St.meld. nr. 43 (1998-99)

Vern og bruk i kystsona

Til innholdsfortegnelse

7 Verdiar og interesser i kystsona

Grunne kystnære havområde er blant dei biologisk mest produktive naturtypane i verda. Kystsona femner om m.a. korallrev, elvemunningar, gruntvassområde og ulike våtmarker som utgjer produksjonsområde og oppvekstområde for viktige bestandar av fiskeslag og andre marine organismar.

Den norske kystlinja frå den russiske grensa i nordaust til svenskegrensa i søraust er ca 57   000   km. Kysten i Nord-Noreg utgjer nær 45   %, Midt Noreg 24   %, Vestlandet 21   % og Sør- og Søraust-Noreg 10   %. Den lange kystlinja består av ei rekkje ulike naturtypar som inneheld eit vidt spekter av habitat. Kystlandskapet varierer frå bratte, steile fjellandskap, til låge øyrike, flate havstrender og gruntområde. Økosystem i havet skil seg frå terrestriske system ved at dei består av fleire dimensjonar; havoverflata, dei frie vatnmassane og havbotnen. Havstraumane er eit anna viktig element som verkar inn på dei marine økosystema. Biologisk og ikkje-biologisk materiale samt kjemiske bindingar vert spreidde med hjelp av havstraumane, og saman med den høge mobiliteten mange marine organismar har, vert store område knytt saman.

I naturlandskapet er det økologiske systemet lite påverka av menneskeleg aktivitet, medan kulturlandskapet er forma av menneskeleg aktivitet over tid og dekkjer eit spekter av forskjellige typar landskap med til dels svært ulik karakter; frå jordbrukslandskap til område med spreidd busetnad, fiskevær og tettstader. Havet har til alle tider vore av stor verdi for dei menneska som har levd langs kysten. Dei rike marine naturressursane har stor økonomisk verdi, og har skapt grunnlag for busetjing og sysselsetjing gjennom generasjonar. Ulike brukarinteresser kan skape konkurranse om areala i kystsona, og ressursutnytting og utbygging i kystsona kan påverke naturgrunnlaget i negativ retning. Det er derfor viktig for både fiskerinæringa og naturforvaltningsinteressene å ta vare på kystnaturen og sikre livsgrunnlaget for det biologiske mangfaldet som kystbefolkninga er heilt avhengig av.

7.1 Naturverdiar

7.1.1 Kvartærgeologiske verdiar

I overgangen mellom sjø og land finst formasjonar og spor i fjell- og lausmassar som syner korleis landet er danna gjennom geologiske, glasiale og fluviale prosessar. Elvedelta er ein særs truga naturtype fordi mange ulike brukarinteresser som t.d. industri, bustadbygging, veganlegg og jordbruk er knytt til desse områda samstundes som dei utgjer viktige biotopar for ulike planter og dyr. I Sør-Noreg er det få attverande større elvedelta utan vesentlege inngrep. Sandstrender og dynestrender finn ein ujamt utbreidd over heile ytterkysten. Morenar og israndavsetningar er òg element i kystsona som er utsette for inngrep pga. grusressursane knytt til slike formelement.

7.1.2 Zoologiske verdiar

Det finst omlag 7   000 marine arter langs den norske kysten. Fordelinga av artsmangfaldet på ulike lokalitetar i marint miljø avheng av fysiske forhold som djup, straumar, temperatur, saltinnhald, oksygeninnhald og næringssalt. Også arter på land som er avhengig av marin næring vil fordele seg i forhold til dette. Primærprodusentane er grunnlag for dyrelivet i kystsona. Planteplanktonet er dei viktigaste bidragsytarane, men også tang og tare har ein stor primærproduksjon. Neste trinn i næringskjeda er dyreplankton, der krepsdyra er viktige arter for energiomsetjing. Dei er igjen næring for fisk, kval og sjøfugl.

I norske farvatn er det nærare 300 fiskearter og av desse vert om lag 30 nytta kommersielt. Dei fleste artene kan bestå av fleire meir eller mindre reproduktivt isolerte populasjonar. Det er berre for nokre av dei økonomisk viktigaste artene, t.d. sild og torsk ein har undersøkt strukturane i populasjonen. Hummar , krabbe og ulike arter muslingar vert òg nytta kommersielt, men bestanden av hummar minka drastisk på midten av 1960-talet og har sidan vore låg trass auka minstemål og utvida fredingsperiode. Dei marinebotndyra omfattar ulike artsgrupper og tel meir enn 5 000 arter. Botnfaunaen er viktig for stoffomsetjinga i sjøen og som indikator på miljøkvalitet fordi den i motsetnad til fisk og plankton er stasjonær og avspeglar dei lokale miljøforholda.

I det marine miljøet er framleis mykje ukjent, men det er registrert store førekomstar av djupvasskorallen Lophelia pertusa (L.) på den norske kontinentalsokkelen. Det lengste kjente korallrevet i verda av denne typen, Sularevet utanfor kysten av Trøndelag, ligg utanfor territorialgrensa, på mellom 200 og 400 meters djup. Det er omlag 13   km langt. Reva finst òg inne i fjordar på litt grunnare vatn. Hittil er det funne rundt 700 arter som lever på og inne i Lophelia-rev i våre farvatn. Områda er også kjende som gode fiskeplassar for sei, uer og brosme.

