2

Digitaliseringsstrategien, inkludert Den teknologiske skulesekken

Bruk av Feide er ein nøkkelfaktor for å vareta informasjonstryggleik og personvern i grunnopplæringa ved auka deling av data mellom digitale læremiddel og andre tenester i sektoren. Vidare har Feide bidrege til å forenkle og forbetre administrasjonen av pålogging og digitale tenester og gjort det mogleg å tilby nye typar tenester for utdanningssektoren. Nær alle kommunar hadde ved utgangen av 2019 oppgradert til Feide 2.0. Eit fåtal fylkeskommunar står att. Det blei nytta totalt 14 mill. kroner i 2019 til vidareutvikling av Feide.

I perioden 2016–19 blei det gjennomført eit pilotprosjekt med programmering som valfag i ungdomsskulen. I skuleåret 2019–20 blei forsøkslæreplanen vidareført i påvente av ny læreplan som del av fagfornyinga. Faget er eit permanent tilbod frå august 20. I løpet av forsøksperioden har 148 skular frå 55 kommunar og sju friskular delteke i forsøket med programmering som valfag. Av desse har 31 kommunar og tre friskular fått økonomisk støtte.

Innanfor Den teknologiske skulesekken blei mellom anna satsinga Programmering i skulen forsterka. Vitensentera fekk 10 mill. kroner i tilskot i 2019. Målet er å gi over 100 000 elevar på mellomtrinnet og lærarane deira kompetanseheving i programmering i perioden 2018–21. Det blei også løyvd 20 mill. kroner til innkjøp av utstyr til bruk i programmering i undervisninga. Dette var ei dobling frå 2018. 83 skuleeigarar, som også kunne dokumentere satsing på kompetanseutvikling i programmering, fekk eit slikt tilskot.

I 2019 blei det gjennom Den teknologiske skulesekken tildelt om lag 64 mill. kroner til innkjøp av digitale læremiddel. Ordninga skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til innkjøp av digitale læremiddel. Tilskotsordninga varer frå 2019 til 2022. Tilskot blei utbetalt til 234 kommunar/fylkeskommunar etter søknad.

Fagfornyinga

I 2019 blei det brukt 49 mill. kroner til arbeidet med fagfornyinga. Midlane blei nytta til førebuinga av innføring av læreplanar, mellom anna den digitale læreplanvisninga og kompetansepakkar for å støtte forståing og bruk av læreplanverket. Det blei også tildelt midlar til fylkesmannens aktivitetar for å støtte førebuinga av fagfornyinga. I tillegg gjekk det midlar til utvikling av nye læreplanar for yrkesfag og studieførebuande programfag i vidaregåande opplæring.

Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnopplæringa

Kvalitetsvurderingssystemet består av eit kunnskapsgrunnlag basert på statistikk og undersøkingar som skulane har tilgang til, og digitale verktøy, rutinar og andre tiltak som skulane kan ta i bruk for å gjere sin eigen praksis betre.

Utdanningsdirektoratet har i 2019 sett i gang større evalueringar av lærarnorma, fagfornyinga og ny kompetansemodell.

Stortinget har bedt om ein gjennomgang av kvalitetsvurderingssystemet sett opp mot fagfornyinga, jf. omtale i del I, kap. 3, av oppmodingsvedtak nr. 886, stortingssesjonen 2017–2018. Dette vil bli følgt opp i samarbeid med referansegruppa for fagfornyinga, der organisasjonane i skulen er representerte.

Oppfølgingsordninga og rettleiarkorps

Oppfølgingsordninga blei etablert med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Målet med ordninga er å gi støtte og rettleiing til kommunar som er under den nedre grensa for kvalitet på sentrale områder av opplæringa. Til saman 68 kommunar var i 2019 omfatta av ordninga. Rettleiarkorpset er eit sentralt verkemiddel innanfor oppfølgingsordninga og blir nytta i 32 av kommunane. Dei resterande kommunane møter utfordringane med nye eller allereie pågåande tiltak. Frå 2020 har 39 nye kommunar blitt identifiserte. Tiltaksperioden er for desse kommunane utvida frå to til tre år. Fylkesmannen følger opp alle kommunane som er med i ordninga.

Oppfølging av realfagsstrategien

Målet med Tett på realfag – nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæringen (2015–2019) er at barn og unge skal bli betre i realfag. I 2019 blei det brukt om lag 41,2 mill. kroner til tiltaket over denne posten. Sjå også omtale under kap. 231, post 21.

Realfagskommunar er eit hovudtiltak i strategien. I 2019 var 49 kommunar med som realfagskommunar og har fått fagleg og økonomisk støtte for å drifte lokale nettverk i barnehage og skule. Dei utarbeider den lokale realfagsstrategien sin med utgangspunkt i lokale og nasjonale mål og utfordringar knytte til realfagsstrategien.

Realfagsløyper.no er eit anna hovudtiltak i strategien og eit verktøy for lokalt arbeid med didaktisk kompetanseutvikling i realfag i barnehagar og skular. I løpet av 2019 kom dei siste kompetansepakkane for barnehagar og skular, og realfagsløyper.no er ferdigutvikla.

I 2019 blei det avgjort at talentsenter for elevar med høgt læringspotensial i matematikk, naturfag og teknologi blir ei permanent ordning. Realfagsstrategien blir evaluert av NIFU, og delrapport 2, som kom i mars 2019, viser mellom anna at talentsentera fungerer særs godt.

Oppfølging av språkstrategien

Målet med Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019) er at barn og elevar skal få betre ferdigheiter i språk, lesing og skriving. Den nasjonale strategien omfatta òg barnehage, med midlar frå kap. 231, post 21. I 2019 blei det nytta til saman 32,8 mill. kroner på strategien over kap. 226, post 21:

  • 15,3 mill. til tiltaka språkkommunar, nettbaserte kompetanseutviklingspakkar og samlingar.

  • 14 mill. kroner i tilskot til kommunar som vil utvikle skulebiblioteka for å stimulere til betre lesing, og sette i gang ei evaluering av tilskotsordninga.

  • 3,5 mill. kroner i tilskot til private og frivillige organisasjonar for å tilby lesestimuleringstiltak i skulen.

I tillegg blei det nytta 11 mill. kroner over kap. 231, post 21. NIFU evaluerer den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving.

Oppfølging av ungdom utanfor opplæring og arbeid

Målet med dette tilskotet til utvalde fylkeskommunar har vore å utarbeide fleksible løysingar for ungdom som står utanfor opplæring og arbeid, gjennom tiltak som kombinerer opplæring og arbeidstrening. Tiltaka har vore samarbeidsprosjekt med andre aktørar, til dømes kommunar, og dei skulle føre fram til kompetansegivande løp. 2019 var det siste året for ordninga. Prosjekta blir evaluerte, og Utdanningsdirektoratet skal rapportere til departementet innan utgangen av 2020.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

I tråd med samfunnskontrakten for flere læreplasser (2016–2020) blei det i 2019 gitt tilskot til fylkeskommunane for å styrke arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter lokalt gjennom oppsøkande arbeid. Det blei òg utbetalt midlar til fylkeskommunane for å styrke samarbeidet mellom skular og bedrifter om faget yrkesfagleg fordjuping. Nokre av tiltaka er utsette til hausten 2020.

Yrkesfaglærar 2 (tidlegare lektor 2-ordninga for yrkesfag) skal bidra til å gjere opplæringa meir relevant for elevane ved å styrke samarbeidet mellom skular og arbeidsliv. Det blei òg brukt 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet.

Fleksibel opplæring

Gjennom utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring fekk 300 minoritetsspråklege elevar tilbod om tospråkleg fagopplæring i matematikk og naturfag på 8. og 9. trinn på arabisk, somali og tigrinja. Tilbodet blei levert av NAFO ved OsloMet i perioden 2017–20. I tillegg til ungdomsskuleelevar har også elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og vaksenopplæringa delteke. Det blei nytta 7,2 mill. kroner til Fleksibel opplæring i 2019.

Lektor 2 for realfag

Lektor 2 for realfag skal bidra til at skular og næringsliv knyter tettare band, og at næringslivets kompetanse kan nyttast i opplæringa. Lektor 2 for realfag skal òg bidra til auka relevans i opplæringa og auka rekruttering til realfaga. Skuleåret 2019–20 deltok 195 skular, der 48 deltok for første gong. 108 av deltakarane er ungdomsskular og 87 er vidaregåande skular.

Den virtuelle matematikkskulen

Frå 2011 til og med 2019 har Utdanningsdirektoratet gjennomført pilotprosjektet Den virtuelle matematikkskulen med ulike tilbod for fjernundervisning i matematikk. For skuleåret 2019–20 var det om lag 300 elevar på ungdomstrinnet som følgde teoretisk matematikk 1T frå vidaregåande trinn. Tilbodet blei levert av Nettskolen i Nordland og Nettskolen i Vestfold.

Samisk fjernundervisning

Det blei nytta 1,8 mill. kroner til fjernundervisning i sørsamisk, 1,1 mill. kroner til fjernundervisning i lulesamisk og 1,3 mill. kroner til fjernundervisning i nordsamisk.

Den naturlege skulesekken

Den naturlege skulesekken skal bidra til at skular får auka kompetanse i å undervise for berekraftig utvikling. Skular som deltek, får eit økonomisk tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å utvikle og teste undervisningsopplegg for berekraftig utvikling.

Andre tiltak

I 2019 blei det brukt 83,2 mill. kroner til andre tiltak som støttar opp under målet for posten, jf. tabell 4.12.

Tabell 4.12 Andre tiltak

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2019

Forsking

39,8

Andre kvalitetsutviklingstiltak

8,0

Internasjonalt arbeid

2,2

Ny tilbodsstruktur i fagopplæringa

1,9

Skolekassa.no

1,5

Prøveutvikling (Udir og Kompetanse Noreg)

1,5

Oppdatering og drift av svømmedyktig.no

1,0

Fagleg råd for lærarutdanningane

0,7

Diverse (forvaltning av ulike utval m.m.)

26,6

Sum

83,2

Forsking

33,1 mill. kroner blei tildelt Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet FINNUT, 4 mill. kroner blei tildelt doktorgradsstipend til forsking om antisemittisme og gruppebaserte fordommar, og 2,7 mill. kroner blei tildelt Folkehelseinstituttet som delfinansiering for Mor, far og barn-undersøkinga.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 1 572 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 1 mill. kroner til Espeland fangeleir blir flytta frå kap. 258, post 21 fordi forvaltninga av tilskotet blir overført til Utdanningsdirektoratet frå Kompetanse Noreg.

  • 3,5 mill. kroner blir flytte til kap. 258, post 21. Midlane går til tiltak for yrkesfag, inkludert Finn lærebedrift, og blir tildelt Kompetanse Noreg.

  • 25 mill. kroner til kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis blir flytta frå kap. 230, post 01.

Nedanfor følger omtale av dei viktigaste prioriteringane innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 35 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Departementet foreslår å løyve

  • 35 mill. kroner til handhevingsordninga for mobbesaker

  • 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar

  • 12,5 mill. kroner til Dembra, jf. meir omtale i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

  • 10 mill. kroner til ordninga med fylkesvise eller regionale mobbeombod og fagleg oppfølging av omboda. Departementet vil delfinansiere ordninga ut 2021 og vurdere den vidare finansieringa og innretninga i lys av evalueringa av ordninga, sjå nærare omtale i kategoriinnleiinga

  • 5 mill. kroner til eit nasjonalt læringstilbod om 22. juli. Det europeiske Wergelandsenteret er mottakar av tilskotet.

  • 0,5 mill. kroner til støttegruppa etter 22. juli

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Tiltak for å redusere tapt progresjon i skulen for sårbare elevar

I samband med behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) løyvde Stortinget midlar til tiltak for å redusere tapt progresjon i skulen for sårbare elevar i samband med covid-19-utbrotet. For nokre elevar kan nedstenginga ha langvarige konsekvensar. Det kan også vere nødvendig med forsterka tiltak ved nye periodar med nedstenging eller forsterka smitteverntiltak. Departementet foreslår derfor at løyvinga blir vidareført med 170 mill. kroner i 2021.

Oppfølginga av Tett på-meldinga

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Departementet foreslår å løyve 50 mill. kroner i 2021 for eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage, skule, PPT og eventuelt andre tenester.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 12,6 mill. kroner til strategiplan og talentsenter for realfag

  • 10 mill. kroner til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Alle elevar som ikkje kan symje eller har hatt moglegheit til å delta i symjeundervisninga, kan omfattast av ordninga

  • 10 mill. kroner til områdesatsinga i Groruddalen og 0,5 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo sør. For samla omtale av midlar over Kunnskapsdepartementets budsjett til dei statlege områdesatsingane, sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Departementet foreslår for 2021 å bruke om lag 260 mill. kroner til den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Det er 30 mill. kroner meir enn i 2020. Ordninga gjeld både kommunar og fylkeskommunar. Nye retningslinjer for ordninga blir fastsette av departementet hausten 2020 etter omfattande høyring i sektoren.

Karrierevegar for lærarar

Departementet foreslår å bruke til saman 229 mill. kroner i 2021 til satsinga på karrierevegar for lærarar som ønsker profesjonell utvikling. Av desse midlane skal 213 mill. kroner gå over kap. 226, post 21 og 16 mill. kroner over kap. 226, post 22. Løyvinga gir rom for å auke talet på lærarspesialistar frå 1 500 i 2020 til 2 300 hausten 2021.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 100 mill. kroner til å gjennomføre kompetanseutvikling innanfor strategien Yrkesfaglærarløftet. Det er ein auke på 10 mill. kroner.

  • 9 mill. kroner til å vidareføre lektor-2-ordninga for realfag

  • 7 mill. kroner til stimuleringsmidlar til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule som universitet og høgskular kan søke på

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

Fagfornyinga i grunnopplæringa

Departementet foreslår ei løyving på 100 mill. kroner til læremiddel i kommunane. Vidare foreslår departementet å løyve 15 mill. kroner til læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling. Departementet foreslår også at 15 mill. kroner blir tildelt Sametinget, og at desse midlane kjem i tillegg til andre midlar Sametinget nyttar til læremiddel, under dette omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk. Vidare vil Utdanningsdirektoratet følge opp implementeringa av fagfornyinga med midlar til læreplanforvaltning og vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering.

Den teknologiske skulesekken

Departementet foreslår å løyve til saman om lag 95 mill. kroner i 2021 til satsinga Den teknologiske skulesekken. Dette inkluderer 50 mill. kroner til ei tilskotsordning for innkjøp av digitale læremiddel. Målet med tilskotsordninga er å gi elevar og lærarar betre tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet til fagfornyinga, og det må sjåast i samanheng med satsinga på læremiddel til fagfornyinga og tilskotet til omsetjing, tilpassing og utvikling av digitale læremiddel på samisk. I tillegg vil arbeidet med Feide i grunnopplæringa halde fram i 2021. Tilskotet til vitensentera til programmering i grunnopplæringa blir ført vidare med 10 mill. kroner. Tilskot til utstyr til skuleeigarar som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving innanfor programmering, vil òg bli ført vidare med opptil 15 mill. kroner.

Nettbasert opplæring

Departementet foreslår å løyve til saman 14 mill. kroner til satsinga på nettbasert opplæring og Fleksibel opplæring. Utdanningsdirektoratet har oppretta Digilær.no, ei permanent plattform for nettbasert undervisning som fellesløysing for sektoren. Gjennom plattforma skal elevar på ungdomstrinnet som ønsker større utfordringar i matematikk, kunne nytte det nettbaserte tilbodet Forsering matematikk 1T (tidlegare Den virtuelle matematikkskulen). Plattforma skal også nyttast til ordninga Fleksibel opplæring. Etter evalueringa av utviklingsprosjektet Fleksibel opplæring i 2019 vidarefører regjeringa tilbodet som ei permanent ordning frå hausten 2020.

Tiltak i kommunar for betre overgang til digital undervisning

Våren 2020 løyvde Stortinget 80 mill. kroner til tiltak i kommunar, fylkeskommunar og friskular som har utfordringar med overgangen til digital undervisning i samband med covid-19-pandemien. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga i 2021. Midlane skal nyttast både til å handtere behov ved nye periodar med stenging eller redusert skuletilbod og til å vidareføre arbeidet med å utjamne forskjellar mellom kommunar når det gjeld digital undervisning. Dette vil vere ulike former for støtte til kommunar og friskular, og kan inkludere midlar til digital infrastruktur, fellesløysingar og kompetansetiltak. I einskilde kommunar og fylkeskommunar er også forskjellar i levekår ei utfordring for god heimeundervisning. Midlane vil i 2021 òg støtte opp om mål i digitaliseringsstrategien og innføringa av fagfornyinga.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

Departementet vil i 2021 nytte 25 mill. kroner til eit forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr på yrkesfag. Målet er å få betre kunnskap om kva for modellar for finansiering av utstyr som fører til finansiering frå fylkeskommunane. Forsøket blei starta i 2020 og har ei totalramme på 50 mill. kroner. Av dette skal 5 mill. kroner nyttast til forsking i samband med forsøket.

I tillegg foreslår departementet å vidareføre 10 mill. kroner til Yrkesfaglærar 2-ordninga og 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet.

Departementet vil setje av midlar til å utvikle eit nasjonalt lærlingtorg. Det vidare arbeidet med torget er avhengig av ei utgreiing som Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gjere.

Forsking og evaluering og internasjonale undersøkingar

Departementet vil setje av midlar på posten til arbeidet med å utvikle Skuleporten, brukarundersøkingar, statistikk og indikatorar og deltaking i internasjonale undersøkingar. Det vil òg bli sett av midlar til forsking og evaluering i grunnopplæringa, inkludert kartleggingar, evalueringar og forskingsbaserte analysar av statlege tiltak som er under utprøving eller har starta opp.

Våren 2020 blei det løyvd store beløp til tilskot for å auke fullføringa av vidaregåande opplæring, jf. omtale i del III, Konsekvensar av covid-19-pandemien. Tiltaka skal motverke konsekvensane av utbrotet av covid-19. Det er starta eit forskingsprosjektet som skal vurdere effektane av desse tiltaka. Departementet vil setje av midlar til dette forskingsprosjektet i 2021.

Departementet foreslår å løyve 1 mill. kroner til eit samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ei «regulatorisk sandkasse» for kunstig intelligens og personvern, dette er ei ordning for utprøving av nye idear før fastsetjing av regelverk, til dømes når det gjeld samanhengande digitale tenester. Midlane kan mellom anna fremje prosjekt om læringsanalyse og adaptive læremiddel.

Andre tiltak

Departementet foreslår vidare å løyve

  • 43 mill. kroner til oppfølgingsordninga, inkludert rettleiarkorpset for kommunar som hamnar under ei nedre grense for kvalitet i skulen. Kommunane skal få tilbod om støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane. Tiltaket blir ført vidare i 2021 på om lag same nivå som i 2020.

  • 14,5 mill. kroner til tiltak for lesestimulering og folke- og skulebibliotek.

  • 10 mill. kroner til den fylkeskommunale oppfølgingstenesta for ungdom utanfor opplæring og arbeid. Tilskotet blei i 2020 utbetalt til oppfølgingstenesta som ein del av Utdanningsløftet 2020.

  • 2,5 mill. kroner til prosjektet Venneslabroa, som er eit prosjekt der Vennesla videregående skole utviklar nye tiltak for å få ungdom gjennom skuleløpet.

  • 1 mill. kroner til Eidsvoll 1814 og demokratinettstaden Min Stemme. Løyvinga må sjåast i samanheng med fagfornyinga.

  • 1 mill. kroner til Espeland fangeleir.

  • 1 mill. kroner i tilskot til stiftinga Gestapomuseet i Bergen. Tilskotet skal legge til rette for skulebesøk og koordinering av kontakt med skular.

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Løyvinga finansierer regjeringa si satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025. I strategiperioden er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga for lærarar. Dette er i samsvar med krava til formell kompetanse for å undervise i desse faga.

Løyvinga finansierer også rektorutdanning, modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar, vidareutdanning for rettleiing av nyutdanna lærarar og lærarspesialistutdanningane. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for 2-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og 3-årig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen.

Mål for 2021

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Resultat i 2019

Vidareutdanning for lærarar

I 2019 blei det brukt over 1,4 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. I skuleåret 2019–20 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til 6 842 lærarar. Ei evaluering viser at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at elevane deira lærer meir, og at dei sjølve har blitt meir engasjerte og betre til å undervise.

Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar

Rundt 74 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. I 2019 begynte om lag 450 på rektorutdanninga og om lag 440 på den modulbaserte vidareutdanninga for skuleleiarar. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga har høg kvalitet, og at dei blir meir bevisste på sin eigen leiarpraksis og dermed tryggare leiarar.

Stipendordning for tilsette som manglar lærarutdanning, og til rekruttering av personar utanfor skulen

84,8 mill. kroner gjekk til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell i 2019. Det blei utbetalt 671 nye stipend til personar for studiar på PPU, PPU-Y og YFL. Av desse gjekk 112 stipend til å rekruttere personar utanfor skulen. Det blei også utbetalt den andre halvparten av stipenda til deltakarane frå stipendordninga i 2016 og 2017 etter fullførte studium.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 1 601 mill. kroner på posten. Løyvinga gir mellom anna rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 300 lærarar hausten 2021 innanfor ordninga med Kompetanse for kvalitet. Departementet forventar at kapasiteten vil vere god nok til å gi tilbod til alle som ønsker vidareutdanning i matematikk, norsk, engelsk, norsk teiknspråk og samisk.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å finansiere studieplassar i vidareutdanning i rettleiing av nyutdanna lærarar. Dette er ein del av dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. I løyvingsforslaget er det derfor teke omsyn til heilårseffekten av studieplassar i rettleiarutdanning for dei som skal rettleie nyutdanna lærarar. For nærare omtale, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 260, post 50.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 237 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal finansiere innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Satsinga held på i treårsperioden 2019–21.

Mål for 2021

Målet med løyvinga er å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Tenesta skal vareta nye krav til universell utforming. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Dette vil mellom anna gjelde kartleggingsprøvar på 1.–3. trinn.

Resultat i 2019

Hovudprosjektet for å kjøpe inn og ta i bruk eit nytt digitalt system blei starta opp i 2019. Kontrakt med leverandør blei underteikna og arbeidet med å setje opp og ta i bruk løysinga blei sett i gang. Prosjektet er i rute, men med nokre faseforskyvingar på grunn av endringar i prøvar og eksamenar etter fagfornyinga.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 35,8 mill. kroner på posten. 2021 er siste året for satsinga, og løyvinga blir derfor trappa ned i 2021.

Digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar vil gi ei årleg nettoinnsparing for kommunar og fylkeskommunar. Det blir derfor trekt ut 7,4 og 0,8 mill. kroner i 2021 frå høvesvis rammetilskot til kommunane over kap. 571, post 60 og rammetilskot til fylkeskommunane over kap. 572, post 60.

Post 60 Forsking på tiltak for å betre kvaliteten i barnehagen og grunnopplæringa

Løyvinga blei for 2020 flytta til kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Til og med 2018 var namnet på posten Tilskot til forsking på tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Målet var å få meir forskingsbasert kunnskap om kva for tiltak som bidreg til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Tilskotet finansierte forsking som inngjekk i satsinga Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring for fireårsperioden 2016–19.

Frå 2019 blei namnet på budsjettposten endra og tilskotet skulle i tillegg finansiere forskingsprosjekt som måler effekten av tiltak for auka kvalitet i barnehage og skule. Forskingsrådet fekk i oppdrag å lyse ut desse midlane.

Forskinga som blei finansiert av løyvinga, inngår i innovasjonsordninga, jf. omtale av denne i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen.

Desse forskingsinstitusjonane og fylkeskommunane inngjekk i forskingsprosjekta i Program for bedre gjennomføring av videregående opplæring:

  • Senter for økonomisk forskning (SØF) i samarbeid med fylkeskommunane Nordland, Rogaland, Trøndelag og Vest-Agder

  • Statistisk sentralbyrå i samarbeid med Oslo kommune

  • Universitetet i Bergen i samarbeid med Voksne for Barn og fylkeskommunane Hordaland, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane

  • OsloMet – storbyuniversitetet i samarbeid med fylkeskommunane Hedmark, Oppland, Trøndelag, Aust-Agder og Akershus

Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna lærarar

Målgruppa for tilskotet er nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kommunar og friskular som gir rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnadar til rettleiinga. Tilskotet skal også dekke evalueringa som Rambøll gjennomfører om rettleiinga av nyutdanna nytilsette lærarar, inkludert bruken av tilskotet.

Mål for 2021

Målet med løyvinga er både å bidra til at skuleeigarane varetek ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt, og å styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna nytilsette læraren. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei dermed blir verande i skulen.

Resultat i 2019

I 2019 blei det innvilga 226 søknader som omfatta til saman 2 137 nyutdanna nytilsette lærarar. 182 kommunar fekk tilskot for 2 051 lærarar, medan 44 friskular fekk tilskot for 86 lærarar. Satsen per lærar blei om lag 28 000 kroner.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 61,9 mill. kroner på posten i 2021.

Post 63 Forsking på effektane av auka lærartettleik

Namnet på posten var for budsjettåret 2019 «Tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats på 1.–10. trinn». Frå 2020 blei namnet endra til «Forsking på effektane av auka lærartettleik», fordi det i 2020 berre var midlar til forsking, ikkje til auka lærartettleik.

Skuleåret 2019–20 var det siste året som blei omfatta av forskingsprosjektet LÆREEFFEKT, og tilskotet blir derfor ikkje vidareført i 2021. Forskingsprosjektet LÆREEFFEKT har omfatta 228 offentlege skular i 62 kommunar. Prosjektet starta opp hausten 2016. Prosjektet blir administrert av Forskingsrådet og gjennomført av Universitetet i Stavanger og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Målet med prosjektet er å utvikle kunnskap om effektane av ulike ordningar med fleire lærarar i småskulen. Resultata frå prosjektet vil komme i 2021.

Resultat i 2019

Det blei nytta 1,8 mrd. kroner på posten i 2019. Om lag 12 mill. kroner blei nytta til å finansiere forskingsprosjektet LÆREEFFEKT. Resten av midlane på posten blei nytta til å finansiere lærarårsverk i kommunane, også på skulane som deltok i forskingsprosjektet. For nærare omtale av auka lærartettleik, sjå kapittel 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Posten blei oppretta i 2020 og skal finansiere ein treårig pilot for perioden 2020–22, jf. omtale av 0–24-samarbeidet i kategoriinnleiinga for 07.20 Grunnopplæringa. Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet bidrog med midlar som blei rammeoverførte til posten i 2020.

Mål for 2021

Målet med piloten er å prøve ut om programfinansiering er eit effektivt verkemiddel for å gi betre samordna tenester til utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familiane deira. Programfinansieringa går ut på å slå saman delar av eksisterande tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge i ein pott som kommunane kan søke om midlar frå. På denne måten kan midlane bli betre tilpassa lokale behov.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 40,5 mill. kroner på posten.

Post 71 Tilskot til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentra er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa og bidreg til å følge opp nasjonale strategiar. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Hausten 2020 er det tolv vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret Innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand

  • Vitenparken Campus Ås

  • Atlanterhavsparken – Ålesund

  • Vitensenter Nordland – Mo i Rana

Mål for 2021

Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Resultat i 2019

I 2019 fekk tolv regionale vitensenter midlar frå denne posten. I 2019 var det samla talet på besøkande 921 000. Dette er 86 000 fleire enn året før. Vitensentera leverte i 2019 undervisning til 228 000 elevar og lærarar. Dette er 23 000 fleire enn året før. Tala omfattar ikkje Atlanterhavsparken og Vitensenter Nordland, som fekk midlar på posten for første gong hausten 2019. Ifølge lærarane er vitensentera eit viktig supplement til undervisninga i realfag.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 85,4 mill. kroner på posten.

Kap. 227 Tilskot til særskilde skular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

63

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

40 181

41 467

42 752

78

Tilskot

166 244

177 354

186 434

Sum kap. 0227

206 425

218 821

229 186

Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til aktørar som ikkje er offentlege.

Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2021

Målet med løyvinga er å støtte offentlege skular som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Murmanskskolen

Tilskotet går til Troms fylkeskommune og skal nyttast til drift av norskrussisk vidaregåande skule i Murmansk (Murmanskskolen). Skulen gir tilbod om tilpassa studieførebuande Vg3 til norske elevar.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og døve med tilleggsfunksjonshemmingar i Sandefjord kommune. Kommunen er etter opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke meirutgifter Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskulen finansierer drifta ved statstilskot, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskule.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane har heile landet som opptaksområde.

Resultat i 2019

Tilskot til Murmanskskolen

Hausten 2019 var det ti elevar frå Noreg som starta på Vg3 ved Murmanskskolen. Dette er like mange som året før. Sju elevar fullførte skuleåret.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskotet kommunen fekk i 2019, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå stiftelsen Signo. Totalt 28 elevar fekk opplæring i 2019.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2019 var det 867 deltakarar. Dette er ein nedgang samanlikna med året før, då 873 personar fekk eit opphald ved skulen.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Sameskulen i Snåsa hadde 18 elevar hausten 2019. Det er like mange som året før. I tillegg fekk seks elevar ved Snåsa ungdomsskule undervisning ved sameskulen. Ti elevar fekk fjernundervisning, mot sju året før. Sameskulen i Målselv hadde 25 elevar hausten 2019, mot 19 elevar året før. I tillegg fekk 13 elevar fjernundervisning. Det er seks fleire enn året før.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 42,8 mill. kroner på posten. Tabell 4.13 viser forslag til fordeling av tilskotet.

Tabell 4.13 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2021

Murmanskskolen

2 585

Vaksenopplæring i Sandefjord kommune

5 874

Fjellheimen leirskule

6 998

Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

27 295

Sum

42 752

Post 78 Tilskot

Mål for 2021

Målet med løyvinga er å støtte private verksemder som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som forpliktar Noreg til å gi eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. På skulen går det elevar frå Frankrike og Noreg i tillegg til elevar frå mange andre land. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjend etter friskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod som er godkjent for 220 elevar, og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Krokeide videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 18 UWC-skular i 18 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Sogn og Fjordane (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og døve elevar med tilleggsfunksjonshemmingar, medan målgruppa til Briskeby videregående skole er høyrselshemma elevar. Tilskotet skal bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende som frittståande skular frå skuleåret 2012–2013. Tilskotet skal òg bidra til å dekke heimreisekostnader for elevane ved skulane og drift av internatet ved Signo grunn- og videregående skole.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Viken og Innlandet. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskotet skal medverke til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skulen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Tilskot til internatdrifta ved Feiring videregående skole

Feiring videregående skole AS er godkjend etter friskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod som er godkjent for 192 elevar. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Feiring videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Resultat i 2019

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

I skuleåret 2019–20 hadde Den franske skolen i Oslo 268 elevar på barnetrinnet, 180 elevar på ungdomstrinnet og 81 elevar i vidaregåande opplæring. Totalt hadde skulen 529 elevar, mot 486 elevar i skuleåret 2018–19.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide vidaregåande skole

I 2019 var det 106 elevar på internatet om våren og 99 elevar om hausten. I 2018 var det til samanlikning 104 elevar om våren og 113 elevar om hausten ved internatet. Skulen er godkjend for 220 elevar og har plass til 115 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor god.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

I skuleåret 2019–20 hadde RKNUWC 200 elevar frå 86 land. 68 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom kva regionar elevane kjem frå, har vore relativt stabile i dei siste åra.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Signo fekk i 2019 tilskot for tolv elevar på grunnskulenivå og 19 heiltidselevar på vidaregåande nivå om våren. Om hausten var det elleve elevar på grunnskulenivå og 18 heiltidselevar på vidaregåande. Tilskotet til Briskeby blei utbetalt for 36 heiltids- og 13 deltidselevar på vidaregåande nivå våren 2019 og 37 heiltids- og 14 deltidselevar på vidaregåande nivå om hausten. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste skuleåra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skulane er godkjende for.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Fossumkollektivet hadde i 2019 77 elevar ved skuleavdelingane i Viken og 27 elevar ved dei to avdelingane i Innlandet. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Innlandet, har 89 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 91 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Hausten 2019 var det 20 elevar på barnetrinnet, ni elevar på ungdomstrinnet og elleve elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 186,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 8,7 mill. kroner til heilårseffekten av internattilskotet til Feiring videregående skole. Tabell 4.14 viser forslag til fordelinga av tilskotet.

Tabell 4.14 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2021

Den franske skolen i Oslo

32 606

Internatdrifta ved Krokeide videregående skole

29 187

Røde Kors Nordisk United World College

39 981

Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

49 666

Opplæring i rusinstitusjonar

12 238

Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

5 356

Internatdrifta ved Feiring videregående skole

17 400

Sum

186 434

Kap. 228 Tilskot til frittståande skular o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Frittståande grunnskular, overslagsløyving

2 771 821

2 875 033

3 154 601

71

Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving

1 635 623

1 678 612

1 718 569

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

156 480

169 916

161 878

73

Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving

113 394

124 389

128 845

74

Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

20 397

23 235

22 133

75

Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

338 772

347 299

365 466

76

Andre frittståande skular, overslagsløyving

42 571

41 071

42 046

77

Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

27 636

28 288

30 104

78

Kompletterande undervisning

24 595

24 004

24 772

79

Toppidrett

47 533

48 808

56 903

81

Elevutveksling til utlandet

2 056

2 122

2 190

82

Kapital- og husleigetilskot til friskular

64 158

66 218

83 337

84

Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga

3 000

Sum kap. 0228

5 245 036

5 428 995

5 793 844

Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskulelova) skal medverke til at det kan bli oppretta og drive frittståande skular i Noreg, slik at foreldre og elevar kan velje andre skular enn dei offentlege, jf. menneskerettslova § 2 nr. 2.

Løyvingane over kap. 228 går til tilskot til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova. Tilskotet oppfyller dei finansielle pliktene staten har overfor frittståande skular som er godkjende etter lova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. friskulelova § 6-4, Den tysk–norske skolen i Oslo, toppidrett og elevutveksling i utlandet.

Satsane for tilskot til dei fleste frittståande skulane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen, jf. friskulelova kap. 6.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan bli oppretta og drifta friskular etter friskulelova.

Resultat i 2019

Tabell 4.15 viser endringar i talet på elevar og frittståande skular som fekk tilskot over post 70–76, frå skuleåret 2017–18 til skuleåret 2019–20. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule gjeld gjennomsnittet av talet på elevar frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.15 Friskular, tal på skular og elevar

Post

Skular

Elevar

Skuletype

2017–18

2018–19

2019-20

2017–18

2018–19

2019–20

70

Grunnskular

228

237

249

21 616

23 270

24 993

71

Vidaregåande skular

79

79

81

13 807

13 628

13 680

72

Frittståande skular godkjende etter kap. 4 i vaksenopplæringslova

29

30

29

1 373

1 383

1 265

73

Grunnskular i utlandet

9

9

9

748

741

765

74

Vidaregåande skular i utlandet

3

3

3

131

153

138

75

Skular for funksjonshemma elevar

16

16

15

819

857

869

76

Andre frittståande skular

2

2

1

178

178

119

Sum

366

376

387

38 672

40 210

41 829

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2019 gjekk 3,9 pst. av grunnskuleelevane i frittståande skular, mot 3,7 pst. året før. Hausten 2019 gjekk 7,3 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i frittståande skular mot 7,2 pst. i 2018. I dei siste ti åra har det vore ein liten auke i prosentdelen elevar i frittståande grunnskular og i frittståande vidaregåande skular. I skuleåret 2009–10 gjekk 2,4 pst. av elevane i grunnskulen i friskular og 6,4 pst. av elevane i vidaregåande opplæring.

Post 70 Frittståande grunnskular, overslagsløyving

Frittståande grunnskular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.

I 2019 blei det løyvd 15 mill. kroner i tilskot til å gjennomføre lærarnorma, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Tilskotet blir fordelt til dei skulane som per 1. oktober 2018 mangla meir enn 0,2 lærarårsverk for å oppfylle same lærartettleik som norma i offentleg skule. Det gjeld 22 skular. Rapporteringa frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) per 1. oktober 2018 dannar grunnlaget for å berekne og utbetale tilskot. Tilskotet blir gitt med ein sats per ekstra lærarårsverk, og det blir fasa ut når ressursane kommunane har til fleire lærarar for å oppfylle lærarnorma, inngår i tilskotsgrunnlaget til friskulane.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 3,2 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 279,6 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Det følger av friskulelova at statstilskotet til frittståande grunnskular skal ta omsyn til storleiken til skulane. Satsane i tilskotsmodellen blir berekna basert på gjennomsnittleg elevtal og gjennomsnittleg skulekostnad per kommune. Det blir stadig færre kommunar med lågt gjennomsnittleg elevtal. Berekningsmodellen gir derfor ikkje lenger eit eintydig svar på kva satsane bør vere, eller kva som bør reknast som ein stor og ein liten skule. Departementet vil starte eit arbeid med å greie ut ein ny tilskotsmodell. I statsbudsjettet for 2021 er det lagt til grunn dei same satsane som i 2020, prisjustert til 2021-prisar.

Departementet foreslår å vidareføre 15 mill. kroner til å gjennomføre lærarnorma i friskulane innanfor løyvinga.

Post 71 Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving

Vidaregåande skular som er godkjende etter friskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til frittståande vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen to år tidlegare. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram. For dei nye utdanningsprogramma som kom med ny tilbodsstruktur hausten 2020, vil departementet inntil vidare vidareføre satsane frå dei tilsvarande utdanningsprogramma i den gamle tilbodsstrukturen. Desse satsane blir frosne og prisjusterte inntil ein har grunnlag for å berekne nye satsar. Posten omfattar òg eit særskilt årleg tilskot til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 1,7 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 40 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2021 blir føresegnene i kapittel 4 i vaksenopplæringslova om diverse skular flytta frå vaksenopplæringslova til kapittel 6A i friskulelova, jf. lov av 19. juni 2020 nr. 91. Satsane for tilskot til skular som er godkjende etter kap. 6A i friskulelova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for frittståande vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 6A i friskulelova, får 75 pst. av tilskotssatsane.

Oxford Research har gjennomgått tilskotsordninga i 2020 på oppdrag av Kunnskapsdepartementet, som no vil vurdere korleis tilrådingane bør følgast opp.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 161,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 73 Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske frittståande grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 128,8 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 4,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 74 Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som frittståande vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare sidan desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 22,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 1,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 75 Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Grunn- og vidaregåande skular for funksjonshemma elevar får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet gav i 2019 Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomgå tilskotsordninga for å få meir kunnskap om elevgrunnlaget ved skulane, kva for opplæring som blir gitt, og kva slags meirverdi skulane har. Oxford Research har gjennomgått ordninga og leverte sin rapport i mai 2020. Departementet vil vurdere tilrådingane i rapporten og kome tilbake til korleis han vil bli følgd opp.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 365,5 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 18,2 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 76 Andre frittståande skular, overslagsløyving

Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann). Skulen får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulen får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulen eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 42 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 1 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 77 Den tysk–norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk–norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til frittståande skular som er godkjende etter friskulelova, men med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen.

Mål for 2021

Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Resultat i 2019

Hausten 2019 var det til saman 326 elevar ved Den tysk–norske skolen i Oslo, der 287 elevar gjekk i grunnskolen og 39 elevar i vidaregåande skule. Dette er ein auke på 19 elevar samanlikna med hausten 2018.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 30,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår eit særskilt tilskot på 9,2 mill. kroner. Samla foreslår departementet ein auke på 1,8 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2020 som følge av oppdaterte elevtal og nye satsar.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2021

Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Resultat i 2019

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2019 var dette elevtaket på 1 600 elevar. I 2019 gav nettskulane kompletterande undervisning til i alt 1 583 elevar. Dette er om lag same nivå som i 2018.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 24,8 mill. kroner på posten. Elevtaket skal fordelast mellom nettskulane etter same forhold som i 2019.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter friskulelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Ordninga omfattar desse skulane: Haugesund Toppidrettsgymnas, Norges Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, Geilo, Kongsvinger, Lillehammer og Tromsø, Telemark Toppidrett gymnas, Wang i Fredrikstad, Oslo, Stavanger og Tønsberg. Departementet foreslår at NTG Bodø og Wang Hamar blir ein del av ordninga frå 2021.

Det blir gitt eit fast tilskot til kvar av desse skulane. Det er ein føresetnad at skulane har elevar på tilbodet om særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Dersom det blir fleire godkjende skular som har tilbod om slik opplæring, og som samtidig blir godkjende av NIF, vil dei ikkje automatisk bli omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot.

I ein fleirtalsmerknad til statsbudsjettet for 2019 trekker utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget fram behovet for ein gjennomgang av finansieringa for dei toppidrettsgymnasa som er godkjende av Olympiatoppen, og som har ein integrert modell for skule og trening. Fleirtalet viser til at skulane får ulikt tilskot målt i tilskot per elev. Vidare peikar fleirtalet på at tilskota til toppidrettstilboda ikkje er sett i samanheng med kostnadene til den einskilde idretten og bidreg til ytterlegare økonomisk skeivdeling mellom skular, jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Departementet er i dialog med skulane om forslag til ei ny innretting av toppidrettstilskotet. Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Departementet foreslår eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen for arbeidet dei gjer med å kvalitetssikre toppidrettsdelen av tilboda til skulane etter toppidrettsfaglege kriterium. Forvaltningstilskotet skal mellom anna medverke til at kvalitetssikringa blir gjennomført etter gode forvaltningsprinsipp. Departementet vil fastsetje retningslinjer for forvaltningstilskotet.

Mål for 2021

Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Resultat i 2019

Hausten 2019 var det totalt 2 548 elevar ved desse skulane. Dette er 53 færre enn i 2018.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 56,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 6,2 mill. kroner for å innlemme to nye skular, NTG Bodø og Wang Hamar, i ordninga. I tillegg foreslår departementet ein auke på 350 000 kroner til å opprette eit årleg forvaltningstilskot til Olympiatoppen.

Tabell 4.16 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79

(i 1 000 kr)

Skular som får toppidrettstilskot

Særtilskot 2021

Haugesund Toppidrettsgymnas AS

5 303

Norges Toppidrettsgymnas Bodø AS

1 940

Norges Toppidrettsgymnas Bærum AS

8 060

Norges Toppidrettsgymnas Geilo AS

2 688

Norges Toppidrettsgymnas Kongsvinger AS

2 721

Norges Toppidrettsgymnas Lillehammer AS

5 528

Norges Toppidrettsgymnas Tromsø AS

1 784

Stiftelsen Telemark Toppidrett gymnas

4 595

Wang AS (Oslo)

7 809

Wang Fredrikstad AS

3 727

Wang Hamar AS

4 243

Wang Toppidrett Stavanger AS

3 802

Wang Tønsberg AS

4 351

Sum

56 553

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot. Dei frittståande vidaregåande skulane som er godkjende for å bli tildelte slikt tilskot, er

  • Danielsen videregående skole i Bergen

  • Heltberg Private Gymnas i Oslo

  • Drottningborg videregående skole i Grimstad

Det ordinære statstilskotet skulane får etter friskulelova, kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skulane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskotet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske frittståande vidaregåande skular med rett til statstilskot og utanlandske skular.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er å stimulere dei skulane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skulane.

Resultat i 2019

For skuleåret 2019–20 fekk kvar av skulane eit basistilskot på 109 100 kroner. Resten av tilskotet blei fordelt etter talet på elevar innanfor ordninga. Det blei betalt ut tilskot for 34 elevar for skuleåret 2019–20.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 2,2 mill. kroner på posten. Det er same nivå som i 2020. Departementet vil kome tilbake til korleis tilskotet skal fordelast i 2021, sidan covid-19-pandemien har ført til at mange utvekslingsavtalar er avlyste.

Post 82 Kapitaltilskot til friskular, kapital- og husleigetilskot

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at frittståande skular i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabiliteringar av bygg, og husleige.

Resultat i 2019

I 2019 fekk frittståande skular 64,2 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei frittståande grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, post 70 og 71.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 83,3 mill. kroner på posten i 2021. Det er ein auke på 15 mill. kroner frå 2020. Forslaget er ei oppfølging av Granavolden-plattforma.

Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at skulefritidsordninga (SFO) ved frittståande skular kan tilby redusert foreldrebetaling for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt, på same måte som i SFO ved offentlege skular.

Ordninga inneber at foreldrebetalinga for ein SFO-plass maksimalt skal utgjere 6 pst. av hushaldets samla personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 3,0 mill. kroner på posten.

Kap. 229 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

29 939

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

2 196

Sum kap. 0229

32 135

Løyvingane på kapittelet blei flytta til kap. 242 i statsbudsjettet for 2020.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

For å samle midlane til høgare yrkesfagleg utdanning er løyvinga til drift av Noregs grøne fagskule – Vea frå 2020 i programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning. Resultat i 2019 er omtala nedanfor. Sjå kap. 242 for mål og forslag til løyving til Vea for 2021.

Resultat i 2019

Ved utgangen av 2019 hadde Noregs grøne fagskule – Vea 14 fagskuletilbod og tre tilbod i vidaregåande opplæring, i tillegg til korte kurs til dei same målgruppene. Hausten 2019 var det 160 studentar og elevar ved skulen, noko som er ein auke på fem elevar og studentar frå året før. Ved skulen var det 71 fagskulestudentar og 89 vaksne elevar i vidaregåande opplæring. Tilboda i vidaregåande opplæring hadde i 2019 høgare søkartal per elevplass enn fagskuletilboda. Skulen arbeider med å auke rekrutteringa til fagskuletilboda.

Kap. 3229 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Salsinntekter o.a.

5 442

61

Refusjon frå fylkeskommunar

875

Sum kap. 3229

6 317

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

739 232

676 395

646 680

21

Særskilde driftsutgifter

28 752

35 088

36 030

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

8 677

9 414

9 678

Sum kap. 0230

776 661

720 897

692 388

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet Statped er eit verkemiddel for å støtte kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med å nå sektormåla og realisere samfunnsmandatet for grunnopplæringa for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Statped har som verksemd vore underlagd Utdanningsdirektoratet til og med 2019. Frå 1. januar 2020 er Statped underlagd Kunnskapsdepartementet direkte. Frå 2020 til 2024 er Statped i ein omstillingsprosess for å følge opp endringane som blei varsla i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

I oppfølginga av Tett på-meldinga og i omstillingsperioden blir det arbeidd med å avgrense og ramme inn verksemda til Statped. Målet er at det skal bli tydelegare kva for tenester kommunar og fylkeskommunar kan få bistand til frå Statped.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., dekning av utgifter til medlemsskap i og nasjonal koordinator for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education og utgifter til å følgeevaluere omstillinga i Statped.

