St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra, Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren, medan Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området har blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet. Verksemda til IMF blir omtala nærare i kapittel 8.

Første del av dette kapitlet skildrar nokre av dei sentrale samanhengane i det finansielle systemet, og korleis desse verkar inn på den finansielle stabiliteten innanlands. Seinare i kapitlet blir det gjort nærare greie for marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko, risiko i betalingssystema og dessutan utvikling i finansmarknadene og sårbarheita i finansiell sektor. Talmaterialet og delar av bakgrunnsinformasjonen til kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet, mellom anna rapportane frå Noregs Bank om finansiell stabilitet og rapportane frå Kredittilsynet om finansinstitusjonar og rapporten «Tilstanden i Finansmarkedet 2002».

2.2 Om finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet inneber mellom anna at det finansielle systemet oppfyller viktige funksjonar i samfunnet som kredittallokering, betalingsformidling og prising av finansielle aktiva. Vidare inneber finansiell stabilitet at aktørane har tillit til at systemet fungerer, og at finansielle avtalar blir gjorde opp på rettmessig vis. Eit stabilt og velfungerande finansielt system legg såleis grunnlaget for ulike spare- og investeringsalternativ, mellom anna realinvesteringar som er finansierte med eigenkapital og gjeld, og omfordeling av risiko mellom ulike aktørar.

Ein ustabil finansiell situasjon kan mellom anna oppstå dersom publikum eller større grupper av marknadsaktørar mistar tilliten til at viktige aktørar vil halde avtalar og utøve normal finansiell verksemd. Å byggje opp ein finansiell sektor som er robust overfor uventa hendingar som institusjonane eller marknadene kan bli utsette for, er ein viktig del av arbeidet med å sikre finansiell stabilitet.

Kjenneteikn på finansiell ustabilitet er sterke svingingar i prisar på formuesobjekt som bustader, næringseigedom og verdipapir, eller svikt i måten finansinstitusjonar eller finansielle marknader fungerer på. Periodar med gode makroøkonomiske vilkår og stor optimisme kan føre med seg sterk vekst i prisar på formuesobjekt og sterk vekst i utlån og investeringar. Sterk vekst i investeringane kan føre til at føretaka si behaldning av realkapital er for stor når nedgangsperioden kjem, slik at ein får problem med ledig kapasitet og auke i talet på konkursar. Utlån frå bankane aukar i takt med gjelda til hushald og føretak, og alle desse aktørane blir dermed meir utsette for negative impulsar frå marknaden. Ein ustabil finansiell situasjon kan forstyrre tilgangen på kreditt eller flyten av pengar, med fare for konsekvensar for produksjon, sysselsetjing og prisstiging.

Om hushald og føretak har evne til å betale gjeld, er avhengig av innteninga, som mellom anna blir påverka av konjunkturane. Konjunkturane påverkar dermed utviklinga i resultata til bankane, ikkje minst som følgje av endringar i kredittrisiko og påfølgjande utlånstap over tid. Resultata til bankane påverkar eigenkapitalen og dermed soliditeten i næringa. Soliditeten til bankane er viktig både for stabiliteten i det finansielle systemet, og for å dempe medsykliske svingingar i utlåna frå bankane. Solide finansinstitusjonar kan såleis medverke til at ein ikkje forsterkar konjunktursvingingar som spring ut frå andre forhold i økonomien.

Ei finansiell krise kan mellom anna oppstå fordi problem forplantar seg frå ein institusjon til ein annan. Enkelte institusjonar kan òg vere så viktige at problem i den institusjonen åleine kan vere opphav til problem for systemet som heilskap. Ulike finansinstitusjonar er i aukande grad knytte opp mot kvarandre, mellom anna som følgje av at finanskonserna har fått ei viktigare rolle. Dette inneber at også problem i andre finansinstitusjonar enn dei største bankane må tilleggjast vekt når ein skal vurdere den finansielle stabiliteten. Solide aktørar i det finansielle systemet reduserer faren for at problem skal spreie seg, og reduserer dermed faren for finansiell ustabilitet. Dersom det er behov for soliditetsstøtte for å sikre den finansielle stabiliteten, er det i første rekkje sikringsfonda si oppgåve å yte ei slik støtte. Noregs Bank kan gi nødkreditt om den finansielle stabiliteten er truga. Solide enkeltaktørar er likevel ikkje tilstrekkeleg åleine for å sikre stabilitet; ein må sjå finansinstitusjonane, det finansielle systemet og regelverket i samanheng. Nivået på gjelda og prisane på ulike formuesobjekt påverkar òg kor stabil den finansielle situasjonen er.

St.meld. nr. 8 (2002–2003) Kredittmeldinga 2001 omtalar enkelte sentrale delar av det norske regelverket som har innverknad på soliditeten i norske finansinstitusjonar. Regelverket fastset mellom anna at alle norske finansinstitusjonar skal ha ei støytpute i form av ansvarleg kapital for å stå imot den risiko for tap som dei tek på seg gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen skal vere eit vern for innskytarar, forsikringstakarar og kreditorar og medverke til å sikre stabiliteten i det finansielle systemet. Regelverket supplerer og set rammer for driftsavgjerder i kvar enkelt institusjon, men kan ikkje erstatte det ansvaret kvar institusjon har for eiga drift. Institusjonane må på sjølvstendig grunnlag vurdere dei risikoane dei er eksponerte for, både enkeltvis og samla.

