St.meld. nr. 43 (1998-99)

Vern og bruk i kystsona

Til innholdsfortegnelse

10 Framtidig politikk for vern av kyst- og sjøområde

Regjeringa si målsetjing er å sikre det biologiske naturgrunnlaget gjennom m.a. vern av særskilde område for å sikre referanseområde og område med særleg store regionale-, nasjonale- eller internasjonale verneverdiar slik at Noreg kan følgje opp dei internasjonale tilrådingane om å verne naturområde. Regjeringa har samstundes som mål å sikre areal til hausting av naturressursar og matproduksjon i sjø. Dette stiller store krav til samordna avvegingar mellom brukar- og verneinteresser.

10.1 Etablering av verneområde og fiskeriinteresser i kystsona

Regjeringa meiner det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for naudsynt utvikling av havbruksnæringa, fiskeri- og tarenæringane og gjennomføring av områdevern i tråd med internasjonale tilrådingar.

Regjeringa vil søkje å redusere konfliktane mellom vern og andre brukarinteresser mest mogleg ved ei nøye vurdering av alle forskrifter og avgrensingar slik at vernet ikkje vert strengare og får større geografisk utstrekning enn det som er naudsynt for å vere i samsvar med dei ulike verneformåla. Vern av sjøareal skal inngå i områdevernet der det er naudsynt i forhold til verneformålet . Etablering av særskilde verneområde i medhald av naturvernlova skal framleis vere ein berebjelke i arbeidet med å sikre det biologiske mangfaldet i Noreg på ca 12–13   % av arealet, inkludert sjøareal i kystsona. Dette har Stortinget tidlegare lagt opp til i samband med nasjonalparkplanen, landsplanen for vern av barskog og dei fylkesvise verneplanane, inkludert dei to kystverneplanane i Nordland og Troms. Dette er òg i tråd med St meld nr 58 (1996–97). Her er målet om å sikre eit representativt utval av alle naturtypar, samt dei større samanhengande urørte naturområda og eit mangfald av kulturpåverka miljø og levedyktige bestandar av planter og dyr, slått fast. Dette er i samsvar med internasjonale tilrådningar og forpliktingane under konvensjonen om biologisk mangfald. Gjennomføringa av vernepolitikken er inne i sluttfasen, og Regjeringa vil sluttføre dette arbeidet i tråd med tidlegare retningslinjer og innafor dei rammene det er lagt opp til i denne meldinga. I den konkrete sluttbehandlinga av dei enkelte planane vil det verte lagt stor vekt på å vurdere omfanget av vernet, m.a. storleiken på sjøareal som er naudsynt å innlemme i verneområda av omsyn til verneformålet og bruk av dei ulike vernekategoriane. Det har vore noko ulik praksis i forskjellige verneplanar når det gjeld omfanget av sjøareal som er innlemma i verneområde. Det er derfor naudsynt å arbeide vidare med dette spørsmålet med sikte på å sikre ein meir samordna praksis på landsbasis når det gjeld framlegg til vern av sjøareal der verneformålet er knytt til verneverdiar på land. Miljø- og fiskeristyresmaktene vil derfor samarbeide nært i spørsmål knytt til dette.

10.2 Kystverneplanar

Det er utarbeidd framlegg til kystverneplaner i fylka Nordland og Troms. Slike planar er berre aktuelle i desse to fylka fordi det er knytt særleg store verne- og næringsinteresser til denne delen av kystsona. I dei andre fylka er det vedteke eller gjort framlegg om vanlege tematiske verneplanar m.a. for sjøfugl. Målet med kystverneplanene er å sikre ein heilskapleg gjennomgang av verne- og næringsinteresser i kystsona. Ved sluttbehandlinga av kystverneplan for Nordland vil Regjeringa tilsvarande som for andre verneframlegg, gjere ei grundig vurdering av konsekvensane verneframlegga kan få for framtidig næringsutnytting slik at konfliktane mellom vern og andre brukarinteresser vert minst mogleg. Alle framlegg til forskrifter og avgrensingar vil verte nøye vurderte slik at vernet ikkje vert strengare og får større geografisk utstrekning enn det som er naudsynt for å vere i samsvar med dei ulike verneformåla. I samband med framlegg til kystverneplan for Nordland, vil Regjeringa vurdere å redusere storleiken på sjøareala som har vore på høyring.

