Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

DigForsk AS

Selskapet har leigd inn dagleg leiar. Lønn i 2019 er kostnadsført med 746 580 kroner og 7 230 kroner i anna godtgjersle.

I4 Helse AS

Dagleg leiar fekk 334 616 kroner i lønn og 1 891 kroner i anna godtgjersle i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 17 049 kroner.

Mecatronics Innovation Lab AS

Dagleg leiar fekk 992 614 kroner i lønn og 17 632 kroner i anna godtgjersle i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 99 157 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 551 418 kroner i lønn og 4 392 kroner i anna godtgjersle i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 18 764 kroner.

NSD – Norsk senter for forskingsdata AS

Dagleg leiar fekk 1 226 144 kroner i lønn og 4 392 kroner i anna godtgjersle i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 23 668 kroner. Dagleg leiar har ikkje rett til bonus, overskotsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Samfunnsforsking AS

Dagleg leiar fekk ei lønn på 1 107 416 kroner i 2019. Pensjonsutgifter blei dekte med 110 052 kroner. Dagleg leiar har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 743 447 kroner i lønn og 13 659 kroner i andre godtgjersler i 2019. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 213 186 kroner i lønn og 127 342 kroner i andre godtgjersler i 2019. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Senter for økonomisk forskning AS

Selskapet har hatt to daglege leiarar i 2019. Desse har fått utbetalt godtgjersle på 441 564 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Dagleg leiar fekk 2 737 896 kroner i lønn og 153 638 kroner i andre godtgjersler i 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 173 963 kroner.

Unifond AS

Det er rekneskapsført 173 832 kroner i lønn til dagleg leiar i 2019. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Uninett AS

Dagleg leiar fekk 1 542 800 kroner i lønn og 26 740 kroner i andre godtgjersler. Selskapet har innskotsplanar for pensjonar i tråd med regelverket. Innskotsplanane omfattar alle tilsette.

Unirand AS

Det er rekneskapsført 252 248 kroner i lønn til dagleg leiar i 2019 fram til 31. august 2019 og 41 668 kroner frå 1. september 2019. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 55 444 kroner.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Det er totalt kostnadsført 1 366 862 kroner i lønn og godtgjersle til dagleg leiar. Arbeidsgivardelen av pensjon for dagleg leiar er ført med 166 971 kroner.

Andre

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar: DnF Productions AS, Universitetet i Bergen Eiendom AS, Nord innovasjon AS og Vangslund AS.

Til forsida av dokumentet