St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet, hovudsakleg for perioden frå 1. juni 2002 til 1. juni 2003. Framstillinga kan gå noko ut over dette tidsrommet. Vidare blir det gitt ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same periode. Kredittmeldinga 2001 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2002. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Sjå elles Kredittmeldinga 2001 kapittel 5.

3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

«Lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» (finansieringsverksemdslova) og «lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker» og visse andre lover blei endra ved lov 21. juni 2002 (sett i kraft same dag). Lovendringa innebar at sparebankar fekk høve til å omdanne seg til aksje- eller allmennaksjeselskap. Lovendringa skjedde etter lovforslag frå Finansdepartementet, sjå Ot.prp. nr. 59 (2001–2002) og innstilling frå Finanskomiteen, jf. Innst. O. nr. 57 (2001–2002). Høve til omdanning er regulert etter mønster av reglane i finansieringsverksemdslova §§ 2–18 til 2–24 om omdanning av gjensidige forsikringsselskap og kredittforeiningar til aksje- eller allmennaksjeselskap. Omdanning av sparebank må skje etter den såkalla «stiftelsesmodellen», jf. finansieringsverksemdslova § 2–19 tredje ledd b). Det blei også gitt nærare reglar om organa i stiftelsen, mellom anna reglar om at stiftelsen skal ha generalforsamling, og at medlemmene eller tilsette eller tillitsvalde i stiftelsen ikkje kan ha tilknyting til den omdanna sparebanken. Vidare skal medlemmene i størst mogleg grad spegle kundestrukturen og andre interessegrupper kring den omdanna institusjonen. Stiftelsen si verksemd skal avgrensast til å forvalte eigarskapen i den omdanna sparebanken. Det er fastsett i lova at stiftelsen skal ha eit langsiktig og stabilt formål med eigarskapen sin i den omdanna sparebanken. Stiftelsen blir regulert av reglane om finansstiftelsar i finansieringsverksemdslova §§ 2–18 til 2–24 så lenge han eig 10 prosent eller meir av aksjane i den omdanna sparebanken. Den omdanna sparebanken skal framleis vere medlem av sikringsfondet til sparebankane og ha rett til å nytte ordet «sparebank» eller «spare» i firmaet så lenge stiftelsen eig meir enn 10 prosent. Parallelt blei det gitt reglar som inneber ei viss styrking av stillinga til grunnfondsbeviset.

Ved endring av finansieringsverksemdlova ved lov 13. desember 2002 nr. 77, blei det fastsett nye reglar om verdipapirisering og obligasjonar med særskild sikkerheit. Reglane blei fastsette etter forslag frå Finansdepartementet i Ot.prp. nr. 104 (2001–2002) og innstilling frå Finanskomiteen i Innst.O. nr. 11 (2001–2002). Lovendringa er, i påvente av naudsynte forskrifter, ikkje sett i kraft. Lovendringa byggjer på Banklovkommisjonens forslag i NOU 2001: 23 om finansføretaka si verksemd. Lovendringa gir nye moglegheiter for å finansiere utlånsverksemd gjennom å hente inn kapital i verdipapirmarknaden. Dei nye reglane legg til rette for at bankar, finansieringsføretak og forsikringsselskap i større grad kan finansiere utlånsverksemda ved å skrive ut obligasjonar i marknaden. For det første er det foreslått reglar om finansiering av utlån ved at finansinstitusjonane overdreg utlånsporteføljen til eit spesialføretak, som på si side finansierer porteføljekjøpet ved å skrive ut obligasjonar. Spesialføretaket er unntatt frå krav til konsesjon, eigaravgrensingsreglar, krav til kapitaldekning, tilsyn osv. Det er ein føresetnad for dette at spesialføretaket oppfyller restriktive vilkår. Denne varianten blir kalla verdipapirisering. Det kan då bli rimelegare å finansiere utlånsverksemda på denne måten enn om den overdragande finansinstitusjonen skulle behalde utlåna på eiga bok. Lovreglane krev at spesialføretaket skal vere både formelt og reelt uavhengig av finansinstitusjonen som sel porteføljen sin til spesialføretaket. Dette er særs viktig. Vidare blir det foreslått i proposisjonen at kredittføretak, dvs. føretak som i hovudsak finansierer utlånsverksemda ved å skrive ut obligasjonar, skal kunne skrive ut obligasjonar med særskild sikkerheit i utlånsporteføljen. Denne forma for finansiering har gjerne vore omtala som hypotekbankmodellen. Dei nærare føresegnene i lova skal sikre at denne typen obligasjonar blir særskilt sikre og dermed attraktive investeringsobjekt.

Finansdepartementet fastsette 3. desember 2002 «forskrift om endring av forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak». Den eine endringa omhandlar moglegheitene for å ta omsyn til motrekningsavtalar med utanlandske motpartar ut over dei som er nemnde i verdipapirhandellova § 10–1 (avtalar som blir godkjende etter norsk konkurslovgiving) når motpartens heimland godkjenner slike motrekningsavtalar. Den andre endringa gjeld dokumentasjonen som skal sendast inn til Kredittilsynet før motrekning kan nyttast i kapitaldekningssamanheng.

Finansdepartementet fastsette 4. februar 2003 «forskrift om endring av forskrift av 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak» og «forskrift om endring av forskrift av 23. april 1997 nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer». Endringane kjem som følgje av endringar i lov om statsføretak. Etter endringane gjeld den tidlegare låge 10 prosent-vektinga av lån til statsføretak berre for lån som er tekne opp før 1. januar 2003.

