Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål for svalbardpolitikken er «godt forvalta polarområde». Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å oppretthalde eksisterande norske samfunn i desse områda. Sjå elles nærmare omtale av måla for svalbardpolitikken under del II.

1.1 Tilstandsvurdering

1.1.1 Næringsliv, sysselsetjing og folk

Velfungerande næringsliv, sysselsetjing og busetjing er viktig for at ein skal kunne nå dei overordna måla for svalbardpolitikken omtala under punkt 3.1. Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Målet har først og fremst vore oppfylt gjennom Longyearbyen. Talet på registrerte busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund auka med 31 personar i løpet av 2020. Per 1. januar 2021 var det 2 459 personar busette i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Normalt er det svært få arbeidslause på Svalbard. Det var t.d. registrert ni arbeidslause i januar 2020. Virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka råka sysselsetjinga på Svalbard frå mars 2020. Ved utgangen av mars 2020 var det registrert 330 arbeidslause. Seinare auka talet til 350 i april, før arbeidsløysa gradvis gjekk attende. I mai 2021 var det om lag 100 arbeidslause. Dei fleste som vart sagde opp eller permitterte våren 2020, var utanlandske arbeidstakarar i reiselivsnæringa. I det offentlege og i statseigde verksemder var sysselsetjinga stabil. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at nedgangen i omsetjing og talet på årsverk på Svalbard har vore kraftig i 2020. Medan omsetjinga gjekk ned 20,3 pst., fallt talet på årsverk med 9,7 pst. i 2020 samanlikna med 2019. Samstundes syner skatteinngangen at dei økonomiske konsekvensane av smitteverntiltaka kan vere mindre enn ein har venta. Tala frå SSB syner vidare at investeringane har vakse monnaleg, med ei auke på 50 pst. frå 2019 til 20201. Sjå punkt 3.2.3.3 for nærmare omtale av sysselsetjinga på Svalbard i perioden frå etter mars 2020.

Det er i dag framleis stor uvisse i Longyearbyen om dei økonomiske verknadene av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Beredskapen, særleg helseberedskapen og den lange evakueringstida til fastlandet, set grenser for kor raskt og i kva omfang aktiviteten kan takast opp att.

1.1.2 Energi

Regjeringa ønskjer at kolkraftverket i Longyearbyen skal fasast ut. Regjeringa har samstundes slått fast at når kolkraftverket i Longyearbyen er teke ut av drift, skal òg verksemda i Gruve 7 ta slutt, med konsekvensar for sysselsetjinga. Situasjonen for næringslivet i Longyearbyen vil derfor bli følgd nøye.

Sjå elles punkt 3.2.5 for nærmare omtale av energiforsyning i Longyearbyen, og om ny energiløysing for Longyearbyen.

1.1.3 Skred

Longyearbyen er utsett for skred, og vart ramma av store snøskred to vintrar på rad, i desember 2015 og i februar 2017. Store ressursar har blitt nytta for å hindre at nye skred skadar liv og eigedom i Longyearbyen.

Vinteren 2019–2020 og 2020–2021 gjekk det ingen skred i område der det bur folk. Vinteren 2019–2020 var det heller ingen evakueringar i Longyearbyen, på grunn av lite snø og redusert fare for snøskred. Vinteren 2020–2021 var det tre evakueringar i området Nybyen med forbod mot ferdsel og opphald. I februar 2020 omkom to personar i ei skredulukke i felt på Svalbard.

1.2 Tiltak

1.2.1 Økonomiske tiltak

Regjeringa har foreslått og sett i verk ei rekkje tiltak for å støtte og stimulere til at næringslivet i Longyearbyen klarar seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet, jf. omtalen i punkt 3.2.3.5. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn, er det avgjerande at næringsliv på Svalbard kan halde fram gjennom perioden med redusert aktivitet. Bl.a. har det vore løyvd midlar til ulike tilskotsordningar for å bidra til gjenoppbygging, omstilling og utvikling av reiselivet på Svalbard.