Statped skal yte tenester til kommunar og fylkeskommunar på små og spesialiserte fagområde og i særleg komplekse saker. Verksemda skal gjennom tenestene sine bidra til å spreie kunnskap og kompetanse til kommunar og fylkeskommunar, slik at dei blir i stand til å gi eit tilpassa og inkluderande opplæringstilbod som omfattar alle barn, unge og vaksne uavhengig av føresetnader. I tillegg har Statped særlege oppgåver overfor samiskspråklege barn, unge og vaksne som har behov for særskild tilrettelegging i barnehage og opplæring.

Statped driv Skådalen skole for døvblindfødte. Skulen flytta til nye lokale i Oslo frå og med skuleåret 2020–2021. Skulen endrar namn til Diamanten skole for elever med døvblindhet.

Mål for 2021

Statped skal arbeide etter desse måla i 2021:

  • Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.

  • Barnehage- og skuleeigarar har tilsette som får kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering knytt til det spesialpedagogiske området.

Resultat i 2019

Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området

Samhandlinga med kommunar og fylkeskommunar har hatt stor merksemd i 2019 i Statped, nett som tidlegare år. Statped gav tenester til brukarar i 403 av dei 422 kommunane i landet. Samarbeidet er formalisert gjennom rammeavtalar.

For å gjere kompetansen til Statped meir tilgjengeleg innførte Statped lågterskeltilbodet Spør oss i 2019. Dette er ei anonym teneste der brukarar, PP-teneste, foreldre, barnehage og skule kan ta kontakt på telefon, chat eller e-post for å få spesialpedagogisk rådgiving.

Brukarmedverknad er viktig i Statped. Brukarar kan kome med innspel til konkrete tiltak, og medverke i vedtaksprosessar og utforming av tenestetilbod i Statped gjennom Nasjonalt brukarråd, regionale og faglege brukarråd og Ungdomspanelet. Totalt er det 93 brukarrådsrepresentantar og 54 vararepresentantar. Brukarmedverknaden blei evaluert i 2019. Resultata viser at fleirtalet opplever å bli godt involverte i relevante saker.

Statped har i 2019 arbeidd vidare med å utvikle, legge til rette for og produsere læremiddel. Læremiddel i punktskrift og på teiknspråk og materiell på området alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) har vore spesielt høgt prioriterte. Utlånet av skulelydbøker er aukande for fjerde året på rad, og Statped opplever stor etterspurnad etter tilrettelagde punktskriftbøker.

I 2019 har Statped arbeidd med å auke kompetansen om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) hos tilsette i barnehage og grunnopplæring og i PP-tenesta. Alle Statpeds regionar har stor etterspurnad frå kommunar og fylkeskommunar på dette området.

I løpet av året har Samisk spesialpedagogisk teneste (SEAD) arbeidd med å sikre at samiskspråklege brukarar får god og likeverdig tilgang på læringsressursar. SEAD har mellom anna bidrege med samiskspråklege rådgivarar og samiske tema i deltidsopplæring av teiknspråklege elevar.

Statped tilbyr deltidsopplæring i norsk teiknspråk til elevar som får opplæringa si i og på teiknspråk, eller som får teiknspråkopplæring som del av eit vedtak om spesialundervisning. I 2019 har 180 elevar fått deltidsopplæring. Hausten 2019 blei det også sett i gang fjernundervisning i og på norsk teiknspråk for elevar og lærarar.

Statped driv Skådalen (no Diamanten) skole for elever med døvblindhet. Skulen har elleve elevar, og dei er jamt fordelte mellom opplæring i grunnskule og vidaregåande skule.

Barnehage- og skuleeigarar har tilsette med kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering

Statpeds målgrupper er svært samansette, og Statped legg vekt på universell utforming i formidlinga av kunnskap og kompetanse. Statped bruker statped.no og sosiale medium aktivt for å formidle kunnskap og ha dialog med brukarar. Gjennom 2019 har talet på brukarar av desse kanalane auka, og brukarstatistikken viser at målgruppene blir nådde i stor grad.

Konferansar, kurs og andre arrangement når større delar av målgruppa med spissa informasjon og tilpassa kunnskap. Desse arenaene har fleire deltakarar i 2019 enn i tidlegare år. I 2019 heldt Statped 420 kurs og konferansar for 10 560 deltakarar. I tillegg kjem deltakarar som følgde videooverføringar frå arrangementa. Statped har i 2019 prioritert fleire digitale kurs og etablert e-læringsstudio.

Statped har bidrege i dei spesialpedagogiske utdanningane, mellom anna med forelesingstimar. Samarbeidet mellom Statped og universitet og høgskular er med på å sikre utdanning av personar med spesialpedagogisk fagkompetanse. Samstundes bidreg det til at rådgivarane i Statped held seg fagleg oppdaterte med særleg vekt på sansetapsområda.

Utdanningssektoren har tilgang til forskings- og erfaringsbasert kunnskap på det spesialpedagogiske området

Statped har kompetanse på fleire små fagområde som universitet og høgskular sjølve ikkje har kompetanse på. Statped har utarbeidd kunnskapsoversikter på små og spesialiserte fagområde, som ASK og teiknspråk. Desse oversiktene bidreg til positiv utvikling på fagområda ved at vedtak og tiltaksutforming i større grad er kunnskapsbaserte.

Avtalebasert samarbeid og god dialog med universitet og høgskular gjer at Statped kan bidra til å utvikle studium, mellom anna gjennom innspel til emneplanar, pensumlitteratur og samarbeids- og formidlingsformer.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 692,4 mill. kroner på kapittelet i 2021. Fordi mandatet til Statped skal bli avgrensa er løyvinga på post 01 redusert med 25 mill. kroner som skal gå til kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, jf. omtale under kap. 226, post 21. Vidare er løyvinga på post 01 redusert med 5 mill. kroner på bakgrunn av at Statped skal avvikle arbeidet med forsking og forskingsretta utviklingsarbeid. I tillegg er løyvinga på post 01 redusert med 1,3 mill. kroner knytta til avvikling av Bestillingstorget, jf. omtale under kap. 3220, post 02.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk støttesystem

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

28 752

35 088

36 030

02

Salsinntekter o.a.

9 544

10 775

11 064

Sum kap. 3230

38 296

45 863

47 094

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet og andre.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, sal av elevprodukt, sal frå kantine, utleige av lokale, inntekter frå tilpassing av hjelpemiddel og inntekter frå kurs.

Departementet foreslår å føre inntektsløyvingane vidare på same nivå som i 2020.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

231

Barnehagar

954 370

807 777

704 280

-12,8

Sum kategori 07.30

954 370

807 777

704 280

-12,8

Innleiing

Departementet ønsker eit mangfaldig barnehagetilbod og vil legge til rette for at alle barn får høve til å gå i barnehage. Gode sosiale ferdigheiter og forståing av eigne og andre sine grenser er viktig kompetanse som barnehagen kan gi barna. Språk er nøkkelen til like moglegheiter vidare i utdanninga og deltakinga i samfunnet. Læring må skje gjennom leik, og den einskilde barnehagen må stå fritt til å legge til rette for eit stimulerande miljø som støttar opp om barnas lyst til å leike, utforske, lære og meistre.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for barnehagane:

  • Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø.

  • Barn som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk, jf. barnehagelova § 7. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova § 8. Fylkesmannen kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskildbarnehagar i særskilde tilfelle.

For statistikk og informasjon om ressursbruken i barnehagesektoren, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå også omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2021

Departementet foreslår å bruke 430 mill. kroner i 2021 til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Om lag 200 mill. kroner av dette vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak. I tillegg foreslår departementet å løyve 50 mill. kroner over programkategori 07.20 som del av eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis, sjå meir omtale under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass. Maksimalprisen vil vere 3 230 kroner per månad frå 1. januar 2021, slik at alle familiar med inntekt under 592 167 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga.

Departementet foreslår å vidareføre ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt. Inntektsgrensa for ordninga vil vere 583 650 kroner frå 1. august 2021.

I samsvar med Granavolden-plattforma vil regjeringa gi rett til barnehageplass for barn i mottak. Som eit ledd i dette arbeidet foreslår regjeringa for 2021 å løyve 8,3 mill. kroner i heilårseffekt for å dekke heiltidsplass for 1-, 2- og 3-åringar i asylmottak.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner i heilårseffekt i 2021 til kommunane som følge av fleire myndigheitsoppgåver ved innføringa av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll i barnehagane.

Det nasjonale økonomiske tilsynet med private barnehagar er under etablering, og departementet foreslår å styrke løyvinga slik at det totalt blir løyvd 20 mill. kroner til dette i 2021.

Regjeringa foreslår å avvikle lån til private barnehagar frå Husbanken frå 2021, sjå kap. 2412 Husbanken post 90 Nye lån under Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Alle har eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Ein del barnehagar har lågare kvalitet enn forventa

Den nordiske barnehagemodellen kombinerer omsorg, leik og læring i eit pedagogisk heile og har eit godt omdømme internasjonalt. Den noverande forskrifta om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tok til å gjelde 1. august 2017. Rammeplanen legg vekt på at barnehagen skal bidra til at barna får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik, samtidig som personalet skal fremje læring. Foreldreundersøkingar viser at barnehagane får godt skotsmål frå dei fleste foreldra, men eit lite mindretal er ikkje nøgde med tilbodet.

Forskinga viser at det framleis er store forskjellar mellom barnehagar når det gjeld kvaliteten på tilbodet. Det viser mellom anna undersøkingar som Gode barnehager i Norge (GoBaN), Språk og læringsstudien (SOL), Stavangerprosjektet, Agderprosjektet og rapporten Inkluderende fellesskap for barn og unge frå Nordahl-gruppa. Låg kvalitet på tilbodet i barnehagen går særleg ut over dei barna som har størst behov for støtte.

Rapporten frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten) viste at barn som har behov for særleg tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp, ikkje blir oppdaga tidleg nok og dermed ikkje får nødvendig hjelp og støtte. Den støtta som blir gitt, er i ein del tilfelle ikkje god nok.

Ikkje alle barn trivst godt i barnehagen

Barnehagen skal førebygge, stoppe og følge opp utestenging, mobbing og uheldige samspelmønster. Forskinga tyder på at 8–12 pst. av barnehagebarna opplever gjenteken utestenging frå leik eller mobbing i form av plaging eller erting. Barn med utviklingsvanskar er særleg utsette, og utestenging og mobbing kan forsterke vanskane. Med god tilrettelegging og støtte kan alle barn bli inkluderte i leiken og oppleve eit trygt og godt barnehagemiljø, men resultata frå det store forskingsprosjektet GoBaN synleggjer store kvalitetsskilnader i barnehagesektoren. I mange barnehagar er kvaliteten urovekkjande låg, og barnehagane sviktar særleg i å støtte dei minste barna i samspel og leik. Ekspertgruppa som evaluerte barnehagelærarrolla, peikar på mangel på medvit og systematikk i det pedagogiske arbeidet i norske barnehagar.

Strategiar og tiltak

Barnehagane skal få støtte til det faglege arbeidet sitt

Forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsgrunnlag som skal sikre høg kvalitet og at barna får det tilbodet dei har rett på. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte barnehagane i å utvikle praksisen sin i samsvar med rammeplanen, og det er utvikla rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke.

Utdanningsdirektoratet har starta evalueringa av korleis rammeplanen blir praktisert. Forskingsinstituttet NORCE skal gjennomføre evalueringa i perioden 2018–23, og programmet har ei total kostnadsramme på 20 mill. kroner. Evalueringa skal ta for seg korleis planen blir fortolka, operasjonalisert og erfart av aktørar på ulike nivå i sektoren. Kunnskapen skal bidra til å gi eit grunnlag for vidare politikkutforming. Dei første delrapportane kjem hausten 2020.

I behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 blei det løyvd 5 mill. kroner til eit pilotprosjekt for rettleiing av barnehageeigarar, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner i 2021 til å vidareføre dette tiltaket.

Nye lovreglar skal gi eit betre psykososialt barnehagemiljø

I juni 2020 blei det gjort endringar i barnehagelova for at barn i barnehage skal få eit betre psykososialt barnehagemiljø. Lovføresegnene inneber at alle barnehagar skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og som skal førebygge tilfelle der barn ikkje opplever at dei har dette. Barnehagane skal ha nulltoleranse mot mobbing, utestenging, trakassering, diskriminering, vald og andre typar krenkingar. Vidare er det innført ei aktivitetsplikt som viser kva barnehagen skal gjere for å fange opp og følge opp barn som ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Det blir no stilt krav om at barnehagen skal ha internkontroll for å sikre at mellom anna krava til barnehagemiljø blir oppfylte.

Barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Sjå også omtale av oppmodingsvedtak nr. 792, 7. juni 2016, stortingssesjonen 2015–2016 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

I behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 blei det løyvd 5 mill. kroner til kommuneramma som følge av auken i myndigheitsoppgåver for kommunane ved innføringa av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll i barnehagane, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til kommunane i 2021 i heilårseffekt.

Barn som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

Utviklingstrekk og utfordringar

Tilbodet til barn under opplæringspliktig alder med behov for særskild tilrettelegging er for dårleg

Barnehagen er ein frivillig del av utdanningsløpet og ein viktig arena for arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2019 fekk 3,3 pst. av barn i barnehage spesialpedagogisk hjelp. I snitt har barna vedtak om 560 årstimar med spesialpedagogisk hjelp, anten med pedagog eller med assistent. Kommunane innvilgar nokre fleire vedtakstimar til pedagogar enn til assistentar. For meir statistikk, sjå kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Rapporten frå ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten) og NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp (Stoltenberg-utvalet) peika på fleire svakheiter og utfordringar ved dagens system. Tilbodet til barn med behov for særskild tilrettelegging er for varierande og i fleire tilfelle mangelfullt. Gutar kjem systematisk dårlegare ut i utdanningssystemet enn jentene. Rapportane er delvis følgde opp i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram hausten 2019. Sjå omtale nedanfor under Strategiar og tiltak og også i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Barnehagen har ei utfordring i å gi minoritetsspråklege barn eit godt norskspråkleg grunnlag før skulestart

I 2019 gjekk 84 pst. av alle minoritetsspråklegebarn i alderen 1–5 år i barnehage, mot 94 pst. av andre barn. For dei eldste barna er det mindre forskjell, 95 pst. av minoritetsspråklege 5-åringar gjekk i barnehage, mot 98 pst. av andre 5-åringar. Forskjellen er større dess yngre barna er, men dei siste åra har ein større del av dei yngste minoritetsspråklege barna begynt i barnehage. Deltakinga til 1-åringane har gått opp frå 40 pst. i 2015 til 53 pst. i 2019. For meir statistikk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

I strategien Integrering gjennom kunnskap for perioden 2019–22 peikar departementet på utfordringa ved at ein del minoritetsspråklege barn ikkje kan godt nok norsk når dei startar på skulen. Rapportar frå områdesatsinga i Oslo viser at barnehagestyrarar meiner at ein del minoritetsspråklege barn går for kort tid i barnehagen til å lære norsk som andrespråk bra til skulestart. I 2019 blei det gjort vedtak om særskild norskopplæring i skulen for 45 pst. av dei barna som starta på 1. trinn i bydelane i Groruddalen, bydel Gamle Oslo og bydel Søndre Nordstrand.

Utsette barn treng ein barnehage som samarbeider godt med andre offentlege tenester

Barnehagen står i ei særstilling til tidleg å oppdage barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Alle tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet om bekymring for eit barn. Talet på melde saker frå barnehagen til barnevernet har lege stabilt i dei siste åra på rundt 12 000 saker, noko som utgjer 18 pst. av alle meldingar for barn i alderen 1–5 år.

Ei kartlegging gjord av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i samband med stenginga av barnehagar og skular under covid-19-pandemien i mars 2020 viste at nesten fire av ti barnevernstenester fekk færre meldingar enn vanleg. Berre 16 pst. av barnevernstenestene sa at dei greidde å halde oppe tiltak til barn som får hjelpetiltak.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å støtte barn med behov for særskild tilrettelegging

Departementet la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet med meldinga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske skilnader. Regjeringa foreslår i oppfølginga av meldinga å auke løyvinga med 25 mill. kroner til totalt 50 mill. kroner i 2021 som del av eit kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Regjeringa foreslår også endringar i ei rekke særlover for å gi betre samordna tenester til barn og unge med behov for langvarige og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Dette omfattar felles reglar for individuell plan og innføring av rett til barnekoordinator for familiar som har behov for dette. Sjå meir i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og omtale av løyvingsforslag under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21 Særskilde driftsutgifter. Det skal også opprettast eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. Noregs forskingsråd vil lyse ut senteret, med oppstart i 2021. Sjå meir omtale under kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag.

Tiltak for å støtte minoritetsspråklege barn i barnehage

Tidleg innsats i utdanningsløpet for barn og unge med innvandrarbakgrunn er eit av satsingsområda i regjeringas integreringsstrategi, Integrering gjennom kunnskap, for perioden 2019–22. Det er eit mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp frå barnehage til og med vidaregåande opplæring. For meir omtale sjå programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn, skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samtidig som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle barnas norskspråklege kompetanse. Det øyremerkte tilskotet over kap. 231, post 63 skal støtte opp om tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn.

Regjeringa vidarefører områdesatsingane i utsette byområde, jf. omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Delprogrammet Oppvekst og utdanning i områdesatsingane i Oslo omfattar tiltak på barnehageområdet, særleg tiltak for betre støtte til den norskspråklege utviklinga til minoritetsspråklege barn.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle eit verktøy for kartlegging av norskkunnskapane til barn under skulepliktig alder. Utdanningsdirektoratet lyste ut oppdraget, men ingen leverte tilbod. Kunnskapsdepartementet er i dialog med direktoratet om vidare prosess. I tillegg vil Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet få i oppdrag å utvikle eit gratis, kvalitetssikra verktøy for generell språkkartlegging med rettleiingsmateriell.

Tiltak for betre tverrfagleg samarbeid til beste for utsette barn

I oppfølginga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) leier Barne- og likestillingsdepartementet eit arbeid for å utarbeide ein felles nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep. Det er allereie utvikla fleire digitale verktøy som barnehagane kan bruke for å heve kompetansen til dei tilsette, som «Snakke sammen» og «Jeg vet».

I behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 blei det løyvd 5 mill. kroner til Stine Sofie barnehagepakke, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Midlane skal gå til eit kursopplegg utarbeidd i samarbeid mellom Private barnehagers landsforbund (PBL) og Stine Sofie Stiftelse. Målet er at dei tilsette i barnehagane skal bli betre i stand til å identifisere når eit barn er utsett for vald eller overgrep, og handle på bakgrunn av den kunnskapen.

Utsette barn og unge og familiane deira har ofte behov for hjelp frå fleire offentlege tenester, og det er derfor viktig å få til god samordning av tiltak. Kunnskapsdepartementet leier 0–24-samarbeidet som har som mål å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år, jf. omtale i programkategori 07.20 og under kap. 226, post 64.

Kunnskapsdepartementet deltar i områdesatsinga i Groruddalen for perioden 2017–26 og områdesatsingane i Oslo sør og indre Oslo aust for perioden 2018–26, jf. kap. 226, post 21, programkategori 07.90 Integrering og mangfald og Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa legg etter planen fram ein strategi for barn i låginntektsfamiliar hausten 2020, jf. meir omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Skjerpinga av pedagognorma har ført til fleire barnehagelærarar, men det er framleis ei utfordring å oppfylle norma

Departementet har fastsett ei skjerpa pedagognorm i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar som inneber at barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år. Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Per desember 2019 var den skjerpa pedagognorma oppfylt i 64 pst. av alle ordinære barnehagar. Det manglar litt over 3 100 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Dette er ein reduksjon frå 2018, då mangla det 4 200 årsverk. Dette viser at sjølv om skjerpinga av norma har vore ei utfordring for barnehagane, så har det skjedd ei stor betring på berre eitt år. Departementet forventar at fleire barnehagar vil oppfylle norma i åra som kjem. For meir statistikk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Barnehagane kan søke om mellombels dispensasjon frå pedagognorma for inntil eitt år om gongen dersom særlege omsyn tilseier det, jf. forskrifta om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar § 2. Eit slikt særleg omsyn kan vere om oppfyllinga av den skjerpa pedagognorma er kritisk for den vidare drifta.

Utfordringar ved nokre delar av barnehagelærarutdanninga

Frå 2013–2017 følgde følgegruppa for barnehagelærarutdanninga (BLU) implementeringa av BLU. Sluttrapporten viser at det har vore ei positiv utvikling, mellom anna når det gjeld relevansen til utdanninga og profesjonsinnrettinga. Samtidig viser rapporten til fleire vedvarande utfordringar, til dømes kva plass og rolle pedagogikken har i BLU, og korleis innføringa av tverrfaglege kunnskapsområde har fungert.

I 2017 nemnde Kunnskapsdepartementet opp ei ekspertgruppe for barnehagelærarrolla. Ekspertgruppa skulle mellom anna sjå på samanhengen mellom utdanninga og utøvinga av profesjonen og gi råd om korleis profesjonen og utdanninga kan vidareutviklast. Rapporten til ekspertgruppa frå 2018 støttar opp under dei utfordringane sluttrapporten til følgegruppa frå 2017 peikar på. Ekspertgruppa meiner også at barnehagelærarutdanninga må styrkast i både akademisk og praktisk retning.

Framleis ei utfordring at ein del av grunnbemanninga manglar barnehagefagleg kompetanse

Gjennom innføringa av ei bemanningsnorm i 2018, som 94 pst. av barnehagane oppfylte i 2019, har barnehagane fått færre barn per vaksen og dermed høve til å gi betre omsorg til det einskilde barnet.

Grunnbemanninga i barnehagen består av pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar, og om lag 40 pst. av alle dei tilsette er utan barnehagefagleg kompetanse. For meir statistikk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Kompetansen til personalet er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og det er ei utfordring at det framleis er ein stor del av dei tilsette som manglar barnehagefagleg kompetanse. Forskinga er tydeleg på at det pedagogiske arbeidet har innverknad på kvaliteten på barnehagetilbodet.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å rekruttere fleire barnehagelærarar

Kompetansestrategien for barnehagen skal støtte opp om arbeidet med både rekruttering og kompetanseutvikling, jf. Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit viktig tiltak for å rekruttere fleire barnehagelærarar ved at fagarbeidarar og erfarne assistentar kan ta barnehagelærarutdanninga på deltid parallelt med jobb i barnehagen. Deltakarundersøkingar gir positiv støtte til ABLU.

Personar med anna pedagogisk utdanning kan få tilbod om tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk (TIB) for å bli godkjende som barnehagelærarar.

Ein del av kompetansemidlane på barnehageområdet går til såkalla tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering. Fylkesmannen tildeler midlane til barnehageeigarar for å legge til rette for at dei tilsette i barnehagane kan delta på kompetansehevingstiltak. Mange av eigarane prioriterer midlar til ABLU. Eigarane kan også få tilretteleggingsmidlar for deltakarar på TIB og for vidareutdanningstilbod til barnehagelærarar som Utdanningsdirektoratet har sett i gang.

Regjeringa ønsker at alle nyutdanna nytilsette barnehagelærarar skal få god støtte og rettleiing, slik at dei blir trygge, får nytta kompetansen sin og blir verande i yrket. I samarbeid med organisasjonar for barnehage, skule og høgare utdanning følger departementet opp dei nasjonale rammene for rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehagen og skulen. Sluttrapporten for evalueringa til Rambøll om dette er venta tidleg i 2021. Sjå også omtale under kap. 226, post 21, 22 og 61 og kap. 260, post 50.

Tiltak for å styrke kvaliteten på barnehagelærarutdanninga

Kunnskapsdepartementet vil følge opp arbeidet med å styrke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga og sjå anbefalingane i rapportane frå følgegruppa for BLU i samanheng med tilrådingane i rapporten frå ekspertgruppa for barnehagelærarrolla. I Tett på-meldinga er eitt av forslaga å setje ned ei ekstern gruppe som skal foreslå konkrete endringar i rammeplanen for BLU. Denne gruppa startar arbeidet hausten 2020.

I behandlinga av Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 blei det løyvd 5 mill. kroner for å auke forskingskompetansen i barnehagelærarutdanningsmiljøa. Midlane er tildelte Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å vidareføre dette tiltaket som del av tildelinga til forskingsprogrammet FINNUT over kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Strategien Lærerutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene gir retning for arbeidet med å utvikle kvalitet i alle lærarutdanningane. Styrking av samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og barnehagane er ein del av oppfølginga. Eit hovudgrep i strategien er partnarskap mellom lærarutdanningane og barnehage- og skuleeigarar for å etablere lærarutdanningsbarnehagar og lærarutdanningsskular. I 2020 auka tildelinga til universitet og høgskular til partnarskapssamarbeid for å styrke praksis i lærarutdanningane, og ordninga blei utvida til å omfatte barnehagelærarutdanninga. Sjå omtale under kap. 275, post 21.

Tiltak for å styrke kompetansen i heile personalgruppa

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang ein treårig pilot for ekstern rettleiing av barnehageeigarar i utvalde fylke. Målet med rettleiinga er å styrke kvalitetsutviklinga i barnehagane som deltek og få kunnskap om korleis eit eventuelt fast tilbod om dette kan innrettast. Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner i 2021 til å vidareføre tiltaket.

Kompetansestrategien for barnehagen skal støtte opp under arbeidet med både rekruttering og kompetanseutvikling, jf. Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Dei tilsette i barnehagen har ulike kompetansebehov, og tiltaka er retta mot alle grupper tilsette.

I løpet av strategiperioden skal Utdanningsdirektoratet utarbeide nasjonale rammer for barnehagefagleg grunnkompetanse. På oppdrag frå direktoratet har OsloMet levert eit kunnskapsgrunnlag om barnehagefagleg grunnkompetanse som utgangspunkt for dette arbeidet.

Gjennom den regionale ordninga for kompetanseutvikling, som er omtala i strategien, skal dei statlege kompetansemidlane nyttast på ein måte som er betre tilpassa dei lokale behova. Kompetansemidlane skal i hovudsak nyttast til barnehagebasert kompetanseutvikling der heile personalet saman arbeider med å utvikle den pedagogiske praksisen i den einskilde barnehagen. Det kan bli aktuelt å tildele ekstra midlar til tilskotsordninga til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring hausten 2021 dersom det er handlingsrom til det. For meir informasjon om midlane, sjå omtale under kap. 231, post 21.

Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Hindringar for bruk av barnehage

Barn med innvandrarbakgrunn og/eller som kjem frå familiar med låg inntekt, går i mindre grad i barnehage enn andre barn, jf. omtale i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Det er ei utfordring at mange familiar i målgruppa ikkje bruker desse ordningane. Tidlegare rapportar har vist at hindera kan vere av både økonomisk, kulturell, ideologisk og praktisk art, eller ein kombinasjon av desse.

Barn i familiar som søker asyl, har ikkje rett til barnehageplass. Regjeringa ser på bruk av barnehage for barn i asylmottak som eit viktig tiltak i det målretta arbeidet mot fattigdom, for ein effektiv integreringspolitikk og for å førebygge utanforskap, jf. regjeringsplattforma.

Regelverket for private barnehagar er ikkje tilpassa utviklinga i sektoren

Reguleringa av private barnehagar har vore tilpassa ein periode då utbygginga av barnehagesektoren hadde høg prioritet, dette for å sikre alle barn rett til barnehageplass. Departementet har utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag for å gjere regelverket meir tilpassa dagens situasjon. Rapportane viser at utviklinga i barnehagesektoren har gitt nokre utfordringar som dagens regelverk ikkje tek høgde for:

  • Det har vore oppkjøp av små barnehagar.

  • Det er ei utvikling mot store barnehagekonsern.

  • Rekneskapskrava er utdaterte.

  • Det er krevjande for kommunane å føre tilsyn.

  • Det er vanskeleg for nye små barnehagar å etablere seg.

Strategiar og tiltak

Foreldrebetaling – moderasjonsordningar og andre tiltak for å redusere hindringar for bruken av barnehage

Departementet foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2021 blir fastsett til 3 230 kroner per månad og 35 530 kroner per år frå 1. januar 2021, jf. forslag til vedtak VI nr. 1.

Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Det betyr at alle husstandar med ei samla skattbar inntekt på under 592 167 kroner vil ha rett til reduksjon i foreldrebetalinga frå 1. januar 2021.

Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt slik at inntektsgrensa blir sett til 583 650 kroner frå 1. august 2021, jf. forslag til vedtak VI nr. 2.

Departementet gjorde endringar i forskrifta om foreldrebetaling i barnehage våren 2020 slik at kommunane kan hente opplysningar om familieinntekta direkte frå skattemyndigheitene. Dermed er det blitt enklare for foreldre med låg inntekt å få tilgang til moderasjonsordningane. I tillegg er risikoen redusert for at barna skal falle ut av ordningar dei har rett til.

Rammetilskotet til kommunane blei styrkt med 10 mill. kroner i 2016 til informasjons- og rekrutteringsarbeid på barnehagefeltet for å auke barnehagedeltakinga blant barn frå familiar med låg inntekt og barn med innvandrarbakgrunn. Departementet oppretta i 2018 eit øyremerkt tilskot for aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid overfor familiar med innvandrarbakgrunn, jf. kap. 231, post 66. Utdanningsdirektoratet har på nettsidene sine samla råd som kan hjelpe kommunar i arbeidet med å rekruttere minoritetsspråklege barn til barnehagen. Her er det mellom anna informasjon om gratis kjernetid og moderasjonsordningar og erfaringar frå fleire kommunar om korleis dei driv rekrutteringsarbeid. I tillegg finst det eit faktaark på fleire språk om barnehage, gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.

Utviding av høvet til å få gå i barnehage for barn i asylmottak

Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. 4- og 5-åringar har hatt høve til heiltidsplass sidan 2011, og 2- og 3-åringane fekk høve til heiltidsplass i 2020. 1-åringane fekk høve til gratis kjernetid i 2019 og heiltidsplass i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020.

Departementet foreslår å flytte midlar frå Kunnskapsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet for å finansiere heilårseffekten av heiltidsplass i barnehage for 1-, 2- og 3-åringar i asylmottak, jf. kap. 231, post 21 nedanfor og Prop. 1 S (2020–2021) for Justis- og beredskapsdepartementet. Finansieringa for heiltidsplass i barnehage for alle barn i asylmottak i alderen 1–5 år er dermed på plass. Departementet vil vurdere korleis dei identiske tiltaka 2:57 og 11:188 i regjeringsplattforma om å gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak, skal følgast opp.

Tiltak for betre tilpassing av regelverket for private barnehagar

I arbeidet med å tilpasse regelverket for dei private barnehagane betre til dagens situasjon hadde departementet ei rekke forslag til endringar i barnehagelova på høyring våren 2019. Endringar som gjeld økonomisk tilsyn og pensjonstilskot er omtalte nedanfor. Når det gjeld endringar i andre delar av finansieringssystemet, krav til organiseringa av barnehagen, rekneskapskrav og meldeplikt til kommunen ved sal av private barnehagar, har departementet fått mange gode høyringsinnspel og ønsker derfor å vurdere forslaga nærmare. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag til endringar i regelverket på desse områda.

For omtale av oppmodingsvedtak om regelverk og finansiering av private barnehagar, sjå vedtak nr. 51, 22. november 2018, nr. 461, 13. februar 2018 og nr. 802 og 805, 31. mai 2018, stortingssesjonen 2017–2018 i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Nytt nasjonalt økonomisk tilsyn for private barnehagar

Departementet har følgt opp forslaga om å innføre eit nasjonalt økonomisk tilsyn og ei tydeleggjering av krava til bruken av offentlege tilskot og foreldrebetaling i Prop. 96 L (2019–2020) Endringer i folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m. (samleproposisjon), jf. Innst. 302 L (2019–2020). Stortinget har vedteke at det skal opprettast eit nasjonalt tilsyn for økonomiske forhold overfor private barnehagar, og at dette ansvaret leggast til Utdanningsdirektoratet. Direktoratet vil få ansvar for å føre kontroll og tilsyn med at offentlege tilskot og foreldrebetaling blir nytta i tråd med krava og tilhøyrande reguleringar. Det vil samtidig blir innført tilhøyrande reguleringar som sikrar direktoratet nødvendig dokumentasjon i samband med tilsyn, og reguleringar om kva for reaksjonar direktoratet kan bruke.

Departementet vil gjere ei nærare vurdering av tidspunktet for overføring av ansvaret for å føre tilsyn med økonomiske forhold i private barnehagar. Inntil regelendringane trer i kraft, er det kommunane som har ansvaret for å føre økonomisk tilsyn. Det blei sett av 10 mill. kroner til å starte arbeidet med eit nasjonalt tilsyn i 2020, jf. Prop. 1 S (2019–2020). Departementet foreslår å auke løyvinga til 20 mill. kroner i 2021, slik at arbeidet med å etablere eit økonomisk tilsyn kan trappast opp. Departementet anslår at det nasjonale tilsynet i oppstarten bør ha om lag 20 årsverk. Departementet vil følge med på ressursbehovet til den nye tilsynsmyndigheita i åra framover.

Ansvarsfordelinga inneber at kommunen framleis vil vere tilsynsmyndigheit for andre reguleringar enn det økonomiske tilsynet i barnehagelova og forskrifter. Kvalitet og innhald i barnehagetilbodet er ei oppgåve som krev innsikt i lokale forhold og prioriteringar. Slike tilsyn vil i større grad basere seg på stadlege tilsyn og kjennskap til den aktuelle barnehagen det blir ført tilsyn med. Tilsyn av kvalitet og innhald kan derfor best utførast av den einskilde kommunen. Når ansvaret for økonomitilsynet blir flytta til nasjonalt nivå, vil kommunen få betre høve til å prioritere tilsyn med andre forhold enn økonomi.

Endringar i pensjonstilskot til private barnehagar

Tilskotet til pensjon i private barnehagar er i dag på 13 pst. av lønnsutgiftene i dei kommunale barnehagane. Dette overstig dei faktiske pensjonsutgiftene i mange private barnehagar. Departementet meiner at private barnehagar ikkje bør få meir i tilskot til pensjon enn det dei faktisk bruker på pensjon til dei tilsette. Departementet sende derfor i april 2019 eit forslag på høyring om å setje ned pensjonspåslaget. Departementet tok ikkje stilling til det nye nivået for pensjonspåslaget. Departementet har merka seg at fleirtalet av høyringsinstansane meiner at pensjonstilskotet bør justerast ned, slik at det i større grad heng saman med pensjonsutgiftene i private barnehagar. Departementet foreslår at tilskotet til pensjon i private barnehagar blir redusert frå 13 pst. til 11 pst. frå 1. januar 2021. Forslaget om å justere ned pensjonstilskotet var på offentleg høyring våren 2019 som ein del av høyringsnotatet om forslag til endringar i barnehagelova.

Departementet foreslår vidare å utvide dagens søknadsordning for private barnehagar med høge pensjonsutgifter. Dette inneber at barnehagar som inngjekk pensjonsavtale før 1. januar 2019, etter søknad har krav på å få dekt pensjonsutgiftene sine med kommunens pensjonsutgifter som øvre grense.

For å gi barnehagar med mindre økonomisk handlingsrom noko betre tid til å tilpasse seg inntektsbortfallet, foreslår departementet at det blir oppretta ei ny overgangsordning for einskildståande barnehagar. Overgangsordninga inneber at pensjonspåslaget for barnehagar som ikkje tilhøyrer ei kjede, blir justert gradvis ned fram til 2023. Departementet foreslår at pensjonspåslaget for einskildståande barnehagar held fram på 13 pst. i 2021, og blir justert ned til 12 pst. i 2022. Departementet foreslår at overgangsordninga blir oppheva frå 2023, og at einskildståande barnehagar frå da får same pensjonspåslag som andre private barnehagar: 11 pst.

Til saman inneber endringane i pensjonstilskot til private barnehagar ein reduksjon i rammetilskotet til kommunane på 215 mill. kroner i 2021.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

451 246

464 683

470 156

51

Forsking, kan nyttast under post 21

8 500

60

Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

258 231

111 210

63

Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

149 809

144 549

144 549

66

Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

20 558

17 342

17 342

70

Tilskot til symjing i barnehagane

66 026

69 993

72 233

Sum kap. 0231

954 370

807 777

704 280

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet, i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2021

Å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Resultat i 2019

Samla blei det nytta 451,2 mill. kroner over posten i 2019. Av dette gjekk 351,2 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp kompetansestrategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Oppfølging av kompetansestrategien

Departementet legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabell 4.17 gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka som er del av kompetansestrategien.

Tabell 4.17 Fordeling av midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehagar i 2019

(i mill. kr)

Type kompetansetiltak

Tal på deltakarar

Beløp

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

171,1

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

800

80,4

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – fire kull som går over fire skuleår – midlar til studieplassar

592

42,5

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

300

30,4

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

350

23,0

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Tiltaket er samordna med skule – sjå omtale under kap. 226, post 21

3,8

Sum

351,2

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

I 2019 blei det tildelt 171,1 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som fylkesmannsembeta har ansvaret for å administrere.

Om lag 70 pst. av midlane blei nytta til barnehagebaserte kompetansetiltak, noko som har gjort at om lag halvparten av alle barnehagane i Noreg har gjennomført barnehagebaserte kompetansetiltak i 2019. Dei fleste tiltaka har vore innanfor to av dei fire satsingsområda i kompetansestrategien: Barnehagen som pedagogisk verksemd og Eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning.

Dei resterande 30 pst. av midlane blei nytta til andre tiltak etter behov, som fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (96 deltakarar i fire fylke), barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar utan kompetanse og erfaring frå barnehage, slik at dei får eit minimum av kunnskap om barns utvikling og behov (tre fylke), og tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (1 273 deltakarar).

Alle fylkesmenn har prioritert tiltaket tilretteleggingsmidlar og i hovudsak tildelt midlar til barnehageeigarar med deltakarar på ABLU og andre deltidsutdanningar for å bli barnehagelærar.

Andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet

I 2019 blei det nytta 100 mill. kroner på posten til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet.

Tabell 4.18 Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2019

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Tildeling til Noregs forskingsråd

10 mill. kroner gjekk til drifta av dei to sentera for barnehagerelevant forsking: BARNkunne – Senter for barnehagekunnskap ved Høgskulen på Vestlandet og FILIORUM ved Universitetet i Stavanger.

17,2

Implementering av rammeplan for barnehagane

Hovuddelen av midlane blei nytta til utvikling av praksis i barnehagen i samsvar med rammeplanane.

12,9

Språkløyper – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016–2019)

2019 var siste år for denne strategien. Det blei òg løyvd midlar til dette tiltaket over kap. 226, post 21.

11,0

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Midlane blei nytta til ulike tilbod om kompetanseutvikling, mellom anna læringsmiljøprosjektet.

9,9

Rekruttering av barn til barnehage i utsette byområde

Midlane blei tildelt Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Drammen kommune. Kommunane vurderte verkemiddel og tiltak, og midlane skulle nyttast til arbeid med rekruttering og informasjon for å auke deltaking i barnehage for barn i utsette byområde.

9,0

Tilsyns- og klageordningar hos fylkesmannen

Fylkesmannen kan føre tilsyn med barnehagar i særlege tilfelle, jf. Innst. 344 L (2015–2016), og er klageinstans, jf. Innst. 338 L (2015–2016).

8,0

Realfagsstrategien Tett på realfag

2019 var siste år for denne strategien. Det blei òg løyvd midlar til dette tiltaket over kap. 226, post 21.

5,4

Kvensk barnehagetilbod – oppfølging av planen for vidare innsats for kvensk språk i perioden 2017–21

Midlane har i stor grad gått til prosjekt knytte til Kainun institutti – Kvensk institutt, som lenge har jobba med tiltak for å styrke kvensk språk. Prosjekta har i stor grad handla om språkstimulering for barn i barnehagar, støtte til foreldre for at dei skal kunne hjelpe barna sine i tospråkleg utvikling, å auke kunnskapen blant barnehagelærarar som jobbar med kvensk språk i barnehagar i Nord-Noreg, og skape nettverk mellom desse. Det er òg gitt midlar til kommunar som har tiltak i eigne barnehagar for å løfte fram kvensk språk og kultur.

0,8

Anna

Midlar til mellom anna statistikk, rapportar, analyse og forsking for å følge med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren, forvaltning av tiltak hos fylkesmannen, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

25,8

Sum

100,0

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 470,2 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og innhenting av kunnskap.

Departementet foreslår å løyve til saman om lag 200 mill. kroner til regional ordning for kompetanseutvikling. Ordninga blei vidareutvikla i 2018 som ein del av oppfølginga av strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Departementet foreslår å løyve om lag 200 mill. kroner til andre tiltak for å følge opp kompetansestrategien.

Departementet foreslår å styrke det nasjonale økonomiske tilsynet med private barnehagar, slik at det totalt er 20 mill. kroner i 2021 til å halde fram oppbygginga av den nye eininga for tilsyn i Molde.

Departementet foreslår å vidareføre 10,3 mill. kroner til arbeidet mot mobbing og for eit godt barnehagemiljø. Departementet foreslår å vidareføre 9 mill. kroner til fylkesmannen som klageinstans, og til at fylkesmannen kan føre tilsyn med barnehagar i særlege tilfelle.

Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner til vidareføring av eit treårig pilotprosjekt for rettleiing av barnehageeigarar.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 0,8 mill. kroner til kvenske barnehagetilbod.

Dei andre midlane på posten skal nyttast til ulike tiltak i samsvar med målet for posten. Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

I løyvingsforslaget er det teke omsyn til fleire flyttingar frå posten:

  • Departementet foreslår å flytte 8,3 mill. kroner frå posten til kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak under Justis- og beredskapsdepartementet. Dette skal finansiere heiltidsplass i barnehage for 1-åringar i asylmottak og heilårseffekten av heiltidsplass i barnehage for 2- og 3-åringar i asylmottak.

  • Departementet foreslår å flytte 10 mill. kroner frå posten til kap. 571 Rammetilskot til kommunar, post 60 Innbyggartilskot under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, for å dekke heilårseffekten av auka kostnader i samband med innføringa av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll i barnehagane.

Post 51 Forsking

I statsbudsjettet for 2020 blei løyvinga over denne posten rammeoverført til kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag, post 21 Særskilde driftsutgifter. Dette blei gjort for å samle det meste av løyvinga til Forskingsrådets program FINNUT på éin post. Sjå kap. 201, post 21 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Heile løyvinga på posten gjekk uavkorta til Noregs forskingsråd, som deler ut midlane innanfor forskingsprogrammet FINNUT (2014–2023). Programmet omfattar forsking på og innovasjon i utdanningssektoren, frå barnehage og skule til høgare utdanning og vaksenopplæring. Forskinga bidreg til meir og betre kunnskap om barnehagen, til nytte for både sektoren og statleg utdanningsadministrasjon. FINNUT inneheld ei rekke verkemiddel, og i tillegg til forskingsprosjekt inkluderer tiltaka innovasjonsprosjekt i offentleg sektor og støtte til unge forskarar. Dei to nasjonale forskingssentera for barnehageforsking, BARNkunne og FILIORUM, er også del av porteføljen til FINNUT. Programmet finansierer forsking på mellom anna barns språklege utvikling, digital kompetanse, minoritetsspråklege barn, barnehageleiing og pedagogiske prosessar, inkludert leikbasert læring.

Post 60 Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

Tilskotet var ei treårig ordning som blei oppretta i 2018 som eit resultat av budsjettavtalen i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) og Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018.

Målet med ordninga var å støtte små barnehagar som hadde problem med å oppfylle den nye bemanningsnorma som tok til å gjelde 1. august 2018. 2020 er det siste året for ordninga.

Resultat i 2019

Tal for 2019 viser at 94 pst. av alle barnehagar i landet oppfyller bemanningsnorma, ein auke frå 75 pst. i 2018. I snitt er bemanningstettleiken blitt betra frå 5,8 til 5,7 barn per tilsett.

Stortinget løyvde 262,8 mill. kroner til ordninga. Av dette gjekk 41 mill. kroner til små kommunale barnehagar og 217 mill. kroner til små private barnehagar. Totalt fekk 454 barnehagar i 86 kommunar tilskot, av desse var 92 barnehagar kommunale og 362 private.

Tal frå desember 2019 viser at dei fleste barnehagane som fekk tilskot i 2019, har fått færre barn per tilsett samanlikna med 2018. Tilskotet har bidrege til at over 90 pst. av dei 454 barnehagane som fekk tilskot, oppfylte bemanningsnorma i 2019.

Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte som minoritetsspråklege, og at dette må utgjere minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Resultat i 2019

Ordninga blei lagd om frå 1. januar 2017 slik at berre dei kommunane som har størst utfordringar, får tilskot. I 2019 omfatta dette 139 kommunar, mot 141 kommunar i 2018, og 87 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage – det same som i 2018. Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 144,5 mill. kroner på posten i 2021.

Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Tilskotsordninga blei oppretta i 2018. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å starte i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje gjekk i barnehage, får tilbod om å søke om tilskot.

Mål for 2021

Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage.

Resultat i 2019

24 kommunar i 12 ulike fylke oppfylte kriteriet for tilskotet, og av desse var det 21 kommunar som søkte. Dei fekk innvilga tilskot for totalt 6 894 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 2 982 kroner. I 2018 fekk 17 kommunar tilskot for 5 392 barn.

Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena. Det er vanskeleg å seie om barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka som følge av tilskotet, mellom anna fordi kommunane kan bruke midlane på mange ulike måtar, men òg fordi det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel om barnet skal gå i barnehage.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 17,3 mill. kroner på posten i 2021.

Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane

Tilskotsordninga blei oppretta i 2015, blir forvalta av fylkesmennene og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet. Det første året var det berre 37 kommunar som fekk tilskot, men løyvinga har blitt auka, slik at heile landet no blir omfatta.

Mål for 2021

Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.

Resultat i 2019

Av ei løyving på 68,2 mill. kroner i 2019 blei 66 mill. kroner nytta til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 36 500 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida, mot 32 000 barn i 2018. Mindreforbruket på 2,2 mill. kroner kjem av at fylkesmennene ikkje fekk søknader om meir enn 66 mill. kroner totalt.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 72,2 mill. kroner på posten i 2021.

Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

240

Fagskular

765 360

825 342

1 069 994

29,6

241

Felles tiltak for fagskular

28 509

30 893

31 723

2,7

242

Noregs grøne fagskule – Vea

31 570

31 656

0,3

Sum kategori 07.40

793 869

887 805

1 133 373

27,7

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

6 146

6 316

2,8

Sum kategori 07.40

6 146

6 316

2,8

Innleiing

Noreg vil trenge fleire dyktige fagfolk i tida framover. Med fleksible og tilgjengelege utdanningar bidreg fagskulane til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, i kombinasjon med arbeid eller på heiltid. Regjeringa gjennomfører derfor den største satsinga nokon gong for å auke kapasiteten ved fagskulane.