2.3 Strukturen i den norske finansmarknaden

Det har dei siste åra skjedd ei konsolidering i den norske finansmarknaden. I dag er det fire blanda finanskonsern i Noreg (DnB, Gjensidige Nor, Sparebank 1 Gruppen og Storebrand). Med blanda finanskonsern meiner vi finanskonsern som driv både bank- og forsikringsverksemd. Nordea Bank Norge er etter salet av forsikringsverksemda eit reint bankkonsern. Ved utgangen av første halvår 2003 utgjorde dei største konserna 61,6 prosent av den norske finansmarknaden målt i forvaltningskapital. Finanskonserna i Noreg har hovudtyngda av verksemda si anten innanfor bank eller innanfor livsforsikring. Samla forvaltningskapital i finansiell sektor, inkludert utanlandske filialar i Noreg var 2791 milliardar ved utgangen av første halvår 2003.

Det var pr. 30. juni 2003 14 forretningsbankar og 130 sparebankar i den norske marknaden. Den samla forvaltningskapitalen til alle bankane var på 1551 milliardar kroner ved utgangen av juni. Dei tre største bankane stod for 60,1 prosent av den samla forvaltningskapitalen, medan dei resterande forretningsbankane og dei resterande sparebankane stod for høvesvis 9,2 og 30,7 prosent av samla forvaltningskapital. Bankar med utanlandske eigarar 1 hadde ved utgangen av første halvår ein marknadsdel på 21,9 prosent målt i brutto utlån til kundar. Bankane og finansieringsføretaka hadde samla utlån til ikkje finansiell verksemd på 1506 milliardar. Av desse utlåna var 857 milliardar til hushaldssektoren og 507 milliardar til ikkje finansielle føretak.

Ved utgangen av første halvår 2003 var det sju tradisjonelle livsforsikringsselskap i Noreg, med ein samla forvaltningskapital på nær 434 milliardar kroner ved utgangen av juni. Dei fire store livsforsikringsselskapa (Storebrand, KLP, Vital og Gjensidige NOR) hadde ved utgangen av halvåret 86 prosent av forvaltningskapitalen. I tillegg hadde seks selskap konsesjon til å tilby livsforsikring med investeringsval. Det er totalt 52 skadeselskap i den norske skadeforsikringsmarknaden. Dei tre største (Gjensidige Nor forsikring, Vesta Forsikring og utanlandsfilialen If) hadde ved utgangen av første halvår over 65 prosent av marknaden målt i brutto premieinntekter. Skadeforsikringsbransjen har ein stor del selskap med utanlandske eigarar. Desse selskapa hadde ved utgangen av første halvår ein marknadsdel på 45,8 prosent av den norske skademarknaden.

2.4 Marknadsrisiko

Marknadsrisiko er i hovudsak risiko for tap på finansielle eigneluter som aksjar, obligasjonar og valuta som følgje av endra verdsetjing i marknadene.

Aksjekursane fall kraftig gjennom 2002 og heldt fram med å falle i byrjinga av året. Frå midten av mars 2003 har det vore kraftig oppgang i alle dei store internasjonale verdipapirmarknadene med unntak av marknaden i Japan. Omslaget på Oslo Børs kom allereie i februar 2003. Frå 1. januar 2003 til 30. juni 2003 steig hovudindeksen på Oslo Børs med 16,5 prosent, medan FTSEs verdsindeks steig med 10,5 prosent. Frå utgangen av første halvår 2003 og fram til utgangen av september har hovudindeksen og verdsindeksen stige med ytterlegare 6,3 og 4,8 prosent, slik at hovudindeksen og FTSEs verdsindeks frå årsskiftet og fram til utgangen av september totalt har stige med høvesvis 23,8 og 15,8 prosent.

Figur 2.1 Utviklinga i aksjemarknadene. Målt ved utgangen av kvar veke. Indeks veke1, 2002 = 100

Figur 2.1 Utviklinga i aksjemarknadene. Målt ved utgangen av kvar veke. Indeks veke1, 2002 = 100

Kjelde: EcoWin

Nedgangen i styringsrenta i Noreg har vore sterkare enn nedgangen internasjonalt den siste tida. Lågare rentedifferanse har medverka til at krona svekte seg med nær 11 prosent (handelsvege) første halvår 2003, etter å ha styrkt seg kraftig mot dei fleste valutaer gjennom 2002. Noregs Banks rentesetjing er nærare omtala i kapittel 4.2. Dei lange rentene fall internasjonalt fram til juni 2003. Seinare har dei lange rentene igjen vist ein stigande tendens, noko som kan tyde på auka optimisme om framtidsutviklinga. Mykje kan tyde på at veksten i internasjonal økonomi er i ferd med å ta seg opp, men biletet er ikkje eintydig, mellom anna er utviklinga i arbeidsmarknaden både i euroområdet og i USA framleis svak.