Sjøfuglane, dvs både typiske havfuglar og kystfuglar, er eit viktig bindeledd mellom terrestrisk og marint miljø. I Noreg finst om lag 60 ulike sjøfuglarter. Dei ulike artene hentar næring frå ulike system i det marine miljø, frå gruntvassområde til varierande djup i ope hav. Tre-fire millionar par sjøfugl hekkar i fastlands-Noreg, flest i den nordlegaste landsdelen. Med unntak av Runde i Møre og Romsdal ligg dei 20 største fuglefjella i Nord-Noreg. Sjøfuglkoloniane har vore blant dei viktigaste tilhaldsstadene for fleire rovfuglarter, og dette er ei av årsakene til at Noreg har vore siste skanse for mellom anna havørn i Europa. Sidan 1960 er det påvist tilbakegang for fleire sjøfuglarter. Sviktande næringstilgang har vore ein sentral faktor i utviklinga av bestanden. Andre truslar er predasjon av andre arter, t.d. mink, forstyrring i hekketida, forstyrring frå jakt, fangst, oljeforureining og drukning i fiskereiskap. Noreg ligg langs trekkruta for millionar av vadefugl som hekkar i nord og som overvintrar i Sør-Europa og Afrika. Gruntvassområde og strandenger er viktige rasteplassar under trekk for svært mange fuglearter. M.a. elvemunningar og større våtmarksområde i fjordbotnar utgjer økologiske system som er særs viktige for fuglelivet . Nokre arter som skarv, teist og ærfugl er knytt til tareskogområda pga. den store næringsmengda som finst der. Dei viktigaste enkeltområda for trekkjande vadefugl ligg i fjordbotnar i Finnmark og Troms, i Trondheimsfjorden, på Mørekysten og langs Jærstrendene og Lista. Vesterålen, Helgeland og det indre av Trondheimsfjorden er nøkkelområde når det gjeld trekklokalitetar for Svalbardbestanden av kortnebbgås og kvitkinngås.

Blant pattedyra er oteren, som på landsbasis reknast som trua, ein karakterart for kysten. I dag er det ein livskraftig, kystlevende bestand frå Sogn og Fjordane og nordover. I Sør-Noreg og dels i innlandet har bestanden førebels ikkje teke seg vesentleg opp. Den norske bestanden representerer truleg den største samanhengande bestanden i Vest-Europa.

To kystselarter; steinkobbe og havert, har tilhald langs norskekysten. Steinkobben er spreidd langs heile kysten med tyngdepunkt frå Stadt og nordover, medan haverten har sine viktigaste yngleområde frå Sør-Trøndelag og nordover.

Dei fleste kvalartene gjennomfører årleg til dels lange trekk. For dei fleste artene er kunnskapen om storleiken på bestandane og levesettet deira avgrensa. Av dei 19 kvalartene som meir eller mindre regelbunde er i norske farvatn, er nise den vanlegaste og mest kysttilknytta arta. Nisa har vore i tilbakegang og er oppført på den norske raudlista, men bestanden synest no å vere i vekst. Spekkhoggar, spermkval, grindkval og fleire bardekvalar som til dømes vågekval, seikval, finnkval og knølkval er andre kvalarter som regelmessig har tilhald langs kysten i delar av året.

7.1.3 Botaniske verdiar

Terrestriske botaniske naturverdiar i kystsona er oftare knytt opp mot velutvikla utforming av ulike natur- og vegetasjonstypar enn mot enkeltarter.

Strandenger er meir eller mindre påverka av salt- eller brakkvatn, og er knytt til elvedelta, grunne viker, pollar eller dammar. Gjennom variasjon i mikrotopografi og saltpåverknad vil flate strandengområde kunne få stor variasjon av vegetasjonsutformingar og arter. Strandengene fungerer ofte som beite- og hekkeområde for fugl.

Bak sandstrender og dynestrender, som det er mest av ved Lista til Karmøy, Nordfjord til Romsdal, og Salten til Aust-Finnmark, samt i enkelte breie fjordar i Nord-Noreg, har ein ofte enger og heiar med spesiell og frodig flora. Slike enger vart frå gamalt av brukt som utmarksbeite og delvis til skrapslått, og er i dag særleg sårbare for slitasje.

skjelsand finst artsrike kalkenger som mellom anna gir levevilkår for fleire sjeldne orkidear.

Ugjødsla naturenger og beitemarker og slåttemarker er blant dei mest artsrike vegetasjonstypane langs kysten. Når utslåtten opphøyrer vert engene ofte brukt som sauebeite, noko som har ført til at urteinnhaldet i engene mange plassar har gått sterkt tilbake.

Kystlyngheiane er eit resultat av skogrydding, vinterbeite, slått, lyngriving- og brenning i generasjonar og kan sporast 3–4   000 år tilbake. Restar av kulturprega kystlynghei finn ein frå Kristiansand til Lofoten. Noreg har truleg dei største restareala av kystlynghei i Europa. Heiarealet vert raskt redusert m.a. fordi det gror att som ei følgd av at dei gamle bruksmåtane ikkje lenger vert haldne i hevd.

På holmar med store bestandar av trekk- eller hekkefugl kan vegetasjonen vere sterkt prega av fuglegjødsling. Slike lokalitetar kan ha eit svært rikt biologisk mangfald.

Område med tang og tare har som regel høg produktivitet og stor artsrikdom. Dei er viktige oppvekst-, næringsområde og skjuleplassar for fisk, spesielt torsk, lyr og sei og for krepsdyr, m.a. hummar og krabbeyngel. Ein moden tareskog er òg viktig for fleire algearter. Sjøfugl, særleg andefuglar, teist og skarveartene, nyttar tareskogen i næringssamanheng. Kystsel oppheld seg ofte i område med tareskog. Taren veks på hardbotn mellom lågtvassgrensa og ned til ca. 30   m djupn. Stortare (laminaria hyperborea) utgjer nærare 90   % av all tareskog i Noreg, og veks i størst mengde på dei mest eksponerte lokalitetane i ytre skjergard. Den er mest utbreidd frå Rogaland i sør til Aust-Finnmark i nord. Områda utanfor kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag vert sett på som dei rikaste områda i verda for stortare. Det tek minst 10 år å byggje opp eit klimakssamfunn slik det er i ein urørt tareskog.

Ein annan marin botanisk naturtype er Lithothamnion-rev som er bygd opp av kalkalgar. Desse reva skaper nisjar der fleire dyr finn gode livsvilkår. Lithothamnion inngår òg saman med skal av døde muslingar i skjelsand, som i enkelte område blir tekne ut og nytta på grunn av det høge kalkinnhaldet.

