St.meld. nr. 43 (1998-99)

Vern og bruk i kystsona

Til innholdsfortegnelse

8 Konsekvensar av næringsutnytting, bruk og vern i kystsona

Dei kystnære havområda er biologisk sett særs produktive, samstundes som dei er utsette for negative miljøverknader, som forureining, utfylling og tørrlegging. Pga. dei rike ressursane som er knytt til kystsona er den òg ein arena for mange ulike brukargrupper og næringsinteresser. Det kan derfor oppstå konfliktar mellom bruk og vern og mellom ulike brukargrupper som følgje av konkurranse om dei same areala. I fleire høve vil vern og næringsutnytting likevel kunne eksistere side ved side, avhengig av kva som er formålet med vernet og kva slags næringsutnytting det er tale om. Dette gjeld mellom anna i samband med vern av område i medhald av naturvernlova og ulike former for næringsutnytting i sjø. For å finne fram til ei berekraftig forvaltning av areala må ein ha kjennskap til kva konsekvensar ulik bruk fører til for verneverdiane, og kva konsekvensar eit vernevedtak vil kunne få for utøving av næringsverksemd.

8.1 Konsekvensar for nærings- utnytting og andre interesser ved vern i kystsona

Som det framgår av kapittel 3.1.2.2 er det til no verna ca. 21   372   km2 av Noreg sitt areal innafor territorialgrensa. Av dette er ca 1130   km2 sjøareal. Konsekvensar av vern for næringsverksemd avheng av verneomfang, verneforma, kor strenge verneforskriftene er og kor viktig det aktuelle området er for ulik næringsaktivitet. Ein kan vurdere konsekvensane i samband med eit enkelt verneområde, eller ein kan sjå ein region samla. Dei fleste verneområda er etablerte utan vesentlege konsekvensar for næringsverksemd. Sjølv om konsekvensane i samband med eit enkelt vernevedtak er relativt avgrensa, kan likevel summen av konsekvensane av t.d. ein fylkesvis verneplan eller fleire verneplanar innafor eit fylke, få verknad på næringsutviklinga i delar av fylket. Konsekvensar for andre interesser skal alltid verte vurdert i samband med verneframlegg, jf. kapittel 6.1.1. Det er eit mål at vern ikkje skal få vesentlege negative konsekvensar for næringsinteressene. Ofte vil det vere samanfallande interesser mellom vern og primærnæringane fordi vernet vil medverke til å oppretthalde det biologiske mangfaldet som fleire primærnæringar er avhengige av.

8.1.1 Konsekvensar for fiskerinæringa

I verneområde som omfattar sjø, eller grensar mot sjø, vil fiske som oftast ikkje vere i strid med verneformålet. Dersom vernereglane hadde ført til innskrenka bruk av havet for fiskarane, og kystfiskarane vart utestengde frå naturlege fiskeområde, kunne det fått økonomiske konsekvensar og påverka framtidsutsiktene for lokalt fiskeri i eit område. Målet er at framlegga til vern i medhald av naturvernlova ikkje skal få negative økonomiske konsekvensar for fiskarane.

8.1.1.1 Moglege konsekvensar

Vern av område kan få lokale konsekvensar for fisket i enkelte område i kystsona:

  • Dersom det vert lagt restriksjonar på ferdsel på land eller i sjø av omsyn til fuglelivet i sårbare periodar. Forbod mot ferdsel på land kan hindre eller vanskeleggjere tilgangen til sjøen, bruk av landfeste o.l. For enkelte sårbare fuglekoloniar er det også forbod mot ferdsel i sjøen, 10–15 meter frå land.

  • Dersom det vert lagt restriksjonar på bruk av enkelte reiskap, t.d. garn, av omsyn til freda arter og reiskap som kan øydeleggje verneverdiar på botnen. jf. kapittel 9.

  • Dersom det vert lagt restriksjonar på oppføring av nyanlegg som t.d. fortøyingar, naudsynte forbetringar av hamneområde, naudhamner, utfyllingar, kaianlegg og bryggjer/naust/buer/mottakstasjonar.

  • Dersom freding av selbestanden i eit område fører til auka bestand. Dette kan medverke til reduksjon i fiskebestandane, øydelegging av fiskereiskap og lokalt skremme vekk fisken. Auking av selbestanden kan òg auke faren for å overføre kveis, som er ein parasitt, til fiskebestandane i området.

8.1.1.2 Røynsler frå tidlegare vernevedtak

I dei fleste verneområda er det få restriksjonar på fiskeriaktivitet. I vernereglane er det vanlegvis presisert at sjølv om alt dyreliv er freda, er dette ikkje til hinder for utøving av fiske. Det varierer noko korleis dette unntaket er formulert, men det er ofte gjort unntak for «tradisjonelt fiske». For den store og mobile flåten som driftar langt til havs, medfører ikkje dei kystnære verneområda vesentlege konsekvensar under føresetnad av at verneområda ikkje kjem i konflikt med areal som flåten nyttar når den ligg ved kai for å levere, bunkre m.v., eller med areal på land som nyttast til f.eks. fiskeindustri. Det har vanlegvis vore strenge restriksjonar på oppføring av nyanlegg i naturreservat.

Freding av oter og sel kan indirekte føre til skadar på fiskereiskap og gjere kraftig innhogg i enkelte fiskebestandar. Sel er mellomvert for parasitten kveis. Dersom selbestanden er auka i verneområde, kan dette auke faren for at viktige fiskeslag kan verte infiserte og såleis vere dårleg eigna for menneskeføde. Mange verneforskrifter opnar for å gi løyve til skadefelling på slike arter dersom det viser seg naudsynt. Døme på dette er enkelte lokalitetar i verneplan for strandområde i Finnmark. I område i verneplan for våtmarker i Nordland er vernet ikkje til hinder for jakt på sjøpattedyr etter gjeldande regelverk.

8.1.1.3 Framtidige konsekvensar

Frå næringa si side er det hevda at «tradisjonelt fiske» ikkje er klart definert og kan såleis verte tolka innskrenkande i forhold til å drive fiske. Sjølv om vernereglane i utgangspunktet ser ut til å ivareta fiskarane sine interesser, ligg det ei grense i uttrykket «tradisjonelt fiske» som kan få konsekvensar for framtidig utvikling i kystfiske, dersom det vert utvikla nye fangstteknologiar.

Behovet for nyanlegg vil variere, og er avhengig av parameterar som vert fastsette og endra over tid, som t.d. utviklinga i fiske, busetjingsmønster m.v. Det kan derfor vere vanskeleg å vere konkret med omsyn til behovet for slike nyanlegg når verneforskriftene skal fastsetjast.

Ved framtidig oppretting av verneområde i kystsona der det er ein nær økologisk samanheng mellom verneformålet på land og kringliggjande sjøareal, er det eit mål at vernet ikkje skal vere til vesentleg hinder for utøving av fiske. Det vil neppe verte lagt strengare restriksjonar på fiskeriaktivitet enn det som har vore tilfelle fram til no, og vernet vil i liten grad få direkte negative konsekvensar for næringa. Eventuelle restriksjonar vil alltid verte nøye vurdert i forhold til formålet med vernet.

8.1.2 Konsekvensar for tang og tarehausting

Verneområde i kystsona kan femne om område der mykje av den haustbare taremengda veks. Ved oppretting av verneområde i medhald av naturvernlova, kan næringa verte stengt ute frå mindre område som også er viktige for næringa dersom haustbar tare vert freda og tarehausting forbode. Det er til no ikkje vitskapeleg haldepunkt for å slå fast om den taretråling som no er lov, er til skade for økosystema. Før det vert opna for hausting i nye område, skal det gjennomførast vitskapelege granskingar for å dokumentere om det økologiske systemet i området eller i nærliggjande område kan tåle haustinga.

8.1.2.1 Moglege konsekvensar

Vern av område kan lokalt få konsekvensar for tang og taretråling i enkelte område i kystsona ved at:

  • Haustevolumet lokalt ikkje kan oppretthaldast på noverande nivå dersom det samstundes ikkje vert lagt ut nye felt.

  • Den tilgjengelege mengda av råstoff vert mindre slik at det kan verte aktuelt å importere tare frå utlandet for å oppretthalde produksjonen.

  • Restriksjonar på ferdsel hindrar eller gjer det vanskeleg å utnytte ressursane.

8.1.2.2 Røynsler frå tidlegare vernevedtak

Verneforskrifter for naturreservat har vanlegvis reglar om at all vegetasjon i vatn og på land er freda mot ei kvar form for skade og øydelegging. Dette medfører at tang- og tarehausting vert utelukka i naturreservat. Frå næringa har det vore hevda at freding ikkje alltid treng gjelda hausting av tare fordi dette er ikkje alltid i strid med verneformålet. Det er og hevda at dersom freding er naudsynt i sjøfuglreservat, må det vere tilstrekkeleg i hekketida og ikkje heile året.