Livs- og skadeforsikringsselskapa kan vere eksponerte for monaleg marknadsrisiko ved at til dels store delar av forvaltningskapitalen blir investerte i aksjar og obligasjonar, samtidig som storleiken på forsikringskrava ikkje blir endra. Bankane har ein mindre del av forvaltningskapitalen investert i aksjar og obligasjonar, og dermed er dei i avgrensa grad direkte eksponerte for marknadsrisiko. Dei blir likevel indirekte påverka av utviklinga i verdipapirmarknadene gjennom effekten på provisjonsinntekter.

Den negative utviklinga i aksjemarknadene gjennom 2002 førte til ein vesentleg reduksjon i aksjedelen i livs- og skadeforsikringsselskapa. Aksjedelen blei redusert både som følgje av verdireduksjon og nedsal. Samstundes auka selskapa obligasjonsdelen av porteføljen. Marknadsverdien på obligasjonar er avhengig av renta. Ein stor del av auken i obligasjonsbehaldninga til livsforsikringsselskapa blir bokført som obligasjonar haldne til forfall. Desse obligasjonane blir verdsette til kostpris slik at renterisikoen i livsforsikringsselskapa sine rekneskapar blir redusert.

Livsforsikringsselskapa har samla sett om lag 10 prosent av forvaltningskapitalen investert i eigedom, og er dermed eksponerte mot utviklinga i eigedomsmarknaden. Bankane er i mindre grad direkte eksponerte mot endringar i eigedomsprisar. Dei blir likevel påverka av slike endringar gjennom endra kredittrisiko knytt til låneengasjementa deira. Utviklinga i eigedomsmarknadene i første halvår 2003 har i liten grad vist seg i livsforsikringsselskapa sine resultat. Dette kan mellom anna kome av at selskapa har langvarige leigekontraktar, indeksregulering av kontraktane eller at dei har auka kvaliteten på porteføljane. Utviklinga i marknaden for næringseigedom blir nærare omtala under punkt 2.5.2.

2.5 Kredittrisiko

Kredittrisiko er risiko for tap på utlån som følgje av debitors manglande evne eller vilje til å møte pliktene sine. Endring i kredittrisiko heng nøye saman med utviklinga i den økonomiske stillinga til hushalda og føretaka, som igjen blir påverka av konjunkturane.

2.5.1 Kredittrisiko ved lån til hushalda

Kredittveksten til hushalda har vore relativt høg dei siste åra, og høgare enn inntektsveksten. Årsveksten i kreditten var på 9,9 prosent i juni i år trass i svakare økonomisk vekst, avtakande press i bustadmarknaden og auka arbeidsløyse. Arbeidsinntekta er for dei fleste hushald den viktigaste inntektskjelda, og blir mellom anna påverka av utviklinga i arbeidsløysa. Aukande arbeidsløyse gir isolert sett lågare inntekter, og kan dermed redusere nokre hushald si evne til å betale gjelda si. Ved utgangen av juni 2003 var 91 800 personar registrerte som heilt arbeidslause ved arbeidskontora. Dette tilsvarer 3,9 pst. av arbeidsstyrken, mot 3,1 pst. i juni i fjor. I likskap med den registrerte arbeidsløysa auka dei sesongjusterte tala for arbeidsløyse frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjennom første halvår i år. Ved utgangen av første halvår utgjorde arbeidsløysa målt ved AKU-tal 4,6 prosent av arbeidsstyrken.

Gjeldsbelastninga 2 seier noko om nivået på gjeld i forhold til disponibel inntekt. Gjeldsbelastninga for hushalda (gjeld i prosent av disponibel inntekt) var i juni 2003 3 på 141,6 prosent. Til samanlikning var gjeldsbelastninga i desember 2002 på 138,5 prosent. Trekkjer ein frå utgifter til naudsynt konsum, er likevel ikkje belastninga så høg historisk sett, ettersom utgifter til «naudsynte gode» har falle som del av samla konsum.

Figur 2.2 Gjeldsbelastninga1
  og rentebelastninga2
  til hushalda

Figur 2.2 Gjeldsbelastninga1 og rentebelastninga2 til hushalda

1 Lånegjeld i prosent av disponibel inntekt.

2 Renteutgifter etter skatt i prosent av disponibel inntekt pluss renteutgifter.

3 Tala for 2003 byggjer på framskrivingar i den siste inflasjonsrapporten frå Norges Bank.???

Kjelde: Norges Bank.

