Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 200–292 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3292, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Innleiing

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet og satsar målretta på forsking og høgare utdanning. Det viktigaste verktøyet for å sørge for langsiktige og føreseielege satsingar på området er langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Det er viktig å sørge for samsvar mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeidet med EU: Horisont 2020 og ERA og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020).

Oppfølging av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2019–2028

Hausten 2018 la regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Langtidsplanen inneheld tre overordna mål:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • møte store samfunnsutfordringar

  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Planen inneheld også fem langsiktige prioriteringar:

  • hav

  • klima, miljø og miljøvennleg energi

  • fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa vil prioritere å rette ressursinnsatsen mot dei tre overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Innanfor ramma av mål og prioriteringar vil regjeringa særleg prioritere å trappe opp innsatsen på tre viktige område i perioden 2019–22:

  • 800 mill. kroner for å løfte kompetanse, utdanning i og forsking på teknologi, med særskild vekt på IKT

  • 450 mill. kroner for å legge til rette for auka FoU for fornying og omstilling i næringslivet

  • 250 mill. kroner for å bidra til høg kvalitet i norsk høgare utdanning

Desse tre opptrappingsplanane støttar opp under grunnleggande innsatsfaktorar for å lykkast med det grøne skiftet, auke verdiskapinga og omstille næringslivet og offentleg sektor. I perioden 2019–20 blei opptrappingsplanane følgde opp med 791 mill. kroner.

Regjeringa legg fram ei forskingssatsing med ein tydeleg grøn profil, med vekt på omstilling og utvikling av nye, berekraftige arbeidsplassar, og foreslår å auke løyvingane med 959 mill. kroner i 2021 for å følge opp dei overordna måla og dei langsiktige prioriteringane i den reviderte langtidsplanen. Av dette gjeld 339 mill. kroner oppfølging av dei tre opptrappingsplanane, jf. figur 5.1. Satsingane er omtala under.

Opptrappingsplanane

Figur 5.1 Vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019–21

Figur 5.1 Vekst til opptrappingsplanane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2019–21

Teknologiløft

Netto auke til teknologiløft er på 97 mill. kroner. Innanfor denne opptrappingsplanen foreslår regjeringa følgande tiltak:

Hav

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 13 mill. kroner til «CoastWatch – kystovervaking og forståing av kystøkologien» over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. CoastWatch er eit samarbeid mellom ei rekke norske forskingsinstitusjonar, og observasjonane skal inngå i hav- og kystmodellane som gir varsel om mellom anna forureining og algeoppblomstring.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å styrke FoU for auka verdiskaping, reduksjon av klimagassutslepp og omstilling med 50 mill. kroner over budsjettet til Olje- og energidepartementet.

Mogleggjerande og industrielle teknologiar

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 62,5 mill. kroner til grunnleggande teknologiforsking med vekt på IKT over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Samfunnstryggleik og samhøyr i ei globalisert verd

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 20 mill. kroner til klimatilpassa og berekraftige matsystem over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet.

FoU for fornying og omstilling i næringslivet

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å auke løyvingane til opptrappingsplanen for FoU for fornying og omstilling i næringslivet med totalt 195 mill. kroner fordelte på ei rekke satsingar.

Hav

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner til forsking på blå økonomi over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner til forsking og innovasjon for grøn omstilling over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Styrkt konkurransekraft og innovasjon

Regjeringa foreslår å styrke løyvingane til innovasjonsprosjekt i næringslivet over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 50 mill. kroner til å styrke basisløyvinga til dei teknisk-industrielle institutta over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvingane med 20 mill. kroner til kommersialisering av forsking over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Kvalitet i høgare utdanning

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å auke løyvingane med 7,5 mill. kroner til digital teknologi for undervisning, 30 mill. kroner til arbeidsrelevans og digitalisering og 10 mill. kroner til UTFORSK-programmet, alt over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Måla og dei langsiktige prioriteringane

Opptrappingsplanane er i stor grad knytte til måla og dei langsiktige prioriteringane i planen, finansierte over budsjetta til ei rekke departement. Forslaga til satsingar for å følge opp dei langsiktige prioriteringane utanom opptrappingsplanane er omtala under.

Figur 5.2 Vekst til oppfølging av måla, opptrappingsplanane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2021.

Figur 5.2 Vekst til oppfølging av måla, opptrappingsplanane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, 2021.

Klima, miljø og miljøvennleg energi

Regjeringa foreslår å auke basisløyvinga til miljøinstitutta med 10 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Pilot Helse med 20 mill. kroner og å løyve 10 mill. kroner til forsking på kvinners helse og kjønnsperspektivet over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet.

Regjeringa foreslår òg å løyve 10 mill. kroner til ei satsing på forskingsstøtta innovasjon og digitalisering av arbeids- og velferdstenestene over budsjettet til Arbeids- og sosialdepartementet.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 261 mill. kroner til studieplassar innanfor mellom anna helse og omsorg og lærarutdanning. Midlane til studieplassane blei løyvde i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 og er foreslått vidareførte i 2021.

Mogleggjerande og industrielle teknologiar

Regjeringa foreslår å løyve 196 mill. kroner til studieplassar innanfor matematisk-naturvitskaplege fag med vekt på informatikk og teknologiske fag med vekt på IKT. Midlane til studieplassane blei løyvde i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2020 og er foreslått vidareførte i 2021.

Bygg

I den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er eit eige kapittel vigd regjeringa si plan for utvikling, forvaltning og prioritering av universitets- og høgskulebygg. Bygg, utstyr og annan infrastruktur er grunnleggande innsatsfaktorar for å nå dei overordna måla i politikken for forsking og høgare utdanning. I 2021 foreslår regjeringa å bruke 2,5 mrd. kroner på ordinære byggeprosjekt finansierte over statsbudsjettet, mellom anna vidareføring av Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Regjeringa foreslår òg å løyve midlar til vidare prosjektering av campus NTNU og auka kostnadsramme til campus Ås. I tillegg kjem ei rekke brukarfinansierte prosjekt ved institusjonane. Vidare foreslår regjeringa å vidareføre ordninga for oppgradering av undervising- og forskingsareal, som i 2021 utgjer 155 mill. kroner.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd speler ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Rådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådets verksemd og styringssystemet for Forskingsrådet, sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 285 Noregs forskingsråd.

Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institutt-tildelingar og særskilde midlar til einskilde program eller aktivitetar. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytarane i statsbudsjettet for 2021.

Tabell 5.1 Foreslåtte løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane

(i 1000 kr)

Kap. post

Departement

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

285.52–54

Kunnskapsdepartementet

4 010 368

4 454 067

285.55

Kunnskapsdepartementet

783 617

800 883

920.50/51

Nærings- og fiskeridepartementet

2 089 400

2 106 920

1830.50

Olje- og energidepartementet

760 000

735 530

1137.50/51

Landbruks- og matdepartementet

429 576

427 533

1410.51

Klima- og miljødepartementet

334 753

384 738

780.50

Helse- og omsorgsdepartementet

252 167

130 419

1301.50

Samferdselsdepartementet

144 900

134 400

601.50

Arbeids- og sosialdepartementet

171 205

119 000

Totalt

8 975 986

9 293 490

Regjeringa foreslår å redusere løyvingane til Forskingsrådet eittårig på fleire av departementas budsjett i 2021 for å redusere avsetningane i Forskingsrådet. Den eittårige reduksjonen i løyvingane skal ikkje føre til redusert aktivitet, og Forskingsrådet skal fortsette å lyse ut midlar som om løyvingane ikkje var reduserte. Forskingsrådet kan i 2021 legge opp til aktivitet med utgangspunkt i at desse midlane vil bli tilbakeførte i 2022.

FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen

Forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2021

Hovudprioriteringane på forskingsområdet i statsbudsjettet for 2021 følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Med bakgrunn i statsbudsjettanalysen for 2020 frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser eit førebels overslag frå Kunnskapsdepartementet at dei samla løyvingane til forsking og utvikling i budsjettforslaget til regjeringa for 2021 er på om lag 40,9 mrd. kroner. Det utgjer 1,1 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2021. Dette er ein nominell auke på om lag 2 mrd. kroner frå saldert budsjett 2020. Dersom ein inkluderer Skattefunn-ordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 45,2 mrd. kroner i 2021. Inkludert provenyeffekten av Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 1,22 pst. av overslaget for BNP i 2021. Tabellen nedanfor viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement og kor stor del av totalbudsjettet i kvart departement som er foreslått løyvd til forsking. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er usikre, og NIFU vil legge fram endelege tal for FoU-løyvingane sommaren 2021.

Tabell 5.2 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet

(i mill. kr)

Departement

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Nominell endring 2020–21

Reell endring 2020–21

Prosentdel av totalt budsjett

Arbeids- og sosialdepartementet

364

327

-37

-48

0,8

Barne- og familiedepartementet

189

198

9

3

0,6

Finansdepartementet

154

167

13

8

0,1

Forsvarsdepartementet

1 300

1 338

38

-2

2,1

Helse- og omsorgsdepartementet

5 173

5 374

201

41

2,7

Justis- og beredskapsdepartementet

140

140

0

-5

0,3

Klima- og miljødepartementet

1 127

1 207

80

45

7,1

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1 452

1 363

-89

-134

0,7

Kulturdepartementet

274

287

13

4

1,2

Kunnskapsdepartementet

20 263

21 634

1 371

740

27,5

Landbruks- og matdepartementet

872

866

-6

-33

4,1

Nærings- og fiskeridepartementet

4 035

4 481

446

320

31,3

Olje- og energidepartementet

907

975

68

40

3,6

Samferdselsdepartementet

363

348

-15

-26

0,4

Statsbankane

574

657

83

65

3,6

Utanriksdepartementet

1 654

1 522

-132

-184

3,4

Totalt

38 841

40 883

2 042

833

3,8

Veksten i budsjettet til Kunnskapsdepartementet skriv seg i hovudsak frå tilbakeføringa av den eittårige reduksjonen i Forskingsrådet frå 2020, auka løyvingar til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon og satsingar innanfor langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Veksten i budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet skriv seg frå satsingar innanfor langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, midlar til grøn plattform og midlar til norsk deltaking i EUs romprogram.

Nedgangen i løyvingane til Utanriksdepartementet skriv seg i hovudsak frå ein eittårig reduksjon i Forskingrådet for å tilpasse bistandsbudsjettet til redusert ramme i 2021.

Nedgangen i løyvingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv seg i hovudsak frå ein eittårig reduksjon i Forskingsrådet og reduserte løyvingar til brukarutstyrsprosjekt.

Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU i statsbudsjettet

Målet i langtidsplanen om å auke offentlege løyvingar til 1 pst. av BNP blei nådd allereie i 2016. I Granavolden-plattforma stadfestar regjeringa at ho vil auke den offentlege forskingsinnsatsen ut over 1 pst. av BNP i ein omstillingsfase og særleg prioritere mogleggjerande teknologiar og forsking som bidreg til auka verdiskaping.

Tabell 5.3 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet i perioden 2006–21

År

Totalt, løpande prisar. mill. kroner

Vekst, mill. kroner

Prosentvis vekst, løpande prisar

Prosentvis vekst, faste prisar

Prosentdel av totalt statsbudsjett

Prosentdel av BNP

Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn

2006

16 374

2 091

14,6

7,8

3,71

0,74

0,79

2007

18 091

1 717

10,5

2,5

3,86

0,77

0,81

2008

19 357

1 266

7,0

2,3

3,77

0,74

0,78

2009

21 204

1 847

9,5

4,6

3,71

0,87

0,92

2010

22 976

1 772

8,4

4,4

3,84

0,89

0,93

2011

23 551

575

2,5

-1,7

3,72

0,84

0,89

2012

24 489

938

4,0

0,2

3,73

0,83

0,87

2013

26 375

1 886

7,7

4,3

3,79

0,86

0,91

2014

28 311

1 936

7,3

4,7

3,87

0,90

0,97

2015

30 769

2 458

8,7

5,9

3,93

0,99

1,08

2016

32 979

2 210

7,2

4,9

4,03

1,06

1,18

2017

35 848

2 869

8,7

6,7

4,26

1,09

1,21

2018

36 612

764

2,1

-1,3

4,28

1,04

1,15

2019

38 026

1 414

3,9

0,3

4,22

1,07

1,19

2020

38 841

815

2,1

-0,9

4,11

1,14

1,26

2021

40 883

2 042

5,3

2,1

3,84

1,10

1,22

Figur 5.3 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå NIFUs statsbudsjettanalyse. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan han bli produsert tidlegare enn FoU-statistikken. FoU-løyvingane i 2020 har NIFU talfesta til 38,8 mrd. kroner. Det er 1,14 pst. av prognosen for BNP for 2020. Anslaget er betydeleg høgare enn tidlegare berekna, som følge av at covid-19-pandemien trekker ned BNP-anslaget for 2020. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunn-ordninga, berekna til 4,3 mrd. kroner i 2020. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 5.3. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Figur 5.3 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter (1-prosentmålet)

Kjelde: NIFU/SSB (FoU-statistikk) og NIFU (statsbudsjettanalyse)

Dei samla FoU-investeringane i Noreg

Nivået på FoU-investeringar målte som prosentdel av BNP er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringa har sett som mål i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030. I 2016 utgjorde dei totale FoU-utgiftene for første gong over 2 pst. av BNP.

Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-talet. Det var ein god auke i prosentdelen i perioden 2014–17. Auken kjem dels av sterk vekst i løyvingane til FoU i statsbudsjettet, dels av redusert BNP-vekst som følge av nedgangen i oljeprisen i 2015. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2018 var på 72,8 mrd. kroner. Det inneber ein realvekst på 1,7 pst. frå 2017, som er ein noko lågare vekst enn dei siste åra. Den gjennomsnittlege realveksten per år frå 2005 til 2017 er på 3,0 pst. I høve til fastlands-BNP var nivået på FoU-utgiftene i 2018 på 2,12 pst.

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Figur 5.4 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet (3-prosentmålet)

Kjelde: NIFU og SSB

FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei sektorane som faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem i oktober 2020.

6 Nøkkeltal for grunnopplæringa

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar og lærarar og i ressursbruken i grunnopplæringa. Kapittelet inneheld statistikk på integreringsfeltet som i tidlegare års budsjettproposisjonar låg i kapittelet «Mål for integrering». Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. Samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring var i 2019 på 89,7 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring i 2019 på 39,7 mrd. kroner. Talet på elevar, lærlingar og lærarar er avgjerande for ressursbruken i skulen.

Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra når det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.