Verneplan for sjøfugl i Sogn og Fjordane omfattar 57 lokalitetar der det samla arealet utgjer ca 121   km2 . Av dette er ca 110   km2 sjøareal. Taretråling er forbode heile året i 50 av desse områda, medan det i dei 7 resterande områda er lov utanom hekketida. Det er ikkje undersøkt om sjøfuglbestanden har vorten redusert i dei verneområda der forskriftene opnar for taretråling. Sogn og Fjordane er eitt av fylka der taretråling er mest utbreidd, jf. figur 7.1. I følgje Statens Kartverk legg dei 50 verneområda der taretråling ikkje er lov beslag på ca 13   % av dei tareførekomstane som taretrålingsfirmaet Pronova har kartlagt. Av omsyn til dei store taretrålingsinteressene i fleire av desse områda, er det etter konkret dispensasjonssøknad og vurdering i forhold til verneformålet, gitt løyve til taretråling.

Fjørtoftneset naturreservat i Møre og Romsdal er eit døme på at fredinga ikkje er til hinder for tang- og taretråling etter dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter om hausting av tang og tare, fordi dette ikkje vil komme i vesentleg konflikt med verneformålet.

8.1.2.3 Framtidige konsekvensar

Ved gjennomføring av dei resterande verneplanane i kystsona i Nord-Noreg, Trøndelag og på Vestlandet, vil hausting av tang og tare i dei fleste høve ikkje komme i vesentleg konflikt med verneverdiane dersom ikkje tang og tare er ein del av sjølve verneformålet, eller er nært økologisk knytt til formålet med vernet. Dette kan t.d. vere der ein ønskjer vern av fugle- eller dyrearter som er spesielt knytt til tareskogen, som t.d. skarv, teist og havdykkender. Dette vil eventuelt gjelde relativt avgrensa område. Avhengig av storleiken på område som vert berørt, og om ein kan finne alternative haustingsområde, kan dette lokalt verke inn på næringa, og råstofftilgangen kan verte noko redusert.

8.1.3 Konsekvensar for havbruk

Område verna i medhald av naturvernlova og havbruksnæringa legg beslag på relativt små areal i kystsona ; havbruk omlag 0,2   % og vern omlag 2,0   % av sjøarealet innafor grunnlinja. Kva for konsekvensar vern eventuelt kan få for havbruksnæringa vil vere avhengig av det samla omfanget av verneområde, den geografiske utstrekning av verneområda i sjø og restriksjonane i forskriftene. Oppretting av verneområde kan lokalt få konsekvensar for havbruksnæringa dersom slik næringsverksemd av omsyn til verneformålet vert utelukka frå områda, og det samstundes ikkje er tilstrekkeleg anna eigna areal tilgjengeleg for oppdrettsverksemd.

8.1.3.1 Moglege konsekvensar

Vern av område kan lokalt få konsekvensar for havbruk i delar av kystsona ved at:

  • Tilgangen på eigna areal vert innskrenka, noko som kan vere problematisk i enkelte område langs kysten der ein opplever mangel på gode lokalitetar. Dette kan lokalt få konsekvensar for busetjing og arbeidsplassar.

  • Optimal lokalisering ut frå omsynet til helse- og miljø kan verte redusert dersom næringa vert utestengd frå gode lokalitetar.

8.1.3.2 Røynsler frå tidlegare vernevedtak

Vern i medhald av naturvernlova har vore praktisert som grunnleggjande permanent, sjølv om rammevilkåra som låg til grunn for vernevedtaket kan ha vorte endra. I dei fleste verneområda er oppdrettsverksemd forbode, sjølv om sjøbasert oppdrett i stor grad går føre seg i flytande anlegg i sjøen som kan fjernast relativt kort tid etter at verksemda er opphørt.

I dei verneplanar som omfattar sjøareal, er naturreservat den mest nytta vernekategorien fordi i dei fleste høve har vernet vore knytt opp mot det å ta vare på økosystem på land der også sjøareal har hatt ein funksjon i høve verneformålet. Praksis fram til no viser at alle former for oppdrett, også dei meir ekstensive former som t.d. skjeloppdrett og botnkulturar er utelukka frå naturreservat. Det har ikkje alltid framgått klart om slike ekstensive oppdrettsformer vil vere i strid med verneformålet.

I landskapsvernområde skal ein ikkje iverksetje tiltak som i vesentleg grad kan endre art eller karakter på landskapet. Tradisjonell aktivitet vil i hovudsak kunne halde fram. Oppdrett vert ikkje rekna for å vere ei form for tradisjonell aktivitet i denne samanhengen. I landskapsvernområde er sjeldan oppdrettsverksemd lov i utgangspunktet. Ei eventuell etablering av anlegg fordrar dispensasjon frå verneforskriftene. Ved vurdering av etablering av oppdrettsverksemd innafor landskapsvernområde har det ofte vore lagt til grunn at «oppdrett ansees som en fast innretning, som med dagens driftsmetoder innebærer konsentrert forurensningstilførsel» slik det er omtala i St meld nr 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde . I tillegg har det vore lagt til grunn korleis eit oppdrettsanlegg vil kunne påverke dei estetiske verdiane i landskapet og art og karakter på området. Det er gitt nokre få dispensasjonar for etablering av oppdrettsanlegg i landskapsvernområde. Det er då sett særvilkår slik at den daglege drifta er vorten meir kostnadskrevjande og mindre effektiv.

8.1.3.3 Framtidige konsekvensar

Målet er at framlegg til vern i medhald av naturvernlova ikkje skal få vesentlege negative økonomiske konsekvensar for havbruksnæringa eller hindre ei positiv utvikling i næringa. Næringskomiteen seier i si innstilling S nr 93 (1998–99) til St meld nr 51 (1997–98) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring : «at lokale og regionale kystverneplanar bør utformast slik at dei ikkje hindrar ei fortsatt positiv utvikling i havbruksnæringa. Sikring av gode lokalitetar er ei avgjerande faktor både for oppdretts- og skjelnæringa».

Ei gjennomføring av dei resterande verneplanane vil i utgangspunktet omfatte ein liten prosentdel av det samla sjøarealet i dei aktuelle områdene. Det kan likevel vere område der oppretting av verneområde kan få lokal innverknad på den vidare utviklinga av næringa om tilgang på eigna areal vert innskrenka. Oppretting av verneområde som omfattar sjøareal, kan utelukke oppdrett frå enkelte lokalitetar dersom oppdrettsaktivitet vil kunne påverke verneverdiane negativt. Om ein får slike negative konsekvensar av vern vil m.a. vere avhengig av om oppdrett kan kombinerast med verneområde eller ikkje. Eventuelle konfliktar mellom oppdrett og vern må vurderast i kvart enkelt høve, ut frå formålet med vernet og kva for type oppdrett som er aktuelt.

Ein må grunngje i forhold til verneformålet kvifor vern og havbruk eventuelt ikkje kan kombinerast. For å minimalisere eventuelle framtidige konfliktar mellom vern og havbruk, er det òg viktig at verneområda ikkje omfattar meir sjøareal enn det som er naudsynt for å sikre formålet med vernet. Ser ein på arealomfang både av vern og oppdrett skulle det vere fullt mogleg å finne areal både til verneområde og til havbruksverksemd.

8.1.4 Konsekvensar for landbruket

For landbruket vil vern kunne leggje restriksjonar på bruk av areal og anna utnytting av naturressursar som t.d. beiting, nydyrking og skogbruk. Restriksjonar på bruk av areala, som ofte er knappe, vil for mange kunne verte avgjerande for den vidare drifta. For skogbruket spesielt vil eit vern kunne skape problem for skogreising, framtidig skogbruk, ressursutnytting og effektive transportløysingar.

8.1.5 Konsekvensar for andre interesser

Ved vern av område kan det alt vesentlege av bruken av området på vernetidspunktet halde fram.

Ei rekkje ulike innretningar er naudsynt for sjøverts aktivitet . Område og lokalitetar er på ulike måtar viktige for sjøtransporten og dei interesser Kystverket skal ivareta i kystsona. Dette gjeld farleier, navigasjonsinfrastruktur, ankringsområde, naudhamner/strandsetjingsplassar, opplagsplassar, fortøyingsinnretningar, hamner o.a. Eit vernevedtak i kyst- eller sjøområde vil kunne leggje ulike restriksjonar på desse forskjellige former for aktivitet eller verksemd avhengig av verneformålet. Det vil t.d. ikkje vere ynskjeleg at det vert oppretta verneområde som inneber restriksjonar på sjøtransporten som trafikkerer ei hovudlei inn til ei av dei nasjonale eller regionale hamnene. Dei hamnene som er næringsaktive må ha høve til å drive på den måten som er til gagn for fiskerinæringa, også på landområda i hamna. For å sikre Kystverket adgang til gjennomføring av arbeid og tiltak, i tilfelle der det vert oppretta verneområde der etaten har innretningar eller andre interesser, er det naudsynt med fritak frå vernereglane. Eksempel på slikt unntak er: «Drift og vedlikehald av Kystverkets anlegg, og ferdsel i samband med dette arbeidet». For nyanlegg og innretningar som vert rekna for å ha tyding for sjøverts ferdsel og/eller tryggleik i området, må Kystverket søkje dispensasjon frå verneforskriftene. Kystverket vurderer kva for geografiske område som er viktige for Kystverket sine interesser, i samband med den enkelte verneprosess.

