6 Registreringsordning under Tolletaten

6.1 Innleiing og samandrag

Departementet foreslår ei ny føresegn i vareførselsloven som gjeld aktørar i Noreg som må ha eit identifikasjonsnummer. Behovet for eit identifikasjonsnummer følgjer av EU-rettsakter som vert innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. I fyrste omgang gjeld dette CBAM-forordninga (EU) 2023/956. Det er eit mål at denne forordninga skal gjelde i Noreg frå 1. januar 2027. Framlegget inneber at aktørar med behov for eit identifikasjonsnummer, må registrere seg hos tollstyresmaktene. Tollstyresmaktene kan dele den registrerte informasjonen med EU.

EØS-relevant EU-sektorregelverk som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer, har som fellestrekk at aktørane som er omfatta av regelverket, vert identifiserte med eit EORI-nummer (Economic operators registration and identification number). I EU er EORI verksemdene sin identifikator for tollføremål. EORI er regulert i EUs tollregelverk (The Union Customs Code – UCC). I EU kan ein nytte EORI-nummeret når aktørane skal ha tilgang til ulike IT-system. Dette kan skje gjennom EU sitt system UUM&DS (Uniform user management & digital signatures).

Noreg er ikkje ein del av EUs tollområde og er ikkje omfatta av EUs tollovgjeving – og dimed heller ikkje av EORI-ordninga. Når EU-rettsakter som stiller krav eller utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer vert innlemma i norsk rett, er det behov for ein eigen identifikator som kan gjelde i staden for EORI. Aktørar omfatta av rettsaktene skal nytte denne identifikatoren når omfatta varer vert innførte til Noreg frå tredjeland. Det vert difor foreslått å etablere ei registreringsordning der aktørar i Noreg får tildelt eit identifikasjonsnummer frå Tolletaten. Ved registrering får aktørane eit identifikasjonsnummer som er basert på aktøren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, med prefikset NO.

Kravet om norsk identifikator vil gjelde sjølv om aktøren allereie er registrert med EORI-nummer for vareførsel til og frå EUs tollområde. Det vil framleis òg vere krav om EORI-nummer for aktørar som må varsle føreåt i ICS2 (EUs system for elektronisk førehandsvarsling).

Framlegget vart sendt på høyring 10. mars 2026, med høyringsfrist 13. april 2026. Det har kome inn 19 høyringssvar. Framlegget i proposisjonen vidarefører i hovudsak framlegget i høyringsnotatet.

Dei økonomiske konsekvensane av framlegget vert vurderte som låge for næringslivet. Kostnadane ved å utvikle og etablere registeret er av Tolletaten talfesta til om lag 19 mill. kroner (eks. mva). Varige drifts- og forvaltingskostnadar er talfesta til om lag 13 mill. kroner (eks. mva).

Departementet viser til framlegg til vareførselsloven ny § 7-22. Departementet foreslår at lovendringane tek til å gjelde 1. juli 2026.

6.2 Høyringa

Departementet sende 10. mars 2026 på høyring eit framlegg om ei ny føresegn i vareførselsloven. Føresegna slår fast at aktørar i Noreg, som må ha eit identifikasjonsnummer etter EU-rettsakter gjennomførte i norsk rett, må registrere seg hos Tolletaten.

Høyringsfristen var 13. april 2026. Departementet mottok 19 høyringssvar, der sju var utan merknader, og eit hadde merknader som ikkje var kopla til framlegget.

Følgjande 11 høyringsinstansar har levert høyringssvar med realitetsmerknader:

  • Brønnøysundregistera

  • Miljødirektoratet

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Posten Bring AS

  • Hovudorganisasjonen Virke

  • NHO Logistikk og Transport

  • NHO Luftfart

  • Norsk Industri

  • Norsk Tollerforbund

  • Treindustrien

Høyringsinstansane er i hovudsak positive til framlegget, men har nokre merknader. Departementet gjer greie for hovudsynspunkta frå høyringssvara nedanfor. Departementet vurderer merknadene nærare under punkt 6.4.