Rentebelastninga 4 måler rentebetalingane knytt til gjelda i forhold til inntekta. Den vil vere særs avhengig av rentenivået og gir indikasjonar på om hushalda har evne til å betale gjelda med utgangspunkt i den disponible inntekta. Rentebelastninga for hushalda var i juni 2003 5 på 6,8 prosent, medan tilsvarande tal for desember 2002 var 7,1 prosent. Det har dermed vore ein nedgang i rentebelastninga i perioden. Nedgangen i rentene frå i fjor haust medverkar til å redusere rentebelastninga til hushalda. Også den kraftige veksten i disponibel realinntekt i 2002 betrar samla sett hushalda si evne til å handtere gjeld. Ettersom rentebelastninga er relativt liten i høve til disponibel inntekt for hushalda samla sett, ser kredittrisikoen i samband med lån til hushalda ut til å vere avgrensa på kort sikt. På den andre sida sett er det monalege skilnader i gjelds- og rentebelastning mellom ulike grupper av hushald. Enkelte grupper av hushald har høg gjeld samanlikna med innteninga og vil vere spesielt utsette for betalingsproblem ved auka arbeidsløyse eller auka rentenivå.

I Noreg eig ein stor del av hushalda sin eigen bustad. Bustadformuen til norske hushald er langt større enn aksjeformuen deira. Endringar i bustadprisar påverkar derfor truleg forbruket. Ettersom bustad er den viktigaste komponenten i formuen til hushalda, er det òg nærliggjande å sjå kredittveksten i samanheng med utviklinga i bustadprisane.

Bustadprisane har ikkje berre innverknad på kredittrisikoen gjennom formueseffektar, verdiane av bustadene har og direkte innverknad på kredittrisikoen, ettersom ein stor del av bankutlåna til hushalda er gitt med pant i bustad. Differansen mellom verdien på bustaden og storleiken på lånet er bankens sikkerheit for at verdien av pantet held seg, sjølv om bustadprisane fell. «Boliglånsundersøkelsen 2003 6 » viste ein nedgang i den delen av lån som er gitt med belåningsgrad over 100 prosent av bustadverdien, frå 10,5 til 9,5 prosent. Det har også vore nedgang i delen av lån med belåningsgrad mellom 80 og 100 prosent av verdigrunnlaget, men framleis har nær ein tredel av låna ein belåningsgrad på over 80 prosent.

Utvikling i forhold som har innverknad mellom anna på kredittrisikoen i samband med lån til hushalda, blei òg omtala i St.meld. nr. 1 (2003 – 2004) «Nasjonalbudsjettet 2004».

2.5.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak

Kredittilførselen til dei ikkje-finansielle føretaka har blitt redusert den siste tida, og medverkar til å trekkje ned den samla innanlandske kredittveksten. Dei ikkje-finansielle føretaka hadde i juni 2003 ein årsvekst i bruttogjelda på 3,0 prosent. Til samanlikning var kredittveksten i desember 2002 på 7,5 prosent. Investeringane i fastlandsbedriftene var samla sett uendra i første halvår 2003 samanlikna med same periode i fjor. Opptak av gjeld blir i mange tilfelle nytta til investeringar, og storleiken på investeringane har truleg medverka til det reduserte låneopptaket. På den andre sida er det store skilnader i vekstratane i gjeldsopptaket mellom ulike næringar.

Fallet i kronekursen første halvår 2003 medverka til betra konkurranseevne for eksportretta føretak. Likevel fall det sesongjusterte eksportvolumet av tradisjonelle varer med 0,8 prosent i første halvår i år samanlikna med same periode i fjor. Eksportveksten tok seg opp i andre kvartal, og statistikk frå juli kan tyde på ytterlegare vekst i tredje kvartal. På den andre sida har utvikling i norsk økonomi gjennom 2002 saman med svekka inntening i konkurranseutsett sektor medverka til ein sterk auke i talet på konkursar i første halvår 2003 samanlikna med same periode i fjor. Føretaka som har vorte ramma av konkurs, har òg vore større og hatt fleire sysselsette enn dei som før har gått konkurs. Konjunkturutviklinga i 2002 medverka saman med nedgang i oljeprisen og auka renteinntekter til at disponibel inntekt i ikkje-finansielle føretak fall med 48,2 prosent frå 2001 til 2002. Føretaka er avhengige av etterspurnad frå hushalda for å selje produkta sine i marknaden. Utviklinga i føretakssektoren heng såleis tett saman med utviklinga i hushaldssektoren. Dersom hushalda strammar inn på forbruket sitt for å betale lån, eller forbruket fell som følgje av fall i bustadprisane, vil dette redusere innteninga til føretaka og svekkje deira evne til å betale gjeld.

Figur 2.3 Gjeldsbelastninga og rentebelastninga i dei ikkje-finansielle føretaka ekskl. olje og sjøfart. I prosent av kontantoverskot1
  ekskl. renteutgifter

Figur 2.3 Gjeldsbelastninga og rentebelastninga i dei ikkje-finansielle føretaka ekskl. olje og sjøfart. I prosent av kontantoverskot1 ekskl. renteutgifter

1 Kontantoverskot = bruttoprodukt – lønnskostnader + netto formuesinntekter.

2 Tala for 2003 byggjer på framskrivingar i siste inflasjons­rapport.

Kjelde: Noregs Bank

Føretaka har auka si gjeldsbelastning 7 frå midten av nittitalet og fram til utgangen av 2002. Gjeldsbelastninga ved utgangen av 2002 var like høg som i 1990. Gjeldsbelastninga for føretakssektoren er ved utgangen av 2003 estimert 8 til å bli på 612,0 prosent, ein nedgong frå 694,7 prosent i desember 2002. Rentebelastninga 9 for føretakssektoren er ved utgongen av 2003 estimert 10 til å bli på 40,6 prosent, til samanlikning var rentebelastninga i desember 2002 på 54,7 prosent. Avtakande kredittvekst og nedgang i rentene gir ein nedgang i rentebelastninga for føretaka. Rentenedgangen frå 2002 vil isolert sett gjere føretaka betre i stand til å handtere gjelda.