Regjeringa har dei siste åra i tillegg prioritert tiltak for å auke kvaliteten ved utdanningane og å utvikle nye utdanningstilbod. Regjeringa har òg fått på plass ei statleg tilskotsordning for driftsmidlar til fagskulane og ny fagskulelov med forskrift.

Fagskulane er viktige i kompetansereforma Lære heile livet. Stadig meir digitalisering, automatisering og nye krav til kompetanse må møtast med betre og fleire moglegheiter til vidareutdanning. Høgare yrkesfagleg utdanning skal vere fleksibel, yrkesretta og tilpassa ny teknologi, nye trendar og behov i arbeidslivet. Regjeringa vil halde fram med å satse på kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og gjere fagskulane endå betre rusta til å svare raskt på etterspurnaden i arbeidslivet. Det langsiktige målet er å bygge opp ein sektor med fleire solide fagskular som har sterke fagmiljø, som kan svare raskt på nye kompetansebehov, og som kan vere ein viktig bidragsytar for å tette kompetansegapet i arbeidslivet.

Mange av dei som er ramma av konsekvensane av covid-19-pandemien gjennom permitteringar og arbeidsløyse, er i målgruppa for høgare yrkesfagleg utdanning. Det er derfor viktig at fagskulane kan bidra til å dekke behova for omstilling i arbeidslivet, jf. omtale i kap. 11 om konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

Kunnskapsdepartementet har fastsett desse overordna måla for programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse.

Hovudprioriteringar for 2021

Departementet foreslår å løyve 178,6 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp 1 600 studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i statsbudsjettet for 2020 og i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Departementet foreslår å løyve 37,8 mill. kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen i 2021. Inkludert utgifter til utdanningsstøtte er samla utgift for desse studieplassane om lag 50 mill. kroner i 2021.

Samla foreslår departementet 1,1 mrd. kroner til høgare yrkesfagleg utdanning i 2021.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Samfunnet treng fagskulekandidatar

Arbeidslivet har behov for meir fagutdanna arbeidskraft. Rapporten frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) frå 2019 om arbeidsgivarane sine forventningar til og erfaringar med nyutdanna frå universitet, høgskular og fagskular, viser at over halvparten av verksemdene i undersøkinga svarer at dei har behov for fagskulekandidatar. Ifølge denne arbeidsgivarundersøkinga er verksemdene som rekrutterer fagskulekandidatar, fornøgde med kandidatane.

Utdanningstilboda ved fagskulane er ofte korte og fleksible, noko som gjer dei tilgjengelege for mange. Fylkeskommunane har ei viktig rolle i å kartlegge lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og legge dette til grunn for dimensjoneringa av fagskuletilboda. Arbeidslivet generelt, og særleg bransjane som tek imot fagskulekandidatane, er òg med på å utvikle utdanningstilboda i den retninga samfunnet treng.

Talet på fagskulestudentar har auka i dei siste åra, og frå 2018 til 2019 er auken på nesten 10 pst. Hausten 2019 var det 18 300 studentar ved fagskulane, ifølge Database for fagskulestatistikk (DBH-F) ved Norsk senter for forskingsdata (NSD). Det er nesten dobbelt så mange deltidsstudentar som heiltidsstudentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og nær halvparten av studentane er 30 år eller eldre.

Med tildelinga av midlar til 1 600 nye studieplassar i 2020 har regjeringa gjennomført den største kapasitetsauken i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Til grunn for auken i talet på nye studieplassar er mellom anna ei kartlegging i fylkeskommunane av kapasiteten i fagskulesektoren våren 2020.

Det er behov for fleksible og tilgjengelege fagskuletilbod

Stadig raskare teknologiske endringar stiller krav til kontinuerlege endringar i utdanningstilboda for å vere relevante for studentar og arbeidsliv. Dette gjeld spesielt høgare yrkesfagleg utdanning, som skal vere fleksibel og yrkesretta.

Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning 2020, utarbeidd av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), viser at det er god geografisk spreiing av fagskuletilbod, stor grad av nettbasert undervisning, og ein stor del av utdanningstilboda er på deltid. Hausten 2019 var nesten 30 pst. av utdanningstilboda nettbaserte, inkludert nettbaserte tilbod med samlingar. Innanfor helsefag, pedagogiske fag og primærnæringsfag er det så å seie berre deltidsutdanningar. Med tilskotsordninga for fleksible vidareutdanningar og treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling blir det fleire fleksible og relevante utdanningstilbod tilpassa behova i arbeidslivet, jf. omtale i programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

2020 er det første året Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking gjennomfører eit samordna opptak for fagskulane. Alle offentlege fagskular er med, medan det er valfritt for dei private fagskulane å delta. 25 offentlege fagskular og fem private fagskular deltok i opptaket i 2020. Unit tok imot søknader frå over 9 300 søkarar i 2020, og det var god søking til mange studium. Utlysing av studieplassar i Samordna opptak bidreg til å gjere høgare yrkesfagleg utdanning meir synleg for utdanningssøkarar fordi utdanningane er i same portal som opptaket til høgare utdanning.

Høgare yrkesfagleg utdanning gir studentane relevant kompetanse

Det er mange faktorar som påverkar kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, som innhaldet i utdanningstilboda og utforminga og tilrettelegginga av utdanningstilboda. Samspelet med arbeids- og næringsliv, kompetansen til dei tilsette og læringsmiljøet til studentane verkar òg inn på utdanningskvaliteten. Ein rask auke i talet på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning kan føre til utfordringar for fagskulane med å halde på og vidareutvikle kvaliteten på utdanningstilboda.

Mange fagskular har få studentar og er derfor sårbare for endringar i søkartal og med omsyn til fagleg styrke ved fagmiljøa. Talet på fagskular har dei siste åra gått ned, noko som i hovudsak kjem av samanslåingar og oppkjøp. I 2019 var det i gjennomsnitt 228 studentar per fagskule, mot 201 studentar per fagskule året før. Færre og større fagskular er i tråd med det politiske målet om ein fagskulesektor med meir solide institusjonar.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har NIFU gjennomført ei spørjeundersøking med personar som fullførte høgare yrkesfagleg utdanning i 2017 eller 2018. Fagskulekandidatundersøkinga utgitt i 2020 viser mellom anna at fagskulestudentar i stor grad er i jobb under utdanninga, og at dei fleste held fram i same bransje etter utdanninga. Helsefagkandidatane får i mindre grad ny stilling eller meir ansvar etter utdanninga enn kandidatar med teknisk utdanning. For kreative fag er høgare yrkesfagleg utdanning ofte grunnlag for vidare utdanning.

Studiebarometeret for fagskulestudentar 2020, utarbeidd av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), viser at fagskulestudentane er fornøgde med kvaliteten på utdanninga. 82 pst. av studentane meiner at dei får kompetanse som er viktig i arbeidslivet, og om lag to tredelar seier at utdanninga dei tek, gir kompetanse som gjer at dei kan gå rett ut i arbeidslivet. Over ein tredel av studentane meiner at det ikkje blir lagt godt til rette for å knyte kontaktar i arbeidslivet.

Studiebarometeret viser at fagskulestudentane i hovudsak er fornøgde med korleis fagskulane har handtert covid-19-pandemien. 25 pst. av studentane meiner likevel at covid-19-pandemien har påverka kvardagen deira på ein måte som gjer at det er vanskeleg å halde fram utdanninga. Dette gjeld særleg campusstudentane og i noko mindre grad studentar ved nett- og samlingsbaserte studium. 49 pst. av campusstudentane opplever at dei har fått eit læringsutbytte som er dårlegare enn det ville vore utan covid-19-pandemien.

Strategiar og tiltak

Regjeringa held fram med å prioritere tiltak for å styrke høgare yrkesfagleg utdanning. Satsingane omtala nedanfor følger opp Utdanningsløftet 2020, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet og Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning.

Auka kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning

For å få fleire fagfolk med relevant og god utdanning tilpassa behovet i arbeidslivet held regjeringa fram satsinga på auka kapasitet ved fagskulane.

Stortinget vedtok midlar til totalt 1 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020, jf. Innst. 12 S (2019–20) og Innst. 360 S (2019–20). I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 hadde utdannings- og forskingskomiteen følgande merknad:

Flertallet viser til Stortingets anmodningsvedtak i kompetansereformen hvor det bes om at det opprettes inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til de 1 000 regjeringen varslet tidligere i vår. På grunn av søkertall, kapasitet og tidsaspektet er det utfordrende å nå hele denne målsettingen allerede i høst, og flertallet legger derfor inn 500 ekstra studieplasser til høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020. Flertallet forutsetter at regjeringen følger opp Stortingets vedtak om nye studieplasser i statsbudsjettet for 2021, gitt at det er søknader fra fagskoler som oppfyller intensjonen i Stortingets anmodningsvedtak. Studieplassene skal prioriteres til fagskoletilbud som det er behov for i arbeidslivet, og flertallet legger til grunn at økning i fagskoleplasser vurderes i samsvar med antall søkere og kapasitet i fagskolesektoren.

I statsbudsjettet for 2021 foreslår departementet å vidareføre og trappe opp løyvinga til studieplassane oppretta i 2020. I tillegg foreslår regjeringa midlar til om lag 500 nye studieplassar frå våren 2021. Studieplassane skal gå til tilbod ved Industrifagskolen.

Regjeringas satsing på auka kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning i 2020 og 2021 inneber ein auke på totalt 2 100 nye studieplassar. Det gir ein auke i det statlege driftstilskotet til høgare yrkesfagleg utdanning på 45 pst. frå 2019 til finansieringa av dei nye studieplassane er fullt opptrappa i 2024.

Ein auke i kapasiteten utover denne satsinga bør etter regjeringas vurdering vente til det er meir informasjon om både etterspurnad etter høgare yrkesfagleg utdanning og om fagskulesektoren er i stand til å bygge ut tilboda så raskt som Stortinget legg opp til i oppmodingsvedtak nr. 700, 15. juni 2020, jf. omtale av vedtaket i del 1. Det vil i løpet av hausten 2020 komme informasjon om korleis kapasitetsauken i år har blitt utnytta i fagskulesektoren.

Tiltak for å utvikle nye fagskuletilbod

Dei som vel høgare yrkesfagleg utdanning, skal oppnå verdifull kompetanse som arbeidslivet har behov for. Fagskulane kan i samarbeid med verksemder søke Kompetanse Noreg om tilskot til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod. Dei kan òg, i samarbeid med verksemder, inngå i treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Desse to tiltaka er del av Kompetanseprogrammet, som inngår i kompetansereforma Lære heile livet. For 2021 foreslår regjeringa å vidareføre tilskotsordninga for fleksible vidareutdanningstilbod og utvidinga av treparts bransjeprogram, jf. omtale under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Stadig fleire fagskular får akkrediterte fagområde, og så langt har åtte fagskular akkreditering for til saman elleve fagområde. Ei fagområdeakkreditering gir fagskulen høve til sjølv å opprette nye utdanningar og gjere endringar i eksisterande utdanningar, og slik kan ein fagskule raskare omstille utdanningstilbodet ut frå behov i arbeidslivet. NOKUT innfører ein ny og forenkla prosess for akkreditering av fagskuletilbod hausten 2020. Den nye modellen har kortare behandlingstid og gjeld for fagskular som har minst éi akkreditering av eit fagskuletilbod frå før.

Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om endringar i lov om høgare yrkesfagleg utdanning. Eit av forslaga er å fjerne kravet til minstelengd for høgare yrkesfagleg utdanning. Forslaget er ei oppfølging av NOU 2019:12 Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranse og Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Det blir òg foreslått endringar som gjeld presisering av kunnskapsgrunnlaget for høgare yrkesfagleg utdanning, opptak til kunstfaglege utdanningar, reglane om politiattest og bruk av falske dokument.

Tiltak for å betre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning

Det er viktig at satsinga på auka kapasitet i fagskulane ikkje går ut over kvaliteten på utdanningstilbodet. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Med utviklingsmidlane kan fagskulane utvikle nye utdanningstilbod, kjøpe nytt utstyr, bruke digital teknologi for læring og tilby digital kompetanseheving av tilsette. Vidare foreslår departementet å vidareføre midlane til ulike tiltak som skal gjere fagskulesektoren meir synleg og tilgjengeleg og bidra til å auke kunnskapen om sektoren.

I stortingsmeldinga om kompetansereforma er det varsla at regjeringa vil legge fram ein strategi for høgare yrkesfagleg utdanning i 2021. I strategien skal regjeringa gjere opp status for tiltaka som er sette i gang dei siste åra på fagskulefeltet, og peike ut ei retning for utvikling av sektoren.

Departementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknaden av tiltaka i fagskulemeldinga. Dette er ei oppfølging av vedtak i Stortinget i samband med behandlinga av fagskulemeldinga, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I. Evalueringa vil inngå i kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutforming på feltet.

Departementet vil ha ein gjennomgang av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). NOKUT har i 2020 fått i oppdrag å utgreie moglegheita for parallelle sett med læringsutbyttebeskriving med sikte på mogleg endra innplassering av høgare yrkesfagleg utdanning i kvalifikasjonsrammeverket.

Mål: Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Det er behov for fagskulelærarar med høg kompetanse

Det er vesentleg for kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning at det blir stilt høge krav til kompetansen til undervisningspersonalet, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning og NOU 2014: 14 Fagskolen – et attraktivt utdanningsvalg.

OsloMet – storbyuniversitetet kartla i 2018 den faglege og pedagogiske kompetansen til fagskulelærarar. Kartlegginga viser mellom anna at fire av ti lærarar underviser eller rettleier i nettbaserte eller delvis nettbaserte utdanningar, medan berre éin av ti har nettpedagogisk utdanning. I rapporten med kartlegginga blir det derfor anbefalt å satse meir på digital kompetanseheving for lærarane i fagskulesektoren.

Strategiar og tiltak

Tiltak for å betre kompetansen til fagskulelærarane

Frå og med 2017 har Stortinget løyvd midlar til prosjekt som skal utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, og midlane har mellom anna finansiert kompetansetiltak ved fagskular. I 2020 har ti prosjekt fått midlar for å bidra til digital kompetanseheving for tilsette. Departementet foreslår å vidareføre digital kompetanseheving for tilsette som ei av fleire prioriteringar for fordeling av utviklingsmidlar i 2021.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har OsloMet – storbyuniversitetet i 2019 starta eit pedagogisk utdanningsopplegg for fagskulelærarar. Første kull med 18 studentar blei uteksaminert våren 2020.

Kap. 240 Fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

60

Driftstilskot til fagskular

725 350

782 138

1 025 451

61

Utviklingsmidlar til fagskular

40 010

43 204

44 543

Sum kap. 0240

765 360

825 342

1 069 994

Post 60 Driftstilskot til fagskular

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvaltar ordninga for driftstilskot til fagskular. Diku fordeler løyvinga til fylkeskommunane, som tildeler tilskot til fylkeskommunale og private fagskular i eige fylke. Driftstilskotet til fagskular inneheld eit grunntilskot og eit resultatbasert tilskot. Det resultatbaserte tilskotet blir berekna ut frå oppnådde studiepoeng ved fagskulane.

Tilskotsordninga inkluderer tilskot til fagskular som òg før 2018 fekk tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Desse fagskulane er i ei særstilling, mellom anna fordi dei fleste er små og har eit nasjonalt nedslagsfelt. I behandlinga av statsbudsjettet for 2020 vedtok Stortinget at fylkeskommunane ikkje kan omprioritere grunntilskotet og det resultatbaserte tilskotet som er knytte til desse fagskulane, men må overføre tilskota til dei respektive fagskulane, jf. Innst. 12 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet utarbeide kandidatmåltal for å dimensjonere høgare yrkesfagleg utdanning innanfor helsefag. Kandidatmåltal er eit minstekrav til talet på uteksaminerte kandidatar innanfor utvalde utdanningar. Kunnskapsdepartementet meiner datagrunnlaget for gjennomføring og fråfall innanfor høgare yrkesfagleg utdanning enno ikkje er godt nok til å fastsetje kandidatmåltal.

Evalueringa av tiltaka frå fagskulemeldinga vil innehalde ein gjennomgang av finansieringssystemet for fagskulane, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I.

Mål for 2021

Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga over kap. 240, post 60:

  • høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • yrkesretta høgare yrkesfagleg utdanning

  • god tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

  • effektiv og solid fagskulesektor

Resultat i 2019

Fylkeskommunane fekk til saman 725,4 mill. kroner til drift av fagskular i 2019, og av dette var 137,4 mill. kroner resultatbaserte midlar på bakgrunn av oppnådde studiepoeng ved fagskulane. 48 fagskular fekk driftstilskot over posten i 2019, og rapporteringa som følger, gjeld desse fagskulane.

Den samla studiepoengproduksjonen ved fagskulane med tilskot over posten held fram med å auke, og frå 2018 til 2019 var auken på 4,5 pst.

Omfanget av deltidstilbod kan vise om det i utdanningstilboda blir lagt til rette for kompetanseheving samtidig som ein er i arbeid. Hausten 2019 var 74 pst. av studentane deltidsstudentar, ein auke frå 71 pst. i 2018. Denne utviklinga heng godt saman med korleis dei nye studieplassane frå 2018 blei fordelte. Ein stor del av studieplassane gjekk til helsefag, der alle tilboda var på deltid.

Nærmare 60 pst. av fagskulestudentane som følger utdanningstilbod finansierte over posten, fekk stadbasert undervisning i 2019. Om lag 30 pst. av studentane hadde nettbasert undervisning med samling, og om lag 10 pst. av studentane hadde nettbasert undervisning utan samling. Dei nettbaserte tilboda utan samling er i hovudsak forankra i Oslo og Akershus, medan dei nettbaserte tilboda med samling er fordelte over heile landet.

Det er store variasjonar i storleiken på fagskulane, frå den minste fagskulen med ni studentar, til den største fagskulen med 1 200 studentar. Mange fagskular er små. Dei 20 minste fagskulane hadde samla under 870 studentar i 2019. Ni fagskular hadde over 500 studentar i 2019, noko som er to fagskular meir enn året før.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve om lag 1 mrd. kroner på posten. Løyvinga skal gå til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. Det resultatbaserte tilskotet utgjer 155,7 mill. kroner og er rekna ut på grunnlag av studiepoeng som er oppnådde ved fagskulane i 2019. Det er ein auke på 5,3 mill. kroner frå 2020.

Stortinget vedtok midlar til 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i statsbudsjettet for 2020 og 1 500 nye studieplassar i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020. Regjeringa foreslår å løyve 178,6 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp løyvinga til desse studieplassane i 2021. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår å løyve 37,8 mill. kroner over posten til om lag 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2021. Midlane skal gå til eittårige studieplassar ved Industrifagskolen med oppstart våren 2021. Inkludert utgifter til utdanningsstøtte er samla utgift for desse studieplassane om lag 50 mill. kroner i 2021. Midlane er lagde inn med heilårseffekt i 2021. Det skal vere ein dialog med relevante aktørar frå industrien om korleis studieplassane skal fordelast.

I statsbudsjettet for 2020 blei det i berekninga av det resultatbaserte tilskotet til fagskulane inkludert tre statlege fagskular. For å rette denne feilen foreslår departementet ein reduksjon på 2,6 mill. kroner på posten i 2021.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular

Fagskular kan søke om tilskot til tiltak og prosjekt som skal auke kvaliteten i fagskulane, vidareutvikle dagens utdanningstilbod og utvikle nye utdanningstilbod. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2021

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Resultat i 2019

2019 var det tredje året midlar til kvalitetsutvikling blei lyste ut til fagskulane. Det var stor interesse for ordninga. Diku fekk 78 søknader om totalt 90 mill. kroner, og 40 prosjekt ved 22 fagskular fekk tildelt til saman 40 mill. kroner.

Midlane blei tildelte prosjekt som bidreg til

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • utvikling av digitale læremiddel

  • bruk av digital teknologi for læring

I tillegg gjekk midlane til eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur for å auke kvaliteten i utdanningane.

Midlane blei tildelte offentlege og private fagskular over heile landet. Mange fagområde er representerte blant prosjekta som fekk støtte, som maritime fag, helsefag, el-fag, bygg- og anleggsfag og luftfartsfag.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 44,5 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår at prosjekt som fell inn under desse områda, blir prioriterte i fordelinga av utviklingsmidlar i 2021:

  • digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet

  • bruk av digital teknologi for læring

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur

Kap. 241 Felles tiltak for fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

28 509

30 893

31 723

Sum kap. 0241

28 509

30 893

31 723

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren som mellom anna følger opp forslag i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Mål for 2021

God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.

Resultat i 2019

Departementet tildelte totalt 28,5 mill. kroner over posten i 2019. Tabell 4.19 viser tiltaka som er sette i gang med midlane for å bidra til å nå måla for posten.

Tabell 4.19 Resultatrapportering 2019, kap. 241, post 21

(i 1000 kr)

Mottakar

Tiltak

Tildelte midlar

Diku

Forvaltning og tildeling av søknadsbaserte midlar til overgangen mellom fagskular og universitet og høgskular

7 500

Unit

Utvikling av eit samordna opptak til høgare yrkesfagleg utdanning, inkludert ein informasjonskampanje

6 438

Diku

Evaluering av tiltaka i fagskulemeldinga

3 000

Diku

Administrering av fagskuleoppgåver

2 200

Diku

Sekretariatsoppgåver for Nasjonalt fagskoleråd

2 000

NOKUT

Gjennomføring av Studiebarometeret for fagskulestudentar

1 500

Unit

Arbeid i Nasjonal klagenemnd for høgare yrkesfagleg utdanning

1 300

OsloMet

Utvikling og etablering av eit studietilbod for å auke den pedagogiske kompetansen til fagskulelærarar

1 176

Diku

Tildeling av utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning

1 000

Universell

Kartlegging og tilrettelegging for fagskulestudentar med nedsett funksjonsevne

1 000

Diku

Arbeid i Nasjonalt fagskoleråd med oppgradering av nasjonale fagplanar

800

NSD

Arbeid for å betre kvaliteten på data i Database for fagskulestatistikk (DBH-F)

500

SSB

Arbeid med statistikk for fagskular

95

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 31,7 mill. kroner på posten. Midlane vil mellom anna gå til

  • Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking for å gjennomføre og drifte det samordna opptaket for høgare yrkesfagleg utdanning og for vidare utvikling av det samordna opptakssystemet

  • Universell for å arbeide med inkludering og tilrettelegging i fagskulane

  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre Studiebarometeret for fagskulestudentar

  • Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) for å arbeide med tiltak som skal utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, mellom anna utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

30 299

30 349

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 271

1 307

Sum kap. 0242

31 570

31 656

Frå 2020 inneheld programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning løyvinga til drift av Noregs grøne fagskule – Vea. Mål og forslag til løyving til Vea for 2021 er omtala nedanfor. Sjå kap. 229 i programkategori 07.20 Grunnopplæringa for resultat i 2019.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på kap. 242 går til drift av Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen har studentar fordelte på blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag.

Sjølv om Vea er ein fagskule, skal skulen òg gi tilbod på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61. Skulen gir i tillegg tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå.

Mål for 2021

Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:

  • gi relevant høgare yrkesfagleg utdanning med god kvalitet

  • auke studenttalet

  • heve kompetansen blant dei tilsette

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 30,3 mill. kroner på post 01 og 1,3 mill. kroner på post 45.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3242, post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Salsinntekter o.a.

4 878

5 009

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 268

1 307

Sum kap. 3242

6 146

6 316

Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner på post 02 og 1,3 mill. kroner på post 61.

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna semesteravgift, sal frå kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

251

22. juli-senteret

637

11 723

15 675

33,7

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

658 999

253

Folkehøgskular

909 830

957 579

993 308

3,7

254

Studieforbund mv.

228 388

232 877

72 430

-68,9

255

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

106 342

108 451

-100,0

256

Kompetanse Noreg

69 660

113 183

128 169

13,2

257

Kompetanseprogrammet

176 181

172 134

376 134

118,5

258

Tiltak for livslang læring

222 183

233 376

159 940

-31,5

Sum kategori 07.50

2 372 220

1 829 323

1 745 656

-4,6

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3256

Kompetanse Noreg

5 172

8 803

9 039

2,7

Sum kategori 07.50

5 172

8 803

9 039

2,7

Innleiing

Kompetansenivået i Noreg er høgt. Grunnopplæringa legg fundamentet for det generelle kompetansenivået i befolkninga. Kompetansen blir utvikla vidare og spesialisert i fagutdanningar, i studium på høgskular og universitet og gjennom arbeidserfaring. Eit høgt kompetansenivå i befolkninga bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Samstundes blir samfunnet stadig meir teknologisk avansert, og arbeidsmarknaden er prega av eit høgt kunnskapsnivå og stor global konkurranse. Med det aukar krava til kompetanse og evne til omstilling, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet. Reforma har to mål: Det første målet er at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet på grunn av manglande kompetanse. Alle skal få moglegheit til å fornye og supplere kompetansen, slik at fleire kan stå lenger i arbeid. Det andre målet er å tette gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har. Våren 2020 la regjeringa fram ei stortingsmelding om kompetansereforma, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet.

Tiltaka i kompetansereforma er blitt endå meir aktuelle med den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien. Som ein del av Utdanningsløftet 2020 la regjeringa fram fleire krisepakkar med tiltak som mellom anna skal gi ledige og permitterte betre tilgang til utdanning og kompetanseutvikling, jf. omtale i hovudinnleiinga i del 1. Fleire av desse tiltaka er ein del av regjeringas kompetansereform.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla i kompetansereforma finansierte.

Tilskot til folkehøgskulane, tilskot til studieforbund og drift av 22. juli-senteret blir òg finansierte over denne programkategorien.

Departementet har fastsett følgande overordna mål for programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring:

  • Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Hovudprioriteringar for 2021

Departementet foreslår å auke løyvingane til kompetansereforma Lære heile livet med til saman om lag 900 mill. kroner.

Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring foreslår departementet å auke løyvingane til følgande tiltak som inngår i kompetansereforma:

  • 110 mill. kroner til treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling under Kompetanseprogrammet, av dei 20 mill. kroner til kompetanseløft for utsette industriklynger

  • 15 mill. kroner til å utvide forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa

Departementet foreslår å legge tilskotsordninga Kompetansepluss inn i Kompetanseprogrammet frå 2021. Det gir ei ramme til Kompetanseprogrammet på 376,1 mill. kroner i 2021.

Departementet foreslår òg midlar til tiltak som inngår i kompetansereforma under andre programkategoriar:

  • 300 mill. kroner for at fleire permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte som er anslått til om lag 25 mill. kroner. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 216,4 mill. kroner til om lag 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning og til ei vidareføring og opptrapping av løyvinga til 1 600 studieplassar som blei oppretta i 2020. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte som er anslått til om lag 65 mill. kroner. Dei nye studieplassane i 2021 skal gå til Industrifagskolen. Sjå omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

  • 46 mill. kroner til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb, slik at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • 45,7 mill. kroner til å auke kapasiteten i fleksible utdanningar ved universitet og høgskular som arbeidslivet etterspør og som gjer det enklare for fleire i ulike livssituasjonar å få påfyll av kompetanse. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte. Midlane vil bli tildelte universitet og høgskular etter konkurranse gjennom Diku. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

  • 45,5 mill. kroner til tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte. Sjå omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa .

Departementet foreslår å endre åtteårsregelen i Lånekassen slik at personar som tek utdanning på deltid, kan få støtte til å ta like mykje utdanning som studentar som studerer på heiltid. Tiltaket har ein utviklingskostnad på 2,6 mill. kroner i 2021. Sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår å forlenge unntaket i regelverket for dagpengar fram til 1. juli 2021, slik at det blir mogleg for fleire permitterte og ledige som får dagpengar, å ta utdanning. Sjå omtale under budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet, kap. 2541 Dagpenger, post 70.

Mål: Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid

Utviklingstrekk og utfordringar

I april 2020 la regjeringa fram stortingsmeldinga om kompetansereforma, Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Kompetansemeldinga skildrar utfordringar med å auke etterspurnaden etter kompetanse, gjere tilboda om kompetanseutvikling meir relevante og gjere koplinga mellom etterspurnad og tilbod betre.

Regjeringa sette våren 2017 ned Kompetansebehovsutvalet for å få ei fagleg vurdering av Noregs kompetansebehov. I februar 2020 la utvalet fram sin tredje rapport, NOU 2020: 2 Fremtidige kompetansebehov III. Læring og kompetanse i alle ledd. Utvalet trekker gjennom sitt treårige arbeid mellom anna fram følgande utfordringar:

  • Endringar i teknologi, klima og demografi fører til nye kompetansebehov.

  • Mange arbeidstakarar deltek for lite i læringsaktivitetar.

  • Det er behov for å auke arbeidslivsrelevansen i fleire utdanningar.

  • Det er mangel på kvalifisert arbeidskraft i fleire næringar.

Endringar i teknologi, klima og demografi fører til nye kompetansebehov i arbeidslivet

Kompetansebehovsutvalet trekker fram tre hovudtrendar som vil forme arbeidslivet og kompetansebehova framover: teknologiutviklinga, klimautfordringa og den demografiske utviklinga. I tillegg viser covid-19-pandemien i 2020 at Noreg òg må vere førebudd på uventa hendingar.

Robotisering og meir omfattande bruk av kunstig intelligens i arbeidslivet reduserer etterspurnaden etter nokre yrke og arbeidsoppgåver og endrar innhaldet i andre yrke. Berekningar viser at det er ein mindre del av jobbane i Noreg som vil bli automatiserte enn i mange andre land i OECD. Dette kan tenkast å henge saman med at det norske arbeidslivet allereie har automatisert bort mange jobbar, mellom anna på grunn av høge effektive minstelønningar og ein samanpressa lønnsstruktur.

Digitalisering i arbeidslivet aukar behovet for yrkes- og profesjonstilpassa digital kompetanse, hos både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Som ei følge av covid-19-pandemien våren 2020, har den norske befolkninga fått nye digitale erfaringar. Når samfunnet og arbeidslivet blir meir avhengige av digitale løysingar, blir det endå viktigare at alle har kompetansen som skal til for å meistre den nye digitale kvardagen.

Det grøne skiftet inneber at kompetansen til arbeidstakarane må tilpassast omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Dei som er utdanna til jobbane som forsvinn i omstillinga, må få tilgang til å utvikle kompetansen sin vidare. Omstillinga vil omfatte endringar i produksjons- og forbruksmønstera våre. Samstundes er det utfordrande å føreseie kva type og kor mange jobbar som vil falle bort eller kome til med det grøne skiftet.

Kompetansebehovsutvalet viser til kva typar kompetanse som ulike ekspertar, næringar og interesseorganisasjonar meiner vil vere nødvendige for å nå lågutsleppsmåla. Desse er

  • generiske ferdigheiter som sjølvrefleksjon, kritisk tenking og samfunnsmedvit

  • fagarbeidar-, teknologi- og realfagskompetanse

  • forvaltnings- og klimarisikokompetanse

  • leiarkompetanse

For nærare omtale, sjå den tredje rapporten til Kompetansebehovsutvalet (NOU 2020: 2).

Framskrivingar som SSB publiserte hausten 2020, viser ein sterk vekst framover i befolkninga i byane og områda rundt, men fallande folketal i mange kommunar i distrikta. SSB ventar sterk aldring i distrikta som følge av ein auke i forventa levealder kombinert med fråflytting av unge personar.

Aldringa vil bli markant overalt, men aller sterkast i distrikta, og vil bety at fleire må stå lenger i arbeid. Då blir det endå viktigare at sysselsette kan halde ved like og utvikle kompetansen sin gjennom utdanning og opplæring. Aldringa legg òg større press på helsetenestene og bidreg til å auke mangelen på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Det vil kunne fordre nye arbeidsformer i framtida.

Det må bli enklare å utvikle kompetanse og ta meir utdanning for arbeidstakarar og andre som treng det

Arbeidslivet er ein viktig arena for læring. I ei tid då krava til kompetanse og omstillingstakta i arbeidslivet blir høgare, må arbeidstakarar kunne bygge vidare på den kompetansen dei har.

Kompetansebehovsutvalet peikar på at for få sysselsette deltek i læringsaktivitetar. Tal frå Lærevilkårsmonitoren frå første kvartal 2020 viser at ikkje-sysselsette personar i større grad deltek i formell vidareutdanning enn sysselsette, og at kvinner deltek i vidareutdanning i større grad enn menn, jf. figur 4.4. I alt har deltakinga i formell vidareutdanning vore stabil dei siste fem åra, men gått noko ned sidan 2008.

Figur 4.4 Deltakarar i formell vidareutdanning etter kjønn og arbeidsstyrkestatus, del av personar i alderen 22–59 år

Figur 4.4 Deltakarar i formell vidareutdanning etter kjønn og arbeidsstyrkestatus, del av personar i alderen 22–59 år

Kjelde: Lærevilkårsmonitoren, livslang læring, tabell 12864 i statistikkbanken frå SSB.

Det er særleg personar med lite utdanning og låg kompetanse, og nokre grupper innvandrarar og eldre arbeidstakarar, som ikkje deltek i kompetanseutvikling. Personar med låg utdanning og låg kompetanse er samstundes dei som er mest sårbare for å hamne utanfor arbeidslivet. Dette blir særleg synleg under den pågåande økonomiske krisa, der personar utan fullført vidaregåande opplæring utgjer ein stor del av dei ledige. Sjå omtale i kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren.

For mange kan finansiering av livsopphald medan ein tek vidareutdanning, vere vanskeleg. Etter regelverket slik det er i dag, har ein rett på lån og stipend i Lånekassen i inntil åtte år, uavhengig av om ein tek utdanning på heiltid eller deltid. Dette gjer terskelen høgare for å ta vidareutdanning for sysselsette personar og andre som treng lån og stipend i vidareutdanningsperioden.

Det er til vanleg avgrensa tilgang for permitterte og ledige til å ta utdanning medan dei får dagpengar. Livsopphaldsutvalet og Etter- og vidareutdanningsutvalet har foreslått å gjere endringar i regelverket for dagpengar, slik at dei som får dagpengar, kan få betre tilgang til utdanning. Som ein del av regjeringa sitt svar på den økonomiske krisa og aukande arbeidsløyse, blei det gjort eit mellombels unntak frå regelverket for dagpengar, slik at dei som var råka av krisa, kunne ta utdanning medan dei fekk dagpengar.

Det er behov for utdanningstilbod som er tilpassa og relevante for arbeidslivet

Dagens utdanningstilbod er ikkje godt nok tilpassa behova til dei som ønsker kompetanseutvikling, noko som særleg gjeld dei som er sysselsette. Tilbakemeldinga frå verksemder, fylkeskommunar, utdanningsinstitusjonar og dei som tek vidareutdanning, er at arbeidslivet har behov for korte, relevante og fleksible utdanningstilbod som det er mogleg å kombinere med jobb.

Høgare yrkesfagleg utdanning skal vere fleksibel, yrkesretta og tilpassa ny teknologi, nye trendar og behov i arbeidslivet. Utdanningstilboda på fagskulane er tilgjengelege for personar i ulike livssituasjonar, mellom anna på grunn av tilgang på nettbasert undervisning og utdanningstilbod på deltid.

Kompetansebehovsutvalet peikar i sin tredje rapport på at arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning er god, men at varierande kvalitet i praksis er ei utfordring. Samstundes peikar utvalet på at universitet og høgskular skal svare på meir langsiktige kompetansebehov enn det arbeidslivet til kvar tid etterspør. Akademiske evner som å gjere kritiske analysar og etiske vurderingar og bruke vitskaplege metodar vil vere kompetanse som er viktig og etterspurd i arbeidsmarknaden i framtida.

Det er behov for betre samsvar mellom kompetansen til den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet

Dei siste åra har vi sett eit stadig større sprik mellom kva kompetanse den einskilde har, og kva kompetanse arbeidslivet etterspør. Tal frå 2019 viser at verksemder har behov for meir og rett kompetanse når det går godt på arbeidsmarknaden. Det er uvisst korleis den pågåande økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien vil påverke kompetansebehova i arbeidslivet.

Om lag 40 pst. av alle offentlege og private verksemder i Noreg rapporterte i 2019 om udekte kompetansebehov i nokon eller stor grad. Tilsvarande del for medlemsverksemdene til NHO var 60 pst. Det er særleg dei store verksemdene som har udekte behov. Delen verksemder som har udekte kompetansebehov er høgast i offentleg sektor, men stig mest i privat sektor. Sidan 2016 har delen verksemder som rapporterer om store udekte kompetansebehov, meir enn dobla seg, jf. figur 4.5.

Figur 4.5 Verksemder med udekte kompetansebehov 2016–19 i offentleg og privat sektor, del av verksemder

Figur 4.5 Verksemder med udekte kompetansebehov 2016–19 i offentleg og privat sektor, del av verksemder

Kjelde: Kompetanse Noregs verksemdbarometer for 2019.

Bedriftsundersøkinga til NAV våren 2020 finn at det særleg er mangel på kvalifisert arbeidskraft innanfor helse- og sosialtenester, eigedomsdrift, økonomisk og fagleg tenesteyting, og bygg og anlegg. Det er størst mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, der det har vore stor mangel over fleire år. Delen verksemder med alvorlege rekrutteringsproblem er størst innanfor helse- og sosialtenester, overnatting og servering, og IKT. Bedriftsundersøkinga blei avslutta 12. mars 2020. Dagen etter blei store deler av samfunnet stengt ned på grunn av covid-19-pandemien. Nokre av resultata vil derfor ikkje vere representative for situasjonen på arbeidsmarknaden i dag.

For å betre koplinga mellom kompetansen til den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet er tilgangen på god informasjon og rettleiing viktig. Einskildpersonar og verksemder må ha informasjon om kva som finst av kompetansetilbod og moglegheiter, og tilbydarane av kompetanseutvikling må ha oversikt over kva behov arbeidslivet har. Per i dag finst det ikkje noka kjelde som gir slik oversiktleg informasjon, og det er avgrensa tilgang til karriererettleiing.

Strategiar og tiltak

I kompetansemeldinga Lære heile livet legg regjeringa fram tiltak for å stimulere til kompetanseutvikling og for å auke kapasiteten i utdanningane mellom anna for dei som vil ta vidareutdanning. Tiltaka i kompetansereforma er blitt endå meir aktuelle med den pågåande økonomiske krisa.

Dette er nokre av tiltaka som inngår i kompetansereforma:

  • Kompetanseprogrammet

  • forsøk med modulstrukturert opplæring

  • Fagbrev på jobb

  • tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

  • tilbod til ledige og permitterte for at dei kan fullføre vidaregåande opplæring

  • digital teneste for karriererettleiing

  • studieplassar ved fagskulane

  • fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskular lyste ut gjennom Diku

  • meir fleksible ordningar for utdanningsstøtte i Lånekassen

2021 er siste året i den femårige strategiperioden til Nasjonal kompetansepolitisk strategi. Kompetansepolitisk råd har ansvaret for å følge opp strategien. Kompetansemeldinga varslar at strategien skal fornyast i samråd med medlemmane i rådet.

Regjeringa har utvikla strategien Integrering gjennom kunnskap. Regjeringas integreringsstrategi 2019–2022. Integreringsstrategien har som mål å få fleire innvandrarar i arbeid gjennom betre kvalifisering og utdanning. Sjå omtale under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning og ei stortingsmelding om styringspolitikk for statlege universitet og høgskular. Begge meldingane skal etter planen leggast fram våren 2021. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

For å lykkast med regjeringa si satsing på kompetanse og legge til rette for at alle skal kunne lære heile livet, må det vere eit tett samarbeid mellom dei sentrale aktørane både nasjonalt, regionalt og lokalt. Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil ta eit initiativ for eit endå betre samarbeid mellom aktørar som fylkeskommunane, tilbydarar av høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, NAV og partane i arbeidslivet.

Det er behov for å styrke tilbodet til unge utan formell kompetanse og unge som treng arbeidserfaring. Regjeringa foreslår derfor ein auka innsats retta mot unge som står utanfor arbeid og utdanning. Forslag om å auke løyvinga til arbeidmarknadstiltak og forslag om å vidareføre den mellombelse oppbemanninga ved NAV-kontorane, vil gi rom for å intensivere ungdomsinnsatsen i 2022, jf. omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet samordnar og styrker sentrale verkemiddel i kompetansereforma. I 2020 hadde Kompetanseprogrammet tre programområde:

  1. tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

  2. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  3. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

I tillegg vil departementet inkludere Kompetansepluss som eit fjerde programområde i Kompetanseprogrammet i 2021.

Tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

Regjeringa foreslår å vidareføre fleksible vidareutdanningstilbod i 2021. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Regjeringa foreslår å vidareføre utvidinga av treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling i 2021. I samråd med partane i arbeidslivet, og som ein del av kompetansereforma og Utdanningsløftet 2020, utvida regjeringa ordninga med nye bransjar våren 2020, jf. Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020). Målet var å treffe ledige og permitterte som var råka av den økonomiske krisa som følgde covid-19-pandemien. Bransjeprogram for industri- og byggenæringa blei utvida og følgande nye bransjar blei tekne inn i ordninga:

  • elektro-, automasjon-, fornybar- og kraftindustrien

  • reiselivsnæringa

  • detaljhandelen/faghandelen

  • mat- og drikkevareindustrien

  • anleggsbransjen

  • frisørnæringa

Stortinget bad i tillegg regjeringa om å opprette bransjeprogram i to nye bransjar, jf. Innst. 370 S (2019–2020):

  • olje-, gass- og leverandørindustrien

  • maritim sektor

Det kjem truleg til å vere utfordringar med høg arbeidsløyse og omstilling for fleire av bransjane som blei lagde inn i ordninga våren 2020, også i 2021. Regjeringa foreslår derfor å vidareføre desse bransjeprogramma i 2021, i tillegg til programmet for olje-, gass- og leverandørindustrien som blei oppretta hausten 2020. Med budsjettforslaget for 2021 er det òg lagt til rette for å opprette eit bransjeprogram i maritim sektor. Innanfor ordninga foreslår regjeringa i tillegg å setje i gang prosjekt som skal gi kompetanseløft for utsette industriklynger i 2021.

Utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

I 2021 skal eit forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar starte opp. Forsøket skal gå over to år.

Kompetansepluss

Departementet foreslår at tilskotsordninga Kompetansepluss blir lagd inn i Kompetanseprogrammet frå 2021. Midlane skal framleis nyttast til målgruppa for ordninga, som er vaksne som treng opplæring i grunnleggande ferdigheiter slik at dei får styrkt moglegheitene sine for å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Andre tiltak for å gjere det enklare å utvikle kompetanse og ta meir utdanning for arbeidstakarar og andre som treng det

Tilskot for at fleire permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa har som mål at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring. Som ein del av Utdanningsløftet 2020 vedtok Stortinget eit tilskot til fylkeskommunane for å gi vidaregåande opplæring til permitterte og ledige hausten 2020. Arbeidsløysa har gått ned sidan våren 2020, men er stadig på eit høgt nivå. Departementet foreslår derfor å vidareføre tilskotet i 2021. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tilskot til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb

Som ein del av Utdanningsløftet 2020 fekk fylkeskommunane eit tilskot til ordninga Fagbrev på jobb slik at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Fylkeskommunane melder om stor etterspurnad etter opplæringa og at opplæringa treffer målgruppa på ein god måte. Departementet foreslår derfor å vidareføre tilskotet i 2021. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

Regjeringa har som mål å auke kompetansen i befolkninga ved at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og tek fagbrev. Departementet foreslår eit tilskot for å gi personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Betre tilpassa tidsramme for lån og stipend i Lånekassen

Regjeringa ønsker å gjere utdanningsstøtteordningane i Lånekassen meir fleksible, slik at personar som ønsker å utvikle kompetansen sin, har økonomi til å gjere det. Departementet foreslår derfor å endre åtteårsregelen for lån og stipend i Lånekassen, slik at personar som tek utdanning på deltid, kan få støtte til å ta like mykje utdanning som studentar som studerer på heiltid. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Forlenging av unntak i regelverket for dagpengar

Regjeringa ønsker å gjere det enklare å ta utdanning medan ein får dagpengar. Regjeringa foreslår derfor å forlenge unntaket i regelverket for dagpengar fram til 1. juli 2021. Unntaket blei innført 20. april 2020. Forlenginga av unntaket vil gjere det mogleg for fleire permitterte og ledige som får dagpengar, å ta utdanning. Sjå omtale under budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet, kap. 2541 Dagpengar, post 70.

Andre tiltak for å betre tilgangen til utdanningstilbod som er tilpassa og relevante for arbeidslivet

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Regjeringa ønsker at det skal bli mogleg for fleire å ta del i høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane bidreg til å utdanne kandidatar med ein kompetanse som arbeidslivet etterspør. Som ein del av kompetansereforma og Utdanningsløftet 2020 foreslår departementet midlar til om lag 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2021, i tillegg til ei vidareføring og opptrapping av løyvinga til 1 600 studieplassar som blei oppretta i 2020. Dei nye studieplassane i 2021 skal gå til Industrifagskolen. Sjå omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Fleksible utdanningar ved universitet og høgskular

Som ein del av kompetansereforma og Utdanningsløftet 2020 foreslår departementet å auke kapasiteten i fleksible utdanningstilbod ved universitet og høgskular. Midlane vil bli tildelte etter konkurranse gjennom Diku. Målet med ordninga er fleksible utdanningstilbod som møter skiftande behov i arbeidslivet og som gjer det mogleg for fleire å få styrka sin kompetanse i ulike livssituasjonar. Sjå omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Tiltak for å betre samsvaret mellom kompetansen til den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet

Lovfesting av tilbod om karriererettleiing i alle fylka

Regjeringa ønsker at det skal bli betre samsvar mellom kompetansen til den einskilde og kompetansebehova i arbeidslivet. Derfor er det viktig at unge og vaksne i alle livsfasar har eit likeverdig tilbod om karriererettleiing.

Tilskotet til fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing blei overført til fylkeskommunane i 2020. Tilskotet har gått til etablering av karrieresenter i fylka og til drift av desse. I samband med innlemminga av tilskotet har Stortinget vedteke at det i opplæringslova blir lovfesta ei plikt for fylkeskommunane til å tilby karriererettleiing for innbyggarane. Tilbodet skal vere gratis og ope for innbyggarane i fylkeskommunen, jf. Innst. 302 L (2019–2020). Fylkeskommunen er ein sentral aktør i kompetansepolitikken, og endringane reflekterer dette.