Brønnøysundregistera stiller spørsmål ved om det er naudsynt å opprette eit nytt, eige register hos Tolletaten for å ivareta føremålet med registreringa. Dei spør om det ikkje er tilstrekkeleg at den aktuelle verksemda er registrert i Einingsregisteret med dei opplysingane Tolletaten som minimum treng for å tildele den unike identifikatoren (organisasjonsnummer med prefikset NO). Brønnøysundregistera peiker på ei alternativ løysing der organisasjonsnummeret vert oppgjeve til Tolletaten i samband med søknad om godkjenning, og at Tolletaten deretter slår opp i Einingsregisteret for å verifisere opplysingar og kontrollere at det ikkje finst tilhøve som hindrar registreringa. Fordelar ved denne løysinga er lågare administrative og økonomiske kostnadar, tilgang til oppdatert informasjon frå Einingsregisteret i sanntid, mindre risiko for avvik mellom registera og enkel integrasjon mot Brønnøysundregistera sine API-tenester. Uavhengig av løysinga meiner Brønnøysundregistera at det bør vere samsvar mellom bruken av omgrep i enhetsregisterloven og vareførselsloven, med klåre tilvisingar til relevante lov- og forskriftsføresegner. Dei foreslår òg at identifikatoren vert utvida til å innehalde landskode, registeridentifikator (kode knytt til Einingsregisteret) og nasjonalt registreringsnummer (organisasjonsnummer) i tråd med ISO 6523.

Miljødirektoratet peiker på kor viktig den foreslåtte ordninga er, særleg med omsyn til gjennomføringa av EØS-relevante EU-rettsakter som stiller krav om identifikasjon av aktørar. Dei framhevar at høyringsnotatet presiserer at plikta til å registrere seg i fyrste omgang omfattar aktørar som er omfatta av CBAM, men påpeiker at ordninga òg er naudsynt for andre EØS-relevante EU-forordningar som krev EORI-identifikasjonsnummer. Miljødirektoratet syner særleg til avskogingsforordninga (EU) 2023/1115 (EUDR) og økodesignforordninga (EU) 2024/1781.

Sjøfartsdirektoratet stiller spørsmål ved om ein kan forstå ordlyden «identifikasjonsnummer» i framlegget til § 7-22 som til dømes produsentkode som vert brukt for produsentar av fritidsfartøy. Desse fungerer òg som eit identifikasjonsnummer i samanheng med fritidsbåtdirektivet. Vidare meiner Sjøfartsdirektoratet at det er føremålstenleg at relevante tilsynsstyresmakter får tilgang til det nye registeret, og at ein må gjere klårt kva som ligg i omgrepet «aktør».

Longyearbyen lokalstyre viser til at det på Svalbard er både private og offentlege aktørar som har vareflyt med Noreg, EU og tredjeland, og spør korleis det foreslåtte registeret vil påverke vareflyten til og frå Svalbard.

NHO Logistikk og Transport (NHO LT) peiker på at norske transport- og logistikkselskap allereie treng eit identifikasjonsnummer for å nytte EU sine datasystem, som til dømes systemet ICS2. Sidan norske styresmakter ikkje tidlegare har kunna utferda slike nummer, har norske verksemder måtta vende seg til svenske eller danske tollstyresmakter for å få EORI-nummer. NHO LT meiner ei ordning der norske styresmakter tildeler identifikasjonsnummer basert på opplysingar i Einingsregisteret, vil effektivisere norsk næringsliv. Dei viser til nye krav til rapportering, mellom anna knytt til CBAM og EUDR, som fører til at fleire norske verksemder vil ha behov for å knyte seg til EU-system. Behovet gjeld både transport- og logistikkføretak (tollrepresentantar) og vareeigarar. På grunn av det aukande behovet for identifikasjonsnummer, framstår det som tenleg å opprette ei norsk ordning for dette.

Norsk Industri og Treindustrien oppmodar om at Tolletaten sitt register bør vere enkelt i bruk og knytt til eksisterande informasjon via organisasjonsnummer i Altinn, slik at den administrative og økonomiske kostnaden vert lågast mogleg.

6.3 Gjeldande rett

Det finst ikkje ei registreringsordning i Tolletaten der aktørar i Noreg kan få tildelt eit identifikasjonsnummer som ein kan nytte i staden for EUs EORI-nummer.

Grunnleggjande opplysingar om verksemder og organisasjonar i Noreg finst i Einingsregisteret, som vert forvalta av Brønnøysundregistera. Einingsregisteret er regulert gjennom lov 20. juni 2025 nr. 105 om Enhetsregisteret (enhetsregisterloven). Føremålet med lova er å leggje til rette for effektiv bruk og samordning av grunnlagsdata om juridiske personar, enkeltpersonføretak og andre einingar som er registrerte, gjennom eit landsdekkjande einingsregister. Lova skal tryggje at både allmenta og offentlege styresmakter får tilgang til grunnlagsdata som er nærare registrerte i Einingsregisteret.