Elevar og lærlingar i grunnopplæringa

Tabell 6.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2013–14 til 2019–20

Skuleår

Barnetrinnet (1.–7. trinn)

Ungdomstrinnet (8.–10. trinn)

Totalt

2013–14

425 917

189 368

615 327

2014–15

430 864

188 132

618 996

2015–16

438 387

185 368

623 755

2016–17

444 638

184 637

629 275

2017–18

447 355

185 674

633 029

2018–19

448 655

187 695

636 350

2019–20

446 218

190 032

636 250

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabell 6.1 viser at talet på elevar i grunnskulen auka kvart år fram mot skuleåret 2018–19, men at det var ein liten nedgang i elevtalet frå 2018–19 til 2019–20. 98 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2019, var i vidaregåande opplæring 1. oktober same år. Av elevane som begynte på 1. trinn i vidaregåande opplæring hausten 2019, var det om lag like mange som begynte på eit yrkesfagleg program som på eit studieførebuande program.

Tabell 6.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2013–14 til 2019–20

Skuleår

Elevar på studieførebuande program

Elevar på yrkesfag

Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar

I alt

2013–14

115 520

74 172

39 768

229 460

2014–15

117 129

72 344

40 982

230 455

2015–16

118 013

72 026

42 021

232 060

2016–17

121 409

69 644

42 777

233 830

2017–18

123 095

66 562

44 637

234 294

2018–19

121 390

67 092

46 316

234 798

2019–20

119 141

67 854

48 281

235 276

Kjelde: Skoleporten (Utdanningsdirektoratet)

Det har vore ein jamn auke i talet på elevar, lærlingar og lærekandidatar totalt i vidaregåande opplæring. Det har vore ein auke i talet på elevar på yrkesfag det siste skuleåret, parallelt med ein nedgang i elevtalet på studieførebuande program.

Per 1. oktober 2019 var det registrert 45 323 lærlingar og 1 860 lærekandidatar. Dette er om lag 2 000 fleire lærlingar enn på same tidspunkt i 2018, medan det er om lag like mange lærekandidatar. Hausten 2019 søkte totalt 28 617 elevar om læreplass. Det er nokre hundre mindre enn året før, men på grunn av endringar i berekninga av statistikken er tala ikkje heilt samanliknbare. Det er flest søkarar til læreplassar i helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknikk og industriell produksjon, og elektrofag.

Lærarårsverk

Årsverk til undervisningspersonale blir rekna ut på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I 2019–2020 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 61 425, noko som er ein auke på i underkant av 1 100 årsverk frå året før.

Tabell 6.3 Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2013–14 til 2019–20

Skuleår

Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk

Av dette andre oppgåver

Assistentårsverk

2013–14

57 614

6 979

8 234

2014–15

57 331

6 518

8 167

2015–16

57 612

6 407

8 417

2016–17

58 421

6 480

8 868

2017–18

59 357

6 459

9 389

2018–19

60 372

6 430

9 849

2019–20

61 425

6 415

10 002

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Tabell 6.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2015–16 til 2019–20

Skuleår

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk

2015–16

22 464

2016–17

22 389

2017–18

22 273

2018–19

22 334

2019–20

22 402

Kjelde: Statistikkbanken (SSB)

Gruppestorleik

Indikatoren «berekna gjennomsnittleg gruppestorleik» kjem fram ved å sjå på forholdet mellom elevtimar og lærartimar. Med elevtimar meiner ein totale ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir undervisning per år. Indikatoren gruppestorleik gir uttrykk for kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Gruppestorleik bør sjåast som ein indikasjon, og ikkje som eit absolutt mål.

Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar (i alle offentlege og private grunnskular unnateke spesialskular og utanlandsskular). Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det nokre elevar og lærarar opplever i kvardagen.

Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleik på. Her er timar til spesialundervisning og til særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren. Gruppestorleik 2 gir eit bilde av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak.

Tabell 6.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn, frå skuleåret 2013–14 til 2019–20

Skuleår

Gruppestorleik 1 (1.–10. trinn)

Gruppestorleik 2 (1.–10. trinn)

2013–14

13,5

16,8

2014–15

13,5

16,8

2015–16

13,5

16,8

2016–17

13,5

16,8

2017–18

13,3

16,6

2018–19

13,1

16,3

2019–20

12,9

15,8

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn. Skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, og gruppestorleik 2 skal no maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa for ei nærare omtale av lærarnorma.

Figur 6.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2, som har blitt mindre etter innføringa av norma for lærartettleik. I skuleåret 2019–20 gjekk gruppestorleiken ned på alle hovudtrinna samanlikna med året før. Gruppestorleiken var 14,0 på 1.–4. trinn, 16,5 på 5.–7. trinn og 17,8 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn skuleåret 2019–20.

Figur 6.1 Gjennomsnittleg gruppestorleik 2 på hovudtrinna i grunnskulen, frå skuleåret 2005–06 til 2019–20

Figur 6.1 Gjennomsnittleg gruppestorleik 2 på hovudtrinna i grunnskulen, frå skuleåret 2005–06 til 2019–20

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

For vidaregåande opplæring er det vanskeleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar. Det finst ikkje eit godt nok talgrunnlag for å skilje mellom lærarar og elevar på ulike studieretningar, og dette er ein faktor som har stor innverknad på gruppestorleiken i vidaregåande opplæring.

Skulestruktur

I skuleåret 2019–20 var det 2 799 grunnskular i Noreg. Dette er ein nedgang på 31 skular frå skuleåret 2018–19. Av dei 2 799 skulane var 261 godkjende private grunnskular. 4,2 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule i skuleåret 2019–20.

Når det gjeld storleiken på grunnskulane i Noreg, varierer denne frå nokre få elevar til over 800 elevar på dei største skulane. Figuren nedanfor illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store skular og færre små skular.

Figur 6.2 Prosentdel grunnskular fordelte etter talet på elevar

Figur 6.2 Prosentdel grunnskular fordelte etter talet på elevar

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

6 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på skular med færre enn 100 elevar, 34 pst. gjekk på skular som har mellom 100 og 299 elevar, og 60 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar i 2019. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (fleire enn 300 elevar).

Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned, var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei oppgitt som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.

Hausten 2019 var det 413 vidaregåande skular i landet. Av desse var 95 private. Talet på vidaregåande skular har falle noko i dei siste åra.

Skuleresultat

Nasjonale prøvar hausten 2019

Nasjonale prøvar skal måle ferdigheitene til elevane i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøvar. Nasjonale prøvar er inndelte i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. og 9. trinn.

Det er i snitt ingen store endringar i elevprestasjonane på 5. trinn, verken frå 2018 eller frå då målinga over tid starta i 2014 og 2016.

Skilnaden mellom gutar og jenter er størst i rekning på 5. trinn. Framleis er det fleire gutar som presterer på høgaste meistringsnivå i rekning, og fleire jenter på det lågaste meistringsnivået. I lesing og engelsk skil det lite mellom gutar og jenter. Tidlegare har jenter prestert noko betre enn gutar i lesing, men i 2019 var det i snitt ingen forskjell.

På 8. trinn er det i snitt heller ikkje vesentlege endringar sidan 2018. Det er likevel nokre færre elevar på dei lågaste meistringsnivåa no enn då målingane av utvikling over tid starta. Det er framleis fleire gutar enn jenter som presterer på dei høgaste meistringsnivåa i rekning, og skilnaden har auka noko. I lesing er det fleire jenter på dei høgaste meistringsnivåa, og prosentdelen jenter på desse nivåa har auka noko samanlikna med 2018. I engelsk presterer gutane noko betre enn jentene, men skilnadene er små.

Samanlikna med andre fylke har Oslo, på både barne- og ungdomstrinnet, ein større del elevar på dei høgaste meistringsnivåa og lågare del på dei lågaste nivåa. Det er ingen vesentlege endringar i prestasjonane til elevane på fylkesnivå eller for dei ti største kommunane.

Skulebidragsindikatorane

I desember 2019 publiserte Utdanningsdirektoratet skulebidragsindikatorar for vidaregåande skule. Tilsvarande tal for grunnskulen blei publiserte i april 2020. Kvar elev har med seg mange føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane set seg som mål å seie kor mykje skulen bidreg med i resultata til elevane.

På vidaregåande kontrollerer skulebidragsindikatorane for karaktergjennomsnitt frå trinnet under, utdanningsprogram, trinn og kjønn. Resultata viser at det er forskjellar mellom skulane når det gjeld kor mykje dei bidreg med, særleg når det gjeld å få elevane til å bestå. Det blir berekna tre ulike indikatorar: karakterpoeng, årsbestått og deltaking. Analysen viser at det er større forskjellar mellom fylka når det gjeld å få elevane til å bestå, enn for dei andre indikatorane. Eit anna funn er at det er større forskjellar mellom fylka på yrkesfag enn på studieførebuande program. I grunnskulen er det noko variasjon i skulebidraget på kommune- og skulenivået, men dei fleste har likevel skulebidrag som ikkje er signifikant forskjellige frå landsgjennomsnittet. På 5.–7. trinn presterer elevane på seks av ti skular ikkje forskjellig frå landsgjennomsnittet, medan to av ti skular har elevar som presterer betre. På 8.–10. trinn presterer i elevane på sju av ti skular ikkje forskjellig frå landsgjennomsnittet, medan elevane på éin av ti skular presterer betre. Det er ikkje nødvendigvis samanheng mellom skulebidraga på tvers av trinna. Ein skule eller kommune kan gjere det godt på barneskuletrinna og mindre godt på ungdomsskulen.

Skulebidragsindikatorane er eit viktig supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsforskjellar mellom fylke og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den einskilde skulen bidreg med, men dei gir ikkje nødvendigvis heile bildet.

Karakterar i grunnskulen våren 2020

På grunn av covid-19-pandemien blei det ikkje gjennomført eksamen i grunnskulen våren 2020. Grunnskulepoenga er derfor berre berekna på bakgrunn av standpunktkarakterar. Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2020, har i snitt 43,2 grunnskulepoeng. Det har vore ein god auke på 1,2 poeng samanlikna med året før. Elevane får normalt svakare karakterar til eksamen enn standpunkt, så noko av auken kjem truleg av at eksamen ikkje blei gjennomført. Samtidig har standpunktkarakterane i dei fleste av fellesfaga auka samanlikna med tidlegare år. Jentene får i snitt høgare standpunktkarakterar enn gutane i dei fleste faga. Forskjellen er størst i mat og helse og kunst og handverk. Jentene får i snitt 0,7 karakterpoeng meir enn gutane i desse faga. I matematikk skil berre 0,2 karakterpoeng mellom gutar og jenter, medan det ikkje er nokon forskjell i kroppsøving. Forskjellane mellom gutar og jenter har i snitt blitt noko mindre sidan 2019.

Delen elevar utan grunnskulepoeng har auka noko, medan delen utan vurdering til standpunkt i ulike fag er tilnærma uendra sidan skuleåret 2018–19. Skuleåret 2019–20 var det rundt 3 800 av om lag 63 200 elevar på 10. trinn som mangla karakter i meir enn halvparten av faga, og som derfor ikkje får utrekna grunnskulepoeng. Dette utgjer 6 pst. av elevane. Årsakene til at elevar ikkje får karakterar, er samansette. Det kan til dømes vere elevar som har spesielle utfordringar, individuell opplæringsplan og derfor rett til fritak frå vurdering, manglar vurderingsgrunnlag på grunn av sjukdom eller anna fråvær, nyleg har kome til landet eller ikkje har delteke i ordinær undervisning i alle fag.

Bruk av ufaglært undervisningspersonale

Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning for å bli fast tilsett. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4,2 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i 2019–20. Desse kan vere mellombels tilsette eller tilsette under føresetnad av at utdanning den tilsette har begynt på, blir fullført. Figur 6.3 viser utviklinga i delen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Talet auka frå 2014–15 til 2018–19. Noko av auken kan kome av meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar. Frå skuleåret 2018–19 til 2019–20 har det vore ein liten nedgang.

Figur 6.3 Del av årsverk i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing

Figur 6.3 Del av årsverk i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2019 hadde 4,6 pst. av lærarane i vidaregåande opplæring ei vidaregåande utdanning eller lågare, medan 5,4 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men utan pedagogisk utdanning. 4,7 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, utan pedagogisk utdanning.

Figur 6.4 Del av lærarar i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025

Figur 6.4 Del av lærarar i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning som gjeld frå 2025

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

I 2025 skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk på 1.–7. trinn, ha minst 30 studiepoeng i undervisningsfaget. På 8.–10. trinn skal alle lærarar som underviser i norsk, matematikk og engelsk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget i 2025. I skuleåret 2019–20 er det framleis mange lærarar som ikkje oppfyller dette kompetansekravet, særleg i engelsk. I alle dei tre faga har det vore ein liten nedgang i delen av lærarar som ikkje oppfyller krava frå førre skuleår.

Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skular enn for dei kommunale grunnskulane. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskular er litt høgare enn han er blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skular er det omvendt, og prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet er høgare enn blant det mannlege. Det har vore ein svak auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i dei siste tre åra, både i kommunale grunnskular og i fylkeskommunale vidaregåande skular.

Figur 6.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet* i grunnskular og i vidaregåande skular, 2017–19 (pst.) Statistisk sentralbyrå

Figur 6.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisningspersonalet* i grunnskular og i vidaregåande skular, 2017–19 (pst.) Statistisk sentralbyrå

* Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

Av meir enn 21 000 studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2019, hadde berre 8 pst. innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har likevel auka litt dei siste tre åra. Dette gjeld både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Figur 6.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2017–19 (pst.)

Figur 6.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2017–19 (pst.)

1 Allmenn-/grunnskulelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskulelærarar, fag- og yrkesfaglærarutdanning, integrert masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Framtidig behov for lærarar

Berekningar som er gjorde av SSB gjennom modellen Lærermod, viser forventa behov for lærarar framover. Modellen tydar på ein arbeidsmarknad for lærarar med store ubalansar i framtida.

I 2040 er det berekna eit underskot på rundt 6 700 grunnskulelærarar på heile arbeidsmarknaden. Samtidig vil det vere eit stort overskot av dei andre lærartypane i modellen, nesten 9 000 lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmennfag (PPU) og rundt 21 000 faglærarar og såkalla «andre lærarar».

Etter dagens regelverk kan faglærarar og lærarar med PPU berre arbeide i grunnskulen frå og med 5. trinn. For grunnskulen over 5. trinn kan dermed underskotet av grunnskulelærarar sannsynlegvis dekkast inn av overskotet av faglærarar og PPU-lærarar. Gitt underskot på grunnskulelærarar, men overskot av andre lærarar, er det usikkert korleis arbeidsmarknaden for lærarar vil sjå ut i dei neste åra. Befolkningsframskrivingane i modellen er også usikre.

Figur 6.7 SSBs overslag over tilbod og etterspurnad etter lærarar i framtida

Figur 6.7 SSBs overslag over tilbod og etterspurnad etter lærarar i framtida

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (Lærermod, notat 2018/5)

Kommunal ressursbruk

Korrigerte brutto driftsutgifter viser dei utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 126 819 kroner i 2019. Dette er ein nominell auke på 4,6 pst. frå 2018. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2018 på 3,1 pst. Det vil seie at det i snitt har vore ein liten realauke i utgifter per elev i grunnskulen. I vidaregåande opplæring var korrigerte brutto driftsutgifter per elev på studieførebuande program 143 115 kroner og på yrkesfaglege program 174 486 kroner.

