St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Folketrygdfondet i 2002

7.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23–11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2002 i original blei sende til departementet i brev av 28. mars 2003, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

Folketrygdfondet må utøve verksemda si i tråd med dei rettslege rammene som ligg til grunn. Fondet må for det første handle i samsvar med dei reglane som Stortinget har fastsett i «Reglement for Folketrygdfondet» av 20. juni 1997. For det andre er Folketrygdfondet også underlagt eventuelle nærare reglar og føresegner som er gitt av Kongen, med heimel i § 9 i reglementet. Denne kompetansen er i forskrift 17. januar 1992 og 21. juni 2002 delegert til Finansdepartementet. Av dette følgjer at Folketrygdfondet må handle innanfor dei rammene som både Stortinget og Finansdepartementet fastset.

7.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2002 er vist i boks 7.1.

Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år.

Boks 7.1 Styret i Folketrygdfondet frå 15. mai 2002

  • Rolf Sæther, Oslo (leiar)1

  • Varamedlem: Trine-Lise Wilhelmsen, Oslo1

  • Harald Ellefsen, Trondheim1

  • Varamedlem: Monica Mæland, Bergen1

  • Vibecke Groth, Oslo1

  • Varamedlem: Karine Nyborg, Bærum1

  • Linda Orvedal, Flåm1

  • Varamedlem: Petter Bjerksund, Bergen1

  • Oddvar Skaiaa, Grimstad1

  • Varamedlem: Liv Skaaheim, Førde1

  • Anne Breiby, Ålesund2

  • Varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg2

  • Tove Lehre, Lillehammer2

  • Varamedlem: Roger Schjerva, Oslo3

  • Per Arne Olsen, Tønsberg2

  • Varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster2

  • Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund2

  • Varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten2

1 Oppnemnd for perioden 15. mai 2002–15. mai 2006

2 Oppnemnd for perioden 30. juni 2000–30. juni 2004

3 Oppnemnd for perioden 27. april 2001–30. juni 2004

Administrasjonen i Folketrygdfondet er styrkt dei siste åra gjennom ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 2002 hadde fondet 22 tilsette, som er det same som i 2001. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, lønn, styrehonorar o.a., utgjorde 32 millionar kroner i 2002. Dette var 2 millionar kroner, eller vel 6,2 prosent, meir enn i 2001. Auken kom i hovudsak av auka personalkostnader og auka husleige som følgje av at kontorlokala blei oppgraderte i 2001.

7.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene som Stortinget har fastsett, og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i regelverket til fondet.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder slik:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer noterte på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering i aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 20 pst. av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Innenfor rammen for aksjeplasseringer kan fondet delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper som har søkt eller har konkrete planer om å søke børsnotering. Selskapene skal være notert på den såkalte OTC-listen, som administreres av Norges Fondsmeglerforbund. Plassering i denne type aksjer kan ikke overstige 2,5 prosent av rammen for aksjeplasseringer.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 3,0 pst. av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

I samband med Nasjonalbudsjettet 2001 vedtok Stortinget å endre reglementet slik at midlane i fondet også kan investerast i aksjar som er noterte på børsane i Danmark, Sverige eller Finland tilsvarande 5 prosent av den samla aksjeramma. Denne ramma blei utvida i samband med handsaminga av Nasjonalbudsjettet 2003 slik at det med verknad frå 2. desember 2002 er tillate å investere inntil 20 prosent av aksjeramma på børsane i Danmark, Sverige eller Finland. Grensa for maksimal eigardel i kvart einskilt selskap i desse tre landa blei samtidig auka til 3 prosent av total aksjekapital.

Styret i Folketrygdfondet har fastsett referanseporteføljar for renteporteføljen og for dei to aksjeporteføljane (Noreg og resten av Norden). Styret i fondet fastset årleg risikorammer for den norske aksjeporteføljen, for den nordiske aksjeporteføljen, for renteporteføljen og for totalporteføljen for fondet.