Ein høg eigarkapitaldel reduserer kredittrisikoen i samband med lån til føretaka. Eigarkapitaldelen i dei ikkje-finansielle aksjeselskapa auka frå 35,3 prosent i 2001 til 35,7 prosent i 2002, og låg såleis på eit relativt høgt nivå. Marknaden for næringseigedom har dei siste åra vore påverka av konjunkturane. Omfanget av areal som står ledige, har auka monaleg, og leigeprisane har blitt kraftig reduserte. Omsetnaden av næringseigedommar er låg, og tilbodet av næringseigedom aukar framleis som følgje av at byggjeprosjekt som blei sette i gang for ei tid sidan, blir ferdige.

Forhold som er viktige for føretaka, blei òg omtala nærare i St.meld. nr. 1 (2003 – 2004) «Nasjonalbudsjettet 2004».

2.6 Likviditetsrisiko

Likviditetsrisiko er risikoen for at ein finansinstitusjon ikkje klarer å realisere aktiva etter kvart som pliktene forfell, eller at det oppstår vesentlege ekstraomkostningar i form av for eksempel prisfall på aktiva som må realiserast. Likviditetsrisikoen heng såleis saman med forhold både på aktiva- og passivasida i balansen. Dei ulike formene for finansiering har ulik tidshorisont, og likviditetsrisikoen blir redusert med større grad av langsiktig finansiering. Kor stor del den stabile finansieringa utgjer av dei illikvide eignelutene, seier noko om kor stor likviditetsrisiko institusjonane er utsette for. Ved at bankane transformerer kortsiktige innskot og andre innlån til langsiktige utlån, utset bankane seg for likviditetsrisiko. ­Bankane finansierer i hovudsak utlåna sine ved hjelp av kundeinnskot, eigenkapital, innlån, obligasjonar og pengemarknadsfinansiering. Kundeinnskot, eigenkapital og obligasjonsfinansiering blir rekna som forholdsvis stabile finansieringskjelder, medan pengemarknadsfinansiering er ei kortsiktig finansieringskjelde som kan vere noko meir ustabil. Ein monaleg del av finansieringa til bankane kjem frå utlandet.

Utlåna frå bankane auka over fleire år meir enn innskota, og bankane har derfor blitt meir avhengige av penge- og kapitalmarknadene. Ved redusert tillit kan det oppstå vanskar med å rullere låna når dei forfell. Kortsiktig opplåning kan derfor føre til likviditetsproblem i bankane. Den siste tida har kundeinnskot og obligasjonsfinansiering auka som del av utlåna frå bankane, noko som har medverka til å betre likviditetssituasjonen. Enkelte bankar har heva renta på innskot for å erstatte dyr eller vanskeleg tilgjengeleg pengemarknadsfinansiering med innskotsfinansiering.

Figur 2.4 Den stabile finansieringa1
  til bankane2
  i prosent av illikvide eigneluter3

Figur 2.4 Den stabile finansieringa1 til bankane2 i prosent av illikvide eigneluter3

1 Kundeinnskot, eigenkapital og obligasjonar.

2 Ekskl. filialar av utanlandske bankar.

3 Utlån og anleggsmidlar.

4 Nordlandsbanken er inkludert i DnB fom. 31.12.02.

5 Overføring av utlånsportefølje frå BN-bank til BN-kreditt og inkludering av Nordlandsbanken i DnB-tala, medverka til positivt skifte i kurva høvesvis 31.12.98 og 31.12.02.

Kjelde: Norges Bank.

2.7 Risiko i betalingssystema

Risikoen i betalingssystemet består av fleire ulike former for risiko, mellom anna kredittrisiko og likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Operasjonell risiko er risikoen for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar, menneskelege feil, systemfeil eller på grunn av eksterne hendingar.

Risikoen som oppstår i betalingssystemet, står i ei særstilling med tanke på at transaksjonane blir genererte av kundar og involverer institusjonar som ikkje blir kredittvurderte direkte av andre institusjonar. Kvar enkelt deltakar i betalingssystemet har derfor avgrensa moglegheit til sjølv å vurdere og avgrense eiga eksponering i systemet.

Episodar med avbrot i drifta av betalingssystemet syner at operasjonell risiko er ei viktig form for risiko i systemet. Etablering av ein felles infrastruktur for bankane og utkontrahering av IT-verksemda kan ha gjort betalingssystemet meir sårbart for avvik i drifta. Dersom drifta av betalingssystemet i ein einskild bank blir avbroten, kan likviditeten i banksystemet samle seg opp hos denne banken som følgje av at banken tek imot betalingar utan å kunne sende betalingar sjølv. Den norske krona er inkludert i CLS, som er eit internasjonalt avreknings- og oppgjerssystem for valutahandel, og det aukar krava til stabilitet i drifta av betalingssystemet.

