Forumet er ein politisk arena for fortruleg dialog mellom likeverdige partar og eit verktøy for å sikre heilskapleg politikkutvikling i nordområda.

Frå 2026 er dei faste medlemane i forumet politisk leiing i fylka i Nord-Noreg og Sametinget. Frå nasjonalt nivå møter politisk leiing i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), Utanriksdepartementet (UD) og Justis- og beredskapsdepartementet. Andre departement og/eller aktørar blir inviterte til møte der tema innan deira ansvarsområde er på dagsorden.

Arbeidet i forumet tar utgangspunkt i gjeldande planar og strategiar hos medlemane i forumet.