10.3 Marine verneplanar

Ein skal utarbeide marine verneplanar m.a. basert på den naturfaglege kartlegginga av eigna område. Det vert nedsett eit rådgivande utval på linje med Barskogsutvalet samansett av representantar frå forvaltninga og aktuelle interesseorganisasjonar til dømes innan fiskeri-, havbruk og miljøvern. Det vert seinare teke stilling til val av leiar. Utvalet skal gi råd om verneomfang og bruk av verkemiddel.

10.4 Verneplanprosessen

Det vil verte lagt vekt på utvikling av gode prosessar slik at dei attverande verneplanane i medhald av naturvernlova vert gjennomførte med god medverknad frå alle impliserte parter. Sektorstyresmakter, interesse- og næringsorganisasjonane skal trekkjast inn i prosessen i oppstartfasen slik at innspel som er viktig i saka kjem tidleg fram. Dette er særleg viktig der verneframlegget vil omfatte sjøområde som ikkje er omfatta av grunneigarrettar. Det vil verte lagt særleg vekt på å etablere eit godt samarbeid mellom fiskeri- og miljøvernstyresmaktene både på regionalt og sentralt nivå.

Konsekvensane av vernet for andre interesser og næringar skal alltid vurderast. Gjennom prosessane må verknadene eit vernevedtak får for ulike næringsinteresser komme tydeleg fram. Dette kan skje anten gjennom dei ordinære høyringane eller gjennom eigne konsekvensutgreiingar i medhald av plan- og bygningslova for dei store verneområda. Ein kan òg gjere ein nøytral analyse av verknadene for eksisterande bruk knytt til primærnæringane dersom eksisterande bruk ikkje kan halde fram etter at vernevedtak eventuelt vert fatta.

10.5 Kartlegging, overvaking og evaluering av verneområde

Det vil vere naudsynt å betre kunnskapsgrunnlaget gjennom overvaking, kartlegging og forsking m.a. for å skaffe eit grunnlag for ei evaluering av verneområda. Regjeringa vil integrere dette i dei pågåande prosessane som omfattar kartlegging, overvaking og forsking, jf. oppfølging av St meld nr 58 (1997–98) Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling.

Det er behov for å gjennomføre ei evaluering av verneområda både for å vurdere om verneverdiane er oppretthaldne i tråd med verneformålet og for å sjå kva verknader vernet har fått i forhold til lokalsamfunnet og eventuell næringsutvikling. Regjeringa vil i denne samanheng òg vurdere behovet for å gjennomgå eksisterande verneforskrifter med sikte på eventuell oppdatering. Dette er m.a. viktig for at verneområda ikkje skal omfatte meir sjøareal og ha strengare restriksjonar enn kva som er naudsynt.

Regjeringa viser til at miljøvernstyresmaktene i samarbeid med fiskeristyresmaktene skal vurdere om omfang av sjøareal og restriksjonar i forhold til utøving av fiske og havbruk i eksisterande verneområde er i samsvar med retningslinjene i denne meldinga. Verneforskrifter som regulerer tang- og tarehausting vil verte vurdert når forvaltningsplanen for tare ligg føre.

10.6 Freding av kulturmiljø

Arbeidet med freding av kulturmiljø er så vidt starta. Regjeringa meiner at det er viktig å sikre kulturminneverdiar og kulturmiljø i kystsona for framtidige generasjonar. Eit slikt arbeid må verte ført vidare i tråd med eksisterande planar. Regjeringa ønskjer vidare å sikre representative og sjeldne landskap. Ein tek derfor sikte på å kartleggje dei mest representative og sjeldne landskapstypane i landet innan år 2005. Landskap og kulturmiljø langs kysten vil inngå i denne kartlegginga. Regjeringa legg opp til at freding av kulturmiljø vil få avgrensa verknader for fiskerinæringane.

10.7 Arealforvaltning utanfor verneområda

Ved arealforvaltning utanom verneområda, dvs. på i underkant av 90   % av arealet i landet, vil plan- og bygningslova leggje rammer og vere grunnlaget for lokal, regional og nasjonal areal- og ressursutnytting. Plan- og bygningslova forvalta gjennom lokale folkevalde organ, er eit viktig verkemiddel for å sikre naturverdiar i kommande år. Plan- og bygningslova har likevel avgrensa relevans for å ivareta biologisk mangfald i sjø, og forvaltning av marine ressursar må derfor skje gjennom sektorlovverket. Gjennom utarbeidinga av sektorvise miljøhandlingsplanar for dei ulike sektorane, m.a. for fiskerisektoren, skal dei enkelte sektorane utvikle indikatorar for viktige miljøkvalitetar og bruke dette som grunnlag for å utvikle verkemiddel og gjennomføre naudsynte tiltak for å nå miljømåla.

Til forsiden