Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Generelt

2 Generelt

2.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen er den største øya i Noreg. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear. Under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag vart Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene der.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at folkemengda på Svalbard auka med 21 personar i 2020, dvs. 1,3 pst. Til samanlikning var auken i 2019 på 8 pst, som var den største folkeveksten dei siste ti åra.

Tabell 2.1 Befolkningstal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2 158

2 100

2 185

2 152

2 145

2 214

2 258

2 428

2 459

Kjelde: SSB

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det er registrert 400 fastbuande i Barentsburg per 1. januar 2021. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund vart det registrert 10 busette på same tidspunkt.

2.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2021–2022) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480 post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2022 er omtala nærmare under punkt 5 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

2.3 Om offentlege styresmakter på Svalbard

2.3.1 Sysselmeisteren

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og er både politimeister og statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalemakt og miljøforvaltning. Sysselmeisteren er dermed både leiar av påtalemakta i politiet og for verksemda elles i politiet. Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta som leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS). Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sysselmeisteren skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

Sysselmeisteren har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren gjer det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekke moglege brot på miljøregelverket for Svalbard.

Sysselmeisteren skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl.res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere ikkje-planlagde hendingar som naturkatastrofar eller planlagde hendingar som kriminalitet og terrorisme. Sysselmeisteren legg vekt på samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmeisteren som statsforvaltar leier beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles bilete av risiko og sårbarheit og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard. Rådet skal òg vere førebudd på å hjelpe Sysselmeisteren ved krisehandtering. Sysselmeisteren utgjer ein statleg ressurs for oljevernberedskapen.

Sysselmeisteren er som statsforvaltar òg regional statleg miljøvernstyresmakt på Svalbard og har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt. Miljøvernoppgåvene til Sysselmeisteren spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I samanheng med dette utfører Sysselmeisteren arbeid med arealplanar der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadsbehandling, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er òg viktige oppgåver for Sysselmeisteren på miljøvernsida. Sysselmeisteren som statsforvaltar utfører ei rekkje sivile oppgåver delegert frå ulike departement.

Sysselmeisteren har jamleg kontakt med det russiske selskapet Trust Arktikugol og generalkonsulatet i Barentsburg gjennom faste kontaktmøter og kontordag ein dag i månaden som et tilbod til lokalbefolkninga.

Sysselmeisteren hjelper fleire statlege styresmakter i samband med informasjons- og tilsynsverksemd. Sysselmeisteren møter fast i det interdepartementale polarutvalet.

2.3.1.1 Nytt namn, nye stillingskodar og endring i permisjonspraksis

Justis- og beredskapsdepartementet la 12. mars 2021 fram Prop. 98 L (2020–2021) Endringer i Svalbardloven m.m. (endret navn på Sysselmannen). Regjeringa foreslo endringar i til saman 11 lover der ordet «sysselmannen» og variantar av dette er nytta, som følgje av at tittelen «sysselmann» var bestemt endra til det kjønnsnøytrale namnet «sysselmeister» frå 1. juli 2021.

Namneendringa gjaldt både stillings- og verksemdsnamnet. Det vart ikkje gjort nokon materielle endringar. Forslaget innebar at der ordet «sysselmannen» blir nytta i lovverket, blir dette endra til «sysselmesteren» på bokmål og «sysselmeisteren» på nynorsk. Departementet foreslo at endringslova skulle gjelde frå 1. juli 2021. Det engelske namnet Governor of Svalbard vart ikkje endra.

Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 398 L (2020–2021).

Justis- og beredskapsdepartementet gav i tillegg til tildelingsbrev til Sysselmeisteren av 2. juni 2021 fullmakt til Sysselmeisteren til å nytte stillingskodane 0288 Politifullmektig og 1245 Politiadvokat. Endringane er ei harmonisering av praksis mellom Svalbard og fastlandet.

I staten si personalhandbok, punkt 10.8.7.1 er den følgjande teksten teken inn: «Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppfordrer statlige virksomheter til å være positive til søknader om permisjon uten lønn fra dem som blir ansatt i åremålsstillinger hos Sysselmesteren på Svalbard, samt deres ektefelle/samboer.» Endringa legg til rette for å gjere rekruttering til Sysselmeisteren mindre komplisert.

2.3.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Oppgåvene svarer på fleire felt til dei oppgåvene ein kommune har på fastlandet.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året. Dialogen Longyearbyen lokalstyre har med departementet, er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard, jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Forskrifta pålegg Longyearbyen lokalstyre sjølv å ta ansvar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med Longyearbyen lokalstyre si oppfølging av pliktene i forskrifta.

Utfyllande informasjon om Longyearbyen lokalstyre kan finnast i Prop. 43 L (2018–2019) Endringer i Svalbardloven m.m. (tilpasning til ny kommunelov).

2.3.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar. Aktørane er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

Vidare får Svalbard Museum og Svalbard kyrkje løyving over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, finansiert utanfor svalbardbudsjettet:

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssentret på Svalbard (UNIS)

  • Statens kartverk

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

  • Svalbard globale frøkvelv

Sjå elles dei respektive postomtalane i del III for nærmare omtale av statlege aktørar på Svalbard.

2.4 Prioriteringar i 2022

Virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for befolkninga og verksemdene på Svalbard, og ein ventar at konsekvensane òg vil merkast i 2022. Reiselivet er blant dei næringane som er hardast råka. Regjeringa har gjennom 2020 og 2021 foreslått fleire tiltak for å bidra til at seriøse verksemder har gode rammevilkår for å kunne klare seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det eksisterer eit variert og berekraftig næringsliv på Svalbard også etter at perioden med virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka er over.

Det er løyvd midlar til tilskotsordningar for reiselivsnæringa på Svalbard, bl.a. for å bidra til omstilling og eit grunnlag for framleis lønnsam aktivitet.

Eit større virusutbrot med koronasmitte på Svalbard vil kunne skape ein utfordrande situasjon. Regjeringa har derfor prioritert forsyning av tilstrekkeleg mengd vaksinedosar til å vaksinere fastbuande på Svalbard (inkludert Barentsburg).

Regjeringa fortset å leggje til rette for at Longyearbyen held fram som eit norsk lokalsamfunn. Det inneber bl.a. å bidra til skredsikring av Longyearbyen. Regjeringa foreslår å løyve 25 mill. kroner til skredsikring av området Lia under fjellet Sukkertoppen. Arbeidet starta opp i 2019 og ligg an til å bli avslutta i 2022.

Kolkraftverket i Longyearbyen skal bli fasa ut til fordel for eit nytt kraftvarmeverk der ein gradvis og forsvarleg fasar inn meir fornybar energi. NVE og Thema/Multiconsult har gjennomført nærmara utgreiingar av ulike grunnlastløysingar.

Regjeringa sitt forslag til rammer for ein energiplan for Longyearbyen legg grunnlaget for at kolkraftverket blir avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavennleg energiløysing. Løysinga skal vere basert på eit nytt kraftvarmeverk i kombinasjon med fornybar energi og auka satsing på energieffektivisering.

Ei energiløysing basert på fornybare energikjelder og diesel/multifuelteknologi er etter regjeringa si meining den løysinga som gir høgast forsyningstryggleik, lågaste kostnader og mogleggjer ei trinnvis oppbygging av ei langsiktig, fornybar energiløysing for Longyearbyen. Utprøving av energilagringsmoglegheiter lokalt bør inngå i dette.

Regjeringa har bede Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan i løpet av 2022. Premissane for planen er at fornybar energi skal fasast inn raskast mogleg med målet om at fornybare løysingar skal utgjere hovudforsyninga. Energiforsyninga skal vere i tråd med og støtte opp under klimamåla til Noreg for 2030 og 2050.

Sjå elles punkt 3.2.5 for nærmare omtale av energiforsyning i Longyearbyen.

Klimaendringar har konsekvensar for både økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, for kulturmiljø og for befolkninga på Svalbard. Regjeringa vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Bl.a. vil ei framleis utvikling av miljøregelverket vere ei viktig oppgåve.

3 Mål for norsk svalbardpolitikk

3.1 Overordna mål

Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard blir lagde fram med nokre års mellomrom. Regjeringa la 11. mai 2016 fram Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Regjeringa stadfesta i denne meldinga at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte at det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Regjeringa legg vekt på at forvaltninga av øygruppa er føreseieleg og ber preg av kontinuitet. Å halde fram med ei langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med måla, medverkar til tryggleik for folk i Longyearbyen, og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

3.2 Justis- og beredskaps-departementet sitt mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken, den auka aktiviteten på og rundt øygruppa og det at fleire aktørar er til stades, gjer det nødvendig med sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 5. Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk. Utover måla som er fastsette i stortingsmeldinga, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å oppretthalde eksisterande norske samfunn i desse områda. Målformuleringa vart innført i samband med Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet.

For budsjettåret 2020 hadde Justis- og beredskapsdepartementet desse måla for Svalbard:

Tabell 3.1 

Mål

  • 1. God samhandling i beredskap og krisehandtering.

  • 2. God samordning og koordinering av norsk polarpolitikk.

  • 3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyear byen.

Desse måla vart bl.a. nytta i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet, og dei vart rapporterte om i Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet. Måla omfattar aktivitet som blir vidareført under Justis- og beredskapsdepartementet sitt nye mål som vart innført i samband med Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet. Vidareføringa byggjer opp under prinsippet om langsiktig forvaltning av Svalbard, i tråd med dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken.

3.2.1 Koordinering av norsk polarpolitikk

Regjeringa har som mål å ha ein samordna og koordinert svalbardpolitikk. Alle departementa har ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken. Forvaltninga og administrasjonen av Svalbard har endra seg og er bl.a. blitt meir desentralisert. Desentralisering av mynde fører til større behov for koordinering mellom ansvarlege styresmakter. Auka aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa. Longyearbyen har òg vakse fram til 2020. Dette kjem av auke og meir variasjon i privat næringsdrift og meir omfattande aktivitet i felt, spesielt innanfor turisme og forsking.

3.2.1.1 Det interdepartementale polarutvalet

Krava til koordineringa av svalbardsaker har blitt meir omfattande. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel i så måte. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen), fastsett ved kgl.res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statstråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

3.2.1.2 Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard inneheld ein gjennomgang av status for lovgiving på Svalbard. I meldinga slår ein fast at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold taler imot dette, eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. Stortinget har slutta seg til desse føringane.

All lovgiving blir likevel ikkje automatisk gjort gjeldande for Svalbard, jf. Svalbardlova § 2 ovanfor. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. Det kan òg vere nødvendig med andre former for innfasing, bl.a. for å gi høve til omstilling for enkelte verksemder. I særskilde tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det nødvendig med tilpassingar, t.d. fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard til dei på fastlandet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

3.2.2 Beredskap på Svalbard

3.2.2.1 Overordna om beredskapen på Svalbard

Regjeringa har som mål at befolkninga skal ha stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Den geografiske plasseringa til Svalbard, store avstandar og krevjande klima gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Den lokale beredskapen er ikkje dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar er det derfor lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Dersom alvorlege hendingar skjer, er det viktig å ha system for å halde oppe den grunnleggjande funksjonsevna i samfunnet. Det er vidare viktig at alle som ferdast på og rundt Svalbard, er godt øvde og førebudde på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Som politimeister er sysselmeisteren leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består i tillegg av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg avdeling Longyearbyen, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Avinor / Svalbard lufthamn, Sysselmeisteren sin helikopteroperatør og frivillige frå hjelpekorpset til Raudekrossen i Longyearbyen. Faglege rådgivarar kan gi spesialkompetanse under ein redningsaksjon eller under førebuingar/planarbeid, etter organisasjonsplanen for redningstenesta. Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard.

I 2020 har det vore gjennomført ei rekkje møte mellom Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, bl.a. møte kvar veke om situasjonen kring virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, og jamlege møte om skredsikring. Det har vidare vore jamlege møte i beredskapsrådet, som sysselmeisteren leier i eigenskap av å vere statsforvaltar. I beredskapsrådet deltek bl.a. Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen sjukehus, Kings Bay AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Visit Svalbard.

Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentrale i dette arbeidet. Det har ikkje vore nokon oppdrag i 2020 som har kravd innkalling av redningsleiinga. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, har felles aktivitetar og kompetansehevande tiltak vore haldne på eit minimum. Smitteverntiltaka har vidare ført til at møte har vore gjennomførte digitalt. Dette har gitt aktørane trening i å gjennomføre møte og koordineringar på kort varsel om situasjonen skulle krevje det.

