10 Opprettingar og presiseringar m.m.

10.1 Skatteloven § 2-37 fyrste ledd

Skatteloven § 2-37 fyrste ledd seier at skatteplikt etter lova «kan begrenses i medhold av lov om adgang for Kongen til [å] inngå overenskomst med fremmede stater til forebyggelse av dobbeltbeskatning mv.». Her manglar ein «å».

Departementet foreslår at ein rettar opp i skrivefeilen, og at endringa tek til å gjelde straks.

10.2 Skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav m

Skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav m gjev skattefritak for «utbetalinger fra statens kompensasjons- og oppreisningsordning for pionerdykkere».

I desember 2025 vart det innført ei kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar, jf. lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar. Det følgjer av § 5 tredje ledd at kompensasjonen ikkje skal vere skattepliktig.

Departementet foreslår at ein presiserer dette i skatteloven § 5-15 fyrste ledd bokstav m ved å leggje til «utbetalinger fra kompensasjonsordningen for kjemikalieskadde oljepionerer» i ordlyden. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

10.3 Skatteloven § 19-5 fyrste ledd bokstav c

Skatteloven § 19-5 fyrste ledd bokstav c andre punktum seier at «For driftsmidler som nevnt i § 19-6 bokstav c inntektsføres gevinsten i realisasjonsåret.». Tilvisinga angir ikkje det rette leddet i § 19-6. Det er berre bokstav c i fyrste ledd i § 19-6 som inneheld driftsmiddel som kan passe for tilvisinga i § 19-5 fyrste ledd bokstav c andre punktum. Rett tilvising må difor vere § 19-6 fyrste ledd bokstav c.

Departementet foreslår at tilvising til rett ledd vert teke inn, og at endringane tek til å gjelde straks.

10.4 Innkrevingsloven § 23 femte ledd

Innkrevingsloven § 23 femte ledd seier at departementet i forskrift kan fastsetje gebyr som Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten kan krevje av skyldnaren når myndigheita sender varsel eller treff avgjerd om utlegg. Slike reglar er fastsette i forskrift, med ikraftsetjing frå 1. januar 2027.

Føresegna i § 23 femte ledd slår fast at gebyret utgjer tvangsgrunnlag for utlegg, og at det skal leggjast til kravet ved innkrevjing. Då lovframlegget var på høyring, var gebyrføresegna plassert i innkrevingsloven § 5, med eit tillegg om at «avgjørelse av kostnadsansvaret har tvangskraft». Dette inneber at det ikkje er krav om særskilt varsel før gebyret kan tvangsinndrivast saman med hovudkravet. Ordlyden i høyringsframlegget samsvarer med dei tidlegare reglane for Skatteetaten sine innkrevjingsmyndigheiter, og reglane som gjeld for alminnelege og kommunale namsstyresmakter, jf. tvangsfullbyrdelsesloven § 3-1 fyrste ledd, jf. § 2-15 tredje ledd.

I innkrevingsloven § 23 femte ledd kjem det ikkje uttrykkjeleg fram at gebyrkravet har tvangskraft. Plasseringa av gebyrføresegna var ikkje meint å føre til nokon materiell endring. For å unngå tolkingstvil gjer departementet difor framlegg om å vidareføre høyringsframlegget, slik at det uttrykkjeleg kjem fram at ei avgjerd om gebyr har tvangskraft.

10.5 Stortingsvedtaka om fastsetting av finansskatt på lønn og om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2026

I § 1 stortingsvedtaket om fastsetting av finansskatt på lønn for 2026 er det ei tilvising til næringshovudområde K «Finansierings- og forsikringsvirksomhet» i Statistisk sentralbyrås standard for næringsgruppering. Tilsvarande tilvising finst i Stortingets vedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2026 § 4 tredje ledd fyrste strekpunkt. Standarden vart endra i september 2025. Finansierings- og forsikringsverksemd vart då flytta til næringshovudområde L «Finansiell tjenesteyting». Det vert gjort framlegg om å endre høvesvis § 1 og § 4 i vedtaka, slik at tilvisingane vert korrekte. Endringane har ingen materiell verknad og vert foreslått å ta til å gjelde straks. Sjå framlegg til stortingsvedtak om endringar i Stortingets vedtak om fastsetting av finansskatt på lønn for 2026 § 1 og stortingsvedtak om endringar i Stortingets vedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2026 § 4.