St.meld. nr. 43 (1998-99)

Vern og bruk i kystsona

Til innholdsfortegnelse

11 Konsekvensar for distrikta

Primærnæringane i kystsona skal oppretthaldast og kunne utvikle seg vidare, samstundes som enkelte lokalitetar med internasjonale, nasjonale- eller regionale natur- og/eller kulturmiljøverdiar skal vernast i medhald av særlov for å sikre verdiane mot ulike typar inngrep. Å oppretthalde primærnæringane og ringverknadene dei skaper, er viktig for sysselsetjing og busetjing i distrikta.

Fiskeri- og havbruksnæringa har si forankring i kystdistrikta og er næringar med eit stort vekstpotensiale. I nokre lokalsamfunn betyr desse næringane mykje for sysselsetjing og busetjing. For mange kystkommunar, særleg på Vestlandet og i Nordland, har havbruksnæringa vore viktig. I Nordland er det ca 8   500 årsverk i fiske, fiskeindustri og havbruk. Dette utgjer ca 8   % av den sysselsette delen av befolkninga. Det treng ikkje vere motsetnad mellom ei positiv næringsutvikling og vern av areal i kystsona. Areala som inngår i verneområde er marginale, og vil derfor ikkje ha vesentleg verknad på utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa i distrikta. Totalt er ca 6,6   % av norsk areal innafor grunnlinja verna i medhald av naturvernlova. Av dette samla vernearealet ligg i underkant av 10   % mellom grunnlinja og 100-meterbeltet på land. I Nordland fylke utgjer etablerte verneområde i medhald av naturvernlova ca 1,5   % av fylket sitt areal i sjø frå grunnlinja til og med 100-meterbeltet på fastland og øyar. Framlegg til kystverneplan som vart sendt på høyring ville eventuelt auke dette arealet i Nordland med ca 3   % dersom planen vart vedteken med dei sjøareal som det er gjort framlegg om.

Målsetjinga er at vern i medhald av naturvernlova ikkje skal vere av eit slikt omfang at det vil føre til vesentlege negative økonomiske konsekvensar for fiskerinæringa, tarenæringa, havbruksnæringa eller anna næringsutvikling i Noreg. Sjølv om det totalt sett er små areal som vert verna, kan ulike typar næringsverksemd likevel verte utelukka frå enkelte mindre område dersom slik aktivitet er i strid med formålet med vernet. Enkelte område har større verdi for næringane enn andre område, noko ein må ta omsyn til ved avveging mellom verne- og næringsinteresser ved framlegg om verneområde.

Urørt natur og kulturlandskap er viktig i sosial samanheng for naturoppleving, friluftsliv og rekreasjon for befolkninga i distrikta. Vern av ulike natur- og kulturlandskap vil òg medverke til å ta vare på distrikta sin identitet.

Vern av område kan òg medverke positivt i næringsutvikling. For reiselivsnæringa medverkar vern av område til å kunne marknadsføre Noreg som eit grønt reisemål, og det vil vere viktige element i ei framtidig satsing på turisme. Fuglefjellet på Runde i Møre og Romsdal er eit døme i så måte. Primærnæringane kan i mange høve halde fram innafor verneområda og er dermed sikra mot andre inngrep som kunne fått negative verknader for primærnæringane. I tillegg vil vern av t.d. sjøfugllokalitetar medverke til å oppretthalde gode fuglebestandar som gir grunnlag for jakt. Dette gir viktige biinntekter for mange i distrikta.

Medverknad av lokale styresmakter, lokalbefolkninga, organisasjonar og lokalt næringsliv i verneplanprosessen og i forvaltninga av verneområde vil innvirke positivt på utviklinga for å sikre levedyktige lokalsamfunn i tråd med Lokal Agenda 21.

Ei arealdisponering som sikrar areal både til ei miljøvenleg utvikling av fiskeri- og havbruksnæringa og vern av område, kan etter Regjeringa si meining vere eit viktig grunnlag for at fiskeri- og havbruksnæringa skal framstå som miljøvenlege næringar. Dette kan medverke til at dei også i framtida skal vere viktige eksportnæringar for landet. Kombinasjon av berekraftig bruk av ressursane og vern av enkelte område kan derfor komme distrikta til gode.

Til forsiden