I 2019 og i overgangen til 2020 planla Sysselmeisteren deltaking i ei større samvirkeøving, SARex 4. Deltakarane var alle beredskapsaktørane på Svalbard og ei rekkje andre samvirkepartnarar. Øvinga var planlagd gjennomført i mars 2020, men vart avlyst på grunn av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Tiltaka definerte i Svalbard-ROS (risiko- og sårbarheitsanalyse) blir følgde opp av Sysselmeisteren. For 2020 gjeld dette bl.a. skred, smittsame sjukdommar, bre- og ferdselsulukker, og evakuering frå innsatsområde til Longyearbyen.

Sysselmeisteren har gjennom 2020 samarbeidd nært med Longyearbyen lokalstyre og Longyearbyen sjukehus i samanheng med virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Longyearbyen lokalstyre har ikkje eigen kommunelege eller eiga helseteneste. Overlegen ved Longyearbyen sjukehus er smittevernlege for Svalbard. I samarbeid har dei tre aktørane utarbeidd felles planar for handtering av eventuell virussmitte på Svalbard.

Sysselmeisteren har òg jamleg kontakt med det russiske selskapet Trust Arktikugol og generalkonsulatet i Barentsburg gjennom faste kontaktmøte og kontordag i Barentsburg ein dag i månaden som eit tilbod til lokalbefolkninga.

Hausten 2020 starta Sysselmeisteren opp eit prosjekt for konseptutvikling for ein større masseredningsoperasjon under arktiske forhold (MRO). Formålet med prosjektet er å utvikle relevante prosedyrar for alle samvirkeaktørane på Svalbard og samstundes understøtte Hovudredningssentralen sitt arbeid med ein nasjonal rettleiar for masseredningsoperasjonen. Prosjektet er leidd av Sysselmeisteren i samarbeid med Lufttransport, Kystverket, Hovudredningssentralen og Arctic Safety Centre. Prosjektet skal etter planen avsluttast med ei større samvirkeøving i oktober 2021.

Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard og Innst. 88 S (2016–2017).

3.2.2.2 Tenestefartøy

Sysselmeisteren har avtale om leie av fleirbruksskipet M/S «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse opsjon ut 2025. Sysselmeisteren disponerte M/S «Polarsyssel» i ni månader i året frå 2016 til 2019. I samband med Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2019 vart seglingssesongen utvida frå ni til ti månader. Frå 2020 er løyvinga på kap. 480 post 50 auka med 10 mill. kroner samanlikna med 2019, slik at Sysselmeisteren disponerer «Polarsyssel» heile året. Den årlege kostnaden for fartøyet er 64 mill. kroner, inkludert kostnader for mannskap. Midlane er plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste, post 01 Driftsutgifter.

Sysselmeisteren nyttar «Polarsyssel» for å løyse oppgåver om beredskap, tokt, tilsyn og å utøve mynde. Fartøyet blir òg nytta til velferd, representasjon, frakt av gods, forskingsoppdrag m.m. Beredskapsrolla har blitt vektlagd stadig meir dei seinare åra, særleg i takt med auka turisme. «Polarsyssel» har vore nytta som operasjonssenter og base for redningsoppdrag, og det er ein viktig ressurs for personberging, i samhandling med helikopter.

Tenestefartøyet støttar opp under måla for norsk svalbardpolitikk, og det utgjer saman med redningshelikoptera og Kystvakta den statlege beredskapen på Svalbard. Fartøyet samarbeider òg tett med fleire andre relevante aktørar, t.d. Raudekrossen i Longyearbyen, Kartverket for sjømåling og djupnekartlegging, UNIS m.fl. Sjå elles omtale under kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste.

Justis- og beredskapsdepartementet har sett ut arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) som skal gi eit godt grunnlag for å vurdere kva slags framtidige behov eit tenestefartøy for Sysselmeisteren på Svalbard skal dekke. Konseptvalutgreiinga skal vere ferdigstilt på nyåret 2022.

3.2.2.3 Helikopter

Sysselmeisteren disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. Den noverande helikopterkontrakten går ut i 2022.

Regjeringa har foreslått at det blir etablert ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren, jf. Prop. 85 S (2020–2021) Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med Sysselmannens helikoptertjeneste. Anbodskonkurransen viste at ein felles leverandør og felles operert base for Tromsø og helikoptertenesta for Sysselmeisteren, vil gi økonomiske og kvalitetsmessige fordelar. Ein legg derfor opp til ei slik løysing. Justis- og beredskapsdepartementet inngjekk i februar 2021 kontrakt med CHC Helikopter Service AS om etablering av ein ny sivilt operert redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren på Svalbard. Ein tek sikte på å skifte til ny leverandør på Svalbardbasen i løpet av 2022. Avtalen varer i seks år, med moglegheit for å forlengje i inntil fire år, til saman ti år.

Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 393 S (2020–2021).

Frå 2018 er det etablert ei vaktordning for anestesilege knytt til helikopteret til Sysselmeisteren, kombinert med styrking av medisinsk-teknisk utstyr i Longyearbyen. Tiltaket er bl.a. ei oppfølging av evalueringa av beredskapen ved skredet i 2015. Sjå punkt 5.4 og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. I tillegg til styrkinga av helseberedskapen på Svalbard er luftambulansetenesta styrkt ved at ein har fått nye ambulansefly, bl.a. jetfly. Sjå elles dei respektive postomtalane for nærmare omtale av arbeidet med samhandling i beredskap og krisehandtering.

3.2.2.4 Skred og flaum

Klimaendringar har ført til større fare for skred i Longyearbyen. Særleg utsett er eit område i sentrum under fjellet Sukkertoppen og langs området Vannledningsdalen. Longyearbyen vart ramma av to store snøskred to vintrar på rad, i desember 2015 og i februar 2017. Store ressursar har blitt nytta for å forhindre at nye skred skader liv og eigedom.

Vinteren 2019–2020 og 2020–2021 gjekk det ingen skred i område der det bur folk. Vinteren 2019–2020 var det heller ingen evakueringar i Longyearbyen, på grunn av lite snø og redusert fare for snøskred. Vinteren 2020–2021 var det tre evakueringar i området Nybyen med forbod mot ferdsel og opphald, og det var evakuering over ein lengre tidsperiode mot slutten av vinteren. Evakueringane skjedde i samband med fare for skavlnedfall.

I februar 2020 omkom to tyske statsborgarar i eit snøskred på Fridtjofbreen sør for Barentsburg. Sysselmeisteren rykte ut med helikopter, mannskap og lavinehund. Fem andre personar i reisefølgjet vart ikkje skadde i snøskredet.

NVE fullførte første del av sikringstiltaka under fjellet Sukkertoppen i 2018 til ein kostnad på 32,5 mill. kroner. Norsk klimaservicesenter1 la i 2019 fram klimaprofil for Longyearbyen. I rapporten går det fram at auka nedbør som regn og auka snø- og bresmelting vil gi fleire og større flaumar, og snøskred og sørpeskred vil skje oftare.

Sysselmeisteren på Svalbard, NVE og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis ein kan førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard. Fram til skredsikringstiltak og nye bustader er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, er den som tek avgjerda om evakuering ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd.

NVE har regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg er det lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar, og Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for bestilling av observasjonane. NVE er ansvarleg for dei skredfaglege vurderingane i varslinga.

NVE var i 2019 ferdig med erosjonssikring av Longyearelva. Totalkostnaden var på 25 mill. kroner finansiert over løyvinga til NVE på kap. 1820 post 22. Longyearbyen lokalstyre betalte distriktsdel på 20 pst. Det var stor flaum i Longyearelva i 2020, og det er behov for å oppgradere sikringsanlegget i elva. Arbeidet vart gjennomført sommaren og hausten 2021.

Dei samla utgiftene til skredsikringstiltak under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen er rekna til 165 mill. kroner. Arbeidet med skredsikring inneber bl.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Klimaframskrivingane fører med seg utfordringar innanfor geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. Sikringstiltaka under Sukkertoppen består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. NVE gjennomfører sikringstiltaka. Regjeringa har gjennom ulike proposisjonar til Stortinget i åra 2018 til 2021 foreslått ei samla løyving til skredsikringstiltak som svarar til dei rekna utgiftene. Arbeidet starta opp i 2019, og er førebels venta avslutta i 2022. Framdrifta i arbeidet er forseinka, bl.a. på grunn av ny kunnskap om grunnforholda og fordi det har vist seg å vere meir krevjande å byggje sikringstiltaka enn det ein først trudde. Dei samla utgiftene til skredsikringstiltak under Sukkertoppen vart oppjusterte i samband med Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 frå totalt 140 mill. kroner til 165 mill. kroner. Denne auken har samanheng med bl.a. dårlegare grunnforhold og handtering av forureina massar. Regjeringa foreslo i proposisjonen ei bestillingsfullmakt på inntil 25 mill. kroner på kap. 0007 post 30 Skred og bustadtiltak på svalbardbudsjettet. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021). På grunn av den nemnde forseinkinga fekk løyvinga på kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019. Olje- og energidepartementet nyttar midlane.

NVE er i gang med å byggje skredsikringstiltaka under fjellet Sukkertoppen. Arbeidet med å byggje fangvoll starta opp i juni 2020. Det var då, i innleiande fase av anleggsarbeidet, behov for omfattande arbeid i grunnen med fjerning av bygningsrestar, tidlegare vegar, vatn- og avløpsanlegg og straumforsyning. Hausten 2020 starta byggjearbeidet av sjølve vollkonstruksjonen. Ein tek sikte på at anlegget er ferdig hausten 2021.

Arbeidet med å byggje fleire støtteforbyggingar i fjellsida, i tillegg til dei som vart oppførte i 2018, vart utsett på grunn av restriksjonar i samband med virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, og uvisse i valutamarknaden. NVE måtte med utgangspunkt i dette gjennomføre ein ny anbodsrunde hausten 2020. Sjølve bygginga av støtteforbyggingane starta sommaren 2021 og vil halde fram i 2022.

NVE jobbar òg med sluttføring av prosjektering av moglege sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen. Eventuell sikring av Vannledningsdalen avhenger av løyving over statsbudsjettet. Om prosjektet og kostnader er kvalitetssikra og det blir løyvd midlar, blir Vannledningsdalen sikra. Ein reknar med at det då ikkje er behov for fleire skredsikringstiltak i Longyearbyen. Sjå elles kap. 0007, post 30 for nærmare omtale av løyvingane til skredsikring.

Vinteren 2020 fekk Sysselmeisteren bistand av to lavinehundekvipasjar frå fastlandet. Politidirektoratet stod for rekrutteringa av ekvipasjane. Kvar ekvipasje hospiterte i fem veker på Svalbard. Under hospiteringa i 2020 var ekvipasjane i beredskap for Sysselmeisteren ved eventuelle snøskred, og dei hjelpte elles til i politiavdelinga ved andre gjeremål. Den første ekvipasjen var godkjend narkotikahund og var mykje nytta i samband med innkomst på flyplassen og kontroll av post som kjem til Svalbard. Ekvipasjane har vidare støtta den lokale gruppa ved Raudekrossen med trening av hundane deira. Den første lavinehundekvipasjen vart nytta aktivt i søk i samband med snøskredulukka på Fridtjofbreen i februar 2021.

3.2.2.5 Isbjørn

Sysselmeisteren var i romjula 2019 tvinga til å jage bort isbjørn frå busetjinga i Longyearbyen. Mørketida bidrog til å gjere det vanskeleg å sikre gode observasjonar, og Sysselmeisteren avliva ein bjørn som utgjorde ein fare mot befolkninga då han trekte mot busetjinga.

I 2020 har det vore fleire tilfelle av isbjørn i Longyearbyen. I august 2020 vart ein person drepen av isbjørn på campingplassen ved flyplassen i Longyearbyen. Bjørnen vart skoten og drepen av ein av dei andre som budde på campingplassen.