Karriereveiledning.no – digital teneste for karriererettleiing

Den digitale tenesta for karriererettleiing, Karriereveiledning.no, blei lansert hausten 2020 og skal supplere tilboda om karriererettleiing ved karrieresentera i fylka. Tenesta omfattar mellom anna ei teneste for e-rettleiing der ein kan få profesjonell karriererettleiing via chat eller telefon. Med den økonomiske krisa og den store auken i talet på ledige og permitterte, vil tenesta kunne vere eit viktig bidrag til raskare omstilling for dei utan arbeid. Departementet foreslår å vidareføre tenesta med heilårseffekt i 2021.

Kap. 251 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

637

11 723

15 675

Sum kap. 0251

637

11 723

15 675

22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet og setje det inn i ein historisk og samtidig kontekst. Senteret skal legge til rette for diskusjon og refleksjon om 22. juli 2011 og tema som hat, vald og ekstremisme, nasjonalt og globalt. Målgruppa for senteret er skuleklassar frå ungdomsskuletrinna og oppover, lærarar og lærarstudentar og allmenta.

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2021

Måla for 22. juli-senteret for 2021 er:

  • Elevar, lærarar og lærarstudentar lærer om og reflekterer over terrorangrepet 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk.

  • Læringsressursane til 22. juli-senteret er tilgjengelege for befolkninga i heile landet.

  • 22. juli-senteret dokumenterer, bevarer og formidlar relevante perspektiv og gjenstandar knytt til terrorangrepet 22. juli 2011.

Resultat i 2019

22. juli-senteret blei frå 1. juli 2019 underlagt Kunnskapsdepartementet som eit sjølvstendig forvaltningsorgan. Senteret var tidlegare underlagt Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS). Rapportering for tidlegare år finst under kap. 510, post 23 på budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Resultatrapporteringa gjeld derfor perioden 1. juli–31. desember 2019. Samla tildeling og fullmakter til 22. juli-senteret var i denne perioden på 21,8 mill. kroner. Det inkluderer prosjektet om mellombels etablering av senteret i Teatergata 10.

Hovudprioritet i 2019 har vore etableringa av 22. juli-senteret i mellombelse lokale, utvikling av ny utstilling, undervisning og formidling til elevar og allmenta, i tillegg til arbeid med å etablere lokale til 22. juli-senteret for framtida.

Skuleverket er den viktigaste målgruppa til senteret. Senteret har utvikla pedagogiske verktøy og former for formidling for å kunne medverke til formidlinga av terrorhandlingane. Talet på elevar som besøker senteret, har vore stigande sidan opninga, men den planlagde stenginga av senteret hausten 2019 resulterte i noko færre skulebesøk i 2019 enn året før, jf. tabell 4.20.

Tabell 4.20 Talet på besøkande ved 22. juli-senteret i perioden 2015–19

2015

2016

2017

2018

2019

Elevar

1 905

5 220

7 014

11 646

9 636

Andre besøkande

50 813

31 261

25 762

30 331

31 432

Totalt

52 718

36 481

32 776

41 977

41 068

Kjelde: 22.-juli-senteret.

22. juli-senteret har i 2019 gjennomført seminar og foredrag for lærarstudentar, både i senteret og i læringsinstitusjonane. 526 lærarar og lærarstudentar deltok på ulike opplegg og arbeidsseminar i 2019. 12 opplegg blei haldne for lærarstudentar, i tillegg blei det gjennomført fem eksterne kurs for lærarstudentar og tre eksterne kurs for lærarar.

2019 var året med flest besøkande frå allmenta sidan opninga i 2015, og flest besøk totalt når ein tek med at senteret var stengt i ni veker, jf. tabell 4.20. I 2019 opna den nye utstillinga Samtalen om 22. juli. Utstillinga har som mål å utvide og inkludere fleire i den offentlege samtalen om 22. juli og opne for refleksjonar om årsakene, konsekvensane og livet etter terrorangrepet. Senteret har starta utviklinga av eit filmprosjekt der etterlatne blir intervjua om korleis det er å leve med konsekvensane av 22. juli i dag.

Allmenta har i 2019 òg hatt tilgang til kunnskap om 22. juli og tilgrensande tema gjennom nettsidene til senteret.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 15,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 3,9 mill. kroner som mellom anna skal dekke utgifter som følge av at senteret ikkje lenger er ein del av DSS, og vidareutvikling av utstilling i mellombels lokale. Auken gir òg rom for å auke bemanninga og for å dekke einskilde kostnader knytte til tiårs-markeringa for terrorangrepet.

Kap. 252 EUs utdannings- og ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot

658 999

Sum kap. 0252

658 999

Post 70 Tilskot

I 2020 blei løyvinga til EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, flytta til kap. 288, post 74. Sjå der for budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Norsk deltaking i prosjekt gjennom EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, gir norske skular, universitet, høgskular og andre aktørar tilgang til eit omfattande europeisk nettverk av samarbeidspartnarar av høg kvalitet og bidreg til internasjonal kompetanse og fagleg utvikling. Det er stor grad av samanfall mellom prioriteringane i Erasmus+ og norske prioriteringar, til dømes innovasjon i utdanningane, skuleutvikling og framifrå undervisning, og støtte til grunnleggande ferdigheiter.

Dei nasjonale kontora for Erasmus+, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) administrerer dei midlane som Noreg får tildelt etter ein europeisk fordelingsnøkkel. Om lag 10 pst. av dei totale programmidlane blir delte ut etter konkurranse sentralt i EU. Sjå omtale av Diku under kap. 272, post 50 og omtale av Bufdir i Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet.

Erasmus+ er attraktivt for både lærestadar og einskildpersonar. Gjennom programperioden frå 2014 til 2018 har nesten 4 500 prosjekt med norsk deltaking blitt innvilga. Norske partnarar deltek i europeiske prosjekt som totalt er tildelte meir enn 5 mrd. kroner. Sjølv om ikkje alle midlane går til norske aktørar direkte, syner tala at norske aktørar hentar heim større beløp enn Stortinget la til grunn for innbetalingar til Erasmus+-programmet for heile perioden 2014–20. Diku leverte hausten 2019 rapportar som syner at måla som er sette for perioden 2014–20, kjem til å bli nådde når det gjeld mobilitet i høgare utdanning, yrkesfag, grunnopplæring og vaksenopplæring. Uvissa knytt til covid-19-pandemien kan føre til endra måloppnåing mot slutten av noverande programperiode.

Europeiske universitet er eit nytt tiltak i Erasmus+ frå 2019. Formålet er å utvikle framifrå høgare utdanning i Europa og felles europeisk identitet og å styrke den rolla universiteta har i samfunnet. Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Noregs handelshøgskole har vunne fram i dei to første utlysingsrundane.

Kap. 253 Folkehøgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til folkehøgskular

903 926

951 516

987 051

71

Tilskot til Folkehøgskolerådet

5 236

5 377

5 549

72

Tilskot til Nordiska folkhögskolan

668

686

708

Sum kap. 0253

909 830

957 579

993 308

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. Det er 81 folkehøgskular spreidde over heile landet. Studietilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og fastset sitt eige verdigrunnlag. Kunnskapsdepartementet har ein dialog med Folkehøgskolerådet om å utvikle korleis ein jobbar med kvalitet og innhald ved tilboda i folkehøgskulane.

Folkehøgskulane heldt våren 2020 stengt frå midten av mars og ut semesteret på grunn av covid-19-pandemien. Elevane fekk fjernundervisning resten av semesteret.

I Prop. 114 S (2018–2019) varsla Kunnskapsdepartementet at regjeringa tok sikte på å fase ut tilskotet til kortkurs i folkehøgskulane frå 1. januar 2021, jf. oppmodingsvedtak nr. 62, 4. desember 2017 omtala i del I. Folkehøgskulane får ein tilsvarande auke i grunnløyvinga. Dei to pensjonistfolkehøgskulane, Stiftelsen Nestor Seniorutvikling og Nordnorsk Pensjonistskole, vil framleis kunne halde kortare kurs med rett til tilskot, med unntak av reisekurs utanfor Norden.

Departementet tek sikte på at tilskotet til kortkurs blir fasa ut ved at kortkurselevar gradvis blir tekne ut av tilskotsgrunnlaget frå 2021. Stortinget slutta seg våren 2020 til forslaget frå departementet om naudsynte endringar i folkehøgskulelova, slik at kortkurs ikkje lenger skal gi rett til statstilskot frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020) og Innst. 302 L (2019–2020). Departementet sender forslag til endringar i forskrift til folkehøgskulelova på høyring hausten 2020. Der vil det mellom anna bli foreslått at det frå 2021 ikkje lenger vil vere høve til å nytte statstilskotet til kortkursverksemda.

Departementet har fått innspel frå Folkehøgskolerådet og folkehøgskulane om at avviklinga av tilskotet til kortkurs kan ha særlege negative konsekvensar for nokre få sårbare grupper. Departementet vil i dialog med Folkehøgskolerådet sjå nærare på dette.

Etter ein lang periode med få nye folkehøgskular, har det sidan 2013 blitt starta opp fire nye folkehøgskular. I statsbudsjettet for 2021 blir det lagt til rette for at ytterlegare to folkehøgskular kan starte opp frå hausten 2021. Opprettinga av nye folkehøgskular har vore med på å legge grunnlaget for at stadig fleire unge får høve til å gå eit år på folkehøgskule. Kvart år søker no ei rekke aktørar om å få starte opp nye skular, og mange har søkt fleire år på rad. Det er etter departementets vurdering behov for å sjå nærare på prosessen for godkjenning av nye skular, slik at det blir meir føreseieleg for dei som søker, og kva som skal til for å bli godkjend. Godkjenning vil framleis avhenge av at det er rom for nye skular i dei årlege statsbudsjetta.

Mål for 2021

Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.

Resultat i 2019

Tabell 4.21 viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2016 til 2019. Det totale elevtalet ved folkehøgskulane har auka i dei siste åra til meir enn 8 000 årselevar. Det er i overkant av 10 pst. av eit årskull 19-åringar. Medan talet på langkurselevar i 2019 auka med 1,2 pst. frå året før, har talet på elevar på kortkurs gått nedover i dei seinare åra. I 2019 var nedgangen på 7,1 pst., og totalt i perioden 2016–19 var nedgangen på 23,7 pst.

Tabell 4.21 Elevtal i folkehøgskulane

2016

2017

2018

2019

Elevar med langkurs (vår og haust) (16,5–33 veker)

14 554

14 905

15 068

15 250

Elevar med kortkurs (2–94 dagar)

15 901

15 572

13 002

12 136

Sum elevar

30 455

30 477

28 070

27 386

Årselevar langkurs

7 390

7 551

7 632

7 775

Årselevar kortkurs

606

610

526

497

Sum årselevar

7 996

8 161

8 158

8 272

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 987,1 mill. kroner på posten.

Folkehøgskolerådet har bede om at det ikkje skal gjerast vedtak om å starte opp nye folkehøgskular før dei folkehøgskulane som allereie har fått oppstartstilskot, er i drift. Midlane som departementet foreslår til nye folkehøgskular i budsjettet, er derfor berre til folkehøgskular som allereie har fått oppstartstilskot.

Sjøholt Folkehøgskole skulle etter planen starte opp hausten 2020, men har fått utsett oppstarten til hausten 2021. Skulen har som følge av dette ikkje motteke tilskot i 2020, og budsjettforslaget for 2021 legg til rette for at skulen kan starte opp hausten 2021.

Stord folkehøgskule har fått oppstartstilskot i 2020. Departementet foreslår å løyve 5,1 mill. kroner for oppstart hausten 2021.

I samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2019, blei det løyvd midlar til oppstartstilskot for Sjunkhatten folkehøgskole, jf. Innst. 12 S (2018–2019). Oppstartstilskotet blei vidareført i statsbudsjettet for 2020. I behandlinga av statsbudsjettet for 2020 oppfordra utdannings- og forskingskomiteen regjeringa til å bidra til realisering av prosjektet, jf. Innst. 12 S (2019–2020).

Dei siste åra har det vore praksis at folkehøgskular som får oppstartstilskot, seinare blir godkjende for driftstilskot. Ifølge aktørane bak Sjunkhatten folkehøgskole er det ikkje mogleg å handtere kapitalutgiftene for lokala til den nye folkehøgskulen innanfor eksisterande tilskotsmodell for folkehøgskular. Bakgrunnen er at Sjunkhatten folkehøgskole etter planen skal halde til i nybygde lokale som er universelt utforma.

Departementet vurderer at planane om Sjunkhatten folkehøgskole kan gi eit viktig bidrag for at fleire kan gå på folkehøgskule, uavhengig av føresetnadar. Aktørane bak Sjunkhatten folkehøgskole har søkt departementet om eit investeringstilskot, men dagens tilskotsmodell gir ikkje rom for dette.

Normalt blir det berre gitt oppstartstilskot i eitt år. Departementet foreslår at Sjunkhatten får vidareført oppstartstilskotet i 2021, men at det ikkje blir vidareført frå 2022. Departementet vil understreke at dersom Sjunkhatten folkehøgskule kan drivast innanfor ramma av tilskotsordninga for folkehøgskular, vil prosjektet bli vurdert på lik linje med andre prosjekt som har fått oppstartstilskot.

Øyrekka folkehøgskole har søkt om godkjenning for oppstart frå hausten 2022. I samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget 750 000 kroner til oppstartstilskot for Øyrekka folkehøgskole, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Tilskotet blir utbetalt hausten 2020, og departementet legg til grunn at dette tilskotet også skal dekke eventuelle utgifter folkehøgskulen har til planlegging i 2021.

Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2021

Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.

Resultat i 2019

Det blei gitt eit tilskot på 5,2 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2019. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet, mellom anna å gi innstilling til fordeling av husleigetilskotet til folkehøgskulane. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 5,5 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.

Mål for 2021

Tilskotet skal bidra til drift av nordisk folkehøgskuleverksemd.

Resultat i 2019

Det blei gitt eit tilskot på 668 000 kroner til skulen i 2019 for å støtte drifta av Nordiska folkhögskolan. Om lag 200 000 kroner har blitt nytta til å finansiere norske gjestelærarar i 2019.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 0,7 mill. kroner på posten.

Kap. 254 Studieforbund mv.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til studieforbund

214 524

219 641

68 920

73

Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

13 864

13 236

3 510

Sum kap. 0254

228 388

232 877

72 430

Tilskotet til studieforbund og frivillige organisasjonar legg til rette for at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet.

Post 70 Tilskot til studieforbund

Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane. Kompetanse Noreg forvaltar tilskotsordninga. Opplæringa skjer i regi av 14 landsdekkande studieforbund og dei nær 500 medlemsorganisasjonane deira.

Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

I statsbudsjettet for 2020 varsla regjeringa at tilskotet til studieforbund blir delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet frå 2021. Frå 2021 får Studieforbundet Folkeuniversitetet, Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge og Studieforbundet næring og samfunn tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre ti studieforbunda får tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. I samband med delinga av tilskotsordninga vil departementet gjere endringar i regelverket for ordninga. Tilskotsordninga skal bli evaluert innan fem år etter at endringane er sette i verk, for å identifisere eventuelle utilsikta konsekvensar av delinga.

Mål for 2021

Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. § 1 i lov om vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å redusere utanforskap og fremje inkludering.

Tilskotet skal bidra til at studieforbunda kan drive opplæringsaktivitet i samsvar med eitt eller fleire av dei overordna måla for studieforbundsordninga, jf. vaksenopplæringslova § 4.

Resultat i 2019

14 studieforbund oppfylte krava for å få tilskot i 2019. Aktiviteten i studieforbunda har samla sett vore stabil sidan 2014, men det er store årlege variasjonar for einskilde forbund. Talet på kurstimar i studieforbunda har halde seg relativt stabilt dei siste åra, med 2016 og 2019 som toppår.

Av alle deltakarane i 2019 var 27 pst. i aldersgruppa 14–29 år, 27 pst. i aldersgruppa 30–49 år, og 45 pst. var 50 år eller eldre. Som i tidlegare år var det flest kvinner som deltok på kurs i regi av studieforbunda i 2019. Kurs innanfor estetiske fag og handverksfag er framleis mest populære. Musikkens studieforbund rapporterte om flest studietimar (over 290 000 timar), dernest Studieforbundet Folkeuniversitetet og Studieforbundet Funkis.

Fleire studieforbund framhevar i årsmeldinga at dei når måla sine i opplæring retta mot særskilde målgrupper, til dømes tilbod til ufaglærte, innsette i fengsel og rusmisbrukarar, og integreringstiltak og norskopplæring for innvandrarar og flyktningar.

Tabell 4.22 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2014–19

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Deltakarar

509 724

507 909

504 898

522 458

478 548

485 173

Kurs

43 956

44 672

45 065

44 547

43 338

44 398

Kurstimar

1 384 796

1 390 852

1 419 864

1 398 638

1 389 842

1 401 245

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 68,9 mill. kroner på posten. I forslaget er det lagt til grunn ei rammeoverføring på 153 mill. kroner til kap. 315, post 73 under Kulturdepartementet i samband med flyttinga av ansvaret for tilskotet til ti av studieforbunda.

I samband med delinga av tilskotet til studieforbunda blir også tilskotet til Voksenopplæringsforbundet (VOFO) over kap. 254, post 73 delt. Dei fire studieforbunda som frå 2021 får tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, vil frå no av få eit eige tilskot til samarbeid. Tilskotet blir delt likt mellom dei fire studieforbunda, og samarbeidstilskotet inngår ikkje i grunntilskotet som kan nyttast til administrasjon. Studieforbunda kan sjølve bestemme om tilskotet skal nyttast til kontingent til VOFO eller til andre samarbeidsstrukturar. Som ei følge av dette, foreslår departementet å flytte 3,1 mill. kroner frå kap. 254, post 73 til post 70.

Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) og Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er fellesorgana for dei offentleg godkjende nettskulane og studieforbunda. Tilskotsordninga skal bidra til drift av fellesorgan, slik at dei kan gjere nettskulane og studieforbunda betre i stand til å tilby vaksne fleksibel og brukartilpassa opplæring av høg kvalitet. Kompetanse Noreg forvaltar tilskotsordninga.

Departementet foreslår at tilskotet til studieforbund blir delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet frå 2021, jf. omtale under kap. 254, post 70. Departementet foreslår at tilskotet til Voksenopplæringsforbundet (VOFO) blir delt på same måte, slik at den delen av tilskotet som er knytt til studieforbunda som vil få tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet, blir flytta til Kulturdepartementet. Den delen av tilskotet som er knytt til studieforbunda som vil få tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, blir foreslått flytta til kap. 254, post 70, jf. omtale under denne posten.

Mål for 2021

FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av vaksenopplæring som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer fellesoppgåver for organisasjonane som til dømes aktivitetsrapportering frå nettskular.

Resultat i 2019

VOFO er ein interesseorganisasjon for dei 14 godkjende studieforbunda og dei 497 medlemsorganisasjonane deira. I 2019 har VOFO arbeidd for å synleggjere studieforbunda som kompetanseaktørar i samfunns- og arbeidsliv. VOFO har stimulert til læring og kompetanseutvikling for studieforbunda og frivillige organisasjonar. I tillegg har VOFO utført ei rekke fellestenester som bidreg til samordning av kunnskap og ressursar for studieforbunda.

FuN har til saman 50 medlemmar på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmane er godkjende nettskular, universitet, høgskular og andre verksemder. I 2019 har FuN saman med medlemmane bidrege til å auke kvaliteten på og stimulere til utvikling av fleksibel utdanning. FuN har i 2019 delteke i fleire nordiske og europeiske utviklingsprosjekt som gjeld fjernundervisning og fleksibel utdanning.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 3,5 mill. kroner på posten til tilskot til Fleksibel utdanning Norge. Det blir foreslått å flytte 7,1 mill. kroner av tilskotet til VOFO på posten til kap. 315, post 73 på budsjettet til Kulturdepartementet. Vidare foreslår departementet at 3,1 mill. kroner av tilskotet til VOFO blir flytta til kap. 254, post 70.

Kap. 255 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

37 308

71

Falstadsenteret

23 196

72

Stiftelsen Arkivet

15 834

73

Nansen Fredssenter

6 562

74

Narviksenteret

8 539

75

Det europeiske Wergelandsenteret

9 485

10 740

76

Raftostiftelsen

5 418

77

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

97 711

Sum kap. 0255

106 342

108 451

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Freds- og menneskerettssentera er uavhengige stiftingar som arbeider med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord.

Tilskotet til seks av freds- og menneskerettssentera blei i statsbudsjettet for 2020 samla på kap. 255, post 77. Departementet foreslår å flytte forvaltninga av tilskotet til desse sentera frå Kompetanse Noreg til Utdanningsdirektoratet i 2021. Flyttinga verkar ikkje inn på nivået på tilskotet. Flyttinga inneber at løyvinga over kap. 255, post 77 i 2021 blir flytta til kap. 224, post 70. Mål for 2021 og budsjettforslag for 2021 for løyvinga er under kap. 224, post 70. Resultata for 2019 for sentera er omtala på dei postane midlane blei løyvde over for 2019.

Det europeiske Wergelandsenteret er forankra i ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Europarådet og er direkte underlagt Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å flytte løyvinga til senteret frå kap. 255, post 75 til kap. 224, post 71 i 2021. Mål for 2021 og budsjettforslag for 2021 for senteret er gitt på kap. 224, post 71. Resultata for 2019 for senteret er omtala på posten midlane blei løyvde over for 2019.

Post 70 Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Resultat i 2019

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) hadde 38 987 besøkande i 2019, ein nedgang på ca. 5 pst. frå 2018. Av desse var 7 510 elevar i grunnopplæringa, ein liten nedgang frå 2018.

Senteret leier samarbeidsprosjektet Demokratisk beredskap mot rasismen og antisemittismen (DEMBRA). HL-senteret har rettleidd 16 skular i 2019. I 2019 gav HL-senteret ut den andre publikasjonen i serien om DEMBRA. Totalt har 76 skular og 2 300 lærarar frå heile landet delteke i prosjektet.

HL-senteret avslutta i 2019 forskingsprosjektet Flukt, der dei har intervjua flyktningar frå Irak og Syria om kva etnisk og religiøs identitet har å seie for flukt og tankar om retur.

HL-senteret publiserte i 2019 to studiar om muslimar som viser til ulike mekanismar som forklarer omfanget av fordommar mot denne minoriteten.

Post 71 Falstadsenteret

Resultat i 2019

Falstadsenteret hadde 17 321 besøkande i 2019, ein auke på 22 pst. frå 2018. Av desse var 7 738 elevar i grunnopplæringa, ein auke på 17 pst. frå 2018.

Falstadsenterets undervisningsopplegg for 2019 har teke utgangspunkt i studieutstillinga Forteljingar om flukt. Utstillinga gir elevane eit innblikk i åtte flukthistorier som er relaterte til fangehistoria i Noreg, Falstadsenteret og den andre verdskrigen. Forteljingane inviterer til utforsking av einskildmenneske og konsekvensane av verdskrigen dei opplever, og korleis dette kan knytast til dagsaktuelle problemstillingar.

Falstadsenteret gjennomførte i 2019 det første reisande undervisningsopplegget for ungdomsskuleelevar.

Post 72 Stiftelsen Arkivet

Resultat i 2019

Stiftelsen Arkivet hadde 20 993 besøkande i 2019, ein liten auke frå 2018. Av desse var 5 798 elevar i grunnopplæringa, ein auke på 7,9 pst. frå 2018.

Stiftinga har i 2019 vidareført prosjektet Flyktninger forteller, som handlar om å synleggjere norske flyktningar og verne kulturarven deira gjennom forteljingar.

Stiftinga har ansvaret for det nasjonale krigsseglarregisteret, der 62 334 sjøfolk er registrerte.

I 2019 har stiftinga delteke i samarbeidsprosjektet Plattform – Norsk institutt for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme, med Agder politidistrikt, KS og alle kommunane i Agder.

Stiftinga var i 2019 involvert i programkonseptet Her og nå, i samarbeid med FN-sambandet og Raudekrossen. Målet med konseptet er å skape debatt og kunnskap om aktuelle saker og bygge eit godt samarbeid mellom organisasjonane. Konseptet har vore vellykka.

Post 73 Nansen Fredssenter

Resultat i 2019

Nansen Fredssenter hadde over 5 100 besøkande i 2019. Av desse var 1 130 elevar i grunnopplæring, ein auke på 11 pst. frå 2018.

Nansen Fredssenter har i 2019 lagt til rette for dialogmøte og prosessar som bidreg til å førebygge konflikt mellom barn og unge. Senteret har lagt til rette arenaer der elevar frå vidaregåande skular har snakka saman om tema som negativ sosial kontroll og fordommar mot religionar, folkegrupper eller homofile.

Post 74 Narviksenteret

Resultat i 2019

I 2019 hadde Narviksenteret 36 119 besøkande, ein auke på 16 pst. frå 2018. Av desse var 7 104 elevar i grunnopplæringa, ein auke på 40 pst. frå 2018.

Narviksenteret har i 2019 arrangert pedagogisk opplegg for studentgrupper frå Krigsskulen, Försvarshögskolan og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. I tillegg har senteret gitt stønad til fleire studentar som arbeider med masteroppgåver. Senteret har som ambisjon å ha undervisningsopplegg og aktivitetar som når skular i heile landsdelen, og har i 2019 besøkt 36 skular i landsdelen.

Senteret har i 2019 utvikla ein gratis app for barn under tolv år som gjer det mogleg for barn å bli kjende med historiene til personar som har opplevd krig.

Post 75 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.

Resultat i 2019

10 496 lærarar, skuleleiarar og unge formidlarar har fått opplæring gjennom EWC-prosjekt i 2019, ein auke på 66 pst. frå 2018. 16 institusjonar for lærarutdanning og 40 universitet og høgskular deltok i prosjekt for å styrke kunnskap om demokrati og inkludering i institusjonane. EWC nådde meir enn 70 000 fagpersonar og studentar gjennom aktivitetane sine, noko som er 15 000 fleire enn i 2018. EWC var involvert i 16 prosjekt i 26 land, og det er fire fleire prosjekt enn i 2018.

Senteret har knytt til seg arbeidsgrupper som utviklar nye ressursar, involverer lærarar, lærarutdannarar og ekspertar. Nye modular og materiale blir prøvde ut på skulane. EWC organiserte seks internasjonale og nasjonale konferansar. Senteret har bidrege i policy-arbeid med nasjonale utdanningsstyresmakter i 13 land som samarbeidspartnarar, med iverksetjing av prosjekt tilpassa tilrådingar frå Europarådet.

Læringstilbodet 22. juli og demokratisk statsborgarskap er eit samarbeid mellom Wergelandsenteret, 22. juli-senteret og Utøya AS. Lærarar og elevar frå ungdomsskular lærer å fremje demokratisk statsborgarskap og handle mot ekstremisme. 320 elevar frå 40 skular i Noreg deltok i 2019 og fungerte som formidlarar på skulane og i lokalsamfunna sine. EWC har i samband med ny læreplan også utvikla nye læringsressursar om terrorangrepa 22. juli 2011. Kunnskapsdepartementet bidrog med 3 mill. kroner i prosjektmidlar for 22. juli og demokratisk statsborgarskap i 2019.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 224, post 71. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2021.

Post 76 Raftostiftelsen

Resultat i 2019

Raftostiftelsen hadde 10 201 besøkande i 2019. Av desse var 6 090 elevar i grunnopplæringa, ein auke på 47 pst. frå 2018. Auken kjem av at stiftinga har jobba systematisk og målretta med å marknadsføre undervisninga mot skular og lærarar.

Stiftinga deler ut Raftoprisen. I 2019 blei prisen delt ut til syrisk-libanesiske Rouba Mhaissen, leiar av organisasjonen Sawa for Development and Aid (SDAID). Mhaissen fekk prisen for forsvaret sitt av menneskerettane til menneske på flukt. Organisasjonen Sawa arbeider med å forbetre livssituasjonen til syriske flyktningar, spesielt barn og kvinner i Libanon.

Stiftinga har i 2019 samarbeidd tett med Bergens Næringsråd for å etablere ei plattform om implementering av FNs retningslinjer for næringsliv og menneskerettar (UNGP).

Post 77 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

Posten inneheld tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Stiftelsen Arkivet (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Resultata for 2019 er omtala på dei postane midlane til dei seks sentera blei løyvde over i 2019.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å flytte løyvinga på posten til kap. 224, post 70. Sjå der for mål og budsjettforslag for 2021.

Kap. 256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

66 371

104 369

119 118

21

Særskilde driftsutgifter

3 289

8 814

9 051

Sum kap. 0256

69 660

113 183

128 169

Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk. Oppgåva til Kompetanse Noreg er å jobbe for at det er godt samsvar mellom tilbod og etterspurnad etter utdanning og kompetanse, og for at befolkninga i Noreg kan sikre seg nødvendig kompetanse og kan lære heile livet.

Kompetanse Noreg har mellom anna eit nasjonalt systemansvar for karriererettleiing, ansvaret for å utvikle og koordinere rettleiingsfeltet i Noreg og ansvar for å forvalte tilskotsordningar som skal legge til rette for auka deltaking i livslang læring. Kompetanse Noreg har òg ansvar for innhaldet i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, jf. omtale under programkategori 07.90 Integrering og mangfald.

Løyvingane over kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i Kompetanse Noreg. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel, i hovudsak over kap. 258, post 21 og kap. 292 under programkategori 07.90 Integrering og mangfald. Kompetanse Noreg har ansvaret for å forvalte tilskotsordningar og tiltak under kap. 254, kap. 257 og kap. 258, og ordningar under budsjetta til Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2021

Det overordna målet for programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring er førande for arbeidet til Kompetanse Noreg:

  • Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Måla for verksemda til direktoratet er:

  • Kompetansepolitikken er heilskapleg og samordna.

  • Livslang læring er tilgjengeleg for alle uavhengig av kompetansenivå og behov.

  • Nykomne innvandrarar får læringstiltak som bidreg til auka deltaking i arbeids- og samfunnslivet.

Resultat i 2019

Kompetanse Noreg har i 2019 arbeidd for å styrke tilboda for livslang læring. Gjennom ulike tilbod og tilskot har direktoratet bidrege til at personar og verksemder har fått bistand til å definere kompetansebehova sine, tilpasse opplæring og utdanningstiltak, og auke eller dokumentere kompetansen sin.

Kompetanse Noreg har halde fram med oppfølginga av Nasjonal kompetansepolitisk strategi, der kunnskapsgrunnlag og karriererettleiing står sentralt. Direktoratet har i 2019 utvikla og formidla kunnskap om vaksne si deltaking i opplæring, kompetansebehov og læring i arbeidslivet. I samband med utviklinga av karrierveiledning.no, ei nasjonal digital teneste for karriererettleiing, har direktoratet utarbeidd planar for opplæring av rettleiarane og kvalitetssikring av tenesta.

Direktoratet har bidrege til å betre tilboda om og kvaliteten i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og for vaksne i grunnskulen. Kompetanse Noreg har mellom anna etablert ei ny stipendordning og fått på plass fire vidareutdanningstilbod ved universitet og høgskular for vidareutdanning av lærarar i norsk som andrespråk.

Det er etablert eit nytt og meir målretta tildelingssystem i fylka for midlar til etterutdanning av lærarar som underviser vaksne. Frå 2019 er det fylkesmannen, i samarbeid med opplæringsstadane i fylket og lokale universitet og høgskular, som fordeler midlane til etterutdanning etter dokumenterte utfordringar på område definerte av Kompetanse Noreg.

Kompetanse Noreg har arbeidd med å utvikle og setje i verk fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse og treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Desse tiltaka er viktige delar i regjeringa si kompetansereform, Lære heile livet.

Ei rekke av dei større tiltaka som Kompetanse Noreg har arbeidd med i 2019, er finansierte over kap. 258, post 21 og kap. 292, post 21 og 22 og er omtalte under desse postane. Kompetanse Noreg forvaltar fleire tilskotsordningar, mellom anna tilskotet til studieforbund over kap. 254 og Kompetanseprogrammet over kap. 257.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 119,1 mill. kroner på post 01 og 9,1 mill. kroner på post 21. I forslaget inngår desse flyttingane til post 01:

  • Departementet foreslår å flytte 3 mill. kroner frå kap. 258, post 21. Midlane skal nyttast til å finansiere delar av administrasjonen av Kompetanseprogrammet i Kompetanse Noreg.

  • Departementet foreslår å flytte totalt 11,5 mill. kroner til posten frå kap. 220, post 01 og kap. 258, post 21. Midlane blir overførte som ei oppfølging av gjennomgangen av oppgåvene til Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Noreg på områda vaksenlæring og kompetansemobilisering.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Kompetanse Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

2 911

8 425

8 651

02

Salsinntekter o.a.

2 261

378

388

Sum kap. 3256

5 172

8 803

9 039

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for Kompetanse Noreg. Inntektene på post 02 gjeld salsinntekter og refusjonar.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

5 455

70

Tilskot, kan overførast

170 726

172 134

376 134

Sum kap. 0257

176 181

172 134

376 134

Regjeringa oppretta i 2020 Kompetanseprogrammet, som samordnar sentrale verkemiddel i kompetansereforma. Partane i arbeidslivet er naturlege og sentrale aktørar i vidareutviklinga av programmet, saman med representantar frå utdanningsinstitusjonane. Kompetanse Noreg forvaltar programmet og fungerer som sekretariat.

Programmet kan bli utvida med tiltak etter behov. Kompetanseprogrammet vil i 2021 ha følgande programområde:

  1. tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

  2. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  3. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

  4. Kompetansepluss

Departementet foreslår å legge ordninga Kompetansepluss inn i Kompetanseprogrammet frå 2021 som eit fjerde programområde. Samstundes foreslår departementet at løyvingane til Kompetanseprogrammet blir samla på ein post. Departementet foreslår derfor å flytte midlane til Kompetanseprogrammet frå kap. 258, post 21 til kap. 257, post 70. Resultatrapporteringane for tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod og treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling for 2019 er gitt under kap. 258, post 21.

Tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

Fleksible vidareutdanningstilbod rettar seg mot verksemder og arbeidstakarar som treng meir kompetanse som følge av digitalisering og andre krav til omstilling i arbeidslivet. Utdanningstilbydarane skal utvikle tilboda i tett samarbeid med arbeidslivet, som kjenner utfordringane og kompetansebehova best. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, for eksempel gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar. Det er Kompetansepolitisk råd som gir råd om kva slags tilbod som skal prioriterast.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Treparts bransjeprogram er eit samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Målet med bransjeprogrammet er at fleire skal delta på kurs og i vidareutdanning i dei bransjane som til kvar tid inngår i programmet. Permitterte og ledige kan òg delta i kompetanseutvikling innanfor bransjeprogramma. Ordninga skal bidra til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling. Partane i arbeidslivet er representerte i programområdestyre for kvart bransjeprogram.

Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

Kompetanseprogrammet legg til rette for utprøvingar av ulike insentivordningar for å auke etterspurnaden etter livslang læring. I første omgang vil det bli prøvd ut eit vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Fagarbeidarar tek mindre del i kompetanseutvikling enn høgt utdanna. Samstundes tyder forsking på at effekten av ordningar for kompetanseutvikling er større for dei som ikkje har høgare utdanning, og at det er gunstig å målrette slike ordningar mot personar med fagutdanning.

Kompetansepluss

Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter og norsk eller samisk. Verksemder og frivillige organisasjonar kan søke om midlar gjennom ordninga.

Kompetansepluss består av ordningane Kompetansepluss arbeid, Kompetansepluss frivilligheit og prøveordninga med fagopplæring i Kompetansepluss. Kompetansepluss arbeid har som mål å nå små og mellomstore verksemder og ulike bransjar, særleg dei som sysselset arbeidskraft med låg utdanning og er konjunkturutsette. Opplæringa skal vere praksisnær og relevant for arbeidssituasjonen til deltakarane. Gjennom Kompetansepluss frivilligheit kan fleire målgrupper ta del i opplæring i regi av frivillige organisasjonar. Målet er å gi vaksne som treng det, opplæring i grunnleggande ferdigheiter, slik at dei får styrkt moglegheitene sine for å delta i arbeids- og samfunnslivet.

Løyvinga over kap. 257, post 21 for administrering og utvikling av Kompetansepluss blei i 2020 flytta til kap. 256, post 01. Resultatrapporteringa er gitt under posten som midlane blei løyvde over i 2019.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, og post 70 Tilskot, kan overførast

Frå 2020 er post 21 avvikla, og løyvinga er flytta til kap. 256, post 01.

Mål for 2021

  • Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2019

Kompetansepluss-ordninga omfatta i 2019 opplæring i grunnleggande ferdigheiter, grunnleggande norsk-/samiskopplæring og fagopplæring.

Om lag 13 000 vaksne fekk opplæring gjennom prosjekta i Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit i 2019. Talet på søkarar i Kompetansepluss arbeid er dobla dei siste fem åra. Sjå tabellane under for meir informasjon.

Tabell 4.23 Kompetansepluss arbeid 2012–19 (beløp i mill. kroner)

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Omsøkt beløp

190,6

182,7

186,2

200,7

293,8

311,2

304,1

324,8

Tildelt beløp

107,6

104,3

141,8

162

220,2

197,0

184,0

154,1

Talet på søknader

503

461

600

651

947

1 135

1 050

1 220

Talet på innvilga søknader

370

348

503

561

734

715

620

541

Talet på deltakarar

8 737

7 781

10 853

11 291

14 793

13 761

10 8021

3 0051

Tabellen omfattar søknader og tildelingar etter ordinær utlysing og særskilde satsingar. Det tildelte beløpet er for fleire av dei siste åra høgare enn løyvinga på posten. Det er finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år.

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Tabell 4.24 Kompetansepluss frivilligheit 2017–19 (beløp i mill. kroner)

2017

2018

2019

Omsøkt beløp

47,4

57,3

55,4

Tildelt beløp

24,9

12,4

11,2

Talet på søknader

146

193

188

Talet på innvilga søknader

79

38

45

Talet på deltakarar

2 768

1 1431

2971

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Tabell 4.25 Kompetansepluss 2019 (beløp i mill. kroner)

Omsøkt beløp

Tildelt beløp

Talet på søknader

Talet på innvilga søknader

Kompetansepluss arbeid

324,8

154,1

1 220

541

Kompetansepluss frivilligheit

55,4

11,2

188

45

Prøveordning med fagopplæring

25,0

16,3

78

52

Totalt, Kompetansepluss

405,2

181,6

1 486

638

Kjelde: Kompetanse Noreg, Statistikkbanken

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 376,1 mill. kroner til Kompetanseprogrammet.

Departementet foreslår å samle løyvingane til Kompetanseprogrammet på ein post, og foreslår derfor å flytte midlane til Kompetanseprogrammet frå kap. 258, post 21 til kap. 257, post 70, tilsvarande 94 mill. kroner.

Departementet vil vidareføre fleksible vidareutdanningstilbod som del av Kompetanseprogrammet. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) forvaltar også ei ordning for fleksible utdanningstilbod, sjå kap. 272, post 52.

Gjennom behandlinga av Prop. 73 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020) blei treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling styrkt med 120 mill. kroner i 2020. Auken la til rette for å etablere seks nye bransjeprogram og å utvide bransjeprogrammet i industri- og byggenæringa i møte med den økonomiske krisa, jf. Innst. 233 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Stortinget bad i tillegg regjeringa om å opprette bransjeprogram i to nye bransjar: olje-, gass- og leverandørindustrien, og maritim sektor, jf. Innst. 370 S (2019–2020). Regjeringa meiner det er grunn til å tru at arbeidsløysa og utfordringane med omstilling vil halde fram inn i 2021 for fleire av desse bransjane. Regjeringa foreslår derfor 110 mill. kroner i 2021 for å vidareføre utvidinga av bransjeprogramma i 2021. Innanfor løyvinga til bransjeprogram foreslår regjeringa 20 mill. kroner til kompetanseløft for utsette industriklynger i 2021.

Kompetanseprogrammet legg òg til rette for utprøving av insentivordningar for livslang læring. I 2021 skal forsøket med eit vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar starte opp. Forsøket skal gå over to år.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

187 658

233 376

159 940

60

Tilskot til karriererettleiing

34 525

Sum kap. 0258

222 183

233 376

159 940

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken og vaksenlæring. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Kompetanse Noreg.

Løyvinga på posten blir òg nytta til drift av tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat, og til tilskot til offentlege aktørar som blir involverte i kompetansepolitikken og vaksenlæring.

Vidare kan løyvinga finansiere fleire mindre tiltak innanfor området livslang læring.

Departementet foreslår å flytte midlane til Kompetanseprogrammet frå kap. 258, post 21 til kap. 257, post 70 i 2021. Sjå kap. 257, post 70 for budsjettforslag for 2021. Resultatrapporteringa for 2019 for Kompetanseprogrammet er gitt under kap. 258, post 21.

Mål for 2021

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2019

Rapporteringa nedanfor gjeld dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2019.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Satsinga på treparts bransjeprogram i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor og i industri- og byggenæringa blei ført vidare og styrkt i 2019. Det blei tildelt 7,7 mill. kroner til tre prosjekt og 1 mill. kroner til ei arbeidsgruppe i regi av KS i bransjeprogrammet i helse og omsorg. I bransjeprogrammet for industri og byggenæringa tildelte Kompetanse Noreg om lag 16 mill. kroner til sju prosjekt. Resultatet er mellom anna at det har blitt utvikla fleire fleksible utdanningstilbod som treffer arbeidslivets behov.

Utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod

Satsinga på fleksible vidareutdanningstilbod blei vidareført og utvida i 2019. Det er gitt tilskot på til saman 55 mill. kroner fordelt på 19 ulike prosjekt. Prosjekta skal utvikle ei rekke vidareutdanningstilbod innanfor høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, primært i område som digitalisering og teknologi. Tilboda rettar seg mot verksemder og arbeidstakarar som treng meir kompetanse som følge av digitalisering og andre krav til omstilling i arbeidslivet. Utdanningstilbydarane utviklar tilboda i tett samarbeid med arbeidslivet, som kjenner utfordringane og kompetansebehova best. Tilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med tilnærma full jobb, til dømes gjennom inndeling i modular, nettbasert opplæring og/eller samlingar.

Nasjonal digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk

I 2019 har Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Noreg halde fram samarbeidet om å utvikle ei nasjonal digital karriererettleiingsteneste, karriereveiledning.no. Tenesta skal bidra til å sikre eit likeverdig karriererettleiingstilbod til heile befolkninga, uavhengig av alder, bustad, utdanning eller tilknyting til arbeidsmarknaden. Tenesta blei lansert hausten 2020 og består av ein nettstad med informasjon, sjølvhjelpsverktøy og e-rettleiing.

E-rettleiingstenesta skal bygge på det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing. Rammeverket blir utvikla av Kompetanse Noreg og skal vere eit verktøy for karriererettleiarar og andre med ansvar for tenestene på tvers av sektorar.

Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne

Det er sett i gang tre forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne. Målet med forsøka er ei fleksibel og meir effektiv opplæring for vaksne og at fleire vaksne tek grunnskuleopplæring og fag- eller sveinebrev.

Forsøket med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (FVO/opplæring på grunnskulenivå for vaksne) omfatta 43 opplæringsstader i 41 kommunar og ein fylkeskommune ved utgangen av 2019. Våren 2019 gjekk 859 kandidatar opp til avsluttande eksamen, og hausten 2019 blei den første hausteksamenen gjennomført med 29 kandidatar.

Opplæringa i modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne starta i 2017 og går føre seg i åtte utvalde lærefag med om lag 230 deltakarar. Forsøka blei utvida til to nye programområde med fem nye lærefag i 2019 og vil halde fram til 2023.

Kombinasjonsforsøket gir vaksne moglegheit til å kombinere opplæring i førebuande vaksenopplæring med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Fire fylkeskommunar (Nordland, Oppland, Oslo og Trøndelag) fekk innvilga kombinasjonsforsøk i 2019.

Kartleggingsverktøy og nettbasert opplæringstilbod i grunnleggande ferdigheiter

Kompetanse Noreg avslutta i 2019 oppdraget om å utvikle kartleggingsverktøy og e-læring i grunnleggande lesing, skriving, rekning og munnlege og digitale ferdigheiter. For kvar av dei fem grunnleggande ferdigheitene er det no ein test, eit sjølvvurderingsverktøy og ein e-læringsressurs. I tillegg har Kompetanse Noreg utvikla læringsspelet Kompis, der ein kan øve på alle dei grunnleggande ferdigheitene. Meir enn 12 000 unike brukarar var inne i e-læringskurset i rekning i den første kampanjeperioden, og over 22 000 unike brukarar spelte Kompis i den neste kampanjeperioden.

Alle ressursane er tilgjengelege for brukarar på mellom anna mobiltelefon og pc. Ressursane inngår òg i det pedagogiske opplegget for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i arbeidslivet, ved opplæringsinstitusjonar og i regi av NAV.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 159,9 mill. kroner på posten. I forslaget inngår desse flyttingane av midlar til og frå posten:

  • 94 mill. kroner til Kompetanseprogrammet blir flytta til kap. 257, post 70.

  • 3 mill. kroner for å finansiere delar av administrasjonen av Kompetanseprogrammet i Kompetanse Noreg blir flytta til kap. 256, post 01.

  • 4,2 mill. kroner blir flytta til kap. 256, post 01 for å lønne tilsette i faste stillingar knytte til oppgåver som frå 2020 er flytta frå Utdanningsdirektoratet til Kompetanse Noreg.

  • 3,5 mill. kroner blir flytta frå kap. 226, post 21. Midlane går til tiltak for yrkesfag, inkludert Finn lærebedrift.

  • 1 mill. kroner til Espeland Fangeleir blir flytta til kap. 226, post 21 fordi Utdanningsdirektoratet overtek forvaltninga av tilskotet frå Kompetanse Noreg.

Kompetansereforma Lære heile livet

Departementet foreslår ein auke på til saman om lag 900 mill. kroner til kompetansereforma i 2021, jf. omtale i kategoriinnleiinga.

Over kap. 258, post 21 foreslår departementet å finansiere følgande tiltak i kompetansereforma:

  • 15 mill. kroner til å utvide forsøket med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Dette er heilårseffekt av utvidinga i 2020, jf. Prop. 127 S (2019–2020).

  • Vidareføring av den digitale tenesta for karriererettleiing, karriereveiledning.no, med 42 mill. kroner. I løyvinga er heilårseffekten av stillingane i tenesta som blei oppretta hausten 2020, inkludert.

  • Departementet vil halde fram med å greie ut ei digital kompetanseplattform som skal gjere det enklare å finne fram til kompetansetilbod.

Tiltak som støtter kompetansereforma og andre tiltak

Innanfor løyvinga er det sett av midlar til den internasjonale undersøkinga PIAAC (Program for the International Assessment of Adult Competencies). Undersøkinga, som òg blir finansiert over kap. 226, post 21, skal auke kunnskapsgrunnlaget om vaksnes grunnleggande ferdigheiter.

