Historisk arkiv

Matmanifest: Samarbeider for å synleggjere lokalmat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fleire fylke og landsdelar etablerer eigne matmanifest som skal synleggjere lokal mat og drikke. Næringsaktørar, forvalting og politikarar på tvers av kommunar, fagområde og interessefelt samarbeider på den måten for å profilere regionen sin mat- og drikkekultur.

–  Opphav og lokal identitet er grunnlag og suksesskriterie for lokalmaten, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Folk vil ha kjennskap til dei tre K-ane: Kvar, Kven, Korleis. Dei vil ha tradisjonen og historia bak maten. Det er difor eit godt spor når regionane og landsdelane no går saman om å lyfte fram den lokale maten,  seier Dale.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner kopling mellom reiseliv og lokalmat vil gi verdiskaping i distriikta og gjere Noreg til eit attraktivt reisemål.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner kopling mellom reiseliv og lokalmat vil gi verdiskaping i distriikta og gjere Noreg til eit attraktivt reisemål. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Vi er midt inne i turistsesongen. Eg har stor tru på at kopling av lokalmat med landbruksbasert reiseliv kan gje grunnlag for stor verdiskaping og vere med å gjere Noreg til eit attraktivt reisemål for både norske og utanlandske turistar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Trøndelag først

Matregionane knyter saman råvarer, tradisjon, sesongvariasjonar og nyskaping for å tilby smakfull mat og drikke til eigne innbyggjarar og turistar. Som fyrste region fekk Trøndelag sitt eit eige matmanifest i 2011, der mange aktørar er saman om å synleggjere og framsnakke mat og drikke frå fylket.

"Spis Sørlandet"

Sørlendingane har "Spis Sørlandet" som er eit matmanifest utvikla av råvareprodusentar, foredlarar og restaurantar. Saman forpliktar dei seg til å servere lokal mat med opphav frå Sørlandet. Ein eigen "Spis Sørlandet" logo gjer det enkelt for spisegjester å finne fram til lokalmaten.

Rogalands matmanifest

No lanserer Rogaland sitt nye matmanifest, der det er vist til at Rogaland er eit viktig jordbruksfylke, og ein sentral region for å nå nasjonale mål om auka matproduksjon. Gjennom matmanifestet lyfter Rogaland fram og stadfester verdien av lokal matproduksjon, norske råvarer og ikkje minst den lokale matkulturen.