7.1.4 Landskap, estetikk og urørd natur

Kystlandskapet kan vere samansett av fjordar, landmassiv og hav med mange nes, små øyar og holmar. Ubrotne drag og linjer i landskapet som strandlinje og horisont er døme på grunnleggjande estetiske kvalitetar. Karakteristiske terrengfor­mer og vegetasjonsbilde kan vere andre døme. Nokre kystlandskap er visuelt særs sårbare. Der det er lange, ubrotne linjer, store vasspeglar og låge, treberre øyar og holmar, vil tiltak som fører til oppsplitting, deling, nye strukturar eller nye landemerke kunne virke inn på dei fysiske formene i landskapet. Ulike inngrep endrar òg arta av og karakteren i landskapet. Døme på dette er installasjonar som ragar over dei naturlege landskapselementa eller dannar drag i landskapet med andre hovuddimensjonar enn landskapet sjølv. I mange tilfelle er landskapskvalitet i seg sjølv motiv for å verne eit område. Landskapsverdiane er då ein kombinasjon av ein eller fleire landskapstypar, som t.d. terrengformer, særeigne element i landskapet, landemerke, heilskapsverdiar og kulturhistoriske element.

Boks 7.9 Kystsona i Nordland viser døme på naturverdiar som er aktuelle å verne i kystsona

Naturverdiar generelt i fylket:

  • Kystlinja i Nordland utgjer ca ein fjerdedel av heile kystlinja i landet. Den totale kystlinja i fylket er ca 14 000   km. Det er knytt store naturfaglege verdiar til kystsona, men ein kan ikkje karakterisere det som urørt natur og villmark. Det er stort sett gamalt kulturlandskap der øyane har vore brukt til slått og beite. Dunværa med hausting av egg og dun er framleis i drift fleire plassar.

  • Pga den kalkrike berggrunnen har fylket ein rik og variert flora. Fleire sørlege plantearter har nordgrensa si i Nordland, medan mange nordlege plantearter har sørgrensa si her.

  • Kysten i Nordland er uvanleg rik når det gjeld både fugle- og dyreliv. 8 av dei 21 største fuglefjella i Noreg finst her, og både storskarv og toppskarv hekkar i fleire koloniar. 2 av dei 4 havsulekoloniane i Noreg finst i Nordland, i tillegg til ein vesentleg del av den norske bestanden av havørn. Kystselartene steikobbe og havert finst i levedyktige bestandar.

Naturverdiar i framlegg til kystverneplanen:

Målsetjinga med framlegget til kystverneplan i Nordland er å verne eit representativt utval av lokalitetar langs heile kyststrekninga. Områda er valt ut frå følgjande faglege kriterium:

  • Førekomstar av vilt/sjøfugl

  1. Hekke-/yngleområde for viltarter knytt til kysten. Det vert lagt vekt på å få med eit representativt utval av hekkekoloniar av stor- og toppskarv. Særleg koloniane for storskarv er viktige fordi denne arta er særs utsett for uro. I tillegg er hekkeområda for stormåkene viktige, særleg for sildemåka fordi den har hatt sviktande hekking dei seinare åra.

  2. Eit utval av overvintringsområde for sjøfugl og viktige rasteplassar på vår- og haustrekket.

  3. Viktige fjørfellingsområde for ender og gjess som ikkje er flygedyktige i ein kort periode på seinsommaren.

  4. Aktive egg- og dunvær som både er ein spe­siell viltbiotop og ein unik del av kulturlandskapet på kysten.

  • Havstrandbotaniske førekomstar

  • Kvartærgeologiske førekomstar

  • Dei største fuglefjella som forutan ornitologiske verdiar også har stor interesse i botanisk samanheng.

7.2 Kulturminneverdiar

Den store variasjonen i naturgitte vilkår langs kysten av Noreg har gitt eit mangfald av spor etter menneskeleg verksemd frå steinalderen og fram til vår tid. Slike kulturminne og kulturmiljø viser ulike typar busetnad, ressursutnytting og næringstilpassing. Kulturminna langs kysten er knytt særleg til fiske og fangst, jordbruk, handel og ferdsel til sjøs. Busetnaden er spreidd frå dei ytste øyane til dei inste fjordbotnane. Ein finn handelsstader og fiskevær. Større bysamfunn voks fram ved elveos med eksporthamn og industri. Mange stader finn ein restar etter den marine infrastrukturen, som ankerplassar, seglingsmerke og båtdrag. Pga endring av havnivået sidan steinalderen ligg fleire kulturminner frå denne tida no under havoverflata. I tillegg kan ein også under vassoverflata finne forliste båtar og skipsvrak som representerer viktige kulturhistoriske dokument. Kulturminne og kulturmiljø medverkar til å heve verdien av opplevingar langs kysten, både for dei fastbuande og for tilreisande. Dette kan igjen auke tilhøyringa til staden og identiteten til dei fastbuande og vere ein ressurs med tanke på utvikling av eit berekraftig reiseliv og lokalt næringsliv.

7.3 Friluftsliv og ferdsel for allmenta

Kystsona er attraktiv for friluftslivet fordi mange aktivitetar er direkte knytt til vatn og fordi kystsona byr på særlege opplevingar . Opplevingane er ikkje berre knytte til naturen, men også til samspelet mellom naturen og kulturpåverknaden.

Tilgjengeleg natur er avgjerande for at allmenta skal ha høve til å utøve friluftsliv som ein helsefremjande, trivselskapande og miljøvenleg fritidsaktivitet. Allemannsrettane må verte hegna om slik at tradisjonell turkultur der ferdsel, opphald og aktivitetar i naturen kan halde fram utan at dyrelivet vert unødig uroa og vegetasjonen skadd. Kystnatur med skjergard og fjordar gir gode og varierte høve til friluftsliv i samband med badeliv, fritidsfiske og båtutfart. Utfarten og omsynet til naturverdiane i slike område krev tiltak, som m.a. opparbeiding av kyststiar og tilrettelegging av særskilde område for friluftsliv som er eigna for intensiv bruk, samt ulike reguleringar, f. eks. åtferdsreglar etter friluftslova. Svært mange av dei ca. 1700 sikra områda for friluftsliv i Noreg ligg langs kysten frå svenskegrensa til Hordaland. Ved sikring av om­råde er det ofte teke med eit omland av omsyn til naturoppleving og for å sikre heilskaplege natur- og kulturlandskap, t.d. heile øyar og grupper av småøyar og holmar som inngår i skjergardsparkane på Sørlandet. Ved gjennomføring av eit planarbeid i Oslofjordregionen, jf. kapittel 3.1.2.2 vil ein òg kunne sikre område av stor verdi for friluftslivet.