Sysselmeisteren samarbeider med den isbjørnfaglege ekspertisen i Norsk Polarinstitutt, Longyearbyen lokalstyre og Arctic Safety Centre på UNIS om tiltak mot isbjørn som oppsøker område der det bur folk, for å unngå moglege konfrontasjonar mellom isbjørn og menneske. Sysselmeisteren har dialog med Norsk Polarinstitutt og Mattilsynet om bruk av immobilisering i akuttsituasjonar med isbjørn i og nær busetjinga i Longyearbyen.

Sysselmeisteren bidrog i førebuingane til partsmøtet under den internasjonale isbjørnavtalen i mars 2020 i Longyearbyen.

Polar Bear/Human Interaction Database (PBHIMS) er eit prosjektsamarbeid mellom Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt, UNIS og Sysselmeisteren for å rapportere om hendingar og møte mellom menneske og isbjørn. Prosjektet er leidd av Miljødirektoratet. PBHIMS har vedteke mandat og styringsdokument for å etablere ei teknisk løysing og systematisk innsamling av data om interaksjonar mellom menneske og isbjørn.

3.2.2.6 Northguider

På ettersommaren 2020 vart vraket av trålaren «Northguider» fjerna frå Nordaust-Svalbard naturreservat ved Barryneset i Hinlopenstredet. Vraket vart kutta opp og frakta på lekter til fastlandet. Heile operasjonen vart gjennomført utan at miljøet vart skadd eller påverka. Kystverket hadde ansvaret for arbeidet i samarbeid med bl.a. Sysselmeisteren. Sjå kap. 0005, Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet og Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale av bakgrunn for saka.

3.2.2.7 Nødkommunikasjon

Regjeringa har styrkt nødkommunikasjonen og redningsberedskapen i nord gjennom å etablere HF-dekning i dei nordlege havområda frå 1. januar 2021. Samstundes med at isen trekkjer nordover, har dei nordlege havområda sett auka trafikk og cruiseturisme i dei seinare åra. Moglegheita for nødkommunikasjon mellom skip som ferdast i polare og nordlege strøk, og Hovudredningssentralen eller kystradiostasjonane har tidlegare ikkje vore god nok.

Regjeringa foreslo i samband med Prop. 1 S (2019–2020) å løyve 6 mill. kroner til å etablere HF-radiodekning i nordlege havområde for å styrkje nødkommunikasjon for skipsfarten i desse områda. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 6 S (2019–2020). Hovudredningssentralen og kystradiostasjonane vil no kunne ha tovegs talekommunikasjon med nødstadde og redningsressursar i området, noko som er avgjerande for ein effektiv redningsinnsats. Kystradiostasjonane vil ha døgnbemanna lyttevakt året rundt på HF. Det betyr at nød som blir varsla over HF, blir fanga opp frå fastlandet så Hovudredningssentralen kan starte opp tiltak raskt. Varselet kan samstundes høyrast av alle fartøy med ein slik radio. Etableringa av HF-dekning i dei nordlegaste områda har blitt gjort gjennom å etablere ein basestasjon på Svalbard og ein basestasjon i Hammerfest. To basestasjonar reduserer òg sårbarheita.

Avinor skal levere AFIS-tenester på døgnkontinuerleg basis (H24) slik at redningshelikoptertenesta på Svalbard får lokal flyinformasjonsteneste, alarm og redningsteneste og vêrobservasjonar (AFIS) som dei har behov for til utrykkingane sine.

3.2.3 Virusutbrot, smitteverntiltak og konsekvensane for Svalbard

3.2.3.1 Smitteverntiltak ved innreise til og reiser ved Svalbard

Virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for befolkninga og verksemdene på Svalbard. Longyearbyen er eit lite samfunn, og viktige oppgåver er fordelte på relativt få personar. Eit større utbrot på Svalbard vil kunne skape ein utfordrande situasjon. Ressursar, lokal beredskap og kapasitet er ikkje dimensjonert for å kunne hanskast med ein epidemi over lengre tid, der mange personar med grunnleggjande funksjonar er sjuke samstundes. Dersom ein smittesituasjon oppstår, må ein ha på plass system for å halde oppe dei viktigaste funksjonane i samfunnet.

Fleire av smitteverntiltaka på fastlandet vart nytta på Svalbard. Det vart òg sett i verk fleire tiltak for å redusere sannsynet for eit virusutbrot på Svalbard så mykje som mogleg. Som følgje av dette vart det i 2020 og 2021 bl.a. innført restriksjonar for innreise til Svalbard og etablert rutinar for evakuering av smitta personar til fastlandet. Som eit ledd i beredskapen vart det 13. mars 2020 innført heimekarantene på 14 dagar for alle som kom til Svalbard via flyplass, hamn eller på annan måte. Karanteneplikta varte til 1. juni 2020.

Fleire av smitteverntiltaka på fastlandet vart òg nytta på Svalbard. Det vart sett i verk fleire tiltak for å redusere sannsynet for eit virusutbrot på Svalbard så mykje som mogleg.

Regjeringa oppheva restriksjonane for innreise for turistar frå fastlandet 1. juni 2020. Reiselivsnæringa på Svalbard utarbeidde sjølv ein eigen bransjestandard for korleis reiselivet kan drive på ein måte som tek omsyn til smittevern. Det vart òg utarbeidd ein eigen rettleiar for kystcruise. Det vart opna for at ein frå 15. juni 2020 kunne gjennomføre kyst- og ekspedisjonscruise på Svalbard med maksimum 250 passasjerar om bord. I lys av erfaringar ein gjorde gjennom sommaren 2020, vurderte Helsedirektoratet regelverk og vegvisarar for kystcruise.

Frå 1. september 2020 vart det innført forbod mot reiselivsaktivitetar i form av cruise på Svalbard, med unntak for dagscruise og cruise som startar og blir avslutta på Svalbard med fartøy som har inntil 30 personar (mannskap og passasjerar) om bord. Det vart igjen opna for å gjennomføre kyst- og ekspedisjonscruise frå 20. juni 2021 på visse vilkår som går fram av covid-19-forskrifta. Beredskapen, særleg helseberedskapen og den lange evakueringstida til fastlandet, set grenser for kor raskt og i kva omfang reiselivet kan ta opp att aktiviteten.

Sjå elles Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale av korleis virusutbrotet i verda og dei følgjande smitteverntiltaka har påverka Svalbard, og om tiltaka som har vært nytta.

3.2.3.2 Økonomiske konsekvensar

Reiselivet på Svalbard har vore hardt råka. Som følgje av smitteverntiltaka vart det lite aktivitet i store delar av vintersesongen 2020. Sommarsesongen vart sterkt redusert som følgje av ein kraftig nedgang i talet på turistar som kom til Svalbard. Reiselivsnæringa er den største næringa på Svalbard og er ein stor bestillar av varer og tenester frå dei andre næringane. Ringverknadene frå nedgangen i talet på turistar som kjem til Svalbard, har vore store for heile økonomien.

Regjeringa har foreslått fleire tiltak for å bidra til at næringslivet klarar seg gjennom perioden med mindre økonomisk aktivitet, sjå omtalen under punkt 3.2.3.5. Sysselsetjing og aktivitet bidreg til at det er mogleg å halde oppe norske samfunn på øygruppa. For å byggje opp under målet om å halde oppe norske samfunn, er det avgjerande at reiseliv og anna næringsliv på Svalbard kan halde fram gjennom perioden med redusert aktivitet.

3.2.3.3 Arbeidsløyse og Nav-kontoret sitt arbeid

For å busetje seg på Svalbard må ein kunne sørge for seg sjølv. Folk som ikkje kan det, må forlate Svalbard. Normalt er det derfor svært få arbeidslause på Svalbard. T.d. var det registrert ni arbeidslause i januar 2020.

Virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka råka sysselsetjinga på Svalbard frå mars 2020. Ved utgangen av mars 2020 var det registrert 330 arbeidslause. Seinare auka talet til 350 i april, før arbeidsløysa gradvis gjekk attende. I mai 2021 var det om lag 100 arbeidslause. Dei fleste som vart sagde opp eller permitterte våren 2020, var utanlandske arbeidstakarar i reiselivsnæringa. I det offentlege og i statseigde verksemder var sysselsetjinga stabil. Folketrygdlova gjeld på Svalbard, medan EØS-avtalen ikkje gjeld. Personar som ikkje kjem frå Noreg, kan ha rett på dagpengar under arbeidsløyse når dei er tilsette i eit norskregistrert firma eller har tent opp medlemskap i folketrygda gjennom arbeid i Norden.

Nav-kontoret på Svalbard er ei avdeling av Nav Tromsø. Ved inngangen til virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka vart det stor etterspurnad etter informasjon til arbeidsgivarar og permitterte arbeidstakarar. Nav-kontoret fekk mange førespurnader. På det meste vart det registrert over 70 telefonmottak til ein Nav-behandlar på same dag. For å handtere spørsmåla fekk Nav-kontoret hjelp frå Nav Tromsø til å registrere søknader om permittering og dagpengar. Eit anna tiltak var å informere gjennom Svalbardposten på norsk og engelsk.

3.2.3.4 Oppfølging av oppmodingsvedtak 415 av fredag 19. mars 2020

Finanskomiteen skreiv i Innst. 197 S, jf. Prop. 52 S (2019–2020):

Komiteen er opptatt av at de ekstraordinære tiltakene som nå iverksettes, også må tilpasses for å bistå Svalbard-samfunnet. Som Norges nordligste region ligger Svalbard strategisk plassert i nordområdene med en godt utbygd infrastruktur gjennom bosettingene i Longyearbyen og Ny-Ålesund, i et i utgangspunktet potensielt sårbart og isolert område. Korona-pandemien utgjør en nasjonal krise for hele Norge, men Svalbard-samfunnet står likevel overfor særegne utfordringer. Sammenliknet med andre deler av landet utgjør for eksempel reiselivet en svært stor andel av arbeidsplassene på Svalbard. Komiteen mener derfor regjeringen snarest må legge fram en egen Svalbard-krisepakke for blant annet å sikre livsopphold til personer på Svalbard som blir stående uten inntekt. Krisepakken må være tidsavgrenset og knyttet til korona-smittefaren. Det må forutsettes at personer som har mulighet til å forlate Svalbard, så snart det er mulig reiser hjem, enten til fastlandet eller til sine hjemland.

Stortinget gjorde følgjande oppmodingsvedtak (vedtak 415 av fredag 19. mars 2020):

Stortinget ber regjeringen utarbeide en tidsavgrenset krisepakke for Svalbard på grunn av konsekvensene koronaviruset har hatt og vil få for bosetningen på Svalbard.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har gjennom fleire proposisjonar til Stortinget i 2020 og 2021 foreslått både å auke eksisterande løyvingar og å løyve midlar til nye tiltak på Svalbard.

3.2.3.5 Oversikt over løyvingar i samband med virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka

Oversikta under omtaler nokre av løyvingane som vart gitt som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Ein viser elles til Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet og dei respektive fagproposisjonane for nærmare omtale. Ein viser vidare til at ei rekkje av ordningane som vart innførte på fastlandet, òg vart gjorde gjeldande for Svalbard, fleire med nokre avgrensingar eller tilpassingar.

Tilskotsordninga for utanlandske arbeidstakarar (7,0 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 67 S (2019–2020) å opprette ei eiga, tidsavgrensa tilskotsordning for permitterte utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen som ikkje er omfatta av nasjonale støtteordningar, t.d. dagpengar. Regjeringa foreslo ei løyving på 7,0 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 216 S (2019–2020). Midlane vart plasserte i svalbardbudsjettet, på kap. 0003 post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Ordninga var tidsavgrensa og innebar at ein kunne gi tilskot til livsopphald og bustøtte etter sosialhjelpsatsar. Ordninga vart forvalta av Longyearbyen lokalstyre og tok slutt 20. juni 2020. 127 søkarar fekk tilslag på søknad om tilskot. 30 fekk avslag. Dei klart største utbetalingane var til barnefamiliar, i tråd med regelverket. Det vart utbetalt 1,6 mill. kroner over tilskotsordninga. Det overskytande beløpet vart gjennom Prop. 127 S (2019–2020) omdisponert til tilskotsordninga til heimreise for utanlandske statsborgarar frå Svalbard, sjå omtalen under.