Delar av løyvinga på kap. 258, post 21 vil bli nytta til å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom oppdragsforsking og utgreiingar. Kompetansebehovsutvalet blir òg finansiert over posten.

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom tiltaka som blir finansierte av løyvinga på posten.

Post 60 Tilskot til karriererettleiing

I 2020 blei tilskotet på posten innlemma i rammetilskotet til fylkeskommunane, slik det blei varsla i Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner, jf. Innst. 119 S (2018–2019).

Tilskot til etablering av fylkesvise partnarskapar for karriererettleiing blei oppretta i 2014. Målet med ordninga var at unge og vaksne i alle livsfasar får eit likeverdig tilbod om karriererettleiing.

I samband med innlemminga av tilskotet har Stortinget vedteke at det i opplæringslova blir lovfesta ei plikt for fylkeskommunane til å tilby karriererettleiing for innbyggarane. Tilbodet skal vere gratis og ope for innbyggarane i fylkeskommunen, jf. Innst. 302 L (2019–2020).

Resultat i 2019

2019 var siste året for ordninga med tilskot til dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing, som frå 2020 er overført til rammetilskotet til fylkeskommunane. I 2019 etablerte Oslo sitt første karrieresenter. Dermed har alle fylke minst eitt karrieresenter, og etableringa sikrar vaksne i Oslo eit offentleg og gratis karriererettleiingstilbod. Rapporteringa frå karrieresentera for 2019 viser at 20 958 personar fekk individuell karriererettleiing ved eit karrieresenter. Det er ein auke på 7 pst. frå året før. I tillegg gjennomførte sentera til saman 1 062 grupperettleiingar og kurs. Rapporteringa viser at nær 80 pst. av dei som nyttar tilbodet om karriererettleiing, har vidaregåande opplæring eller lågare som høgaste fullførte utdanningsnivå.

Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

260

Universitet og høgskular

37 218 102

38 585 513

40 748 905

5,6

270

Studentvelferd

658 809

822 442

926 887

12,7

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

174 831

175 030

0,1

272

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

601 000

676 869

12,6

273

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

213 265

29,6

274

Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

-74,5

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

284 421

429 539

51,0

280

Felles einingar

961 113

281

Felles tiltak for universitet og høgskular

515 523

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 508

19 303

19 392

0,5

285

Noregs forskingsråd

4 856 574

4 793 985

5 254 950

9,6

286

Regionale forskingsfond

189 119

194 982

3,1

287

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

485 685

218 120

223 974

2,7

288

Internasjonale samarbeidstiltak

2 895 864

3 496 001

3 762 017

7,6

289

Vitskaplege prisar

44 969

46 408

3,2

Sum kategori 07.60

47 611 178

49 536 662

52 708 540

6,4

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

627

644

2,7

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3280

Felles einingar

8 801

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

6 236

14 582

133,8

Sum kategori 07.60

8 801

6 873

15 236

121,7

Innleiing

Forsking og høgare utdanning er avgjerande for å bringe fram kunnskapen som trengst for ei ønskeleg samfunnsutvikling, og for å spreie oppdatert kunnskap til beste for samfunnet og den einskilde. Regjeringa sine overordna mål for forsking og høgare utdanning er omtala i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Aktiviteten i høgare utdanning og forsking femnar òg på tvers av måla for Kunnskapsdepartementet, jf. kap. 1 Hovudinnleiinga. Av dei ti måla for politikkområda i kunnskapssektoren er følgande særleg relevante for programkategori 07.60:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

  • Fleire har relevant digital kompetanse.

  • Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte.

  • Fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø.

Hovudprioriteringar for 2021

Departementet foreslår 753,4 mill. kroner til utvida utdanningskapasitet ved universitet og høgskular. Av desse er 603,2 mill. kroner ei vidareføring og opptrapping av løyvinga til nye studieplassar i samband med Utdanningsløftet 2020. Dette inneber at institusjonane kan halde fram med det auka opptaket med rundt 4 000 fleire studentar også i 2021. Resten av midlane er ei opptrapping av tidlegare tildelingar frå 2016 til 2020. Departementet foreslår i tillegg å auke tilskotet gjennom Diku til fleksible studietilbod med 45,7 mill. kroner.

Departementet foreslår 338,1 mill. kroner til vidareføring av dei 250 rekrutteringsstillingane som stipendiat eller postdoktor som blei oppretta i samband med Utdanningsløftet 2020.

Studentar som blei tekne opp til dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i 2017, vil starte på det femte året av utdanninga hausten 2021. Departementet foreslår å auke løyvinga med 89,1 mill. kroner til dei institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning.

Regjeringa held fram med å følge opp måla og dei langsiktige prioriteringane i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Regjeringa foreslår 339 mill. kroner til oppfølging av dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.

Departementet foreslår å auke løyvinga til studentsamskipnadene med 20 mill. kroner for å styrke velferdstenestene til studentane.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Utviklingstrekk og utfordringar

Utdanning som utnyttar ressursane i befolkninga og dekker kompetansebehova i samfunnet

Samfunnet står framfor store utfordringar. Ei kompetent befolkning er ein føresetnad for ei vellykka omstilling. Studentane må bli utrusta med kompetanse som gjer dei i stand til å løyse utfordringane i arbeidslivet i dag – og til å skape arbeidslivet for i morgon. Tilbodet må vere i pakt med både det studentane ønsker, og behova for å bemanne eit produktivt næringsliv og offentlege tenester som kan gi god velferd til alle. Høgare utdanning av høg kvalitet må vere tilgjengeleg både for dei som kjem rett frå vidaregåande skule, og for dei som treng utdanning i andre fasar av livet.

Covid-19-pandemien har ført til høgare arbeidsløyse og auka etterspurnad etter utdanning. Fleire vil måtte omskulere seg til eit anna yrke for å komme tilbake i arbeid, medan unge på veg ut i arbeidslivet står i fare for å møte stengde dører. Ei undersøking frå Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) viser at over halvparten av dei permitterte arbeidstakarane meiner det er aktuelt med meir utdanning for å få ny jobb dersom dei mistar jobben som følge av pandemien.

Over 150 000 personar har våren 2020 søkt om studieplass ved universitet og høgskular via Samordna opptak. Det er om lag 12 000 fleire enn i 2019, noko som er den største auken i søkartala sidan 2009. Det er i tillegg ein stor auke av søkarar til opptaka som skjer lokalt ved institusjonane (opptak til mange toårige masterstudium, vidareutdanningar m.m.).

Det er derfor naudsynt med eit utvida tilbod av god høgare utdanning, både for å dekke dei behova for kompetanse som omstillingsutfordringa krev, og for å utnytte ressursane til dei særleg mange som no vender seg mot dei høgare lærestadane våre.

Studentane treng internasjonale impulsar

For å løfte kvaliteten i høgare utdanning og forsking er vi avhengige av kontakt og samarbeid med gode miljø i utlandet. Internasjonalt samarbeid og internasjonale perspektiv er òg naudsynt for å handtere globale samfunnsutfordringar knytt til dømes til klima, teknologi, demografi og demokrati. Internasjonalisering i utdanningane tek ulike formar. Det kan handle om eit internasjonalt fagmiljø, om eit pensum med internasjonale perspektiv, og om eit læringsmiljø som også omfattar utanlandske studentar.

Dei sterkaste internasjonale impulsane får studentane ved å studere i utlandet – anten ved å ta ein heil grad eller ved å reise på utveksling frå ein norsk lærestad. I Meld. St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning slo regjeringa fast at det langsiktige målet er at halvparten av dei som tek ein grad i norsk høgare utdanning, skal ha hatt eit studieopphald i utlandet. Eit studieopphald i utlandet gir i tillegg til det faglege læringsutbyttet studentane betre motivasjon og kan òg gi betre karriere- og lønnsutsikter. Utanlandserfaring er òg positivt for eigenskapar som samarbeidsevne, språkkunnskap, sjølvstende, kreativitet og kulturell bevisstheit.

Covid-19-pandemien har gjort at mange utvekslingsopphald i 2020 blei avbrotne eller avlyste, og har skapt usikkerheit for mange. Samstundes har den globale krisa understreka behovet for internasjonalt samarbeid. Det er derfor viktig at universiteta og høgskulane i størst mogleg grad legg til rette for at studentane skal kunne reise på utveksling i vårsemesteret 2021, innanfor gjeldande smittevernstiltak. Nokre institusjonar, som Universitetet i Bergen, har klart å sende studentar på utveksling til andre europeiske land i haustsemesteret 2020, eit døme på at det er mogleg i ein vanskeleg situasjon.

Styring for å oppnå nasjonale mål med ein mangfaldig og handlekraftig sektor

Styringspolitikken for universiteta og høgskulane må støtte opp under den faglege og langsiktige utviklinga til kvar institusjon og samstundes sørge for at dei samla sett møter forventningane frå samfunnet på ein god måte. Utvalet som i 2020 la fram eit forslag til ny universitets- og høgskulelov (Aune-utvalet), peika på at institusjonane har teke det ansvaret dei blei tiltenkte gjennom dei utvida fullmaktene dei fekk med Kvalitetsreforma, men at den samla styringa frå sentrale styresmakter gjennom ulike verkemiddel framleis er omfattande. Utvalet meiner at dette på sikt kan verke negativt inn på handlingsrommet universiteta og høgskulane har til å utvikle si eiga verksemd. Utvalet meiner vidare at styringssystemet har ført til at det har blitt mindre forskjellar mellom institusjonane og dermed mindre mangfald i sektoren.

Strategiar og tiltak

Utdanningsløftet 2020

Regjeringa vil gjennomføre eit utdanningsløft for å møte omstillingsbehovet og motverke skadeverknadene av den pågåande pandemien og den auka arbeidsløysa. Å heve kompetansen innanfor område som blir viktige framover, er ei god investering både for samfunnet og for dei som av ulike årsaker står utanfor arbeidsmarknaden. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget ein halv mrd. kroner til ein pakke av utdanningstiltak, kalla Utdanningsløftet 2020, sjå omtale under del III, kap. 11. For å utvide utdanningskapasiteten blei løyvingane til universitet og høgskular auka med 196,2 mill. kroner, tilsvarande eit auka opptak av om lag 4 000 studentar. Det blei òg løyvd 109,2 mill. kroner for å styrke fagmiljøa og den forskingsbaserte undervisninga, som tilsvarer 250 nye rekrutteringsstillingar. I tillegg blei det løyvd eittårige midlar på 36,6 mill. kroner for raskt å kunne utvide tilgangen på fleksible utdanningstilbod gjennom den nye ordninga i Diku, sjå omtale under kap. 272, post 50.

I fordelinga av midlane til auka utdanningskapasitet har regjeringa teke omsyn både til kva område det er store behov for kompetanse i samfunnet på, og kvar institusjonane såg seg i stand til å auke tilbodet raskt. Tildelingane gjekk i hovudsak til fagområda helse- og sosialfag, lærarutdanning, matematikk og naturfag, teknologi og juridiske og økonomiske og administrative fag.

I budsjettet for 2021 foreslår regjeringa å vidareføre og trappe opp midlane frå Utdanningsløftet 2020 til auka utdanningskapasitet og rekrutteringsstillingar med høvesvis 603,2 og 338,1 mill. kroner. Regjeringa foreslår i tillegg å auke tilskotet gjennom Diku til fleksible studietilbod med 45,7 mill. kroner til 97,2 for 2021. For seinare budsjettår vil regjeringa vurdere behovet for å vidareføre den auka utdanningskapasiteten med utgangspunkt i utviklinga i arbeidsmarknaden. Regjeringa foreslår òg å vidareføre og trappe opp midlar til studieplassar som er vedtekne av Stortinget i budsjetta for 2016–20 med 150,2 mill. kroner.

Kompetansereforma

Regjeringa la i april fram Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, sjå omtale i kategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Regjeringa har ei klar forventing til universiteta og høgskulane om at dei tilpassar utdanningstilboda sine i tråd med den kompetansen samfunnet har behov for no og framover i tid. Fleire må oppdatere kompetansen sin gjennom vidareutdanning enn dei som lærestadane når ut til i dag. Samtidig som universiteta og høgskulane skal ta hand om fleire unge som søker høgare utdanning for første gong, er det viktig at dei utviklar og gir tilbod om fleksible utdanningar retta mot dei som kjem tilbake til høgare utdanning undervegs i karrieren. Det må bli lettare å få tilgang til kunnskapen frå universitet og høgskular, også for personar som ikkje er registrerte studentar.

Stortingsmelding om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning

Høgare utdanning skal bidra til å utvikle samfunnet, til å handtere store samfunnsutfordringar og til å gi arbeidslivet tilgang til kvalifisert arbeidskraft. Det er eit viktig mål for regjeringa å heve kvaliteten i høgare utdanning og å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet. For å oppnå dette må lærestadane og arbeidslivet utvikle betre og meir gjensidig samarbeid om å identifisere kunnskapsbehov og å gi studentane relevant læring. Derfor vil regjeringa legge fram ei melding for Stortinget om arbeidslivsrelevans i høgare utdanning, etter planen våren 2021.

Stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet

Regjeringa vil legge fram ei melding for Stortinget om internasjonal studentmobilitet i høgare utdanning hausten 2020. Målet for meldinga er å bidra til ei kulturendring i universitets- og høgskulesektoren. Internasjonal mobilitet skal bli ein integrert del av alle studieprogram. Dette vil bidra til å nå målet til regjeringa om at halvparten av dei som tek ein grad i norsk høgare utdanning, skal ha hatt eit studieopphald i utlandet. Meldinga vil gi tydelege forventningar til lærestadane om å legge til rette for at studentane skal ta eit studie- eller praksisopphald i utlandet.

Panorama-strategien

Regjeringa er oppteken av å styrke samarbeidet på kunnskapsfeltet med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Panorama: strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) legg til rette for eit meir koordinert og langsiktig samarbeid. Siktemålet er meir samarbeid av høg kvalitet på område av særleg interesse for Noreg. Ei av hovudprioriteringane i strategien er styrkt studentmobilitet, og regjeringa ønsker at fleire studentar vel å studere i strategilanda. Panorama-strategien blei evaluert i 2020 med positivt resultat. Eit av funna var at utdanningssamarbeid og studentmobilitet har blitt knytt tettare saman med forskingssamarbeid. Sidan det framleis er behov for langsiktig innsats, vil regjeringa legge fram ein revidert Panorama-strategi for perioden 2021–27 ved årsskiftet.

Oppfølging av NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler

Regjeringa mottok i februar 2020 ei utgreiing med forslag til ny lov om universitet og høgskular (Aune-utvalet) og vil legge fram ein proposisjon med lovendringar våren 2021.

Stortingsmelding om styringspolitikken for statlege universitet og høgskular

Regjeringa vil legge fram ei melding for Stortinget som gjennomgår heilskapen i styringa og forankrar ein klar og føreseieleg styringspolitikk for statlege universitet og høgskular. Styringa skal balansere behova for politiske prioriteringar og nasjonal koordinering med behova for sjølvstendige og handlekraftige institusjonar. Formålet med meldinga er å forenkle og tydeleggjere styringa av universitets- og høgskulesektoren og gi betre samsvar mellom dei politiske måla og dei ulike styringsverkemidla. Meldinga vil bli lagd fram våren 2021.

Finansiering av femårig grunnskulelærarutdanning

Studentar tekne opp i dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i 2017 vil starte på det femte året av utdanninga hausten 2021 og fullføre utdanninga i 2022. Regjeringa foreslår 89,1 mill. kroner for å styrke finansieringa av grunnskulelærarutdanningane som følge av utvidinga til ei femårig utdanning.

Mål: Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

Frå digital dugnad til ny normal

Stenginga av universitet og høgskular som følge av smitteverntiltaka i mars 2020 gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging frå campusundervisning til nettundervisning. Vi har sett ei sterk dugnadsånd og omstillingsevne i akademia og opplevd eit stort digitalt kompetanseløft i undervisninga. Trass i denne innsatsen førte den ekstraordinære situasjonen til eit dårlegare læringsmiljø for mange. Men dei nyvunne erfaringane med digitale verktøy under krisa kan òg kome til nytte i ein ny normalsituasjon, der verktøya kan kome til sin rett ved å utvide og forbetre læringsmiljøet og tilgangen til utdanning, og ikkje berre vere ei reserveløysing. Teknologien kan gjere det mogleg å auke læringsutbytet gjennom nye og meir studentaktive undervisningsformer.

Ei stor utfordring då universitet og høgskular måtte legge om til digital undervisning under koronakrisa, var at det ikkje fanst eit godt system for å dele læringsressursar og god praksis. Vi treng gode tekniske løysingar og ein sterkare delingskultur for å ta dugnadsånda frå koronakrisa vidare. Ved å dele og gjenbruke digitale læringsressursar vil institusjonane kunne oppnå betre kvalitet i utdanninga og spare utgifter.

Behov for oppgraderte og tilpassa fysiske læringsmiljø

Fleire universitet og høgskular må utvikle og oppgradere dei fysiske omgivnadene ved lærestadane for å møte nye og endra behov i undervisning og forsking. I Studiebarometeret dei siste åra er lokale for undervisning og studiearbeid det studentane er minst nøgde med blant spørsmåla om læringsmiljø. Institusjonane melder om behov for rom som betre støttar opp under studentaktiv læring og digitalisering. Det er viktig at areala medverkar til moderne undervisnings- og forskingsformer, samarbeid mellom fagmiljø, auka læringsutbyte og eit godt psykososialt miljø. Dei må vere utforma slik at dei kan nyttast av flest mogleg.

Studentane treng rimelege og gode bustadar

For at studentane skal ha tid og overskot til å lære, treng dei bustadar dei kan ha råd til, og som gir rammer for ein god studentkvardag. Studentbustadar er av dei viktigaste av velferdstilboda til studentsamskipnadene. Auken i utdanningskapasiteten forsterkar behovet for å bygge fleire studentbustadar.

Strategiar og tiltak

Digitalt læringsmiljø

I samarbeid med sektoren vil Kunnskapsdepartementet i 2021 revidere digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren som blei lansert i 2017. Den nye strategien skal omfatte alle sider ved digitalisering i sektoren. Det gjeld mellom anna at studentane skal tileigne seg digital kompetanse som er relevant for det einskilde studieprogrammet, og at IKT blir brukt til aktiviserande og varierte lærings- og vurderingsformer som gir best mogleg læring. Strategiarbeidet vil òg vurdere erfaringane frå bruken av digitale undervisnings- og videotenester under koronakrisa. Kunnskapsdepartementet har gitt Unit i oppdrag å lage eit utkast til ein ny strategi i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren.

Kunnskapsdepartementet vil legge til rette for tryggare lagring og ein sterkare delingskultur for digitale læringsressursar i høgare utdanning. I 2020 fekk Unit ei tilleggsløyving for tiltak i møte med virusutbrotet, jf. Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020). Unit har starta arbeidet med ei felles nasjonal løysing for lagring og deling av digitale læringsressursar, og Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre finansieringa med 5,3 mill. kroner i 2021, slik at Unit kan fullføre arbeidet. Løysinga vil gjere det lettare for undervisarar og studentar å finne kvalitetssikra læringsressursar uavhengig av lærestad.

Bygg for undervisning og forsking

Universitet og høgskular treng omfattande areal og har avanserte teknologiske og andre behov som krev jamlege, større investeringar. I dei siste åra har dei største investeringsmidlane gått til nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås, som blir ferdigstilt hausten 2020. I 2019 blei det gitt klarsignal til å starte forprosjektering av Blått bygg i Bodø for Nord universitet. Forprosjektet er venta å vere ferdig i første halvår 2021, og regjeringa foreslår 15,5 mill. kroner til arbeidet i 2021. For 2021 foreslår regjeringa òg 110 mill. kroner for vidare arbeid med Vikingtidsmuseet og 1 387 mill. kroner for vidare bygging av det nye livsvitskapsbygget, begge ved Universitetet i Oslo. Vidare foreslår regjeringa 159,7 mill. kroner til vidare forprosjektering for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Regjeringa sette i 2018 i gang ein områdegjennomgang av bygg- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. På bakgrunn av ei samla vurdering har regjeringa avgjort at dei største sjølvforvaltande institusjonane i universitets- og høgskulesektoren (NMBU, NTNU, UiO, UiB og UiT) framleis skal ha ansvar for å forvalte eigne bygg og eigedom. For Noregs idrettshøgskule skal det gjerast ei særskild vurdering av om bygningsmassen skal forvaltast av Statsbygg.

Studentbustadar

Regjeringa har dei siste åra gitt rom for å kunne bygge inntil 2 200 nye hybeleiningar årleg, og har til saman gitt tilsegn om tilskot til nesten 14 000 hybeleiningar i 2014–20. I perioden 2014–19 har det blitt ferdigstilt 9 841 innflyttingsklare studentbustadar. Den store auken i løyvingane gjer at studentsamskipnadene har færre nye prosjekt klare. For å få betre oversikt over behovet for nye tilskot har departementet gitt Husbanken i oppdrag å utarbeide ei årleg oversikt over planane til studentsamskipnadene for åra framover. Oversikta for 2020 viser at det ikkje er planlagt søknader for så mange som 2 200 hybeleiningar i 2021, og regjeringa foreslår derfor å redusere løyvinga til 1 650 hybeleiningar.

Mål: Fleire har relevant digital kompetanse

Utviklingstrekk og utfordringar

Mange sektorar har store behov for digital kompetanse

Digital kunnskap og kompetanse er svært viktig for å lykkast med omstilling av verksemder og sektorar. Tilgang på digital kompetanse er ein av dei viktigaste faktorane for at vi skal kunne digitalisere privat og offentleg sektor ytterlegare, betre produktiviteten og styrke konkurranseevna. Vi treng ei breidde av ulike kompetansar som inkluderer både grunnleggande digital kunnskap i heile befolkninga og digital kompetanse som er relevant for dei ulike yrka, i tillegg til IKT-spesialistar. Endringane i arbeids- og samfunnsliv under koronautbrotet har understreka ytterlegare kor viktig det er at den rette kompetansen er tilgjengeleg.

NOU-ane frå Kompetansebehovsutvalet i 2019 og 2020 har peika på at det er stor mangel på IKT-spesialistar. Samstundes viser dei at arbeidsmarknaden for denne yrkesgruppa endrar seg raskt, og at det er store variasjonar mellom sektorar og regionar. Det har vore eit paradoks at nyutdanna IKT-spesialistar har vanskar med å få jobb, når det er så stor etterspurnad. Rapporten Arbeidsmarkedet for IKT-kandidater med høyere utdanning frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU-rapport 2020:15) viser at arbeidsløysa blant kandidatar med mastergrad i IKT frå 2019 var på 8 pst. eit halvt år etter eksamen. Samstundes er arbeidsløysa blant personar med mastergrad i IKT svært låg to til tre år etter eksamen. Rapporten viser at nyutdanna IKT-kandidatar har visse startvanskar på arbeidsmarknaden, og at mange av dei flytter til Oslo og sentrale delar av Viken.

Undervisarar i høgare utdanning treng utdanningsfagleg digital kompetanse

For at universitet og høgskular skal kunne løyse oppgåvene sine på ein god måte, er det ein føresetnad at dei tilsette har tilstrekkeleg utdanningsfagleg digital kompetanse. Koronakrisa har vist at dei tilsette raskt lærte seg å bruke digitale verktøy for fjernundervisning, men det tek lengre tid å lære seg å bruke lærings- og vurderingsformer som fullt ut gjer nytte av teknologien. Også før koronakrisa ønskte fleire fagtilsette seg betre og meir praksisnær opplæring i fagspesifikk og pedagogisk bruk av teknologi og læringsplattformer for å kunne få til dette, jf. Diku-rapporten Digital tilstand 2018: Perspektiver på digitalisering for læring i høyere utdanning.

Strategiar og tiltak

Utdanningar som gir digital kompetanse

Regjeringa vil auke tilgangen på utdanning i IKT-relaterte fag og foreslår å vidareføre og trappe opp midlane til auka studiekapasitet som blei løyvde i samband med Utdanningsløftet 2020, jf. Revidert nasjonalbudsjett 2020. Av midlane foreslått for 2021 går 195,6 mill. kroner til utdanningar i matematikk og naturvitskap og teknologi, tilsvarande eit auka opptak av 1 400 studentar. For desse tildelingane har Kunnskapsdepartementet bede universiteta og høgskulane om å legge vekt på utdanningar i informatikk og IKT, og dei vel sjølve kva for enkeltutdanningar det er sterkast behov for innanfor desse føringane. I 2018 og 2019 tildelte Kompetanse Noreg 65 mill. kroner til fleksible vidareutdanningstilbod innanfor digitalisering og digital kompetanse, sjå resultatrapporteringa under kap. 258, post 21. Frå 2020 er ordninga vidareført som ein del av Kompetanseprogrammet, sjå budsjettforslag for 2021 under kap. 257, post 21. Digitalisering var òg eit prioritert område i Dikus tildeling i 2020 i ordninga for fleksible studietilbod i høgare utdanning. Kunnskapsdepartementet vidarefører og aukar denne ordninga, sjå kap. 272, post 52.

Utdanningsfagleg digital kompetanse

Kunnskapsdepartementet vil styrke arbeidet som universitet og høgskular gjer for at dei som underviser, skal oppnå god utdanningsfagleg digital kompetanse. Diku, Unit og NOKUT har saman foreslått tiltak for å få til eit løft i pedagogisk bruk av digitale verktøy i ein rapport til Kunnskapsdepartementet hausten 2019. Regjeringa foreslår å løyve 2,2 mill. kroner til Unit for at dei tre direktorata saman kan innhente meir kunnskap om effektane av digital teknologi for utdanning og legge til rette for at institusjonane kan dele erfaringar og heve den utdanningsfaglege digitale kompetansen til dei tilsette.

Mål: Utdanninga og forskinga er drivkraft for innovasjon og grønt skifte

Utviklingstrekk og utfordringar

Berekraftsutfordringa krev nye svar frå forsking og utdanning

Klimaendringane og miljøproblema er blant dei største utfordringane i vår tid og krev at vi finn nye svar på korleis vi kan dekke grunnleggande behov som tilgang på mat, vatn og energi, god helse og tryggleik. Covid-19-pandemien understrekar behovet for globale løysingar, der internasjonalt samarbeid om forsking er naudsynt både for å unngå at smitte spreier seg, og for å utvikle behandlingsmåtar i etterkant. FNs berekraftsmål føreset at medlemslanda set i verk tiltak for ei meir berekraftig utvikling, der ein ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Forsking og utdanning er blant dei viktigaste verkemidla for å nå måla.

Land som har vore langt framme i utvikling, vidareutvikling og bruk av mogleggjerande teknologiar, har opplevd sterkare økonomisk vekst enn andre. Det er eit internasjonalt kappløp for å utvikle og kommersialisere mogleggjerande teknologiar. Ei satsing på grunnleggande teknologiforsking er eit viktig bidrag for å henge med i utviklinga internasjonalt og realisere ambisjonen om fornying og omstilling i nærings- og samfunnslivet. Noreg har nokre få, men gode miljø som kan hevde seg i dette landskapet.

Omstillinga krev at utdanningane er påkopla arbeidslivet

Universitet og høgskular gir viktige bidrag til omstilling og innovasjon i alle delar av samfunnet. Det viktigaste bidraget skjer i form av dei nyutdanna kandidatane som er både rusta med solid fagleg kunnskap og i stand til å handtere eit arbeidsliv i stadig endring, med aukande digitalisering og krav om grøn verdiskaping. For at kandidatane skal bli betre budde på behova i arbeidslivet, er vi avhengige av at utdanningsinstitusjonane er i tettare dialog med relevante aktørar i arbeidslivet om rett dimensjonering av utdanningane og utvikling av studieprogram og læringsmåtar. I Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor: kultur, ledelse og kompetanse legg regjeringa vekt på at kompetanse er ein nøkkel for å oppnå meir innovasjon i offentleg sektor, og at dette krev eit betre samspel mellom offentlege verksemder og universitets- og høgskulesektoren. Meldinga legg òg til grunn at ein i offentleg sektor må søke nye former for samarbeid for å fremje innovasjon, og uttrykker ei forventning til dei høgare lærestadane om å ta initiativ til samarbeid om etter- og vidareutdanning.

Vi må hauste større nytte av den offentlege forskinga

Noreg har mykje solid offentleg finansiert forsking, men ein for liten del av forskinga frå universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren fører til nye forretningsidear og nye verksemder. Fleire utgreiingar har peikt på utfordringar i dagens ordningar for kommersialisering, og i arbeidsdelinga mellom styresmaktene, forskingsinstitusjonane og teknologioverføringskontora (TTO-ane). Utfordringane gjeld både kulturen for og prioriteringa av kommersialisering i fagmiljøa, styring og finansiering av kommersialiseringsprosjekt og mangel på tydelege mål for resultata.

Europeisk forskings-, innovasjons- og utdanningssamarbeid

Internasjonalt samarbeid er heilt avgjerande for å nå dei overordna måla om utdanning og forsking av høg kvalitet, styrkt innovasjonsevne, betre velferd og ei berekraftig samfunnsutvikling. God norsk deltaking i EU-programma for forsking, innovasjon og utdanning gir Noreg tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader, infrastruktur og kulturell kompetanse som er naudsynt i ein open verdsøkonomi. Deltakinga gir oss ein meireffekt som ikkje er mogleg å oppnå om Noreg vel å stå utanfor.

Regjeringa sette høge mål i strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Ei evaluering utført av Samfunnsøkonomisk analyse viser at den norske deltakinga i dei to siste forskings- og innovasjonsprogramma har gitt god måloppnåing. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har evaluert Noregs deltaking i det europeiske utdanningssamarbeidet gjennom Erasmus+. Evalueringa viser at deltaking har styrkt kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet og auka kultur- og språkforståinga, toleransen og respekten for andre menneske. I Europa har Erasmus+ medverka til å handtere sosioøkonomiske endringar og til å støtte implementeringa av den europeiske politiske agendaen for vekst, arbeidsplassar, likskap og sosial inkludering.

Behov for meir open forsking

Open tilgang til forskingsresultat og -data er viktig for kunnskapsutvikling og deling av kunnskap både innanfor akademia og i samfunnet elles. Det er framleis eit stort problem at samfunnet ikkje har open tilgang til vitskaplege artiklar. Av dei ti største forskingsinstitusjonane i Noreg har åtte litt over halvparten av 2019-artiklane sine ope tilgjengelege, fordi dei er anten publiserte i opne tidsskrift, frikjøpte frå lukka tidsskrift eller tilgjengelege i opne arkiv. I tillegg kan ein forvente at fleire artiklar som er deponerte i arkiv, blir tilgjengelege etter at sperrefristane går ut (mellom 6 og 24 månader etter publiseringa for mange tidsskrift). Dei fleste forskingsdatasett er ikkje enkelt tilgjengelege og blir for lite gjenbrukte. Funna blir ikkje etterprøvde så godt og raskt som ønskeleg, og resultata blir ikkje tekne i bruk i så stor grad som ein ønsker.

Strategiar og tiltak

Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Regjeringa fastsette dei forskingspolitiske prioriteringane sine i Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Mesteparten av den målretta finansieringa av forsking i næringslivet og forsking for grøn omstilling kjem frå andre departement, mellom anna departementa med sektoransvar for næringsliv, energi, miljø, landbruk, fisk, mat og transport. Sjå del III, kap. 5 for ei samla oversikt over korleis regjeringa vil følge opp langtidsplanen. Av nye tiltak over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er følgande særskilt relevante for at forsking og høgare utdanning skal bidra til innovasjon og grønt skifte:

  • 62,5 mill. kroner til grunnleggande teknologiforsking med vekt på IKT (sjå kap. 285, post 53)

  • 30 mill. kroner til Dikus kvalitetsprogram for å styrke koplinga mellom utdanning og arbeidsliv, inkludert auka bruk av praksis og anna arbeidsrelevant undervisning (sjå kap. 272, post 52)

  • 20 mill. kroner til å styrke verkemidla for kommersialisering av offentleg finansiert forsking (sjå kap. 285, post 53)

Kunnskapsdepartementet vil òg i samråd med andre departement setje i verk ei utgreiing av organiseringa av kommersialiseringsaktivitetar knytte til offentleg finansiert forsking. Utgreiinga vil mellom anna sjå på finansiering, organisering og styring av teknologioverføringskontora og andre verkemiddel.

Norsk deltaking i EU-programma for utdanning, forsking og innovasjon

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020) og i EUs program for ungdom, utdanning og idrett (Erasmus+) er ein vesentleg del både av den høgare utdannings- og forskingspolitikken og av europapolitikken. Gjennom EØS-avtalen har Noreg delteke fullt ut i alle EUs utdanningsprogram og rammeprogram for forsking og innovasjon sidan 1994. Programperioden for dei inneverande programma går ut i 2020, og programma Horisont Europa og Erasmus+ vil starte opp med ny sjuårsperiode i 2021.

Regjeringa foreslår at Noreg sluttar seg til Horisont Europa og Erasmus+ frå 2021, men vil ta endeleg avgjerd om dette etter at EUs langtidsbudsjett er vedteke. Løyvingane er nærmare omtalte under kap. 288, post 73 og post 74. Norsk deltaking i programma føreset tilslutning frå Stortinget, og regjeringa vil ev. legge fram samtykke- proposisjonar om dette i 2021. Regjeringa vil vidare legge fram strategiar for deltakinga i begge programma.

Panorama-strategien

Panorama: strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) legg til rette for eit meir koordinert og langsiktig samarbeid med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Regjeringa vil legge fram ein revidert Panorama-strategi for perioden 2021–27 ved årsskiftet. I tråd med langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og berekraftsmåla skal samarbeidet med strategilanda mellom anna bidra til meir innovasjon og til å løyse globale samfunnsutfordringar innanfor miljø og klima.

Strategi for ein heilskapleg instituttpolitikk

Kunnskapsdepartementet la i februar 2020 fram Strategi for helhetlig instituttpolitikk. Strategien gjeld for politikken overfor nesten 50 institutt som får grunnfinansiering eller driftsløyving frå i alt ti departement. Ambisjonen er at institutta skal utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking av høg kvalitet. Strategien skal sikre at instituttpolitikken er heilskapleg og oversiktleg, og at dei ulike delane av politikken heng godt saman.

Strategien inneber at Forskingsrådet skal sørge for ei felles oppfølging av dei tolv institutta som er omfatta av strategien, men som ikkje mottek grunnfinansiering gjennom Forskingsrådet. Eit forslag frå Forskingsrådet om innretning av denne oppfølginga er til vurdering hos dei relevante departementa, og Kunnskapsdepartementet tek sikte på at oppfølginga kan starte før årsskiftet. Departementet endra i 2020 retningslinjene for statleg grunnfinansiering av forskingsinstitutt og forskingskonsern. Hovudendringa er at grunnløyvinga til institutt som inngår i eit forskingskonsern, blir utbetalt til og skal disponerast av morselskapet i konsernet.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Noregs forskingsråd gått gjennom den statlege grunnfinansieringsordninga for forskingsinstitutta. Forskingsrådet gav sine tilrådingar i ein rapport til departementet i juni 2020. I rapporten kjem dei med fleire forslag til endringar i finansieringsordninga. Departementet har sendt rapporten på høyring, og regjeringa vil ta stilling til tilrådingane frå Forskingsrådet og høyringssvara og handsame forslaga hausten 2020 og våren 2021.

Open tilgang til forskingsresultat

Krav om at næringslivet, forvaltninga og allmenta skal ha open tilgang til forskingsresultat, har auka i styrke verda over dei seinare åra. Frå og med 2021 vil deltakarane i initiativet Plan S krevje at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet, med ein open lisens. Dei store forlaga har svart med å tilby institusjonane å betale for open publisering av enkeltartiklar i tidsskrift som dei allereie betaler for å lese. For å stå sterkare i forhandlingane har Noreg gått saman med andre land gjennom alliansane Open Access 2020 og cOAlition S for å krevje at forskarar ikkje må tvingast til å gi frå seg retten til eksemplarframstilling eksklusivt til dei store internasjonale forlaga for å få publisert artiklane sine. Alliansane står også saman om eit krav om open tilgang utan ytterlegare prisauke.

I Noreg har samanslutningar av forskingsinstitusjonar inngått overgangsavtalar for open tilgang, såkalla publiser-og-les-avtalar, med dei største forlaga. Avtalane inneber at dei i ein periode betaler kombinert for å publisere artiklar ope og for lesetilgang til tidsskrift som framleis er lukka. Målet er at ein skal gå over til berre å betale for open publisering, og at overgangsperioden blir så kort som mogleg. At vilkåra i nye avtalar er opne og ikkje aukar totalkostnadene, er eit sentralt prinsipp i dei nasjonale måla og retningslinjene for open tilgang til vitskaplege artiklar. Kunnskapsdepartementet meiner det er heilt vesentleg at forlaga ikkje bruker overgangen til open publisering til å heve prisane, og vil følge nøye med på om overgangsavtalane fungerer som tiltenkt.

Mål: Fleire framifrå utdannings- og forskingsmiljø

Utviklingstrekk og utfordringar

For få framifrå fagmiljø og varierande kvalitet i utdanningstilboda er vedvarande utfordringar i Noreg. Samstundes er kvaliteten i norsk høgare utdanning generelt god, og universiteta og høgskulane jobbar bra med utvikling av studiekvalitet. Norske studentar er stort sett godt nøgde med studia sine. Dikus Tilstandsrapport for høyere utdanning 2020 viser at stadig fleire studentar fullfører gradane sine på normert tid. Det er likevel stort behov for å stimulere til meir utviklingsarbeid for å utvikle framifrå utdanningsmiljø og studietilbod og å spreie kunnskapen frå desse. Mykje av undervisninga gir ikkje godt nok læringsutbyte, og fullføringsgraden er framleis for låg.

Norske forskarar har i løpet av dei siste åra henta heim stadig meir midlar frå dei europeiske rammeprogramma. Ei evaluering frå Samfunnsøkonomisk analyse av norsk deltaking i Horisont 2020 konkluderer med at norsk deltaking har mykje å seie for auka kvalitet i norsk forsking. I lys av kor mykje Noreg investerer i forsking, har vi likevel framleis relativt få forskarar og forskingsmiljø på internasjonalt toppnivå. Særleg har det vore eit dårleg teikn at Noreg har hatt lite gjennomslag i Det europeiske forskingsrådet (ERC), ein internasjonal konkurransearena med høg vekt på vitskapleg kvalitet og høg prestisje.

Høg gjennomsnittleg alder på norske doktorgradskandidatar, mange mellombels tilsette og uklare karrierevegar er vedvarande utfordringar for norsk forsking og høgare utdanning. Det er behov for meir målretta satsing på unge forskartalent, mellom anna for å bidra til å bygge og halde oppe forskingsmiljø av framifrå kvalitet.

Strategiar og tiltak

Dikus kvalitetsprogram

Innanfor opptrappingsplanen for kvalitet i høgare utdanning er løyvingane til kvalitetsprogramma i Diku trappa opp med til saman 130 mill. kroner frå 2018 til 2021. Løyvingane har mellom anna gått til utlysingar for studentaktiv læring og senter for framifrå utdanning (SFU). SFU er ei nasjonal prestisjeordning for å stimulere til utvikling av fleire framifrå utdanningsmiljø. Sentera er viktige for å utforske, dokumentere og spreie gode metodar for undervisning. Ordninga blei oppretta i 2010, og frå 2020 er det tolv senter med SFU-status. Opptrappinga gjer det mogleg å utvikle vidare innovativ undervisning og stimulere til endå meir engasjement på institusjonane. Kvalitetsprogramma skal bidra til at arbeid med utdanning får høgare status. Målet er at studentane lærer meir, gjennomfører mest mogleg effektivt og møter relevante utdanningar som førebur dei på ein framtidig yrkeskarriere i ein stadig meir omskifteleg og internasjonal arbeidsmarknad.

Verkemidla for auka vitskapleg kvalitet i Forskingsrådet

Dei fremste verkemidla i Forskingsrådet for auka vitskapleg kvalitet er Fri prosjektstøtte (FRIPRO) og senter for framifrå forsking (SFF). Begge ordningane er fagleg og tematisk opne og medverkar til å gi dei beste forskarane og dei sterkaste forskingsmiljøa gode og langsiktige rammer for å drive forsking i det internasjonale toppsjiktet. Ei evaluering av kva effekt SFF-ordninga har på kvaliteten i norsk forsking, blei offentleggjord i mai 2020. Rapporten syner at SFF-ordninga har mykje å seie for auka kvalitet i norske forskingsmiljø. Forskarane som er knytte til SFF-sentera, har konkurrert til seg ein stor del av dei norske EU-midlane, og sentera har òg hatt mykje å seie for det strategiske arbeidet for å fremje vitskapleg kvalitet ved vertsinstitusjonane. Evalueringskomiteen understrekar at å halde fram satsinga på SFF-ordninga er svært viktig for vidare utvikling av vitskapleg kvalitet. Både FRIPRO og SFF-ordninga har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra, og regjeringa vidarefører satsinga på desse verkemidla.

Strategi for forskarrekruttering og attraktive karrierar i forsking og høgare utdanning

Regjeringa har starta arbeidet med ein strategi for forskarrekruttering og karrierevegar. Organiseringa av karrieresystemet i forsking og høgare utdanning har vakse fram over tid, og det er no naudsynt å ta eit meir overordna grep om den tidlege forskarkarrieren om vi skal vere betre rusta til å rekruttere, utvikle og halde på talenta. Strategien vil derfor ta for seg den første fasen av forskarkarrieren, med særleg vekt på doktorutdanninga, postdoktorstillinga og innstegsstillingane.

Kap. 260 Universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Statlege universitet og høgskular

35 630 260

36 899 475

38 845 890

70

Private høgskular

1 587 842

1 686 038

1 903 015

Sum kap. 0260

37 218 102

38 585 513

40 748 905

Post 50 Statlege universitet og høgskular og post 70 Private høgskular

Mål for 2021

Følgande mål gjeld for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • høg kvalitet i utdanning og forsking

  • forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

  • god tilgang til utdanning

  • effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Universitet og høgskular skal fastsetje sine eigne mål og styringsparametrar i tråd med desse måla. I tillegg fastset Kunnskapsdepartementet styringsparametrar på område der institusjonane skal ha særleg merksemd på resultatutviklinga ut frå nasjonale omsyn.

Resultat i 2019

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

Resultata i studentundersøkinga Studiebarometeret til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for 2019 viser at studentane alt i alt er nøgde med studieprogramma dei deltek i. På ein skala frå 1 (i liten grad) til 5 (i stor grad) er gjennomsnittsskåren 4,1, som han har vore kvart år dei siste åra. Studentane er i stor grad også nøgde med undervisninga, læringsutbytet, det sosiale og faglege miljøet, at det blir lagt til rette for medverknad gjennom studenttillitsvalde og liknande, og biblioteka. Dei er òg i stor grad nøgde med eksamenar og vurderingar, men mindre nøgde med kor klare kriteria for vurdering er. Studentane er i mindre grad nøgde med tilbakemeldingar og rettleiing frå fagleg tilsette, spesielt med talet på tilbakemeldingar dei får. Studentane er også mindre nøgde med den administrative organiseringa av studieprogramma, moglegheita til å gi innspel på innhald og opplegg i studieprogramma og oppfølging av desse, opplæringa i relevante digitale verktøy og lokala for læring. Alle desse resultata frå Studiebarometeret har vore stabile dei siste åra.

Stadig fleire av studentane fullfører utdanninga innan den normerte tida. Av dei som starta på eit bachelorstudium i 2016 og eit toårig masterstudium i 2017, var det høvesvis 49 pst. og 55 pst. som hadde fullført i 2019. Prosentdelen fullførte på normert tid har auka kvart år, frå 38 pst. for bachelorkullet som starta i 2011 og 49 pst. for masterkullet som starta i 2014. Desse tala kjem frå Dikus tilstandsrapport for høgare utdanning frå 2020. Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at delen som ikkje har nokon fullført grad etter åtte år, går vidare ned. 33 pst. av dei som var nye studentar i 2011 hadde ikkje fullført nokon grad i 2019. Talet var 34 pst. for studentane som starta i perioden 2008–10, og har gått ganske jamt ned frå 45 pst. for dei som starta i 2001.

På doktorgradsnivå har det vore nokolunde stabile tal for fullføring innan seks år. 66 pst. av kandidatane som blei tekne opp på eit doktorgradsprogram i 2013, hadde disputert innan 2019. Prosentdelen har vore rundt dette nivået dei siste ti åra, med årlege variasjonar på 1–2 prosenteiningar.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) løyver midlar til framifrå forskarar uavhengig av tema og fagfelt, og tildelingar herifrå er eit tydeleg kvalitetsteikn. Av ERC-stipenda utlyste i 2019 gjekk 14 til norske institusjonar. Det utgjer 1,5 pst. av totalen, og prosentdelen av stipenda som gjekk til Noreg, har berre vore høgare i 2018. Prosentdelen innvilga søknader i 2019 var lågare enn i Sverige og Danmark. Når det gjeld talet på ERC-stipend i høvet til talet på forskarar, ligg Noreg noko bak Sverige og Finland for 2017–19, men er mykje nærare enn for perioden 2014–16.

Internasjonalt samspel

Nesten 7 900 av dei uteksaminerte kandidatane i 2019 hadde hatt eit utvekslingsopphald på minst tre månader, og det er like store prosentdel som i 2018 på 16 pst. 7 400 studentar hadde utvekslingsopphald i løpet av 2019, 5 pst. fleire enn i 2018. Av desse drog 2 900 gjennom Erasmus+-ordninga, 7 pst. fleire enn året før, og talet nærma seg dermed det nasjonale målet om 3 000 utreisande Erasmus+-studentar innan 2020. Den prosentvise auken av utvekslingsstudentar var dermed større enn studentveksten generelt. Talet på innreisande utvekslingsstudentar gjekk ned med 2 pst. til 8 800. Om lag tre firedelar av desse kom gjennom Erasmus+-programmet.

SSBs tal på internasjonale gradsstudentar i Noreg var om lag 12 300 i 2019, og det har vore relativt stabilt mellom 12 100 og 12 400 dei siste åra. Prosentdelen av doktorgradane tekne av personar med utanlandsk statsborgarskap gjekk ned med 2 prosenteiningar til 40 pst. i 2019, etter å ha auka kvart år sidan det var 35 pst. i 2014.

Det internasjonale samarbeidet om forskingspublikasjonar held fram med å auke. Delen av dei vitskaplege publikasjonane i Norsk vitskapsindeks (NVI) frå universitets- og høgskulesektoren med utanlandske medforfattarar nådde 50 pst. i 2019. Talet er likevel 3 prosenteiningar lågare enn tilsvarande tal for forskingsinstitutta.