Finansdepartementet fremma 28. mars 2003 forslag til «lov om endringer i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner og i enkelte andre lover (eierkontroll i finansinstitusjoner)», jf. Ot.prp. nr. 50 (2002–2003). Lovforslaget byggjer på ei utgreiing som er trykt som NOU 2002: 3 Eierbegrensning og eierkontroll i finansinstitusjoner. I dette lovforslaget blir det foreslått å oppheve gjeldande eigaravgrensingsreglar, og erstatte desse med eit skjønnsbasert system basert på EØS-direktiva for bank og forsikring. I samsvar med direktiva blir det foreslått at alle som ønskjer å kjøpe 10 prosent eller meir av ein finansinstitusjon, skal måtte søkje styresmaktene om dette på førehand. Når ein inngår opsjonsavtalar o.a. blir desse medrekna på same måten som kjøp av aksjar. Saksbehandlingstida kan ikkje overstige tre månader. Tilsvarande skal gjelde ved kjøp som gjer at eigardelen når 20 prosent, 25 prosent, 33 prosent og 50 prosent. Ved slike kjøp skal styresmaktene særleg vurdere om den omsøkte eigarparten er i samsvar med omsynet til behovet for eigna eigarar, tilsynsmessige forhold, at institusjonen er uavhengig i forhold til enkelteigarar og anna næringsliv, og konkurranseomsyn. Ved kjøp av 25 prosent eller meir kan eigaren oppnå ei form for kontroll over institusjonen, og det blir derfor foreslått at styresmaktene i slike tilfelle skal vere overbeviste om at kjøpet ikkje kjem i strid med dei nemnde omsyna. I tillegg skal styresmaktene kunne vurdere om kjøpet kan ha uheldige verknader for korleis kapital- og kredittmarknadene fungerer. Lovforslaget blei vedteke av Stortinget 5. juni 2003 og sanksjonert av Kongen 20. juni 2003 (lov nr. 42), men er ikkje sett i kraft.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Finansdepartementet fastsette 3. juni 2002 «forskrift om bruk av derivater i forsikring». Forskrifta tillet bruk av derivat i tilfelle der dei medverkar til å redusere risikoen i selskapa, og i tilfelle der dei gjer det mogleg å forvalte eigneluter meir effektivt utan ein merkbar auke i risiko for selskapet.

Finansdepartementet fremma i statsråd 21. desember 2001 Ot.prp. nr. 33 (2001–2002) om «lov om endringer i lov om foretakspensjon, innskuddspensjonsloven og enkelte andre lover (kombinerte pensjonsordninger mv.)». Som ei oppfølging av merknader frå Finanskomiteen i Innst. O. nr. 110 (2000–2001), inneheldt proposisjonen mellom anna forslag til lovreglar som opnar for kombinerte pensjonsordningar. Sjå også omtale i Kredittmeldinga 2000 og 2001. «Lov om endringer i lov om foretakspensjon, innskuddspensjonloven og enkelte andre lover (kombinerte pensjonsordninger mv.)» blei sanksjonert 7. juni 2002. Lovreglane som opnar for kombinerte pensjonsordningar, blir sette i kraft så snart det er fastsett grenser i forskrift for maksimale innskot ved kombinerte pensjonsordningar. Utkast til slike maksimale innskotsgrenser har vore på høyring med frist for merknader 16. april 2003.

Finansdepartementet fastsette 5. september 2002 endringar i «forskrift 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling». I Ot.prp. nr. 42 (2000–2001) gjekk Finansdepartementet inn for at livsforsikringsselskapa sin tilgang til å tilby kapitaliseringsprodukt skulle gjerast generell, og ikkje avgrensast til produkt teikna etter reglane om individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA) eller etter innskotspensjonslova. Stortinget slutta seg til departementet si vurdering, jf. Innst. O. nr. 85 (2000–2001) kapittel 4. Forskriftsendringa er ei oppfølging av dette.

Finansdepartementet fastsette 3. desember 2002 og 4. februar 2003 endringar i forskriftene om kapitaldekning og kontroll med store engasjement for finansinstitusjonar og verdipapirføretak. Endringane er omtala i punkt 3.1.1.

Det blei 13. desember 2002 vedteke ei endring i innskotspensjonslova. Endringa skal sikre at det i innskotsbaserte ordningar blir sett av eit høgare beløp eller ein høgare prosentsats for kvinner enn for menn, om dette er naudsynt for at den årlege pensjonen som innskota er forventa å gi, skal vere uavhengig av kjønnet til medlemmene. Lovendringa tok til å gjelde 1. juni 2003.

Finansdepartementet fastsette 24. april 2003 «forskrift om underretning og kunngjøring ved reorganisering og avvikling av forsikringsselskaper» og «forskrift om endringer i forskrift 23. april 1997 nr. 377 om forsikringsselskapers kapitalforvaltning». Forskriftene blei vedtekne som ledd i implementeringa av Noregs EØS-skyldnader i samsvar med direktiv 2001/17/EF om reorganisering og avvikling av forsikringsselskap.

