8 Endringar i sjukdomslista i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar

8.1 Bakgrunn for endringa

Ved utarbeiding av framlegg til dei medisinske kriteria for kompensasjonsordninga tok Arbeids- og inkluderingsdepartementet, i tråd med Stortingets tidlegare oppmoding i saka, utgangspunkt i fleirtalsframlegget frå Oljepionerkommisjonen i NOU 2022: 19. Fleirtalsframlegget frå kommisjonen stiller krav om varig sjukdom eller skade som på gruppenivå har dokumentert samanheng med eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen i offshorearbeidet. På individnivå må det vere ein mogleg samanheng mellom sjukdommen eller skaden og kjemikalieeksponeringa.

Oljepionerlova § 3 listar opp kva for sjukdommar og skader som kan gje rett til kompensasjon etter lova, sjå bokstav a–f. Sjukdomslista er uttømmande. Sjukdommane som er lista opp her er sjukdommar der det, basert på internasjonal forsking, er påvist ein dokumentert samanheng med eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen, jf. Prop. 7 L (2025–2026) punkt 5.2.3.1:

Etter departementet sitt syn bør det, slik kommisjonen legg til grunn, vere sjukdommar og skadar som har ein dokumentert samanheng med eksponering for boreslam, hydrokarbon og benzen, som skal kunne gi rett til kompensasjon. Dette er eksponeringsforhold som var særskilde for arbeidet offshore i pionertida, og som ikkje var like for elles samanliknbare arbeidstakargrupper i det landbaserte arbeidslivet i tilsvarande periode. Det finst fleire typar blod- og lymfekreft, men det er ifølge Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) berre nokre av desse som har ein dokumentert samanheng med eksponering for dei nemnde kjemikalia. Dette omfattar akutt myelogen leukemi, myelodysplastisk neoplasi (MDS), myelomatose og kronisk lymfatisk leukemi. Departementet legg til grunn at det er desse typane blod- og lymfekreft, og dei andre sjukdommane og skadane som er nemnde ovanfor, som bør vere omfatta av ordninga og kunne gi rett til kompensasjon.

Etter at Stortinget vedtok oljepionerlova, har Arbeids- og inkluderingsdepartementet fått opplysingar om at det kunne vere behov for å gjere ei avgrensa tilføying i sjukdomslista. Etter ytterlegare undersøkingar har STAMI konkludert med at spesifikke typar lymfekreft, kalla non-Hodgkin lymfom, har såpass sterk samanheng med benzeneksponering at dei burde ha vore inkludert i sjukdomslista, gjeve dei nemnde premissane som ligg til grunn for utarbeiding av denne lista i lovproposisjonen frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Nav stadfester òg at enkelte undergrupper av non-Hodgkin lymfom (som er ei sams nemning på ulike typar lymfekreft) har eit sjukdomsbilete som er karakteristisk for benzeneksponering. Det gjeld diffust storcella b-celle lymfom og follikulært lymfom, i tillegg til kronisk lymfatisk leukemi som allereie er teke inn på sjukdomslista. Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine undersøkingar syner at det ikkje er grunnlag for å leggje til andre sjukdommar på sjukdomslista.

På bakgrunn av dette foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet ei tilføying til sjukdomslista i lova § 3. Konkret foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at gjeldande sjukdomsliste vert endra ved at tilvisinga til kronisk lymfatisk leukemi i § 3 bokstav d vert bytta ut med ei tilvising til non-Hodgkin lymfom. Sjølv om non-Hodgkin lymfom som gruppe vert teken inn i sjukdomslista, vert det presisert at ikkje alle undergrupper av non-Hodgkin lymfom vil kvalifisere til kompensasjon. Oljepionernemnda må føreta ei vurdering av om det kan påvisast tilstrekkeleg samanheng mellom benzeneksponeringa og den konkrete undergruppa av non-Hodgkin som søkaren har.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg til grunn at søkarar med non-Hodgkin lymfom i mange tilfelle vil måtte gjennomføre ei arbeidsmedisinsk utgreiing for å vurdere om det ligg føre tilstrekkeleg samanheng med benzeneksponering, slik oljepionerlova langt på veg føresett. Dersom søkaren allereie har dokumentasjon som syner at vedkommande har ei av dei konkrete undergruppene der det er påvist tilstrekkeleg samanheng med benzeneksponering, vil det neppe vere naudsynt med slik undersøking.

8.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er anslått at framlegget om endring av sjukdomslista i lov om kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar vil medføre eit behov for auka løyving til kompensasjonsutbetalingar på 4 mill. kroner. Det vert synt til framlegg til løyvingsvedtak i Prop. 96 S (2025–2026) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2026. Dei økonomiske rammene for kompensasjonsordninga er basert på eit estimat utarbeida av Oslo Economics, på oppdrag frå kommisjonen. Dette estimatet tok høgde for ei viss usikkerheit både i talet på søkarar som oppfyller vilkåra, og talet som får frådrag for tidlegare utbetalingar. I tillegg har Arbeids- og inkluderingsdepartementet indikasjonar frå fagmiljøa om at dei aktuelle sjukdommane er sjeldne.

8.3 Merknader til endringa i lov om kjemikalieskadde oljepionerar § 3

Endringa i bokstav d inneber at tilvisinga til kronisk lymfatisk leukemi er bytta ut med ei tilvising til non-Hodgkin lymfom. Endringa inneber ikkje at det skal gjelde unntak for kronisk lymfatisk leukemi, slik sjukdom vil framleis kunne gje rett til kompensasjon. Non-Hodgkin lymfom er ei sams nemning på ulike undergrupper av lymfekreft, der kronisk lymfatisk leukemi er ei av fleire undergrupper.

Det er ikkje tilstrekkeleg at oljepioneren er diagnostisert med non-Hodgkin lymfom, det krevst at søkaren må ha ei av undergruppene der sjukdomsbiletet er karakteristisk for benzeneksponering, medrekna diffust storcella b-celle lymfom og follikulært lymfom, i tillegg til kronisk lymfatisk leukemi.