Ved nyregistrering i Einingsregisteret tildeler og registrerer Einingsregisteret eit organisasjonsnummer til eininga, jf. enhetsregisterloven § 6-2. I Einingsregisteret vert det registrert opplysingar som føretaksnamn eller namn på eininga, organisasjonsform, adresse, aktivitet i verksemda, elektronisk varslingsadresse, talet på tilsette, næringskode og institusjonell sektorkode. Offentlege organ skal bruke informasjonen som er registrert i Einingsregisteret i si verksemd, jf. lova § 2-1.

Lova gjev alle rett til innsyn i registrerte opplysingar, med visse unntak, og opnar for å utveksle opplysingar med andre register og offentlege styresmakter.

6.4 Vurderingar og framlegg

EU-rettsakter som utløyser plikter ved inn- eller utførsel av varer til eller frå EØS-området, kan krevje at aktørane identifiserer seg med eit EORI-nummer. Då må aktørar som innfører varer til Noreg frå tredjeland, identifisere seg med ein norsk identifikator. Det er òg naudsynt med ein norsk identifikator dersom desse aktørane må ha tilgang til IT-system i EU. Behovet for slik tilgang avheng av den einskilde rettsakta.

Grunnleggjande opplysingar om verksemder og organisasjonar i Noreg finst i Einingsregisteret. Departementet vurderer det som føremålstenleg at organisasjonsnummeret til aktørane skal verte brukt som den norske identifikatoren, i staden for EORI-nummer. Med prefikset NO og utan spesialteikn er dette eit format som EU aksepterer. Ein norsk identifikator må oppfylle EU sine formatkrav til EORI-nummer. Dei byrjar med ein landkode på to bokstavar og er elles alfanumeriske med opp til 17 teikn til saman. Det vil seie at eit norsk identifikasjonsnummer berre kan bestå av bokstavar og tal.

Det er berre aktørar som er registrerte i Einingsregisteret, som kan registrere seg hos Tolletaten. Dette omfattar aktørar som er juridiske personar, som selskap og samvirkeføretak, og dessutan enkeltpersonføretak. Eventuell tilgang for fysiske personar til å registrere seg i registeret under Tolletaten, er ikkje foreslått no. Departementet må vurdere dette nærare.

I høyringa vart det stilt spørsmål om det er naudsynt å opprette eit nytt, eige register i Tolletaten, eller om det er tilstrekkeleg at den aktuelle verksemda er registrert i Einingsregisteret med dei opplysingane Tolletaten som minimum treng for å tildele den unike identifikatoren (organisasjonsnummer pluss prefikset NO). Departementet viser til at eit register i Tolletaten vil likne EORI-ordninga i EU. Der er det tollstyresmaktene som etter søknad tildeler EORI-nummer og har oversikt over aktørane. Tolletaten har behov for eit register over aktørar som har fått dette identifikasjonsnummeret.

Ein kan òg nytte ein norsk identifikator dersom aktørane skal ha tilgang til IT-system i EU. Behovet for tilgang vil avhenge av den einskilde rettsakta. CBAM-deklarantar må ha tilgang til CBAM-registeret. For å gje dei slik tilgang, har EU lagt opp til å nytte UUM&DS (Uniform user management & digital signatures). Det er eit EU-system brukt for mellom anna innlogging, autentisering og tilgangsstyring på tollområdet. EU vil opprette ein norsk del i UUM&DS. Det er lagt opp til at Tolletaten skal autentisere norske aktørar som skal ha tilgang til CBAM-registeret.

Tolletaten må dele naudsynt informasjon med EU slik at dei kan autentisere kva aktørar som skal ha tilgang til CBAM-registeret. Det er avklara at det er behov for følgjande opplysingar: organisasjonsnummer med prefikset NO, aktøren sitt namn, adresse, organisasjonsform og næringskode. Dette er opplysingar som er i Einingsregisteret. Telefonnummeret til eininga og andre elektroniske adresser skal vere med dersom desse er registrerte i Einingsregisteret.

So langt er behovet for tilgang til EU sine IT-system berre utgreidd for CBAM-føremål. Miljødirektoratet har peikt på at aktørar som er omfatta av EU si avskogingsforordning (EU) 2023/1115 (EUDR) og EU si økodesignforordning (EU) 2024/1781, òg vil ha behov for tilgang til relevante IT-system i EU. Departementet understrekar at ein må avklåre konkret kva som skal til for å få tilgang til IT-system under andre rettsakter. Dette inngår i arbeidet med å innlemme den aktuelle rettsakta i EØS-avtalen og å gjennomføre ho i norsk rett. Ein kan difor ikkje leggje til grunn at lovframlegget vil leggje til rette for tilgang til IT-system under andre EØS-relevante rettsakter.