For energiutnytting vil vern av område kunne hindre etablering av kraftverk, vindmøller, vassdragsutbygging, ulike anlegg knytt til petroleumsverksemd og tiltak knytt til andre former for energiutnytting. Det vil også kunne leggje restriksjonar på framføring av kraftlinjer og røyrleidningar.

For mineralnæringa kan oppretting av verneområde føre til restriksjonar på uttak. I sjø kan uttak av skjelsand komme i konflikt med verneformålet dersom verneverdiane er knytt til sjølve førekomsten eller ved at ferdsel og aktivitet i tilknyting til opptaket kan påverke verneformålet t.d. ved forstyrring av sjøfugl i verneområde.

For forsvaret vil vernevedtak ikkje vere til hinder for militær operativ verksemd, men det kan hindre øvingsaktivitet som t.d. lågtflyging og skyteøvingar i strandsona og på sjøen. Tilsvarande som for andre brukarinteresser, skal forsvaret si verksemd alltid vurderast i forhold til verneformålet i kvart enkelt høve. Dette gjeld t.d. ferdsel både på sjø og land og lågtflyging. Forbod mot lågtflyging vil vere aktuelt der verneformålet er knytt til spesifikke arter som er sårbare overfor flystøy, men må òg vurderast i høve til området sin verdi for friluftsliv, helse og trivsel.

For friluftslivet er reduksjon i naturområda langs kysten og vanskelegare tilgang til dei områda som finst, særleg i nærleiken av der folk bur, vortne eit hovudproblem. For friluftslivet er det derfor grunnleggjande viktig å sikre naturområde i kystsona. Vern av område i kystsona vil derfor i dei aller fleste høve vere positivt for friluftslivet. Vern kan i enkelte høve føre til restriksjonar som m.a. kan hindre ferdsel i friluftslivsamanheng. Døme på dette er forbod mot ferdsel i sjøfuglreservat i hekketida.

Utbygging i kystsona kan verte hindra ved vern i kystsona gjennom restriksjonar på vegbygging, industriutbygging, bustadbygging m.m. Dette kan verke inn på busetjing og næringsutvikling i enkelte lokalsamfunn.

8.2 Konsekvensar for naturverdiane ved næringsutnytting og anna bruk

Næringsinteressene i kystsona er med på å auke presset på utbygginga av dei naturtypane som finst i sona, og næringsutnytting vil i ulik grad påverke verneverdiane. Ved oppretting av verneområde kan tidlegare bruk av området halde fram dersom dette ikkje strir mot verneformålet. Det vil ikkje vere lov med tiltak som i vesentleg grad endrar eller påverkar dei verdiane ein vil verne. Dei same vurderingane må ein gjera dersom det er aktuelt med ein ny type næringsaktivitet i eit verneområde.

8.2.1 Fiskerisektoren sin verknad på naturverdiar

8.2.1.1 Fiskeri

Graden av påverknad frå dei ulike fiskeria er avhengig av verneformålet og reiskapen som vert brukt. Til dømes vil fiskeri som garn- , jukse- og linefiske i liten grad påverke dei undersjøiske naturverdiane utanom fisk i eit område. Passiv reiskap vil sjeldan vere problematisk i verneområde, men kan gi utilsikta fangstar av sjøfugl og sjøpattedyr.

Når reiskapen vert dregen langs botnen, kan både samansetjing og førekomstar av botnlevande organismar verte endra. Slikt fiske kan derfor vere problematisk i verneområde der verneformålet er knytt direkte til, eller heng økologisk nær saman med botnen eller botnlevande organismar.

Påverknad på botnfauna

Botntråling kan føre til høg dødsprosent for ein del arter av botnlevande dyr, samstundes som mangfaldet ofte vert endra. Tilpassing til endringane som fiskeriaktiviteten medfører, kan føre til at sensitive arter forsvinn samstundes som arter som tilpassar seg raskt til endringane i miljøet, vert dominerande. Samstundes endrast dei fysiske forholda på botnen. Oppvirvling av sedimenta på botnen kan auke tilgangen på næringsstoff og oksygen for enkelte dyr. Det kan redusere næringstilgangen for andre dyr fordi næringsemna vert dekkja til. Rev danna av koralldyr eller børstemark er særleg sårbare for tråling.

Påverknad på sjøfugl og sjøpattedyr

Garn og line skapar dei største konfliktane mellom fiskeri og vern av sjøfugl. Drukning av alkefugl i garn har spesielt vore eit problem i Finmark, men ein må rekne med at dette også skjer i andre område, særleg i nærleiken av fuglefjell. Drukning i garn er òg eit problem for dykkender under rognkjeksfisket på våren. Størst skade gjer garna i hekkesesongen når dei vaksne fuglane er nær kysten for å skaffe fisk til ungane sine. Ein har enno ikkje klart å kvantifisere omfanget av problemet.

Ved linefiske kan fuglane verte skada eller sitjande fast dersom dei tek agnet mens lina er i overflata. I norske farvatn er spesielt havhest utsett for bifangst i linefiske. På visse årstider kan fleire hundre individ bli tekne av eitt og same farty i løpet av få veker. Det vert også teke havsule, krykkje og større måkearter. Ein eksperimenterer no med å finne avbøtende tiltak på dette problemet.

Sel og småkval som nise og kvitnos kan sette seg fast i not og garn. Problemet med sel som set seg fast i garn har størst omfang langs Finnmarkskysten, der det i tillegg til kystsel er grønlandssel. Frå fiskarane si side vert det hevda at om lag 1000 grønlandssel set seg fast i/skadar fiskereiskap i dette området pr. år. På 1980-talet oppstod ein situasjon der store mengder grønlandssel vandra inn til kysten av Finnmark. Dette resulterte i at mengda av sel som sette seg fast i garn auka sterkt og nådde ein topp i 1987. I første halvdel av 80-talet var talet på grønlandssel som vart teken som bifangst i garn på mellom 500 og 2000 dyr. I 1987 vart det rapportert om 60 000 sel som var tekne i garn. I 1989 var talet igjen nede på tidleg 80-talsnivå. Langs kysten sør for Finnmark er tilsvarande problem knytt til kystsel som t.d. havert og steinkobbe. Ein finn ikkje dokumentasjon som viser eksakt kor mange sel det dreier seg om, men det er grunn til å tru at omfanget er mindre enn på Finnmarkskysten. Dette heng m.a saman med at talet på individ av kystsel er mindre enn talet på grønlandssel.

8.2.1.2 Tang- og tarehausting

Ein urørt tareskog er sett saman av inntil 16 år gamle planter og inneheld eit stort biologisk mangfald. Tareskogen er leveområde, veksestad og beiteområde for dei andre organismane og er derfor nøkkelarter i samfunnet. Taretrålen riv opp dei store og mellomstore tareplantene og endrar såleis strukturen i tareskogen slik at yngre planter dominerer. Taren vert hausta kvart 5. år i avgrensa felt. Haustingsgraden innafor kvart felt varierer sterkt etter botnforholda. Haustinga går hovudsakleg føre seg på djup frå 2–3 meter ned til ca. 20   m i eksponerte område. Ein manglar framleis kunnskap om ein del av verknadene taretråling har på naturverdiar. Det pågår derfor forsking på dette feltet.

Påverknad på botnfauna og fisk

Det biologiske mangfaldet vert lokalt redusert for ein periode etter tråling. Enkelte arter som er avhengig av tareskogen vil komme raskt tilbake, medan andre treng 4–5 år på å restituere seg. Større arter og individ som krabbar o.l. etablerer seg først etter at taren har vorte 6–7 år gamal. Ei relativt låg haustingsgrad vil gi refugier for rask tilbakespreiing av arter. Botnfaunaen vert påverka av taretråling gjennom ein reduksjon av leveområde for enkelte arter. Dette gjeld særleg dei som er avhengig av dei store festeorgana på eldre tareplanter som t.d. krabbeyngel og dei artene som lever i eller av påvekstane på store tarestilkar. Leppefisk og ungfisk av torsk og sei nyttar tareskogen som oppvekst- og næringsområde. Taretråling kan derfor lokalt redusere omfanget av skjul og næring. Ein har lite kunnskap om verknadene dette har for utvikling av bestandane.

Påverknad på sjøfugl og sjøpattedyr

Det er førebels vanskeleg å trekkje sikre konklusjonar om effekten av taretråling på sjøfugl. Ein veit at skarv og teist er avhengig av tareskogen som næringskjelde. Enkelte granskingar tyder på at skarven treng ein radius på nærare 20   km for å skaffe mat til ungane sine, og at teist bør ha minst 2   km. Desse granskingane tilseier at ein må vere særleg merksam på effektar taretråling kan føre til i fjørfellingsområde og i skarv- og teistkoloniar. Ærfugl og andre havdykkender nyttar òg tareskog delar av året. I tillegg til ein lokal reduksjon av mattilbodet for desse artene, vil tråling kunne forstyrre hekkande, overvintrande og fjørfellande sjøfugl. Dette gjeld særleg havdykkender som lokalt lever i store konsentrasjonar, jf. Oppdragsmelding 472 frå NINA-NIKU . Då innhaldet av alginsyre i tareplantene varierer gjennom året, jf. kapittel 7.4.2 skjer taretråling til vanleg i perioden frå august til april. Ein kan derfor tilpasse taretrålinga til tider på året då fuglane er mindre sårbare, slik at ein unngår forstyrring t.d. i hekketida. Sel og oter nyttar også tareskog til matsøk. Taretråling har truleg lite å seie for selen då desse dyra søkjer mat over store område. Oteren lever stort sett på grunnare vatn enn der trålinga føregår.