I kommunesektoren var brutto driftsutgifter til grunnskule på 18,8 pst. av totale brutto driftsutgifter i 2019. Delen av utgifter til grunnskule har gått noko ned dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale forskjellar i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular for at reiseavstanden til elevane skal vere akseptabel. Mykje av variasjonen mellom kommunane når det gjeld kor mykje pengar dei bruker på skule, kan forklarast med ulik kostnadsstruktur. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter har òg ein tydeleg effekt på utgiftsnivået. Kommunar med høge inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna kome av variasjonar i elevsamansettinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg kome av ulik politisk prioritering mellom kommunar.

Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land, viser tal frå OECD (Education at a Glance 2019: OECD Indicators). Dersom ein ser på utgiftene per elev, har Noreg blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa. Det er særleg det høge talet på lærarar per elev som forklarer den høge ressursbruken i Noreg.

Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på spesialundervisning. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskular og spesialskular har dei siste 10 åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2019–20 låg den delen som fekk spesialundervisning, på 7,7 pst. av alle elevar i grunnskulen mot 7,8 pst. året før. 68 pst. av alle elevar som får spesialundervisning, er gutar.

I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar delen av elevar med spesialundervisning, som figuren under viser. I skuleåret 2019–20 hadde 3,6 pst. av elevane på 1. trinn einskildvedtak om spesialundervisning. På 10. trinn var delen av elevar med spesialundervisning 10,14 pst. 47 156 elevar fekk vedtak om spesialundervisning med undervisningspersonale.

Figur 6.8 Prosentdel av elevar med einskildvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skuleåret 2019–20

Figur 6.8 Prosentdel av elevar med einskildvedtak av totalt tal på elevar, fordelte på årstrinn. Skuleåret 2019–20

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Elevar med innvandrarbakgrunn

Særskild norskopplæring

I opplæringslova § 2-8 (for grunnskulen) og § 3-12 (for vidaregåande opplæring) heiter det at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett på særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen. I skuleåret 2019–20 fekk 41 003 elevar i grunnskulen særskild norskopplæring, noko som er 1 630 færre enn året før. Dette utgjer 6,4 pst. av elevane. Om nødvendig har desse elevane òg rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. I skuleåret 2019–20 var det 2 097 elevar som fekk berre morsmålsopplæring, 7 324 elevar som fekk berre tospråkleg fagopplæring, og 859 elevar som fekk begge delar. Somalisk, arabisk og polsk var dei vanlegaste språka.

Resultat i grunnskulen

Figur 6.9 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2017–19

Figur 6.9 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2017–19

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det er små forskjellar mellom grunnskulepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 2,3 poeng skilde desse i 2019. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 5,2 poeng skilde desse i 2019. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 14 pst. av innvandrarelevane har ikkje fått berekna grunnskulepoeng i 2019.

Det er særleg dei med 0–2 års butid, 36 pst., som ikkje har fått berekna grunnskulepoeng. Til samanlikning har 11 pst. av dei med 3–4 års butid og 7 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.

Butida har stor innverknad på kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 7–8 års butid at talet på grunnskulepoeng nærmar seg talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

Jenter får i gjennomsnitt 4,6 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.

Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøvar, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. På 8. trinn er 12 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøvar i lesing. I engelsk og rekning er høvesvis 11 og 10 pst. fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritekne. 3–4 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvart enkelt av faga engelsk, lesing og rekning.

Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at delen som er fritekne, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.

Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, er på nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.

Figur 6.10 Delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa (1 og 2) i nasjonale prøvar i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2019 (pst.)

Figur 6.10 Delen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa (1 og 2) i nasjonale prøvar i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2019 (pst.)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Gjennomføring av vidaregåande opplæring

Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre er ikkje så langt unna dei andre elevane når det gjeld å fullføre og bestå vidaregåande opplæring i løpet av fem/seks år.

61 pst. av innvandrarane som begynte i vidaregåande opplæring i skuleåret 2013–14 (2013-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem/seks år. Delen har auka i dei siste åra, men er framleis betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten.

Figur 6.11 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2011–12 (2011-kullet) til 2013–14 (2013-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem (studieførebuande) / seks (yrkesfag) år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Figur 6.11 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2011–12 (2011-kullet) til 2013–14 (2013-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem (studieførebuande) / seks (yrkesfag) år, etter innvandringskategori og kjønn (pst.)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Læreplassar og kontraktar

Figur 6.12 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat, 2017–19.

Figur 6.12 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjent lærekontrakt eller plass som lærekandidat, 2017–19.

Det har vore endringar i statistikken i 2019, noko som inneber at tal for 2019 ikkje er heilt samanliknbare med tal for tidlegare år

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Av 19 500 søkarar (med ungdomsrett) med læreplass som førsteønske i skuleåret 2019–20, hadde 15 500 fått ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2019.

Delen som ikkje er i utdanning eller arbeid eller har gjennomført vidaregåande opplæring

Figur 6.13 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2017–19 (pst.). Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med

Figur 6.13 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2017–19 (pst.). Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I 2019 er 16 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 8 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 6 pst. av andre i same aldersgruppe.

Vaksne i grunnopplæringa

Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring dersom dei sjølve ønsker det, jf. opplæringslova § 4A-1. Talet på vaksne som får opplæring på grunnskulenivå, aukar. I skuleåret 2019–20 var det 13 965 vaksne som fekk grunnskuleopplæring. Det er ein auke på 368 i høve til året før. Av dei som fekk slik opplæring, var det 10 574 som fekk ordinær grunnskuleopplæring. 3 090 fekk opplæringa som spesialundervisning. Dette er litt færre enn i 2018–19. Det har vore ein jamn nedgang i delen vaksne i grunnopplæring som får spesialundervisning i dei siste åra.

Vaksne som ikkje har gjort bruk av retten til vidaregåande opplæring som ungdom, får rett til vidaregåande opplæring som vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den einskilde. Vaksne som ønsker å gjennomføre vidaregåande opplæring, kan søke om ordinært inntak og konkurrere om plassane med søkarane med ungdomsrett, eller dei kan søke om individuelt opptak basert på realkompetanse. Med dette alternativet blir undervisninga ofte komprimert og/eller avkorta. Vaksne kan òg søke vidaregåande opplæring gjennom private tilbydarar av opplæring, til dømes studieforbund, men det meste av opplæringa skjer i dei vidaregåande skulane. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar- og elevstatistikken for vidaregåande opplæring.

Samla deltok 32 352 vaksne i vidaregåande opplæring i 2019. Dette er nesten 4 500 fleire enn året før.

Skulefritidsordninga

Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. I skuleåret 2019–20 gjekk 156 597 barn i skulefritidsordninga (SFO). 1 916 av desse var elevar på 5.–7. trinn. Delen barn på 1.–4. trinn som gjekk i SFO, var på 62 pst., ein auke frå 55 pst. i 2002. Tabell 6.6 viser at deltaking i SFO varierer mykje mellom dei ulike klassetrinna og er høgast blant dei yngste barna.

Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling, og kommunen kunne til og med skuleåret 2019–20 sjølv velje om han ønsker å dekke kostnader for heile eller delar av tilbodet. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Nokre kommunar valde å tilby inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO. Frå hausten 2020 blir det innført ei nasjonal ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for barn frå låginntektsfamiliar på 1.–2. trinn og gratis SFO for barn med behov for særskilt tilrettelegging på 5.–7. trinn.

Tabell 6.6 Deltaking og foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO)

Skuleår

2013–14

2014–15

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

2019–20

Tal på barn i SFO

157 370

158 139

159 633

160 994

160 571

158 318

156 597

Del av barna i SFO med fulltidsplass (20 timar) (pst.)

57

57

57

56

57

56

57

Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.)

63

63

62

62

62

61

62

Dekningsgrad 1. trinn (pst.)

80

80

80

81

82

82

82

Dekningsgrad 2. trinn (pst.)

76

75

75

74

76

76

76

Dekningsgrad 3. trinn (pst.)

62

61

60

59

58

59

59

Dekningsgrad 4. trinn (pst.)

35

34

33

32

31

30

31

Gjennomsnittleg månadleg foreldrebetaling for ein elev med fulltidsplass i SFO (i kroner)

2 191

2 256

2 335

2 408

2 420

2 470

2 501

Del av SFO-ar som tilbyr inntektsgraderte satsar (pst.)

14

14

14

20

19

25

27

Del av SFO-ar som tilbyr friplassar (pst.)

18

16

15

17

22

26

28

Del av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon (pst.)

64

65

66

65

66

67

68

Kjelde: GSI (Utdanningsdirektoratet)

Leksehjelp

Alle elevar i grunnskulen har rett til åtte veketimar med gratis leksehjelp etter skuletid. Kommunane har ansvaret for tilbodet, og det kan organiserast slik det er mest formålstenleg ut frå lokale tilhøve. Tilbodet skal vere gratis, omfatte alle og vere frivillig for kvar einskild elev. I skuleåret 2019–20 deltok 114 313 barn på 1.–10. trinn på leksehjelp. Dette utgjer 18,0 pst. av elevane, noko som er om lag det same som året før.

7 Nøkkeltal for barnehagesektoren

Innleiing

Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette og om ressursbruken i barnehagesektoren. Kapittelet inneheld statistikk på integreringsfeltet som i tidlegare års budsjettproposisjonar låg i kapittelet «mål for integrering». Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2019 var 54,7 mrd. kroner og utgjorde 11 pst. av driftsutgiftene i kommunane. Talgrunnlaget i kapittelet er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), rapportering frå barnehagane (BASIL), KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering), Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og ulike undersøkingar som er gjennomførte på oppdrag frå departementet.

Barn i barnehage

Tabell 7.1 Tal på barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2014–19

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Tal på barn i barnehage

286 414

283 608

282 649

281 622

278 578

275 804

Dekningsgrad 1–5 år (pst.)

90,2

90,4

91,1

91,3

91,8

92,2

Dekningsgrad 0 år (pst.)

3,6

3,7

4,0

3,9

4,0

4,2

Dekningsgrad 1 år (pst.)

68,5

69,7

71,7

72,1

73,2

74,8

Dekningsgrad 2 år (pst.)

91,3

91,6

92,3

92,9

93,2

93,6

Dekningsgrad 3 år (pst.)

95,5

95,7

95,9

96,1

96,4

96,5

Dekningsgrad 4 år (pst.)

97,0

96,9

97,2

97,3

97,3

97,1

Dekningsgrad 5 år (pst.)

97,5

97,3

97,5

97,6

97,6

97,5

Gjennomsnittleg avtala opphaldstimar per veke

44,1

44,3

44,3

44,4

44,5

44,6

Del av barn med heiltidsplass (pst.)

93,3

94,3

94,9

95,5

96,1

96,6

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet

Ved utgangen av 2019 gjekk 275 804 barn i ordinær barnehage eller familiebarnehage. Dette er ein nedgang i talet på barn i barnehage frå 2018 og kjem av ein nedgang i talet på barn i alderen 1–5 år i befolkninga. I tillegg hadde 116 opne barnehagar kapasitet til å ta imot om lag 3 350 barn i 2019. Barn under 3 år utgjorde 36 pst. av alle barn i barnehage.

I 2019 hadde 96,6 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 69,6 pst. i 2005, det vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 44,6 timar per veke. Dekningsgraden i 2019 for barn i alderen 1–5 år var 92,1 pst. mot 76,2 pst. i 2005. Dekningsgraden har vore stabil for dei eldre barna dei siste åra, og har auka for dei yngste barna.

Tabell 7.2 Tal på barn i barnehage etter eigarforhold, offentleg og privat, 2006–19

2006

2010

2014

2019

Offentlege

127 252

147 180

147 726

138 822

– kommunale

122 783

146 051

147 493

138 122

– fylkeskommunale/statlege

4 469

1 129

233

700

Private

107 696

129 959

138 688

136 982

– kyrkjelyd/trussamfunn

8 267

7 723

7 579

6 724

– foreldreeigde

35 749

33 083

30 930

29 857

– kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining

1 388

1 151

714

695

– bedrift

18 309

30 724

43 070

3 011

– pedagogisk/ideologisk org.

4 324

8 048

7 826

4 368

– einskildpersonar

20 103

18 183

15 120

8 643

– konsern/aksjeselskap

71 815

– stiftelse

9 167

– studentsamskipnad

2 221

2 702

– andre

19 556

31 047

31 228

I alt

234 948

277 139

286 414

275 804

Barn som går i opne barnehagar, er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte i tabellen. I 2019 gjekk 40 barn i offentlege familiebarnehagar, og 3 420 barn gjekk i private familiebarnehagar. Rapporteringa blei noko endra for private barnehagar i løpet av perioden. Mellom anna er dette forklaringa på den store nedgangen i talet på bedriftsbarnehagar frå 2014 til 2018 og auken i talet på konsern/aksjeselskap og stiftelse i 2018. Kategorien «kvinne- og familieforbund / sanitetsforeining» heitte før 2016 «husmorlag/sanitetsforeining».

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og dei føresette til barnet har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. 84 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2019. Prosentdelen av barn som går i barnehage, aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er forskjellen mellom ulike aldersgrupper større enn for andre barn. For 3-, 4- og 5-åringar er delen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, nesten like høg som for andre barn, medan for 1–2-åringar er denne delen mykje lågare enn for andre barn, særleg for eittåringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage og har dermed i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart.

Figur 7.1 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2017–19 (pst.)

Figur 7.1 Delen barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2017–19 (pst.)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i barnehagar har gått ned sidan 2014. Hovudtyngda av reduksjonen i barnehageplassar har vore i offentlege barnehagar. I 2019 var det ein nedgang på 1 788 barn med plassar i offentlege barnehagar frå året før, og ein nedgang på 986 plassar i private barnehagar. I 2019 hadde halvparten av barna plass i ein offentleg barnehage og halvparten i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2019 var det 5 730 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 701 kommunale, 12 fylkeskommunale eller statlege og 3 029 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2018 til 2019 har det vore ein reduksjon på 50 private og 6 kommunale barnehagar.

Figur 7.2 Tal på barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2008–19

Figur 7.2 Tal på barn i barnehage fordelte etter barnehagestorleik, 2008–19

Kjelde: Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar. Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Talet på barn i små barnehagar, definerte som 25 barn eller færre, har gått ned med 15 pst. frå 2015 til 2019, medan talet for barnehagar med 51–75 barn i har gått ned med 4 pst. i same tidsrom. Talet på barn i barnehagar med 26–50 barn og med 76 barn eller fleire har vore relativt stabilt i perioden.

