1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2026 gjer regjeringa framlegg om einskilde endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg har provenyverknad:

  • Å auke skattefrådraget i pensjonsinntekt. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 265 mill. kroner påløpt i 2026. Provenytapet vert bokført i 2027.

  • Å auke grensa for den lågaste verdsetjinga av bustad i formuesskatten. Framlegget vert isolert sett rekna å redusere provenyet med om lag 830 mill. kroner påløpt og 550 mill. kroner bokført i 2026. Medrekna oppdaterte overslag av ny bustadmodell og allereie vedtekne endringar i formuesskatten for 2026 er endringa ikkje rekna å gje bokført provenyverknad i 2026.

Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å redusere provenyet med om lag 1,1 mrd. kroner i heilårsverknad, samanlikna med saldert budsjett for 2026. Framlegga vert rekna å gje eit provenytap på om lag 1,1 mrd. kroner påløpt og om lag 550 mill. kroner bokført i 2026 samanlikna med saldert budsjett for 2026.

I tillegg kjem verknaden av skatte- og avgiftsendringar som er vedtekne av Stortinget etter saldert budsjett for 2026. 26. mars 2026 vart det vedteke å mellombels redusere vegbruksavgifta og nokre satsar i CO2-avgifta. Vedtaka vert rekna å gje eit bokført og påløpt provenytap på 5,5 mrd. kroner i 2026. Det vert synt til framlegg til endring i løyvingsvedtak i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026.

Når ein inkluderer verknaden av Stortinget sine vedtak om reduserte drivstoffavgifter, er skatte- og avgiftsinntektene rekna å verte reduserte med om lag 6,6 mrd. kroner påløpt og 6,1 mrd. kroner bokført i 2026 samanlikna med saldert budsjett for 2026.

Regjeringa gjer òg framlegg om einskilde andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • I dei nye meirverdiavgiftsreglane for internasjonal handel, som tek til å gjelde 1. juli 2026, vert det gjort ei mindre justering i tryggingsventilen for å unngå dobbel skattlegging.

  • Regjeringa vil innføre ei forsøksordning med aktivitetspengar for unge. Ytinga vert skattlagd som løn og vert rekna som pensjonsgjevande inntekt.

Vidare gjer regjeringa framlegg om einskilde endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:

  • Føraren si melde- og opplysingsplikt etter vareførselsloven når varene kjem fram til tollområdet, vert utvida, slik at ein må gje ein referanse til tolldeklarasjonen for varene som vert bringa med på transportmiddelet.

  • Det vert innført ei registreringsordning under Tolletaten for aktørar i Noreg som må ha eit identifikasjonsnummer som følgje av EU-rettsakter som vert inntekne i norsk rett.

  • Det vert gjort ei endring i sjukdomslista i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar.

I tillegg er følgjande saker omtalte:

  • Prisar på bensin og diesel i vegtransport

  • Tiltak mot høge levekostnadar – oppmoding nr. 600 (2025–2026)

  • CO2-avgifta på mineralske produkt

  • Grunnrenteskatt og naturressursskatt for vasskraft – nedre grense – oppmoding nr. 523 (2025–2026)

  • Avgift på mineralgjødsel – oppmoding nr. 59 (2025–2026)

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endringar i folketrygdloven

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endringar i vareførselsloven

  • lov om endringar i innkrevingsloven

  • lov om endringar i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar

  • lov om endringar i lov om endringer i merverdiavgiftsloven

  • endringar i stortingsvedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2026 (Stortingets skattevedtak)

  • endringar i stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2026

  • endringar i stortingsvedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2026