Den norske universitets- og høgskulesektoren har delteke meir i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, i den andre delen av programperioden (2014–20). I dei inngåtte kontraktane til no er 0,77 pst. av midlane blitt tildelte universitet og høgskular i Noreg. For utlysingane i 2014–16 var talet 0,60 pst., medan det var 0,95 pst. for 2017–19.

Bygg for undervisning og forsking

Universiteta og høgskulane er mellom dei største eigedomsaktørane i statleg sivil sektor og disponerte totalt om lag 3,5 mill. kvadratmeter i 2019. Om lag halvparten er areal som institusjonane sjølve forvaltar. Ein firedel av arealet i sektoren blir forvalta av Statsbygg, og ein firedel av areala blir leigd i den private marknaden. Ein så stor eigedomsmasse treng omfattande vedlikehald og jamlege oppgraderingar og investeringar.

Statlege byggeprosjekt blir finansierte etter ulike modellar. I ordinære byggeprosjekt løyver Stortinget midlar til investeringa særskilt over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I brukarfinansierte byggeprosjekt i statens husleigeordning blir investeringa dekt av leigetakaren innanfor uendra rammeløyving gjennom auka husleige. Statsbygg er byggherre for desse prosjekta. I tillegg kan institusjonane gjennomføre prosjekt i eigen regi innanfor uendra rammeløyving.

Det har vore store investeringar i universitets- og høgskulebygg dei siste åra. Dei største prosjekta har vore nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås og Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet for Universitetet i Oslo. I 2019 blei det brukarfinansierte nybygg- og ombyggingsprosjektet for Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Ringerike ferdigstilt. Ei oversikt over prosjekt under bygging eller prosjektering står i vedlegg 3.

Institusjonar som forvaltar eigedommane sine sjølve, har òg sidan 2015 hatt høve til å søke Kunnskapsdepartementet om midlar til oppgraderingsprosjekt over kap. 260, post 50. Frå 2015 til 2020 har departementet tildelt 752 mill. kroner til ulike oppgraderingsprosjekt. I 2019 utvida departementet ordninga til å gjelde også institusjonar med lokale i statens husleigeordning.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

Om lag halvparten av studentane i Studiebarometeret til NOKUT for 2019 svarer over midten av skalaen på spørsmål om dei i liten eller stor grad får god informasjon om kva yrke eller bransjar som er relevante for dei, og korleis kompetansen deira kan brukast i arbeidslivet. I svara på desse spørsmåla er det store variasjonar mellom ulike studieretningar. Dei fleste av studentane med praksisstudium er nøgde med praksisperioden. Dei er mindre nøgde med korleis utdanningsinstitusjonen førebudde dei på praksisperioden.

Inntektene til bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet frå andre kjelder enn Noregs forskingsråd, regionale forskingsfond og Europakommisjonen (BOA-inntektene) var på 3,7 mrd. kroner i 2019. Det utgjorde 7,5 pst. av dei samla driftsinntektene, som er nesten ei prosenteining høgare enn i 2017. I begge dei to siste åra gjekk dette talet opp, etter å ha gått ned ganske jamt frå eit nivå på 8,2 pst. i 2010. For dei statlege lærestadane var det ein auke i BOA-inntektene både i form av bidrags- og oppdragsinntekter og frå både offentlege og private kjelder. Om lag ein firedel av BOA-inntektene kjem i form av oppdrag, og om lag to tredelar er frå offentlege kjelder i Noreg.

Dei statlege lærestadane rapporterte om 167 patentsøknader i 2019. Talet har auka i dei to siste åra, men er lågare enn i perioden 2014–16, då det låg på rundt 190 i året. Også talet på 66 inngåtte lisensavtalar i 2019 var ein auke frå året før, men om lag halvparten av nivået i 2015–16.

Talet på vitskaplege artiklar som verken er publiserte i opne tidsskrift eller deponerte i kunnskapsarkiv, går jamt nedover. Av dei vitskaplege artiklane med forfattarar frå den norske universitet- og høgskulesektoren gjaldt dette 22 pst. i 2019, samanlikna med 62 pst. i 2013. Av publikasjonane i 2019 er halvparten ope tilgjengelege allereie no, medan den resterande delen på 28 pst. er deponerte i kunnskapsarkiv og vil kunne gjerast tilgjengelege etter sperrefristen abonnementtidskrifta har sett for slik tilgjengeleggjering.

Lærar, helse- og omsorgsutdanningane

I 2019 blei det uteksaminert 8 055 kandidatar frå dei åtte lærarutdanningane retta mot barnehage eller skule, og talet har aldri før vore så høgt. Det er 9,5 pst. fleire enn i 2018, og opp 50 pst. frå 2008. Grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 (GLU 1–7) hadde ein auke i kandidattala på 18 pst. Det er særleg stort behov for lærarar på desse trinna. Søkinga gjekk litt ned i 2019, men låg framleis på eit høgt nivå.

I 2019 blei det utdanna i underkant av 11 000 kandidatar frå helse- og sosialfagutdanningane. Fleire av desse utdanningane når måltalet for 2019 samanlikna med året før. Sjukepleiarutdanningane utdanna i overkant av 4 000 kandidatar i 2019, eit tal som har auka med 16 pst. sidan 2013. Prosentdelen mannlege søkarar til GLU 1–7, til barnehagelærarutdanningane og til sjukepleiarutdanningane har auka dei siste åra, men er framleis for låg.

Universitetsmusea

Fem universitet har eit særskilt nasjonalt ansvar for å drive museum med vitskaplege samlingar og publikumsutstillingar. Det samla besøkstalet ved universitetsmusea deira var 1,9 mill. i 2019, som er det høgaste nokon gong. Også talet på undervisningsopplegg for skuleklassar og omvisingar auka frå året før og var på høvesvis 2 600 og 3 400 i 2019.

Musea i Bergen og Oslo har teke i bruk nye magasinareal, og delen av samlingane som er rekna som tilfredsstillande sikra mot trugsmål som tjuveri, brann og vasskade, held samla sett fram med å betre seg noko. Men det er stor variasjon mellom musea, og for fleire av samlingane er under halvparten av magasinareala tilfredsstillande sikra. Ei vesentleg betre sikring vil krevje omfattande rehabilitering eller nybygg.

God tilgang til utdanning

Kapasitet og kompetanse

Aktiviteten ved universitet og høgskular innanfor både utdanning og forsking har auka år for år over lang tid. Hausten 2019 var det over 261 000 registrerte studentar som blei finansierte over Kunnskapsdepartementets budsjett, ein auke på nesten 3 000 frå året før. Det blei fullført over 48 000 gradsgivande utdanningar, ein auke på 1 000 frå året før. Denne auken likna den i 2018, men er lågare enn i føregåande år. Det blei teke fleire studiepoeng enn nokon gong, men auken i studiepoeng er lågare enn føregåande år, utanom 2018.

Talet på avlagde doktorgradar var høgare i 2019 enn nokon gong. Det blei avlagt 1 583 doktorgradar, som er 19 fleire enn i 2018.

Livslang læring og fleksibel utdanning

Talet på studentar på studietilbod utanfor campus har auka kvart år i lang tid. I 2019 var dette over 21 600 studentar, og det er ein auke på over 600 frå 2018. Fleire enn 15 000 av desse følgde nettbasert undervisning, medan resten var i desentraliserte tilbod, der undervisninga skjer utanfor dei ordinære studiestadane, til dømes ved studiesentera. Auken sidan 2010 har skjedd i gruppa med nettbasert undervisning (som gjerne òg inkluderer samlingar), og det har blitt færre studentar som følger desentralisert undervisning.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Effektiv drift og forvaltning

Universitet og statlege høgskular hadde 46,0 mrd. kroner i driftsinntekter i 2019. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde fire femdelar av dette, med 35,6 mrd. kroner.

Universiteta og dei statlege høgskulane hadde samla avsetningar på 2,5 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Av desse var 1,6 mrd. kroner bundne til bestemte formål, for eksempel bygg- og utstyrsinvesteringar, medan 0,9 mrd. kroner var ubundne avsetningar. Frå 2018 til 2019 har institusjonane redusert dei samla avsetningane med 911 mill. kroner. Av dette er 221 mill. kroner ein reduksjon i dei ubundne avsetningane. Ved utgangen av 2019 utgjorde dei samla avsetningane 6,9 pst. av rammeløyvinga, men variasjonen mellom institusjonane er frå 1,8 til 23,5 pst., sjå tabellane i vedlegg 4.

Private høgskular fekk tilskot på 1,6 mrd. kroner over kap. 260, post 70 i 2019. Dei hadde driftsinntekter på i overkant av 3,7 mrd. kroner, ein auke på 5,2 pst. frå 2018. Det samla driftsresultatet for desse institusjonane var 103,4 mill. kroner i 2019, som er ein auke på 0,4 pst. i høve til 2018. På bakgrunn av rekneskapar frå 2019 vurderer departementet at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. Nokre få private institusjonar har svak økonomi. Departementet vil følge med på utviklinga hos desse institusjonane.

Rekruttering, kompetanse og karriere

I 2019 blei det utført 24 860 årsverk i faglege stillingar og 9 400 årsverk i administrative stillingar ved universitet og høgskular. Dette var høvesvis 3,3 og 3,4 pst. fleire enn i 2018. Det var 2,6 faglege årsverk per administrative årsverk i 2019. Dette talet har vore mellom 2,4 og 2,6 sidan 2010.

32 pst. av årsverka i dosent- og professorstillingar var utførte av kvinner i 2019. Samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 43 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid.

Prosentdelen årsverk i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, har òg auka jamt i lang tid. I 2019 auka talet med 0,7 prosenteiningar og var på 75 pst.

I 2019 var under 14 pst. av årsverka utførte av personar i mellombelse stillingar. Prosentdelen mellombelse stillingar har gått ned kvart år sidan 2011, då han var 18 pst. Det er fleire i mellombelse stillingar blant det faglege personalet enn i støttestillingar, og prosentdelen har gått ned i alle stillingsgrupper. Denne nedgangen er positiv, men omfanget av mellombelse stillingar er framleis for høgt.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve til saman 40,7 mrd. kroner på kapittelet. 38,8 mrd. kroner går til universitet og statlege høgskular over post 50, og 1,9 mrd. kroner går til private høgskular over post 70. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3,2 pst og ein reduksjon som følge av reforma for avbyråkratisering og effektivisering på 0,5 pst., som utgjer 192,9 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 70 i 2020.

Det resultatbaserte finansieringssystemet

Kunnskapsdepartementet vil auke den resultatbaserte utteljinga av løyvinga med 188,7 mill. kroner som følge av betre resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Auken er fordelt med 158,3 mill. kroner for universiteta og dei statlege høgskulane over post 50 og 30,4 mill. kroner til dei private høgskulane over post 70.

Studieplassar

Regjeringa foreslår å vidareføre midlar til studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i budsjetta for 2016–20, og trappe midlane opp for opptak av nye kull. Det inneber ein auke i løyvinga med 659,5 mill. kroner over kap. 260, post 50 og 93,9 mill. kroner over post 70. Regjeringa si satsing på studieplassar sidan 2014 inneber ein årleg auka opptakskapasitet på om lag 8 900 studentar. 4 000 av desse kom som følge av satsinga på meir kapasitet i høgare utdanning i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020 og Utdanningsløftet 2020. Denne utvida kapasiteten er knytt til dagens situasjon i arbeidsmarknaden med høg arbeidsløyse. Den samla studiekapasiteten vil etter kvart bli normalisert i tråd med konjunkturane. Regjeringa vil kome tilbake til dette i seinare budsjett, med utgangspunkt i utviklinga i arbeidsmarknaden.

Regjeringa har som mål at ein større del av norske legar over tid skal bli utdanna i Noreg. Medisinutdanninga skal inkludere desentraliserte studiemodellar som tek ein større del av helsetenesta i bruk. Hovudmodellen skal framleis vere ei integrert seksårig utdanning. Regjeringa skal vurdere kostnader og moglegheiter for ulike alternativ for utvida utdanningskapasitet i medisin, inkludert bruk av alternative studiemodellar.

Rekrutteringsstillingar

Stortinget vedtok i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2020 å løyve midlar til i alt 250 rekrutteringsstillingar ved universiteta og høgskulane. Formålet var å styrke fagmiljøa og sikre forskingsbasert utdanning i samband med den utvida utdanningskapasiteten på 4 000 nye studieplassar. Kunnskapsdepartementet foreslår ein heilårseffekt av desse stillingane med 296,2 mill. kroner på kap. 260, post 50 og 41,9 mill. kroner på post 70.

Bygg for undervisning og forsking

Regjeringa foreslår 159,7 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsbyggs arbeid med forprosjekt for ny campus i Trondheim for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). I tillegg fører Kunnskapsdepartementet vidare 10 mill. kroner til NTNU for arbeidet med prosjektet. Ein ny campus i nærleiken av den eksisterande bygningsmassen på Gløshaugen skal legge til rette for eit tverrfagleg og samlande universitet. Dei humanistiske og samfunnsvitskaplege miljøa skal flyttast frå Dragvoll, og kunst-, arkitekt- og musikkutdanningane skal flyttast frå spreidde miljø i sentrum av byen. Ei samling av campus bidreg til betre kvalitet i utdanning, forsking, innovasjon, kunst og formidling.

Regjeringa foreslår 110 mill. kroner over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Midlane skal nyttast til å vidareføre bygge- og rehabiliteringsprosjektet med brukarutstyr. Prosjektet vil etter planen vere ferdig i fjerde kvartal 2025.

Nybygg for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet er under oppføring og blir ferdigstilt hausten 2020. Dette er eit omfattande og svært komplekst byggeprosjekt med høge krav til prosjektering og bygging av mellom anna laboratorium, areal til dyrehald, avansert medisinsk-teknisk utstyr og annan forskingsinfrastruktur. Det har vore utfordringar med framdrifta i prosjektet, undervurdert kompleksitet, og effektar av covid-19. Regjeringa foreslår å auke kostnadsramma til 8 350 mill. kroner.

Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo skal gi realfaga og livsvitskap, og særleg medisinsk og helsefagleg forsking, gode rammevilkår i framtida. Bygget skal også legge til rette for breitt forskingssamarbeid med næringsaktørar som bioteknologiselskap og helseføretak. Det er utfordringar med mellom anna krevjande grunnforhold og effektar av covid-19 som gjer at prosjektet ikkje kan gjennomførast som planlagt. Regjeringa skal hausten 2020 ta stilling til vidare innretting for prosjektet.

Sjå vedlegg 3 Byggtabellar for universitet og høgskular for oversikt over dei byggeprosjekta i sektoren som Statsbygg har til prosjektering eller gjennomføring i 2020.

Eigedommane til Noregs handelshøgskole (NHH) blei i 2019 innlemma i statens husleigeordning, men for Hovedbygget skulle det ikkje betalast husleige før frå 2021, når rehabiliteringa av bygget er ferdig. Regjeringa foreslår ein auke på 43,6 mill. kroner til NHH, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga for Hovedbygget.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte 155 mill. kroner til kap. 275, post 45. Dette er midlar som statlege universitet og høgskular kan søke om til oppgradering av bygg. Sjå omtale av ordninga der. Forslaget inneber ein reduksjon for formålet på 11,2 mill. kroner.

Lærarutdanning

Studentar som blei tekne opp til dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane i 2017, vil starte på det femte året av utdanninga hausten 2021 og fullføre utdanninga i 2022. På bakgrunn av behov i skulen for fleire lærarar vil departementet vidareføre eit nasjonalt kandidatmåltal for grunnskulelærarutdanningane på totalt 1 913 kandidatar. Departementet foreslår å auke løyvinga med 89,1 mill. kroner totalt til dei institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning, fordelt med 84,6 mill. kroner til universitet og statlege høgskular over kap. 260, post 50 og 4,5 mill. kroner til private høgskular over post 70.

Utdanningsdirektoratet har frå hausten 2020 hatt ansvar for å finansiere vidareutdanning i rettleiing av nyutdanna lærarar, og fekk overført midlar med halvårseffekt i statsbudsjettet for 2020. Departementet foreslår å flytte den resterande halvårseffekten på 8 mill. kroner frå kap. 260, post 50 til kap. 226, post 22.

Regelverk for avsetningar

Universiteta og høgskulane er nettobudsjetterte verksemder, som inneber at dei kan disponere løyvingar og alle eksterne inntekter til sitt formål og føre over alle ubrukte midlar til neste budsjettår (avsetningar). Nettobudsjettering er meint å gi institusjonane økonomisk handlingsrom som samsvarer med dei faglege fullmaktene deira og gjer dei i stand til å planlegge og disponere midlar i eit fleirårig perspektiv, til dømes for nybygg, utstyr og oppbygging av nye fagmiljø.

Kunnskapsdepartementet fekk i Dokument 1 (2019–2020) kritikk av Riksrevisjonen for manglande oppfølging av avsetningane i universitets- og høgskulesektoren og for å ikkje ha informert Stortinget godt nok. Riksrevisjonen tilrådde at departementet utarbeidde eit regelverk for avsetningar, og kontroll- og konstitusjonskomiteen støtta dette.

Kunnskapsdepartementet har fastsett eit regelverk for avsetningane til statlege universitet og høgskular som gjeld frå 2021. Reglementet skil mellom avsetningar til investeringar, inkludert avsetningar til vedlikehald av eigedom ved dei sjølvforvaltande institusjonane, og avsetningar til andre formål. For avsetningar til investeringar er det ikkje fastsett ei øvre grense, men institusjonane må dokumentere dei konkrete planlagde investeringane med beløp og årstal. Det er fastsett ei øvre grense for avsetningar til andre formål på 5 pst. av årets løyving frå Kunnskapsdepartementet. Frå 2022 skal avsetningar utover dette bli førte tilbake til statskassa. Kunnskapsdepartementet kan i samråd med Finansdepartementet i særskilde tilfelle innvilge unntak.

Andre saker

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4 mill. kroner for å styrke arbeidet med Termportalen ved Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Termportalen skal styrke norsk fagspråk, og gir fagfolk og innbyggarar oversikt over norske fagtermar innanfor ulike fag.

Regjeringa foreslår å flytte det årlege tilskotet til VID vitenskapelige høgskole for Misjons- og diakonarkivet frå budsjettet til Kulturdepartementet til Kunnskapsdepartementet. Regjeringa foreslår derfor å flytte 3,2 mill. kroner frå Kulturdepartementet til kap. 260, post 70 for 2021.

Kunnskapsdepartementet foreslår ein reduksjon på 8,7 mill. kroner. Midlane har tidlegare vore disponert av departementet til eittårige tildelingar, og inneber ikkje ein reduksjon i dei ordinære rammeløyvingane til universiteta og høgskulane.

Departementet foreslår ein reduksjon på 1,9 mill. kroner, som blir brukte til å auke løyvinga til Statens innkjøpssenter over budsjettet til Finansdepartementet.

Kap. 270 Studentvelferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

74

Tilskot til velferdsarbeid mv.

123 380

75

Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

658 809

822 442

803 507

Sum kap. 0270

658 809

822 442

926 887

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid mv.

Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2021

God studentvelferd og studentorganisasjonar som er dyktige til å fremje studentane sine interesser.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 123,4 mill. kroner på posten. Det inkluderer ei flytting av løyvinga til velferdsarbeid og studentorganisasjonar frå kap. 272, post 50 og inneber vidare ein auke på 20 mill. kroner for å styrke velferdstenestene til studentsamskipnadene.

Departementet foreslår følgande tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar:

  • Association of Norwegian Students Abroad: 10,1 mill. kroner

  • Norsk studentorganisasjon: 4,1 mill. kroner

  • Organisasjon for norske fagskolestudenter: 2,3 mill. kroner

  • International Students’ Union of Norway: 1,8 mill. kroner

  • Stipendiatorganisasjonene i Norge: 260 000 kroner

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, for kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskota for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2021

Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.

Resultat i 2019

I 2019 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til 1 448 hybeleiningar. Alle tilsegnene gjekk til bygging av nye studentbustadar. Ved utgangen av 2019 var 2 667 hybeleiningar under bygging, og 725 nye hybeleiningar var ferdige i løpet av 2019 og kunne takast i bruk.

For heile landet var dekningsgraden på studentbustadar på 17,4 pst. i 2019, ifølge tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Dekningsgraden varierer mellom studiestadane. For eksempel er dekningsgraden i Oslo og Akershus på 16 pst., medan han på Ås er 31 pst. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar, sidan behovet vil variere mellom anna avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden.

Bygging av studentbustadar gir rimelege bustadar for studentar. Ei undersøking frå NOKUT (NOKUT-rapport 3/2020) viser at leigeprisane i den private leigemarknaden er mykje høgare enn for studentbustadar. Prisen i gjennomsnitt for hybel, parleilegheit og familieleilegheit er høvesvis 65, 21 og 42 pst. over prisen for tilsvarande studentbustadar.

Budsjettforslag for 2021

Regjeringa foreslår ei løyving på 803,5 mill. kroner i 2021 som skal dekke forventa utbetaling til både gamle og nye tilsegner. Midlane blir normalt betalte ut over tre år. Kostnadsramma og tilskotssatsen blir justerte med forventa prisvekst. Løyvinga gir rom for tilsegner om tilskot til 1 650 hybeleiningar i 2021. Det er ein nedgang på 550 hybeleiningar frå året før. Årsaka til nedgangen er at samskipnadene dei siste åra har søkt om færre tilsegner enn tidlegare år. Tilsegnene for inntil 20 av hybeleiningane vil bli brukte i ei prøveordning for studentbustadar samlokaliserte med omsorgsbustadar/sjukeheimar.

I 2018 fekk Kunnskapsdepartementet forslag om endringar for ei betre og meir effektiv bygging av studentbustadar frå ei arbeidsgruppe som departementet hadde sett ned for å vurdere tilskotsordninga. Departementet vil gjere nokre få endringar i ordninga på bakgrunn av rapporten.

  • Tomtekostnader: For studentsamskipnader i dei store byane har departementet gjennom fleire år gjort unntak frå hovudregelen om at tomtekostnadene skal inngå i kostnadsramma. Departementet vil gjere ordninga meir fleksibel ved at tomtekostnader generelt heilt eller delvis kan haldast utanfor kostnadsramma.

  • Tilbakebetaling av tilskot: Departementet kan i dag krevje tilskotet tilbakebetalt dersom føresetnadene ikkje blir overhaldne, som når bustadane blir avhenda til andre formål. For at tilskotet skal få maksimal effekt og bidra til redusert husleige, må forpliktinga bli redusert over tid. Departementet vil endre ordninga slik at tilskotet må betalast tilbake fullt ut i inntil 15 år etter tilskotet, og deretter vil forpliktinga gradvis bli redusert frå halvparten av beløpet til heile forpliktinga er ettergitt etter 30 år.

  • Årleg rapportering av tilsegn som ikkje blir realisert: Studentsamskipnadene må setje i gang nye prosjekt innan fire år frå dei får tilsegn om tilskot. For å raskare kunne trekke tilbake tilsegner som ikkje vil bli brukt, vil departementet krevje ei årleg rapportering av tilsegner som studentsamskipnadene ser at dei ikkje vil realisere innan fristen.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 743 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

174 821

175 020

21

Særskilde driftsutgifter

10

10

Sum kap. 0271

174 831

175 030

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), som er eit fagleg uavhengig statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUT har ansvar for akkreditering og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og fagskuleutdanning og for godkjenning av utanlandsk utdanning. Sjå kap. 280, post 01 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

  • Alle utdanningar ved universitet, høgskular og fagskular tilfredsstiller nasjonale kvalitetskrav, og flest mogleg held eit høgt internasjonalt nivå.

  • Universitet, høgskular, fagskular og studentsamskipnader forstår og følger regelverket.

  • Sektoren og samfunnet er godt informerte om kvaliteten ved universitet, høgskular og fagskular.

  • Utanlandsk utdanning og kompetanse kan effektivt takast i bruk i Noreg.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 175 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Sjå kap. 280, post 21 for resultatrapportering for 2019. Utgifter ut over løyvinga på kap. 271, post 21 føreset meirinntekt på kap. 3271, post 01.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 10 000 kroner, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

10

10

02

Salsinntekter o.a.

617

634

Sum kap. 3271

627

644

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.

Kap. 272 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Verksemdskostnader

601 000

157 515

51

Tiltak for internasjonalisering

236 400

52

Tiltak for høgare utdanning

282 954

Sum kap. 0272

601 000

676 869

Post 50 Verksemdskostnader

Posten omfattar midlar til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), som er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Diku har ansvar for å fremje utvikling av kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for å styrke internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet. For 2021 omfattar løyvingsforslaget over post 50 berre midlar til verksemda i Diku, medan midlar som Diku tildeler til andre, er skilde ut under eigne postar.

I tillegg til midlane under kap. 272 forvaltar Diku òg midlar frå Europakommisjonen gjennom Erasmus+-programmet (jf. kap. 288, post 74), driftstilskot og utviklingsmidlar til fagskular (sjå kap. 240 og kap. 241, post 21), tilskot til studentvelferd (sjå kap. 270, post 74) og nokre andre tiltak under kap. 275, post 21. Diku forvaltar òg midlar frå Utanriksdepartementet og Nordisk ministerråd.

Sjå kap. 280, post 50 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

  • Diku bidreg til at måla for tiltaka dei forvaltar, blir nådde i størst mogleg grad.

  • Diku gir eit godt kunnskapsgrunnlag til å utvikle politikk, leiing og undervisning.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 157,5 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å overføre 103,4 mill. kroner til kap. 270, post 74, 139,4 mill. kroner til nytt kap. 272, post 51 og 203,2 mill. kroner til nytt kap. 272, post 52.

Post 51 Tiltak for internasjonalisering

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post 51 og å flytte midlar for Dikus program og tiltak for internasjonalisering frå kap. 272, post 50 og kap. 288, post 21 hit.

Mål for 2021

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa.

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 236,4 mill. kroner på posten.

Løyvinga går til programma som Diku forvaltar for internasjonalisering i utdanning. Fleire av programma har tidlegare vore finansierte av løyvingar under kap. 288, post 21. Dette gjeld mellom anna Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART), som støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utviklingsland, og programmet UTFORSK, eit av tiltaka som følger opp Panorama-strategien.

Departementet foreslår ein auke på 10 mill. kroner til UTFORSK.

Vidare omfattar posten løyvingar som tidlegare har vore gitt under kap. 272, post 50. Det gjeld tiltak for internasjonalisering i høgare utdanning, inkludert Fulbright-programmet for utveksling med USA, og tilskot til internasjonalt samarbeid og utveksling på andre utdanningsnivå, mellom anna med Tyskland og Frankrike. Løyvinga finansierer òg ordninga Norgeskunnskap i utlandet, som støttar undervisning i norsk språk og kultur i utlandet, og Noregs forpliktingar etter den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning.

Post 52 Tiltak for høgare utdanning

Kunnskapsdepartementet foreslår å opprette ein ny post 52 gjennom å flytte midlar frå Dikus program og tiltak for kvalitet i høgare utdanning frå kap. 272, post 50.

Mål for 2021

Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er høgt kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 283 mill. kroner på posten.

Løyvinga er overført frå kap. 272, post 50 og går til ulike program retta mot høgare utdanning:

  • senter for framifrå utdanning

  • fleksible utdanningstilbod

  • ulike program og tiltak for utvikling av praksisstudiar og auka arbeidslivsrelevans i utdanningane

  • program for kunstnarleg utviklingsarbeid

  • program for studentaktiv læring

  • digitalisering for læring i høgare utdanning

  • tilskot til nye lærebøker i høgare utdanning på norsk og samisk (Lærebokutvalet)

Diku fekk i 2019 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å lyse ut midlar som skulle gå til fleksible og tilgjengelege studietilbod. For nærare omtale av ordninga, sjå resultatrapporteringa under kap. 280, post 50. Departementet foreslår å auke tilskotet gjennom Diku til fleksible studietilbod med 45,7 mill. kroner til 97,2 mill. kroner for 2021.

Departementet foreslår ein auke på 30 mill. kroner for å styrke koplinga mellom utdanning og arbeidsliv, inkludert auka bruk av praksis og anna arbeidsrelevant undervisning.

Tilgang på oppdaterte norskspråklege læremiddel er ein viktig føresetnad for å utvikle og halde oppe eit godt norsk fagspråk. Departementet foreslår å styrke lærebokordninga for høgare utdanning med 4,1 mill. kroner til ei samla løyving på 10 mill. kroner.

Løyvinga inkluderer eit tilskot på 2,9 mill. kroner til International Council for Open and Distance Education (ICDE).

Kap. 273 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

164 495

213 265

Sum kap. 0273

164 495

213 265

Post 50 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

Posten omfattar løyvinga til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, som er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Unit har ansvar for nasjonal samordning og forvaltning på IKT-området i høgare utdanning og forsking. Sjå kap. 280, post 51 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

  • Digitale tenester til universitets- og høgskulesektoren er godt samordna og styrte.

  • God tilgang til fellestenester som er innovative og effektive og har høg kvalitet for høgare utdannings- og forskingssektoren.

  • Styrkt informasjonstryggleik og personvern innanfor høgare utdanning og forsking.

  • Meir open forsking.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 213,3 mill. kroner på posten.

I forslaget inngår ein auke på 20 mill. kroner for å styrke Units fellestenester til universitet og høgskular og arbeidet med å følge opp digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren. I tillegg foreslår departementet å vidareføre 5 mill. kroner som opphavleg var foreslått som ei eingongsløyving for 2020.

Unit har vore tildelt til saman 21,4 mill. kroner i samband med dei reviderte nasjonalbudsjetta for 2019 og 2020 for å utvikle eit nasjonalt kunnskapsarkiv for deponering av vitskaplege publikasjonar og forskingsdata. Departementet foreslår ei eittårig løyving på 10 mill. kroner for 2021 for siste fase av utviklinga. Frå 2022 vil kunnskapsarkivet bli brukarfinansiert av dei som deponerer forskingsresultat.

Departementet vil legge til rette for tryggare lagring og ein sterkare delingskultur for digitale læringsressursar i høgare utdanning. Unit har starta arbeidet med ei felles nasjonal løysing for lagring og deling av digitale læringsressursar, og departementet foreslår å vidareføre finansieringa med 5,3 mill. kroner i 2021, slik at Unit kan fullføre arbeidet.

Departementet vil styrke arbeidet som universitet og høgskular gjer for at dei som underviser, skal oppnå god utdanningsfagleg digital kompetanse. Unit har saman med Diku og NOKUT foreslått tiltak for å få til eit løft i pedagogisk bruk av digitale verktøy. Departementet foreslår å løyve 2,2 mill. kroner til Unit for at dei tre direktorata saman kan innhente meir kunnskap om effektane av digital teknologi for utdanning og legge til rette for at institusjonane kan dele sine erfaringar og heve den utdanningsfaglege digitale kompetansen til dei tilsette.

Unit administrerer støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap. For å samle alle midlane til formålet på éin post foreslår departementet å flytte 5,2 mill. kroner frå kap. 285, post 52. Departementet foreslår også å auke løyvinga med 1 mill. kroner, til eit samla beløp på 10,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å flytte 0,8 mill. kroner til Unit frå Helse- og omsorgsdepartementets kap. 732, post 78. Unit skal mellom anna kvalitetssikre og følge opp helseføretaka si rapportering på kliniske behandlingsstudiar.

Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

142 463

36 322

Sum kap. 0274

142 463

36 322

Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). Sjå kap. 280, post 71 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 36,3 mill. kroner på posten. Statsbygg vil i 2021 ta over bustadane som UNIS eig på Svalbard. Det vil skje ved eit direkte kjøp og sal til marknadspris mellom UNIS og Statsbygg. Ut frå marknadsverdi er det berekna at UNIS, etter nedbetaling av gjeld og skatt, vil få eit overskot på 110,7 mill. kroner som følge av salet. Statsbygg vil få tilført midlar til kjøp, sjå omtale under kap. 2445, post 24 i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til UNIS i 2021 med 110,7 mill. kroner. Løyvinga vil bli justert opp tilsvarande igjen i 2022.

Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

176 603

177 135

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

9 514

155 000

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

98 304

97 404

Sum kap. 0275

284 421

429 539

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar. I budsjettet for 2020 blei midlane flytta frå kap. 281, post 01 og kap. 287, post 21 og 53. Sjå postane som midlane er flytta frå, for resultatrapportering for 2019.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2021

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 177,1 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge, med 5,3 mill. kroner.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 17,5 mill. kroner til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking til program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskulesektoren.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 2 mill. kroner til eit prøveprosjekt for betre tilgang til studielitteratur for studentar med funksjonsnedsetjingar som gir lesevanskar. Prosjektet blir gjennomført av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek og Høgskolen i Innlandet.

I 2020 blei tildelinga til universitet og høgskular til partnarskapssamarbeid for å styrke praksis i lærarutdanningane auka med 23,3 mill. kroner til 65,8 mill. kroner, slik at barnehagelærarutdanninga og dei andre lærarutdanningane blei inkluderte i satsinga, sjå omtale under programkategori 07.30 Barnehagar. Samstundes fekk Diku 15 mill. kroner til å lyse ut prosjektmidlar for å styrke kvaliteten i praksis. Departementet foreslår å vidareføre desse tildelingane.

Departementet har i 2020 fastsett ny forskrift om rammeplan for femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Nokre institusjonar treng å styrke kompetansen sin i desse faga for å kunne tilby utdanninga og i 2019 og 2020 blei det sett av 2,5 mill. kroner til å utvikle og deretter gradvis setje i verk utdanninga frå 2021. Midlane i 2019 blei overførte til 2020 og fordelte til institusjonar som planlegg å setje i gang utdanninga. Departementet foreslår å vidareføre tildelinga i 2021.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 38,5 mill. kroner for å styrke dei maritime profesjonsutdanningane og fagskuleutdanningane. Departementet vil i hovudsak tildele midlane til MARKOM-2020-prosjektet, som dermed får forlengd prosjektperioden med eitt år. Frå 2022 vil løyvinga bli forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Satsinga på maritim kompetanse gjennom Diku vil ha særleg merksemd mot endra kompetansebehov som følge av digitalisering og grøn skipsfart. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om den maritime politikken hausten 2020.

Departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 5,3 mill. kroner til arbeidet for å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,95 mill. kroner over kap. 275, post 21 mot ein tilsvarande auke under kap. 200, post 01. Dette er midlar knytt til faste lønsutgifter til ein stilling innanfor lærarutdanning. Sjå òg omtale under kap. 200, post 01.

I statsbudsjettet for 2020, jf. Prop. 1 S (2019–2020) og Innst. 7 S (2019–2020), blei det rammeoverført i overkant av 3 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet til Utanriksdepartementets budsjett til arbeid med Det internasjonale havpanelet i 2020. Midlane var eingongsutgifter i 2020 og Utanriksdepartementet foreslår å føre midlane tilbake til Kunnskapsdepartementet i 2021.

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna geologiprogrammet GoNorth, kompletterande utdanning primært for flyktningar, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VII, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak.

Departementet foreslår vidare ein reduksjon på 6,4 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskulesektoren. Departementet foreslår at posten frå 2021 vil omfatte midlar til ordninga for oppgradering og tilpassing av universitets- og høgskulebygg, som tidlegare har vore løyvde under kap. 260, post 50. Sjå kap. 281, post 45 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Oppgraderte bygg som fremjar moderne undervisnings- og forskingsformer, aukar læringsutbyttet og betrar det psykososiale miljøet.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 155 mill. kroner på posten.

Kunnskapsdepartementet foreslår å erstatte den tidlegare løyvinga for utstyr og vedlikehald med løyvinga til oppgraderingsordninga for universitets- og høgskulebygg. Departementet foreslår derfor å redusere posten med 9,5 mill. kroner, og å flytte 155 mill. kroner frå kap. 260, post 50.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

I statsbudsjettet for 2020 blei midlane flytta frå kap. 281, post 70 og 78 og kap. 287, post 71. Sjå postane som midlane er flytta frå, for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 97,4 mill. kroner på posten:

  • Senter for grunnforskning (CAS) for den generelle verksemda: 23,1 mill. kroner

  • Senter for grunnforskning (CAS) for vidareutvikling av Young CAS Fellow: 1,8 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for den generelle verksemda: 22,5 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i Nasjonalt råd for lærarutdanning med retningslinjer for lærarutdanningane: 2 mill. kroner

  • Norsk senter for forskingsdata AS (NSD) for Database for statistikk om høgare utdanning: 18 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA): 9,9 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund AS: 8,7 mill. kroner

  • Private høgskular for partnarskapssamarbeid for å styrke praksis i lærarutdanningane, sjå omtale under kap. 275 post 21 (NLA Høgskolen, MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn, Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning, Barratt Due musikkinstitutt): 5,7 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS): 3,4 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) for Kandidatundersøkinga: 2,8 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskere: 2,3 mill. kroner

  • International Agency for Research on Cancer (IARC): 1,5 mill. kroner

  • Lister Kompetanse AS: 1 mill. kroner

  • Nord-Troms studiesenter: 1 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA): 0,6 mill. kroner

  • Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

Departementet foreslår ein reduksjon på 2,6 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål.

Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

10

10

Sum kap. 3275

10

10

Kap. 280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

168 447

21

Særskilde driftsutgifter

8 413

50

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

472 344

51

Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

175 722

71

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

136 187

Sum kap. 0280

961 113

Post 01 Driftsutgifter

Sjå kap. 271, post 01 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) sette i 2019 i verk ei ny ordning for tilsyna med det systematiske kvalitetsarbeidet til universiteta og høgskulane. Nyordninga følger ny metodikk og dei nye krava i studiekvalitetsforskrifta frå 2016 og studietilsynsforskrifta frå 2017. I dei ni gjennomførte tilsyna hadde institusjonane etablert effektive og tilfredsstillande ordningar for systematisk kontroll av eigne studietilbod. Talet på søknader om akkreditering av studietilbod i høgare utdanning har halde fram med å gå ned, til 12 i 2019.

Når det gjeld høgare yrkesfagleg utdanning, har det vore ein auke i talet på fagskular med fagområdeakkreditering, som gir dei høve til sjølve å akkreditere nye utdanningar. Det vil bidra til at fagskulesektoren kan respondere raskare på behov for kompetanse i arbeidslivet. Talet på 71 søknader om akkreditering av fagskuleutdanningar er på nivå med dei tidlegare åra, og færre av søknadsbehandlingane har vore forseinka. NOKUT har òg prøvd ut ein enklare og raskare akkrediteringsprosess med godt resultat, og den planlegg dei å ta i bruk for alle nye søknader.

Kunnskap om tilstanden i sektoren har vore godt formidla, mellom anna gjennom tematiske prosjekt, analysar og ulike arrangement som viser både kvalitetsutfordringar og fagmiljø som gjer det bra. Tilbakemeldingar tyder på at studiebarometera og andre undersøkingar blir brukte til å utvikle utdanningskvaliteten ved universitet, høgskular og fagskular.

NOKUT har vidareført arbeidet med å digitalisere og effektivisere søknads- og saksbehandlingsprosessane. Effektiviseringa blei forseinka på grunn av tekniske problem med saksbehandlingssystemet våren 2019, men køen av søknader om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning blei teken unna i løpet av året. Det ligg no til rette for kortare saksbehandlingstid i 2020.

Det var færre søknader om generell godkjenning av utanlandsk høgare utdanning i 2019 enn i åra før. Det hang mellom anna saman med at NOKUT for nokre land har utvikla såkalla automatiske godkjenningar av kvalifikasjonar frå høgare utdanning, det vil seie nedlastbare erklæringar om at den aktuelle utdanninga automatisk er godkjend i Noreg.

NOKUT har gjort ein god jobb med å følge opp det europeiske kvalifikasjonspasset, i regi av Europarådet, og har også medverka aktivt i oppstarten av UNESCOs kvalifikasjonspass. NOKUT har i tillegg gitt viktige bidrag i arbeidet fram mot UNESCOs vedtak om ein ny global konvensjon for godkjenning av høgare utdanning.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Sjå kap. 271, post 21 for budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Det blei i 2019 ført ei meirutgift på 8,4 mill. kroner på posten, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3280, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Post 50 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

Sjå kap. 272, post 50 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Dikus kvalitetsprogram er ei samlenemning på program som er innretta mot kvalitet i høgare utdanning, der Diku lyser ut og tildeler midlar etter fagfellevurdering av søknadene. I tråd med opptrappingsplanen for utdanningskvalitet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning for 2019–2028 blei løyvingane til programma auka i 2019. Ordninga med senter for framifrå utdanning (SFU) blei styrkt med 25 mill. kroner i 2019, og Diku gjennomførte den fjerde utlysinga i programmet sidan 2011. 22 utdanningsmiljø søkte, og fire fekk status som senter for framifrå utdanning. Ordninga har fått ei viktig rolle for utviklinga av utdanningskvalitet i Noreg.

Dei første tildelingane i Program for studentaktiv læring kom i 2019, og tolv prosjekt innanfor ulike fagområde fekk til saman 53 mill. kroner til å utvikle nyskapande undervisnings- og vurderingsformer. Tilbakemeldingane frå både søkarar og ekspertane som vurderte søknadene, var gode, og programmet blei vidareført med ei ny utlysing for tildeling i 2020.

Programmet Digitalisering for læring i høgare utdanning hadde ei ramme på 12,5 mill. kroner til fordeling i 2019, og det får stadig fleire søknader. Det er ein trend i søknadene at institusjonane er blitt meir pedagogisk motiverte og bruker teknologi for å utvikle undervisninga til å gi betre læring.

Dei siste åra har det vore stadig fleire stipendiatar med støtte frå Program for kunstnarleg utviklingsarbeid eller som er tekne opp til doktorgradsprogram for graden ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid. Den kunstnarlege utdanninga på doktorgradsnivå er relativt ny, og det er svakheiter ved kulturen og systema for dokumentasjon og offentleggjering av resultata. I 2019 etablerte Diku Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid for å gi eit fellesfagleg opplæringstilbod som kan inngå i ph.d.-programma. Forskarskulen gir innføring og øving i formidling, metode, teori og etikk knytt til kunstnarleg utviklingsarbeid.

I 2019 oppretta regjeringa ei ny ordning gjennom Diku for tilskot til fleksible studietilbod for å auke tilgangen på relevante utdanningar for personar som ikkje kan flytte for å studere ved ein sentral campus. Diku lyste ut til saman 90 mill. kroner innanfor ordninga i 2019, som universitet og høgskular kunne søke om for utvikling og drift av studietilbod. Tilbod retta mot berekraftig omstilling og miljøvennleg næringsutvikling, teknologi og helse var prioriterte. Det kom inn søknader for til saman 177 mill. kroner. Ordninga blei styrkt med 36,6 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020, og av til saman 60 kvalifiserte søknader blei 38 innvilga.

Diku tok i 2019 over forvaltninga av tilskot til velferdsarbeidet ved studentsamskipnadene. Gjennom å gi rimeleg tilgang til tenester som barnehage, kantine, bokhandel, treningstilbod og kulturaktivitetar spelar desse ei viktig rolle for studiekvardagen. Diku forvalta òg tilskot til nasjonale studentorganisasjonar som fremjar interessene til studentane gjennom mellom anna deltaking i styre og råd og i offentlege høyringar og debattar.

Diku er nasjonalt kontor for utdannings-, opplærings- og idrettsfeltet i Erasmus+, som er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Om lag halvparten av tilskotsmidlane som Diku tildelte etter konkurranse i 2019, kom frå programmet. Auken i mobilitetstala heldt fram, og departementet er nøgd med måloppnåinga.

Diku har arbeidd godt med å styrke utdanningssamarbeidet med prioriterte land. I 2019 har Diku mellom anna bidrege med kunnskapsgrunnlag til evalueringa av Panorama-strategien. Dei har òg hatt ein gjennomgang av resultata i dei to største verkemidla for samarbeid med Panorama-landa, UTFORSK og INTPART. På bakgrunn av kunnskapen om resultata i programma har Diku sett i gang eit arbeid med utvikling av UTFORSK og andre verkemiddel retta mot satsingslanda utanfor Europa.

Dei nordiske landa har ein avtale om å gi innbyggjarane sine gjensidig tilgang til høgare utdanning, med ein fastsett kompensasjon mellom landa, som i Noreg blir handsama av Diku. I studieåret 2018–19 studerte 2 948 norske studentar i dei nordiske avtalelanda, og 388 studentar frå dei nordiske avtalelanda studerte i Noreg. Dette er høvesvis 79 og 805 færre enn året før. Tala omfattar berre ordinære studentar, ikkje utveksling.

Post 51 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

Sjå kap. 273, post 50 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Unit har gjennom 2019 levert sikre og stabile tenester for høgare utdanning og forsking. Unit har i samarbeid med institusjonane utarbeidd ein handlingsplan for å følge opp den nasjonale digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren for 2017–21. Unit har gjort eit grundig sekretariatsarbeid for Digitaliseringsstyret for høgare utdanning og forsking som har medverka til gode avgjerdsprosessar. Dei har òg etablert ein finansieringsmodell der institusjonane bidreg med finansiering til felles investeringar som Digitaliseringsstyret tilrår.

På oppdrag frå departementet utarbeidde Unit, Diku og NOKUT i 2019 ein rapport med felles forslag til tiltak om pedagogisk bruk av digitale verktøy i utdanninga. Departementet har bede dei tre direktorata om å følge opp tiltak i rapporten, mellom anna å kartlegge vellykka prosjekt som har teke i bruk ny teknologi for undervisning og læring, og å vurdere måtar å spreie god praksis på. På oppdrag frå departementet har Unit levert ei utgreiing om nasjonale løysingar for tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar. Utvikling av ei slik løysing vil gjere det lettare for undervisarar og studentar å finne og bruke kvalitetssikra læringsressursar uavhengig av lærestaden deira. Unit har òg delteke i andre utgreiingsarbeid og samarbeidsforum, mellom anna i ei utgreiing om deling av data om kunnskapssektoren.

På bakgrunn av forhandlingane med dei store forlaga om open forsking, blei det i 2019 inngått publiser-og-les-avtalar med Wiley, Elsevier, Springer Nature og Taylor & Francis, dei fire største utgivarane av forskingslitteratur. Det betyr at norske forskingsresultat kan publiserast ope i over 7 400 tidsskrift.

Rapporteringa til Norsk vitskapsindeks er gjennomført i tråd med planar, og Unit har lagt til rette for god rapportering av kliniske behandlingsstudiar i helseføretaka.

Unit har gjennomført det samordna opptaket til høgare utdanning etter planen, og førebudd det første samordna opptaket for fagskulane i 2020. Unit har lagt til rette for ein effektiv og heilskapleg studieadministrasjon ved institusjonane.

I 2019 blei det inngått ein avtale mellom fire av universiteta (NTNU, UiB, UiO og UiT) og Direktoratet for økonomistyring (DFØ) om utvikling av ei ny felles løysing for lønn og økonomi. Unit representerer dei andre statlege universiteta og høgskulane i dette samarbeidet. Det meste av universitets- og høgskulesektoren vil med dette få levert tenester frå DFØ, noko som inneber eit stort bidrag til fellesløysingar i sektoren.