Personalet i barnehagen

Tabell 7.3 Personalet i barnehagen, 2014–19

2015

2016

2017

2018

2019

Tal på tilsette

93 974

93 952

94 540

95 819

96 744

Tal på årsverk

74 647

75 031

75 534

77 101

78 055

Årsverk i grunnbemanninga

62 442

62 614

62 706

64 134

64 844

Styrarar (årsverk)

4 846

4 803

4 822

4 783

4 786

Årsverk i grunnbemanninga med barnehagelærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar

24 173

24 683

26 266

27 294

– i pst. av grunnbemanninga

38,6

39,4

41,0

42,1

Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

12 735

12 496

12 897

13 561

– i pst. av grunnbemanninga

20,3

19,9

20,3

20,9

Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes)

1 330 (384)

1 299

(388)

1 398 (405)

1 347

(399)

1 200

(358)

– del som har barnehagelærarutdanning

28,8

23,4

23,5

22,8

21,2

Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes)

6 239 (3 676)

6 728

(3 984)

7 415 (4 358)

7 698

(4 565)

8 315

(4 945)

– del som har barnehagelærarutdanning

35,3

30,1

29,7

28,3

28,5

Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Det er stillingskategoriane pedagogisk leiar og anna grunnbemanning som utgjer grunnbemanninga.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL), Statistisk sentralbyrå

Ved utgangen av 2019 var det om lag 97 000 tilsette som utførte i overkant av 78 000 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid i den einskilde barnehagen.

Det var 64 844 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen i 2019, som vil seie at ein jobbar direkte med barna. Om lag 42 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning, medan om lag 21 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. 1 200 tilsette, eller om lag 350 årsverk, arbeider med å gi særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn. Om lag 8 300 tilsette, 4 950 årsverk, arbeider med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats.

Den nye bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst 1 tilsett per 3 barn under 3 år og 1 tilsett per 6 barn over 3 år. Frå same tidspunkt blei også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst 1 pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og 1 pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.

Per desember 2019 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,7 barn per vaksen, dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Ein vaksen er målt i årsverka til pedagogiske leiarar og assistentar. Det har vore ein sterk reduksjon i talet på barn per vaksen sidan bemanningsnorma blei innført.

64 pst. av barnehagane oppfylte den skjerpa pedagognorma utan bruk av dispensasjon per desember 2019, opp frå 53 pst. i 2018. Prosentdelen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet har auka etter skjerpinga av pedagognorma, men han har gått noko ned sidan 2018. Totalt manglar det 3 124 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Per desember 2019 oppfylte 60 pst. av barnehagane både bemanningsnorma og pedagognorma utan bruk av dispensasjon. 2 pst. av barnehagane oppfylte ingen av normene.

Tabell 7.4 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2016–19

2016

2017

2018

2019

Tal på barn per årsverk i grunnbemanninga, korrigerte for alder og opphaldstid (bemanningstettleik)

6,0

6,0

5,8

5,7

Del av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6,0 eller lågare)

56 pst.

75 pst.

94 pst.

Del av barnehagar som oppfyller den skjerpa pedagognorma utan dispensasjon1

24 pst.

53 pst.

64 pst.

Del av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet

5,7 pst.

4,9 pst.

10,2 pst.

8,7 pst.

1 Den skjerpa pedagognorma tok til å gjelde frå 1. august 2018.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Det har lenge vore stor skilnad mellom barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, som talet på barn per vaksen (bemanningstettleik) og den formelle kompetansen til personalet, jf. figur 7.3 og 7.4. Til dømes har dei 10 pst. barnehagane med flest barn per pedagogisk leiar med godkjend utdanning nær dobbelt så mange barn per pedagogisk leiar som dei 10 pst. med høgast pedagogtettleik. Det har likevel vore ein sterk reduksjon i ulikskapen mellom barnehagar når det gjeld barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning i perioden 2013–19.

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2013–19

Figur 7.3 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk i grunnbemanninga, 2013–19

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Figur 7.4 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2013–19

Figur 7.4 Ulikskap mellom barnehagar, barn per årsverk pedagogisk leiar med godkjend utdanning, 2013–19

Sterkaste 10 pst. svarte til 90. persentil, medan svakaste 10 pst. svarte til 10. persentil. Grunnbemanninga er pedagogiske leiarar og assistentar. Barn er korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagen i 2019 var 9,8 pst. menn, totalt om lag 7 100 personar. Grunnbemanninga omfattar dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med barna. Frå 2015 til 2019 har delen menn i grunnbemanninga hatt ein liten auke.

Tabell 7.5 Menn i barnehagane, 2014–19

(i pst.)

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Del menn av tilsette i grunnbemanninga

8,7

8,8

9,0

9,2

9,5

9,8

Del mannlege pedagogiske leiarar

7,4

7,5

8,0

8,5

8,9

9,3

Del menn av tilsette i anna grunnbemanning1

9,4

9,6

9,6

9,7

9,9

10,1

1 Tidlegare år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (BASIL)

I 2019 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 3 094 studentar, ein auke frå 2 959 i 2018. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar gjekk opp med 219 i same tidsrom. Delen menn i opptaket har gått noko ned sidan 2018. Samtidig har det vore ein auke i delen uteksaminerte menn dei siste åra.

Tabell 7.6 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2013–19

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Opptak til barnehagelærarutdanning

2 859

2 851

3 062

3 106

3 000

2 959

3 094

– del menn (i pst.)

19,2

18,6

18,2

18,9

20,0

19,6

18,7

Uteksaminerte barnehagelærarar

2 080

1 862

2 081

1 909

1 966

2 030

2 249

– del menn (i pst.)

10,8

10,8

12,9

14,2

14,0

15,4

15,7

Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)

Figur 7.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2017–19 (pst.)

Figur 7.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2017–19 (pst.)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde i 2019 om lag 16 pst. av personalet som arbeider direkte med barna i barnehagane, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde berre 1 pst. av dei tilsette. Dei siste tre åra har delen tilsette med innvandrarbakgrunn auka noko, frå 15 pst. i 2017 til 16 pst. i 2019. Det kjem i hovudsak av ein auke i delen kvinner med innvandrarbakgrunn.

Figur 7.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2017–19 (pst.)

Figur 7.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2017–19 (pst.)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Prosentdelen studentar med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga har auka dei siste tre åra. Av nesten 8 500 studentar i 2019 utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 15 pst., høvesvis 12 pst. som sjølve har innvandra, og 4 pst. norskfødde med innvandrarforeldre. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn i barnehagelærarutdanninga er noko større blant mannlege studentar.

Moderasjonsordningar i barnehagen

Dei to moderasjonsordningane i barnehagen for familiar med låg inntekt blei innførte i 2015. Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjaldt først for 4- og 5-åringar, men blei frå 2016 utvida til å gjelde 3-åringar, og i 2019 blei ordninga ytterlegare utvida til å gjelde for 2-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har også rett til søskenmoderasjon.

Frå 1. august 2020 har barn frå familiar med inntekt under 566 100 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Departementet anslår at rundt 45 000 barn hadde rett til gratis kjernetid i barnehage i 2019. Tal frå kommunane sitt rapporteringssystem viser at 33 991 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2019.

I 2019 fekk totalt 43 310 barn lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt. Det er 1 392 fleire barn enn i 2018.

Dersom ein familie har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har familien rett til reduksjon i foreldrebetalinga (søskenmoderasjon). Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst., og for det tredje barnet og oppover er det 50 pst. reduksjon. I 2019 fekk 48 594 barn søskenmoderasjon. Det er 2 517 fleire enn i 2018.

Tabell 7.7 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2015–19

(i kr.)

2015

2016

2017

2018

2019

Inntektsgrense for gratis kjernetid

405 000

428 000

450 000

533 500

548 500

Hushald som har fått reduksjon i foreldrebetaling på grunn av låg inntekt

25 881

28 902

33 459

35 261

Barn som har fått lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt

24 624

33 272

35 735

41 918

43 310

Barn med rett til lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt (overslag frå 2019)

52 730

53 700

54 023

55 187

56 000

Barn som har fått innvilga gratis kjernetid på grunn av låg inntekt

9 470

18 225

20 978

26 027

33 991

Barn med rett til gratis kjernetid på grunn av låg inntekt (overslag frå 2019)

26 819

27 954

33 327

45 000

Barn som får søskenmoderasjon

44 732

47 418

46 077

48 594

Kjelde: Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå

Barn med behov for særskild tilrettelegging

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 19 a i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Barn med behov for særskild tilrettelegging er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonshemmingar, utviklingshemmingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.

Delen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a i barnehagelova, har auka jamt i dei siste åra. I 2019 fekk 3,3 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. 70 pst. av barna som får spesialpedagogisk hjelp, er gutar. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordringar med språkutvikling og åtferdsvanskar.

Tabell 7.8 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2013–19

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Tal

7 799

7 944

8 290

8 674

8 813

9 190

Del i pst.

2,7

2,8

2,9

3,1

3,2

3,3

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Kostnader i og finansiering av barnehagar

Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og halvparten private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass berekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar. Delen barnehageutgifter av dei samla brutto driftsutgiftene til kommunane har vore stabil i dei seinare åra og var i 2019 på 54,7 mrd. kroner.

Tabell 7.9 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2013–19

2015

2016

2017

2018

2019

Brutto driftsutgifter til barnehage (mill. kroner)1

46 012

48 008

49 865

52 308

54 676

Del av brutto driftsutgifter til barnehage (pst.)

11,8

11,7

11,5

11,5

11,4

Korrigerte brutto driftsutgifter2 per barn3 i kommunal barnehage (kroner)

181763

191 792

200 833

215 212

227 845

Løpande prisar. 1 Brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunens eigen tenesteproduksjon og kjøp av tenester frå andre.

2 Korrigerte brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunane sin eigen tenesteproduksjon.

3 Korrigert for alder og opphaldstid.

Kjelde: KOSTRA (Statistisk sentralbyrå)

Det har vore ein nominell auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunal barnehage på om lag 6 pst. frå 2018 til 2019, og den reelle auken har vore på om lag 3 pst. Større personaltettleik og fleire tilsette med relevant utdanning kan medverke til å forklare realveksten i utgifter. Figur 7.7 viser spreiinga mellom kommunar i korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar. Den grå linja viser landsgjennomsnittet. Som figuren viser, er det stor forskjell mellom kommunane med lågast og høgast driftsutgifter per barn, men dei fleste kommunane ligg relativt nær landsgjennomsnittet. Forskjellane mellom kommunar kan til dømes kome av geografiske skilnader, ulikt økonomisk handlingsrom eller forskjellar i prioritering av barnehagar framfor andre tenestetilbod.

Figur 7.7 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar, 2019

Figur 7.7 Ulikskap mellom kommunar, korrigerte driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar, 2019

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men dei er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 87,1 pst. av drifta av dei kommunale barnehagane var i 2019 finansiert av det offentlege. Det har vore ein liten auke sidan 2018.

Tabell 7.10 Finansiering av kommunale barnehagar, 2013–19

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Del av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling (i pst. av totale driftsmidlar)

14,1

13,8

14,2

13,7

13,5

13,4

12,9

Del av driftsmidlar finansierte av det offentlege (i pst. av totale driftsmidlar)

85,8

86,2

85,7

86,3

86,4

86,6

87,1

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

8 Likestilling og arbeid mot diskriminering

Kunnskapsdepartementets arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir ført vidare i skulen og må ligge til grunn i fagskulane, universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion.

Likestilling og diskriminering i skule og barnehage

Regjeringa la i desember 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet er barnehagar og skular som gir moglegheiter for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske forskjellar. Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats. For meir omtale av Tett på-meldinga, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

I Granavolden-plattforma seier regjeringa at ho vil styrke rekrutteringa av menn til barnehagane, og at ho vil fremje ein strategi for å bidra til ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Det er særleg relevant å vurdere tiltak som vil auke rekrutteringa av menn til grunnskule- og barnehagelærarutdanningane. I tillegg er rekruttering av menn til utdanning innanfor helse- og omsorgssektoren relevant. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid prioritere desse innsatsområda i arbeidet med ein jamnare kjønnsbalanse innanfor utdanningsløpa, jf. del I, kap. 3 og omtale av oppmodingsvedtak nr. 800 om rekruttering av menn til barnehagane.

Hausten 2020 starta innføringa av dei nye læreplanane innanfor fornyinga av Kunnskapsløftet, jf. nærare omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Innanfor det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring er aktuelle tema verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, å kunne setje grenser og respektere grensene til andre, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar. Konkrete læringsmål innanfor samfunnsfag er mellom anna at elevane skal drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering.

Seksualitetsopplæringa er ein del av det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Seksualitet er tema i samfunnsfag, naturfag, kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) og kroppsøving, med ulike innfallsvinklar. I samfunnsfag er til dømes seksuell orientering, grensesetjing og seksuelle overgrep sentralt. Naturfag fokuserer på reproduktiv helse, kroppen sine forandringar i puberteten og korleis puberteten kan påverke kjensler. Faget KRLE tek opp mellom anna seksualetikk i ulike religionar, og i kroppsøving skal elevane reflektere over kroppsidentitet og sjølvbilete.

I 2018 la regjeringa fram Et samfunn for alle. Regjeringens strategi for likestilling av mennesker med funksjonsnedsettelse for perioden 2020–2030. Strategien kviler på fire pilarar:

  • Utvikle både universelle løysingar og særskilde tiltak

  • Jobbe for sjølvbestemming, medverking, deltaking og inkludering

  • Betre samordning på alle nivå

  • Fire innsatsområde: utdanning, arbeid, helse og omsorg og kultur og fritid

For å følge opp strategien la regjeringa i 2019 fram ein handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetting. Handlingsplanen omfattar 85 tiltak frå åtte departement. Handlingsplanen følger opp FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) og tilrådingane CRPD-komiteen ga våren 2019. Handlingsplanen er dynamisk, og nye tiltak som fremja likestilling og deltaking, vil bli inkluderte i handlingsplanperioden.

Regjeringa la i mai 2020 fram eit forslag til ny språklov, jf. Prop. 108 L (2019–2020). Formålet med lova er å gi norsk språk lovfesta status og sterkare vern. Lova definerer også status for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Det følger av forslaget til ny lov at formålet med lova også er å sikre at offentlege myndigheiter tek ansvar for å verne og fremje norsk teiknspråk. Lova slår fast at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg, og at det som språkleg og kulturelt uttrykk er likeverdig med norsk.

Det følger av opplæringslova at elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til opplæring i og på teiknspråk. Opplæringslovutvalget foreslår i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov å vidareføre retten til opplæring i og på norsk teiknspråk, med mellom anna større fleksibilitet i bruk av læreplanar utarbeidd for elevar med teiknspråk for dei som har rett til slik opplæring. Kunnskapsdepartementet vil på bakgrunn av NOU 2019: 23 sende forslag til ny opplæringslov på høyring våren 2021.

Det er opna for forsøk med norsk teiknspråk som valfag på ungdomstrinnet. Det er også løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 og trinn 5–10 og til utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.