Betalingssystema og utviklinga på dette området det siste året er nærare behandla i kapittel 4 om verksemda i Noregs Bank i 2002.

2.8 Sårbarheit i finansiell sektor

Bankane og forsikringsselskapa er som tidlegare nemnt underlagde soliditetskrav i form av krav til ansvarleg kapital. Den ansvarlege kapitalen består av kjernekapital, tilleggskapital og generelle reserveavsetningar. Med kapitaldekning meiner ein ansvarleg kapital i prosent av dei ulike eignelutspostane, etter at ein har vege desse etter den risikoen dei blir rekna for å representere. Alle norske finansinstitusjonar er pålagde å ha ein ansvarleg kapital som utgjer minst 8 prosent av berekningsgrunnlaget 11 . I den totale kapitaldekninga blir den ansvarlege lånekapitalen medrekna, medan kjernekapitaldekninga i hovudsak er basert på eigenkapitalen til selskapa.

Kjernekapital som selskapa måtte ha ut over kapitaldekningskravet på 8 prosent, tilleggsavsetnader og kursreguleringsfond 12 er dei viktigaste bufferane over kapitaldekningskravet mot mark­nadsrisikoen livsforsikringsselskapa er eksponerte for gjennom investeringane sine i verdi­papir­mark­na­den. Soliditetsutviklinga i livsforsik­rings­sel­skapa kan såleis mellom anna vurderast ut ifrå storleiken på denne bufferkapitalen. Det er viktig at livsforsikringsselskapa sjølv tilpassar behaldninga si av ulike verdipapir til storleiken på den overnemnde bufferkapitalen og soliditeten til selskapet elles. Kapitaldekninga på 8 prosent, den ansvarlege lånekapitalen ut over 8 prosent kravet og bufferkapitalen verkar som ei sikring for at forsikringsselskapet kan dekkje krava kundane har på selskapet og styrker såleis soliditeten ytterlegare.

Soliditeten til selskapa blir styrkt eller svekt avhengig av utviklinga i resultatet frå drifta. Utviklinga i innteninga frå ulike kjelder og utviklinga i kostnadene og tapa gir derfor viktig informasjon om utviklinga i soliditeten til institusjonane.

2.8.1 Bank

Bankane er samla sett relativt godt kapitaliserte og er med normal inntening i stand til å ta monalege tap før soliditeten er direkte truga. Det har ikkje vore store endringar i soliditeten til bankane første halvår 2003, men både den totale kapitaldekninga og kjernekapitaldekninga har blitt noko redusert. Samla kapitaldekning i alle bankane var 12,0 prosent ved utgangen av første halvår 2003, medan den samla kjernekapitaldekninga låg på 9,3 prosent. Kjernekapitaldekninga i dei tre største bankane var ved utgangen av første halvår 8,2 prosent, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå årsskiftet. For dei resterande forretningsbankane og dei resterande sparebankane gjekk kjernekapitaldekninga ned med høvesvis 0,4 og 0,2 prosentpoeng i same periode og var ved utgangen av første halvår på 10,1 prosent i dei resterande forretningsbankane og 11,4 prosent i dei resterande sparebankane.

Bankane hadde samla sett ein nedgang i resultatet av ordinær drift før skatt første halvår 2003 samanlikna med same periode året før. Hovudårsaka til nedgangen i resultata er ein markert auke i tap på utlån. Resultata i første halvår 2003 er likevel langt betre enn i andre halvår 2002, då tapa var særleg høge. Særleg førte Finance Credit-saka til høge tap på utlån, og medverka saman med konjunkturutviklinga til svake resultat i andre halvår 2002.

Figur 2.5 Resultat før skatt i prosent av gjennom­snittleg forvaltningskapital1
  fordelt etter bankgrupper

Figur 2.5 Resultat før skatt i prosent av gjennom­snittleg forvaltningskapital1 fordelt etter bankgrupper

1 Akkumulerte kvartalstall. Annualisert.

2 Inkl. Postbanken.

Kjelde: Noregs Bank.

Figur 2.6 Tap på utlån i prosent av brutto utlån1
  fordelt etter bankgrupper

Figur 2.6 Tap på utlån i prosent av brutto utlån1 fordelt etter bankgrupper

1 Akkumulerte kvartalstall. Annualisert.

2 Inkl. Postbanken.

Kjelde: Noregs Bank.

Dei tre største bankane fekk ein nedgang i resultatet i første halvår 2003 samanlikna med same periode året før, medan resultata i dei resterande forretningsbankane og sparebankane blei betra (sjå figur 2.5). Det var store skilnader mellom resultata til enkeltbankar innanfor dei ulike gruppene av bankar. Enkelte bankar med store engasjement innanfor fiskeoppdrett og fiskeri har tatt store tap, noko som medverkar til svekt resultat i desse bankane. I alt hadde åtte mindre forretningsbankar og fire mindre sparebankar underskot i første halvår.