Tolletaten vil i utgangspunktet bruke den eksisterande tilgangen til å hente ut opplysingane frå Einingsregisteret og vil etablere eit samarbeid med Brønnøysundregistera for å utveksle opplysingar meir effektivt. Departementet legg til grunn at Tolletaten laupande oppdaterer dei registrerte opplysingane med Einingsregisteret.

Tolletaten har enno ikkje avgjort kvar registreringstenesta skal verte etablert. Pålegget i digitaliseringsrundskrivet om å tilby tenester via innlogging i Altinn vil vere retningsgjevande for arbeidet med å etablere registreringsordninga.

I høyringa vart det teke opp at ein må klårgjere kva for «aktørar» som skal vere omfatta av lovframlegget. Sjølve kravet til å registrere seg hos Tolletaten vil følgje av EU-rettsakter som krev eller føreset at aktørane har EORI-nummer, og som vert innlemma og gjennomførte i norsk rett. Dette kan gjelde subjekt av ulike slag. Departementet finn det difor høveleg å nytte samnemninga «aktørar».

Om aktørar som har vareførsel frå tredjeland til Svalbard, kontinentalsokkelen eller økonomisk sone vil måtte registrere seg hos Tolletaten for å få eit norsk identifikasjonsnummer, vil òg avhenge av den einskilde EU-rettsakta som vert innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.

Ein skal nytte den norske identifikatoren ved vareførsel til og frå Noreg (hovudsakleg norsk tollområde). Aktørar som har vareførsel til og frå EU, må nytte EUs EORI-nummer. Kravet om norsk identifikator vil difor òg gjelde aktørar som allereie er registrerte med EORI-nummer for vareførsel til og frå EU. Det vil framleis vere krav om EORI-nummer for aktørar som må levere førehandsvarsel i ICS2 (EUs system for elektronisk førehandsvarsling).

I høyringa vart det teke opp at nokon kan mistyde omgrepet «identifikasjonsnummer» for å vere ein identifikator i samsvar med andre EU-rettsakter. For å unngå dette vert lovteksten endra slik at han bruker «EORI-nummer» i staden for «identifikasjonsnummer».

Når aktøren er eit enkeltpersonføretak, kan ein knyte opplysingane som vert registrerte til einskildpersonar då namnet på føretaket skal innehalde etternamnet til innehavaren. Opplysingane vil då falle inn under personvernforordninga sin definisjon av personopplysingar i artikkel 4 nr. 1.

Både registreringa og oversendinga til EU vert rekna som behandling av personopplysingar. Det følgjer av personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e at behandling av personopplysingar er lovleg dersom behandlinga er naudsynt for å utføre ei oppgåve i allmenn interesse eller utøve offentleg mynde som den med ansvar for behandlinga er pålagd. Etter artikkel 6 nr. 3 bokstav b må ein fastsetje grunnlaget for slik behandling i nasjonal rett for medlemsstatane. Departementet viser til lovframlegget.

Framlegget er naudsynt for å oppfylle pliktene etter ulike EU-rettsakter som vert gjennomførte i norsk rett. Opplysingane er offentleg tilgjengelege, behandlinga er lite inngripande og omfattar ein avgrensa krins av verksemder. Tiltaket vert difor vurdert som å stå til behovet.

Departementet viser til framlegg til vareførselsloven ny § 7-22.

Departementet foreslår at lovendringane tek til å gjelde 1. juli 2026.

6.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget om registreringsordninga vil få konsekvensar for aktørar i næringslivet og for Tolletaten. Ein kan ikkje estimere dei økonomiske konsekvensane av registreringa konkret. Ein går likevel ut frå at kostnadane for næringslivsaktørane vil vere låge, og at det i hovudsak vil dreie seg om administrative kostnadar i samband med registreringa.

Kostnadane ved å utvikle og etablere registeret er av Tolletaten talfesta til om lag 19 mill. kroner (eks. mva). Dei omfattar mellom anna naudsynt forretnings- og systemutvikling og rettleiing. Varige drifts- og forvaltingskostnadar er talfesta til om lag 13 mill. kroner (eks. mva).