3.1.3 Verdipapirhandel

Finansdepartementet fastsette 8. juli 2002 tre nye forskrifter om verdipapirfond og forvaltning av verdipapirfond. «Forskrift nr. 798 om forvaltningsselskaper for verdipapirfonds bruk av oppdragstakere» opnar for å setje ut utføringa av kjerneverksemd, deriblant investeringsavgjerder, under føresetnad av at ei rekkje vilkår om anna attendeverande kompetanse, kontrollrutinar, ansvar og informasjon til partseigarar og Kredittilsynet er oppfylte. «Forskrift nr. 799 om markedsføring av utenlandske verdipapirfond» regulerer tilgangen til å marknadsføre utanlandske fond, både fond som tilfredsstiller EØS-reglar som automatisk gir tilgang til den norske marknaden (UCITS-fond), og andre utanlandske fond (non UCITS-fond). UCITS-fond blir underlagde ei meldeplikt, medan non UCITS-fond blir underlagde krav til godkjenning frå Kredittilsynet. Gjennom ei slik regulering vil marknadsføring av fond kome innanfor rammer der omsynet til investor er tilstrekkeleg ivareteke. «Forskrift nr. 800 om verdipapirfonds handel med derivater» opnar for at norske verdipapirfond får ein større tilgang til å nytte derivat enn det som følgjer av gjeldande reglar. Forslaget er i all hovudsak basert på nye EØS-reglar (UCITS-direktivet), og norsk gjennomføring av desse EØS-reglane er viktig for å betre rammevilkåra for norske fond mellom anna når det gjeld bruk av derivat til sikring av porteføljane til fonda. På enkelte punkt er det opna for å fråvike EØS-reglane. Det er mellom anna opna for fond som er baserte på varederivat. Dette vil vere såkalla nasjonale fond, som ikkje kan marknadsførast innanfor EØS-området etter reglane i UCITS-direktivet.

Finansdepartementet fastsette 3. desember 2002 og 4. februar 2003 endringar i reglane om kapitaldekning og kontroll med store engasjement for finansinstitusjonar og verdipapirføretak. Endringane er omtala i punkt 3.1.1.

«Forskrift om klargjøring av kontrollansvar, dokumentasjon og bekreftelse av den interne kontroll» av 20. juni 1997 blei endra 16. desember 2002 av Kredittilsynet slik at ho òg gjeld for verdipapirregister.

Ved lov 5. juli 2002 nr. 64 § 3–2 første ledd blei grensa for å ha aksjar og/eller rettar til aksjar som utløyser plikt til å melde frå om slike posisjonar eller rettar (flaggegrensa), senka frå 10 til 5 prosent. Finansdepartementet sette lovendringa i kraft ved forskrift 18. desember 2002 nr. 1612. I same forskrift fastsette Finansdepartementet overgangsreglar for å ha aksjar og/eller rettar til aksjar som utgjer mellom 5 og 10 prosent av aksjekapitalen eller stemmene i selskapet. Personar som har slike posisjonar, pliktar etter overgangsreglane å melde dette til børsen snarast og seinast innan 31. januar 2003. I samband med at flaggegrensa blei senka frå 10 til 5 prosent, fastsette Finansdepartementet «forskrift 18. desember 2002 nr. 1613 om verdipapirforetaks unntak frå plikten til å flagge større aksjeposter». Forskrifta inneber at verdipapirføretak ikkje pliktar å flagge ved 5 prosent-grensa, for handel som dei gjer som ledd i investeringstenesteverksemda si. Det er eit vilkår at føretaket ikkje påverkar eller prøver å påverke forvaltninga av selskapet.

Finansdepartementet fastsette 18. desember 2002 «forskrift om krav til utstedelse ved verdipapirforetaks handel med børsnoterte kjøpsretter og salgsretter uten medvirkning av oppgjørsentral». Etter denne forskrifta kan verdipapirføretak handle med børsnoterte warrants som nemnt i verdipapirhandellova § 1–2 andre ledd nr. 7 utan å bruke oppgjerssentral, om utskrivar er ein finansinstitusjon eller eit verdipapirføretak og har ein ansvarleg kapital på minst fem millionar euro og er gitt rating «investment grade» av eit godkjent kredittvurderingsbyrå.

Finansdepartementet fastsette 6. januar 2003 to nye forskrifter om verdipapirfond og forvaltning av verdipapirfond. Forskrift nr. 9 gjeld høve for verdipapirfond til å låne ut finansielle instrument for å auke avkastninga til fondet. Det er fastsett nærare reglar om krav til bruk av verdipapirføretak eller oppgjerssentral som mellommann, utlånsavgrensing på 50 prosent av porteføljen til fondet, men berre 5 prosent gjennom kvar mellommann. Det blir stilt krav til papira sin likviditet. Forskrifta stiller krav til at lånet skal kunne seiast opp på vanleg oppgjerssyklus, men slik at inntil 10 prosent av eigarpartane til fondet likevel kan lånast ut med oppseiingsfrist på inntil 30 dagar. «Forskrift nr. 10 om differensiering av forvaltningsgodtgjørelse for verdipapirfondsandeler» opnar for at forvaltningsselskapet etter nærare reglar kan differensiere den godtgjeringa det krev frå partseigarane. Differensieringa skal baserast på kor mange partar kvar enkelt partseigar har i fondet, eller på anna sakleg grunnlag.

Finansdepartementet fastsette 7. mars 2003 «forskrift om verdipapirforetaks bruk av oppdragstakere (utkontraktering)». Forskrifta inneber at eit verdipapirføretak kan setje bort utføringa av nærare bestemte oppgåver til eit anna føretak. Utsetjing av oppgåver kan mellom anna omfatte økonomi- og rekneskapsfunksjonar, marknadsføring og oppgjersfunksjonar.