Intensjonen med tilskotsordninga var å avhjelpe personar som kom i akutt nød som følgje av permittering. Ein antek at tilskotsordninga har avlasta Longyearbyen lokalstyre og Sysselmeisteren. Utan tilskotsordninga har ein grunn til å tru at styresmaktene på Svalbard ville måtte ha handtert fleire enkeltsaker med personar i ein vanskeleg situasjon som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

Tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) at løyvinga til den tidsavgrensa tilskotsordninga for permitterte utanlandske arbeidstakarar òg skulle kunne nyttast til ei tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Ordninga tredde i kraft 7. august 2020 og varte til 15. november 2020. Sjå elles omtalen under kap. 0003 post 50.

22 vaksne, utanlandske borgarar frå åtte land fekk reisestøtte. Den største gruppa var frå Thailand, med ti personar. Longyearbyen lokalstyre vurderte at for mange av barnefamiliane var tilbodet om skulegang og barnehagetilbodet så viktig at dei valde å ikkje ta imot tilbod om reisetilskot. Det vart utbetalt 17 600 kroner i reisepengar, og 268 000 kroner til å dekke utgiftene til flybillettar. Ordninga gjorde at ein hadde eit tilbod for utlendingar som var i Longyearbyen utan midlar til livsopphald.

Auka tilskot til Longyearbyen lokalstyre (20,4 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 73 S (2019–2020) og i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med til saman 20,4 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre hadde utgifter som følgje av handteringa av konsekvensane av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, og samstundes ein reduksjon i inntektene av den same grunnen. Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 233 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020).

Lønnstilskot for arbeidsgivarar

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) å løyve 167,0 mill. kroner i form av eit lønnstilskot til område som har nullsats i arbeidsgivaravgifta, tiltakssona som omfattar det tidlegare Finnmark og Nord-Troms, og Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Løyvinga vart foreslått for å kompensere for at ein elles ikkje får nokon effekt i desse områda av den reduserte arbeidsgivaravgifta som Stortinget vedtok, jf. oppmodingsvedtak 422 og 423. 7,0 mill. av løyvinga vart tildelt Svalbard. Skatteetaten administrerte kompensasjonsordninga. Kompensasjonsordninga for arbeidsgivarar i tiltakssona og på Svalbard vart avslutta i 2020.

Auka løyving til Sysselmeisteren for å handtere gjenopning av reiselivet på Svalbard (3,0 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å styrkje kapasiteten hos Sysselmeisteren for å følgje opp bransjestandarden for reiselivet for å ta hand om omsynet til smittevernet. Regjeringa foreslo samstundes å utstyre eit av helikoptera til Sysselmeisteren med ein såkalla Epi Shuttle, eit medisinsk transportsystem som gjer det mogleg å transportere smittsame pasientar på forsvarleg vis. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Sysselmeisteren nytta òg midlane bl.a. til å tilsetje to personar i mellombelse stillingar frå august 2020.

Auka løyving til Statsbygg for vedlikehaldstiltak på Svalbard (8,8 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Statsbygg med 8,8 mill. kroner for å gjennomføre vedlikehaldstiltak på Svalbard. Den auka løyvinga og tiltaka ville bl.a. bidra til å halde oppe økonomisk aktivitet på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

Auka løyving til Svalbard Museum (3,0 mill. kroner).

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga til Svalbard Museum med 3 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

Auka løyving til Kings Bay AS (55,8 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 117 S (2019–2020) å auke løyvinga til Kings Bay AS med 18,0 mill. kroner for å kompensere for bortfall av inntekter frå besøkande forskarar. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

Regjeringa foreslo i samband med nysalderinga 2020 å løyve 17,2 mill. kroner til Kings Bay AS. 8,7 mill. kroner skulle dekke tapte inntekter som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, medan 8,5 mill. kroner skulle gå til å styrke eigenkapitalen i selskapet. Den auka løyvinga vart foreslått finansiert ved omdisponering på Klima- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett, jf. Prop. 49 S (2020–2021). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 155 S (2020–2021) og Innst. 169 S (2020–2021).

Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka venta ein at selskapet ville oppleve eit nærmast totalt bortfall av inntekter frå besøkande forskarar frå både Noreg og frå andre land i 2021 som i 2020. Regjeringa foreslo derfor ei tilleggsløyving til selskapet på 20,6 mill. kroner jf. Prop. 79 S (2020–2021). Løyvinga skulle bidra til å sikre vidare drift av selskapet og vareta viktige svalbardpolitiske mål. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 233 S (2020–2021).

Tilskotsordningar for reiselivsnæringa på Svalbard (65,0 mill. kroner)

Regjeringa foreslo i Prop. 142 S (2019–2020) ei løyving på 25,0 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for gjenoppbygging, omstilling og utvikling av reiselivet på Svalbard. Ordninga var meint å gi eit godt grunnlag for å byggje opp att, utvikle og omstille reiselivsaktiviteten på Svalbard slik at den seriøse delen av næringa bidreg til å underbyggje dei svalbardpolitiske måla. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 19 S (2020–2021).

Tilskotsordninga skulle ha ei brei tilnærming til omstilling, og ho skulle treffe dei seriøse norske aktørane som, uavhengig av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, vil vere sentrale medspelarar i vidareutviklinga av reiseliv og anna næringsverksemd på øygruppa. Midlane vart sette av på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900 post 84, og forvalta av Longyearbyen lokalstyre etter forskrift av 9. desember 2020 nr. 2666. Lokalstyret etablerte ein søknadsportal for tilskotsordninga som opna i desember 2020 med søknadsfrist januar 2021. Nærings- og fiskeridepartementet er klageinstans for vedtak gjorde av Longyearbyen lokalstyre.

Stortinget vedtok 23. februar 2021 å løyve 40 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre, jf. Innst. 233 S (2020–2021). Finanskomiteen skreiv i innstillinga:

Komiteen viser til at reiselivet på Svalbard gjennom pandemien har vært underlagt strenge restriksjoner i form av periodevis innreisekarantene, krav om redusert belegg på hoteller, stans i cruisetrafikk, krav om negativ covid-19-test samt en nasjonal føring om å unngå unødige reiser til Svalbard. Den reduserte helseberedskapen på Svalbard tilsier at det kan være behov for å opprettholde restriksjoner også fremover. Konsekvensen av dette er at reiselivet i Longyearbyen er hardt rammet, og Visit Svalbard viser til at et representativt utvalg av lokale bedrifter har hatt et gjennomsnittlig omsetningsfall på 65 pst. under pandemien. Komiteen mener det vil være behov for å bevilge ytterligere midler for å støtte opp om reiselivsbedrifter, og foreslår derfor å øke tilskudd med 40 mill. kroner til lokalstyret til dette formålet.

Midlane er overførte til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret har nytta løyvinga til ei tilskotsordning for å «forbedre den likvide situasjonen for reiselivsbedriftene på Svalbard og sikre nødvendig påfyll av egenkapital i virksomhetene slik at sysselsettingen i næringen kan opprettholdes.»

Gjennom tilskotsordninga kan verksemder få dekt inntil 75 pst. av akkumulert underskot for perioden mars–desember 2020. Tilskotsordninga blir samordna med andre tilskotsordningar til næringsdrivande på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet er klageinstans for vedtak gjorde av Longyearbyen lokalstyre.

3.2.3.6 Vaksine på Svalbard (1,0 mill. kroner)

Gjennom rammetilskotet til kommunane blir det gitt midlar til å dekke kostnader til koronavaksinering i kommunane. Då Svalbard ikkje er ein kommune, var det nødvendig med ei særskild løyving til Svalbard for å finansiere vaksinering. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, Prop. 195 S (2020–2021) å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 1,0 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 710, post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga vart foreslått plassert på svalbardbudsjettet sitt kap. 0005 Sysselmeisteren, post 01 Driftsutgifter. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

3.2.4 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom Ny-Ålesund. Regjeringa vil at Longyearbyen skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar, og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken.

3.2.4.1 Reiseliv

Reiseliv er ei viktig næring på Svalbard. Etter ein jamn auke i talet på besøkande fram til 2019, fall besøkstalet monnaleg i 2020 på grunn av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka som vart sette i verk. Reiselivsnæringa er ein stor bestillar av varer og tenester frå andre næringar. Ringverknadene frå nedgangen i talet på turistar som kjem til Svalbard, har vore store for heile økonomien.

I 2020 var det registrert totalt 37 turoperatørar med verksemd på Svalbard, mot 155 operatørar i 2019. Av desse har 34 operatørar selskapsadresse i Longyearbyen.

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Visit Svalbard hadde ved årsskiftet 2020–2021 72 verksemder som medlemmer, og medlemmene sysselsette i 2019 i overkant av 500 årsverk (1/3 av det totale talet på årsverk i Longyearbyen). I 2020 fall delen markant som følgje av virusutbrotet.

Regjeringa har i 2021 og 2021 innført strenge restriksjonar for innreise og reiselivsverksemd på Svalbard, som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Restriksjonane har til ein viss grad følgt restriksjonane på fastlandet, men dei har heile tida vore strengare av omsyn til beredskap. Bl.a. har det vore krav om redusert belegg på overnattingsstadene. Reiselivsnæringa på Svalbard utarbeidde i 2020 ein eigen bransjestandard for korleis reiselivet kunne drive på ein måte som tok omsyn til smittevern. Det er no fastsett at reiselivsnæringa på Svalbard kan nytte den same bransjestandarden som reiselivet på fastlandet nyttar.

Reiselivsnæringa estimerer at om lag 90 pst. av dei tilsette vart permitterte på det meste i 2020. Delar av dei nasjonale økonomiske tiltaka bidrog til å hjelpe situasjonen på Svalbard. Samstundes er forholda på Svalbard spesielle, og ikkje alle insentiva som gjeld for fastlandet, er aktuelle for næringa der. Sjølv om det vart opna for reiser frå fastlandet til Svalbard sommaren 2020, opplevde reiselivsnæringa ein svak sommarsesong.

Visit Svalbard AS kartla i januar 2021 den økonomiske situasjonen hos eit utval lokale verksemder, med aktørar innan dei fem bransjane i reiselivet: overnatting, attraksjonar/opplevingar, servering, transport og formidling, og i tillegg handelsverksemd. Det gjennomsnittlege omsetnadsfallet for utvalet i perioden mars–desember 2020, samanlikna med same periode i 2019, var på 64,8 pst.

Sysselmeisteren fekk 151 meldingar om turopplegg frå turoperatørar på Svalbard for kalenderåret 2020. Av desse vart 114 kansellerte. Utover desse har ein grunn til å anta at alle turopplegga som var planlagde i perioden frå 12. mars til og med 1. juni 2020, vart heilt eller delvis kansellerte. Det høge talet på kanselleringar kjem i hovudsak av at tidspunktet for virusutbrotet og innføringa av dei følgjande smitteverntiltaka skjedde samstundes med den normale høgsesongen for reiselivet på Svalbard.

Talet på gjestedøgn auka fram til og med 2019. Frå mars 2020 har det vore ein drastisk reduksjon i talet på gjestedøgn. Dei mest sentrale indikatorane viser ein reduksjon på 66,9 pst. i talet på gjester og ein reduksjon på 60,1 pst. i talet på gjestedøgn samanlikna med 2019. Sjå tabell 2.2 for talet på gjestedøgn ved kommersielle overnattingsverksemder.

Tabell 3.2 Gjestedøgn i Longyearbyen per år

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Gjestedøgn

84 000

107 000

119 000

131 000

142 000

147 600

156 200

162 949

65 091

Kjelde: SSB og Visit Svalbard AS, henta inn frå kommersielle, statistikkpliktige overnattingsbedrifter i Longyearbyen, inkl. camping

Cruisesesongen 2020 vart òg hardt ramma av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, og av dei innmelde skipa var det berre tre store skip som besøkte Svalbard. Sommaren 2020 vart det gjenopna for kystcruise på Svalbard for skip med under 500 passasjerar på vilkår som er omtala over, og såframt turoperatørane utarbeidde ein rettleiar som skulle sikre forsvarleg drift med omsyn til smittevern. 10 skip besøkte Svalbard i løpet av sesongen, med i snitt 43 passasjerar kvar om bord. Talet på cruiseanløp sokk med 97,7 pst. samanlikna med året før. I 2019 vart det registrert om lag 23 000 ekspedisjonscruisepassasjerar til Longyearbyen. I 2020 var det tilsvarande talet i underkant av 1 500. Talet for passasjerar frå konvensjonelle cruiseskip var i 2019 i underkant av 40 000. I 2020 var det tilsvarande talet null.