Post 71 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Sjå kap. 274, post 70 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

UNIS tilbyr høgare utdanning og driv forsking av høg kvalitet i arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi. I 2019 hadde dei fleire kvalifiserte søkarar enn året før og utvida studietilbodet med åtte nye emne på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. 743 studentar hadde eit opphald ved senteret og stod for til saman 213 studentårsverk, som er ein nedgang frå 218 studentårsverk i 2018. 50 pst. av studentane kom frå studieprogram ved norske universitet, og resten frå utanlandske institusjonar. UNIS auka i 2019 prosjektporteføljen og fekk finansiering til fleire store forskingsprosjekt. Dei medverka òg i 161 forskingspublikasjonar.

Kap. 3280 Felles einingar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Inntekter frå oppdrag

8 413

02

Salsinntekter o.a.

388

Sum kap. 3280

8 801

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar. Sjå kap. 3271 for budsjettforslag for 2021.

Kap. 281 Felles tiltak for universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

216 007

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

9 300

50

Tilskot til Noregs forskingsråd

229 107

70

Andre overføringar, kan nyttast under post 01

40 788

78

Tilskot til Universitets- og høgskolerådet

20 321

Sum kap. 0281

515 523

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Sjå kap. 275, post 21 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Kunnskapsdepartementet tildelte i 2019 totalt 216 mill. kroner over kap. 281, post 01.

I 2019 starta Unit eit program for informasjonstryggleik i universitets- og høgskulesektoren med ei tildeling frå Kunnskapsdepartementet på 17,5 mill. kroner. Unit utarbeider årleg ei risikovurdering og ein handteringsplan for informasjonstryggleik og personvern i universitets- og høgskulesektoren som styrker styringsgrunnlaget for departementet. Dei har òg utarbeidd retningslinjer som klargjer minstekrava til informasjonstryggleik og personvern som departementet stiller til dei underliggande verksemdene sine i høgare utdanning og forsking. I samarbeid med fagmiljøa i sektoren har Unit arbeidd med eit felles analysesenter for cybertryggleik for forsking og høgare utdanning, som er planlagt etablert i 2021.

Kunnskapsdepartementet tildelte 20 mill. kroner i 2019 i samband med ei treårig satsing på digitalisering i lærarutdanningane for 2018–20. Fem institusjonar som tilbyr grunnskulelærarutdanning, har fått midlar i perioden. Satsinga vil bli evaluert i 2021.

Satsinga på partnarskap mellom lærarutdanningane og lærarutdanningsskular blei vidareført med 44,5 mill. kroner. Alle institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning, har inngått avtaler om partnarskap. Den nasjonale ekspertgruppa for å følge utviklinga av den femårige grunnskulelærarutdanninga leverte sin sluttrapport i mai 2020. Gruppa meiner at dei nye masterutdanningane er ambisiøse og fagleg lovande, også sett i eit internasjonalt perspektiv. Dei understrekar samstundes at det vil krevje mykje oppfølging og ressursar frå alle aktørar for å nå potensialet som ligg i dei nye utdanningane. Forkurs i matematikk for opptak til grunnskulelærar- og lektorutdanning blei arrangert for siste gong i 2019, med 179 som bestod. Til saman har 649 kvalifisert seg for opptak til lærarutdanning i dei fire åra kurset har blitt arrangert. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det løyvd 10 mill. kroner til andre nasjonale tiltak for å rekruttere til lærarutdanning.

Kunnskapsdepartementet tildelte 38,5 mill. kroner til MARKOM2020, som er eit samarbeidsprosjekt for maritim kompetanse. Prosjektet har styrkt kvaliteten og samarbeidet i maritim fagskuleutdanning og høgare utdanning, rekruttering, forskarutdanning og samarbeid med næringsliv på feltet.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitetet har i 2018 og 2019 oppgradert forskingsfartøyet Helmer Hanssen. Drifta av fartøyet er avgjerande for forsking og undervisning i nordområda og eit sentralt bidrag til prioriteringa Hav i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

NOKUT har frå 2016 fått auka driftsmidlar for å utforme og etablere godkjenningsordningar for utanlandsk fagskuleutdanning og utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Den nye godkjenningsordninga for utanlandsk fagskuleutdanning opna 1. januar 2019, og bidreg til at fleire kan komme seg inn på den norske arbeidsmarknaden.

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til OsloMet – storbyuniversitetet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for å utvikle kompletterande utdanning primært for flyktningar som har høgare utdanning frå heimlandet, slik at dei skal kunne bruke kompetansen sin til å kome raskt ut i arbeidslivet. Det er auka søking til utdanningane, men det er framleis viktig å arbeide for betre rekruttering, særleg til ingeniørutdanningane, og få på plass gode praksisplassar.

Sidan 2017 har Kunnskapsdepartementet arbeidd med å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane. Retningslinjene blir utarbeidde av programgrupper som departementet nemner opp med representantar frå lærestadane, tenestene dei utdannar kandidatar til, og studentane. Arbeidet er delt opp i tre fasar, og retningslinjene for dei åtte første grunnutdanningane blei fastsette i 2019. Dei gjeld frå hausten 2020 og erstattar dei tidlegare rammeplanane for desse utdanningane. Retningslinjer for ti grunnutdanningar i andre fase blei òg utvikla i 2019.

Kunnskapsdepartementet tildelte Universitets- og høgskolerådet 2 mill. kroner. I 2019 har desse midlane bidrege til samarbeid med relevante aktørar, erfaringsdeling og konferansar for å styrke kompetansen til fagpersonalet i det langsiktige arbeidet med IKT-tryggleik og praksis i ingeniørutdanning.

Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Sjå kap. 275, post 45 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Det blei løyvd 9,3 mill. kroner over posten i 2019 som gjekk til prosjektet Saving Oseberg II ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og ny miljøstasjon på Noregs idrettshøgskole. Museet hadde i 2019 stor aktivitet i prosjektet, mellom anna med materialanalysar, testing av konserveringsmetodar og overvaking av Osebergskipet. Miljøstasjonen ved høgskulen er etter planen ferdig i 2020.

Post 50 Tilskot til Noregs forskingsråd

Løyvinga blei flytta i budsjettet for 2020 til kap. 285, post 52 og 53 og til kap. 201, post 21.

Resultat i 2019

Kunnskapsdepartementet tildelte midlar over kap. 281, post 50 til desse ordningane og programma i Noregs forskingsråd:

  • nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

  • tiltak for grunnskulelærarutdanning

  • Forskingsbasert nyskaping (FORNY2020)

  • Forskingskompetanse for utvalde profesjonsutdanningar (PROFESJON)

  • Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)

  • Forskarskolane i arkeologi og biosystematikk ved universitetsmusea (UNI-MUSEER)

  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL)

  • Forsking og innovasjon i utdanningssektoren (FINNUT)

Ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. medverkar til å styrke samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar og bedrifter og mellom forskingsinstitusjonar og offentleg sektor. Nærings-ph.d.-ordninga har bidrege med over 400 ph.d.-kandidatar i næringslivet, noko som er viktig for å auke kapasiteten til å bruke forsking i utviklinga av verksemdene. I 2018 var 75 pst. av verksemdene små og mellomstore bedrifter. Porteføljen av offentleg sektor-ph.d.-kandidatar frå 2014 til i dag dekker no eit breitt spekter av tema- og sektorområde, med 142 prosjekt. Interessa og søkartala for begge ordningane held fram med å vekse.

Resultata av Forskingsrådets verkemiddel for auka kommersiell bruk av offentleg finansierte forskingsresultat i Noreg (FORNY) viser òg i hovudsak ei god utvikling i dei seinaste åra. Kunnskapsdepartementet finansierer ein liten del av programmet. Den samla verdien av aksjeporteføljen til teknologioverføringskontora (TTO-ane) var ved utgangen av 2018 på 768 mill. kroner, opp frå 711 mill. kroner i 2017 og 689 mill. kroner i 2016. Samtidig går inntekter frå kommersialisering (aksjesal) noko ned. Dette indikerer at selskapa i aukande grad tiltrekker seg kapital, og at TTO-ane samtidig sel seg ut.

Programmet PROFESJON har bidrege til å styrke det forskingsbaserte grunnlaget i utdanningar som helse og velferd, økonomi og administrasjon, lærar og ingeniør. Dette er fag som institusjonane tidlegare i mindre grad har søkt om midlar til og fått tilslag på gjennom Noregs forskingsråd. Det er i dag 12 aktive prosjekt som har fått støtte gjennom programmet.

FORREGION skal bidra til at fleire bedrifter bruker FoU i arbeidet med innovasjon. Det er 15 mobiliseringsprosjekt fordelte over heile landet. Kunnskapsdepartementet vurderer resultata frå programmet som gode.

Post 70 Andre overføringar, kan nyttast under post 01

Sjå kap. 275, post 70 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Kunnskapsdepartementet utbetalte til saman 40,8 mill. kroner over kap. 281, post 70:

  • Norsk senter for forskingsdata for Database for statistikk om høgare utdanning (DBH): 20,2 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,5 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for arbeidet i Nasjonalt råd for lærarutdanning med retningslinjer for lærarutdanningane: 4 mill. kroner.

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for Kandidatundersøkinga: 2,7 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for finansiering av forkurs i matematikk for opptak til lærarutdanning og arbeidet med partnarskapar i grunnskulelærarutdanninga: 2,4 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet for å styrke arbeidet med IKT-tryggleik og praksis i ingeniørutdanninga: 2 mill. kroner

  • Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) for å styrke arbeidet med informasjon om studium i Tyskland: 1 mill. kroner

Høgskolesenteret i Kristiansund la til rette for studietilbod gitt av Høgskolen i Molde og for første gong også av Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning.

Universitets- og høgskolerådet har fastsett nasjonale retningslinjer for alle dei åtte lærarutdanningane og held fram arbeidet med å utvikle retningslinjene vidare. Arbeidet skjer i nært samspel med yrkesfeltet. Kvart år blir det arrangert ein nasjonal konferanse om retningslinjearbeidet for alle lærarutdaningane.

DBH og Kandidatundersøkinga gir eit viktig informasjonsgrunnlag om høgare utdanning som er til hjelp for både styresmakter og lærestadar i arbeidet med å heve kvaliteten i sektoren.

Post 78 Tilskot til Universitets- og høgskolerådet

Sjå kap. 275, post 70 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Universitets- og høgskolerådet (UHR) samordnar universitet og høgskular. I 2019 har UHR bidrege med innspel til pågåande arbeid i Kunnskapsdepartementet om stortingsmeldingar og med innspel og høyringsfråsegner mellom anna om ny lov for universitet og høgskular, kommersialisering av forskingsresultat, publiseringsindikatoren i lys av Plan S, kjønnsforskjellar i skulen (Stoltenberg-utvalet) og til handlingsplanen for digitalisering i høgare utdanning til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking.

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

19 508

19 303

19 392

Sum kap. 0284

19 508

19 303

19 392

Post 01 Driftsutgifter

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, Granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.

Mål for 2021

Det overordna samfunnsmålet med FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Måla med verksemda er

  • at forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

  • at andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • at samfunnet har tillit til forsking

Resultat i 2019

FEK stod i 2019 bak ei rekke aktivitetar som gjer forskingsinstitusjonane betre i stand til å fremje god og ansvarleg forsking. FEK har gjort ferdig fleire retningslinjer og utgitt rettleiarar om forskingsetisk arbeid, rådgivande fråsegner og fleire publikasjonar av ulik art. Det har òg vore arrangert fleire konferansar, møte og foredrag retta mot ulike målgrupper som blir godt tekne imot av deltakarane. I opplæringsaktivitetar og rådgivingsverksemda er det lagt vekt på å ruste forskingsinstitusjonane til å vareta det forskingsetiske ansvaret sitt. FEK tek imot fleire førespurnader frå andre enn forskingsmiljø, noko som kan tyde på auka medvit om forskingsetiske normer i samfunnet generelt.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 19,4 mill. kroner på posten.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 699 644

1 810 078

1 768 581

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

1 634 642

1 408 881

1 895 400

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

751 245

791 409

790 086

55

Verksemdskostnader

771 043

783 617

800 883

Sum kap. 0285

4 856 574

4 793 985

5 254 950

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Sjå post 55 for omtale av mål.

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2020 og 2021 er presentert i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når dei måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå departementa til Forskingsrådet.

I tillegg til midlane over kap. 285 får Forskingsrådet løyvingar over følgande andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett:

  • kap. 201, post 21 (utdanningsforsking og forsking på forskings- og innovasjonspolitikk)

  • kap. 226, post 71 (tilskot til vitensenter)

  • kap. 287, post 57 (grunnløyving til dei samfunnsvitskaplege institutta)

  • kap. 288, post 21 (oppfølging av internasjonalt samarbeid)

  • kap. 291, post 50 (forsking på velferd, arbeidsliv og migrasjon)

Sjå dei respektive postane for nærare omtale av desse løyvingane.

Nokre av løyvingane til Forskingsrådet er øyremerkte tilskot til institusjonane i tabell 4.26.

Tabell 4.26 Øyremerkte tilskot gjennom Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

Forslag 2021

Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen

285.52

19 500

Simula AS

285.52

78 180

NSD – Norsk senter for forskingsdata AS

285.54

13 660

Uninett Sigma2 AS1

285.54

50 000

1 Løyvinga til Uninett Sigma 2 er ei snittløyving for den komande avtaleperioden.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Løyvinga finansierer mellom anna Fri prosjektstøtte (FRIPRO), ordninga med senter for framifrå forsking (SFF), løyvingar til grunnforskingsprogram og strategisk institusjonsstøtte.

Mål for 2021

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet, uavhengig av fagområde.

Resultat i 2019

Løyvinga har blitt brukt til å støtte forsking av topp vitskapleg kvalitet, uavhengig av fag og tema. Stor konkurranse om midlane sikrar høg kvalitet. Sjølv om det har vore stor realvekst i løyvingane til langsiktig grunnleggande forsking i dei siste åra, har ikkje dette redusert konkurransen om midlar.

Dei målretta verkemidla for auka vitskapleg kvalitet, slik som FRIPRO og SFF, har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra.

FRIPRO har bidrege til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å drive framifrå forsking og utvikle forskarkarrieren sin. Ein analyse som er utført av Norsk regnesentral, viser at forskarar som får støtte frå FRIPRO, gjennomgåande publiserer meir, og at artiklane deira blir meir siterte enn artiklar frå forskarar som har søkt FRIPRO og ikkje fått støtte. Det er positivt at porteføljeomlegginga i Forskingsrådet har ført til tildeling til fleire søknader av høg kvalitet. Gjennom vidare arbeid med omlegging frå program til breiare porteføljar arbeider Forskingsrådet for at fleire prosjektsøknader som oppnår toppkarakter, blir innvilga.

SFF-ordninga bidreg til at dei beste forskingsmiljøa får betre og meir føreseielege rammer. Ordninga blei evaluert våren 2020, og komiteen konkluderer med at ho bidreg mykje til å auke vitskapleg kvalitet i norsk forsking. Vitskaplege publikasjonar frå sentera blir mykje siterte, forskarar som er knytte til sentera, lykkast òg på andre konkurransearenaer, og dei skaffar seg supplerande ekstern finansiering frå Forskingsrådet, EU eller andre kjelder. Evalueringskomiteen tilrår at ordninga blir vidareført som ein open arena, for at ein framleis kan sikre utvikling og føreseielege rammer for framifrå forskingsmiljø.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 1 768,6 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å flytte 5,2 mill. kroner til kap. 273, post 50 for å samle midlane til støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Sjå omtale under kap. 273, post 50.

Regjeringa foreslår å avvikle gåveforsterkingsordninga og foreslår som følge av dette å redusere løyvinga på posten med 30 mill. kroner.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

I rapporten frå områdegjennomgangen av Forskingsrådet blei det foreslått å reindyrke denne posten som ein finansieringsmekanisme som skal vareta endringsbehov, sektoroverskridande område og lange tidsperspektiv i forskingssystemet. Regjeringa har konkludert med at løyvinga på denne posten skal fordelast i tråd med følgande prinsipp:

  • bidra til oppfølging av regjeringas forskingspolitiske prioriteringar i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

  • gi fleksibilitet til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet. Midlar på posten kan til dømes verke saman med satsingar frå andre departement i ein startfase. Posten skal verke mobiliserande, ikkje kompenserande

  • støtte og bygge opp forsking av høg vitskapleg kvalitet og forsking med høg relevans

Mål for 2021

Sektoroverskridande forsking av høg kvalitet og forsking med høg relevans som bidreg til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen og til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet.

Resultat i 2019

Kunnskapsdepartementets koordinerande rolle i forskingspolitikken og ansvaret for forskings-systemet inneber at departementet bidreg med finansiering i ein stor del av Forskingsrådets program- og aktivitetsportefølje og dekker eit breitt spekter av tema.

Midlane på posten skal sørge for ei god oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, med tiltak mellom anna innanfor klima, miljø og miljøvennleg energi, hav, teknologiar, samfunnstryggleik og samhøyr, og betre og meir effektive offentlege tenester.

Midlane bidreg til å bygge opp forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektoroverskridande forsking av høg kvalitet.

Forskingsrådet har eit mål om å auke humaniora sin del av rådets samla løyvingar til 5 pst. innan 2021. Det er lagt godt til rette for dette innanfor dei sektoroverskridande satsingane. For å kunne nå dette ambisiøse målet er Forskingsrådet i tillegg avhengig av gode søknader frå humanioramiljøa.

Løyvinga på posten finansierer òg stimuleringsordningar som skal bidra til å auke norsk deltaking i Horisont 2020. I perioden 2015–18 prioriterte regjeringa slike tiltak med ein auke på 400 mill. kroner gjennom langtidsplanen, og som følge av strategien for forskings- og innovasjonssamarbeid med EU. Midlane er disponerte til ei rekke ulike tiltak, i hovudsak i Forskingsrådet, men òg i Innovasjon Noreg. Technopolis har evaluert dei to største ordningane, PES2020 og STIM-EU, og påvist at dei har effekt. I 2019 og 2020 blei det innført ei prøveordning med differensierte støttesatsar til forskingsinstitutta med låg prosentdel grunnfinansiering for å auke deira deltaking. Det er grunn til å tru at opptrappinga og innrettinga av stimuleringsordningane har spela ei viktig rolle for at vi ser auka norsk deltaking i Horisont 2020 til over 2 pst. av dei konkurranseutsette midla.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane bidreg til å fremje utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. Dette gir auka næringsrelevant kompetanse i FoU-miljøa og auka FoU-kompetanse i næringslivet.

Størsteparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blir òg finansiert over denne posten. Satsinga bidreg til å styrke Noregs rolle som polarforskingsnasjon, der Noreg er femte største nasjon målt i talet på vitskaplege artiklar. Polarforskinga gir viktige bidrag til dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, med særskilt vekt på klima, miljø og miljøvennleg energi og samfunnstryggleik.

Den siste innovasjonsundersøkinga frå OECD og EU har peikt på at forsking frå norske forskingsinstitusjonar har resultert i lite patentering og nyskaping og låg ekstern næringslivsfinansiering. Menons rapport Insentiver for kommersialisering av forskning og Kapitaltilgangsutvalets rapport frå 2019 peikar òg på denne trenden, og foreslår tiltak. Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet har gjennom 2019 og 2020 sett på korleis det er mogleg å styrke kommersialisering av offentleg finansiert forsking, og vil samarbeide med andre relevante departement i det vidare arbeidet. TTO-anes rolle, insentiv og verkemiddel som støtter opp om kommersialiseringsaktivitetar (herunder FORNY), er sentrale element. Departementa og Forskingsrådet er i dialog om utviklinga av verkemidla på dette området, mellom anna gjeld dette utviklinga av FORNY. Målet er å auke kommersialiseringa av offentleg finansiert forsking.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 1 895,4 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å auke løyvinga til grunnleggande teknologiforsking med vekt på IKT med 62,5 mill. kroner. Tiltaket er ei oppfølging av opptrappingsplanen Teknologiløft i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til å styrke verkemidla for kommersialisering av forsking. Departementet foreslår vidare at 10,1 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til heilårseffekten av dei 22 nærings-ph.d.-stillingane som Stortinget løyvde midlar til i 2020. Tiltaka følger opp opptrappingsplanen FoU for fornying og omstilling i næringslivet i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Noregs forskingsråd skal i 2021 vidareføre prosessen med utviklinga av mellom anna FORNY-programmet, i samsvar med signala frå Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet. Målet er auka kommersialisering frå forsking, og auka verdiskaping.

Departementet foreslår at 8,2 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til heilårseffekten av fjorårets løyving til doktorgradsutdanning i IKT-tryggleik og kryptologi for personar som kan få tryggingsklarering, helst gjennom ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d.

Departementet foreslår å trekke ut 10 mill. kroner som ein eittårig reduksjon i 2021 for å redusere avsetningane på posten. Den eittårige reduksjonen i løyvinga skal ikkje føre til redusert aktivitet, og midlane vil bli førte tilbake til posten i 2022. Midlane skal nyttast til å utvikle eit nasjonalt kunnskapsarkiv. Sjå omtale under kap. 273, post 50.

400 mill. kroner av auken på posten skriv seg frå at den eittårige reduksjonen i løyvingane frå 2020 er ført tilbake.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Mål for 2021

Relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse som understøttar forsking av høg kvalitet for eit innovativt og berekraftig samfunn.

Resultat i 2019

Oppdatert vitskapleg utstyr og forskingsinfrastruktur er avgjerande for å utvikle forskings- og utdanningsmiljø av høg kvalitet. Gjennom den nasjonale ordninga for forskingsinfrastruktur har Forskingsrådet til saman tildelt om lag 6 mrd. kroner sidan ordninga starta i 2009. I 2019 skreiv Forskingsrådet kontrakt om i alt 16 nye infrastrukturprosjekt. Prosjekta hadde ei samla ramme på om lag 1 mrd. kroner.

Prosjekta som blir finansierte gjennom infrastrukturordninga, skal ha brei nasjonal interesse. Infrastrukturane skal finnast éin eller nokre få stadar i landet og gjerast tilgjengelege for relevante forskingsmiljø og næringar. Infrastrukturane skal kunne nyttast til forsking av høg internasjonal kvalitet. Av prosjekta som har fått støtte dei seinare åra, er det fleire døme på dette. Eit eksempel er forskingsinfrastrukturen som ligg til grunn for den norske jordsystemmodellen, som koplar saman data om atmosfære, hav, land, havis, biogeokjemi og anna for å estimere klima under ei lang rekke tilhøve. Jordsystemmodellen blir nytta av nesten 50 nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt og leverer mellom anna klimascenario til FNs internasjonale klimapanel.

Finansiering av norsk deltaking i internasjonale forskingsinfrastrukturar bidreg til å utvikle nye relasjonar, nettverk og internasjonalt forskingssamarbeid som aukar den norske deltakinga i søknader til EUs rammeprogram. Forskingsrådet har i 2019 representert Noreg i 18 internasjonale forskingsinfrastrukturar.

Det er aukande behov for reknekraft for å behandle data som blir nytta i forsking. Gjennom forskingsinfrastrukturordninga finansierer Forskingsrådet elektronisk infrastruktur som mellom anna tungreknemaskinar. I 2019 vedtok Forskingsrådet ei monaleg oppgradering av infrastruktur for tungrekning og datalagring ved Uninett Sigma2. Betre tilgang til forskingsdata gir auka kvalitet i forskinga og legg til rette for meir tverrfagleg forsking.

Kunnskapsdepartementet vurderer at måloppnåinga for løyvinga er god.

Budsjettforslag for 2021

Midlane på posten skal gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal løyvinga finansiere følgande særskilde formål:

  • norsk bidrag til dei internasjonale infrastrukturprosjekta CESSDA ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System og European Spallation Source

  • basisløyvingane til Norsk senter for forskingsdata og Uninett Sigma2 AS

Departementet foreslår å løyve 790 mill. kroner på posten.

Post 55 Verksemdskostnader

Løyvinga omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Utgifter til utlysing av forskingsmidlar, evaluering av søknader, utvikling av porteføljeplanar og så vidare blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.

Mål for 2021

Regjeringa har sett fem mål for verksemda til Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Løyvingane på posten skal sikre at Forskingsrådet når dei fem måla som er sette for rådet.

Resultat i 2019

Forskingsrådet forvalta i 2019 nær 10,5 mrd. kroner frå departementa og tok imot rundt 6000 søknader om prosjektmidlar. Løyvinga på posten skal mellom anna dekke vurdering av forskingssøknadene av internasjonale fagfellar og oppfølging av forskingsprosjekta. Dette bidreg til å sikre at forskingsprosjekta som blir finansierte, har høg kvalitet. Brei involvering av aktørar og samfunnsinteresser sikrar at verkemidla til Forskingsrådet fungerer for brukarane, og at det blir finansiert forsking på problemstillingar der samfunnet har behov for kunnskap, og som er i tråd med forskingspolitiske prioriteringar. Det er høg vitskapleg kvalitet i prosjekta som Forskingsrådet finansierer, og støtta til næringslivet utløyser forskingsbasert innovasjon og gir auka verdiskaping.

Forskingsrådets arbeid med forskingsinfrastruktur, internasjonalisering av forsking, og mobilisering og kvalifisering av norske aktørar til deltaking i Horisont 2020, bidreg til at Noreg har eit godt fungerande forskingssystem. Forskingsrådet har eit omfattande apparat for nasjonale kontaktpersonar som driv mobilisering til Horisont 2020 – EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Dette apparatet har vore viktig for å auke den norske deltakinga i Horisont 2020.

Forskingsrådet har i 2019 effektivisert arbeidsprosessane og sett i verk tiltak for å forenkle og automatisere prosessar for å redusere kostnader og tidsbruk. Det har mellom anna omfatta omstrukturering av styresystem, søknadssystem, intern omorganisering og IT-systemutvikling. Porteføljestyring som verktøy for å velje og prioritere mellom prosjekt skal sikre at dei beste prosjekta får finansiering. Forskingsrådet har òg arbeidd systematisk med å betre rådgivinga som er retta mot departementa, slik at forskingspolitikken kan utøvast på eit godt og kunnskapsbasert grunnlag. Forskingsrådet gjer òg eit omfattande arbeid med sikte på å utvikle forskingspolitikk og spreie forskingsresultat, og med formidling og kommunikasjon.

Forskingsrådets rekneskapsmessige avsetningar var på om lag 3,1 mrd. kroner i 2019. Det er eit for høgt nivå på avsetningane. Porteføljestyring, samordna utlysningsplanar og langtidsbudsjettering er sentrale tiltak for å redusere avsetningane i Forskingsrådet over tid. Det er òg viktig at departementa styrer meir overordna for å unngå oppbygging av avsetningar i Forskingsrådet.

Kunnskapsdepartementet vil likevel understreke at det er naturleg at Noregs forskingsråd overfører nokre midlar frå eitt budsjettår til eitt anna. Den viktigaste oppgåva til rådet er å fordele forskingsmidlar til forskingsprosjekt etter nasjonal konkurranse og slik sørge for kvalitet og relevans i den forskinga som blir finansiert. Å setje i gang nye prioriteringar og forskingssatsingar krev god planlegging og stiller strenge krav til kvalitetssikring og oppfølging, noko som tek tid. Det kan òg vere forseinkingar i forskingsmiljøa som gjer at midlane ikkje blir tildelte frå Forskingsrådet. I til dømes store infrastrukturprosjekt tek det tid frå kontraktane er inngåtte, til midlane blir betalte ut, fordi kostbart vitskapleg utstyr må bestillast gjennom eigne anbodskonkurransar. Forskingsrådet har fått tildelt meir midlar i 2020 som følge av pandemien. Desse midlane vil i hovudsak bli utbetalte i seinare år, og det er derfor venta at avsetningane vil stige framover.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 800,9 mill. kroner på posten.

I samband med at Noregs forskingsråd har vore sekretariat for strategiprosessane Prosess21 og BarnUnge21, har midlar til denne verksemda tidlegare vore mellombels rammeoverført frå dei ansvarlege departementa. Departementet foreslår å føre tilbake 1,3 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet og 0,9 mill. kroner til Barne- og familiedepartementet i 2021. Departementet foreslår òg å føre tilbake 1,5 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet for lønnsmidlar for ei stilling som mellombels var flytta til Noregs forskingsråd.

Kap. 286 Regionale forskingsfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

189 119

194 982

Sum kap. 0286

189 119

194 982

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forskingsevna i regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats.

Sjå kap. 287, post 60 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling gjennom å medverke til at bedrifter og offentlege verksemder oppnår auka kompetanse, innovasjonsevne og verdiskaping. Fonda skal vidare mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 195 mill. kroner på posten.

Tabell 4.27 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond i 2021

(i 1 000 kr)

Fylkeskommune

Beløp

Agder

14 345

Innlandet

15 230

Møre og Romsdal

13 765

Nordland

18 308

Oslo

19 676

Rogaland

16 728

Troms og Finnmark

18 337

Trøndelag

16 574

Vestfold og Telemark

15 893

Vestland

18 890

Viken

27 236

Totalt

194 982

Kap. 287 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

7 242

53

NUPI

2 510

56

Holbergprisen

16 803

57

Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

217 444

218 120

223 974

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

183 255

71

Tilskot til andre private institusjonar

48 648

73

Niels Henrik Abels matematikkpris

9 783

Sum kap. 0287

485 685

218 120

223 974

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71

Løyvinga på posten blei flytta til kap. 275, post 21 i statsbudsjettet for 2020.

Resultat i 2019

I 2019 blei det gjennomført fleire utgreiingar og analysar som grunnlag for utviklinga av forskingspolitikken. På oppdrag frå departementet gjennomførte Samfunnsøkonomisk analyse ei evaluering av Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (sjå kap. 288, post 73). Departementet tildelte vidare 1,3 mill. kroner til Unit for utgreiingar knytte til open forsking, og 1 mill. kroner til Forskingsrådet for å styrke arbeidet med statistikk og indikatorar om det norske forskings- og innovasjonssystemet (Indikatorrapporten). Løyvinga finansierte òg arrangement i samband med dei vitskaplege prisane til regjeringa, som bidrog til å auke merksemda kring forsking.

Post 53 NUPI

Sjå kap. 275, post 21 for budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Nettstaden og nyhendebrevet Hvor hender det? er den viktigaste kanalen til NUPI for å nå ut til ungdom med informasjon om internasjonal politikk, og er retta mot elevar i vidaregåande skule. Interessa for nyhendebrevet auka i 2019. I tillegg vitja over 20 skuleklassar NUPI.

NUPI har òg arrangert ei stor mengde seminar og konferansar, og mange av dei blir òg filma og direktestrøymde, og det var ein liten auke i visningane i 2019. Forskarane ved NUPI har vore mykje nytta som kjelder og kommentatorar i norske og utanlandske medium.

Post 56 Holbergprisen

Sjå kap. 289, post 51 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

I 2019 fekk professor Paul Gilroy ved King’s College London Holbergprisen for forskinga si innanfor kulturvitskap, kritisk raseteori, litteraturvitskap og tilknytte fagfelt. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir òg Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris som skal gå til framifrå yngre nordiske forskarar innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen. I 2019 gjekk prisen til førsteamanuensis Finnur Dellsén ved Islands universitet for forsking innanfor sannkjenningsteori og vitskapsfilosofi. Prisen er på 500 000 kroner.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med priskomitéarbeidet og prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule. Kvart år deltek 20 skular med rundt 850 elevar frå heile landet. I 2019 var det elevar ved Oslo by steinerskole som vann Holbergprisen i skulen.

Post 57 Basisløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk, utdanning og innovasjon, og velferd. Alle institutta har ein tverrfagleg profil.

Mål for 2021

Målet med løyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet.

Resultat i 2019

Forskingsinstituttet Norut gjekk i 2019 inn i NORCE. Driftsinntektene til dei 18 samfunnsvitskaplege institutta var i 2019 på om lag 1,5 mrd. kroner, nær 100 mill. kroner høgare enn i kvart av dei tre føregåande åra. Nasjonale bidragsinntekter var den største inntektskjelda. Den statlege grunnløyvinga utgjorde i gjennomsnitt 15 pst. for desse institutta. I dei samfunnsvitskaplege institutta blei det utført 754 forskarårsverk i 2019, og kvinner stod for halvparten av årsverka. Dei utanrikspolitiske institutta og Institutt for samfunnsforskning hadde høgast publisering per forskarårsverk i 2019, medan dei regionale institutta kom svakast ut.

Tabell 4.28 Basisløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

(i 1 000 kr)

Basisløyving 2019

Pst. endring 2017–19

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

18,0

14

FAFO

22,6

17

Fridtjof Nansens Institutt (FNI)

8,5

5

Frischsenteret

3,3

26

Institutt for fredsforskning (PRIO)

21,2

18

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

12,5

13

Møreforsking

7,1

22

NORCE1

32,9

18

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

16,6

15

Nordlandsforskning

5,1

8

NTNU Samfunnsforskning

12,5

25

Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI)

17,0

7

NORSUS Norsk institutt for bærekraftsforskning2

5,1

24

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

7,9

6

SINTEF AS, samfunnsvitskapleg del

20,4

29

Telemarksforskning

6,2

29

Trøndelag Forskning og Utvikling

3,6

14

Vestlandsforsking

4,8

16

Totalsum

225,3

1 Agderforskning, IRIS og UNI Research gjekk inn i NORCE i 2018 og Norut i 2019. Tala for NORCE omfattar dei tidlegare institutta.

2 Østfoldforskning skifta 8. juni 2020 namn til Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS).

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 224 mill. kroner på posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 19,1 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 5 mill. kroner av løyvinga på posten gjeld Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Nordapt) i Sogndal.

10 pst. av grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern.

Forskingsrådet har anbefalt at Kunnskapsdepartementet tek Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU) ut av ordninga med statleg grunnløyving frå 2019. Grunnen er at instituttet ikkje tilfredsstiller krava for å få løyving. Departementet har sidan våren 2019 vore i kontakt og hatt dialog med TFoU for å finne ei løysing slik at instituttet framleis skal kunne ta imot grunnløyving. For å styrke den faglege verksemda ved instituttet arbeider TFoU derfor med å fusjonere med ein annan forskingsinstitusjon. Dersom arbeidet fører fram til fusjon innan fristen departementet har sett til 1. januar 2021, vil grunnløyvinga for 2020 kunne utbetalast. Departementet foreslår i så fall at eit beløp tilsvarande grunnløyvinga til TFoU for 2020 kan takast inn i det samanslåtte instituttet i 2021.

Institutta skal nytte grunnløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging. Løyvinga skal vidare stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, brukarrelevans, internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av basisløyvinga.

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Tilskotsmidlane til dei regionale forskingsfonda (RFF) har sidan fondsordninga blei oppretta i 2009, vore fordelte på sju forskingsfond. Som ein del av regionreforma fekk kvar fylkeskommune i 2020 sitt eige forskingsfond, og dei gjer sjølve vedtak om utlysingar og tildelingar av midlar til forskingsprosjekt.

Sjå kap. 286, post 60 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

Dei regionale fonda tildelte 81 mill. kroner til bedriftsprosjekt i 2019. Om lag 20 mill. kroner gjekk til kvalifiseringsprosjekt, og 55 mill. kroner gjekk til prosjekt i offentleg sektor. Næringslivet var med nær 60 pst. også i 2019 største mottakar av fondsmidlane. RFF Hovudstaden tildelte til dømes nesten alle midlane sine til prosjekt i det offentlege, medan RFF Midt-Noreg ikkje tildelte midlar til prosjekt i offentleg sektor. Forklaringa er at FoU-behova og FoU-prioriteringane varierer mellom fondsregionane, og tildelingane speglar dette. Den aller største delen av midlane frå fonda gjekk i 2018 til dei tematiske områda miljø, klima og fornybar energi. Prosjekt finansierte med midlar frå forskingsfonda stod for 80 vitskaplege publiseringar i 2019 og for 382 ferdige eller forbetra produkt, prosessar eller tenester.

Post 71 Tilskot til andre private institusjonar

Løyvinga blei i hovudsak flytta til kap. 275, post 70 i statsbudsjettet for 2020. Midlane til Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) til arrangement i samband med Kavliprisen blei flytta til nytt kap. 289, post 72. Sjå desse postane for budsjettforslag 2021.

Resultat i 2019

Tilskot har blitt gitt til:

  • Senter for grunnforskning (CAS): 21,7 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA): 20,3 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS): 3,2 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskere: 2,2 mill. kroner

  • Egede Instituttet: 0,4 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA): 0,6 mill. kroner

  • Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

Rapporteringa for 2019 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda på ein tilfredsstillande måte.

Tilskotet til DNVA i 2019 omfatta òg midlar til arrangement i samband med Kavliprisen. Kavliprisen er eit samarbeid mellom DNVA, Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2019 blei ikkje prisen delt ut, men det blei gjennomført fleire internasjonale arrangement for å auke merksemda om prisen og stimulere til internasjonalt samarbeid, mellom anna i samarbeid med Europakommisjonen og Det europeiske forskingsrådet.

Post 73 Niels Henrik Abels matematikkpris

Sjå kap. 289, post 71 for mål og budsjettforslag for 2021.

Resultat i 2019

I 2019 blei Abelprisen delt ut til Karen Keskulla Uhlenbeck, University of Texas, for hennar nybrottsarbeid innanfor geometriske partielle differensiallikningar, gaugeteori og integrerbare system, og for den store innverknaden arbeidet hennar har hatt på analyse, geometri og matematisk fysikk. Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Løyvinga dekker prisbeløpet på 7,5 mill. kroner og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. Gjennom Abelprisen finansierer DNVA ei rekke tiltak som skal stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. I 2019 nådde dei ei brei målgruppe frå grunnskule til vidaregåande skule og lærarar, gjennom støtte til mellom anna vitensenter og frivillige studentorganisasjonar. I tillegg støtter DNVA Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Særskilde driftsutgifter

122 106

141 073

49 436

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

302 791

288 845

327 390

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

2 446 318

2 390 128

2 529 593

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

646 902

827 055

75

UNESCO-kontingent

20 647

24 944

24 303

76

UNESCO-formål

4 002

4 109

4 240

Sum kap. 0288

2 895 864

3 496 001

3 762 017

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP), prosjekt i regi av Europarådet og UNESCO og støtte til Tysk-norsk ungdomsforum.

Mål for 2021

Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Resultat i 2019

Hovuddelen av løyvinga har i 2019 vore nytta til samarbeidsprogramma NORPART, UTFORSK og INTPART.

Norsk partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) støttar akademisk samarbeid og gjensidig studentmobilitet mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utviklingsland i Søraust-Asia, Afrika og Latin-Amerika. NORPART bidreg til utvikling av nye kurs og studieprogram, og partnarinstitusjonane samarbeider om å heve kvaliteten på eksisterande studietilbod. Programmet har per 2019 gitt tilskot til 46 prosjekt. Prosjekta har så langt nådd om lag ein tredel av total planlagd studentmobilitet til Noreg for perioden 2017–21. Det er stor variasjon mellom prosjekta, og nokre har redusert måltala sine som følge av utfordringar med rekruttering og praktisk organisering.

UTFORSK og INTPART er hovudtiltaka for å følge opp regjeringas strategi Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).

UTFORSK bidreg i stor grad til auka studentmobilitet, både til og frå samarbeidslanda. Mobiliteten er i hovudsak av kortare varigheit og skjer ofte i samband med forskingsaktivitetar.

Prosjekta rapporterer om auka tverrfagleg samarbeid gjennom partnarskapsprosjekta, med ringverknader i form av auka samarbeid med fagmiljø i eigen institusjon og på tvers av institusjonar i Noreg. UTFORSK finansierte i 2019 totalt 89 pågåande prosjekt.

Ein rapport publisert av Diku og Forskingsrådet i 2019 syner at INTPART-prosjekta bidreg til å styrke norske fagmiljø gjennom større nettverk og kunnskapsbase, tilgang til forskingsinfrastruktur, auka studentrekruttering og auka kvalitet i studieprogram. I 2019 talde prosjektporteføljen 90 prosjekt, og det var særleg stor auke i talet på utreisande studentar til Kina og India.

Løyvinga til dei tre programma bidreg til at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, forsking og integrering, og at det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Ein del av løyvinga har i 2019 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees, UNESCO Qualifications Passport for Refugees and Vulnerable Migrants og UNESCOs arbeid med Global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning. Konvensjonen blei vedteken på UNESCOs generalkonferanse i november 2019 og bidreg til å styrke den globale rettstryggleiken for alle som tek høgare utdanning på tvers av geografiske regionar. Konvensjonen var mellom anna eit resultat av Kunnskapsdepartementets pådrivarrolle med dette arbeidet i UNESCO sidan 2011.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 49,4 mill. kroner for 2021.

Midlane på posten går mellom anna til oppfølging av Panorama-strategien, og ei satsing på verdsleiande fagmiljø på 19 mill. kroner til INTPART blir vidareført.

Dessutan kan det bli gitt støtte til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO, OECD og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, mellom anna bidrag til å oppnå FNs berekraftsmål nr. 4 om god utdanning til alle. I 2021 vil delar av løyvinga gå til UNESCO-prosjektet Qualifications Passport for Refugees and Vulnerable Migrants.

Kunnskapsdepartementet foreslår å samle verksemdskostnadene og tilskotsmidlane som Diku forvaltar gjennom programma NORPART og UTFORSK, til Dikus kapittel. Departementet foreslår derfor å flytte 8 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til kap. 272, post 50 og 87 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til nytt kap. 272, post 51.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegg (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2021

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål om høg kvalitet og internasjonalisering.

Resultat i 2019

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og å bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet. Til dømes deltek drygt 100 nordmenn i ALICE- og ATLAS-eksperimenta ved CERN. Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester og held seg oppdaterte om og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane. EMBL har på kort varsel teke på seg å koordinere forskingsdata frå heile verda om forsking på covid-19.

Budsjettforslag for 2021

Tabell 4.29 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar i 2021

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta

CHF

Euro

1 000 kr

CERN

27 014 250

271 855

EMBC

612 732

6 610

EMBL

2 534 510

27 342

ESRF

1 257 156

13 562

IARC

743 436

8 020

Sum

327 390

Departementet foreslår å løyve 327,4 mill. kroner på posten. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir fastsette ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2021 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2021 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2020.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast

Løyvinga dekker etterbetalingar for Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020 (2014–20), og i EUs tidlegare rammeprogram for forsking. Regjeringa foreslår at posten også skal dekke Noregs kontingent til deltaking i EUs neste rammeprogram, som startar opp i januar 2021, Horisont Europa (2021–27), og EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU» (2021–24). Rammeprogrammet har tre hovudområde: framifrå forsking, globale utfordringar og eit konkurransedyktig europeisk næringsliv, og eit innovativt Europa, i tillegg til ein tverrgåande del: breiare deltaking og styrking av Det europeiske forskingsområdet. Norsk deltaking i Horisont Europa føreset tilslutning frå Stortinget, og regjeringa vil ev. legge fram ein samtykkeproposisjon om dette i 2021.

Mål for 2021

Målet med løyvinga er høg kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka verdiskaping, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av norsk forsking og innovasjon.

Resultat i 2019

Noregs deltaking i EUs rammeprogram blei evaluert i 2020 av Samfunnsøkonomisk analyse AS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Resultata viser at deltakinga har medverka til å nå dei fire måla regjeringa sette i strategien for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU – ein auka kvalitet i norsk forsking og innovasjon, auka innovasjonsevne, verdiskaping og økonomisk vekst, betre velferd og berekraftig samfunnsutvikling, og utvikling av eigen forskings- og innovasjonssektor.

Noreg har hatt auka aktivitet i rammeprogramma. Noregs deltaking målt i prosentdel av konkurranseutsette midlar har auka frå 1,69 pst. i det sjuande rammeprogrammet til 2,26 pst. i Horisont 2020. Frå hausten 2017 og ut heile 2019 har delen lege over regjeringa sin ambisjon om to prosent.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 2,5 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2021 er basert på Europakommisjonens forslag til langtidsbudsjett for programperioden 2021–27 og EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU» (NGEU), i perioden 2021–24. Det er anslått at NGEU vil koste Noreg om lag 360 mill. kroner årleg, og totalt 1,4 mrd. kroner. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2021 vil ligge føre når EU har vedteke budsjettet sitt, og regjeringa vil ta endeleg avgjerd om deltaking etter at EUs langtidsbusjett er vedteke. Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet for omtale av deltakinga i EU-programma 2021–27. Sjølv om programperioden til Horisont 2020 blir avslutta i 2020, vil utbetalingane frå programma bli fasa ut over fleire år. Det betyr at Noreg må betale bidrag til Horisont 2020 samtidig med bidrag til Horisont Europa.

Deltakinga i rammeprogrammet gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur. God norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon er ein sentral del av norsk forskingspolitikk, jf. Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 og europapolitikk, jf. Norge i Europa:Regjeringens strategi for samarbeidet med EU 2018–2021.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Løyvinga på posten dekker kontingenten for norsk deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2014–20). Sjølv om programperioden for Erasmus+ er ferdig i 2020, vil det framleis vere kostnader i dei komande åra knytte til prosjekt som enno ikkje er avslutta. Frå 2021 foreslår regjeringa at posten òg skal dekke Noregs kontingent til deltaking i EUs neste programperiode for Erasmus+ (2021–27). Norsk deltaking i Erasmus+ føreset tilslutning frå Stortinget, og regjeringa vil ev. legge fram ein samtykkeproposisjon om dette i 2021. Sjå kap. 252, post 70 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet og kompetansen til den einskilde deltakaren.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 827 mill. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2021 er basert på Europakommisjonens forslag til langtidsbudsjett for programperioden 2021–27. Eit betre grunnlag for å vurdere utbetalingane i 2021 vil ligge føre når EU har vedteke budsjettet sitt, og regjeringa vil ta endeleg avgjerd om deltaking etter at EUs langtidsbusjett er vedteke. Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Utanriksdepartementet for omtale av deltakinga i EU-programma 2021–27.

Post 75 UNESCO-kontingent

Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

Mål for 2021

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av og tek ei leiarrolle i koordineringa av FNs berekraftsmål 4 om utdanning. Deltakinga skal også medverke til at UNESCO følger opp den globale konvensjonen for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning, og at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FN-tiåret for havforsking (2021–30). I tillegg skal UNESCO verne og styrke verdas kultur- og naturarv, styrke presse- og ytringsfridommen og arbeide for meir open tilgang til forskingsresultat. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Resultat i 2019

Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med målet og deltok på High Level Political Forum on Sustainable Development i juli 2019.