Påverknad på landareala

Når det gjeld spørsmålet om taretråling kan føre til auka bølgjepåvernad på land, så er det enno ikkje slått fast kor mykje dette har å seie for erosjonsproblema på land. Utrekningar tyder på at eit breitt tarebelte på relativt grunt vatn dempar bølgjene og dermed dei kreftene som fører til erosjon. Drivtare og oppskylte tarevollar verkar òg bølgjedempande og skjermar mot erosjon av frontdynene. På Jæren er mengda drivtare redusert i forhold til tidlegare. Granskingar tyder på at det kan vere ein samanheng mellom mengde drivtare og syklusen for taretråling utanfor strendene. Tarevollar er òg næringsområde for mange arter vadefugl og veksestad for strandvegetasjonen.

8.2.1.3 Havbruk

I dag er mange av miljøproblema knytt til næringa redusert. Eit døme på det er bruken av antibiotika i næringa som no er redusert til eit minimum. I Nordland var t.d. forbruket under 3,5 kg i 1998. Dei samla utsleppa av antibakterielle middel, som før var eit stort miljøproblem, er redusert frå totalt 33  394   kg i perioden 1988–92 til eit forbruk på 670   kg i 1998. På sjukdomssida er det i dag parasitten lakselus med omfattande behandling med m.a. ulike antiparasittmiddel som kan innebere eit stort problem.

Oppdrettsverksemd vil på ulik vis påverke miljøet og naturverdiane kring anlegget. Graden av påverknad avheng mellom anna av oppdrettsart, type anlegg og driftsform. Ein skilnad går mellom sjøbasert fiskeoppdrett i mærar og oppdrett av skjel. Landbaserte anlegg eller anlegg med driftsbygningar på land vil ha andre og irreversible verknader enn dei som oftast reversible verknadene som følgjer av mæroppdrett i sjø. Oppdrett av skjel vil i mindre grad påverke miljøet kring anlegget enn eit oppdrettsanlegg for fisk.

Konsekvensane av havbruk for naturverdiar avheng av kva for naturverdiar som er knytt til området. Ikkje alle påverknader vil vere relevante i denne samanheng. Til dømes vil oppdrett av laks på ulikt vis kunne ha ein uheldig påverknad på villaks. Då villaks ikkje er eit formål for vern i medhald av naturvernlova, vil verknadene på villaks såleis ikkje verte vurdert i denne samanhengen. Dei mest aktuelle verknadene på naturverdiar er knytt til påverknad av økosystema m.a. som følgje av ulike typar utslepp, ferdsel i samband med drift av anlegga samt at oppdrettsanlegg med mærar og driftsbygningar vil vere eit inngrep i landskapet i den tida anlegget er lokalisert i området.

Dei fleste miljøpåverknadene frå oppdrettsanlegg i sjø er knytt til sjølve drifta. Dersom anlegget flyttar, vil dei i hovudsak forsvinne etter ei tid, men langtidsverknadene av ulike kjemikalieutslepp er usikre. Dei fleste lokalitetane som i dag er i bruk, har på førehand vore grundig vurdert med tanke på drift over lang tid. I dag driv ein vekselbruk, slik at kvar lokalitet ligg brakk ein sesong med jamne mellomrom. Dette er medverkande til at lokalitetane toler ein langvarig bruk. Dei lokalitetane som i dag er i bruk, må derfor sjåast på som relativt permanente.

Formålet med vernet må leggjast til grunn når ein skal vurdere verknadene havbruksnæringa kan få for verneverdiane i eit område. Verneformålet vil ofte vere samansett av fleire ulike verdiar, som t.d. å sikre urørte naturområde eller tilnærma urørte område der målet er å ta vare på økosystem som òg kan ha referanseverdi. Det vil i slike område vere eit mål å ta vare på enkelte naturverdiar, samstundes som ein legg avgjerande vekt på å unngå mest mogleg menneskeleg aktivitet og tekniske inngrep.

Påverknad på botnfauna

Endring av økosystemet som følgje av ulike typar utslepp, vil påverke botnfaunaen og det marine miljøet. Dette vil primært få negative konsekvensar i samband med marine verneområde, jf. kapittel 9.

Sjølv om bruken av antibiotika har gått sterkt tilbake, kan det oppstå sjukdom som krev behandling. Langsiktige konsekvensar på økosystema og botnfaunaen av utslepp er stort sett ukjende.

Behandling av lakselus med fosforinsekticider var dominerande fram til 1996. Det mest brukte av desse preparata (Azametifos) er ikkje vurdert til å ha vesentlege negative miljøkonsekvensar for botnfaunaen.

Bruken av kitinhemmarar, som fisken får gjennom fôret, har derimot auka sterkt sidan 1996. Dei verker hemmande på danninga av kitin i skalet til lakselusa. Middelet er særs verksamt, men kan vere skadeleg då ein ikkje kjenner til om effekten også gjeld andre krepsdyr. Stoffa er også tyngre nedbrytbare enn dei andre lusemidla. Det er usikkert om preparatet har ugunstige langtidseffektar på miljøet.

Bruk av ulike arter leppefisk som reinskefisk for lakselus hos laks og sjøaure er ein gunstig metode sett frå eit helse- og forureiningsperspektiv, men dei økologiske konsekvensane i forhold til marint mangfald er lite kjende. Leppefisk medverkar òg til å halde nøtene reine og reduserer derfor behovet for kjemiske notimpregneringsmiddel. Fordi leppefisk i stor grad dør om vinteren, må nye individ fangast kvart år. I 1997 vart vel 3,5 mill. individ sette ut. Med den forventa produksjonsauken er det rekna med eit behov på ca. 10 mill. individ pr. år. Leppefisk vert fanga på Sørvestlandet og flytta til andre område utan at ein har kunnskap om bestandsstorleik eller avgrensingar av dei enkelte populasjonane. Kunnskap om artene sin naturlege genetiske variasjon er også avgrensa Bruk av leppefisk vil heller ikkje erstatte bruk av antiparasittmiddel fullt ut då leppefisk ikkje er effektiv om vinteren når det ofte er naudsynt med slik behandling.

Bruk av kopar til notimpregnering for å hindre attgroing av nøtene har auka det siste tiåret, men mengda er stabilisert på i overkant av 200   tonn dei siste åra. Impregnerte nøter vil gi frå seg diffuse utslepp av kopar. Kopar kan vere akutt giftig for fleire typar organismar og kan akkumulerast i dyrelivet i nærleiken, særleg i skjel- og krepsdyrarter. Vask og impregnering av nøter på anlegget kan gi konsentrerte utslepp, men no vert det oftast brukt notvaskeri til denne jobben. Noreg er i følgje internasjonale avtalar forplikta til å redusere utsleppa av kopar til sjø. Det skal utgreiast og gjerast framlegg om verkemiddel for utslepp av kopar både frå notimpregnering og andre utsleppskjelder.

Utslepp av organisk stoff i form av fôrspill og ekskrement vil på gode lokalitetar i regelen ikkje få vesentlege negative konsekvensar. Dersom verneverdiane er knytte spesielt til botnfaunaen, t.d. korallrev, vil sjølv små utslepp kunne få negative verknader på botnfaunaen.

Oppdrett av skjel skjer utan fôring eller vesentleg bruk av medisinar eller kjemikaliar. Det er brukt noko antibiotika ved produksjon av kamskjelyngel, og skjeloppdrett inneber noko organisk utslepp. Skjeloppdrett fører derfor til mindre påverknad av økosystemet og botnfaunaen enn fiskeoppdrett.

Påverknad på sjøfugl, sjøpattedyr og anna vilt

For sjøfugl, sjøpattedyr og anna vilt vil menneskeleg aktivitet knytt til oppdrettsverksemda kunne innebere ein uheldig påverknad. Anlegga vil òg kunne tiltrekkje fiskeetande arter som kystselartene, oter, mink, gråhegre og skarv.

Ved vanleg drift av sjøanlegg er det naudsynt med dagleg tilsyn. Ferdsel rundt anlegga kan ha negativ effekt på fugle- og dyrelivet ein freistar å verne, avhengig av artene si tolegrense. I sjøfuglkoloniar vil særleg ferdsel i hekketida vere forstyrrande. Det er derfor forbod mot ferdsel i denne perioden i dei fleste sjøfuglreservata. Det er påvist hekkande havørn i nærleiken av fleire oppdrettsanlegg. Ei undersøking i Møre og Romsdal tyder på at ørna kan ha lågare hekkesuksess på slike lokalitetar enn det som er normalt. Her produserte kvart hekkande havørnpar i snitt 0,16 ungar pr. år når reiret låg mellom 0,3 og 0,8   km frå eit oppdrettsanlegg og 0,26 ungar kvart år når reiret låg 0,9 til 1,5   km frå anlegga. Snittet for heile Noreg er 0,65 ungar pr. år.

Ferdsel kan òg vere eit problem i område som er verna ut frå deira funksjon som fjørfellings- eller overvintringsområde.