Det blei løyva 25 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for reiseliv på Svalbard, jf. punkt 3.2.3.5. Formålet med ordninga var å avhjelpe dei negative konsekvensane for reiselivsnæringa på Svalbard som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Tilskota skulle byggje opp att, utvikle og omstille reiselivsaktiviteten på Svalbard slik at næringa kan bidra til å underbyggje dei svalbardpolitiske måla. Tilskota skulle og bidra til sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, trong og potensial. Tilskotsordninga hadde ei brei tilnærming til omstilling. Ordninga var lagd opp slik at ho trefte dei seriøse norske aktørane som, uavhengig av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, ville vere sentrale medspelarar i vidareutviklinga av reiseliv og anna næringsverksemd på øygruppa.

Regjeringa har peika på reiselivet som ei av dei næringane ein ønskjer å leggje til rette for i omstillingsprosessen for Longyearbyen. Regjeringa vil bidra til at reiselivsnæringa har gode og føreseielege rammetilhøve, for å sikre berekraftig utvikling i næringa som bidreg til ei stabil norsk busetjing på Svalbard. Reiselivsnæringa er ein viktig bidragsytar til sysselsetjinga i Longyearbyen, men ho belastar òg lokalsamfunnet og utfordrar den lokale beredskapen. Ikkje minst belastar aktiviteten den sårbare villmarksnaturen, som turistane kjem for å sjå. Det er viktig å sørge for at veksten i næringa skjer i tråd med dei føresetnadene som er lagde til grunn i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.

Som tidlegare år har Sysselmeisteren i 2020 gjennomført fleire dialogmøte både med det organiserte reiselivet og med andre offentlege aktørar som t.d. Longyearbyen lokalstyre og Skatteetaten gjennom eit trepartssamarbeid der òg Visit Svalbard deltek.

Reiselivsrådgivarane til Sysselmeisteren har jamleg kontakt med Visit Svalbard, Association of Arctic Expedition Cruises (AECO), ulike turoperatørar, Svalbard Guide Association, Arctic Safety Centre, UNIS, og utdanningsinstitusjonar og individuelle reisande gjennom heile året.

Sysselmeisteren bidrog før virusutbrotet i svalbardguideopplæringa, og vidare med innlegg for Arctic Nature Guide-studiet, Svalbard folkehøgskule og i andre fora.

Nye havområde har blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil auke i takt med vekst i turisme, fiskeri og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard. Veksten i reiselivsnæringa på Svalbard og i nordområda vil utfordre helseberedskapen. Utviklinga i cruisetrafikken skaper òg utfordringar for tryggleik og beredskap og har ført til endringar i lokalsamfunnet i Longyearbyen. Cruisetrafikken til Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske på Svalbard og områda rundt enn det helseberedskapen, inkludert evakueringskapasiteten, er dimensjonert for. Det same gjeld store grupper som deltek i risikoutsette reiselivsopplevingar som større skuterturar og ekspedisjonar på store, opne hurtiggåande båtar. I høgsesongen skjer desse aktivitetane samstundes, noko som aukar risikoen for fleire ulukker på same tid. Dei sentrale styresmaktene følgjer derfor med på utviklinga og ser nærmare på moglege tiltak for å dreie utviklinga, og dei vurderer utfordringane kring beredskap og tryggleik som oppstår ved auka aktivitet på Svalbard. Dette inneber å vurdere om det er behov for ytterlegare førebyggjande tiltak. Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på utfordringar for beredskapen ved auka cruisetrafikk i norske farvatn.

Regjeringa varsla i januar 2020 tiltak for å sikre ei forsvarlig utvikling i reiselivet på Svalbard. I dag er turisme, tryggleik og ferdsel i felt på Svalbard regulert i forskrift 18. oktober 1991 nr. 671 om turisme, feltopplegg og annen reisevirksomhet på Svalbard (turistforskrifta). Reiselivet og feltaktiviteten på Svalbard har sidan førre revisjon av turistforskrifta i 2015 utvikla seg både når det gjeld omfang og tilbod.

Regjeringa er oppteken av at det skal vere kvalitet i reiselivsprodukta framfor å bidra til ei auke i talet på turistar, og at det skal vere kvalitet i reiselivsnæringa, t.d. når det gjeld arbeidsvilkår. Arbeids- og sosialdepartementet sende i desember 2020 på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova og ferielova gjeldande på Svalbard. Innføring av allmenngjeringslova og ferielova vil føre til at fleire tilsette på Svalbard blir sikra visse grunnvilkår. På denne måten blir det lagt til rette for trygge og stabile arbeidsvilkår for dei tilsette. Dette vil òg gi grunnlag for eit velfungerande og seriøst arbeidsliv med konkurranse på like vilkår. Arbeids- og sosialdepartementet følgjer opp forslaget.

Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard på høyring 31. august 2021, med høyringsfrist 1. februar 2022. Utkastet til forskrift inneheld bl.a. forslag om ei sertifiseringsordning for guidar. Endringane i regelverket skal regulere forstyrring av isbjørn, ferdsel og leiropphald. Sysselmeisteren har utarbeidd utkastet til ny forskrift om tryggleik i felt m.m. Bakgrunnen for den nye forskrifta er utviklinga ein har sett i reiselivet på Svalbard før virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Det er nødvendig med tiltak som styrker rammeforholda til ei seriøs næring, og som samstundes dempar belastninga på den sårbare naturen.

Forslaget om ei sertifiseringsordning for guidar er grunna i dei svalbardpolitiske måla og behovet for å ta vare på tryggleiken til alle som ferdast i felt. Ordninga vil òg bidra til jamnare konkurransevilkår gjennom kvalitetssikring av kompetansen til guidane, og ho vil bidra til å sile ut useriøse reisleivsaktørar. I samråd med Barne- og familiedepartementet omfattar høyringa òg eit forslag til ei eiga forskrift som gjer pakkereiselova gjeldande på Svalbard.

Klima- og miljødepartementet la 26. mars 2021 fram Prop. 119 L (2020–2021) Endringar i svalbardmiljølova (tungoljeforbod m.m.). I proposisjonen har regjeringa foreslått tungoljeforbod i heile territorialfarvatnet på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 421 L (2020–2021). Lova vart endeleg vedteken 28. mai 2021 og trer i kraft 1. januar 2022 med nokre overgangsordningar.

Som følgje av klimaendringar og auka ferdsel på Svalbard er det sett i gang ei utgreiing om bl.a. forbod om ilandstigning, avgrensingar i størrelse på skip i nasjonalparkane, nye reguleringar knytt til ferdsel og leiropphald, samt betre beskyttelse mot forstyrring av isbjørn. Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Sysselmeisteren i oppdrag å vurdere forslag til endringar i miljøregelverket.

3.2.4.2 Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 peika regjeringa på behov for å utbetre Longyearbyen hamn for å støtte opp om eksisterande næringsliv og framtidig utvikling. Føresetnadene har endra seg, og behova må vurderast på nytt. Kystverket har oppdatert utgreiinga om ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen i 2020, og det er førebels tatt høgde for 406 mill. kroner til prosjektet i den første seksårsperioden av NTP 2022–2033.

3.2.4.3 Befolkning

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS medfører ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har samstundes ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette eller innbyggjartalet i Longyearbyen. Andre næringar har vore i vekst, t.d. reiseliv. Samansetninga av befolkninga er derimot i endring på fleire vis, med ein større del utlendingar enn tidlegare år.

Regjeringa legg til rette for utflytting av fleire statlege arbeidsplassar til Svalbard. Norsk HelseNett SF har etablert ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar i 2020. Frå 1. april 2020 forvaltar Nærings- og fiskeridepartementet all statleg eigd grunn på Svalbard direkte. Departementet har oppretta to nye stillingar i Nærings- og fiskeridepartementet med fast tilhaldsstad i Longyearbyen.

Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Det er derfor grunn til å følgje med på utviklinga i Longyearbyen. Tal frå SSB syner at befolkningsauken i Longyearbyen og Ny-Ålesund til saman var 31 personar i 2020. Ni var nordmenn, medan 22 var utlendingar.2

Statistisk sentralbyrå (SSB) leverer halvårleg statistikk som viser folkemengd og årlege folkeendringar i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Denne statistikken viser at delen nordmenn går ned, medan delen utanlandske statsborgarar aukar. Ei oversikt frå befolkningsregisteret til Svalbard skattekontor syner at borgarar frå land utanfor Schengen/EØS aukar mest, særleg frå land i Asia.

3.2.4.4 Bustad

Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Bustadmassen bør ha ein kvalitet og samansetning som er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar. Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg Svalbard har vidare ansvaret for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen, som leiger ut bustader til offentleg tilsette. Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

For å sørge for at Longyearbyen held fram som eit norsk familiesamfunn, er det nødvendig å leggje til rette for at folk kjenner seg trygge, og at bustadene har ein akseptabel standard. Regjeringa har vurdert forvaltninga av offentleg eigde bustader i Longyearbyen. Med offentlege meiner ein her bustader som er eigde av Store Norske Bustader (heileigd statsaksjeselskap), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) (heileigd statsaksjeselskap), Statsbygg og Longyearbyen lokalstyre.

Regjeringa ønskjer ei effektiv forvaltning av bustadene i Longyearbyen. Ein tek derfor sikte på å redusere offentlege bustadforvaltarar. Regjeringa tek sikte på at Statsbygg og Store Norske Bustader held fram som bustadforvaltarar i Longyearbyen. I første omgang vart bustadene som UNIS eigde, selde til staten v/ Statsbygg. UNIS sine bustader vart med det innlemma i staten si husleigeordning i Longyearbyen. Innlemminga i husleigeordninga inneber at UNIS får ei årleg husleige på 6,9 mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke tilskotet til UNIS med 5,6 mill. kroner per år, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga. Statsbygg sitt kjøp av bustadene vart gjennomført 1. juli 2021. Regjeringa foreslår vidare at UNIS innanfor uendra tilskot skal dekke eit vedlikeholdsetterslep på bustadene på til saman 10 mill. kroner over 10 år frå og med 2022, gjennom eit påslag i husleiga til Statsbygg. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) Kunnskapsdepartementet. Regjeringa foreslår vidare å auke tilskotet til UNIS med 1,9 mill. kroner frå og med 2022 for UNIS sin leige av studentareal i det nye bygget til studentsamskipnaden.

Justis- og beredskapsdepartementet har innleidd dialog med Longyearbyen lokalstyre om statleg kjøp av Longyearbyen lokalstyre sine bustader. Det er òg lagt til grunn at Longyearbyen lokalstyre ikkje sel bustader til private aktørar.

Longyearbyen lokalstyre har planmynde for Longyearbyen arealplanområde. Regjeringa signaliserer at ein ikkje ønskjer vekst i den samla bustadmassen i Longyearbyen. Ei eventuell utskifting av bustader bør fortrinnsvis skje gjennom transformasjon og fortetting, og ikkje ved å ta areal utan bygg i bruk.

Området Nybyen i Longyearbyen vil ikkje bli prioritert for skredsikring. Kunnskapsdepartementet har derfor lagt som føring i tilskotsbrev for 2020 at studentbustadene som Arktisk Studentsamskipnad i dag eig i Nybyen, må bli tilbakeførte til staten, med sikte på riving.

3.2.4.5 Høyring av nye reglar

Regjeringa har foreslått fleire endringar i regelverket som omhandlar Svalbard i 2020 og 2021.

Regjeringa varsla i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard ein gjennomgang av reguleringa for barnehage og grunnopplæring på Svalbard. Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring to forskrifter med nye reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen. Forslaga er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk. Barn og unge i Longyearbyen skal ha eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane der er avgrensa samanlikna med i Fastlands-Noreg. Høyringsnotatet drøftar desse omsyna. Kunnskapsdepartementet tek sikte på å fastsetje nye forskrifter i løpet av 2021, slik at dei kan tre i kraft 1. januar 2022. Sjå punkt 5.8.1 for nærmare omtale.

Arbeids- og sosialdepartementet sende i desember 2020 på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova og ferielova gjeldande på Svalbard. Dette legg til rette for trygge og stabile arbeidsvilkår for dei tilsette, og det vil gi betre konkurranse på like vilkår. Arbeids- og sosialdepartementet følgjer opp forslaget.