UNESCO har gjort ein god jobb med Global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning, som blei vedteken på UNESCOs generalkonferanse i november 2019. Dette er det første globale normative dokumentet innanfor høgare utdanning frå UNESCO nokon gong.

Den internasjonale havforskingskomiteen har arbeidd med å fremje og førebu eit internasjonalt tiår for havforsking og å synleggjere samanhengen mellom tilstanden til hava og klimaendringar og kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg er medlem av Verdsarvkomiteen og ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert, og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 24,3 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2020.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskotsordninga til UNESCO-formål, som blir forvalta av Den norske UNESCO-kommisjonen. UNESCO-kommisjonen er eit rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200, post 21.

Mål for 2021

Tilskotsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjend i Noreg og understøtte dei vedtekne satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Resultat i 2019

I 2019 fekk 23 ulike prosjekt støtte frå tilskotsordninga. Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv, og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet. Ein del av løyvinga gjekk i 2019 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk, Associated School Program Network (ASPnet). ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 11 500 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. I 2019 var det 38 medlemsskular i Noreg, opp frå 36 året før. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.

Budsjettforslag for 2021

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4,2 mill. kroner på posten i 2021. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skulenettverk ASPnet.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

6 236

14 582

Sum kap. 3288

6 236

14 582

Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten, som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Kap. 289 Vitskaplege prisar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

51

Holbergprisen

17 341

17 896

71

Abelprisen

16 288

16 809

72

Kavliprisen

11 340

11 703

Sum kap. 0289

44 969

46 408

Regjeringas internasjonale forskingsprisar blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

Post 51 Holbergprisen

Sjå kap. 287, post 56 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 17,9 mill. kroner på posten.

Post 71 Abelprisen

Sjå kap. 287, post 73 for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal skape merksemd i samfunnet og føre til interesse for matematikk blant barn og unge.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 16,8 mill. kroner på posten.

Post 72 Kavliprisen

Midlane til Kavliprisen blei tidlegare løyvde over kap. 287, post 71, som ein del av tilskotet til Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Sjå denne posten for resultatrapportering for 2019.

Mål for 2021

Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 11,7 mill. kroner på posten.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

2410

Statens lånekasse for utdanning

43 052 550

45 284 627

46 799 545

3,3

Sum kategori 07.80

43 052 550

45 284 627

46 799 545

3,3

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

5310

Statens lånekasse for utdanning

18 336 861

17 997 930

18 458 621

2,6

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 481 163

5 120 420

2 509 820

-51,0

Sum kategori 07.80

22 818 024

23 118 350

20 968 441

-9,3

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei bur, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat. Slik får samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse.

Departementet har sett følgande overordna mål for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet.

Hovudprioriteringar for 2021

Med Utdanningsløftet 2020 har regjeringa auka kapasiteten i utdanningssystemet, både i vidaregåande opplæring, i høgare yrkesfagleg utdanning og i høgare utdanning, jf. omtale under del I, kap. 1.2. Dette gir auka utgifter til lån og stipend gjennom Lånekassen.

Utdanningsstøtteordninga er eit viktig verkemiddel for å nå måla i kompetansereforma, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet. Regjeringa vil i 2021 halde fram arbeidet med å gjere Lånekassen betre tilpassa kundar som tek vidareutdanning. Departementet foreslår å løyve 12 mill. kroner til utvikling av saksbehandlingssystemet i Lånekassen i 2021, slik at systemet er betre tilpassa dei nye fleksible utdanningsstøtteordningane.

Ein har i dag rett på lån og stipend i inntil åtte år, uavhengig av om ein tek utdanning på heiltid eller deltid. Dette gjer terskelen høgare for personar som treng lån og stipend til vidareutdanning. Departementet foreslår å gå over til ei studiepoengbasert tidsramme, slik at lån og stipend kan takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid. Tiltaket har ein utviklingskostnad på 2,6 mill. kroner i 2021.

Departementet foreslår at privatistar ikkje lenger skal ha rett til stipend for å ta opp fag i vidaregåande opplæring som dei allereie har bestått. Tiltaket kan bidra til at nokre kjem raskare i gang med høgare utdanning og ut i arbeidslivet enn dei elles ville gjort. Endringa gir ei anslått innsparing på 13,3 mill. kroner i 2021, som er ein halvårseffekt.

I dag har elevar i vidaregåande opplæring og studentar i høgare utdanning rett til lån og stipend til reiser utanfor Norden. Av satsen per region blir 35 pst. gitt som stipend og resten som lån. Departementet foreslår at stipenddelen for eit studieår blir redusert til 17,5 pst. Endringa gir ei anslått innsparing på 16,5 mill. kroner i 2021, som er ein halvårseffekt.

Mål: Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet og fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

I takt med auken i talet på studentar på universitet, høgskular og fagskular har det blitt fleire som får lån og stipend til utdanning gjennom Lånekassen. Medan 346 000 elevar og studentar fekk utdanningsstøtte i studieåret 2009–10, var det 418 000 som fekk utdanningsstøtte i 2019–20, jf. omtale under kap. 2410. Lånekassen har no om lag 1,1 mill. kundar, nær 20 pst. av befolkninga. For mange elevar er Lånekassen det første sjølvstendige møtet med offentleg sektor, og Lånekassen har gjennom fleire år arbeidd for å utvikle enkle og brukarvennlege tenester for alle kundegrupper. Hovuddelen av søknadene blir behandla digitalt, noko som mellom anna skal sikre at kundane får den utdanningsstøtta dei har rett på, til rett tid. Utdanningsstøtteordninga fungerer godt for dei fleste elevar og studentar i ordinær utdanning, og Noreg har i internasjonal samanheng svært gode ordningar for støtte til studiar utanfor landet.

Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald

Tal frå SSB frå 2018 viser at åtte av ti bortebuande studentar nyttar utdanningsstøtteordninga gjennom Lånekassen. Lån og stipend utgjer om lag ein tredel av inntekta til bortebuande studentar. Inntekt frå betalt arbeid aukar med alderen til studentane. For dei studentane som er yngre enn 22 år, er lån og stipend den viktigaste inntektskjelda. Som følge av covid-19-pandemien har kvardagen blitt meir usikker for mange studentar og elevar. Utdanningsstøtte frå Lånekassen er derfor no ei ekstra viktig inntektskjelde.

Mange studentar arbeider ved sida av studia

Utdanningsstøtteordninga er innretta slik at ho kan kombinerast med noko arbeid i tillegg til heiltidsstudium. Tal frå SSB for 2019 viser at 53 pst. av studentane arbeider gjennom heile semesteret. Ytterlegare 19 pst. arbeider av og til, og berre 28 pst. har ikkje betalt arbeid ved sida av studiane. Norske studentar som arbeider gjennom heile semesteret, har ei median arbeidsinntekt på 10 000 kroner i månaden. Arbeidsinntekta er dermed ei relativt stor inntektskjelde for fleire studentar. Med auken i talet på arbeidsledige og permitterte som følge av covid-19-pandemien, har mange studentar mista arbeidsinntekter.

Finansiering av utdanning kan vere vanskeleg for vaksne

Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet viser til at tap av inntekt i ein vidareutdanningsperiode, og eventuelt høge studieavgifter på ein del av studia, kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne seg. Særleg for personar som ønsker å omstille seg ut av den jobben dei har, kan det vere vanskeleg å finansiere utdanning som gir eit nytt yrke.

Behovet for å ta vidareutdanning og for å kombinere og veksle mellom arbeid og utdanning vil bli større framover. Kvar fjerde student i Noreg er 30 år eller eldre, og ein tredel av studentane bur saman med partnar og/eller barn, ifølge tal frå SSB frå 2018. Ordningane frå Lånekassen har i stor grad vore tilpassa unge heiltidsstudentar, og i mindre grad vore tilpassa behova til sysselsette med bustadlån og forsørgaransvar. Maksimalt årsbeløp for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule er rundt ein firedel av medianinntekta for heiltidstilsette, ifølge NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling.

Strategiar og tiltak

Elleve månader med studiestøtte

Regjeringa ønsker å legge til rette for at studentane skal kunne gjennomføre studia på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Frå studieåret 2013–14 til studieåret 2019–20 har basislånet, med mogleg omgjering til stipend, auka med 11 pst. utover prisveksten i same periode. Auken heng i stor grad saman med opptrappinga til elleve månader med lån og stipend. Heiltidsstudentar i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning fekk i studieåret 2019–20 eit basislån på 121 220 kroner. Dette er 14 600 kroner meir enn nivået ville ha vore utan satsingane som har blitt gjennomførte sidan 2014-budsjettet.

Tiltak for å møte covid-19-pandemien

Utdanningsstøtteordninga og gunstige reglar for tilbakebetaling av utdanningslån er blitt endå meir aktuelle med den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien. I 2020 la regjeringa fram fleire krisepakkar med mellombelse tiltak for studentar, jf. omtale i del III, kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien.

Meir fleksible ordningar

I NOU 2019: 12 Lærekraftig utvikling peikar eit ekspertutval på utdanningsstøtteordninga gjennom Lånekassen som eit instrument for å auke etterspurnaden etter samfunnsøkonomisk lønnsam vidareutdanning. Livsopphaldsutvalet har i NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring også peika på utdanningsstøtteordninga som ein reiskap for å bygge opp kompetansen blant vaksne med låg utdanning.

I 2020-budsjettet blei det vedteke fleire endringar i utdanningsstøtteordninga som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Utdanningsstøtteordninga blei mellom anna opna for dei som tek utdanning med mindre enn 50 pst. studiebelastning, og det blei innført tilleggslån til personar over 30 år og høgare aldersgrenser for når lån kan bli redusert. Lånekassen arbeider no med å tilpasse saksbehandlingssystemet til dei kundegruppene som har behov for meir fleksible ordningar.

Eit av måla med kompetansereforma er å få fleire enkeltpersonar til å investere i kompetanseutvikling. Departementet vil endre berekninga av tidsramma for lån og stipend slik at utdanningsstøtta kan takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid. Ein overgang til studiepoengbasert tidsramme inneber at alle vil ha rett til å få lån og stipend til å ta ei viss mengd studiepoeng. Endringa vil gjere det enklare å kombinere deltidsutdanning med deltidsarbeid, ved at ein til dømes kan ta opp lån for å finansiere vidareutdanning.

Dei som ved innføring av endringa enno ikkje har brukt opp ramma på åtte år etter dagens regelverk, blir behandla etter den nye ordninga frå og med studieåret 2021–22. Studentane kan maksimalt bruke 30 studiepoeng av ramma i løpet av eit semester. Dei studentane som tek meir enn 30 studiepoeng, vil dermed ikkje på eit seinare tidspunkt få mindre studiestøtte enn dei som har normal studieprogresjon.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

405 369

414 877

398 943

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

12 000

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

7 234 618

7 343 311

7 815 409

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

3 418 977

3 552 532

3 669 245

71

Andre stipend, overslagsløyving

707 776

725 460

578 232

72

Rentestøtte, overslagsløyving

1 142 335

1 339 845

602 555

73

Avskrivingar, overslagsløyving

861 408

787 385

956 359

74

Tap på utlån

387 105

392 500

415 500

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

28 894 962

30 728 717

32 351 302

Sum kap. 2410

43 052 550

45 284 627

46 799 545

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Kunnskapsdepartementet fastset reglane for utdanningsstøtteordningane, men det er Lånekassen som forvaltar dei.

Mål for 2021

Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:

  • Like moglegheiter til utdanning gjennom finansiering av kompetansebehova til den einskilde og samfunnet

  • Ein enklare kvardag for alle i utdanning og alle med utdanningslån

Resultat i 2019

Lånekassen hadde 1 133 000 kundar i 2019 og fekk 859 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Til saman blei det delt ut 31,8 mrd. kroner i stipend og lån, og låneporteføljen var 194,6 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Talet på kundar med betalingsproblem heldt fram med å minke i 2019, og talet på kundar med oppsagde lån er redusert med om lag 900 samanlikna med 2018.

Lånekassen har medverka til å utvikle utdanningsstøtteordningane gjennom innspel til Kunnskapsdepartementet. Lånekassen leverte i 2019 ei større utgreiing med forslag til korleis støtte til lån og stipend i større grad kan tilpassast behova til vaksne som treng grunnleggande kompetanse eller vidareutdanning. Utgreiinga held fram i 2020.

Kunnskapsdepartementet har sett konkrete krav til resultat for målet om at Lånekassen skal tilby kundane brukarvennlege, raske og korrekte tenester. Talet på saker som blir behandla heilt utan manuell saksbehandling, heldt fram med å stige i 2019. Lånekassen har langt på veg nådd dei fleste av resultatkrava for behandling av søknader, men resultata er litt lågare enn året før. Behandlingstida for ein del av sakene som blir behandla manuelt, var for lang. Lånekassen sette i 2019 i verk ulike tiltak for å redusere behandlingstida for manuelle saker.

Lånekassen ligg langt framme når det gjeld digitalisering. Som den første offentlege verksemda i Noreg flyttar Lånekassen alle IT-systema til skyløysingar. Arbeidet med å etablere skyløysingar starta i 2019 og blei fullført våren 2020. Bruk av sky skal bidra til større tryggleik, tilgang til nye tenester, betre utviklingsprosessar og auka moglegheiter for å skalere systema etter behov, til dømes i samband med høgsesongen for søknader om utdanningsstøtte.

Styret i Lånekassen vedtok hausten 2019 ein ny strategi for verksemda. Strategien bygger mellom anna på ein analyse av kva for hovudtrendar som vil påverke Lånekassen fram mot 2025. Ein viktig trend er at kompetansebehovet i samfunnet vil endre seg i åra framover. Lånekassen må derfor vere budd på å få nye kundegrupper som har andre behov og forventningar enn kundane i dag. Den nye strategien gir tydeleg retning for arbeidet til Lånekassen i strategiperioden.

Budsjettforslag for 2021

Departementet foreslår å løyve 398,9 mill. kroner på post 01 og 12 mill. kroner på post 45.

For 2020 er det løyvd 15 mill. kroner på post 01 til å dekke delar av kostnadene i samband med at Lånekassen flyttar inn i nye lokale på fire ulike stadar. Desse midlane er trekte ut av løyvinga for 2021. I tillegg foreslår departementet å redusere løyvinga med 5,7 mill. kroner for eittårige midlar til IKT-utvikling m.m. i 2020-budsjettet som skal utfasast.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 3 mill. kroner for å dekke utgiftene til nødvendig IKT-utvikling knytt til endringar som det er gjort nærare greie for under kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617. Hovuddelen av dette gjeld endringa i tidsramma for lån og stipend.

Departementet foreslår å løyve 12 mill. kroner på post 45 til utvikling av saksbehandlingssystemet i Lånekassen for at det skal bli meir tilpassa fleksible ordningar for vaksne. Kostnadene ved første gjennomføringsfase er anslått til 18,7 mill. kroner, og av dette kan Lånekassen dekke 6,7 mill. kroner innanfor gjeldande løyving. I ein overgangsperiode vil forvaltningskostnadene auke litt som følge av at Lånekassen må forvalte eit større system. På sikt vil endringa av systemet kunne gi reduserte forvaltingskostnader.

Kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane dekker dei ulike delane av utdanningsstøtteordninga til Lånekassen. Endringar i ordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Budsjettet for utdanningsstøtte blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.

Mål for 2021

Departementet har sett følgande mål for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte:

  • Alle har god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet.

  • Fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet.

Resultat i 2019

Med 1 133 000 kundar i 2019 hadde Lånekassen 2 pst. fleire kundar enn i 2018. Av desse held 63 pst. på å betale tilbake lånet, medan 37 pst. var mottakarar av lån og stipend.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2019–20 på 34,3 mrd. kroner. Av dette blei 4,5 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå tabell 4.32 for fordeling på dei ulike stipendformene. Resten blei betalt ut som lån.

I kalenderåret 2019 blei 4,1 mrd. kroner betalte ut som stipend. I tillegg blei 7,1 mrd. kroner gjorde om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2019 blei dermed 11,2 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for mottakarar av lån og stipend og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.30 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett

2016–17

2017–18

2018–19

2019–20

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring1

239 287

239 630

241 955

241 810

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

213 872

213 493

213 193

213 770

Tal på mottakarar av lån og stipend med ungdomsrett

163 310

163 410

164 293

163 551

Sum stipend (i mill. kroner)

1 913

1 970

2 082

2 136

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

11 713

12 084

12 701

13 095

Sum lån (i mill. kroner)

143

148

156

178

Gjennomsnittslån (i kroner)

24 098

24 442

25 823

26 245

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

Tabell 4.31 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.

2016–17

2017–18

2018–19

2019–20

Tal på studentar i høgare utdanning1

286 050

289 958

291 528

294 561

Tal på mottakarar av lån og stipend i høgare utdanning

195 896

197 838

198 291

199 493

Tal på andre mottakarar av lån og stipend2

43 633

47 043

51 739

55 317

Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner)

23 925

25 588

26 776

29 614

Gjennomsnittslån (i kroner)

101 387

106 180

109 516

118 0423

Utbetalt konverteringsstipend4 (i mill. kroner)

6 540

6 681

6 3865

1 4795

Sum andre stipend (i mill. kroner)

1 718

1 832

2 086

2 345

1 Tal på studentar i høgare utdanning frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og tal frå Lånekassen på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskular, folkehøgskular, bibelskular, korte yrkesretta utdanningar og vaksne elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av ekstralånet for vår 2020 og opptrappinga til 11 månader med studiestøtte.

4 Utbetalt stipend etter at behovsprøving mot inntekt og formue er gjennomført. Status per august 2020.

5 Omgjering frå lån til stipend skjer samtidig som behovsprøvinga mot inntekt og formue blir gjennomført. Behovsprøvinga for 2019 er i hovudsak gjennomført, og ein stor del av konverteringsstipendet for dette året er derfor utbetalt. For 2020 er det enno ikkje utbetalt konverteringsstipend.

Tabell 4.32 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Tal på stipend

Stipend i mill. kroner

2018–19

2019–20

2018–19

2019–20

Inntektsavhengig stipend1

16 924

16 281

431

428

Bortebuarstipend2

25 874

25 123

1 028

1 019

Utstyrsstipend

159 342

158 657

264

269

Flyktningstipend3

10 318

12 392

787

1 006

Stipend til skulepengar i utlandet

15 082

14 357

453

442

Tilleggsstipend til skulepengar i utlandet

2 014

1 807

94

95

Valutajustering (netto) av stipend og tilleggsstipend til skulepengar i utlandet

10 288

13 129

9

10

Stipend til skulepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular

817

824

61

63

Språkstipend

460

455

10

10

Tilleggsstipend til tilrettelagd utdanning i Frankrike og Tyskland

52

40

1

1

Reisestipend, Noreg og Norden

8 709

8 293

17

16

Reisestipend, utanfor Norden

23 124

22 278

71

67

Sjukestipend4

889

765

29

26

Foreldrestipend4

2 772

2 629

195

187

Barnestipend3, 5

23 131

24 648

463

527

Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming3

7 454

8 331

260

316

Totalt

307 250

310 009

4 173

4 482

1 Tidlegare kalla grunnstipend.

2 Tidlegare kalla bustipend

3 Stipendet blir i ettertid behovsprøvd mot inntekt og formue. Ein del av det som opphavleg blei tildelt som stipend, vil derfor på eit seinare tidspunkt kunne bli gjort om til lån.

4 Omgjering av lån til stipend ved sjukdom og fødsel skjer i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2018–19 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 73,1 mill. kroner og for omgjering ved fødsel 239,7 mill. kroner.

5 Tidlegare kalla forsørgarstipend.

Tabell 4.33 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

(i 1 000 kr)

2016

2017

2018

2019

Tal på tilbakebetalande låntakarar1

653 842

672 865

695 194

718 675

Renteberande lån

115 186

122 215

130 388

138 988

Betalte renter

2 484

2 627

2 725

2 955

Avdrag

7 759

8 260

8 690

9 164

Ettergivne lån og renter

596

574

691

861

Rentestøtte

847

1 050

1 074

1 142

Uteståande lån

162 340

172 003

182 173

192 770

Uteståande renter

1 620

1 672

1 690

1 799

1 Ikkje oppgitt i 1 000 kroner

Tildeling av lån og stipend

Opptrapping til elleve månader med studiestøtte

Regjeringa la i Prop. 122 S (2015–2016) fram ein plan for gradvis innføring i fire trinn av ein ekstra månad med utdanningsstøtte til heiltidsstudentar ved universitet, høgskular og fagskular. I samsvar med planen blei ordninga trappa ytterlegare opp våren 2019. Aktuelle søkarar fekk utbetalt basislån for tre veker meir enn i studieåret 2015–16. For våren 2019 kunne om lag 172 200 studentar få utbetalt 2 706 kroner meir i basislån enn det dei kunne få våren 2018.

Omgjering av lån til utdanningsstipend på grunnlag av fullført grad

For å gi studentar i høgare utdanning sterkare insentiv til å oppnå gradar blei ordninga for omgjering av lån til utdanningsstipend endra frå og med haustsemesteret 2019. Inntil 25 pst. av basislånet blir no gjort om til stipend på grunnlag av oppnådde studiepoeng og inntil 15 pst. på grunnlag av oppnådd grad. Endringa blei gjord berre for dei som tek høgare utdanning, og dei første omgjeringane av lån til stipend på bakgrunn av grad blei gjort våren 2020. Hausten 2019 blei også regelverket om refusjon av innbetalt lån som kunne ha vore omgjort til stipend, endra. Endringa skal sikre at alle, også dei som vel å betale tilbake heile studielånet kort tid etter at dei er ferdige med utdanninga, vil få omgjort lån til stipend.

Vaksne i vidaregåande opplæring

Hausten 2019 blei regelverket endra slik at vaksne i vidaregåande opplæring ikkje får redusert støtte frå Lånekassen når dei har fritak frå kroppsøving. I 2019–20 har det vore ein større del elevar med studiebelastning på 75 og 100 pst. enn det var i tidlegare år. Auken tyder på at regelendringa har hatt effekt. Kravet til undervisningsopplegg for vaksne i vidaregåande opplæring er òg endra frå og med hausten 2019. Kravet om seks timar undervisning per veke dersom opplæringa blir tilbydd som klasseromsundervisning, er fjerna. Om lag 500 søkarar har nytt godt av regelendringa.

Studiestøtte til buss- og lastebilsjåførutdanning

Frå hausten 2019 blei utdanningsstøtteordninga til bussjåførutdanning utvida til også å omfatte lastebilsjåførutdanning. Samstundes blei det gitt høve til at elevane kunne låne 40 000 kroner utover den ordinære grensa for skulepengelån. I 2019–20 har om lag 1 100 elevar fått støtte til buss- og lastebilsjåførutdanning samla sett, medan det i 2018–19 var om lag 600 elevar som fekk støtte.

Justering i definisjonen av heimebuar/bortebuar

Definisjonen av heimebuar/bortebuar blei justert frå og med hausten 2019. Skiljet blei definert tydelegare, slik at ein unngår tilfelle der studentar i god tru oppgir ein annan bustatus enn dei har etter regelverket. Det er ikkje mogleg å talfeste kor mange fleire søkarar som har fått godkjent bortebuarstatus på grunn av denne regelendringa, men endringa har gjort regelverket enklare både for søkarar og for Lånekassen.

Tilbakebetaling av utdanningslån

Fleire lærarar med kompetanse i kvensk språk

For å rekruttere fleire lærarar med kompetanse i kvensk språk blei det frå 2019–20 innført ei ordning med sletting av studiegjeld for låntakarar som har teke minst 60 studiepoeng i kvensk, som ein del av eller i tillegg til ei lærarutdanning. Ordninga inneber at inntil 50 000 kroner av gjelda kan bli sletta for dei som fyller vilkåra. I 2019 var det ingen som fekk sletta gjeld som følge av utdanning i kvensk språk.

Alle søkarar som tek deltidsutdanning, får rentebelasta tidlegare gjeld

Frå 2019 får alle deltidsstudentar rekna renter av eventuell gjeld frå tidlegare utdanning, sjølv om deltidsutdanninga er rekna for å vere eit framhald av den tidlegare fulltidsutdanninga. Endringa blei gjort for å likebehandle alle deltidsstudentar. Talet på kundar i deltidsutdanning som samstundes har gjeld frå tidlegare utdanning, hadde ved utløpet av 2019 auka med om lag 2 000.

Endring i vilkåra for å få sletta renter på grunnlag av fødsel/adopsjon og omsorgsarbeid

Frå 2018 blei retten til å få sletta renter ved fødsel/adopsjon stramma inn, og retten til å få sletta renter ved omsorg for barn under ti år avvikla. Resultata av endringane kjem først no, sidan renter først kan slettast når inntekta frå skattefastsetjinga ligg føre. I 2018 fekk 2 040 personar sletta renter som følge av fødsel/adopsjon, og i 2019 var talet redusert med 600 personar. I 2018 fekk 2 700 personar sletta renter som følge av omsorg for barn under ti år, og i 2019 var talet redusert med 1 500 personar. Det er rimeleg å tru at nedgangen i talet på personar som får sletta renter i hovudsak kjem av regelendringane som kom i 2018.

Budsjettforslag for 2021

Ettersom ein del av undervisningsåret 2021–22 ligg utanfor budsjettåret 2021, er det behov for to tilsegnsfullmakter. Sjå forslag til vedtak III nr. 3 og 4.

Hovudgrunnlaget for forslaget til løyvingane på kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 er dette

  • oppdaterte overslag over talet på mottakarar av lån og stipend i ulike kategoriar, og nye overslag over gjennomsnittleg tildeling innanfor kvar einskild kategori. Som følge av covid-19-pandemien er anslaget for talet på studentar som tek gradsutdanning i utlandet for studieåret 2020–21, redusert.

  • prisvekstjustering på 2,3 pst. av alle utdanningsstøttesatsar for studieåret 2021–22

  • lønnsvekstjustering av alle inntekts- og formuegrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av stipend og sletting av renter og gjeld

  • renteprognose på 1 pst. (årleg effektiv rente ekskl. gebyr) for 2021 og oppdaterte overslag over storleiken på den rentefrie og den renteberande delen av utlånsporteføljen til Lånekassen i 2021. Den låge renteprognosen fører til mykje lågare anslag for rentestøtte og renteinntekter samanlikna med tidlegare år.

  • berekna effektar av endringar som blei vedtekne i statsbudsjettet for 2020. Med Utdanningsløftet 2020 blei det oppretta 4 000 nye studieplassar i høgare utdanning og 1 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, sjå nærare omtale under del I, kap. 1.2. Fleire studieplassar aukar behovet for lån og stipend.

  • tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, jf. kap 225, post 69, gir auka utgifter til utdanningsstøtte.

  • forslag til regelendringar og nye tiltak i 2021 som vil påverke løyvingsbehovet

Endringar frå statsbudsjettet 2020 og forslag til regelendringar er det gjort nærare greie for nedanfor. Nokre av desse inneber at driftsbudsjettet til Lånekassen må aukast. Sjå under kap. 2410, post 01 og 45 for oversikt over kva endringar som gir slikt behov.

Omgjering av lån til stipend etter privatisteksamen

I dag kan vaksne som avsluttar vidaregåande opplæring med privatisteksamen, få omgjering av lån til stipend ved bestått eksamen, sjølv om dei tidlegare har bestått det same faget som elev med ungdomsrett. Privatistordninga var opphavleg for vaksne utan vidaregåande opplæring, men har i aukande grad utvikla seg til ei ordning for personar som ønsker å forbetre karakterar i allereie beståtte fag. Departementet foreslår å fjerne moglegheita til å kunne få lån omgjort til stipend for dei som tek fag dei allereie har bestått. Tiltaket reduserer løyvingsbehovet med 13,6 mill. kroner for hausten 2021.

Redusert stipend til reiser

I 2018–19 fekk om lag 23 100 personar lån og stipend til reise til utdanning utanfor Norden. Blant desse fekk om lag 14 000 lån og stipend til eit heilt studieår. Departementet foreslår å redusere stipendsatsen til reiser frå 35 pst. til 17,5 pst. for eit studieår, resten blir gitt som lån. Elevar og studentar i utlandet vil framleis få det same totale utdanningsstøttebeløpet, men dei som tek ei utdanning som varer meir enn seks månader, vil få noko høgare gjeld. Dei som tek eit halvt studieår, mindre enn seks månader, vil framleis få 35 pst. stipend og 65 pst. lån. Tiltaket reduserer løyvingsbehovet med 16,6 mill. kroner for hausten 2021. I tillegg kjem auka utlån.

Verkeleg verdi

For å rekne seg til den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader som er knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i utdanningsstøtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 194,6 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette kjem av både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til utdanningsstøtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som kjem av at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine.

Tabell 4.34 syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på 2,5 pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2019 rekna ut til 170,5 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi er 24 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til 87,6 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2019. På grunn av justeringar i modellen avviker verkeleg verdi per 31. desember 2018 noka frå Prop. 1 S (2019–2020).

Tabell 4.34 Verkeleg verdi av utlånsporteføljen til Lånekassen

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2018

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2019

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

132 535

141 340

  • studentar

51 328

53 228

Sum opphavleg låneportefølje

183 862

194 569

  • omgjering til stipend

9 620

10 030

Portefølje etter omgjering til stipend

174 242

184 539

Neddiskontert portefølje

133 536

141 427

Neddiskontert renteinntekter

41 147

43 579

Neddiskontert portefølje inkl. renteinntekter

174 683

185 006

Justeringar

  • rentestøtte studentar

2 130

2 207

  • sletting av renter tilbakebetalarar

1 629

1 726

  • ettergitt gjeld

5 831

6 176

Sum justeringar

9 591

10 108

Justert låneportefølje

165 092

174 898

  • nedskriving lån og renter

4 181

4 428

  • over-/underkurs

90

57

Verdi

161 001

170 527

Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen, kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.35 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 65 øre for kvar ny krone som blir lånt ut frå Lånekassen. Dette er ein liten auke samanlikna med året før, og kjem i hovudsak av innføringa av gradspremiering. Berekninga gjeld alle nye utlån i Lånekassen og skil ikkje mellom dei ulike gruppene av lån og låntakarar.

Tabell 4.35 Noverdien av 1 krone i nytt utlån i Lånekassen

Verdi i kroner per 31. desember 2018

Verdi i kroner per 31. desember 2019

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • forventa omgjering til stipend

0,273

0,257

Portefølje etter omgjering til stipend

0,727

0,743

Neddiskontert låneportefølje etter omgjering

0,552

0,564

Renteinntekter

0,172

0,175

Justeringar

  • rentestøtte studentar

0,037

0,038

  • sletting av renter tilbakebetalarar

0,007

0,007

  • ettergitt gjeld

0,024

0,025

Sum justeringar

0,068

0,070

Justert låneportefølje

0,655

0,669

Nedskriving lån og renter

0,017

0,018

Verdi

0,638

0,652

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Inntil 40 pst. av basislånet til studentar i høgare utdanning m.m. kan bli konvertert frå lån til stipend. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend.

Det er budsjettert med at det vil bli gitt 10,2 mrd. kroner i omgjeringslån i 2021. Heile dette beløpet kan potensielt bli gjort om til utdanningsstipend. Særleg tre faktorar bidreg til at det likevel ikkje er behov for å setje av eit så høgt beløp i konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue, og derfor vil ein del av det som kunne blitt gjort om til stipend, likevel ikkje bli omgjort. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. Og for det tredje vil ein del av den høgare utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ein avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. Samla er det estimert at desse tre faktorane reduserer avsetningsbehovet med 23,1 pst., og forslaget til løyving på posten utgjer 76,9 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2021.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld inntektsavhengig stipend, utstyrsstipend, og bortebuarstipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgare utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og barnestipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekking av reiseutgifter og skulepengar i innland og utland. Ho gjeld òg stipend til språkkurs og eit tilleggsstipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på posten omfattar mellom anna avskriving på grunn av sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. I tillegg blir restgjeld automatisk avskriven når gjelda er under det som er sett som minimumsbeløpet for innkrevjing.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.36  Avskrivingselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Avskriving ved sjukdom

483 563

435 672

618 160

Avskriving ved død

64 635

69 006

64 635

Automatisk avskriving

521

477

521

Avskriving for lærarutdanning

28 881

28 235

29 569

Avskriving Finnmarksordninga

129 556

122 912

134 782

Avskriving kvoteordninga

40 600

11 590

12 241

Sletting av renter

113 653

119 492

96 451

Sum

861 408

787 385

956 359

Av samla avskriving på 956,4 mill. kroner er det berekna at 802,2 mill. kroner vil vere avskriving av det opphavlege utdanningslånet til kunden. Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 47,7 mill. kroner frå renter i 2021 og 106,5 mill. kroner frå renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.37 Tapselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

SI-permanent

328 645

320 000

355 000

Lån etter gjeldsordning

55 871

65 000

5 000

Andre forhold

2 589

7 500

55 500

Sum

387 105

392 500

415 500

Tap på hovudstolen er berekna til å vere 290,9 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar er 109,7 mill. kroner i 2021. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å vere 15 mill. kroner i 2021.

Kundar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og kunden kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI.

Frå 1996 til og med 2019 har om lag 69 000 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 8,3 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 4,5 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2019 for permanent overførte utdanningslån var på 241 mill. kroner, som er same beløp som i 2018. I 2021 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 230 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 329 mill. kroner i 2019, mot 274 mill. kroner i 2018. Overføringa til SI i 2021 er berekna til 355 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2021 og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar og omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere 31,9 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til 460 mill. kroner. Den samla løyvinga på posten blir då 32,4 mrd. kroner i 2021.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

03

Diverse inntekter

500

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

35 505

13 000

13 000

29

Termingebyr

6 515

7 835

3 077

89

Purregebyr

105 704

112 335

103 570

90

Redusert lån og rentegjeld

11 120 762

11 653 207

12 365 062

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

7 067 875

6 211 553

5 973 912

Sum kap. 5310

18 336 861

17 997 930

18 458 621

Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp.

Post 29 gjeld gebyr for rekning ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med rekningsgebyr.

Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved første purring og 490 kroner ved andre purring (varsel om oppseiing).

Post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av hovudstolen er berekna til 10,3 mrd. kroner i 2021. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til 583,3 mill. kroner i 2021. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 1,4 mrd. kroner og omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410, post 73 og 74.

Post 93 omfattar innbetaling frå konverteringsfondet til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend. Sjå omtale under kap. 2410, post 50.

Verksemder med mellomvære med statskassa vil ha eit unntak frå kontantprinsippet, jf. forslag til vedtak VII.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

80

Renter

4 481 163

5 120 420

2 509 820

Sum kap. 5617

4 481 163

5 120 420

2 509 820

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskotspostar til å dekke kostnadene til staten på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og på lån som er avskrivne.

Rentestøtta er berekna til 686 mill. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til 1,3 mrd. kroner i 2021. Anslaget for opptente ikkje-betalte renter frå kundane er 460,4 mill. kroner, medan anslaget for årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er 62,7 mill. kroner i 2021.

Programkategori 07.90 Integrering og mangfald

Utgifter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

272 562

292 960

304 983

4,1

291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

11 754 678

9 768 290

7 644 283

-21,7

292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 530 445

1 346 538

1 175 971

-12,7

Sum kategori 07.90

13 557 685

11 407 788

9 125 237

-20,0

Inntekter under programkategori 07.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

3290

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

53

3291

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

4 903

11 223

11 582

3,2

3292

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

19 615

28 055

21 151

-24,6

Sum kategori 07.90

24 571

39 278

32 733

-16,7

Innleiing

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire innvandrarar er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Utdanning og kompetanse gir den einskilde innvandraren moglegheiter til å delta i samfunnet og fridom til å velje eit godt liv. Departementet har eit særleg ansvar for å utforme og gjennomføre politikk for busetjing og kvalifisering for nykomne flyktningar og innvandrarar, for å auke deltakinga deira i samfunnet og for å drive integreringspolitikken framover. Alle sektorar har samstundes eit sjølvstendig ansvar for å sikre at politikk og tiltak inkluderer heile befolkninga, også innvandrarar og barna deira. Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for å samordne regjeringas integreringspolitikk på tvers av ulike sektorar. Politikken for barnehage og skule, utdanningspolitikk, arbeidsmarknadspolitikk, bustader, tenester som barnevern og helse, kulturpolitikk, arbeid mot rasisme og diskriminering og førebygging av valdeleg ekstremisme er nokre av felta som har stor innverknad på integreringspolitikken.

Mykje går bra med integreringa, og innvandrarar i Noreg har høg sysselsetjing samanlikna med innvandrarar i andre OECD-land. Dette gjeld både kvinner og menn. Samstundes har innvandrarar med fluktbakgrunn mykje lågare sysselsetjingsgrad enn resten av befolkninga og andre innvandrarar. Ei viktig årsak til dette er at mange flyktningar manglar utdanning og kvalifikasjonar som det er behov for i den norske arbeidsmarknaden. Manglande formell utdanning, svake norskkunnskapar og kort ansiennitet i arbeidslivet er særleg eit problem når det blir ein trongare arbeidsmarknad som følge av covid-19-pandemien. I tillegg til arbeid og kvalifisering er auka deltaking i små og store fellesskap og retten til å leve eit fritt liv sentrale mål for integreringspolitikken. Dei integreringspolitiske måla er nedfelte i strategien som regjeringa la fram i 2018, Integrering gjennom kunnskap. Strategien inneheld ei rekke tiltak som skal bidra til å nå dei integreringspolitiske måla, og som er førande for regjeringa i 2021 og ut 2022.

Stortinget behandla 5. mai 2020 Riksrevisjonens undersøking av myndigheitene sitt arbeid med å integrere flyktningar og innvandrarar gjennom kvalifisering til arbeid, jf. Dokument 3:4 (2019–2020). Riksrevisjonens hovudtilråding er at Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet i fellesskap går gjennom det samla verkemiddelapparatet og vurderer korleis tiltak og samarbeid mellom etatar og kommunar kan betrast med sikte på å styrke arbeidet med å integrere innvandrarar gjennom kvalifisering og arbeid. Det er sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å gjere ein slik gjennomgang av verkemiddelapparatet, og gruppa vil våren 2021 kome med vurderingar og råd om tiltak og samarbeid. Kunnskapsdepartementet leier gruppa, der også Arbeids- og sosialdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og underlagde direktorat deltek.

Hovudprioriteringar for 2021

Regjeringa jobbar med å følge opp integreringsstrategien gjennom å reformere kvalifiseringstilbodet for flyktningar og innvandrarar, gjennomgå busetjingsordninga og styrke sivilsamfunnet si rolle. Eit sentralt element i reforma er forslag til ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova), jf. Innst. 389 L (2019–2020) og Prop. 89 L (2019–2020). Lova er den største endringa i integreringspolitikken sidan innføringa av introduksjonsprogrammet for flyktningar i 2003. Lova skal bidra til at dei som kjem til Noreg og får opphald her, får nytta kunnskapane og evnene sine og delta i arbeids- og samfunnslivet. Satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse står sentralt i lova, som samla skal bidra til at fleire innvandrarar, og særleg flyktningar, raskt blir integrerte i det norske samfunnet, får ei varig tilknyting til arbeidslivet og blir økonomisk sjølvstendige. Ein tek sikte på at lova vil tre i kraft frå 1. januar 2021.

Departementet foreslår ei styrking på 25 mill. kroner til ein norskinnsats i samarbeid med frivillig sektor. Vidare foreslår departementet å omdisponere 57 mill. kroner til ulike tiltak på integreringsfeltet. Midlane skal mellom anna nyttast til tiltak som gir fleire flyktningar og innvandrarar utdanning og kvalifisering. Tiltaka er nærare omtala i boks 4.2 og under postomtalen. Departementet foreslår òg å vidareføre løyvinga til tiltak i samband med covid-19-pandemien i 2021. Tiltaka som blir vidareførte gjeld styrkt kvalifisering av innvandrarar til arbeid og utdanning. For omtale av departementets tiltak for å avhjelpe konsekvensane av covid-19-pandemien i 2020, sjå omtale under kap. 11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren i del III.

Boks 4.2 Forslag til tiltak 2021

  • 25 mill. kroner til norskinnsats for å gjere tilbodet om frivillig norsktrening betre kjent, for å rekruttere fleire frivillige norsktrenarar og til utvikling av eit fleksibelt tilbod om norsktrening som eit supplement til tilbodet i kommunane.

  • 15 mill. kroner til arbeidet med fridom frå negativ sosial kontroll. Midlane skal styrke og utvide minoritetsrådgivarordninga, styrke arbeidet med utvikling av informasjonstiltak og kunnskapsformidling for dei særskilde hjelpetilboda og styrke Bufdirs kompetanseteam.

  • 11,2 mill. kroner til å etablere fleire tilbod for offentlege kvalifiseringsordningar for tolkar, til å etablere eit nytt digitalt verktøy for meir effektiv organisering av tolketenestene og til ei rettleiingsteneste for offentlege tolkebrukarar.

  • 15 mill. kroner til auka mangfald i arbeidslivet. Midlane skal dekke etablering av ei ny tilskotsordning for tiltak til auka etnisk mangfald i verksemd, ei rettleiingsteneste knytt til arbeidsgivarar og ein informasjonskampanje knytt til lansering av dei nemnde tiltaka.

  • 10,2 mill. kroner for at fylkeskommunane skal kunne tilby karriererettleiing til deltakarar som kjem inn i introduksjonsprogrammet frå 2021. Regjeringa foreslår ei samla løyving på 15,4 mill. kroner i 2021.

  • 0,55 mill. kroner til kompetansekartlegging i mottak før busetjing.

  • 1,13 mill. kroner til tolkeutdanningstilbodet på Vestlandet. Regjeringa foreslår ei samla løyving på 2,8 mill. kroner i 2021.

  • 3,1 mill. kroner til auka timeomfang i faget samfunnskunnskap for deltakarar som har rett og plikt til opplæring.

  • 1 mill. kroner til oppstart av minne- og kunnskapssenter i regi av Stiftelsen 10. august og deira formidlingsarbeid knytt til terror og hat mot muslimar.

  • 0,3 mill. kroner til Senter for norsk utvandring og innvandring i Drammen.

  • 25 mill. kroner til Jobbsjansen. Dette er ei vidareføring av styrking av tilbodet til innvandrarkvinner utanfor arbeidslivet som følge av covid-19-pandemien.

  • 15,4 mill. kroner til vidareføring av karriererettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet under introduksjonslova, jf. mellombels lov om tilpassingar i introduksjonslova for å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19.

  • 8,3 mill. kroner til å dekke heilårseffekten av heiltidsplass i barnehage for 1-, 2- og 3-åringar i asylmottak.

  • 38,5 mill. kroner til å styrke nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Av desse vil 2 mill. kroner gå til administrasjon av ordninga i Bufdir (Barne- og familiedepartementet).

  • 120 mill. kroner til å forlenge forsøket med fritidskortordningar for barn frå 6 til fylte 18 år og utvide det til fleire kommunar (Barne- og familiedepartementet).

  • 61,5 mill. kroner til å styrke saksbehandling av statsborgarskapssaker, kor 25 mill. kroner til UDI og 36,5 mill. kroner til Politidirektoratet (Justis- og beredskapsdepartementet).

  • 12,2 mill. kroner til vidareføring av eingongsløysing for utlendingar med lang opphaldstid i Noreg (Justis- og beredskapsdepartementet).

  • 8 mill. kroner til ei ny tilskotsordning i arbeidet mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar frå 2021 (Kulturdepartementet).

Mål: Fleire er i arbeid og deltek i arbeidslivet

Utviklingstrekk og utfordringar

Kvalifisering og busetjing

Framleis for få asylsøkarar får tidleg kvalifisering i mottak

Det blei i 2018 obligatorisk for kommunar med asylmottak å tilby norskopplæring for asylsøkarar i mottak (175 timar) og opplæring i norsk kultur og norske verdiar (50 timar). Asylsøkarane i mottak fekk også plikt til å delta i opplæringa. Av asylsøkarar som hadde plikt til norskopplæring i 2019, hadde 69 pst. delteke i opplæringa innan utgangen av året (44 pst. i 2018).

40 pst. av asylsøkarane i målgruppa deltok i opplæringa i norsk kultur og norske verdiar i løpet av 2019 (29 pst. i 2018). Innføringa av plikt til opplæring ser ut til å ha medverka til at fleire deltek. Det er likevel fleire praktiske utfordringar som hindrar høgare deltaking. Vertskommunar for mottak framhevar mangel på føreseieleg mottaksdrift, flytting av bebuarar mellom mottak og mange ulike språkgrupper som nokre av utfordringane.

Busetjinga går raskt, men må bli meir treffsikker

Nykomne flyktningar blir som hovudregel busette med offentleg hjelp etter avtale mellom staten og kommunane. Personar som skal busetjast er overføringsflyktningar og personar som har fått opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl. Statens målsetjing er at busetjinga skal skje raskt, og at ho skal vere treffsikker. Treffsikker busetjing inneber mellom anna at nykomne skal busetjast i kommunar med relevant tilbod om kvalifisering, utdanning, arbeid og anna tenestetilbod.

Sidan 2018 har busetjingsbehovet vore stabilt på om lag 5 000 personar årleg. Busetjinga går raskt, og dei aller fleste vert busette innan seks månader frå vedtak om opphald. I 2019 var det fleire vedtekne busetjingsplassar i kommunane enn det var flyktningar å busetje. Ei utfordring er at busetjingsbehovet kan endre seg raskt, i begge retningar, og det er derfor viktig med beredskap for opp- og nedbygging av busetjingskapasiteten i kommunane. Sjølv om busetjingsarbeidet går raskt for dei fleste, var det innan utgangen av 2019 om lag 25 personar med ei ventetid på meir enn tolv månader. Dette var i hovudsak personar med svært tunge oppfølgingsbehov. Fleire kommunar seier nei til busetjing av denne gruppa, mellom anna fordi dei meiner det er ei manglande dekning av dei ekstraordinære utgiftene utover dei fem åra etter busetjing som integreringstilskotsordninga dekker.

Ei anna utfordring med busetjingsarbeidet er at det ikkje er treffsikkert nok for å oppnå ei meir stabil deltaking i arbeidslivet. Tidleg kompetansekartlegging og karriererettleiing i mottak skal føre til meir treffsikkert kvalifiserings- og karriereval for den einskilde, og til at kommunane raskt skal kunne tilby tiltak som er tilpassa den einskilde. 52 pst. av målgruppa, som er bebuarar som høgst sannsynleg får opphald, eller som har fått innvilga opphald, hadde gjennomført kompetansekartlegging i 2019. Ei av årsakene til den låge prosentdelen er at kompetansekartlegging ikkje er obligatorisk for målgruppa.

Det er òg eit utviklingstrekk at låge innkomstar av asylsøkarar dei siste åra, i tillegg til vedtak i Stortinget om å auke kvota for overføringsflyktningar ti