Likestilling og diskriminering i høgare utdanning

Kjønnspoeng

Søkarar til høgare utdanning kan få tilleggspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Institusjonane kan berre søke om å bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gitt resultat. Universitets- og høgskulelovutvalet la i 2020 fram NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler, der dei utalar at kjønnspoeng kan vere i strid med EØS-regelverket. Departementet vil i løpet av hausten 2020 sjå nærare på tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønn i samband med den årlege revisjonen av opptaksforskrifta.

Menn får tilleggspoeng ved veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, i sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og Universitetet i Agder, i barnevern ved OsloMet og i førstegongsvitnemålskvoten på psykologi (profesjon) ved NTNU og universiteta i Oslo og Bergen. Kvinner får tilleggspoeng ved bachelorstudium i fleire av teknologi- og ingeniørfaga, landbruksstudium ved Høgskolen i Innlandet, visse bachelorstudium i maritime fag og visse femårige integrerte masterprogram i teknologi- og ingeniørfag ved NTNU.

Departementet tok våren 2020 imot ei evaluering av regelverket for rangering av søkarar til universitet og høgskular, som er sendt på høyring. Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval som skal sjå på systemet for opptak til høgare utdanning, som mellom anna vil kunne påverke bruk av kjønnspoeng.

Kvinner i høgare utdanning og forsking

32 pst. av årsverka i dosent- og professorstillingar var utførte av kvinner i 2019. Samla for stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse, var talet 43 pst. Desse tala har auka med om lag 1 prosenteining årleg over lang tid.

Llikestillingssituasjonen innanfor kunnskaps- og integreringssektoren som følge av covid-19-pandemien

Koronakrisa har sett preg på heile samfunnet. Pandemien og tiltaka for å minimere smitte og halde opp aktivitet i næringslivet og samfunnet kan få ulike konsekvensar for ulike personar avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bede regjeringa kartlegge effekten av covid-19-pandemien på likestillingsfeltet og kome tilbake til Stortinget med resultat og funn. Kunnskapsdepartementet vil i det følgande gi ei overordna oversikt over likestillingsmessige konsekvensar av covid-19-pandemien så langt i 2020 innanfor kunnskaps- og integreringssektoren.

Nyheitsartiklar i mellom anna det vitskaplege tidsskriftet Nature og på nettstaden Inside Higher Ed stiller spørsmålet om tiltaka mot covid-19 har ramma kvinnelege akademikarar ekstra hardt.1,2 Artikkelen i Nature viser til førebelse resultat frå fleire studiar i USA, Canada og Storbritannia som har funnet teikn til at covid-19-pandemien fører til kjønnsforskjellar. Kvinnelege forskarar har sendt inn færre artiklar til vitskapelege tidsskrift i denne perioden enn under normale omstende, medan dette ikkje er tilfelle for menn. Færre kvinner er involvert i nye forskingsprosjekt som er satt i gang etter at pandemien starta. Nature-artikkelen blei publisert allereie 28. mai, og nedgangen hadde ikkje vore stor, men nokre av studia fann at han var særleg merkbar blant yngre kvinnelege forskarar. Ei mogleg forklaring på kjønnsforskjellane som artikkelen gir, er at kvinnelege forskarar i større grad enn deira menn bruker tid på å passe eigne barn. Artikkelen hos Inside Higher Ed viser mykje av det same.

I Noreg har mellom anna mellombels tilsette i stipendiat- og postdoktorstillingar måtte sjonglera eiget arbeid med heimeskule og barnehage. Det har påverka framdrifta i deira kvalifiseringsarbeid. Med heimel i tilsettingsforskrifta har desse tilsette høve til å få forlenga tilsettinga. Regjeringa har bidratt med 40 mill. kroner ekstra for å sikre at stipendiatar og postdoktorar i sluttfasen av prosjekt finansiert av EU og andre private aktørar også kan få forlenging.

Stenginga av norske skular 12. mars hadde også konsekvensar for likestilling i hushalda. Fafo gjorde ei undersøking3 i april 2020 som viste at kvinner tok større ansvar enn menn for å følge opp barn med skulearbeid heime, også der begge foreldra jobba heimanfrå.

Ein studie gjennomført av NOVA blant ungdom i Oslo, viser at det dels er forskjellar mellom kjønna på korleis gutar og jenter opplevde og handterte covid-19-pandemien. Ifølge undersøkinga opplevde jenter i større grad enn gutane personleg modning og vekst under pandemien. Når det gjeld vurderinga av korleis skuleundervisninga fungerte, er det ikkje så store skilnader mellom jenter og gutar.

Departementet vil levere ei fullstendig likestillingsutgreiing i tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 24 andre ledd i Prop. 1 S for 2022. Departementet vil der gi ei oversikt over aktivitetane i 2020.

Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatytringar

Integreringspolitikken medverkar til å auke likestillinga mellom innvandrarar og majoritetsbefolkninga og bygge ned barrierar for deltaking på like vilkår.

Rammeplanen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme. Barnehagen skal medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald av familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen.

Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme og udemokratiske haldningar (Dembra) er eit kurstilbod som gir kompetanseutvikling for lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. Fram til 2020 dekte Dembra ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frå og med 2020 er også barnetrinnet inkludert i satsinga med 3 mill. kroner årleg. I 2020 er det løyvd 2 mill. kroner til vidareføring av forskingsbaserte pedagogiske ressursar om gruppebaserte fordommar (Dembra LU). Desse læringsressursane skal brukast i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Læringsressursane som blir utvikla, skal dekke områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Dembra er eit varig tiltak som engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er no etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet, jf. dembra.no for meir informasjon om tilbodet. I 2021 vil Dembra-materiell på nordsamisk vere ferdigstilt. Sjå omtale av forslag til løyving til Dembra for 2021 under kap. 226, post 21.

22. juli-senteret spelar òg ei viktig rolle i arbeidet mot hat, vald og ekstremisme. Senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 og om oppfølginga i tida etter. Sjå omtale under kap. 251, post 01.

Regjeringa lanserte ein handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar i september 2020. Eit tiltak i handlingsplanen er at arbeidet mot rasisme og diskriminering, og for mangfald i lokalsamfunn, skal vektleggast gjennom tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn. Eit anna tiltak er at det skal iverksettast forskingsoppdrag om samanhengar mellom opplevd diskriminering mot muslimar, deira deltaking på ulike samfunnsarenaer og opplevd tilhøyrsle.

Handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020 går ut ved årsskiftet 2020–21. Regjeringa skal etter planen lansere ein revidert handlingsplan mot antisemittisme i 2021.

Likestilling i Kunnskapsdepartementet

Etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 er alle arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og meldeplikta).

Kunnskapsdepartementet skal i Prop. 1 S gjere greie for tilstanden. Aktivitets- og meldeplikta gjeld òg for verksemder og institusjonar under Kunnskapsdepartementet. For rapporteringa frå kvar einskild verksemd blir det vist til årsrapportane til verksemdene.

Tabell 8.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse og lønn i Kunnskapsdepartementet

Kjønn

Kvinners lønn i pst. av menns

År

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Totalt (N)

Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten

Departementsråd, ekspedisjonssjef, kommunikasjonssjef

2019

55,6

44,4

9

91,7

2018

55,6

44,4

9

90,8

Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt

2019

33,9

66,1

327

94,5

2018

33,7

66,3

326

91,6

Mellomleiarar

Avdelingsdirektør, direktør (2018)

2019

52,8

47,2

36

99,5

2018

57,5

42,5

40

101,9

Saksbehandling

Fagdirektør, underdirektør, spesialrådgivar, prosjektleiar

2019

29,6

70,4

27

90,4

2018

41,7

58,3

24

100,7

Seniorrådgivar

2019

32,7

67,3

196

98,4

2018

30,6

69,4

196

99,4

Rådgivar

2019

32,6

67,4

46

101,5

2018

37,8

62,2

45

101,1

Førstekonsulent

2019

50,0

50,0

8

106,4

2018

0,0

100,0

7

Administrativt personale

Seniorkonsulent, konsulent (2019)

2019

7,1

92,9

14

145,4

2018

0,0

100,0

14

Kjelde: Uttrekk frå SAP per 31. desember 2018 og per 31. desember 2019

Tabell 8.1 gir ei oversikt over kjønnsbalansen i Kunnskapsdepartementet totalt og for dei ulike stillingskategoriane i departementet. Det er fleire kvinner enn menn blant dei tilsette i Kunnskapsdepartementet, høvesvis 66 pst. og 34 pst. Desse tala har vore stabile dei siste åra.

I gjennomsnitt tente kvinner 94 pst. av det menn tente i Kunnskapsdepartementet i 2019, som er ei forbetring frå 92 pst. i 2018. Det er berre i stillingskategoriane rådgivarar, førstekonsulentar og administrativt personale at kvinner tener meir enn menn, i dei andre stillingskategoriane tener menn i gjennomsnitt meir enn kvinner.

I 2019 var det 3 lærlingar i Kunnskapsdepartementet, og alle dei var kvinner.

Planlagde og iverksette tiltak innanfor diskrimineringsgrunnlaga kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonshemming, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Som arbeidsgivar er Kunnskapsdepartementet pliktig til å arbeide for å betre kjønnslikestillinga og for større mangfald på arbeidsplassen. Det er personalpolitiske mål for Kunnskapsdepartementet å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne og hòl i CV-en. Departementet skal arbeide systematisk med å gjennomføre inkluderingsdugnaden til regjeringa.

Kunnskapsdepartementet bruker ulike verktøy i rekrutteringsprosessar for å sikre likebehandling av søkarar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne. I tillegg arbeider departementet aktivt for at talet på nytilsette med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en skal auke. Personal- og leiarhandboka gjer greie for at minst éin av kandidatane med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en skal kallast inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga. Departementet bruker positiv særbehandling og kan tilsetje kandidatar frå desse kategoriane på det vilkåret at dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkaren. Desse rutinane aukar sjansane for at kandidatar med innvandrarbakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en blir tilsette. Svært få kandidatar kryssar av for nedsett funksjonsevne, og departementet har førebels ikkje tilsett nokon frå denne gruppa. Kunnskapsdepartementet deltek elles i traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.

Likestilling i verksemder under Kunnskapsdepartementet

Tabell 8.2 Delen menn og kvinner i ordinære forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet (2019)

Verksemd

Tilsette

Del menn (pst.)

Del kvinner (pst.)

Kvinners lønn i pst. av menns

Utdanningsdirektoratet

358

38,0

62,0

96,1

Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino

116

33,6

66,4

100,9

Sørsamisk kunnskapspark (tidlegare Sameskulen for Midt-Noreg)

20

25,0

75,0

84,8

Statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped)

722

23,3

76,7

100,5

Noregs grøne fagskule – Vea

36

33,3

66,7

98,5

Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane

11

18,2

81,8

116,3

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

144

31,3

68,7

92,1

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

75

48,0

52,0

87,8

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku)

129

29,5

70,5

89,5

Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit)

199

54,8

45,2

95,7

Statens lånekasse for utdanning

323

43,0

57,0

97,4

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK)

12

25,0

75,0

75,9

Kompetanse Noreg

153

23,5

76,5

98,5

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

226

37,2

62,8

93,1

22. juli-senteret

10

20,0

80,0

99,3

Kjelde: Tabell 1B Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet baserer seg på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blei overført frå SSB til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som utarbeider talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) 1. oktober 2019. Medarbeidarar med leiarlønn, leiarlønnsavtale, timelønte, honorarlønte er ikkje med.

I 12 av 15 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Forskjellen er størst hos Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) (76 pst.), Sørsamisk kunnskapspark (85 pst.), NUPI (88 pst.) og Diku (89 pst.)

9 Oppfølging av FNs berekraftsmål 4

FN si generalforsamling vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our world: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle FN sine medlemsland er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4:

«Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.»

Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivå. Noreg var i 2020 kome langt i å nå dei fleste delmåla under berekraftsmål 4 samanlikna med andre land innanfor og utanfor Organisation for Economic Cooperation and Development (OECD). Noreg var òg nærare å nå utdanningsmålet i 2019 enn i 2017 ifølge OECD-rapporten Measuring Distance to the SDG Targets. Likevel er det framleis utfordringar – også i Noreg.

Regjeringa vil i den nasjonale oppfølginga legge særleg vekt på tidleg innsats i barnehage og grunnopplæring og å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Ungdom som ikkje er i arbeid eller går på skule, vil få særskild merksemd. Det er også ei utfordring at for få fullfører høgare utdanning.

Kunnskapsdepartementet vil samarbeide med Utanriksdepartementet om Noreg si oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Som ein del av oppfølginga kan det nemnast at UNESCO i 2019 vedtok global konvensjon for godkjenning av høgare utdanning, som Noreg har vore ein sentral pådrivar for. Konvensjonen vil vere eit viktig verkemiddel for tilrettelegging mot auka mobilitet av studentar og arbeidssøkande på tvers av kontinent.

Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla under berekraftsmål 4.

Delmål 4.1

«Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte.»

Så å seie 100 pst. av alle barn i Noreg fullfører 10-årig obligatorisk grunnskule, og 98 pst. gjekk direkte til vidaregåande opplæring i 2019.

Resultata frå undersøkinga Programme for International Student Assessment (PISA) frå 2018, der om lag 6 000 norske elevar deltok, viser at dei norske elevane i snitt har ein tilbakegang i lesing og naturfag samanlikna med PISA 2015. Matematikkresultata er uendra. Norske elevar ligg framleis på eller over OECD-snittet i alle dei tre fagområda. For første gong presterer norske jenter signifikant betre enn gutane i alle dei tre fagområda. Det er særleg for lesing at kjønnsforskjellane er store. Fleire elevar enn tidlegare seier at dei ikkje bruker tid på å lese i fritida. Samtidig aukar tida dei bruker på å lese på skjerm. Det er ein større del enn i PISA 2009 som seier at dei ikkje les i det heile, eller at dei berre les dersom dei må. I Noreg er det mindre samanheng mellom heimebakgrunnen til elevane og skuleprestasjonane enn i dei fleste andre land, og det er også liten variasjon mellom skulane samanlikna med andre land. Dette tyder på at norsk skule i stor grad greier å gi eit likeverdig skuletilbod til elevar med ulik bakgrunn. Dei norske elevane seier at dei opplever betre arbeidsro i norsktimane i 2018 samanlikna med PISA 2009. Rapporten viser ein positiv samanheng mellom arbeidsro og prestasjonar i lesing.

Regjeringa har teke fleire initiativ for å løyse fråfallsproblematikken. Frå hausten 2019 blei det mogleg å gå rett frå det første året på studieførebuande program til det andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa har styrkt tidleg innsats i skulen med fleire lærarar, rett til intensiv opplæring for dei som heng etter, og tryggare overgang frå barnehage til skule. Regjeringa innfører ny tilbodsstruktur i fag- og yrkesopplæringa frå og med skuleåret 2020–21. Fleire elevar skal få spesialisering frå dei startar i vidaregåande opplæring. Læreplanane er blitt endra slik at dei er meir relevante og gir betre moglegheit for fordjuping. Frå skuleåret 2016–17 blei det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skule. Målet var å motivere elevane til jamn innsats og hindre ugrunna fråvær. Sidan grensa blei innført, har fråværet på skulen gått ned med 27 pst. Nedgangen gjeld alle elevgruppene. Gruppene som hadde høgst fråvær frå før, er dei som har den største reduksjonen. Sjølv om fleire elevar møter i skulen, er det for tidleg å slå fast om denne utviklinga også har bidratt til auka gjennomføring.