Ei rekkje av dei nasjonale økonomiske tiltaka bidrog òg til å hjelpe situasjonen på Svalbard. Samstundes er forholda på Svalbard spesielle, og ikkje alle ordningar, insentiv m.m. som gjeld for fastlandet, er aktuelle for befolkninga eller næringslivet der. Regjeringa har gjennom fleire proposisjonar til Stortinget i 2020 og 2021 foreslått både å auke eksisterande løyvingar og å løyve midlar til nye tiltak på Svalbard for å leggje til rette for å halde oppe næringsliv, sysselsetjing og busetjing på Svalbard. For nærmare omtale av desse tiltaka viser ein til Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

1.2.2 Smittevern

Samstundes som Svalbard har vore sterkt prega av smitteverntiltaka, har smittesituasjonen vore under kontroll. Regjeringa har prioritert forsyning av tilstrekkeleg med vaksinedosar til å vaksinere fastbuande på Svalbard, då det vil vere krevjande å takle eit større smitteutbrot på Svalbard.

Det er sett i verk fleire tiltak for å redusere faren for eit utbrot så mykje som mogleg. Longyearbyen er eit lite samfunn. Ressursar, lokal beredskap og kapasitet er ikkje dimensjonert for å kunne hanskast med ein epidemi over lengre tid. Regjeringa har ønskt å redusere sårbarheit for eit utbrot så mykje som mogleg. Som følgje av dette vart det i 2020 og 2021 bl.a. innført restriksjonar for innreise til Svalbard og etablert rutinar for evakuering av smitta personar til fastlandet. Sjå elles punkt 3.2.4 for nærmare omtale av smitteverntiltak på Svalbard.

1.2.3 Skredsikring

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil etter planen sluttføre skredsikringstiltaka i bustadområdet Lia under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen i 2022. Dei samla utgiftene til skredsikringstiltak under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen er rekna til 165 mill. kroner.

Sysselmeisteren, NVE og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis ein kan førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. Fram til skredsikringstiltak er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Sjå elles punkt 3.2.2.4 for nærmare omtale av skred og skredsikringstiltak på Svalbard.

1.2.4 Endringar i regelverk

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken fordrar at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. Regjeringa har foreslått fleire endringar i regelverket som omhandlar Svalbard i 2020 og 2021.

  • Arbeids- og sosialdepartementet har sendt på høyring forslag om å gjere allmenngjeringslova og ferielova gjeldande på Svalbard.

  • Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard og forslag om å gjere pakkereiselova gjeldande på Svalbard.

  • Klima- og miljødepartementet har sendt på høyring forslag til fleire endringar i miljøregelverket.

  • Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring to forskrifter med nye reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen.

  • Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag til endring av reglar for valbarheit og stemmerett for val til Longyearbyen lokalstyre.

Dei foreslåtte endringane i regelverk vil leggje til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard fortset, i tråd med dei svalbardpolitiske måla og i samsvar med dei utviklingstrekka og utfordringane ein ser og forventar.

Sjå punkt 3.2.4.5 for nærmare omtale av dei foreslåtte endringane i regelverk.

1.2.5 Miljø

Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea og Lunckefjell er delt opp i tre fasar (Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B). Oppryddinga i Lunckefjell starta opp våren 2019 og er gjennomført. Oppryddinga i Svea fase 2A starta opp våren 2020 og er førebels i rute etter gjeldande tidsplan. Ein ventar at denne fasen blir ferdigstilt hausten 2021. Oppryddinga i Svea fase 2B starta opp våren 2021 og er venta ferdigstilt hausten 2023, om lag eit år tidlegare og til lågare kostnad enn ein først trudde. Miljøvernstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår for opprydding frå miljøstyresmaktene. Som miljøvernstyresmakt har Sysselmeisteren hovudansvaret for oppfølging overfor Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) av oppryddingsarbeidet. Sjå elles punkt 5.5.1 og 5.10.3 for nærmare omtale av miljøforvaltninga på Svalbard og miljøtiltak i Svea og Lunckefjell.

1.3 Prioriteringar i 2022

Regjeringa vil i 2022 prioritere arbeidet med å handtere virusutbrotet og smitteverntiltaka samstundes med gjenopning av samfunnet og gjenoppbygging av næringsliv der ein ser det som nødvendig. Regjeringa vil vidare prioritere skredsikringsarbeidet under fjellet Sukkertoppen og arbeidet med ny energiløysing i Longyearbyen. Sjå elles punkt 2.4 for ei nærmare omtale av regjeringa sine prioriteringar for Svalbard i 2022.

Fotnotar

1.

Kraftig nedgang i omsetning og årsverk på Svalbard (ssb.no)

Til forsida