7.4 Fiskerisektoren sine interesser

Fiskeri- og havbruksnæringa er særs viktige næringar for Noreg. Det er dei største eksportnæringane etter olje og gass målt i verdi. I 1998 vart det eksportert sjømat til ein verdi av 27,9 milliardar kroner. Oppdrett av laks og aure sto for vel ein tredel av dette, totalt 9,7 milliardar kroner. Fiske, fangst og havbruk er sentrale kystnæringar som spelar ei avgjerande rolle for verdiskaping og sysselsetjing langs kysten og for å ta vare på vår mangfaldige kystkultur.

7.4.1 Fiskerinæringa

Den tradisjonelle fiskerinæringa betyr svært mykje i Noreg, særleg for busetjinga i Nord-Noreg. Fisket er basert på eit fornybart ressursgrunnlag. Dersom ein haustar ressursane på ein berekraftig måte, vil fiskerinæringa vere ei trygg utkome for kystbefolkninga i framtida. Ein føresetnad for utnytting av fiskeressursane er at fiskarane og kystbefolkninga har tilgang til havet.

Noreg har ein stor flåte med mindre fartøy, som er avhengig av å drive næringa si i kystnære farvatn. Dei store tradisjonsrike sesongfiskeria som Lofotfisket i perioden februar-april, vårtorskefisket på Finnmarkskysten, fiske etter sild i fjordområda i Ofoten/Vestfjorden, samt krabbefiske særleg på kysten av Trøndelag om hausten er døme på dette. Fiske etter torsk, hyse, sei, uer, brisling, makrell og sild går føre seg heile året med reiskap som juksa, garn, line, snurrevad, not og dorg. Også reketråling går føre seg heile året langs kysten.

I 1998 vart det i Noreg ilandført omlag 2,8 millionar tonn fisk til ein verdi av omlag 10,4 milliardar kroner. Over 90   % av dei norske fangstane vert eksportert. Eksportverdien av fisk og fiskeprodukt, unnateke havbruk, var i 1998 vel 18 milliardar kroner. Same år var det 14 970 heilårsfiskarar og 6153 arbeidstakarar med fiske som biyrke. Fiskerinæringa gir også omfattande indirekte sysselsetjing og er såleis ei basisnæring i mange kystområde. For nærare omtale av sysselsetjing i fiskerinæringa, eksportverdi m.v. vert det vist til St meld nr 51 (1997–98) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring.

7.4.1.1 Metodar for hausting

Metodar for hausting av fisk, krepsdyr og skjel kan delast inn i to hovudgrupper etter kva fiskereiskap som vert brukt. Reiskap som oppsøkjer fisken for at den skal verte fanga vert definert som aktiv reis­kap . I kystsona innafor grunnlinja vil denne reiskapsgruppa omfatte trål, not, snurrevad og reiskap for skjelhausting. Reiskap der fisken må oppsøkje reiskapen for å verte fanga vert definert som passiv reiskap . I kystsona innafor grunnlinja vil denne gruppa omfatte garn, line, teiner, ruser og juksa.

Aktiv reiskap: Når det gjeld trål har det utvikla seg to hovudbruksformer. Ved botntråling vert reiskapen dregen langs botnen ved utøving av fiske medan ein pelagisk trål fiskar i dei frie vassmassane. Notfiske er hovudsakleg eit pelagisk fiske. Snurrevad er ein reiskap som har fellestrekk med trål, men den vert helst ikkje nytta på ein måte som inneber sleping langs botnen slik som ved botntråling. Hausting av skjel vert i hovudsak utført med botnreiskap samt med manuell innsamling ved dykking. Det går føre seg intenst arbeid med utvikling av enklare og meir rasjonell reiskap for hausting av skjel. Det er ikkje høve til å drive botntråling i kystsona innafor 4 nautiske mil etter andre arter enn reke og kreps, jf. lov om saltvassfiske §  8 og forskrift av 6. oktober 1989 «Om adgangen til å drive trålfiske i området mellom 4 og 12 nautiske mil fra grunnlinjene utenfor det norske fastland».

Passive haustemetodar som garnfiske i kystsona vert differensierte på bruk av botn- og fløytgarn. Bruken av botngarn er mest omfattande, medan bruken av fløytgarn i hovudsak er avgrensa til periodar av året. Line er krokreiskap med agn som i hovudsak vert nytta til fiske etter botnfiskarter, men den vert òg tidvis brukt med fløyt etter hyse og torsk. Juksa og dorg er krokreiskap som kan nyttast med eller utan agn ved botnen eller i dei frie vassmassane. Teiner for krepsdyr som krabbe, hummar og kreps vert mata med død fisk som lokkemat før reiskapen vert sett ut langs botnen. Bruken av teiner sett ut etter fisk er ikkje omfattande. Ruser er ein annan fastståande botnreiskap som berre vert nytta på grunnare område.

Utviklinga av nye fiskereiskap eller haustemetodar gjer at ein ikkje kan sjå bort frå at det vil komme nye haustemetodar for fisk og skaldyr. Yrkesfiskarar bruker både aktive og passive reiskap, medan fritidsfiskarar driv fiske med passiv reiskap. Omfang og intensitet for kvar reiskapsgruppe eller enkeltreiskap vil variere etter kor utbreidde dei enkelte fiskeslag er, gytevandringar, topografiske tilhøve, årstidsvariasjonar og variasjonar mellom år.