Delmål 4.2

«Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen.»

I 2019 gjekk 92,2 pst. av 1–5-åringane i barnehage mot 91,8 i 2018. I 2019 gjekk 97,5 pst. av 5-åringane i barnehage mot 97,6 pst. i 2018.

Ei nasjonal moderasjonsordning sikrar at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta si for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke, og inntektsgrensa var frå 1. august 2020 på 566 100 kroner.

Sjå programkategori 07.30 Barnehagar for nærare omtale.

Delmål 4.3

«Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris.»

60 pst. av både menn og kvinner i aldersgruppa 25–64 år deltok i 2017 i formell utdanning eller ikkje-formell opplæring. Det er høvesvis 1 og 2 prosentpoeng lågare enn i 2012 for menn og kvinner. 35,8 pst. av 19–24-åringane var i høgare utdanning i 2019, og det er 0,5 prosentpoeng høgare enn i 2018. Delen kvinner i same aldersgruppe som var studentar i 2019, var 43,5 pst., og delen menn var 28,5 pst. i 2019. Kvinner utgjorde 59,8 pst. av alle studentane i høgare utdanning i 2019. Prosentdelen menn har hatt ein svak auke dei siste 10 åra. Over 40 pst. av fagskulestudentane følger utdanningstilbod innanfor tekniske fag. I 2019 var meir enn 90 pst. av studentane i tekniske fag menn, medan nær 90 pst. av studentane i helsefaga var kvinner.

Høgare utdanning er gratis, og det finst gode økonomiske støtteordningar. Innanfor høgare yrkesfagleg utdanning er utdanninga til over 70 pst. av studentane delvis eller fullstendig finansiert med offentlege midlar. Seks av ti fagskulestudentar følger deltidsutdanningar, noko som gjer det enklare å stå i jobb under utdanninga.

Delmål 4.4

«Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, anstendig arbeid og entreprenørskap.»

For å oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne i Noreg med kompetanse som er relevant for sysselsetjing, er det avgjerande at fleire gjennomfører utdanninga. Ei av hovudutfordringane er å styrke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Til forskjell frå studieførebuande utdanningsprogram, har yrkesfag lengre normert tid enn tre år. Frå 2020 er det derfor gjort ei endring i statistikken. Det vanlegaste for yrkesfag er fire års normert tid, to år i skule og to år i lære. Nokre programområde har ei varigheit på fire og eit halv år, i visse tilfelle også fem år. Endringa tek omsyn til dette og gir dermed ein mindre disfavør i statistikken for yrkesfag enn det har vore fram til no. Gjennomføringa for elevane som starta i 2013, viser at 78,1 pst. fullførte med studiekompetanse (innan fem år) eller yrkeskompetanse (innan seks år). Dette er ein liten auke samanlikna med 2012-elevkullet. Det er framleis stor forskjell mellom kjønna når det gjeld delen som har fullført etter 5 eller 6 år. Eit av måla i den politiske plattforma til regjeringa frå januar 2019 er at innan 2030 skal 9 av 10 elevar som tek til på vidaregåande opplæring, fullføre og bestå.

Den økonomiske krisa som følge av covid-19-pandemien råkar særleg personar utan vidaregåande opplæring. Det er derfor ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Våren 2020 blei det løyvd nær 850 mill. kroner til tiltak som mellom anna skal gjere det mogleg for fleire å fullføre vidaregåande opplæring og gi fleire læreplassar. Regjeringa vil halde fram denne satsinga i 2021. For nærare omtale sjå kapittel 11.

Regjeringa vil i løpet av våren 2021 legge fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. Det har vore få endringar i vidaregåande opplæring sidan Reform 94, trass i at samfunnet har endra seg mykje. Målet er at vidaregåande opplæring skal gi alle eit godt grunnlag for å ta del arbeids- og samfunnslivet gjennom vidare utdanning og arbeid, og til å lære heile livet.

Delmål 4.5

«Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, deriblant personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar.»

Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO blei lagd fram i november 2019. I meldinga følger regjeringa opp ein del forslag frå rapporten til ekspertgruppa for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging frå 2018 (Nordahl-rapporten). I meldinga følger regjeringa også opp nokre forslag frå NOU 2019: 3 Nye sjanser – bedre læring. Kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner og utdanningsløp der Stoltenberg-utvalet har ei rekke forslag til tiltak mot uheldige kjønnsforskjellar i barnehagen og grunnopplæringa. Stortinget slutta seg til forslaga i meldinga våren 2020, jf. Innst. 188 S (2019–2020), og departementet er i gang med oppfølginga. For meir omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Opplærings- og utdanningssektoren er underlagd krava om universell utforming av IKT i likestillings- og diskrimineringslova. Det betyr mellom anna at skulane må ha universelt utforma nettsider, digitale læringsplattformer og digitale læremiddel innan 2021. For alle nye nettløysingar gjeld plikta allereie frå 2019.

Samane er Noregs urfolk, og Kunnskapsdepartementet har fleire tilskotsordningar som skal bidra til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Over kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald blir det løyvd midlar til drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal, Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Midlane skal medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur. Over kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa blir det løyvd midlar som skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og frittståande skular som tilbyr samisk opplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i samiske språk.

Stenginga av skulane delar av våren 2020 på grunn av covid-19-pandemien hadde særleg negative konsekvensar for sårbare barn og unge. Det blei løyvd 400 mill. kroner til oppfølging av sårbare barn og unge, jf. Prop. 117 S (2019–2020) Tilleggbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020. Av dette blei 170 mill. kroner løyvde over kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 Særskilde driftsutgifter for å sikre at sårbare elevar skulle kunne ta igjen tapt fagleg progresjon.

Delmål 4.6

«Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne.»

Den førre Programme for the International Assessment of Adult Competencies (PIAAC 2011–2012) viser at befolkninga i Noreg mellom 25 og 64 år hadde god kompetanse samanlikna med i andre land. Dei eldste (55–64 år) og yngste (16–24 år) deltakarane i PIAAC hadde lågare ferdigheiter i lesing og talforståing enn gjennomsnittet av befolkninga. Dei yngste hadde dessutan lågare ferdigheiter enn det internasjonale gjennomsnittet for same aldersgruppe. Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet, og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Sjå omtale av tiltaka i kompetansereforma under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring.

Delmål 4.7

«Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremje fred og ikkjevald, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og kulturen sitt bidrag til berekraftig utvikling.»

Frå hausten 2020 starta innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa innanfor Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK2020). Det er 1.–9. trinn i grunnskulen og 1. trinn i vidaregåande opplæring som får nye læreplanar først. Det tverrgåande temaet berekraftig utvikling gjeld følgande:

«Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggjande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekkje sine behov. Ei berekraftig utvikling byggjer på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.
Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytt til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.
Teknologi har betydeleg innverknad på menneske, miljø og samfunn. Teknologisk kompetanse og kunnskap om samanhengen mellom teknologi og dei sosiale, økonomiske og miljømessige sidene ved berekraftig utvikling står derfor sentralt i dette temaet. Teknologiutvikling kan bidra til å løyse problem, men kan òg skape nye. Kunnskap om teknologi inneber ei forståing av kva for dilemma som kan oppstå ved bruk av teknologi, og korleis desse kan handterast.»

Gjennomføringsmål 4 a

«Etablere og oppgradere utdanningstilbod som varetek omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkjevaldelege, inkluderande og effektive læringsomgivnader for alle.»

Prinsippet om nulltoleranse for mobbing er nedfelt i opplæringslova. Frå hausten 2018 fekk alle fylka eigne mobbeombod. I Elevundersøkinga for skuleåret 2019–20 svarte 6 pst. av elevane at dei blir mobba to til tre gongar i månaden eller oftare, ein liten reduksjon frå 6,1 pst. året før. Det er det lågaste talet som har blitt målt sidan starten i 2007.

Dei nye reglane for skulemiljø som tok til å gjelde 1. august 2017, inkluderte ei ny handhevingsordning som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til fylkesmannen. I 2019 blei det meldt inn 1 585 slike mobbesaker. I fire av fem saker der fylkesmannen tok stilling til om aktivitetsplikta var oppfylt eller broten, fekk elevane medhald. Omfanget av saker og kompleksiteten i sakene gjer at saksbehandlingstida kan bli lang.

Ordninga med mobbeomboda blei evaluert våren 2020. Rapporten viser at skuleeigarane og barnehagesektoren er nøgde. Det same gjeld føresette og elevar som har vore i kontakt med omboda. Dei opplever å møte forståing og å få god informasjon og gode råd. Mobbeomboda er plasserte i fylkeskommunen, noko som kan medverke til ulik praktisering av mandatet. Dei manglar ein organisasjon som kan sørge for lik praksis, og mange av omboda opplever rolla si som midt mellom skulen og fylkesmannen.

For meir omtale av tiltak mot mobbing og for eit trygt og godt læringsmiljø, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Gjennomføringsmål 4 b

«Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland.»

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har ansvaret for å administrere ordninga Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART). NORPART støttar samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør, og studentmobilitet skal vere eit element i programmet. Det overordna målet med programmet er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og dei 39 landa i Afrika, Asia og Latin-Amerika som er ein del av ordninga gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet. I 2019 er NORPART blitt styrkt til 40,3 mill. kroner. Som ledd i styrkinga av NORPART kjem regjeringa til å gjere endringar i programmet slik at det innanfor visse rammer kan dekke heil grad i Noreg for studentar frå sør. Programmet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Sjå programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.

Gjennomføringsmål 4 c

«Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar.»

Tall frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at 4,2 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2019–20. For nærare omtale av mellom anna framtidig behov for lærarar, sjå kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Statistikk frå SSB (2019-tal) viser at det i vidaregåande skule er rundt 24 pst. som ikkje har ei lærarutdanning, medan 11 pst. har anna pedagogisk utdanning. 5 pst. av alle lærarane har ikkje fullført studium på universitets- og høgskulenivå. Merk at tala for grunnskulen og vidaregåande skule bygger på ulike kjelder og derfor ikkje bør samanstillast.

Regjeringa har sett inn ei rekke tiltak for å gjere både lærarutdanningane og læraryrket meir attraktive. Strategien Lærerutdanning 2025 – nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene kom i 2017, same år som regjeringa løfta grunnskulelærarutdanningane til masternivå. Frå 2019 gjeld kravet om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning. Ved å stramme inn karakterkrava for opptak til lærarutdanningane ønsker regjeringa å rekruttere fagleg sterkare studentar med betre gjennomføringsevne. Det er sett av midlar til samarbeid om praksis av høg kvalitet og til kompetanseheving og forsking på lærarutdanning. Det blir satsa tungt på vidareutdanning, rettleiingsordningar og karrierevegar for lærarar. Regjeringa har òg gitt pengar til internasjonalisering i grunnskulelærarutdanningane. Diku forvaltar desse midlane gjennom Norwegian Partnership Programme for International Teacher Education (NOTED)-programmet, som gir støtte til utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale.

10 Fornye, forenkle og forbetre

Kunnskapsdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak som vil forenkle, modernisere og betre gjennomføringskrafta i sektoren. I dette kapittelet presenterer vi dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp allereie. I tillegg er det mykje kontinuerleg arbeid og småskalatiltak i departementet og i sektoren som del av utviklinga av den ordinære verksemda.

Enklare og betre brukartenester

I kunnskapssektoren blir det tilbode eit breitt utval tenester for ein stor del av befolkninga. Mange av dei underliggande verksemdene til Kunnskapsdepartementet har i dei siste åra arbeidd for å forenkle tenestene og få ei meir effektiv saksbehandling.

I 2019 har Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Noreg halde fram samarbeidet om å utvikle ei nasjonal digital karriererettleiingsteneste på utdanning.no. Tenesta skal bidra til å sikre eit likeverdig karriererettleiingstilbod til heile befolkninga, uavhengig av alder, bustad, utdanning eller tilknyting til arbeidsmarknaden. Tenesta vil bestå av ein nettstad med informasjon, sjølvhjelpsverktøy og e-rettleiing og blir lansert hausten 2020. For nærare omtale sjå kap. 258.

I dei siste åra er Feide innført som nasjonal fellesløysing for sikker pålogging i grunnopplæringa. Ved utgangen av 2019 var Feides påloggingsteneste tilgjengeleg for 99,9 pst. av elevane i offentlege skular, med 180 mill. påloggingar. Feide blir levert av Uninett, som samarbeider med Utdanningsdirektoratet og Unit om forvaltninga av tenesta.

Utdanningsdirektoratet er i gang med innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Systemet skal gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der elevane og kandidatane kan få vist kompetansen sin på fleire måtar enn i dag. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing. Sjå meir omtale under kap. 226, post 45.

Lånekassen jobbar kontinuerleg med modernisering av søknadsbehandling og elektroniske arbeidsflater for å forenkle systema. Talet på saker som berre blir behandla av maskinar, heldt fram med å stige i 2019. Lånekassen har langt på veg nådd dei fleste av resultatkrava for behandling av søknader, men resultata er litt lågare enn året før. Behandlingstida for ein del av sakene som skal behandlast manuelt, var for lang. Dette kjem i hovudsak av at Lånekassen i 2019 starta med eit etterslep av saker frå 2018. Lånekassen sette i 2019 i verk ulike tiltak for å redusere behandlingstida for manuelle saker.

Fornying, forenkling og forbetring på integreringsfeltet

I regjeringas digitaliseringsstrategi for offentleg sektor er Ny i Noreg vald ut som 1 av 7 livshendingar der det skal utviklast samanhengande tenester med brukaren i sentrum. Utvikling av samanhengande tenester for flyktningar og innvandrarar skal gi ei meir brukarvennleg, effektiv og sikker forvaltning både for brukarane, for IMDi og for andre aktørar i integreringsarbeidet, mellom anna kommunane.

Den nye integreringslova er ein del av ei større integreringsreform. Eit mål med den nye lova er at fleire skal få formell kompetanse innanfor ramma av introduksjonsprogrammet som også skal bli meir differensiert, slik at deltakarane får eit program med innhald og varigheit som er tilpassa deira bakgrunn og mål.

Det blir òg utvikla standardiserte element til bruk i programmet, slik at det skal bli enklare for kommunane å tilby differensierte program av god kvalitet til alle typar deltakarar. Norskopplæringa skal styrkast, og dagens krav om å gjennomføre ei viss mengd timar norskopplæring blir foreslått erstatta med eit krav om at den einskilde skal oppnå eit visst nivå i norsk. I den nye lova blir det foreslått å innføre eit krav til forsvarlegheit. Kravet inneber at opplæringa og tenestane som kommunane gir etter lova skal vere forsvarlege, noko som skal sikre kvaliteten i tenestetilbodet.