Justis- og beredskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet sende 31. august forslag til ny forskrift om tryggleik i felt m.m. på Svalbard på høyring. Utkastet til forskrift inneheld bl.a. forslag om ei sertifiseringsordning for guidar. Høyringa omfattar òg i samråd med Barne- og familiedepartementet eit forslag til ei eiga forskrift som gjer pakkereiselova gjeldande på Svalbard. Bakgrunnen for den nye forskrifta er utviklinga ein har sett i reiselivet på Svalbard før virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Høyringa har frist 1. februar 2022.

Klima- og miljødepartementet har gitt Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren og Sysselmesteren i oppdrag å vurdere forslag til endringar i miljøregelverket. Det er sett i gang ei utgreiing om bl.a. forbod om ilandstigning, avgrensingar i størrelse på skip i nasjonalparkane, nye reguleringar knytt til ferdsel og leiropphald, samt betre beskyttelse mot forstyrring av isbjørn.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 23. juni 2021 på høyring forslag til endring av reglar for valbarheit og stemmerett for val til Longyearbyen lokalstyre. Frist for svar på høyringa er 25. oktober 2021. Forslaget går ut på at det for andre enn norske statsborgarar skal stillast krav om tre års butid i ein norsk kommune for å kunne ha stemmerett og vere valbar til Longyearbyen lokalstyre. Sidan lokaldemokratiet vart innført i 2002, har Longyearbyen vore organisert etter den same styringsmodellen som andre norske lokalsamfunn. Ved valet av styringsmodell vart det uttalt at rammene for denne ville bli vurdert i lys av samfunnsutviklinga. Samansetninga av befolkninga i Longyearbyen har endra seg sidan 2002. For å halde oppe tilknytinga mellom fastlandet og Svalbard for medlemmer av lokalstyret og dei som stemmer ved valet til lokalstyret, foreslår regjeringa slike endringar i reglane for stemmerett og valbarheit.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 7. mai 2021 ordninga for eigedomsregistrering på Svalbard på alminneleg høyring. I dag gjeld Svalbardlova § 25 for eigedomsregistrering på Svalbard. Med innføringa av matrikkellova blei det lagt opp til at denne føresegna kunne bli oppheva og erstatta med reglar fastsette i matrikkellova. I høyringa vart det foreslått tilpassingsreglar for eigedomsregistrering på Svalbard slik at matrikkellova kan ta til å gjelde for Svalbard som føresett.

3.2.5 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk ansvarleg for å levere varme og elektrisitet i Longyearbyen. Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik for energi er derfor spesielt viktig i Longyearbyen.

I 2019 og 2020 vart det løyvd til saman 27,8 mill. kronar over svalbardbudsjettet som statleg tilskot til Longyearbyen lokalstyre for å dekke om lag halvparten av utgiftene til eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Reservekraftverket vart sett i drift november 2020. Longyearbyen har no tilstrekkeleg reservekapasitet på straum, noko som gjer at ein kan levere straum og varme sjølv om kraftverket er ute av drift.

Justis- og beredskapsdepartementet fekk ein risiko- og sårbarheitsanalyse av kolkraftverket frå Longyearbyen lokalstyre i starten av 2020. Analysen vart fagleg vurdert av NVE. Rapporten støttar opp under at risikoen for avbrot og store vedlikehaldskostnader aukar med alderen til kraftverket. Analysen viser at forsyningstryggleiken for kraft i Longyearbyen er tilfredsstillande no når det nye reservekraftverket er i drift.

Gruve 7 sørger for kolforsyninga til kraftverket som genererer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen. Sjå elles omtale under punkt 5.10.4. I juli 2020 vart det oppdaga at det strøymde inn mykje vatn i den indre delen av Gruve 7. Vatnet kom frå isbreen Foxfonna, som ligg over Gruve 7. Vatnet gav straumutfall og tilhøyrande pumpestopp. Gruve 7 var på dette tidspunktet i ein planlagd produksjonsstans som var venta å vere ferdig medio august 2020. Som følgje av at det strøymde inn vatn i gruva, vart produksjonsstansen utvida. Produksjonen starta opp igjen 31. oktober 2020. Gruva hadde kol på lager som sikra ei forsyning av kol til kolkraftverket.

3.2.5.1 Ny energiløysing for Longyearbyen

Innleiing

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, bad Stortinget regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Olje- og energidepartementet har gjort nærmare vurderingar av samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsverknader for eit utval alternative energiløysingar og kombinasjonar av løysingar.

Aktivitet og norsk nærvær på Svalbard er avhengig av ei påliteleg forsyning av energi. På Svalbard har ein i dag ulike løysingar for energiforsyninga. Longyear Energiverk, kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med straum og fjernvarme, vart sett i drift i 1983. Kraftverket er prega av slitasje, har store vedlikehaldskostnader og har høge utslipp av CO2. Det oppstår ofte feil ved kraftverket. Manglande fleksibilitet i kraftproduksjonen avgrensar korleis ein kan fase inn fornybare energikjelder. Samstundes har energiforbruket auka i takt med større aktivitet i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre har òg oppgradert fjernvarmesystemet. Den kortsiktige forsyningstryggleiken for kraft og varme er derfor god.

Justis- og beredskapsdepartementet fekk ein risiko- og sårbarheitsanalyse av kolkraftverket frå Longyearbyen lokalstyre i starten av 2020. Analysen vart fagleg vurdert av NVE. Rapporten støttar opp under at risikoen for avbrot og store vedlikehaldskostnader aukar med alderen til kraftverket. Analysen viser at forsyningstryggleiken for kraft i Longyearbyen er tilfredsstillande no når det nye reservekraftverket er i drift.

Å halde fram med drifta av kolkraftverket vil likevel krevje monnalege investeringar dei nærmaste åra, bl.a. som følgje av nødvendige revisjonar. Energiforsyninga er òg sårbar for avbrot og upårekna kostnader i åra framover. Det hastar derfor med å starte arbeidet med å erstatte kolkraftverket med ei ny energiløysing.

For eit lite samfunn som Longyearbyen er det viktig å finne ei god felles energiløysing som ikkje medfører for høge energikostnader for innbyggjarane og verksemdene. Energiløysinga må og vere i tråd med klimamåla til Noreg, samstundes som ho skal sikre ei trygg forsyning av kraft og varme for innbyggarane i Longyearbyen. Svikt i energiforsyninga på Svalbard kan få alvorlege konsekvensar. Omsynet til forsyningstryggleik må derfor vege tungt i valet av ny energiløysing.

Longyearbyen har vore forsynt av kolkraft i meir enn 100 år. Regjeringa sitt forslag til rammer for ein Energiplan for Longyearbyen legg grunnlaget for at kolkraftverket blir avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavenleg energiløysing. Løysinga skal vere basert på eit nytt kraftvarmeverk i kombinasjon med fornybar energi og auka satsing på energieffektivisering. Naturen på Svalbard er sårbar. Det er derfor ein premiss at omlegginga skal skje utan nye, større inngrep i den sårbare naturen på Svalbard. Dette legg klare rammer for ein energiplan som skal omstille energiforsyninga i ei meir fornybar retning. Rammene legg òg til grunn at forsyninga av kraft og varme skal skje til lågast mogleg kostnad og med klare ansvarsforhold.

Rammer for ein energiplan for Longyearbyen – ei meir sikker, effektiv og klimavennleg energiforsyning.

Energibruken i Longyearbyen har auka monnaleg dei siste ti åra. Utviklinga i etterspurnaden etter kraft og varme i åra framover er usikker. Samstundes aukar interessa for og førekomsten av lokal fornybar og uregulerbar kraftproduksjon, noko som så langt har vore krevjande å kombinere med det lite fleksible kolkraftverket. Eit arbeid med energieffektivisering og distribuert sol- og vindkraft blant ulike aktørar er allereie i gang. Det er framleis potensial for å realisere meir fornybar produksjon lokalt, og det er viktig at ein ny hovudforsyning legg betre til rette for lokal kraftproduksjon enn i dag. Med nedlegginga av kolkraftverket og avvikling av gruvedrifta vil også to store kraftforbrukarar forsvinne frå Longyearbyen. Dette vil påverke utsiktene til forbruksveksten framover og behovet for ny energiproduksjon.

Eit grunnleggjande krav når ein skal etablere eit nytt kraftvarmeverk er at forsyningstryggleika for kraft og varme ikkje blir svekt, korkje i etableringsfasen eller på sikt. Kostnadene for innbyggarane i Longyearbyen må òg vere akseptable. Ein energiplan for Longyearbyen må sjå samla på ei mogleg omstilling av energibruk og produksjon innanfor dei rammene som blir sette for ny energiforsyning. Dette inkluderer energiløysing, nødvendige prosessar for å godkjenne ny energiløysing og organisering.

Regjeringa har bede Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan i løpet av 2022. Premissane for planen er at fornybar energi skal fasast inn raskast mogleg med målet om at fornybare løysingar skal utgjere hovudforsyninga. Energiforsyninga skal vere i tråd med og støtte opp under klimamåla til Noreg for 2030 og 2050.

Frå kol til gradvis innføring av fornybar energi

Regjeringa har dei siste åra greidd ut ulike energiløysingar, med utgangspunkt i at dei nye løysingane for energiforsyning i Longyearbyen skal vere realistiske, berekraftige og forsyningsmessige akseptable. Den første eksterne utgreiinga om moglege løysingar vart lagd fram 5. juli 2018. I november 2018 heldt Olje- og energidepartementet (OED) eit ope innspelsmøte om utgreiinga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kvalitetssikra den eksterne rapporten, og ulike innspel har kome til undervegs. Ut frå dette arbeidet vart det avgjort å gjennomføre ei nærmare utgreiing av ei ny kraftvarmeløysing basert på høvesvis flytande naturgass (LNG), pelletar og diesel. Våren 2021 ga Olje- og energidepartementet NVE og Thema/Multiconsult i oppdrag å gå vidare med nærare vurderingar av dei tre alternativa. NVE fekk òg i oppdrag å sjå på relevante rammevilkår for ei ny energiforsyning i Longyearbyen, ut frå målet om ein mest mogleg effektiv og sikker forsyning av energi. NVE og Thema/Multiconsult har samarbeidd med Longyearbyen lokalstyre. Lokale forhold legg viktige premiss for vurderinga av ulike energiløysingar.

Blant alternativa som har vore vurderte er både fossile og fornybare løysingar, og kombinasjonar av desse. Regjeringa har som føresetnad at delen fornybar energi skal vere så høg som mogleg, innanfor rammene av ei forsvarleg forsyning. Direkte overgang frå kolkraft til 100 pst. fornybar kraft er svært krevjande på ein stad som Svalbard. For å halde forsyningstryggleiken ved lag må overgangen skje gradvis med ei trygg og felles energiløysing i botn. Utgreiingane som er utførte peikar på at den beste energiløysinga er eit kraftverk som produserer både kraft og varme, og som raskt og effektivt kan tilpasse produksjonen til varierande forhold.

Kolkraftverket skal bli fasa ut til fordel for eit nytt kraftvarmeverk der ein gradvis og forsvarleg fasar inn meir fornybar energi. NVE og Thema/Multiconsult har gjennomført nærmara utgreiingar av ulike grunnlastløysingar. Kraftvarmeverket skal vere basert på ei mest mogleg fleksibel grunnlastløysing basert på diesel/multifuelteknologi (teknologi som kan nytte fleire typar brensel). Med mål om ei rask og trygg omstilling til ei fornybar energiforsyning, peiker dieselteknologi seg klart ut som den rimelegaste og mest fleksible grunnløysinga. Dieselteknologien har låge investeringskostnader i forhold til brenselskostnader og gir ifølgje NVE og Thema/Multiconsult dei største insentiva til energieffektivisering og bruk av andre fornybare energikjelder. Teknologien er velkjend, og det er ein klar fordel at mykje av kompetansen og infrastrukturen, som er ein føresetnad for omstillinga, allereie er på plass i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre har signalisert at dei ønsker dieselkraftverk som utgangspunkt for ein utsleppsfri energiforsyning.

Ei energiløysing basert på fornybare energikjelder og diesel/multifuelteknologi er etter regjeringa si meining den løysinga som gir høgast forsyningstryggleik, lågaste kostnader og mogleggjer ei trinnvis oppbygging av ei langsiktig, fornybar energiløysing for Longyearbyen. Utprøving av energilagringsmoglegheiter lokalt bør inngå i dette.