Ny lov om registrering av finansielle instrument (verdipapirregisterlova) blei vedteken 5. juli 2002. Lova byggjer på Ot.prp. nr. 39 (2001–2002) og på Verdipapirsentrallovutvalets innstilling i NOU 2000: 10. Sjå omtale i Kredittmeldinga 2001 punkt 5.1.3. Myndigheita til å setje i kraft lova og til å fastsetje forskrifter til lova blei delegert til Finansdepartementet, ved kronprinsregentens resolusjon 5. juli 2002 nr. 720. Lova blei satt i kraft 1. januar 2003. Finansdepartementet har fastsett desse forskriftene til verdipapirregisterlova:

  • «Forskrift 18. desember 2002 nr. 1612 om delvis ikrafttredelse og overgangsregler til lov av 5. juli 2002 nr. 64 om registrering av finansielle instrumenter (verdipapirregisterloven) og endringer i enkelte andre lover».

  • «Forskrift 20. desember 2002 nr. 1627 om ikrafttredelse og overgangsregler til lov av 5. juli 2002 nr. 64 om registrering av finansielle instrumenter (verdipapirregisterloven) og endringer i enkelte andre lover».

  • «Forskrift 20. desember 2002 nr. 1726 om omdannelse av Verdipapirsentralen».

  • «Forskrift 31. januar 2003 nr. 86 om kontrollkomité for verdipapirregistre».

  • «Forskrift 6. februar 2003 nr. 139 om unntak fra registreringsplikt for ihendehaverobligasjoner».

  • «Forskrift 21. mai 2003 nr. 620 om hvilke opplysninger som skal fremgå av verdipapirregister».

«Lov om endring av lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond mv.» blei vedteken 12. juni 2003 og sanksjonert av Kongen 20. juni 2003 (lov nr. 43). Lova byggjer på Ot.prp. nr. 68 (2002–2003). Bakgrunnen er endringar i EØS-reglane som svarer til direktiv 85/611/EØF «Om samordning av lover, forskrifter og administrative beslutninger om visse foretak for kollektive investeringer i verdipapirer» (UCITS-direktivet). Direktivet blei endra ved direktiv 2001/107/EF «Om forvaltningsselskapenes virksomhet og forenklet prospekt». Vidare blei direktivet endra ved direktiv 2001/108/EF «Om verdipapirfondenes investeringer». Desse to direktiva er allereie delvis gjennomførte i norsk rett gjennom lov 15. juni 2001 nr. 48 og omtale i Ot.prp. nr. 98 (2000–2001). Fristen for gjennomføring var 13. august 2003. Det blei fastsett visse nye reglar om søknad om løyve til å drive verdipapirfondforvaltning og om saksbehandlinga i Kredittilsynet. Vidare blei det fastsett enkelte endringar i reglane om depotmottakar, om tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond, og om tilgjenget for utanlandske forvaltningsselskap til å drive verksemd i Noreg og for norske forvaltningsselskap til å drive verksemd i andre statar. Det blei òg fastsett enkelte endringar i reglane om prospekt og delårsrapportar. Det blei vidare opna for at forvaltningsselskap for fond, i tillegg til å drive fondsforvaltning, skal kunne tilby individuell porteføljeforvaltning.

Som følgje av EØS-reglar som svarer til direktiv 2001/108/EF, blei det fastsett reglar som medfører ei teknisk gjennomføring av dei ulike føresegnene i direktivet om investeringsområdet for verdipapirfond, under dette utvida tilgjenge til å investere i pengemarknadsinstrument, bankinnskot, unoterte derivat og verdipapirfondsdelar. Det blei i tillegg fastsett enkelte tekniske endringar i reglane om risikospreiing og berekninga av denne risikoen, under dette reglar om indeksfond. Det blei også opna for såkalla «dekt shortsal» etter nærare føresegn i forskrift. Lov 20. juni 2003 nr. 43 gjer vidare visse endringar i «lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel mv.». Det blei fastsett enkelte forenklingar i regelverket om rapportering av eigenhandelen til tilsette og tillitsvalde, jf. verdipapirhandellova kapittel 2a. For det andre blei det fastsett ein forskriftsheimel til å påleggje verdipapirføretak plikt til å gjere lydopptak når dei utfører investeringstenester og tilknytte tenester. Det blei vidare fastsett heimel for at Kredittilsynet kan påleggje tilbydarane av teletenester å gi opplysningar om identiteten til brukarar som er mistenkte for å ha brote føresegnene i verdipapirhandellova § 2–1 første ledd, § 2–2 første ledd og § 2–6 om misbruk og handsaming av innsideopplysningar og om kursmanipulering. I tillegg blei det fastsett enkelte endringar i verdipapirhandellova av meir redaksjonell art.

3.1.4 Rekneskap og revisjon

Finansdepartementet fastsette 19. desember 2002 endring av § 2–1 i «forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer». Av revisorlova § 4–7 tredje ledd følgjer at årsrekneskap for ein revisjonspliktig ikkje kan reviderast av den som har avtale om samarbeid med nokon som utfører rådgivings- eller andre tenester (for den revisjonspliktige), dersom dette er eigna til å påverke eller reise tvil om revisor er uavhengig og objektiv. Nærare reglar om slik identifikasjon kan ifølgje tredje ledd i føresegnet fastsetjast i forskrift. Forskrifta av 19. desember 2002 inneheld ei opplisting av kva slags samarbeidsavtalar det omfattar, og kva slags reglar i revisorlova kapittel 4 som gjeld på tilsvarande måte når slik avtale ligg føre. Det blei samstundes gjort endringar i reglane om kva slags kurs som blir rekna for relevant etterutdanning for revisorar. Forskrifta blei sett i kraft 1. april 2003.