I samband med skjeloppdrett er det ikkje naudsynt med dagleg ferdsel, men det vil innebere periodisk aktivitet knytt til tilsyn, hausting og utsetjing.

Tilfanget av fiskeetande arter rundt anlegga er ikkje eit problem i seg sjølv, men viltet kan setje seg fast i nett og mærar. Reglane om at oppdrettsanlegga må ha garn rundt anlegga for å hindre rømming av laks, aukar dette problemet. Oppdrettsanlegg vil kunne trekkje mink til stader der det er viktig å ta vare på naturverdiar som minken kan gjere stor skade på, t.d. i sjøfuglkoloniar.

Påverknad på landskap og kulturminne

Oppdrettsverksemd kan påverke det estetiske aspektet og eventuelt påverke eit urørt område. Installasjonane kan rage over dei naturlege landskapsdraga og gi landskapet andre hovuddimensjonar enn dei opphavelege. Dei kan òg danne nye landemerke slik at dei naturlege landemerka vert mindre viktige. Eit synleg oppdrettsanlegg vil derfor kunne endre landskapet sin art og karakter, særleg om området elles er fritt for menneskelege inngrep. Oppdrettsanlegg kan òg påverke estetiske verdiar knytt til kulturminne langs kysten.

8.2.2 Landbruket sin verknad på naturverdiar

Tradisjonelt utnyttar landbruksinteressene areala gjennom jordbruk, husdyrbeite og skogbruk i utmarka. Ofte vert også andre ressursar i utmarka utnytta, til dømes til egg- og dunsanking, og til aktivitetar knytt til turisme. Landbruksdrift spelar ei positiv rolle der t.d. beiting og slått aukar artsmangfaldet. Beiting i kystsona medverkar til å halde kulturlandskapet i hevd. Det vil kunne medverke til å redusere gåseskadane på dyrka mark lenger inn i landet. Skogreising i kystsona påverkar både landskapsbiletet og dei naturlege økosystema.

8.2.3 Andre interesser sin verknad på naturverdiar

Sjøverts aktivitet vil kunne føre til ulike konsekvensar for naturverdiar som er ønskjelege å verne i eit område, t.d. gjennom trafikk og ferdsel som kan føre til støy og forureining, gjennom utbygging, som fyr/lys, merker, utdjuping og mudring eller på annan måte gjennom utslepp og ulykker.

Vindmølleparkar krev rundt 1   km2 pr. 10 MW produsert energi. Ei vindmølle produserer i snitt 1–2 GWh årleg. Areal til fundament, oppstillingsplassar, kraftlinjer og vegar utgjer rundt 1–2 prosent av det totale arealet. Resten av arealet kan stort sett brukast til andre formål. I tillegg til at vindmøllene alltid vil utgjere støyande og ofte særs synlege inngrep i landskapet, må ein ta omsyn til friluftsliv, fugl og annan fauna og flora. Erfaring frå andre land viser at etablering av vindkraftproduksjon i større skala kan medføre store miljøkonfliktar dersom ein ikkje styrer utviklinga. Konsesjonstyresmaktene ved Norges vassdrags og energidirektorat (NVE), vil leggje vekt på at vindmølleprosjekta ikkje er i sterk konflikt med viktige kulturlandskap, naturområde, sårbare landskap eller arter. Det er derfor eit godt samarbeid mellom energi- og miljøstyresmakter om kriterium for val av lokalisering.

Tidevatnkraftverk som nyttar rørsleenergien i tidevatnet kan få konsekvensar for miljøet når konstruksjonen vert senka ned og fortøydd til havbotnen.

Ilandføring av kraftkablar med høg spenning kan føre til store miljøkonfliktar i kystsona. Den planlagte ilandføringa av kablane på Listastrendene i tilknyting til avtalane om kraftutveksling med kontinentet er eit døme på dette. Det er uvisst om det er aktuelt med fleire kablar til utlandet, men problemstillinga vil i praksis vere avgrensa til den sørlegaste delen av Sørlandskysten.

Vasskraftverk høgare opp i vassdraget kan påverke både dei fysiske, kjemiske og biologiske tilhøva ved utløpet av vassdraget i sjøen. Det same gjeld dersom kraftverket har utløp direkte i sjøen. Tidlegare var det t.d. eit problem enkelte plassar at uheldig utforming av inntakskonstruksjonar kunne medføre fiskedød som følgje av overmetting av nitrogen i utløpsvatnet frå kraftverket.

Petroleumsverksemda kan få store konsekvensar for miljøverdiar i kystsona som følgje av m.a. faste installasjonar og fare for forureining. Ved utbyggingar av installasjonar og legging av rørleidningar kan både leveområde, korallrev og kulturminne verte påverka. Samstundes kan det skje akutte utslepp og driftsutslepp av olje og kjemikaliar. Verknader på miljøet vert vurderte i konsekvensutgreiingane for utbyggingar og drift.

Skjelsand er ein ikkje fornybar ressurs. Granskingar har vist at alderen på skjelsand frå Hordaland varierer frå 1000–2000 år ved overflata til 5000 år på 1,5   m djup. Materialet vert ofte transportert og avsett i le på innsida av holmar og skjer. Faunaen inneheld eit stort tal små arter med høgt individtal. Desse er grunnlag for næring til fisk og større virvellause dyr. Skjelsand er også gyte- og oppvekstområde for arter som flatfisk, sild, sil, kamskjel, hummar og krabbe. Opptak av skjelsand fører til endring av havbotnen med djupe groper eller furer og oppkvervling av materiale. Det er lite kunnskap om verknader på fisk og krepsdyr. Sjøfugl kan verte forstyrra av opptak i nærleiken av beite-, fjørfelling- og hekkeområde.

Uttak av sand og grus på land kan påverke fleire verneverdiar. Det er òg knytt kulturminne til mange førekomstar av sand og grus som kan verte øydelagt av uttak.

Forsvaret driv skyte- og øvingsaktivitet på sjøen som kan verke inn på fugl, sjøpattedyr og fisk, men ein kjenner ikkje dei konkrete verknadene av denne aktiviteten. Slik aktivitet kan òg skade havbruksnæringa i kystsona. Større øvingar på land kan skade flora og fauna i kystsona. Forsvaret driv aktiv registrering og planlegging for å førebyggje og redusere negative verknader på naturen mest mogeleg.

Reiseliv kan påverke naturverdiane i kystsona ved turistanlegg som reduserer landskap- og naturoppleving, og som kan skade flora og fauna. I de seinare åra er det utvikla ein felles plattform mellom miljøvern- og reiselivstyresmaktene for utvikling av miljøbasert reiseliv.

Når det gjeld friluftslivet, er reduksjon i naturområda langs kysten og vanskelegare tilgjenge til dei områda som er, særleg i nærleiken av der folk bur, eit hovudproblem. Det er derfor ei grunnleggjande fellesinteresse mellom naturverninteressene og friluftslivsinteressene å sikre naturområde i kystsona, sjølv om stor friluftsbruk enkelte plassar kan føre til slitasje og forstyrring på flora og fauna.

8.3 Vidare politikk og retningslinjer for avveging mellom nærings- og verneinteresser i sjø

Regjeringa syner til at næringsinteresser og annan aktivitet i kystsona påverkar areala og dei ulike naturtypane. Dette har ført til at det innafor enkelte naturtypar er få areal att som er lite påverka. I enkelte område kan stor konkurranse om til dels dei same areala føre til konfliktar mellom ulike samfunnsinteresser. Det er derfor naudsynt med ei heilskapleg vurdering av vernepolitikken, utøving av ulike næringsaktivitetar og andre samfunnsinteresser for å sikre ei berekraftig utvikling i kystsona. Dette framgår m.a. i St meld nr 48 (1994–95) Havbruk – en drivkraft i norsk kystnæring der det er peika på at det er naudsynt å utarbeide ein heilskapleg politikk for vern av sjøområde. I St meld nr 58 (1996–97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling er det lagt til grunn at forvaltning av miljøressursane må byggje på føre-var prinsippet og skje ut frå respekt for naturen sine tolegrenser. Føre-var prinsippet slik det framgår av denne meldinga , vil seie at dersom det er fare for alvorleg eller uoppretteleg skade, skal ikkje mangel på full vitskapleg kunnskap om verknader ved ulike inngrep og aktivitetar verte brukt som argument for å gjennomføre naturinngrep. Samanhengen i naturmiljøet og i økonomien er så komplisert at det i praksis ikkje er mogeleg å ha fullstendig kunnskap om alle verknader. Mogelege skadeverknader på naturen må derfor få særleg vekt når ein skal fastsetje mål.

Generelt vil etablering av verneområde føre til få konsekvensar for eksisterande næringsverksemd, fordi det vanlegvis ikkje vil verte oppretta verneområde der pågåande aktivitet er i strid med verneformålet.

