3 Auka grense for den lågaste verdsetjinga av bustad i formuesskatten

Regjeringa foreslår å auke grensa for den lågaste verdsetjinga av bustad i formuesskatten frå ti til 14 mill. kroner.

Med gjeldande reglar for 2026 vert primærbustader verdsette til 25 pst. av berekna omsetnadsverdi for verdiar under ti mill. kroner, og til 70 pst. for den delen av verdien som overstig ti mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke grensa for den lågaste verdsetjinga til 14 mill. kroner med verknad frå inntektsåret 2026.

Bakgrunnen for endringa er den oppdaterte modellen for å berekne omsetnadsverdiane for primær- og sekundærbustader til formuesskatteføremål som regjeringa gjorde framlegg om å ta i bruk frå 2026, sjå Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 punkt 5.3. Stortinget slutta seg til framlegget, jf. Innst. 3 S (2025–2026). Føremålet med den oppdaterte modellen var å gjere formuesskattegrunnlaget betre og meir rettferdig, ikkje å auke dei samla inntektene frå formuesskatten. I januar 2026 mottok Finansdepartementet oppdaterte overslag som syner at formuesskatteinntektene vart rekna å vere om lag 550 mill. kroner høgare enn det som vart lagt til grunn for Stortingets vedtak.

Å auke innslagspunktet frå ti til 14 mill. kroner vert isolert sett rekna å redusere provenyet med om lag 830 mill. kroner påløpt i 2026 samanlikna med vedteke budsjett. I samband med statsbudsjettet for 2026 vart det, i tillegg til oppdatert bustadmodell, vedteke å auke botnfrådraget i formuesskatten. Samla var formuesskatteendringane i budsjettet for 2026 rekna å vere provenynøytrale, sjå Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 kapittel 5. Berekninga var usikker. Saman med dei oppdaterte overslaga frå bustadmodellen og allereie vedtekne endringar i formuesskatten for 2026, vert provenytapet samla rekna til 280 mill. kroner påløpt i 2026. Den bokførte provenyverknaden i 2026 avheng av kor mange som ber om nytt skattekort, og dimed får korrigert forskotstrekket eller forskotsskatten i 2026. Det vert lagt til grunn at ein betydeleg del vil endre skattekortet, og det bokførte provenyet vert dimed rekna til å vere null.

Isolert sett har dei oppdaterte overslaga frå den nye verdsetjingsmodellen òg gjort at skatteinntektene for kommunesektoren vert større i 2026. Med framlegget om å auke grensa vert skatteinntektene til kommunane reduserte like mykje, slik at kommunane kjem uendra ut samanlikna med det som var føresett i saldert budsjett. Sjølv om kommunane samla sett kjem uendra ut, kan endringa likevel påverke einskilde kommunar.

Dersom modellen overvurderer verdien på bustaden, kan eigarar skrive ned verdien i skattemeldinga (tryggingsventilen). Nedsetjinga må krevjast og dokumenterast. For å forenkle dokumentasjonskravet vil takst/verdivurdering mv. innhenta gjennom heile inntektsåret verte akseptert. Dokumentasjonen treng ikkje lenger vere innhenta etter 1. juli i inntektsåret. Bustadeigarar kan òg føre ein lågare verdi inn i skattekortet utan dokumentasjon. På den måten kan laupande skattetrekk i 2026 verte justert. I skattekortet skal marknadsverdien som bustadeigaren meiner vil vere rett ved utgangen av inntektsåret, førast opp.

Departementet viser til framlegg til endring i skatteloven § 4-10 andre ledd tredje punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2026.

Dei nye bustadverdiane kan òg ha konsekvensar for eigedomsskatten i dei kommunane som nyttar formuesgrunnlag når dei skriv ut eigedomsskatt. Endringar i dei berekna marknadsverdiane for bustader for inntektsåret 2026 vil fyrst verte tilgjengelege for kommunane i november 2027 og få verknad for inntektene frå eigedomsskatt i 2028. I Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 vart det på usikkert grunnlag rekna ut at kommunane sine inntekter frå eigedomsskatten vil kunne auke med i underkant av 300 mill. kroner samla i dei kommunane som nyttar formuesgrunnlag for å skrive ut eigedomsskatt.

Departementet har oppdatert og kvalitetssikra overslaget for eigedomsskatteinntektene til kommunane i 2028 i lys av oppdateringane i verdsetjingsmodellen, og med oppdatert informasjon om bruken av eigedomsskattereglane i 2026.

Overslaga for eigedomsskatten i 2028 vil framleis vere særs usikre. Dette kjem av fleire grunnar. Fram mot fastsetjinga for 2026 vert verdsetjingsmodellen oppdatert med nye omsetnadstal for bustader. Desse tala vert brukte til å rekne ut nye bustadverdiar som Skatteetaten legg inn i den førehandsutfylte skattemeldinga for 2026. Dessutan kan skattytar endre dei fastsette verdiane i fastsetjinga for 2026. Endelege verdiar vert sende kommunane mot slutten av 2027. Vidare står kommunane fritt til å endre skattesats og eventuelt botnfrådrag samanlikna med 2026-reglane, når dei skriv ut eigedomsskatt for 2028. Difor kan fleire (eventuelt færre) kommunar velje å nytte formuesgrunnlag ved utskrivinga av eigedomsskatt i 2028, og fleire (færre) kommunar kan skrive ut eigedomsskatt på bustader i 2028 enn i 2026.

I 2026 er det 123 kommunar som nyttar formuesgrunnlag for bustad når dei skriv ut eigedomsskatt. Bustadverdiane og dimed eigedomsskattegrunnlaget aukar i nokre kommunar med den oppdaterte modellen, og går ned i andre.

Om ingen kommunar endrar reglane i 2028, vert det, med all uvissa som er skildra ovanfor i mente, gått ut frå at samla eigedomsskatt vil auke med om lag 120 mill. kroner som følgje av den reviderte modellen for verdsetjing av bustader. Overslaget i Prop. 1 LS for 2026 var 300 mill. kroner. Oslo kommune, som har sett ned skattesatsen frå 2,35 til 1,7 promille (knapt 30 pst. reduksjon) frå 2025 til 2026, veg relativt tungt i denne samanhengen. Overslaget er usikkert.