Vil gjere det enklare å satse på hest
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.06.2017
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale lanserte denne veka ein kommande nasjonal rettleiar for bruk og hald av hest på Norsk Hestesenter på Lena.
– No forsterkar vi arbeidet for å skape nye arbeidsplassar i distrikta basert på norsk hest, gjennom å utarbeide ein rettleiar som bidreg til å gjere det enklare for folk å satse på hest, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Det er eit ynske om at den nasjonale rettleiaren skal samle regelverket og fungere som eit oppslagsverk både for kommunane og hesteeigarane. Landbruks- og matdepartementet og hestenæringa er i dag samla på eit innspelsseminar, kor dei startar utforminga av rettleiaren. Etter planen skal den vere klar neste vår, og er inspirert av den nasjonale rettleiaren som har blitt laga i Sverige.
– Ein tommelfingerregel er at kvar tiande hest skapar éin arbeidsplass. Hesten blir brukt både til rekreasjon, sport, fritid og terapi. Det burde difor ligge store moglegheiter i å få meir næring og arbeidsplassar ut av hesten, seier Dale.
Rettleiaren vil mellom anna innhalde informasjon om korleis kommunane betre kan legge til rette for hestehald i sin arealplanlegging, kjøp av hestebaserte tenester, trafikktryggleik og kvalitetssikring i hestenæringa.