Når det gjeld framtidig næringsutnytting vil Regjeringa peike på at næringsutviklinga i kystsona og særleg i sjøområda, truleg står framfor ei teknologisk utvikling som gjer det vanskeleg å konkretisere i dag kva for arealbehov dei ulike næringane vil ha i framtida. Dette gjeld særleg havbruk, men også fiskeria. Både vern og næringsutvikling vil vere ein del av ei langsiktig utvikling i kystsona. Det er derfor viktig å avsetje areal som ikkje vert påverka av ulike aktivitetar og inngrep slik at vi kan ha eit nettverk av referanseområde der det vil vere ei naturleg økologisk utvikling. Det er òg viktig å sikre for ettertida område som har særlege verdiar med tanke på representativitet og som typeområde.

Regjeringa vil understreke at ikkje alle verneområde utelukkar all annan aktivitet, og i dei fleste verneområde vil tradisjonell bruk kunne halde fram. Dette vil avhenge av formålet med vernet og kva slags aktivitet det er tale om. Det må derfor alltid gjerast ei vurdering i kvart enkelt høve av kva som vil kunne skade eller øydeleggje dei verneverdiane som ligg til grunn for at verneområdet vert oppretta. Både verneform og forskrifter skal tilpassast formålet med vernet i det enkelte høve. Såleis kan det t.d. i landskapsvernområde verte opna for meir menneskeleg aktivitet enn i naturreservata. Der verneformålet t.d. er å ivareta ein viktig hekkelokalitet, kan det i mange høve vere tenleg å avgrense ein del restriksjonar til berre å gjelde dei tidene på året då fuglane sin hekkeperiode gjer det naudsynt. Det kan òg vere aktuelt å dispensere frå forskriftene for ulike tiltak og aktivitetar dersom det ut frå ei konkret vurdering er særs viktig for næringsutøving og busetjingsmønster i kystkommunane, og det ikkje kjem i vesentleg konflikt med formålet med vernet.

8.3.1 Retningslinjer for avveging mellom vern og fiskerinæringa sine interesser i sjø

Som grunnlag for ei vurdering av kva for aktivitetar og tiltak som kan verte utført innafor dei ulike verneområda, vil Regjeringa leggje fram enkelte generelle retningslinjer for vurdering av fiskeriaktivitet, tang- og tarehausting og oppdrettsverksemd i ulike typar verneområde, både i forhold til vernekategori og ulike verneformål. Retningslinjene er overordna og er ikkje meint å vere utfyllande. På bakgrunn av desse retningslinjene, som framgår av boksane 8.1, 8.2 og 8.3, meiner Regjeringa at det må liggje ei individuell vurdering til grunn i alle område når ein skal avgjere kva for aktivitetar og tiltak som kan verte utført innafor dei ulike verneområda. Vurderinga må ta utgangspunkt i formålet med vernet og korleis dei ulike aktivitetane vil kunne påverke verneverdiane.

8.3.1.1 Fiskeria

Regjeringa meiner at vurderinga av korleis ulike fiskeriaktivitetar verkar inn på eit verneområde avheng av kva for verneinteresser som er til stades, reiskap som vert brukt og intensiteten på fisket. I dei fleste verneområda som omfattar sjøareal, er utøving av fiske ikkje i strid med verneformålet. Dei fleste verneforskriftene vert derfor utforma slik at omsynet til fiskeriaktivitetane i det alt vesentlege vert ivareteke.

Regjeringa syner til at det likevel kan oppstå konfliktar i samband med bruk av aktiv reiskap som botntrål og skrape der desse vil føre til endra artssamansetjing og førekomstar av botnlevende organismar. Passiv reiskap som t.d garn og line kan føre til bifangstar av sjøfugl og sjøpattedyr. Kaste- og låssettingsplassar kan i enkelte tilfelle vere problematiske i forhold til enkelte verneverdiar på land, og enkelte plassar er det naudsynt med ferdselsforbod visse tider av året av omsyn til sjøfuglane sine hekketider.

Fiskarar som er busette i eller i nærleiken av verneområde kan risikere at det vert lagt restriksjonar på bruk av delar av dei sjøområda som utgjer driftsgrunnlaget deira. Det er derfor særleg viktig at ein tek omsyn til denne gruppa når det vert skipa verneområde som også omfattar sjøareal. I St meld nr 51 (1997–98) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring er det understreka at det er viktig å sikre areal til aktivitetar knytt til hausting av marine ressursar og matproduksjon i sjø. Regjeringa legg derfor vekt på at verneforskrifter som gjeld for sjøareal også i framtida skal leggje minst mogleg restriksjonar på utøving av fiske. Miljøstyresmaktene vil i samarbeid med fiskeristyresmaktene vurdere om omfang av sjøareal og restriksjonar i forhold til fiske i eksisterande verneområde er i samsvar med retningslinene i denne meldinga.

Regjeringa går inn for at hovudretningslinjene for fiskerinæring i dei ulike vernekategoriane som framgår av boks 8.1 vert lagt til grunn ved vurdering av forholdet mellom vernekategori, verneformål og fiskerinæringa.

Boks 8.12 Retningslinjer for utøving av fiske i samband med verneområde

Nasjonalparkar har til formål å ta vare på større urørte eller i det vesentlege urørte eller eigenarta eller vakre naturområde der landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminne skal vernast mot utbygging, anlegg, forureiningar og andre inngrep. Nasjonalparkar der formålet er knytt til landområde, vil normalt ikkje vere til hinder for utøving av fiske.

Det kan gjennom dispensasjon frå forbodet i forskriftene verte gitt løyve til etablering av faste installasjonar som er naudsynte for næringsutøving, t.d. fortøyingsfeste, naust o.l. I ei slik vurdering er spørsmålet viktig om kor urørt området er. Dispensasjonen kan eventuelt verte gitt på visse vilkår, og vil ofte krevje løyve frå anna lovverk i tillegg, t.d. plan- og bygningslova

Dersom det vert aktuelt å opprette nasjonalparkar i samband med marine verneområde, jf. kapittel 9, kan det verte lagt restriksjonar på bruk av reiskap som i vesentleg grad kan øydeleggje, forringe eller endre verneverdiar som er ein del av formålet med vernet, t.d. tråling i område med korallrev.

Landskapsvernområde har til formål å ta vare på eigenarta eller vakkert natur- eller kulturlandskap og sikre landskapet sin art og karakter. Planter og dyr er vanlegvis ikkje freda i landskapsvernområde dersom det ikkje er knytt artsvern etter §§  13 eller 14 til området. Landskapsvernområde er ikkje til hinder for utøving av fiske. Eventuelt behov for faste installasjonar i samband med næringsutøving vil kunne løysast gjennom dispensasjon frå forbodspunktet i verneforskriftene.

Dersom det er innført reglar om artsvern i tillegg til landskapsvernområde, vil det sjeldan føre til restriksjonar på fiske. Avhengig av formålet med artsvernet, kan det ved fuglefreding vere ferdselsrestriksjoner i hekketida. Artsvern knytt til botaniske verdiar på land vil ikkje påverke utøving av fiske.

Naturreservat etter §  8 i naturvernlova der formålet er å ivareta urørt eller tilnærma urørt natur eller ein spesiell naturtype og som har særskilt vitskapleg eller pedagogisk verdi, vil i dei fleste høve ikkje vere til hinder for utøving av fiske. Pga kravet om urørt natur, kan det verte lagt restriksjonar på installasjonar på land. Unntak frå dette kan vurderast gjennom ein eventuell dispensasjon frå forbodet i forskriftene.

Dersom verneformålet er spesielt knytt til verdiar på land som t.d. botanikk eller kvartærgeologi, vil dette ikkje vere til hinder for utøving av fiske. Avhengig av verneverdiane kan det verte lagt restriksjonar på installasjonar på land.

Dersom verneformålet er spesielt knytt til sjøfugl , kan det t.d. vere aktuelt å innføre forbod mot ferdsel i samband med hekketida for sjøfuglane. I nokre område kan garnbruk vere eit problem slik at det òg kan vere aktuelt å vurdere restriksjonar i samband med dette.

Dersom vern av sjøpattedyr inngår i verneformålet, kan det t.d. verte lagt restriksjonar på jakt. Det kan likevel vurderast å gi løyve til naudsynt regulering av omsyn til fiskerinæringa. Vurdering av dette må gjerast gjennom samarbeid mellom miljø- og fiskeristyresmaktene.

Dersom verneformålet er marine verdiar , kan det t.d. verte restriksjonar på aktivitetar som endrar botntilhøva, som t.d. botntråling og skjelskraping, jf. kapittel 9.

I naturreservat etter §  9 , såkalla biotopfredingar er formålet å bevare område som har vesentleg verdi for planter eller dyr som vert freda gjennom §§  13 eller 14, for å bevare livsmiljøet deira. I slike område vert fiskeriaktivitet vurdert tilsvarande som i naturreservat etter §  8. I kystsona vil det primært vere aktuelt med fuglefredingsområde, og det kan derfor verte lagt restriksjonar på ferdsel og garnbruk. Då det ikkje er krav til urørt natur slik som i naturreservat etter §  8, kan installasjonar på land i større grad aksepterast.

8.3.1.2 Tang- og tarehausting

Regjeringa viser til at tareskogane er artsrike økosystem som er viktige gyte- og oppvekstområde for fisk og næringsområde for sjøfugl og til dels sel. Samstundes er det i enkelte område knytt relativt store næringsinteresser til hausting av tang- og tare. Hausting verkar inn på naturmiljøet gjennom reduksjon av biomasse og endring av den marine artssamansetninga lokalt for ein periode. Tareskogen vert restituert i løpet av ca 10 år, nokre arter treng kortare tid for å etablere seg.