Stortinget behandla 5. mai 2020 Riksrevisjonens undersøking av arbeidet styresmaktene gjer med å integrere flyktningar og innvandrarar gjennom kvalifisering til arbeid, Dokument 3:4 (2019–2020). Riksrevisjonens hovudanbefaling er at Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Kunnskapsdepartementet (KD) og Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) i fellesskap går gjennom det samla verkemiddelapparatet og vurderer korleis tiltak og samarbeid mellom etatar og kommunar kan betrast for å styrke arbeidet med å integrere innvandrarar gjennom kvalifisering og arbeid. KD leier ei interdepartemental arbeidsgruppe som går gjennom verkemiddelapparatet.

I samband med Stortingets behandling av Prop. 127 S (2019–2020) blei det løyvd 10 mill. kroner i 2020 til ei tilskotsordning for nettbasert norskopplæring. Tiltaket skal medverke til betre kvalitet i opplæringa og betre norskferdigheiter for deltakarar. Det gir større tilgjengelegheit til norskopplæringa og er viktig ved stor arbeidsløyse blant innvandrarar.

Deling av læringsressursar, forsking og data

I Granavolden-plattforma slår regjeringa fast at ho vil stimulere til utvikling av digitale læringsressursar og meir fleksible undervisningsopplegg. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Unit levert ei utgreiing om nasjonale løysingar for tilgang til læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar. Stenginga av universitet og høgskular som følge av smitteverntiltaka i mars 2020 gjorde det naudsynt med ei rask og omfattande omlegging frå campusundervisning til nettundervisning. Ei stor utfordring ved omlegginga til digital undervisning var at det ikkje fanst eit godt system for å dele læringsressursar og god praksis. Koronakrisa har òg aktualisert arbeidslivets behov for tilgang til læringsinnhald.

Kunnskapsdepartementet har derfor tildelt midlar i statsbudsjettet for 2020 til Unit for å utvikle ei felles nasjonal løysing for lagring og deling av digitale læringsressursar. Departementet foreslår å vidareføre finansieringa i 2021, slik at Unit kan fullføre arbeidet. Løysinga vil gjere det lettare for undervisarar og studentar å finne kvalitetssikra læringsressursar uavhengig av lærestaden deira. Ved å dele og gjenbruke digitale læringsressursar vil institusjonane kunne oppnå betre kvalitet i utdanninga og spare utgifter. Løysinga skal òg bidra til å gjere innhald ope tilgjengeleg for arbeidslivet og andre aktørar utanfor universitets- og høgskulesektoren.

Unit leverte i 2020 ein rapport om framtidig deling av data om utdanning, forsking og integrering. Målet er å gjere data om kunnskapssektoren meir opne og tilgjengelege. Meir bruk av data gir eit betre avgjerdsgrunnlag, som igjen kan auke kvaliteten på tenestene og gi ei betre fordeling av ressursane. Departementet føreslår å løyve 10 mill. kroner til Unit i 2021 til eit forprosjekt som skal konkretisere tilrådingane i rapporten.

Regjeringa ønsker at alle skal ha fri tilgang til resultat av forsking. Eit viktig internasjonalt tiltak er Plan S og den internasjonale samanslutninga cOAlition S som støttar dette initiativet. Plan S blei lansert i september 2018 og har som mål å gjere all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg. Deltakarane i samanslutninga, deriblant Noregs forskingsråd, vil frå og med 2021 krevje at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet, med ein open lisens. Grunnen er at dei ønsker at innovasjonspotensialet som ligg i forskingsresultata, skal kunne utnyttast i størst mogleg grad, også i kommersielle samanhengar.

11 Konsekvensar av covid-19-pandemien i kunnskapssektoren

11.1 Bakgrunn

Økonomisk krise og uviss utvikling

Norsk økonomi blei ramma av eit alvorleg tilbakeslag som følge av covid-19-pandemien. I Meld. St. 1 (2020–2021) Nasjonalbudsjettet 2021 blir det gjort greie for utviklinga i norsk økonomi og konsekvensane av pandemien. Sjå også Hovudinnleiinga for ein omtale av den generelle utviklinga i kunnskapssektoren i 2020.

Covid-19-pandemien skapte ei økonomisk krise med rekordhøg arbeidsløyse i Noreg. Mange av dei ledige er komne raskt tilbake i arbeid etter at tiltaka for smittevern blei lempa på. Ein reknar likevel med at arbeidsløysa i lang tid framover vil ligge på eit høgare nivå enn ho var før krisa.

Ein analyse av 260 000 arbeidslause i slutten av mars 2020 publisert av SSB, Frischsenteret og NAV, viser at personar med låg inntekt, lite utdanning og i familiar med låg inntekt var i fleirtal av dei utan arbeid. Kvinner, unge og innvandrarar var meir utsette for å miste jobben enn befolkninga elles. Ein firedel av dei ledige hadde ikkje fullført vidaregåande opplæring. Statistikken over heilt ledige som var registrerte hos NAV i mai 2020, viser at arbeidsløysa var klart høgast blant dei unge.

Stenging av barnehagar og utdanningsinstitusjonar

På grunn av covid-19-pandemien blei alle barnehagar og utdanningsinstitusjonar stengde frå og med 13. mars 2020. Barn og unge med behov for samansette tenester eller som kommunen på andre måtar meinte var sårbare, skulle likevel kunne gå i barnehage, skule og i skulefritidsordninga (SFO). Vidare hadde barn og unge med foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar moglegheit til å få gå i barnehage, skule og på SFO i stengingsperioden.

Barnehagane blei opna igjen frå 20. april. Ein nasjonal smittevernrettleiar for barnehage blei første gang publisert 15. april. Innføringa av smitteverntiltaka i rettleiaren innebar at mange av barnehagane mellom anna måtte ha mindre grupper og kortare opningstid.

I perioden frå og med 13. mars til 13. april blei foreldrebetaling for barnehagane og SFO stoppa. Dette gjaldt også for barn som fekk eit tilbod i stengingsperioden. Frå 14. april måtte dei som fekk eit tilbod, betale for plassen. Etter at barnehage- og SFO-tilbodet tok til igjen for alle, gjaldt ordinære reglar om foreldrebetaling.

Grunnskuletrinna 1.–4. og SFO for 1.–4. trinn blei opna igjen 27. april. Vidaregåande skule opna 27. april for elevar på Vg3 med yrkesfagleg løp i skule og yrkesfagelevar på Vg2. Frå 11. mai opna alle trinn. Nasjonale smittevernrettleiarar for skulen blei publiserte 20. april. Smitteverntiltaka innebar at dei fleste skulane mellom anna måtte ha mindre grupper enn vanleg.

I mai blei rettleiarane for barnehagar og skular oppdaterte med ein trafikklysmodell med tiltak på grønt, gult og raudt nivå. Her gjekk det fram kva smitteverntiltak som skal følgast i ulike smittesituasjonar. Det skulle gjere rettleiarane meir eigna til å gjelde over tid og dermed bidra til at situasjonen var meir føreseieleg for brukarane. Helsemyndigheitene vurderte at smittesituasjonen tilsa tiltak på gult nivå.

Alle eleveksamenar i vidaregåande opplæring våren 2020 blei avlyste, slik at fylkeskommunane kunne konsentrere seg om å arrangere privatisteksamen, og for at skulane kunne konsentrere seg om å gi eit godt grunnlag for å setje standpunktkarakterar. Departementet avgjorde også at fag- og sveineprøvar våren 2020 skulle gjennomførast i den grad det var praktisk mogleg. Det blei også publisert ein rettleiar om smittevern for privatisteksamen med råd og føringar til fylkeskommunar som gjennomførte eksamen for privatistar våren 2020.

Ved barnehage- og skulestart hausten 2020 skulle alle barnehagane og skulane følge smittevernrettleiarane som er laga for barnehagane og skulane. Det innebar at alle barnehagar og skular skulle planlegge smitteverntiltaka sine ut frå gult tiltaksnivå. Dei skulle i tillegg vere førebudde på raskt å kunne trappe opp til eit raudt tiltaksnivå om det skulle bli naudsynt. Regjeringa har inntrykk av at trafikklysmodellen er godt motteken i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren, sjølv om det er einskilde utfordringar.

På grunn av covid-19-pandemien er det mange lærlingar som er blitt permitterte. Det er stor usikkerheit om konsekvensane for lærlingar og talet på læreplassar på sikt på grunn av covid-19-pandemien.

Stenginga av barnehagar og skular hadde særleg negative konsekvensar for sårbare barn og unge. Minoritetsspråklege barn deltok i mindre grad i barnehagen og skulen kort tid etter gjenopninga, og mange elevar med vedtak om spesialundervisning eller særskild språkopplæring fekk ikkje det tilbodet dei normalt skulle hatt. Kunnskapsdepartementet vil halde fram med å hente inn data om konsekvensane stenginga hadde for barn, elevar og tilsette i opplæringssystemet.

Stenging av høgare utdanning

Som følge av at høgare utdanning blei stengd 12. mars, fekk heller ikkje mange tilsette ved institusjonane tilgang til arbeidsplassen. Mange institusjonar praktiserte smittevernreglane strengt. Fleire forskingsprosjekt blei sette på vent, eksternt finansierte prosjekt blei skalerte ned, og mange stipendiatar og postdoktorar blei forseinka.

Høgare utdanning heldt fram i stor skala digitalt. For at studentane skulle få gjennomført utdanningane sine utan forseinkingar så langt det var forsvarleg, fastsette departementet ei mellombels forskrift 19. mars som gjorde det mogleg for universitet og høgskular å gjere unntak frå forskrifter om rammeplanar. Institusjonane kunne dermed gjere nødvendige og forsvarlege tilpassingar for å sikre studieprogresjon i utdanningar med mykje praksis i helse- og velferdstenestene og i skulen.

Fagskular, høgskular og universitet blei opna delvis og gradvis i fleire omgangar frå 27. april. I starten blei studentar og tilsette i rekrutteringsstillingar som var avhengige av fysisk tilgang for å gjennomføre utdanning våren 2020, prioriterte. Deretter blei det opna for alle studentar som måtte ha fysisk tilgang for å halde fram med studieprogresjonen. Frå 15. juni blei institusjonane opna heilt for studentar, såframt dei samtidig følgde råd og anbefalingar om smittevern. Fagskular, universitet og høgskular er sjølve ansvarlege for å ha smittevernrettleiarar for eigen institusjon. I haustsemesteret 2020 har det vore prioritert å gi fysisk tilgang til dei nye studentane.

Overgang til digital undervisning

Covid-19-pandemien og fysisk stenging av grunnskular, vidaregåande skular, fagskular, universitet og høgskular delar av våren 2020 gjorde det nødvendig med ei rask og omfattande omlegging til nettundervisning. Svært mange tok i bruk verktøy som videokonferanse, nettpratløysingar og digitale læremiddel i undervisninga. Mange skular og institusjonar utvikla eit godt tilbod for elevar og studentar med til dels nye digitale verktøy. Situasjonen avdekte samtidig at ikkje alle kommunar og institusjonar var like godt rusta når det gjeld infrastruktur, utstyr og kompetanse.

Stenginga av sektoren synleggjorde både moglegheiter og utfordringar for grunnopplæringa i bruk av digitale løysingar. Dei ekstra løyvingane våren 2020 til digital undervisning vil samla gi grunnopplæringa eit digitalt løft. Dei nyvunne erfaringane med digitale verktøy under krisa kan òg kome til nytte i ein ny normalsituasjon, der verktøya kan kome til sin rett ved å utvide og forbetre læringsmiljøet og tilgangen til utdanning.

Ei stor utfordring då opplæringsinstitusjonane måtte legge om til digital undervisning under covid-19-pandemien, var at det ikkje fanst eit godt system for å dele læringsressursar og god praksis. Vi treng gode tekniske løysingar og ein sterkare delingskultur for å ta dugnadsånda frå krisa vidare. Ved å dele og gjenbruke digitale læringsressursar vil institusjonane kunne oppnå betre kvalitet i utdanninga og spare utgifter. Naudsynt infrastruktur for å få dette til i universitets- og høgskulesektoren er no under utvikling i regi av Unit. Det var òg heilt naudsynt med ekstra midlar til Unit for å styrke kapasitet og sikkerheit i IKT-løysingane i kunnskapssektoren. Unit og Uninett sette i verk ei rekke tiltak for å sikre og utvide kapasiteten i digitale undervisnings- og videotenester. Trass i den store trafikkauken var dei digitale tenestene gjennomgåande tilgjengelege.

Den økonomiske krisa har ført til auka etterspurnad etter utdanning

Historia viser at færre avsluttar utdanning, og at etterspurnaden etter utdanning aukar under økonomiske kriser.

Behovet for utdanning vil bli større på kort sikt under den noverande krisa, men òg på lengre sikt dersom arbeidsløysa held seg på om lag same nivå som no. Arbeidslivsbarometeret frå april 2020 viser at arbeidstakarar som var permitterte som følge av covid-19-pandemien, hadde svekt tru på ei framtid i noverande jobb. Over halvparten av dei spurde svarte at det ville vere aktuelt å ta meir utdanning for å få ein ny jobb dersom dei skulle miste jobben. Dei svarte òg at det ville vere meir aktuelt å ta meir utdanning enn å ta ein dårlegare lønt jobb eller å flytte på seg.

Om lag ein tredel av dei permitterte vil ha behov for vidaregåande opplæring, medan om lag halvparten vil ha behov for utdanning på fagskule- eller lågare høgskule- og universitetsnivå. Utdanningar på masternivå vil bli meir ettertrakta dersom fleire høgt utdanna blir arbeidsledige. Fleire av dei som er ferdige med ein universitets- eller høgskulegrad, vil halde fram med utdanning medan dei søker jobb.

Auken i talet på søkarar til høgare utdanning gjennom Samordna opptak var på om lag 12 000 personar frå 2019 til 2020. Det var ein tilsvarande stor auke i søkinga til dei lokale opptaka (mellom anna til masterstudium og vidareutdanningar). Studentar som elles ville studert i utlandet, kan auke etterspurnaden etter studieplassar ytterlegare. Konkurransen om studieplassane har gjort det endå vanskelegare for søkarar å kome inn på populære utdanningar, som utdanningar i helsefag.

Utbrotet av covid-19 har fått særlege konsekvensar for flyktningar og innvandrarar

Innvandrarar med kort butid og lite formell kompetanse er særleg utsette for å falle ut av arbeidslivet som følge av covid-19-pandemien. Det har òg ført til forseinkingar i oppstart og gjennomføring av ulike kvalifiseringstilbod for flyktningar og innvandrarar. Nokre grupper frå einskile land er overrepresenterte blant dei smitta. Det blir mellom anna forklart med manglande norskkunnskapar slik at informasjonen frå myndigheitene ikkje har blitt tilstrekkeleg oppfatta, med butilhøve og tronge bustadar og med at mange jobbar i yrke som er særleg utsette for smitte.