Samla sett fall rentenettoen til bankane målt i forhold til gjennomsnittleg forvaltningskapital gjennom første halvår 2003. Andre driftsinntekter viste ei positiv utvikling i dei fleste bankane i andre kvartal i år, som følgje av den sterke oppgangen i verdipapirmarknaden.

Dei mindre sparebankane har hatt markert høgare vekst i utlåna sine enn dei andre bankane i den norske marknaden. Den høge utlånsveksten er ein medverkande faktor til reduksjon i kjernekapitaldekninga i gruppa av resterande sparebankar. Tolvmånadersveksten i brutto utlån til kundar var for bankane samla på 7,1 prosent ved utgangen av første halvår 2003. Veksten i utlåna var òg 7,1 prosent for dei tre største bankane i same periode, medan tilsvarande tal var minus 1,3 prosent for dei resterande forretningsbankane og 9,3 prosent for dei resterande sparebankane.

Det har vore ein auke i tapsavsetnadene til bankane det siste året. Samla auka tapsavsetnadene med 30,6 prosent frå utgangen av første halvår 2002 til utgangen av første halvår 2003. Auken skjedde frå eit relativt lågt nivå. Dei uspesifiserte tapsavsetnadene ligg på eit relativt lågt nivå, og utgjer inga stor støytpute dersom konjunkturutviklinga skulle bli svakare enn forventa. Misleghaldne lån auka frå første halvår 2002 til same periode i år, og utgjorde 1,4 prosent av netto utlån ved utgangen av juni 2003. Det auka misleghaldet medverkar òg til press på rentenettoen ettersom ein større del av utlåna ikkje gir renter som blir inntektsførte.

Eigedomsnæringa er den enkeltnæringa bankane har lånt ut mest til. Ved utgangen av første kvartal 2003 utgjorde desse låna 16,4 prosent av totale brutto utlån frå bankane. Utviklinga i eigedomsnæringa den siste tida kan tyde på at bankane kan kome til å tape meir på utlån i denne sektoren i tida framover. Verdien på bustader og næringseigedom er òg viktig for kreditteksponeringa til bankane, fordi slike aktiva ofte blir brukte til å sikre lån.

2.8.2 Livsforsikring

Forsikringsselskapa sine investeringar i aksjar og obligasjonar medfører at resultata blir påverka av utviklinga i aksjemarknadene og rentemarknadene. Den positive utviklinga i aksjemarknaden i første halvår gav auka finansinntekter for livsforsikringsselskapa. Fall i innanlandske renter har òg gitt livsforsikringsselskapa kursgevinstar på obligasjonane. På lengre sikt kan låge renter derimot gjere det vanskelegare for selskapa å innfri rentegarantien. Departementet vurderer no eit soliditetsfremmande tiltak som går ut på å redusere grunnlagsrenta (den garanterte renta) for framtidige innbetalingar. Ein lågare straum av sikre inntekter kan òg redusere lønnsemda i selskapa, og dersom eigarane ikkje tilfører eigarkapital eller held tilbake overskot, kan det redusere moglegheitene for selskapa til å ta risiko i kapitalmarknaden.

Livsforsikringsselskapa hadde ved utgangen av første halvår 2003 ei gjennomsnittleg kapitaldekning på 16,8 prosent. Kapitaldekninga for selskapa samla var omtrent uendra frå årsskiftet. Den samla bufferkapitalen til selskapa utgjorde ved utgangen av første halvår 2003 18,5 milliardar kroner, som tilsvarte 4,3 prosent av forvaltningskapitalen. Til samanlikning utgjorde bufferkapitalen ved årsskiftet 3,4 prosent av forvaltningskapitalen (sjå figur 2.7). Auken i bufferkapitalen kom først og fremst av den positive utviklinga i verdipapirmarknadene. Den forholdsvis låge bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa gjer at evna til å bere tap framleis er avgrensa.

Figur 2.7 Bufferkapital i livsforsikringsselskapa. Prosent av forvaltningskapitalen

Figur 2.7 Bufferkapital i livsforsikringsselskapa. Prosent av forvaltningskapitalen

Kjelde: Kredittilsynet.

Livsforsikringsselskapa hadde ved utgangen av første halvår ein relativt låg aksjedel. Aksjedelen (summen av utanlandske og norske aksjar) utgjorde 8,9 prosent av forvaltningskapitalen, medan delen av obligasjonar og sertifikat haldne som omløpsmidlar og delen av obligasjonar klassifiserte som haldne til forfall utgjorde høvesvis 31,8 og 36,3 prosent av forvaltningskapitalen. Til samanlikning utgjorde aksjedelen ved årsskiftet 7,3 prosent av forvaltningskapitalen, medan delen av obligasjonar og sertifikat haldne som omløpsmidlar utgjorde 35,8 prosent. Behaldninga av obligasjonar klassifiserte som haldne til forfall utgjorde ved årsskiftet 31,5 prosent, og har såleis stige noko det siste halvåret (sjå figur 2.8).