Det er vanskeleg å trekkje sikre konklusjonar om den langsiktige effekten av taretråling på sjøfugl. Granskingar så langt tilseier at ein må vere særleg merksam på effektar taretråling kan føre til i fjørfellingsområde og i skarv- og teistkoloniar, jf. kapittel 8.2.1.2.

Regjeringa viser til at den forvaltningsordninga som no vert tilskipa for taretråling i stor grad vil ivareta både tarenæringa sitt behov og fiskeri- og miljøinteressene. Ei ny forvaltningsforskrift vart vedteke i 1995. Denne har som formål å sikre ei forsvarleg og langsiktig utnytting av tang og tare som ein del av ei heilskapleg forvaltning av ressursane og naturmiljøet langs kysten. Løyve til hausting av tang og tare kan berre verte gitt dersom det er truleg at tang- og tareskogen og det økologiske systemet i området eller i nærliggjande område, kan tole den belastninga hausting kan føre til. Det er skipa ei sentral faggruppe der m.a. Direktoratet for naturforvaltning og Fiskeridirektoratet er med. Gruppa skal vurdere kva for område som er aktuelle for taretråling og leggje fram ein langsiktig forvaltningsplan for tareressursane. I tillegg er det oppretta regionale grupper som har kartlagt ressursane. På grunnlag av ressurskartlegginga og forvaltningsplanen avgjer Fiskeridirektoratet, i samråd med Direktoratet for naturforvaltning, kva for felt som skal opnast for hausting. Dersom det vert aktuelt med nye oppgåver for dei regionale gruppene bør også fylkesmannen som regional miljøstyresmakt, vere med i desse.

Regjeringa meiner at på bakgrunn av denne nye forvaltningsordninga, vil taretrålinga verte effektivt regulert, og tareskogen sin funksjon som ressurs og økosystem verte godt ivareteken. Regjeringa legg til grunn at forvaltningsplanen som oftast vil sikre tilstrekkelege område med variert tareskog. Dersom oppretting av verneområde ikkje er knytt til marint vern, og tareskogen er hovudformålet med vernet, jf. kapittel 9.5, vil det derfor i få tilfelle vere aktuelt å regulere taretråling i verneforskriftene.

Ved framlegg om nye verneområde vil derfor no behovet for å regulere taretråling i verneforskriftene verte vurdert på bakgrunn av forvaltningsplanen for tare og verneformålet. Regulering av taretråling i verneforskriftene kan likevel vere naudsynt dersom forvaltningsplanen ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek verneverdiane. Ein bør i størst mogeleg grad samordne framlegga til verneområde med dei trålfrie områda i forvaltningsplanen.

Når forvaltningsplanen for taretråling ligg føre, skal eksisterande verneforskrifter som regulerer taretråling verte gjennomgått med utgangspunkt i forvaltningsplanen, jf. kapittel 6.2.5 og 6.2.6. I denne gjennomgangen skal ein vurdere om det framleis er naudsynt å leggje restriksjonar på taretråling i verneområde. Dersom det ikkje er naudsynt, skal ein endre vernereglane og/eller storleiken på vernearealet.

Dersom ein finn det naudsynt å regulere taretråling etter naturvernlova innafor verneområdet, kan det søkjast dispensasjon frå reglane i verneforskrifta. Forvaltningstyresmakta skal avgjere ein slik søknad etter råd frå faggruppa for tang og tare. I Ramsarområde vil dispensasjonssøknader verte behandla med utgangspunkt i området sin internasjonale verneverdi, og Ramsar-konvensjonen sitt hovudformål om å bevare den økologiske tilstanden i områda.

Regjeringa meiner at hovudretningslinjene for taretråling som framgår av boks 8.2 bør leggjast til grunn ved vurdering av taretråling i samband med ulike vernekategoriar og verneformål dersom det er aktuelt med vern i medhald av naturvernlova i eit område i tillegg til reguleringane ut frå forvaltningsplanen.

Boks 8.13 Retningslinjer for tang- og tarehausting i samband med verneområde

Den nye forvaltningsplanen for tare har m.a. som formål å sikre ei heilskapleg forvaltning av tareressursar og naturmiljø langs kysten. Det vil derfor sjeldan vere behov for å regulere taretråling i verneområde dersom det ikkje er marine verneområde, jf. kapittel 9. Regulering av taretråling kan likevel vere naudsynt dersom forvaltningsplanen for tang og tare ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek verneverdiane. Eventuelt forbod mot ferdsel i verneområde gjeld òg i samband med taretråling. Slike forbod mot ferdsel kan eventuelt avgrensast til delar av året dersom det er tilstrekkeleg i høve til verneformålet.

Nasjonalparkar har til formål å bevare større urørte eller i det vesentlege urørte eller eigenarta eller vakre naturområde der landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminne skal vernast mot utbygging, anlegg, forureiningar og andre inngrep. Taretråling vil normalt ikkje vere i strid med verneformålet og det vil derfor verte gjort unntak i forskrifta for slik verksemd.

Nasjonalparkar som eventuelt vert oppretta av omsyn til reint marine verneverdiar, må vurderast for seg, jf. kapittel 9.

Landskapsvernområde har til formål å ta vare på eigenarta eller vakkert natur- eller kulturlandskap og sikre landskapet sin art og karakter. Planter og dyr er vanlegvis ikkje freda i landskapsvernområde dersom det ikkje er knytt artsvern etter §§  13 eller 14 til området. Om taretråling kan føregå i eit landskapsvernområde, er avhengig av kva for påverknad taretråling faktisk vil kunne ha på verneverdiane i strandsona, t.d. lausmassar. Dersom botntilhøva og haustingsgraden er slik at fjerning av tare ikkje vil påverke verneverdiar i strandsona, skal verneforskrifta gjere unntak for taretråling.

Naturreservat etter §  8 i naturvernlova der formålet er å ivareta urørt eller tilnærma urørt natur eller ein spesiell naturtype og som har særskilt vitskapleg eller pedagogisk verdi, vil taretråling i utgangspunktet ikkje vere lov dersom taretrålinga påverkar verneverdiane. Forvaltningsstyresmakta kan gi særskilt løyve på bakgrunn av søknad og etter ei konkret vurdering dersom haustingsgraden er liten eller taren er mindre viktig for verneformålet.

Dersom verneformålet er knytt hovudsakleg til sjøfugl, bør taretråling kunne tillatast, men i skarv- og teistkoloniar eller fjørfellingsområde bør ein av føre-var grunnar vere spesielt varsam med å gi løyve til taretråling av omsyn til effektar tråling kan ha på slike verneverdiar.

Dersom vernet er knytt hovudsakleg til andre zoologiske eller botaniske verdiar som ikkje har ein nær økologisk samanheng med tareskogen, vil taretråling vere lov.

Dersom verneformålet er knytt til reint marine verdiar, t.d. sjølve tareskogen eller organismar som lever i tareskogen, må det vurderast som marint vern, jf. kapittel 9.

I naturreservat etter §  9 , såkalla biotopfredingar er formålet å bevare område som har vesentleg verdi for planter eller dyr som vert freda gjennom §§  13 eller 14 for å bevare livsmiljøet deira. I slike område må ein vurdere tareskogen sin funksjon for artene som er freda i medhald av §§  13 og 14, før det vert teke stilling til eventuell regulering av taretråling. Vurderingane vert i hovudsak tilsvarande som i naturreservat etter §  8, men det er ikkje krav til at naturområdet skal vere urørt.

8.3.1.3 Havbruk

Eventuelle konfliktar mellom områdevern og havbruksnæringa vil avhenge av oppdrettsart, type anlegg og driftsform og kva for verneverdiar som er knytt til området. Oppdrett av laks og aure i opne mærar i sjø er pr i dag den dominerande oppdrettstypen. Dette er inngrep som kan verke inn på naturen rundt anlegget med ulike utslepp og ved at verksemda trekkjer til seg fugl og vilt som kan gjere skade i anlegga og endre økologien i området. Eit oppdrettsanlegg vil òg kunne ha uheldig verknad på landskapsverdiar, hindre allmen ferdsel og fritidsfiske, komme i konflikt med kulturminneverdiar og føre til auka ferdsel som følgje av den daglege drifta. Sjølv om tradisjonell mærdrift i sjøen i utgangspunktet er eit reversibelt inngrep, vil ei etablering med dei strukturar og driftsformer som er vanlege i dag, ofte ha ein permanent karakter.

Regjeringa viser til at i internasjonal samanheng har Noreg konkurransefortrinn i denne næringa som følgje av naturgitte tilhøve der mat vert produsert på ein relativt berekraftig og miljøvenleg måte. Både nasjonalt og internasjonalt vil det derfor vere ønskjeleg å halde fram utviklinga i næringa.

