St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 2002

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsmeklarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12–1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2–7, kontrollen med inkassoverksemd etter inkassolova § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter «lov om verdipapirfond» § 8–2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapslova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar, i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av styresmaktene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lover og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingane om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, som er oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 1. mars 2002. Styret i Kredittilsynet har frå 1. mars 2002 vore samansett som vist i boks 5.1. Samansetjinga av styret i 2001 og fram til 1. mars 2002 blei nærare omtala i St.meld. nr. 8 (2002–2003) Kredittmeldinga 2001.

Noregs Bank har ein observatør i styret. Dette har vore fagdirektør Henning Strand. Thorvald Grung Moe har vore avløysar.

Boks 5.1 Styret i Kredittilsynet frå 1. mars 2002

  • Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar

  • Advokat Endre Skjørestad, nestleiar

  • Advokat Eli Aas, styremedlem

  • Professor Erling Steigum, styremedlem

  • Lagdommar Nina Mår Tapper, styremedlem

  • Tingrettsdommar Marianne Berg, første varamedlem

  • Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg, andre varamedlem

  • Representantar for dei tilsette:

  • Spesialrådgivar Kjersti T. Trøbråten1

Rådgivar Ellen Jakobsen

1 Kjersti T. Trøbråten slutta 18. august 2002. Spesialråd­givar Johan Arnt Mettevold tok over som representant for dei tilsette.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s 10):

«Ved utgangen av 2002 var det 176 fast tilsatte i Kredittilsynet, mot 165 ved utgangen av 2001. Økningen i antall tilsatte er dels en konsekvens av en vesentlig lavere utskifting enn tidligere, 5,6 prosent mot 11 prosent i 2001, og dels at Kredittilsynet er styrket på finansområdet når det gjelder stedlig tilsyn og arbeidet med ­matematiske modeller. Av de fast tilsatte er 47 prosent kvinner. Andelen tilsatte med høyere utdanning er 82 prosent. […]

Mens Kredittilsynet hadde 24 medarbeidere med god erfaring fra bransjene i 1995, var antallet 42 ved utgangen av 2002.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 123,6 millionar kroner, ein auke på nær 11 prosent frå 2001. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Sjå Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga. Samstundes med årsmeldinga for 2002 la Kredittilsynet fram ein eigen rapport, «Tilstanden i finansmarkedet».

Til forsida