7 Aktivitetspengar for unge
Regjeringa vil innføre ei forsøksordning med aktivitetspengar for unge. Ytinga er nærare omtalt på s. 121 i Prop. 1 S (2025–2026) frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Ytinga høyrer under prosjektet Eit enklare Nav, som er eit samarbeid mellom Nav Falkenborg, Nav Lerkendal, Trondheim kommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Nav Trøndelag og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Forsøket skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. Slik kjem unge raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, mellom anna ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår.
Ytinga vert skattlagd som løn og vert rekna som pensjonsgjevande inntekt.
Departementet foreslår difor at «aktivitetspenger for unge» vert lagt til i opprekningane som finst i skatteloven § 5-42 bokstav a, § 6-32 bokstav a og § 12-2 fyrste ledd bokstav c, og dessutan folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav b. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks med verknad frå 1. juli 2026.
Ytinga vert rapporteringspliktig etter skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b og trekkpliktig etter skattebetalingsloven § 5-6 fyrste ledd bokstav b.