Lov 20. juni 2003 nr. 43 gjer visse endringar i «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer» (revisorlova). Lovforslaget i Ot.prp. nr. 68 (2002–2003) byggjer på forslag frå Kredittilsynet i brev 5. og 7. desember 2002. Lovendringa inneber at det blir gitt tilgjenge til å godkjenne inntil to års praksis frå Riksrevisjonen som relevant praksis i forhold til kravet om tre års praksis for å bli godkjend som registrert eller statsautorisert revisor. Vidare blir det opna for at Kredittilsynet får tilgjenge til ved enkeltvedtak å gjere unntak frå lovkravet om fast kontorstad i Noreg. Kravet er erstatta med eit krav om at dokumenta til revisor skal oppbevarast på ein fast stad her i riket på ein måte som er nærare fastsett i lova. Det blei innført eit krav om at revisjonsmeldinga for revisjonspliktige skal vere på norsk, i likskap med det som gjeld for årsrekneskapen etter rekneskapslova. Lovendringa inneber òg ein reduksjon i revisors oppgåveplikter ved at gjeldande krav om å gi opplysningar til revisorregisteret om medlemskap i revisororganisasjon blir oppheva. Det blir vidare foreslått at kravet om å gi opplysningar om namn på alle godkjende revisorar i revisjonsselskap blir erstatta av eit krav om å gi opplysningar om namn på ansvarlege revisorar.

3.1.5 Anna

Finansdepartementet fremma 14. juni 2002 forslag til «lov om e-pengeforetak», jf. Ot.prp. nr. 92 (2001–2002). Forslaget inneheld mellom anna reglar om løyve til å drive verksemd som består i å gi ut elektroniske pengar, og reglar om tilsyn med slik verksemd. Forslaget tek sikte på å gjennomføre Noregs EØS-plikter etter direktiv 2000/46/EF (e-pengedirektivet) og direktiv 2000/28/EF om endring av direktiv 2000/12/EF (bankdirektivet). Lova blei vedteken av Stortinget 14. november 2002 og blei sanksjonert 13. desember 2002 (lov nr. 74). Lova blei sett i kraft 15. april 2003. I samband med at «lov om e-pengeforetak» blei sett i kraft, fastsette Kredittilsynet «forskrift 15. april 2003 nr. 465 om e-pengeforetak».

Finansdepartementet fremma 14. juni 2002 Ot.prp. nr. 96 (2001–2002) om «lov om endring i lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling» . Lovendringar på grunnlag av framlegget blei vedtekne 14. november 2002. Lovendringane inneber mellom anna at det blir fastsett krav til dugleik for eigarar av eigedomsmeklingsføretak, om plikt til å melde ifrå om endringar i samansetjinga av eigarane i føretaket, om tilsyn og plikt til å gi opplysningar og om tilgang til å gi forskrifter om fagleg leiar og om rett til innsyn i bodrundar. Det blei vidare fastsett at tittelen «eigedomsmeklar» berre skal kunne nyttast av den som har eigedomsmeklarbrev. Tidlegare var det berre tittelen «statsautorisert eigedomsmeklar» som var reservert for personar med eigedomsmeklarbrev. Vidare blei det gitt reglar om forbod mot eigenhandel. Lova tek til å gjelde frå den tid departementet bestemmer, jf. Kongeleg resolusjon 13. desember 2002. Lova vil bli sett i kraft i samband med fastsetjinga av utfyllande forskrifter.

Finansdepartementet fremma i Ot.prp. nr. 72 (2002–2003) 11. april 2003 forslag til «lov om tiltak mot hvitvasking av utbytte fra straffbare handlinger mv.» (kvitvaskingslova). Forslaget vil gjennomføre EØS-regler som svarer til direktiv 2001/97/EF (andre kvitvaskingsdirektiv) og internasjonale tilrådingar frå FATF 1 . Sjå omtale i Kredittmeldinga 2001 (Stortingsmelding nr. 8 for 2001–2002) punkt 4.3. Forslaget om ny kvitvaskingslov inneber at regelverket blir utvida til å omfatte mellom anna advokatar, revisorar, forhandlarar i eigedom og forhandlarar av dyre gjenstandar. Det blir òg opna for at forskjellig spelverksemd, for eksempel travspel, skal omfattast av regelverket. Dette må eventuelt regulerast nærare i forskrift. Det er foreslått visse særreglar for advokatar. For det første er advokatar omfatta berre når dei utfører visse typar transaksjonar for klientane sine, slik at forsvarararbeid o.a. fell utanfor. Vidare har advokatar ikkje plikt til å rapportere om forhold dei har fått kjennskap til gjennom arbeidet med å fastslå klientens rettsstilling eller i tilknyting til ei rettssak. Lovforslaget inneheld òg enkelte tiltak mot terrorfinansiering. Lovforslaget blei vedteke av Stortinget 12. juni 2003, sanksjonert 20. juni 2003 (lov nr. 41) og tek til å gjelde frå den tid departementet bestemmer. Lova vil bli sett i kraft i samband med fastsetjinga av utfyllande forskrifter.

Finansdepartementet fremma 30. april 2003 Ot.prp. nr. 81 (2002–2003) forslag til «lov om endringer i sentralbankloven og finansieringsvirksomhetsloven og om opphevelse av valutareguleringsloven og penge- og kredittreguleringsloven». Forslaga som gjaldt sentralbanklova, omfatta endringar i reglane for og praksis ved oppnemning til hovudstyret og representantskapet til Noregs Bank, lovfesting av eit prinsipp om offentlegheit rundt rentevedtaka i hovudstyret og einskilde endringar knytte til organiseringa av verksemda til Noregs Bank. Som følgje av forslaga om å oppheve valutareguleringslova og penge- og kredittreguleringslova blei det foreslått å vidareføre einskilde heimlar for opplysningsplikt o.a. i sentralbanklova. Det blei vidare foreslått reglar i finansieringsverksemdslova om regulering av valutaverksemd. Forslaget inneber at verksemd med valutaveksling og betalingsformidling med utlandet krev konsesjon og skal vere under tilsyn av Kredittilsynet. Samstundes skal ein oppheve forbodet i medhald av valutareguleringslova mot at andre enn bankar kan drive valutaverksemd. Lovendringar i samsvar med forslaget blei sanksjonerte 20. juni 2003. Det er naudsynt å vurdere behovet for forskrifter og overgangsordningar før dei nye reglane kan setjast i kraft.