Busetjinga av nykomne flyktningar har blitt forseinka i 2020, og ikkje alle busetjingsplassane i kommunane blir nytta som planlagt. Mellom anna kjem det færre overføringsflyktningar, og smitteverntiltaka til myndigheitene skapar utfordringar for busetjingsarbeidet.

Det har vore naudsynt med målretta informasjon til ulike innvandrargrupper. Det gjeld både helseinformasjon og informasjon om sosiale og økonomiske konsekvensar for den einskilde. Tilskot til frivillige organisasjonar har blitt auka for å nå fram med informasjon. Tilskota går til mellom anna informasjonsformidling på ei rekke språk, digital undervisning og leksehjelp.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fått ei styrkt koordineringsrolle i covid-19-situasjonen. IMDi skal medverke til betre samhandling mellom aktuelle direktorat som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet når det gjeld tiltak og informasjon retta mot innvandrarbefolkninga.

Covid-19 pandemien har ført til forseinking i oppstart og gjennomføring av ulike kvalifiseringstilbod for innvandrarar. Dette gjeld særleg deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Mange har fått redusert tilbod om opplæring og redusert moglegheit til å gjennomføre prøver i norsk og samfunnskunnskap. Utbrotet har ført til høgare arbeidsløyse, og det vil kunne vere utfordrande for mange deltakarar med låg formell kompetanse og lite yrkeserfaring å komme i jobb i tida framover.

11.2 Tiltak for å møte covid-19-krisa i 2020

For å møte utfordringane i samfunnet som følge av covid-19-pandemien blei det våren 2020 sett i verk ei rekke tiltak. I tillegg er det foreslått nokre tiltak hausten 2020.

Utdanningsløftet 2020

Den økonomiske krisa som følgde av covid-19-pandemien, førte til stor arbeidsløyse og mange permitteringar. Mange av utfordringane i kunnskapssektoren og arbeidslivet som Noreg står overfor, blei endå tydelegare. Vi treng eit utdanningssystem som kan tilby utdanning til dei som ønsker det, og utdanninga må være tilgjengeleg for folk i ulike livssituasjonar. Regjeringa lanserte derfor Utdanningsløftet 2020, ei storstilt satsing for å utvide kapasiteten i vidaregåande opplæring, ved fagskular, høgskular og universitet og på kompetansetiltak. Stortinget har for 2020 løyvd til saman 1,6 mrd. kroner til tiltaka i Utdanningsløftet 2020.

Tabell 11.1 Tiltak i Utdanningsløftet 2020

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Kompetansepluss fagopplæring1

20

Midlar gjennom Diku til studietilbod ved universitet og høgskular for permitterte arbeidstakarar1

20

Auka nettbasert opplæring på alle utdanningsnivå gjennom Diku og Kompetanse Noreg1,2

100

1 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning2

55,1

4 000 nye studieplassar i høgare utdanning2

196,2

250 nye rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular i samband med auka studiekapasitet2

109,2

Særskild finansiering for medisin- og andre helseutdanningar, mellom anna til auka undervisningsressursar, tilpassing av læringsareal og klinisk undervisning2

40

Fleksible utdanningstilbod gjennom Diku2

36,6

Treparts bransjeprogram for bransjar som er særleg hardt ramma av krisa. Bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa blei utvida, og nye bransjar blei tekne inn i ordninga. Innanfor ordninga blei det i tillegg foreslått midlar til kompetanseløft for Kongsberg-klynga1,3,4

120

Tilskot til fylkeskommunane slik at dei kan gi ledige og permitterte utan vidaregåande opplæring moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse3

300

Tilskot til fylkeskommunane for at personar som er ferdig med vidaregåande opplæring våren 2020, men som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, kan få eit tilbod3

150

Tilskot til fylkeskommunane til tiltak retta mot lærlingar som er eller står i fare for å bli permitterte eller miste læreplassen, og slik at fleire får ein læreplass3

175

Ein ekstraordinær auke i lærlingtilskotet3

170

Tilskot til fylkeskommunane for at fleire kan ta del i ordninga Fagbrev på jobb3

46

Forsøk med modulstrukturert opplæring innanfor utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa3

7,5

Utviklingsmidlar til fagskular4

10

1 Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020)

2 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020)

3 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020)

4 Prop. 142 S (2019–2020)

Auka utgifter til utdanningsstøtte som følge av utvida utdanningskapasitet kjem i tillegg.

Tiltak for barnehagar og skular

Torsdag 12. mars blei alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular stengde. Covid-19-krisa hadde stor innverknad på sektoren, og dei lokale utfordringane med å vareta barn og unge var store og varierte. Regjeringa sette i gang ei rekke tiltak for at kommunane kunne gi barn og unge eit tilbod medan institusjonane var stengde.

Tabell 11.2 Tiltak for barnehagar og skular

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Kompensasjon til kommunane for bortfall av inntekter frå foreldrebetaling i barnehage og SFO1

1 000

Tilskot til frittståande skular med SFO for å refundere foreldrebetaling i SFO1,2

15

Tiltak for å betre den digitale undervisninga2

80

Innkjøp av digitale læremiddel2

60

Tiltak for å ta igjen tapt progresjon på skulen2

170

Kompensasjon til folkehøgskulane for bortfall av elevbetaling som følge av stengde skular våren 20202

65

Skjønnsmidlar til smittevern i det kommunale tenestetilbodet, under dette barnehage og skule3

400

1 Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020)

2 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020)

3 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020)

I tillegg til tiltaka i tabell 11.2 blei kommuneøkonomien styrkt gjennom budsjettproposisjonane som Stortinget behandla våren 2020. Gjennom det generelle opplegget til kommunane tok regjeringa omsyn til det totale inntektsbortfallet frå foreldrebetaling i barnehage og SFO. Vidare er det sett ned ei gruppe med deltakarar frå fleire departement og KS som skal sjå på konsekvensane covid-19-utbrotet har og har hatt for kommunesektoren, då særleg med tanke på meirutgifter og mindreinntekter.

Tiltak på utdanningsstøttefeltet

Mange studentar har mista arbeidsinntekt etter utbrotet av covid-19-pandemien. Ein del studentar og elevar har også avslutta studiar eller praksis i utlandet. Fleire tiltak blei derfor sette i gang våren 2020.

Tabell 11.3 Tiltak på utdanningsstøttefeltet

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Utvida søknadsfrist for lån og stipend våren 2020 frå 15. mars til 15. april, slik at tilgangen til utdanningsstøtte blei betre1,3

30,3

Ekstralån til studentar og andre med nedgang i inntekt som følge av covid-19-pandemien1,3

38,2

(i tillegg auka utlån: 3,1 mrd. kroner)

Forskot på lån og stipend for våren 2020 blei utbetalt i april for månadene mai og juni1

14,3

Omgjering av ekstralån til stipend for studentar og andre med nedgang i inntekt som følge av covid-19-pandemien2,3

1 000

Oppheva inntektsgrense for avkorta stipend for studentar som bidreg til å avlaste helse- og omsorgssektoren under pandemien (til og med 31. august)3

25

Tiltaket er foreslått vidareført ut 20204

16,7

1 Innst. 216 S (2019–2020) og Prop. 67 S (2019–2020)

2 Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020)

3 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020)

4 Prop. 142 S (2019–2020)

I tillegg til tiltaka i tabell 11.3 blei vilkår som krev at ein er fysisk til stades på studieplassen, oppheva, slik at studentar og elevar i utlandet fekk behalde lån og stipend. Alle elevar og studentar som hadde fått støtte som bortebuar, men som måtte flytte heim som følge av pandemien, blei rekna som bortebuarar våren 2020. Unntaka for elevar og studentar med opptak på institusjon i utlandet er forlengde ut hausten 2020, og utbetaling av lån og stipend til reiser går som normalt. I tillegg blei unntak frå tidsramma for talet på år som ein kan få lån og stipend innført for nokre studentar som var i sitt siste semester i utlandet våren 2020.

Vidare blei det innført mellombelse unntak frå krav om ikkje å ha lønt arbeid for dei som mottek stipend for søkarar med nedsett funksjonsevne, dersom dei tek arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar. For tilbakebetalarar blei det for 2020 gitt rom for ekstra utsetjing ved tilbakebetaling av utdanningslån.

Tiltak på integreringsfeltet

Det blei løyvd 456 mill. kroner til integreringstiltak som følge av covid-19-pandemien i 2020. Målet med tiltakspakken var å styrke moglegheitene for denne gruppa til å ta del i arbeidsmarknaden så fort som mogleg. Vidare ble det løyvd 26,6 mill. kroner til frivillige organisasjonar til informasjonstiltak retta mot innvandrarar.

IMDi fekk òg styrkt koordineringsansvaret sitt og bidrog til betre samhandling mellom aktuelle offentlege sektorar med tiltak og informasjon retta mot innvandrarar.

Tabell 11.4 Tiltak på integreringsfeltet

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Midlar til informasjonstiltak gjennom ei søkbar ordning som blir forvalta av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)1

20

Løyving til seks landsdekkande organisasjonar: Røde Kors, Caritas, Norges Frivilligsentraler, Norske Kvinners Sanitetsforening, Kristent Interkulturelt Arbeid og Norsk Folkehjelp1

6,6

Auka bruk av utvida introduksjonsprogram for deltakarar som er i sluttfasen av programmet2

250

Karriererettleiing for deltakarar i introduksjonsprogrammet under introduksjonslova2

10

Midlar til heimeverande kvinner med innvandrarbakgrunn som manglar grunnleggande kvalifisering (Jobbsjansen)2

25

Vidareføring av tilskotsordning med formål å auke den nettbaserte norskopplæringa som følge av koronaviruset2

10

Midlar for å utvide tida med opplæring i norsk og samfunnskunnskap i inntil seks månader for personar som avsluttar retten og plikta til opplæring i 20202

161

1 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 117 S (2019–2020)

2 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020)

Tiltak for høgare utdanning og forsking

I høgare utdanning heldt institusjonane fram med å gi eit tilbod til studentane, men mykje forskings- og utviklingsaktivitet blei sett på vent som følge av krisa. Som følge av stenginga blei tilsette i rekrutteringsstillingar forseinka. Dei fleste stipendiatar og postdoktorar er finansierte over grunnbudsjettet til institusjonane og gjennom Forskingsrådet. Regjeringa forventar at forseinkingar blant desse blir dekte av institusjonane og Forskingsrådet. Ei mindre gruppe stipendiatar og postdoktorar har finansiering av stillingane sine frå næringsliv, EU eller andre private aktørar. For å sikre at også dei kan få dekt forseinkingar ga regjeringa eit ekstra tilskot på 40 mill. kroner som skal gå til stipendiatar og postdoktorar med slik finansiering. Med utgangspunkt i Universitets- og høgskolerådet si kartlegging er dei 40 mill. kronene blitt fordelte til institusjonane basert på den einskilde institusjon sin prosentdel av det totale talet på tilsette (830 tilsette) med slik finansiering.

Samstundes blei forsking peika på som ein viktig del av løysinga for å få landet ut av krisa. Regjeringa foreslo derfor å satse på forsking og utvikling for det grøne skiftet og for å stimulere til aktivitet og sysselsetjing, spesielt retta mot område og prosjekt av relevans for næringslivet. Satsinga var fordelt på områda til fleire departement. Sjå tabell 11.6.

Tabell 11.5 Tiltak for høgare utdanning og forsking over Kunnskapsdepartementets budsjett

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Sikre drift av kritisk IKT-infrastruktur ved Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking2

20

Stipendiatar og postdoktorar med finansiering frå EU og andre aktørar3

40

Oppgradering og tilpassing av forskings- og undervisningsareal3

100

Oppgradering av studentbustadar3

250

Internasjonale partnarskap3

20

Kommersialisering av forsking3

20

Regionale forskingsfond3

30

Forskingsprosjekt for det grøne skiftet3

40

Covid-19-relevante forskingsprosjekt3

30

1 Innst. 216 S (2019–2020) og Prop. 67 S (2019–2020)

2 Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020)

3 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020)

I tillegg til tiltaka under har departementa omdisponert midlar og sett i gang prosjekt med bruk av avsetningane i Forskingsrådet, til dømes ei hasteutlysing om «Økonomiske og arbeidsmarkedsmessige konsekvenser av koronakrisen for norsk nærings- og arbeidsliv» i regi av Arbeids- og sosialdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Tabell 11.6 Tiltak for høgare utdanning og forsking over budsjetta til andre departement

(i mill. kr)

Tiltak

Beløp

Forsking og utvikling i petroleumssektoren over budsjettet til Olje- og energidepartementet1

130

Næringsretta forsking og utvikling for å halde oppe forskingsbasert omstilling og innovasjon over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet1

250

Grunnløyvingar til teknisk-industrielle og marine primærnæringsinstitutt over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet3

260

Forsking på lågutsleppssamfunnet over budsjettet til Klima- og miljødepartementet3

75

Forsking og utvikling på energiområdet over budsjettet til Olje- og energidepartementet3

120

Marin forsking og utvikling av fiskefôr basert på norske råstoff over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet3

20

Pilot Helse over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet3

40

Grunnløyving til NIBIO og Veterinærinstituttet over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet3

15

Grunnløyving til miljøinstitutta over budsjettet til Klima- og miljødepartementet3

30

Oppgradering og vedlikehald av forskingsfartøy over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet3

40

«Grøn plattform», ein konkurransearena for kommersialisering, innovasjon og pilotprosjekt innan grøne løysingar over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Satsinga inneber ei total satsing på 1 mrd. kroner over tre år3

333

Forsking på grøn skipsfart over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet3

65

Forsking innan sirkulær økonomi over budsjettet til Klima- og miljødepartementet3

40

Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) for vindkraft over budsjettet til Olje- og energidepartementet3

15

Forsking og utvikling på forsvarsområdet over budsjettet til Forsvarsdepartementet3

20

Desentraliserte studiar for tilsette i omsorgstenestene over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet3

20

Nasjonalt program for datainnsamling og forskingsbasert produksjon av kunnskap om covid-19 over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet3

11

1 Innst. 216 S (2019–2020) og Prop. 67 S (2019–2020)

2 Innst. 233 S (2019–2020) og Prop. 73 S (2019–2020)

3 Innst. 360 S (2019–2020) og Prop. 127 S (2019–2020)

Fotnotar

1.

Are women publishing less during the pandemic? Here's what the data say. Nyhetsartikkel i Nature, mai 2020, vol. 581, side 365–366.

2.

No Room of One's Own. Inside Higher Ed., april 2020.

3.

Nergaard, Kristine. Undersøkelse om hjemmekontor og bruk av digitale løsninger. FAFO, april 2020. Kvinner, unge og innvandrarar var meir utsette for å miste jobben enn befolkninga elles.

Til forsida av dokumentet