7.4.2 Tang- og tarehausting

Hausting av tang og tare vert regulert ved forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon av 13. juli 1995, i medhald av kontinentalsokkellova. Formålet med forskrifta er å sikre ei forsvarleg og langsiktig utnytting av tang og tare som del av ei samla forvaltning av ressursar og naturmiljø langs kysten. Forvaltninga av tareressursane er bygd opp kring prinsippet om opning og stenging av felt der eit felt berre vert opna for hausting kvart femte år. Tare vert i dag hausta i fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Haustinga går føre seg med spesialbygde fartøy som dreg ein haustereiskap langs botnen.

Det vert hausta om lag 170   000   tonn tare kvart år i Noreg. Førstehandsverdien utgjer omlag 18 millionar kroner. Totalt er 16 fartøy involvert i hausting av stortare. Den kommersielle utnyttinga av taren er i hovudsak knytt til industriell produksjon av alginat (stivelsesmiddel), og mesteparten av stortaren vert nytta til dette. I Noreg er det ein produsent, og landet har den nest største alginatproduksjon i verda. Innhaldet av alginsyre i tareplantene er lågast i april–juli, slik at det meste av haustinga vanlegvis skjer utanom denne perioden.

Den totale sysselsetjinga er vel 400 årsverk. Verdiskapinga frå råstoff til ferdig alginat utgjer ikring 500 millionar kroner pr år. Alginat har eit breitt produktspekter, og nesten alt går til eksport. I tillegg til taren som vert hausta i Noreg, vert det importert tørka tare frå Chile, hovudsakleg på grunn av denne taren sine spesielle eigenskapar.

Tang vert hausta spreitt på kyststrekninga frå Frøya til Svellingsflaket. Tang vert nesten alltid hausta på grunnare vatn enn 2 meter, og er dermed i stor utstrekning underlagt privat eigedomsrett. Tang vert hovudsakleg brukt i produksjon av tangmjøl i Noreg.

Figur 7.1 Tonn hausta tare i perioden 1994–1997

Figur 7.1 Tonn hausta tare i perioden 1994–1997

Boks 7.10 Forvaltningsordninga for tang og tare

Ved lov av 24. juni 1994 nr. 33 vart det gjort endringar i Kontinentalsokkelova slik at det no er ein klar heimel til å gi forskrifter om undersøking og utnytting av tang- og tareførekomstar i avgrensa område, utan at det vert gitt spesielt løyve til den enkelte utøvar. Forvaltningsansvaret for tang og tare er lagt til Fiskeridepartementet med Fiskeridirektoratet som utøvande organ.

Med heimel i den nye fullmaktsparagrafen i Kontinentalsokkellova og §  4 første ledd bokstav l, n, og o i saltvassfiskelova vart det 13. juli 1995 fastsett forskrift som gir rammene for forvaltning av tang og tare. I medhald av denne forskrifta vil det så verte gitt områdeforskrifter som viser kor tang- og tarehausting er lov, samt reglar om haustingsintervall m.v. Spørsmålet om kor det skal opnast for tang- og tarehausting skal avgjerast av Fiskeridirektoratet i samråd med Direktoratet for naturforvaltning.

Det er oppretta ei faggruppe med representantar frå tarenæringa, fiskeriorganisasjonane, fiskeristyresmaktene, miljøvernstyresmaktene og frå aktuelle forskningsinstitusjonar. Faggruppa skal vurdere kva for område som er aktuelle for taretråling og leggje fram ein langsiktig forvaltningsplan for tareressursane. Forvaltningsplanen vil danne grunnlaget når styresmaktene avgjer kor taretråling skal vere tillete. I arbeidet med forvaltningsplanen er det ein føresetnad at faggruppa trekkjer inn eventuelle kommunale og fylkeskommunale kystsoneplanar. Dette er viktig for å få ei tidleg avklaring av om det er område som er disponerte til formål som ikkje kan kombinerast med taretråling.

I samband med fastsetjing av nye forskrifter om kor det kan haustast, vil forholdet til verneområde etter naturvernlova vere eit vesentleg tema.

Inntil det vert fastsett nye områdeforskrifter er forholdet mellom fiskeri og tang- og tarehausting regulert gjennom eksisterande forskrifter for fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Målet med den nye forvaltningsordninga er å sikre at tarenæringa får tilgang på algeråstoff som gjer det mogleg å planleggje produksjonen, samstundes som ein tek vare på miljø- og fiskeriomsyn.

7.4.3 Havbruk

Områda som i dag vert nytta til oppdrett utgjer ca. 0,2   % av kystarealet innafor grunnlinja. Den samla oppdrettsnæringa har gjennom dette tilgang på meir enn 2   700 godkjende lokalitetar. Moderne sjøbasert oppdrett er ein biologisk produksjon med ulike krav til areal avhengig av art. Nær 5   000 menneske arbeider med oppdrett av fisk og skaldyr i Noreg. Om lag tre gonger så mange lever indirekte av næringa. Dei aller fleste av dei sysselsette bur i distrikta. I mange kommunar er oppdrettsnæringa derfor viktig for å sikre arbeidsplassar og bu­setjing. Samstundes som næringa er viktig for distrikts-Noreg, er den òg ei viktig eksportnæring for heile landet. I 1998 var eksportverdien av laks og aure nærare 10 milliardar kr.

Næringa er undergitt ei omfattande regulering der fiskeristyresmaktene gjennom oppdrettslova har hovudansvar for å sikre ei balansert og berekraftig utvikling. I tillegg har veterinær- og miljøstyresmaktene sentrale roller i regulering av næringa. Omsynet til miljø kombinert med ny teknologi og kunnskap, er ein føresetnad for ei positiv utvikling av næringa samstundes som den skal vere lønsam og livskraftig i distrikta. Framveksten er bygd på kystbefolkninga sin tradisjon, kompetanse og naturgitte føresetnader for å gjere seg nytte av ressursane på kysten. Det er grunn til å tru at havbruk vil auke både i mangfald og tilpassingsform. Det kan m.a. verte utvikla nye kultiveringsformer som vil vere mindre synlege i landskapet.