3.2 Oversikt over viktige forvaltningssaker

Finansdepartementet godkjende ved vedtak 22. mars 2002 at DnB Holding ASA overtok 100 prosent av aksjane i Skandia Financial Holdings Aktiebolag og etablerte eit dotterselskap i Sverige, DnB Kapitalförvaltning AB, som DnB Holding ASA eig fullt ut. Det blei sett vilkår for avgjerda.

I brev av 8. april 2002 la Noregs Bank fram spørsmålet om eit eventuelt sal av Den Kongelige Mynt AS for Finansdepartementet etter «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet» (sentralbanklova) § 2 andre ledd. I brev av 12. juni 2002 gav departementet uttrykk for at ein ikkje hadde innvendingar mot Noregs Bank sine planar om å selje inntil 100 prosent av aksjane i Den Kongelige Mynt AS. Representantskapet i Noregs Bank godkjende 19. juni 2003 sal av Den Kongelige Mynt AS til Samlerhuset AS Norge og Mint of Finland som kvar skal eige 50 prosent av selskapet.

ForbrukerForsikring AS fekk ved kongeleg resolusjon 3. juli 2002 løyve til å drive forsikringsverksemd. Selskapet vil tilby rettshjelpsforsikring til kjøparar av varer prisa frå kr 2000 og oppover. Ei slik forsikringsform er lite utvikla i Noreg. Departementet stilte som vilkår at selskapet ved oppstart skal ha ein eigenkapital som er høgare enn minstekravet gitt i forskrift til forsikringsverksemdslova § 7–3. Selskapet har førebels ikkje starta verksemda si.

Finansdepartementet stadfesta ved vedtak 4. juli 2002 Kredittilsynet sitt vedtak om å tilbakekalle Boston Asset Management sitt løyve til å yte investeringstenester etter verdipapirhandellova.

I brev 8. juli 2002 gav Finansdepartementet løyve til fisjon, eigarskifte og endring av konsernstruktur i samband med deling av Vesta-konsernet i eitt delkonsern for skadeforsikring og eitt for livsforsikring. Det danske forsikringsselskapet Tryg A/S skal mellombels eige begge delkonserna. Tryg A/S inngår i det nordiske Nordea-konsernet. Etter opplegget skulle skadeforsikringsdelen seljast ut av Nordea-konsernet til selskapet Tryg smba i Danmark. Denne delen av saken blir handtert av danske styresmakter. I brev 9. september frå Finansdepartementet blei det gjort ei mindre justering i løyvet.

I brev 16. juli 2002 gav Finansdepartementet løyve til å omstrukturere finanskonsernet Gjensidige NOR, mellom anna ved å omdanne Gjensidige NOR Spareforsikring og Gjensidige NOR Sparebank til allmennaksjeselskap etter «lov om finansieringsvirksomhet» §§ 2–18 til 2–24. Gjensidig NOR ASA blei grunnlagt som morselskap i finanskonsern, jf. «lov om finansieringsvirksomhet» § 2a–3 første ledd, med Gjensidige NOR Spareforsikring og Gjensidige NOR Sparebank som heilåtte dotterselskap. Aksjane i Gjensidige NOR ASA blei fordelte mellom livsforsikringsselskapet sine kundar og det gjensidige skadeforsikringsselskapet Gjensidige NOR Forsikring (som grunnfondsbeviseigar i livsforsikringsselskapet), grunnfondsbeviseigarar i sparebanken og ein nyoppretta sparebankstiftelse, Stiftelsen Gjensidige NOR Forsikring, og dessutan visse andre som kjøpte aksjar som blei selde ved kontantutløysing av visse mindre grupper. Finansdepartementet sette visse vilkår for løyvet.

Finansdepartementet tilbakekalla 23. september 2002 dispensasjonen frå dei generelle reglane i finansieringsverksemdslova for Samspar Norge, gitt ved brev 24. april 1995 frå Finansdepartementet.

Finansdepartementet godkjende 25. september 2002 at Storebrand ASA inntil vidare held fram med å ha ein struktur med Storebrand Bank og Finansbanken i same konsern. Godkjenninga blei tidsavgrensa fram til 1. oktober 2004. Finansdepartementet gav samstundes løyve til at Storebrand ASA oppretta Storebrand Bankholding ASA som morselskap for Storebrand Bank og Finansbanken, og godkjende endringa i organiseringa av konsernet som opprettinga av Storebrand Bankholding medførte. Finansdepartementet gav òg sitt samtykke til at Storebrand Bankholding og Storebrand Bank kan ha identisk kontrollkomité.