Det noverande kolkraftverket står overfor store vedlikehaldskostnader dei kommande åra, bl.a. som følgje av revisjonar av turbinar. Ved å bruke andre teknologiar, som LNG eller pelletar, vil omlegginga av energiforsyninga ifølgje NVE og Thema/Multiconsult ta lengre tid og prosjekta vil ha større risiko for auka kostnader og forseinkingar. Ei løysing basert på LNG eller pelletar har monnaleg høgare investeringskostnader, og krev store areal til kai, lager/tankar og energiverk.

Ved overgang frå kol til grunnlast basert på diesel, vil CO2-utsleppa frå energiproduksjonen i Longyearbyen med ein gong bli redusert med 55 pst. Ved å gradvis fase inn fornybar teknologi vil ein redusere CO2-utsleppa ytterlegare år for år. Takta på dette er avhengig av kva slags løysing som blir brukt, og i kva slags takt lokal fornybar produksjon blir fasa inn. Forsyningstryggeiken for varme og kraft skal bli teken vare på til ei kvar tid.

Reduksjonen i CO2-utsleppa frå energiproduksjon og -bruk må òg sjåast saman med tiltak på forbrukssida og utprøving av ny teknologi. I tillegg til ein sterk reduksjon i kraftforbruket som følgje av nedlegginga av Gruve 7, kan ein energiplan for Longyearbyen òg omfatte tiltak for andre delar av forbruket lokalt. I takt med innfasing av lokal fornybar energi, fasast bruken av diesel gradvis ut etter kvart som fornybarandelen aukar.

Energieffektivisering

Det er stort potensial for meir effektiv bruk av varme og kraft i Longyearbyen. Bl.a. er det stort potensial for energieffektivisering i eksisterande bygg, som kan trekkje varmebehovet ned. Samstundes gir mangelfull måling og den noverande strukturen på varmeprisane lite insentiv til energieffektivisering. I dag betaler mange forbrukarar for varme basert på talet på kvadratmeter, og ikkje basert på det faktiske forbruket. Thema og Multiconsult har tidligare rekna det til at temperaturkorrigert varmeforbruk i Longyearbyen er 40 pst. høgare enn i tilsvarande bygg på fastlandet. Lokale styresmakter har oppretta eit Enøk-forum der formålet er å redusere energibruken over tid. Det blir òg arbeidd med å installere individuelle målarar, og på sikt skal alle forbrukarar over på forbruksbasert tariff. Også andre aktørar jobbar med tiltak, bl.a. Avinor.

Utviklinga i den framtidige energibruken i Longyearbyen er usikker, og ho er avhengig av fleire faktorar. Befolkningsveksten er ein sentral drivar for utviklinga i energibruken, men også ny næringsverksemd og institusjonar bidreg til veksten.

Ein føresetnad for Energiplan Longyearbyen er at tiltaka på forbrukssida blir sett i samanheng med omlegginga til ny energiforsyning, og at det lokalt blir lagt grunnlag for ein overordna og heilskapleg plan for energieffektivisering. Dersom planen kjem tidleg på plass kan han eventuelt verke inn på dimensjoneringa av ei ny energiløysing.

Lokal fornybar kraftproduksjon

Energiplanen for Longyearbyen skal sjå på korleis ein kan fase ny og eksisterande fornybar produksjon inn i ei felles energiløysing. Det blir òg produsert og planlagt for lokal energiproduksjon i Longyearbyen. Det meste av dette er solkraft. Dei fleste nybygga i Longyearbyen blir i dag bygde med solceller, og i tillegg blir det installert solceller på fleire eksisterande bygg. Enkelte store aktørar har òg installert solceller og anna fornybar produksjon. Avinor har installert solceller med kapasitet på 137 kWp og ein vindturbin på 6 kW ved flyplassen. Til saman gir desse ein årleg produksjon på ca. 0,1 GWh. Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK) har teke over bygga til Hurtigruten Svalbard, som har 19,2 kWp solceller og ein 3 kW vindturbin.

I tillegg til solceller og små vindturbinar er det òg andre energiteknologiar som blir testa ut i Longyearbyen. Statsaksjeselskapet SNSK skal utgreie å bore 2 km ned i grunnen for å hente ut bergvarme. Bygga til Statsbygg i Gruvedalen er lagde til rette for å installere batteripakker som kan gje betre utnytting av solcellene. Avinor har òg eit pilotprosjekt der dei skal sjå på bruk av hydrogen eller biogass for å dekke deler eller heile forbruket ved flyplassen. Drivaren for prosjektet er å redusere klimafotavtrykket til Avinor.

Det finst fleire måtar å realisere fornybar produksjon på i Longyearbyen og i områda rundt. Det er ein føresetnad at omlegginga mot meir fornybar energi må skje utan nye, større inngrep i den sårbare naturen på Svalbard. Det er òg ein føresetnad at kostnadene er lågast mogleg og står i forhold til nytten. Dette legger klare rammer for energiplanen, saman med målet om ei trygg forsyning av kraft og varme.

Utprøving av ny teknologi

Dei siste to åra har ENOVA delt ut støtte til ein verdi av over 14,5 mill. kroner til fire fornybarprosjekt i Longyearbyen. Etableringa av ein batteripark fekk mest støtte med 8,7 mill. kroner. Vidare fekk eit teknologiprosjekt med smart frysefundamentering ved hjelp av fornybar energi og intelligent kontroll 4,2 mill. kroner i støtte. To prosjekt fekk støtte på om lag 800 000 kroner kvar. Dei to prosjekta gjeld utvikling av termisk energiforsyning på Svalbard og konseptutgreiing for eit mogleg pilotanlegg med miljøvennleg energiberar på Svalbard lufthamn. Til saman er det forventa at prosjekta skal gje ein samla reduksjon av energiforbruket på 21 GWh/år. Samla årleg energiforbruk i Longyearbyen er i dag om lag 115 GWh.

Rammer for ei trygg og effektiv energiforsyning

Energilova, som regulerer krava til energiforsyninga på fastlandet, gjeld ikkje på Svalbard. Longyearbyen lokalstyre (LL) har i dag etter Svalbardlova det formelle ansvaret for energiforsyninga. LL eig energiverket som er organisert som ein eining under administrasjonen i lokalstyret. Energiprisane blir fastsette etter prinsippet om sjølvkost.

I Longyearbyen er det spesielt viktig med ei trygg energiforsyning og ein god kraftforsyningsberedskap. Regjeringa vil at det skal bli satt klare og forpliktande mål for forsyningstryggleik og leveringskvalitet som på fastlandet. Regjeringa vil vurdere nærmare om energilova kap. 9 om beredskap og kraftberedskapsforskrifta skal gjerast gjeldande for Longyearbyen.

Ei ny grunnlastløysing til erstatning for kolkraftverket skal bli finansiert gjennom energiprisane etter prinsippet om sjølvkost. Energiprisane skal i størst mogleg grad reflektere reelle kostnader og faktisk forbruk av straum og varme. Grunnlaget for fastsetjinga av energiprisane skal bli meir transparent og lett tilgjengeleg for forbrukarane og for dei som skal føre kontroll med verksemda. Det må òg bli eit tydelegare skilje mellom drifta av energiforsyninga og anna verksemd i Longyearbyen lokalstyre.

Prosessen for etablering av nytt kraftvarmeverk skal ta utgangspunkt i at Longyearbyen lokalstyre søker NVE om løyve til bygging og drift av det konkrete anlegget gjennom ein forenkla konsesjonsprosess etter modell frå fastlandet. Det vil bli vurdert nærmare korleis ein forenkla konsesjonsprosess kan bli gjennomført mest mogleg effektivt. I tillegg må utbyggjaren ha nødvendige løyver etter svalbardmiljølova.

Organisering og finansiering

Longyearbyen lokalstyre eig i dag kolkraftverket og infrastruktur som er knytt til kraftverket. Longyearbyen lokalstyre har signalisert at dei også i framtida ønskjer å ha ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Dette legg grunnlaget for den vidare planlegginga. Longyearbyen lokalstyre vil framleis ha ansvaret for energiproduksjonen i Longyearbyen ved overgangen til ei ny energiløysing. Longyearbyen lokalstyre vil vidare vere ansvarleg for å få etablert eit nytt energiverk i Longyearbyen.

Staten vil setje krav om eit organisatorisk og rekneskapsmessig skilje mellom Longyearbyen lokalstyre og eit nytt føretak eller AS med ansvar for energiproduksjon og -distribusjon i Longyearbyen. Det blir opna både for at dette blir organisert som eit heileigd kommunalt føretak/AS eller ei delt løysing der Longyearbyen lokalstyre eig eit selskap saman med ein annan statleg aktør.

4 Forslag til svalbardbudsjett for 2022

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2022 er på 599,9 mill. kroner, samanlikna med 570,2 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2021. Dette er ein auke på 29,7 mill. kroner, dvs. ein auke på 5,2 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2022 er stipulert til 409,5 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 post 50 Tilskot.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2021 var 377,9 mill. kroner. I samband med Innst. 233 S (2020–2021) vart løyvinga auka med 40 mill. kroner. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2021–2021)) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet, jf. Innstilling 600 S (2020–2021), vart løyvinga auka med 1,0 mill. kroner. Til saman er løyvinga auka til 418,9 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er løyvinga på kap. 480 post 50 auka med 31,5 mill. kroner i 2022 samanlikna med saldert budsjett for 2021. Storleiken på løyvinga har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov, t.d. ved skredet i 2017 og ved virusutbrotet i 2020.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480 post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen på kap. 3030. Skatteinntektene for 2022 er budsjetterte til 186,4 mill. kroner. Anslaget for 2021 var på 188,6 mill. kroner. Det er framleis uvisse i Longyearbyen om dei økonomiske verknadene av virusutbrotet. Ein gjekk ut frå at skatteinngangen i 2020 ville bli langt lågare enn saldert budsjett for 2020. Tal frå Skatteetaten syner at skatteinngangen i 2020 låg nærmare saldert budsjett for 2020 enn ein trudde ville vere tilfellet som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Skatteinngangen i 2021 vil bl.a. avhenge av når den økonomiske aktiviteten tek seg opp etter virusutbrotet. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2022.

Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 31,1 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del III er det ein nærmare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

5 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2022 er det foreslått å løyve netto 1 477,3 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2021 var 1 181,0 mill. kroner.

5.1 Arbeids- og sosialdepartementet

5.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og sosialdepartementet har på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet ansvaret for bl.a. forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet skal arbeide for eit sikkert og seriøst arbeidsliv, bl.a. ved å følgje opp at verksemdene tek vare på arbeidsgivaransvaret sitt og arbeider systematisk for forsvarlege arbeidsmiljøforhold. Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard. Gruvedrifta i Svea og Pyramiden er lagd ned, men det er framleis byggje- og anleggsverksemd der som er underlagd bl.a. HMT-regelverket.

Aktivitetane til etaten blir gjorde gjeldande på same måten som for verksemder på fastlandet, men dei blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har bl.a. retta aktiviteten sin mot gruvedrift / byggje- og anleggsverksemd, og det har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen og nye vekstnæringar på Svalbard. Reiselivet har vore ei veksande næring i endring, og kva for aktørar bransjen er sett saman av, har òg endra seg. Arbeidstilsynet har planlagt å auke innsatsen på rettleiing og tilsyn dei to siste åra. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka har det ikkje vore mogleg å gjennomføre dette, og dei planlagde aktivitetane er derfor utsette til 2022.

Arbeids- og sosialdepartementet har hatt på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova og ferielova gjeldande på Svalbard. Høyringsfristen var 18. mars 2021.

5.2 Barne- og familiedepartementet

5.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet har eit kontor på Svalbard der tilsette i tilsynet kan hospitere. Kontoret vart etablert av Forbrukarrådet i 2017 med tre til fem kontorplassar som eit ledd i politikken til regjeringa for å sikre norsk busetjing på Svalbard. Per no har kontoret fire hospitantar. Etter at forbrukarapparatet vart omorganisert frå 1. januar 2021, er kontoret administrativt underlagt kontoret som Forbrukartilsynet har i Tromsø. Kontoret driv i hovudsak med tvisteløysing på same måten som dei andre kontora til tilsynet, i Porsgrunn, Stavanger og Tromsø. Kontoret fungerer òg som kontaktpunkt for det lokale næringslivet, og det gir rettleiing til forbrukarar som bur i Longyearbyen.