7.4.3.1 Fiskeoppdrett

Fiskeoppdrett er i Noreg dominert av laks og aure, men omfattar òg oppdrett av torsk, kveite, røye, piggvar m.m. Sjøbasert oppdrett skjer i flytande mærar der mesteparten av mærane ligg nede i sjøen med høgaste punkt 1–2   m over vassflata. Aktiviteten på oppdrettsanlegg varierer med art, storleik på anlegget og med tid på året. Det er naudsynt med dagleg overvaking, fôring, sortering og transport, som t.d. fôrtransport, fisk til slakting eller i samband med utsetting av smolt.

Eit vanleg løyve for oppdrett av laks og aure er på 12   000 m3 og treng eit overflateareal på ca. 2   800 m2 . Mærane har ei medels djupn på 12–20 m. Rundt anlegga er det ein sone på 20   m med forbod mot ferdsel og ein sone på 100   m med forbod mot fiske. Ein god lokalitet skal ha jamn, litt skrånande botn, god djupn og god vassutskifting, både langs botnen, i vassøyla og i overflata.

Anlegg for oppdrett av torsk og røye er som regel mindre enn eit lakseanlegg, ca. 1   000–3   000 m3 . Til følgd av at anlegget er mindre, er krava til djupn, straum og botntopografi mindre strenge enn for laks og aure.

Oppdrett av andre arter enn laks og aure er eit satsingsområde der m.a. Norges forskningsråd (NFR) og Statens Nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) er inne. Røynslene frå oppdrett av laks syner at det kan skje ei rask utvikling også av andre oppdrettstypar. SND har i sin rapport nr. 8 1998 peikt på at tilgang til eigna lokalitetar er ein av fleire suksessfaktorar m.a. når det gjeld sjansane for skjelnæringa til å lukkast.

Oppdrett av kveite og piggvar er framleis på forsøkstadiet. Dei siste åra er det sett ut kveite i mærar i sjøen. Truleg bør lokalitetane for kveite vere godt skjerma for bølgjer og ha god djupn. Gamle lokalitetar for laks og aure kan vere eigna lokalitetar for kveite. Arealbehovet er truleg større for kveite enn for dei andre fiskeslaga fordi kveite er ein botnfisk, som krev meir flate enn volum.

Utforming av oppdrettsanlegga er i stadig utvikling. På 1950-talet var havbruksverksemda i Noreg knytt til jorddammar og støypte kummar på land. Utover på 1960-talet vart det vanleg med anlegg for matfiskproduksjon i sjøen ved å sperre av pollar og sund. Mærane som kom i 1970-åra, er stadig vortne utvikla m.a. til å tole meir påkjenning. Såleis er det ikkje naudsynt med like skjerma lokalitetar som før. Ny teknologi opnar for å nytte område som før ikkje var aktuelle for havbruk. På 1990-talet har det vore ei aukande fokusering på val av oppdrettslokalitetar. Fisken har det best og veks best under gode miljøtilhøve. Dette gir større motstand mot sjukdom og mindre behov for bruk av medisin. Generasjonsdrift har vorte meir vanleg innafor oppdrett av laks og aure. Fisken vert sett ut på ein lokalitet, fôra fram og til slutt slakta. Lokaliteten vert deretter ståande brakk ei stund før det vert sett ut ny fisk. Eit slikt driftsmønster krev at oppdrettar har tilgang på fleire lokalitetar, normalt 3 eller 4, utan at produksjonen er auka. Driftsprinsippet med brakklegging, generasjonsskilje og tilstrekkeleg med avstand mellom anlegga krev meir areal enn slik næringa vart driven tidlegare. Samstundes har ein overgang til betre lokalitetar ført til at ein ofte har høgare produksjon på kvar lokalitet, t.d. med samlokalisering av fleire konsesjonar. Den gode utviklinga i forhold til helse og miljø, t.d. kraftig reduksjon i bruk av antibiotika, er m.a. eit resultat av tilgangen på gode lokalitetar.

Det er grunn til å tru at oppdrettsnæringa vil auke både i storleik og mangfald. Sjølv om det har vore utarbeidd mange prognosar om utviklinga i næringa, har det vist seg vanskeleg å utarbeide sikre prognosar. Dette skuldast m.a. at det er ei ung næring som har vore og er i stadig utvikling. Det avspeglar seg både i ein enorm produksjonsvekst på få år og store endringar i produksjonsform. Til dømes har produksjonen av laks og aure auka frå 23 300   tonn til 385 000   tonn i perioden frå 1984 til 1998.

I rapporten Norsk Havbruksnæring mot år 2000 har Nordlandsforskning fokusert på utviklingspotensialet til havbruksnæringa i Noreg. Dei ventar ein årleg vekst i næringa på om lag 10   %. Dette vil vere ei viktig næring for sysselsetjinga i distrikts-Noreg. Ein av fleire vesentlege føresetnader for ei slik vidare utvikling av næringa er tilgang på nok av eigna lokalitetar. Ein må rekne med at utviklinga innan teknologi og nye arter vil halde fram.

Figur 7.2 Talet på oppdrettlokalitetar
 fordelt
 i fylka

Figur 7.2 Talet på oppdrettlokalitetar fordelt i fylka

7.4.3.2 Skjeldyrking

Skjeldyrking omfattar arter som blåskjel, kamskjel og østers. Skjel vert dyrka i hengekultur frå flåte eller bøyestrekk haldne oppe av blåser eller i botnkulturar. I hengekulturar er skjela som regel plasserte rett under overflata og ned til om lag 15   m djupn, avhengig av art. I botnkultur ligg skjela fritt innafor eit område på botnen.

Skjel filtrerer vatnet for mat og vert såleis ikkje fôra. Skjeloppdrett kan derfor ha ein positiv effekt på vasskvaliteten. Skjela kan lett absorbere framande stoff frå vatnet via fødeopptak. Det må derfor setjast strenge krav til lokalisering av skjelanlegga. Dei fleste artene treng skjerma farvatn både av omsyn til dyrkingsteknikkar og temperatur, og for å hindre predasjon, særleg frå ærfugl.

For dyrking av skjel krev ein ikkje utsleppsløyve for produksjon under 150 tonn/år. Eit blåskjelanlegg på 150   tonn basert på flåtar krev eit areal på 1–2 dekar, medan ein tilsvarande produksjon basert på bøyestrekkanlegg krev ca. 5–7 dekar. For større anlegg må ein ha utsleppsløyve.