Regjeringa understrekar at både oppdrettsnæringa og verneinteressene legg beslag på marginale areal totalt sett i kystsona, og at nasjonale vernevedtak i liten grad har verka inn på utviklinga av oppdrettsnæringa. Regjeringa meiner derfor at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for naudsynt etablering av oppdrettsanlegg og gjennomføring av dei resterande verneplanane. Før ein fattar nye vedtak om vern som omfattar sjø, vil Regjeringa gjere ei grundig vurdering av storleiken på sjøareala som skal vernast. I samband med framlegg til kystverneplan for Nordland, vil Regjeringa vurdere å redusere storleiken på sjøareala som har vore på høyring.

Regjeringa meiner at det gjennom ei heilskapleg planlegging i kystsona, slik det er lagt opp til i Nordland og Troms, er mogeleg å avsetje naudsynt areal som både vil ta omsyn til viktige naturområde, samstundes som næringsverksemd som t.d. havbruk får tilgang på tilstrekkeleg areal. Kommunane har derfor ei utfordring i å utforme arealplanar som gir næringsinteresser naudsynt rom for utvikling.

Dersom det i enkelte høve viser seg å verte konkurranse om dei same areala, og det både for naturverninteressene og for havbruksnæringa ikkje er mogeleg å finne alternative tilsvarande lokalitetar, må ein gjere ei grundig vurdering av forholdet mellom verneformål og kva for type oppdrett som er aktuelt. Regjeringa understrekar den positive utviklinga i oppdrettsnæringa m.a. i forhold til bruk av antibiotika og utslepp av organisk materiale, samt praktiseringa med brakklegging av lokalitetar. Dersom miljøverknadene av den aktuelle oppdrettsverksemda i liten grad vil påverke verneformålet, t.d. skjeloppdrett i eit landskapsvernområde, kan vern og oppdrett kombinerast. Under føresetnad av at det ikkje er i strid med verneføremålet, meiner Regjeringa at det vil vere mogeleg å kombinere vern av eit sjøareal og bruk av det same området til havbruksverksemd, i større grad enn ved tidlegare vernevedtak . Regjeringa meiner at ein skal leggje føre-var prinsippet til grunn når ein vurderer om miljøstyresmakta kan gi løyve til oppdrettsverksemd innafor eit verneområde.

Miljøvernstyresmaktene vil i samarbeid med fiskeristyresmaktene vurdere om omfang av sjø­areal og restriksjonar i høve til havbruk i eksisterande verneområde er i samsvar med retningslinene i denne meldinga. Dei vil og vurdere om det bør utarbeidast nærare retningslinjer for omfang og restriksjonsnivå i forhold til havbruk når verneformålet er verneverdiar på land, jf. også kapittel 5.6.

Når det gjeld eksisterande og planlagt havbruk i tilknyting til eit verneframlegg, meiner Regjeringa at miljø- og fiskeristyresmaktene må avklare dette så langt råd er, i løpet av verneplanprosessen før vedtak om vern vert fatta. Når det gjeld potensiell havbruksaktivitet, bør forholdet mellom verneinteresser og havbruk i tilknyting til verneområdet avklarast gjennom forvaltningsplanen for det enkelte område. Miljøstyresmakta skal i nært samarbeid med fiskeristyresmaktene, ta stilling til om potensiell havbruksaktivitet innafor verneområdet er i strid med verneformålet eller ikkje. Ein må her differensiere mellom ulike former for oppdrett, og finne fram til aktuelle alternativ for lokalisering av oppdrettsanlegg.

I Ramsarområde vil dispensasjonssøknader verte behandla med utgangspunkt i området sin internasjonale verneverdi, og Ramsar-konvensjonen sitt hovudformål om å bevare den økologiske tilstanden i områda. Regjeringa meiner at hovudretningslinjene for havbruk som framgår av boks 8.3 bør leggjast til grunn ved vurdering av oppdrett innafor dei ulike vernekategoriane og ved ulike verneformål.

Boks 8.14 Retningslinjer for havbruk i samband med verneområde

Havbruk vert i dag drive på ulike måtar som i ulik grad verkar inn på miljøet. Det må nøye vurderast kva restriksjonsnivå som er naudsynt for å ivareta formålet med vernet i dei enkelte områda. Ved utforming av verneforskriftene må ein m.a. ta omsyn til kva slags havbruksverksemd som eventuelt er aktuelt, t.d. om det er naudsynt med fast bygningsmasse. Følgjande retningslinjer gjeld der verneføremålet er landbaserte verneverdiar, m.a. sjøfugl.

Nasjonalparkar har til formål å bevare større urørte eller i det vesentlege urørte eller eigenarta eller vakre naturområde der landskapet med planter, dyreliv og natur- og kulturminne skal vernast mot utbygging, anlegg, forureiningar og andre inngrep. Etablering av oppdrettsanlegg med fast bygningsmasse vil vere i strid med verneformålet, og det vil ikkje verte oppretta nasjonalpark på sjøareal som er av verdi for etablert oppdrettsverksemd.

Havbruksverksemd utan fast bygningsmasse, utan forureingskonsekvensar og utan synlege anlegg over sjøoverflata, t.d. skjel­oppdrett, er likevel ei form for oppdrett som ­sjeldan vil vere i strid med verneformålet. ­Verneforskriftene vil bli utforma i samsvar med dette.

Det må òg vere høve til etter søknad å gi løyve til etablering av andre oppdrettsanlegg under føresetnad av at ein tek tilstrekkeleg omsyn til dei aktuelle verneverdiane som ligg til grunn for oppretting av verneområdet.

Nasjonalparkar som eventuelt vert oppretta av omsyn til marine naturverdiar må vurderast for seg, jf. kapittel 9.

Landskapsvernområde har til formål å ta vare på eigenarta eller vakkert natur- eller kulturlandskap og sikre landskapet sin art og karakter. Planter og dyr er vanlegvis ikkje freda i landskapsvernområde dersom det ikkje er knytt artsvern etter §§  13 eller 14 til området. I slike område kan forvaltningstyresmakta etter søknad gi løyve til etablering av oppdrettsanlegg under føresetnad av at ein tek tilstrekkeleg omsyn til dei aktuelle verneverdiane som ligg til grunn for oppretting av verneområdet. Ved vurderinga skal det leggjast særleg vekt på om drifta kan skje utan at det vert etablert fast bygningsmasse, og evt. vekselbruk mellom lokalitetar innafor og utanfor landskapsvernområdet. I landskapsvernområde som er stort sett urørte og som eventuelt er knytt til nasjonalparkar, bør dispensasjonspraksis vere strengare enn i land­skaps­vernområde med eksisterande busetjing eller andre inngrep. Havbruksverksemd utan fast bygningsmasse og utan særleg synlege anlegg over sjøoverflata, vil i praksis ikkje vere i strid med verneføremålet. Verneforskriftene vil bli utforma i samsvar med dette.

I naturreservat etter §  8 i naturvernlova der formålet er å ivareta urørt eller tilnærma urørt natur eller ein spesiell naturtype og som har særskilt vitskapleg eller pedagogisk verdi, vil etablering av dei fleste typar oppdrettsanlegg vere i strid med verneformålet. Ved vurdering av dispensasjonssaker må alltid formålet med vernet liggje til grunn for vurderinga av den aktuelle oppdrettsverksemda. Ein kan t.d. vurdere etablering av skjeloppdrett utan bygningsmasse. Ved eventuell løyve til etablering av oppdrettsanlegg innanfor eit slikt verneområde, må ein ta tilstrekkeleg omsyn til verneverdiane som ligg til grunn for opprettinga av verneområdet.

Dersom verneformålet er spesielt knytt til sjøfugl eller sjøpattedyr, vil mange former for fiskeoppdrett ikkje kunne drivast utan å komme i strid med verneformålet dersom aktivitet knytt til anlegget vil forstyrre artene ein ønskjer å verne om, eller oppdrettsverksemda i avgjer­ande grad påverkar levetilhøva for vedkommande art. Dersom det er naudsynt med restriksjonar berre delar av året, t.d. i hekketida, bør forvaltningsstyresmakta kunne gi dispensasjon på vilkår om kontrollert ferdsel til slike tider av året.

Dersom verneformålet er botaniske eller kvartærgeologiske verdiar i strandsona vil havbruk vanlegvis ikkje vere i strid med verneformålet.

Reservat som vert oppretta av omsyn til reint marine verdiar vil måtte vurderast for seg, jf. kapittel 9.

I naturreservat etter §  9 , såkalla biotopfredingar er formålet å bevare område som har vesentleg verdi for planter eller dyr som vert freda gjennom §§  13 eller 14, for å bevare livsmiljøet deira . Slike område har ikkje krav til å vere urørte tilsvarande som naturreservat etter §  8. Etablering av havbruksverksemd i slike område, kan derfor vere mindre konfliktfylt enn i reservat freda etter §  8. Avhengig av området sin funksjon, kan havbruksverksemd komme i konflikt med vernet. I den grad havbruksverksemd forringer livsmiljøet for den aktuelle art, skal havbruk ikkje vere lov.

Ved eventuell løyve til etablering av oppdrettsanlegg innanfor eit slikt verneområde, må ein ta tilstrekkeleg omsyn til verneverdiane som ligg til grunn for opprettinga av verneområdet. Dersom det er naudsynt med restriksjonar berre delar av året, t.d. i hekketida, bør forvaltningsstyresmakta kunne gi dispensasjon på vilkår om kontrollert ferdsel til slike tider av året.

Til forsiden