St.meld. nr. 43 (1998-99)

Vern og bruk i kystsona

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram melding for Stortinget om vern i kystsona. Meldinga er utarbeidd på bakgrunn av følgjande vedtak i Stortinget:

«Stortinget ber Regjeringen i løpet av 1998 om å legge frem en melding om kystverneplanene. Meldingen må belyse de næringsmessige konsekvenser ved gjennomføringen av planene, samt avklare om sjøarealer skal kunne inngå i kystverneplanene. Meldingen skal behandles av Stortinget før kystverneplanene stadfestes.»

Vedtaket vart fremma etter debatt om interpellasjonen om kystverneplanen for Nordland 5. mars 1998.

Miljøvernministeren orienterte Stortinget sin energi- og miljøvernkomité gjennom brev av 15. juni 1998 om at Regjeringa ville utforme stortingsmeldinga slik at spørsmålet om korleis sjøareal skal inngå i verneområde i kystsona og dei næringsmessige konsekvensane av dette, vert drøfta på eit generelt og overordna grunnlag. Meldinga er såleis meint å vere eit viktig grunnlag for Regjeringa si behandling av framlegga til kystverneplanane i Nordland og Troms, samt andre framtidige verneplanar som omfattar sjøareal i kystsona. Verneframlegg som i vesentleg grad femner om sjøareal er stansa inntil Stortinget har behandla denne meldinga.

Meldinga legg hovudvekt på ansvarsområda til fiskeri- og miljøvernstyresmaktene. Den omhandlar lovgrunnlaget for å verne og ta vare på naturverdiar i kystsona med særleg vekt på naturvernlova og forholdet mellom denne og bruk av saltvassfiskelova og oppdrettslova. I tillegg vert plan- og bygningslova, samt andre lover som regulerer arelabruk i kystsona, omtala. Konsekvensar av næringsutnytting i område verna i medhald av naturvernlova og konsekvensar av vern for næringsinteresser får brei omtale. I tillegg skisserer meldinga retningslinjer for avveging mellom fiskerinærings- og verneinteresser i forhold til ulike verneformål innafor dei ulike vernekategoriane i naturvernlova. Meldinga vurderer òg verneplanprosessen og forvaltninga av verneområda, samt overvaking og evaluering av område verna i medhald av naturvernlova.

Ei rekkje internasjonale organisasjonar og samarbeidsfora har gitt definisjonar på kva omgrepet kystsona bør vere, m.a. OECD, World Conservation Union (IUCN), Verdensbanken, Havrettskonvensjonen, Europarådet og EU-kommisjonen. Alle definisjonane stadfester at kystsona må omfatte både land- og sjøområda så langt som landområda vert påverka av å liggje nær sjøen - og sjøområda av å liggje nær land. EU-kommisjonen definerer kystsona til minst å omfatte både territorialfarvatna og areal fleire kilometer innover land.

I denne meldinga er det naturleg å avgrense kystsona i sjø til det som ligg inn under naturvernlova sitt virkeområde, dvs. ut til territorialgrensa. Meldinga omtaler òg problemstillingar knytt til framtidige marine verneområde, sjølv om desse kan strekkje seg utanfor territorialgrensa.

Innover land vil kystsona først og fremst femne om område der sjøen pregar, skaper eller har skapt føresetnaden for naturtypar som t.d. strandenger, våtmarksområde, elvedelta, sanddyner, m.fl. Meldinga fokuserer på areal som funksjonelt heng nært saman med sjøen, og som er av interesse for andre samfunnsinteresser. Forutan fiskerinæringane har landbruket lange tradisjonar knytt til utnytting av ressursane i kystsona. Denne meldinga vil særleg leggje vekt på fiskerinæringa sitt behov for areal.

Naturvernlova sitt virkeområde omfattar ikkje Svalbard med Bjørnøya og Jan Mayen. Vern av land- og sjøareal i desse områda er heimla i lov av 17. juli 1925 nr 11 om Svalbard og i lov av 27. februar 1930 nr 2 om Jan Mayen, og vil derfor ikkje verte nærare omtala i denne meldinga. Ein syner i den samanhengen til St meld nr 22 (1994-95) om miljøvern på Svalbard og den kommande stortingsmeldinga om Svalbard. Det vert òg utarbeidd framlegg til ei eiga miljøvernlov for Svalbard. Vern i nordområda elles vert ikkje behandla i denne meldinga utover det som ligg innafor naturvernlova sitt virkeområde.

Til forsiden