Figur 2.8 Aksje- og obligasjonsbehaldninga til livselskapa. Prosent av Forvaltningskapitalen

Figur 2.8 Aksje- og obligasjonsbehaldninga til livselskapa. Prosent av Forvaltningskapitalen

Kjelde: Kredittilsynet.

Ved utgangen av juni 2003 utgjorde utanlandske aksjar 63 prosent av omløpsaksjane til livsforsikringsselskapa. Til samanlikning utgjorde utanlandske aksjar 60 prosent av omløpsaksjane ved årsskiftet. Utanlandsdelen av aksjeporteføljen er såleis auka.

Livsforsikringsselskapa hadde samla sett eit positivt verdijustert resultat (inkluderer endring i kursreguleringsfondet) før tildeling til kundar og skatt på 10,1 milliardar første halvår 2003. Til samanlikning var det verdijusterte resultatet på minus 8,5 milliardar i same periode i fjor. Den verdijusterte kapitalavkastninga til livsforsikringsselskapa låg i gjennomsnitt på 9,3 prosent (annualisert) i første halvår 2003, mot 1,9 prosent i 2002.

2.9 Avsluttande merknader

Kredittveksten til føretaka har blitt redusert det siste året, medan kredittveksten til hushalda framleis er relativt sterk. Kredittvekst over fleire år gjer at gjeldsbelastninga no er relativt høg både i føretakssektoren og i hushaldssektoren. Nedgangen i rentene medverkar til redusert rentebelastning både for føretak og hushald og reduserar såleis kredittrisikoen på kort sikt. Auken i arbeidsløyse trekkjer i motsett retning. På lengre sikt medverkar òg den høge kredittveksten til hushaldssektoren til auka kredittrisiko ved lån til hushalda. Betring i konkurranseevna i eksportretta næringar som følgje av svekt kronekurs har positiv verknad på føretaka si evne til å betale gjeld. Samstundes førte den økonomiske utviklinga og den svekka innteninga i konkurranseutsett sektor gjennom 2002 til at talet på konkursar auka det siste året. Dersom det låge rentenivået gjer at hushald og føretak tilpassar seg ved å auke gjeldsbelastninga si ytterlegare, kan renteauke gi fleire låntakarar problem med å handtere gjelda. Auka rente kan òg medverke til fall i bustadprisane, og såleis redusere verdien av sikkerheita for låna.

Bankane er som gruppe godt kapitaliserte. Enkelte bankar har hatt ei klart svakare utvikling enn det som er tilfellet for bankane samla. Uvissa kring framtidige tap i bankane er særleg knytt til konjunkturutviklinga framover. Situasjonen i livsforsikringsselskapa har blitt betra den siste tida, men soliditeten målt ved bufferkapitalen er framleis forholdsvis låg, og avgrensar risikoen selskapa kan ta på seg. Departementet vil understreke at kvart einskild livsforsikringsselskap må tilpasse risikoen knytt til kapitalplasseringane til soliditetssituasjonen.

Fotnotar

1.

Inkluderer både datterselskap og filialar

2.

(Lånegjeld/Disponibel inntekt)*100

3.

Tala frå 2003 byggjer delvis på framskrivingar for disponibel inntekt og renteutgifter. Desse tala er henta frå referansebana i siste inflasjonsrapport frå Noregs Bank.

4.

Rentebelastning = (Renteutgifter *(1– marginal skattesats))/((Disponibel inntekt + renteutgifter)*100)

5.

Tala frå 2003 byggjer delvis på framskrivingar for disponibel inntekt og renteutgifter. Desse tala er henta frå referansebana i siste inflasjonsrapport frå Noregs Bank.

6.

Kjelde: Kredittilsynet

7.

Gjeldsbelastning = Renteberande gjeld i ikkje-finansielle føretak i prosent av kontantoverskot ekskl. renteutgifter.

Kontantoverskot = Bruttoprodukt – lønnskostnader + formuesinntekter.

8.

Tala for 2003 byggjer delvis på framskrivingar for kontant­overskot og renteutgifter. Desse tala er henta frå referansebana i siste inflasjonsrapport frå Noregs Bank.

9.

Rentebelastning = Renteutgifter i ikkje-finansielle føretak ekskl. olje og sjøfart i prosent av kontantoverskot.

10.

Tala for 2003 byggjer delvis på framskrivingar for kontant­overskot og renteutgifter. Desse tala er henta frå referansebana i siste inflasjonsrapport frå Noregs Bank.

11.

Den ansvarlege kapitalen til selskapet, som skal dekkje kapitaldekningskravet, er samansett av kjernekapital og ansvarleg kapital som ikkje er kjernekapital. Kjernekapital skal minst utgjere halvparten av kravet til ansvarleg kapital, medan ansvarleg kapital som ikkje er kjernekapital, kan dekkje resten av kapitaldekningskravet.

12.

Kursreguleringsfondet i livselskapa er skilnaden mellom prisen i marknaden og kjøpspris på verdipapira.

Til forsida