Historisk arkiv

Digitale data kan minke råteskadar i skog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Soppen rotkjuke tek knekken på kvart femte norske grantre og gir store tap for skogbransjen. Digitale data frå hogstmaskinar, satellittar, fly og dronar bidreg til å hindre smittespreiing.

Digitale svar på kor nye tre burde bli planta

Ein hogstmaskin kan registrere om eit tre er ròte, og kor høgt oppe i treet ròten går. Informasjon frå hogstmaskinane kan bli kopla saman med sensordata frå satellitt, fly og dronar som er samla inn før hogsten. Slik vil det vere mogleg å si kor dei ròteinfiserte trea er. Informasjonen kan og si noko om kor ein kan plante gran for å redusere risikoen for at det nye treet arvar ròte.

Digitale data frå hogstmaskinar, satellittar, fly og dronar bidreg til å hindra smittespreiing i norsk skogbruk.
Digitale data frå hogstmaskinar, satellittar, fly og dronar bidreg til å hindra smittespreiing i norsk skogbruk. Foto: Torbjørn Tandberg.

Forbetra teknologi gjev nye moglegheiter

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arbeider i lag med aktørar innan akademia, skogeigarar, skognæring og teknologiske bedrifter for å finne løysingar i skogbruket ved hjelp av presisjonsskogbruk. Det handlar om å skreddarsy tiltak som tek omsyn til tilhøva i den lokale skogbestanden.