St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

6 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 2002

Statens Banksikringsfond blei skipa ved «lov 15. mars 1991 nr. 2 om Statens Banksikringsfond». Odelstinget vedtok 9. april 2002 å oppheve lova (jf. Innst. O. nr. 35 (2001–2002)). Det blei lagt til grunn at opphevinga av lova ikkje skulle setjast i verk før fondet var avvikla og midlane frå fondet var førte tilbake til statskassa. Kongen fekk fullmakt til å bestemme når opphevinga av lova skulle setjast i kraft. Dette blei gjort med verknad frå 1. april 2003 etter at fondet blei avvikla den 19. august 2002, og midlane som var att samstundes blei førte tilbake til statskassa.

Sjå nærare om dette i sluttmeldinga og rekneskapen til Banksikringsfondet per 19. august 2002.

6.1 Organisasjon og leiing

Statens Banksikringsfond var organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet var eit styre som stod for verksemda og som forvalta fondsmidlane.

Samansetjinga av styret for 2002 er vist i boks 6.1.

Boks 6.1 Styret i Statens Banksikringsfond i 2002

  • Professor Einar Hope, leiar

  • Director of Independant Judicial Commission Rakel Surlien, nestleiar

  • Advokat Kristine Schei, styremedlem

Kredittilsynet og Noregs Bank har hatt kvar sin representant som har teke del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 2002 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet, og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank har sidan fondet blei oppretta i 1991, hatt hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet i 2002 var assisterande direktør Ole J. Oldertrøen.

6.2 Verksemda i 2002

Med grunnlag i stortingsvedtaket om å avvikle banksikringsfondet blei det våren og sommaren 2002 arbeidd med å avvikle den attverande verksemda i fondet.

Etter at Statens Banksikringsfond avhenda sin aksjepost i Den norske Bank i 2001, hadde ikkje banksikringsfondet lenger aksjar i norske bankar i 2002. Fondet hadde likevel framleis avtalar med Nordea, Den norske Bank og Fokus Bank som påla bankane å rapportere til fondet kvart kvartal. Desse avtalane blei oppsagde ved brev av 20. juni 2002 som ledd i avviklinga av banksikringsfondet si verksemd.

I samband med avviklinga av banksikringsfondet innhenta styret òg ein analyse av den samla avkastninga på bankinvesteringsfondet sine investeringar i Den norske Bank, Kreditkassen, Fokus Bank og Oslobanken. Analysen følgde som trykt vedlegg til banksikringsfondet si sluttmelding.

6.3 Rekneskapen per 19. august 2002

Statens Banksikringsfond hadde i 2002 inntekter på 2 133 000 kroner. Hovuddelen av inntektene, 2 128 000 kroner, var renteinntekter. Pengane blei plasserte som kontolån til staten.

Fondet hadde i 2002 kostnader på til saman 480 000 kroner. Desse var samansette av styrehonorar på 95 000 kroner og andre driftskostnader i samband med avviklinga på 385 000 kroner.

Samla sett fekk Banksikringsfondet eit overskot på 1 653 000 kroner i 2001. Dette blei, saman med eigenkapitalen på 80 227 000 kroner, ført tilbake til statskassa i samband med oppløysinga av fondet den 19. august 2002.

Til forsida