Storebrand Livsforsikring AS, Gjensidige NOR Spareforsikring ASA og Vital Forsikring ASA søkte hausten 2002 Finansdepartementet om dispensasjon frå forsikringsverksemdslova. Bakgrunnen for søknaden var Arbeidsrettens dom av 8. oktober 2002, som slo fast at det berre var KLP som hadde eit finansieringssystem for kollektiv pensjonsforsikring som var i samsvar med krava i hovudtariffavtala i kommunal sektor. Avtalen krev eit kjønns- og aldersnøytralt finansieringssystem. KLP har dispensasjon frå forsikringsverksemdslova og belastar premie mellom forsikringstakarane slik at ein oppnår kjønns- og aldersnøytralitet. Dette systemet står i motsetnad til det individuelle systemet som er nedfelt i lova. Arbeidsretten gav dei elleve kommunane som var saksøkte, ein frist til 1. juli 2003 med å sørgje for at finansieringssystemet for pensjonsordningane var i samsvar med rettens oppfatning av den kommunale tariffavtala. I praksis ville det innebere at dei kommunale pensjonsordningane det er tale om, måtte flytte tilbake til KLP innan 1. juli 2003, og at ingen forsikringstakar kunne flytte sine pensjonsordningar frå KLP til eit av dei tre livsforsikringsselskapa, med mindre det blei gitt dispensasjon frå lova eller ho blei endra. Kredittilsynet kom, under tvil, til at dei tre livsforsikringsselskapa burde få dispensasjon frå forsikringsverksemdslova §§ 7–5 og 7–6. Finansdepartementet gav 29. november 2002, i tråd med tilrådinga frå Kredittilsynet, dei tre livsforsikringsselskapa ein mellombels dispensasjon på nærare fastsette vilkår. Vilkåra blei på enkelte punkt endra i høve til tilrådinga frå Kredittilsynet. Selskapa sende inn produktmeldingar i samsvar med vilkåra, men pensjonsprodukta blei av tariffpartane vurderte til å vere i strid med krava i hovudtariffavtalen. Storebrand melde derfor om ei endring i sitt pensjonsprodukt som innebar at produktet var i strid med dispensasjonsvilkåra, men i samsvar med partane sitt syn på hovudtariffavtalen. Kredittilsynet kravde at Storebrand tilpassa sitt produkt til dispensasjonsvilkåra departementet hadde gitt. I motsett fall ville selskapet bli ilagt dagsbøter på 100 000 kroner. Storebrand sende etter dette inn ei ny produktmelding som gjorde at produktet til selskapet tilfredsstilte dispensasjonsvilkåra. Det var i alt fire kommunar som melde overgang frå KLP til private livsforsikringsselskap pr. 1. januar 2003. LO ved Norsk Kommuneforbund saksøkte 21. januar 2003 desse kommunane for brot på hovudtariffavtala.

Finansdepartementet gav i 2002 samtykke til mellombels dispensasjon frå kravet til ansvarleg kapital for ulike forsikringsselskap (den 24. juni – Fiskernes Gjensidige Trygdelag, den 18. september – Sparebank Fondsforsikring AS og den 1. oktober – Oslo Forsikring AS). 18. september 2002 blei det òg gitt samtykke til mellombels dispensasjon frå kravet til kapitaldekning og solvensmarginkapital for Sparebank 1 Livsforsikring AS og samtykke til mellombels dispensasjon frå kapitaldekning på konsolidert basis for Sparebank 1 Gruppen AS. 15. november 2002 blei det på ny gitt samtykke til mellombels dispensasjon frå kravet til solvensmarginkapital for Sparebank 1 Livsforsikring AS og samtykke til mellombels dispensasjon frå kapitaldekning på konsolidert basis for Sparebank 1 Gruppen AS. Oslo Forsikring AS fekk dispensasjon frå kravet til ansvarleg kapital fastsett i forsikringsverksemdslova § 7–3 og i «forskrift av 8. september 1989 om minstekrav til egenkapitalen for norske forsikringsselskaper» § 2. Det blei sett vilkår for samtykket.

Ved kongeleg resolusjon 7. oktober 2002 blei det gjort vedtak om å gi Verdibanken ASA løyve til å drive bankverksemd. Det blei stilt krav om innbetaling av aksjekapital på 50 millionar kroner.

Finansdepartementet gav 16. oktober 2002 Kopek AS løyve til å drive verksemd som består i mottak av andre sine midlar for vidareplassering i finansinstitusjon knytt til teneste for betalingsformidling, jf. finansieringsverksemdslova § 1-2 første ledd nr. 1 og § 3–3 første ledd. Verksemda blei unnateken frå dei andre fråsegnene i finansieringsverksemdslova, med unntak av § 3–7 om tilbakekalling av konsesjon og § 3–14 om teieplikt. Det blei sett vilkår for løyvet.

Kredittilsynet godkjende i brev 18. november 2002 at dei to dotterselskapa til Nordea Bank Norge ASA, Nordea Investment Management ASA og Nordea Fondene AS, blei selde til det svenske selskapet Nordea Asset Management AB, og at verdipapirverksemda i banken blei skild ut og seld til det svenske selskapet Nordea Securities AB. Alle selskapa er framleis heilåtte dotterselskap i Nordea-konsernet.

I brev 13. desember 2002 avslo Finansdepartementet klage frå Skandia Fondsforvaltning AS over avslag på søknad om likelydande vedtektsendring for seks verdipapirfond som blir forvalta av selskapet. Alle fonda var hovudfond som plasserte midlane sine i svenske underfond. Det blei søkt om å auke forvaltningsgodtgjeringa til hovudfonda samstundes med at den forvaltningsgodtgjeringa hovudfonda betalte som partseigar i underfonda, skulle reduserast tilsvarande. Avslaget var grunngitt med at endringa ikkje blei vurdert å vere i partseigarane si interesse, jf. verdipapirfondlova § 3–4 andre ledd andre punktum.