Blåskjel vert dyrka i hengekulturar anten frå eigne flåtar eller i bøyestrekk haldne oppe av blåser. Skjela heng som regel frå 0,5–1   m under overflata og ned til ca. 10 m. Område med mykje næringsalt og såleis mykje algevekst er gunstig for å dyrke blåskjel. Blåskjeldyrking skjer ofte innover i fjordane og i overgangsoner mellom salt- og ferskvatn. For å sikre god næringstilgang er det naudsynt med god utskifting av vatnet.

Dyrking av kamskjel skjer i fleire fasar, først på land som yngel, deretter i sjø. I sjøen vert dei dyrka først i hengekulturar 5–20   m under overflata før dei vert spreidde på botnen. Dei har behov for god vassutskifting, men må ikkje vere for sterkt eksponerte for vind og bølgjer. Vintertemperaturen må vere over +4 °C. Østers vert dyrka i hengekulturar med tilsvarande krav til lokalitetar som kamskjel og blåskjel. Djupna bør vere mellom 10 og 15 m, og dei øvste skjela heng 1–5   m under overflata.

Boks 7.11 Kystsona i Nordland viser døme på fiskerisektoren sine næringsinteresser som er knytt til kystsona

Næringsinteresser generelt i fylket:

Dei naturgitte forholda skaper grunnlag for marin næringsmiddelproduksjon, og dei høgproduktive sokkelområda er karakteristiske for Nordland. Busetjinga i kystdistrikta i Nordland er i det vesentlege bygd opp rundt dei sjøbaserte næringane. I Nordland er 8   500 årsverk sysselsette i fiske, fiskeindustri og havbruk. Dette er omlag 8   % av den sysselsette delen av befolkninga. Nordland er blant dei fylka som er mest avhengig av dei sjøbaserte næringane.

Fiskerinæringa

Nordland er det største kystfiskefylket i landet målt etter fangstområde. Over halvparten av totalfangsten innafor norsk 12-milsgrense har Nordland som fangststad. Torsk og vårgytande sild er dei viktigaste artene. Sildefisket har hatt ein stor vekst på 90 talet. Utvær langs Nordlandskysten er utgangspunkt for lokalt fiske.

Havbruk

Nordland er det fylket i Noreg som har best naturgitte føresetnader for havbruk og det største potensiale for utvikling av næringa både på eksisterande og nye arter. Nordland er det nest største fylket etter Hordaland innan matfiskproduksjon av laks og aure.

Tang- og tarehausting

I Nordland vert det årleg hausta 10 000   tonn grisetang.

Det er ikkje kommersiell utnytting av tare på Nordlandskysten. Firmaet Pronova meiner det kan haustast ca. 200 000   tonn stortare i området Nord-Trøndelag til Vestfjorden. Det vil gi ca. 5000   tonn ferdig produkt til ein eksportverdi på ca. 350 mill kr. I Nordland vil tareressursane vere knytt til dei mest eksponerte ytterområda.

Næringsinteresser knytt til framlegget til kystverneplan:

Fiskerinæringa

Framlegga til verneområda i kystverneplanen omfattar fiskefelt av varierande verdi.

Havbruk

17 av dei 64 områda det er gjort framlegg om i kystverneplanen, er godt eigna til oppdrett av laks og aure. Det er vanskeleg pr i dag å avgjere kva for lokalitetar og areal havbruksnæringa vil ha behov for i framtida.

Tang- og tarehausting

Det er haustbare ressursar av tang i alle områda det er gjort framlegg om i kystverneplanen. Det er ikkje vurdert om nokre av framlegga til verneområde kan vere aktuelle for hausting av tare.

7.5 Landbruk

Landbruket er ei viktig samfunnsinteresse i dei kystnære områda. Landbruket eig og forvaltar det meste av areala som grensar til sjøen og har alltid vore eit viktig grunnlag for busetjing langs heile kysten. Ofte har landbruk vore drive i kombinasjon med andre næringar. Som andre stader i landet, ligg mykje av landbruksareala langs kysten på område som tidlegare låg under vatn. Dette har gitt gode dyrkingstilhøve. Bruka er derimot ikkje store, og næringskombinasjonar har alltid vore vanleg. Jordbruk og fiske i nære sjøområde, men og anna utnytting av naturressursane, har vore den mest tradisjonelle kombinasjonen, noko som pregar kulturen i desse samfunna.

I kystområda i Nord-Noreg finn ein òg dei viktige sommarbeitene for reindrifta. Ofte vert reinen frakta frå fastlandet og over på øyar ved hjelp av Forsvaret sine landgangsfartøy. Ved landgang vert det ofte sett opp leidegjerde.

Skogreisinga i kyststroka på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg er eit resultat av den sterke distriktsprofilen i skogbrukspolitikken. Skogbruket har begynt å utnytte dei skogressursane som er bygde opp, men det er først omkring år 2020–2040 at hovudtyngda av investeringane kan haustast. Det er framleis naudsynt å leggje til rette for oppbygging av kvalitetskog i stroka med skogreising nær kysten. Slike tiltak kan berre settast i verk etter grundig avveingar mot negative effektar på naturmiljøet. Ei framtidig utnytting av oppbygde skogressursar, er avhengig av god infrastruktur og effektive transportløysingar i område med skog nær kysten. Mykje av tømmeret må transporterast med båt, og dette krev eigna kaier for utskiping av virke og terminalar for handtering og lagring av tømmer. Det er òg aktuelt å etablere foredlingsanlegg for skogsvirke som t.d. sagbruk i samband med slike kaianlegg.