Etter vedtak i Stortinget 4. juni 2002 lyder § 9 i reglementet slik:

«Kongen kan gi nærmere regler om fondsforvaltningen og treffe nærmere bestemmelser til utfylling og gjennomføring av reglene. Kongen kan i særlige tilfeller dispensere fra § 5.»

Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992 og 21. juni 2002. Nærare retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.

Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinjene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Folketrygdfondet kan foreslå ei ramme. I brev av 16. januar 2002 til departementet foreslo fondet ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 2,5 milliardar kroner i 2002. Finansdepartementet fastsette i brev av 19. mars 2002 ei ramme for private og kommunale plasseringar på 1,5 milliardar kroner for 2002. Dette er 0,5 milliard kroner lågare enn for 2001. Annan plasseringsauke skal skje i statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet med på å dekkje dei låna som staten har bruk for. Folketrygdfondet kan jamvel utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir auke nettoplasseringane sine i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen. Dette kan gjerast ved å omplassere eksisterande bankinnskot og private og kommunale obligasjonar.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån.

7.4 Balansen til Folketrygdfondet i 2002

Kapitalen til Folketrygdfondet utgjorde 136,1 milliardar kroner ved utgangen av 2002.

Statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2002 var 86,8 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris). Dette tilsvarte 65,8 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 2001 var 83,4 milliardar kroner, som òg utgjorde 65,8 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 145 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla plasseringane i renteberande papir utgjorde 112,4 milliardar kroner pr. 31. desember 2002, og fondet hadde ein urealisert kursgevinst på desse papira på 2,75 milliardar kroner.

Fondet sine plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 22,7 milliardar kroner ved utgangen av 2002, mot 23,5 milliardar kroner ved utgangen av 2001 (kostpris). Dette tilsvarte 17,2 og 18,6 prosent av dei samla plasseringane.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar, jamfør St.prp. nr. 69 (1990–91) og Innst. S. nr. 228 (1990–91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar er 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2002 på vel 27 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen, rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 22,3 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 44 selskap noterte på Oslo Børs og 26 selskap noterte på børs i Danmark, Finland og Sverige. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis 116,4 millionar kroner (kostpris). Eigenkapitalplasseringane tilsvarte 16,9 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 2,6 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 2001 til utgangen av 2002.

Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 2002 på 20,1 milliardar kroner. Fondet hadde såleis eit urealisert kurstap på slike verdipapir på 2,2 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursgevinstar og opptente, ikkje forfalne renter utgjorde 4,2 milliardar kroner ved utgangen av 2002.

7.5 Resultatet til Folketrygdfondet i 2002

Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna endring i urealiserte gevinstar) var på 2 444 millionar kroner i 2002. Dette tilsvarte ein avkastningsrate på 1,8 prosent. Tilsvarande avkastning i 2001 var på 4,1 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2002 på 8,6 prosent, medan avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var på minus 27,5 prosent. Avkastning av aksjeplasseringar i resten av Norden var på minus 43,5 prosent.

Aksjeavkastninga i Noreg var 3,6 prosentpoeng høgare enn avkastninga til referanseindeksen for aksjeinvesteringane. Meiravkastninga kom mellom anna av at fondet var overvekta i bransjar og selskap som er mindre merkte av konjunkturnedgang og nedgang i aksjemarknaden, medan det var undervekta i teknologisektoren.

Samla renteinntekter i 2002 var 7 114 millionar kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 552 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein reduksjon i urealiserte verdipapirgevinstar på 2 749 millionar kroner. Endringa i urealiserte gevinstar var delt i ein reduksjon på 6 515 millionar kroner for aksjar og grunnfondsbevis og ein auke på 3 766 millionar kroner for dei resterande verdipapira.

Folketrygdfondet hadde i perioden 1998–2002 (5 år) ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på minus 6,2 prosent, som er 3,2 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen.

Den norske aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet 1 i forhold til referanseporteføljen på 5,2 prosent i perioden 1998–2002 (5 år).

Fotnotar

1.

Relativ volatilitet er eit risikomål som er definert som standardavviket på differanseavkastninga mellom den faktiske porteføljen og referanseporteføljen.

Til forsida av dokumentet