Finansdepartementet godkjende 20. desember 2002 at SEB Kort AB tileigna seg alle aksjane i Europay Norge AS.

Med heimel i «lov 5. juli 2002 nr. 64 om registrering av finansielle instrumenter» (verdipapirregisterlova) § 3–1 første ledd gav Finansdepartementet 29. januar 2003 Verdipapirsentralen ASA løyve til å drive verksemd som verdipapirregister etter lova. Løyvet omfatta også at eignelutene og forpliktingane frå den sjølveigande institusjonen Verdipapirsentralen kunne overførast til det nyoppretta Verdipapirsentralen ASA mot at den sjølveigande institusjonen Verdipapirsentralen fekk alle aksjane i Verdipapirsentralen Holding ASA, jf. lova § 12–2 andre ledd og 5–2 tredje ledd. I brev 20. mars 2003 godkjende Finansdepartementet, med heimel i verdipapirregisterlova § 12–2 fjerde ledd, avslutningsbalansen til den sjølveigande institusjonen Verdipapirsentralen. I brev 21. mars 2003 uttala Finansdepartementet at ein ikkje hadde nokon merknader til tildelingskriteria for spreiingssalet av aksjar i Verdipapirsentralen Holding ASA. Med heimel i verdipapirregisterlova § 1–2 godkjende Kredittilsynet i brev 18. desember 2002 nærare reglar for verksemda til Verdipapirsentralen ASA. Reglane er gjorde til ein del av «Forretningsvilkår for Verdipapirsentralen ASA». Salet av aksjane i Verdipapirsentralen Holding ASA blei gjort i april 2003. Salet gav eit bruttoproveny på kr 350 000 000. Nettoprovenyet etter frådrag for kostnader i samband med aksjesalet o.a. utgjer kr 337 268 988. I tråd med verdipapirregisterlova § 12–2 tredje ledd skal den delen av vederlaget som tilsvarer eigenkapitalen i Verdipapirsentralen, overførast til Finansmarknadsfondet. Etter avslutningsrekneskapen utgjer dette beløpet kr 111 113 202. Resten av vederlaget skal overførast til staten. For nærare omtale av fondet viser ein til omtale i St.prp. nr. 1 (2001–2002).

Finansdepartementet avslo i vedtak 13. februar 2003 klage frå Dahabshiil Union på Kredittilsynet sitt vedtak om å nekte etablering av eit betalingsformidlingssystem for overføring av pengar til Somalia.

Finansdepartementet gav 21. februar 2003 Den norske Bank ASA løyve til å kjøpe Nordlandsbanken ASA. Det blei også gitt godkjenning av ny konsernstruktur som følgje av kjøpet. Den nye konsernstrukturen medfører at det inntil vidare blir to bankar i DnB-konsernet. Det blei sett vilkår for løyvet.

I brev 21. februar 2003 godkjende Finansdepartementet ein fusjon mellom Storebrand Bank AS og Finansbanken ASA. Finansdepartementet hadde tidlegare gitt Storebrand Bank AS løyve til å kjøpe Finansbanken ASA, med vilkår om at bankane måtte slåast saman i løpet av to år. Fusjonen gjennomførte dette vilkåret.

Finansdepartementet samtykte 21. februar 2003 i vedtaket som var gjort av forstandarskapet i Enebakk Sparebank, jf. sparebanklova § 47 jf § 5, slik at verksemda i Enebakk Sparebank kunne avviklast. Samstundes blei det gitt samtykke til at Enebakk Sparebank kunne overdra sine avtalar om utlån og innskot til Lillestrøm Sparebank. Det blei fastsett nærare vilkår for samtykket.

Finansdepartementet gjorde 12. mars 2003 vedtak om unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova § 2–2 første ledd slik at nærare opprekna institusjonar kan eige meir enn 10 pst. av aksjane i Sparebank 1 Gruppen AS.

Finansdepartementet fatta 9. april 2003 vedtak om at skilnaden mellom pålydande verdi/eventuell overkurs og produksjonskostnadene til minnemyntprosjektet i samband med hundreårsmarkeringa 1905–2005 skal disponerast til allmennyttig formål, i dette tilfellet Hundreårsmarkeringen – Norge 2005 AS.

Finansdepartementet utnemnde 10. april 2003 styret for Finansmarknadsfondet. Einar Forsbak blei utnemnd som leiar for styret. I tillegg til styreleiar blei det utnemnt åtte styremedlemmer. Nærare retningslinjer for fondet vil bli fastsette av Finansdepartementet.

Finansdepartementet samtykte 29. april 2003 i at Statens Pensjonskasse kunne overføre midlar i premiefond i særskilde private pensjonsordningar til Statens Pensjonskasse utan at medlemmene måtte samtykkje. Finansdepartementet gav ikkje samtykke til at premiereserven kunne overførast på tilsvarande vis.

Ved kongeleg resolusjon 9. mai 2003 blei det gjort vedtak om å gi løyve til etablering av Sparebanken Telespar. Finansdepartementet fekk samstundes høve til å fastsetje nærare vilkår for løyvet. Sparebanken Telespar er tufta på den verksemda som blei driven av AL Interessekontoret Telespar, ei intern sparekasse for dei tilsette i Telenor-konsernet.

Capital Merchant Bank fekk ved kongeleg resolusjon 23. mai 2003 løyve til å drive forretningsbank på særskilde vilkår.

Fotnotar

1.

Financial Action Task Force (FATF) er ein internasjonal organisasjon som arbeider mot kvitvasking og terrorfinansiering.

Til forsida av dokumentet