7.6 Andre interesser

7.6.1 Energiutnytting

Vindkraft er ei miljøvenleg energikjelde, og det er derfor ønskjeleg med auka vindkraftproduksjon i Noreg. Gode vindforhold langs kysten fører til at det er mange attraktive lokalitetar for utbygging av vindkraft. Miljøet vert teke omsyn til gjennom konsesjonshandsaming etter energilova og konsekvensutgreiing og plan- og byggjesakshandsaming etter plan- og bygningslova. I tillegg kan vindkraftverk krevje løyve etter anna lovverk som t.d. forureingingslova (støy) og naturvernlova/kulturminnelova ved konflikt med freda område eller objekt. På strekninga Lindesnes til Andøya er det no bygd 18 vindmøller, og det pågår granskingar med sikte på framtidige vindmølleparkar fleire andre plassar.

Bølgjekraftverk og tidvatnkraftverk kan ha eit potensial langs norskekysten. To pilotanlegg for utnytting av bølgjeenergi på 80-talet synte at det er langt fram før bølgjekraftverk vil verte bedriftsøkonomisk lønsame i Noreg. Tidvatnkraftverk der ein utnyttar tidvatnstraumar gjennom sund ser derimot ut til å kunne verte meir lønsame. I Kvalsundet ved Hammerfest er det derfor planlagt å byggje det første kraftverket i verda for utnytting av tidvatnet.

Vassdraga er sentrale delar av norsk natur. Utnytting av vasskrafta har skapt store økonomiske verdiar i samfunnet. Det er pr 01.01.99 bygd ut vasskraftprosjekt som gir ein middelproduksjon på 113 TWh/år. Mange av dei store vassdraga langs kysten er såleis regulert til kraftutnytting.

Utnytting av petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel utgjer ein viktig del av norsk økonomi. Delar av denne verksemda er knytt til kystsona, m.a. rørleidningar og installasjonar for ilandføring av olje og gass. Den teknologiske utviklinga har òg resultert i at stadig fleire delar av verksemda knytt til undersjøiske petroleumsførekomstar kan drivast frå anlegg på fastlandet.

7.6.2 Forsvaret

Militær aktivitet i kystsona er knytt til Sjøforsvaret og Luftforsvaret sine anlegg, til skyte- og øvingsaktivitet og til hevding av suvereniteten og styresmaktutøving. Forsvaret er i endring med ny organisasjonsstruktur og overgang til eit meir mobilt og fleksibelt forsvar. Dette har endra krava til øvingsområde og samspelet mellom våpengreinene, dvs. samoperasjon mellom fartøy og fly. Sjøforsvaret sine oppgåver er t.d. å planleggje, teste og øve antiinvasjonsforsvar. Etterprøving av desse forsvarsplanane med liten styrke er rekna som militær operativ verksemd. Sjøforsvaret har ein stasjonær og ein mobil del. Satsinga skjer på materiellsida. Kystartilleriet er tilført nytt materiell og har behov for å bruke øyar og kystlandskap som basis for observasjons- og meldepostar, dvs. behov for ilandstiging og fortøyingsfeste. Det er ca. 60 skyte- og øvingsfelt lokalisert til Oslofjorden, Agder, Rogaland, Hordaland, Trøndelag, Nordland og Troms, jf. NOU 1988:8 Forsvarets skyte- og øvingsfelt. Forsvaret skal overvake og halde kontroll med aktivitetane i alle farvatn der norsk jurisdiksjon gjeld. Særleg har Kystvakta viktige oppgåver knytt til dette. Forutan å hevde suvereniteten, deltek Kystvakta med hjelp til rednings- og oljevernberedskap, oppsyn med fiskeri, laksefiske, verneområde m.v. Mykje av dette skjer i samarbeid med Det indre kystoppsyn som vart etablert frå 1995.

7.6.3 Sjøverts ferdsel og hamner

Kystverket er eit forvaltningsorgan under Fiskeridepartementet med forvaltningsansvar for m.a. havne- og farvatnlova og loslova. Det skal m.a. arbeide for gode rammevilkår for sjøtransport og hamneverksemd. Dette omfattar m.a. å sikre ferdsel, framkjømd og tryggleik til sjøs. I dette ligg også å sikre retten for allmenta til ferdsel til sjøs. Etaten har òg ansvaret for ulike innretningar og anlegg i kystsona. Dette gjeld ulike navigasjons- og fortøyingsinnretningar og hamneanlegg som er viktige for næringsverksemd og busetjing langs kysten. I tillegg til å vere eigar av grunn og anlegg i samband med slike innretningar, har etaten også rettar til sjønære areal i tilknyting til desse.

7.6.4 Mineral- og skjelsandutnytting

Mineralnæringa på kysten omfattar både uttak av sand og grusmassar i strandsona og uttak av skjelsand i sjø. Uttak av sand- og grus på land er pr i dag ikkje regulert i eiga lov, men slike uttak kan regulerast i medhald av den allmenne konsesjonslova dersom dei nærare krava i denne lova er oppfylte. I framtida vil uttak av sand og grus på land verte regulert gjennom den nye minerallova. Uttak av skjelsand vert regulert gjennom kontinentalsokkellova. Fylkeskommunen er konsesjonsstyresmakt etter denne lova. Uttak av skjelsand er ei gamal næring i Noreg som skjer på forholdsvis grunt vatn. Opptak skjer hovudsakleg i Agder-fylka, Rogaland og Hordaland. Oppmalen skjelsand har særs gode eigenskapar som kalkingsmiddel i jordbruk og vassdrag for å nøytralisere surleik. Bruksområdet synest å auke slik at denne næringa er i vekst. Dei mest brukte teknikkane ved opptak av skjelsand er bruk av grabb og sandsuging frå skip.

7.6.5 Utbygging i kystsona

Dei største befolkningskonsentrasjonane i landet finn vi langs kysten. Kystsona er derfor sterkt utsett for press når det gjeld utvikling av byar og tettstader, infrastruktur og industri. Av industriverksemd vil særleg oljeraffineri enkelte plassar krevje store areal. Samstundes er delar av kysten særs attraktiv i ferie- og fritidsamanheng, slik at hyttebygging og anna utvikling av turisme og reiselivsinteresser er viktige faktorar i arealplanlegginga i kystområda. I kyst og sjøområde er det ofte naudsynt å sjå fleire areala i fleire kommunar i samanheng for å få til ei fornuftig planlegging og forvaltning.

Til forsiden