Hausten 2021 flyttar kontoret inn i det nyoppretta «Statens Hus», saman med Nærings- og fiskeridepartementet, Arbeidstilsynet, Skattekontoret på Svalbard, Norsk HelseNett og Nav.

5.2.2 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntjenesters anvendelse på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barneverntiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Oppgåvene til barneverntenesta etter barnevernlova blir utførte av Sysselmeisteren, med mindre oppgåvene er delegerte til eit representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde blir utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernsstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barneverntiltak som blir sette i verk på fastlandet. Dette inkluderer jamvel eventuelle utgifter til kjøp av generell rettleiing av fosterheimar frå ein fastlandskommune, då Bufetat frå 2022 ikkje tilbyr slik rettleiing lenger. Alle krav om refusjon skal fremmast for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2022 rekna til 3,5 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

5.2.3 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard og som er medlem av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2-3. Ifølgje SSB budde det 480 personar i barnetrygdalder på Svalbard per 1. januar 2021. I 2022 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 7,6 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

5.2.4 Kontantstøtte

Kontantstøttelova gjeld for personar busette på Svalbard og som er medlem i folketrygda, jf. kontantstøttelova og folketrygdlova §§ 2-3. Longyearbyen lokalstyre anslår at det er 7–10 foreldre busette på Svalbard som mottar kontantstøtte. Det er i 2022 venta 600 000 kroner i utgifter til kontantstøtte på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot, for barn busette på Svalbard.

5.3 Finansdepartementet

5.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som t.d. kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er bl.a. å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard blir utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

5.3.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale i kap. 0022 Skattekontoret Svalbard.

Svalbard skattekontor har bl.a. dei følgjande oppgåvene:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • å gi refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale i punkt 4.3.3

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utførast frå Svalbard.

5.3.3 Statistisk sentralbyrå

God statistikk er viktig for å kunne ha tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga på Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar som jamleg blir oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

5.4 Helse- og omsorgsdepartementet

5.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på statsbudsjettet kap. 732 post 75. Dette inneber at Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal sørge for nødvendige helsetenester i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar. Dette skjer i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova.

I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei veke, slik at situasjonen anten blir avklart for utskriving, eller at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, bl.a. allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste.

Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, vil få desse i heimkommunen sin på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste, akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning med anestesilege på Sysselmeisteren sitt redningshelikopter og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har beredskapsplan for større hendingar. Dette gjeld utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar.

Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om bl.a. videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE), som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand under vurdering og behandling av pasientar.

5.4.2 Styrkt helseberedskap

Luftambulansetenesta er styrkt gjennom innkjøp av nye ambulansefly, som òg dekker Svalbard. Det vart leigd inn ekstra ressursar i samband med virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Luftambulansetenesta HF har lagra noko medisinsk-teknisk utstyr på Svalbard.

Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, vil det bli etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, styrke beredskapen mot Svalbard. Ved større ulukker kan Helsedirektoratet sine avtalar om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land løysast ut med tanke på transport av medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuering av skadde pasientar frå Longyearbyen. I 2020 vart eit av helikoptera til Sysselmeisteren utstyrt med ein såkalla Epi Shuttle, eit medisinsk transportsystem som gjer det mogleg å transportere smittsame pasientar på eit forsvarleg vis.

Eit større virusutbrot på Svalbard vil kunne skape ein utfordrande situasjon. Regjeringa har derfor prioritert forsyning av tilstrekkeleg mengde vaksinedosar til å vaksinere fastbuande på Svalbard (inkludert Barentsburg). Helse Nord RHF har i samarbeid med UNN etablert rutinar for vaksinasjon for covid-19 ved Longyearbyen sjukehus. Longyearbyen sjukehus har i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre sikra ein raskare vaksinasjon av fastbuande på heile Svalbard. Det er òg etablert rutinar for evakuering av pasientar til fastlandet. Det blir lagt til grunn at det vil vere behov for vaksinasjon mot covid-19 òg i 2022. Vaksinar og vaksinasjon mot covid-19 blir tilbodne utan eigendel, og staten vil dekke kostnader til vaksinasjon på Svalbard. Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag i samband med forslag til endringar i statsbudsjettet 2022.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, Prop. 195 S (2020–2021) å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 1,0 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett, kap. 710, post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga vart foreslått plassert på svalbardbudsjettet sitt kap. 0005 Sysselmeisteren, post 01 Driftsutgifter. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

5.4.3 Helsenettet

Norsk HelseNett SF etablerte i august 2020 ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar, jf. omtale under punkt 3.2.4.3. og omtale i Prop. 1 S (2017–2018) Svalbardbudsjettet. I samanheng med etableringa har Norsk HelseNett i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrkt kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

5.5 Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser. Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2020–2021) desse måla for miljøpolitikken på Svalbard:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd.

5.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen arealplanområde.

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å verne om villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbart for belastninga av ferdsel.

Utfordringar

Klimaendringar får allereie konsekvensar, og vil få større konsekvensar, for både økosystema som blir meir sårbare for ferdsel, og for befolkninga på Svalbard.

Raske klimaendringar gir store utfordringar for økosystema, kulturmiljø, miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten «Climate in Svalbard 2100» reknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100 for å gi eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing.

Regjeringa vil leggje til rette for ei meir økosystembasert forvaltning også i Arktis i tråd med Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, jf. Innst. 294 S (2015–2016). Innanfor det tverrfaglege forskingsprosjektet SUSTAIN, som er leidd av Universitetet i Oslo, studerer Norsk Polarinstitutt korleis framtidige endringar i klimaet vil kunne påverke forvaltninga av haustbare artar på Svalbard. T.d. er reinsdyr ein sentral art i økosystemet på Svalbard, og korleis klimaendringane vil påverke denne arten, vil få konsekvensar også for andre artar, spesielt dei som lever av reinkadaver.

Bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost, og i observasjonar ser ein kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken. Ein auke i temperatur i desse laga, som gjer at dei heile tida frys og tiner, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører òg til at dei fleste typar skred vil kunne skje oftare.

I dag endar meir enn halvparten av isbreane på Svalbard inst i fjordarmar, men framtidig smelting vil føre til ein nedgang i talet på slike brear på Svalbard. Fjordisen har generelt minka på vestkysten av Svalbard dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir derfor stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utfluktar. T.d. har observasjon av isbjørn i Van Mijenfjorden ført til ferdsel av folk som forstyrrar dyrelivet der.

I nedre Adventdalen er det naturverdiar, særleg fugleliv, som er viktig for både reiselivet og lokalbefolkninga, og som kan ha behov for auka vern.

Dei fleste vegetasjonstypar på Svalbard har dårleg evne til gjenvekst i tillegg til dårleg slitestyrke. Klimaendringane gir utslag i auka nedbør og smelting av permafrost, som gjer at terrenget blir endå meir sårbart for slitasje frå ferdsel. Klimarelaterte endringar i tilgang på mat blir rekna for å vere ei av hovudårsakene til nedgang i bestanden hos nokre av dei høgarktiske artane.

Framande artar er ein miljøtrussel i Arktis og på Svalbard. Fleire nye artar kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre artar blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Bl.a. kan det føre til alvorlege skadar på dyr.

Klimaendringane gjer kulturminna meir utsette enn tidlegare. På grunn av auka erosjon, meir nedbør og fukt og høgare temperaturar, auka fare for flaum og skred og fordi grunnen tiner på grunn av mindre permafrost, får mange bygg og andre kulturminne skadar. Ferdsel der ein stig i land på populære stader, er òg ei utfordring, med skadar og slitasje på terreng og kulturminne. Påverknad frå ferdselen på dyrelivet er i hovudsak forstyrring.

Reduksjon av andre påverknadsfaktorar er den mest effektive, og ofte den einaste moglege, forma for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard.

Tiltak

Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Bl.a. vil ei framleis utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver for forvaltninga.

Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea er i den siste fasen, og miljøvernstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår for opprydding frå miljøstyresmaktene.

Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard. Sysselmeisteren vil rettleie og følgje opp krava i forskrift om forureining og avfall som tredde i kraft 1. januar 2020. Miljøforvaltninga jobbar med å auke kunnskapen om sirkulær økonomi på Svalbard og vil halde fram med dette i 2022.

Sysselmeisteren har i 2021 starta på ein strategi for å redusere marin forsøpling på Svalbard. Arbeidet med å redusere marin forsøpling vil halde fram i 2022.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevinga, må dei vernast om. Skjøre kulturminne må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, medan andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i kulturminneplanen for Svalbard for 2013–2023. Miljøstyresmaktene arbeider med å revidere kulturminneplanen for Svalbard, og det skal utarbeidast indikatorar for rapportering, slik at ein kan rapportere på det nasjonale miljømålet for kulturminne på Svalbard.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet.

5.5.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak for å verne om naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond, vedtekta til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er utpeika av Klima- og miljødepartementet. Både fondskapitalen og avkastninga blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål om å undersøke eller gjenreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekke forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

I 2020 vart det tildelt 2,47 mill. kroner over fondet. Oversikt over tildelingar er å finne på nettsida til miljøvernfondet. På grunn av situasjonen rundt virusutbrotet reknar ein med at inntekta òg i 2021 vil bli lågare enn i 2019, som følgje av færre tilreisande til Svalbard. Ein reknar samstundes med at inntekta vil bli noko høgare i 2021 enn i 2020.

Løyvinga på kap. 1472 Svalbards miljøvernfond Post 50 Overføringar til Svalbards miljøvernfond vart redusert med 14 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, mot ein tilsvarande reduksjon i inntekter på kap. 5578, post 70 som følgje av lågare innbetaling av miljøavgift for tilreisande til Svalbard som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

Regjeringa foreslår ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 10,3 mill. kroner.

Regjeringa foreslår ei inntektsløyving på kap. 5578, post 70 Svalbards miljøvernfond på 10,3 mill. kroner.

5.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmeisteren i polarspørsmål. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag med ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt tek hand om den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Vidare skal Norsk Polarinstitutt vere kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og for aktivitet knytt til forskinga, jf. strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Det isgåande forskingsfartøyet «F/F Kronprins Haakon» vart sett i operativ drift i 2018. Fartøyet har heimehamn i Tromsø og er eigd av Norsk Polarinstitutt. Havforskingsinstituttet har ansvar for den daglege drifta. Finansiering og bruk av forskingsfartøyet er fordelt mellom Universitetet i Tromsø, Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekke både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagde og opne farvatn til alle årstider.

For 2022 er om lag 135,7 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

5.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Aksjeselskapet Kings Bay AS, eigd av Klima- og miljødepartementet, er overordna ansvarleg for drifta av Ny-Ålesund. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard slår fast at Ny-Ålesund skal vere ei plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngd og leiarskap på relevante område. Regjeringa har fastsett ein overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard, og ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund er utarbeidd av Noregs forskingsråd. Forskingsstrategien for Ny-Ålesund gir klare føringar for forskingsverksemda i Ny-Ålesund for å få auka kvalitet, meir samarbeid og deling av ressursane på tvers av institusjonar og nasjonalitetar. Samstundes legg strategien føringar for bruk og utviklinga av bygningsmassen på staden.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og dei har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene for staten. Eigarskapen medverkar til å halde ved lag norske samfunn på øygruppa.

Målet med den statlege eigarskapen er å sørge for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen til Kings Bay AS. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

I 2022 vil vidareutvikling og tilrettelegging av bygningsmassen og infrastrukturen til selskapet i samsvar med forskingsstrategien vere ei viktig oppgåve for selskapet. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som har oppgåva med å gjennomføre forskingsstrategien for Ny-Ålesund.

På grunn av situasjonen kring virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, svikta inntektene i Kings Bay AS i 2020. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) vart drifts- og investeringstilskotet til Kings Bay AS auka med 18 mill. kroner, på grunn av bortfall av inntekter i 2020 som følgje av virusutbrotet. Dette var nødvendig for å ta vare på viktige svalbardpolitiske mål, og det kom i tillegg til det ordinære drifts- og investeringstilskotet frå Klima- og miljødepartementet i statsbudsjettet for 2020 på 34,9 mill. kroner. Samstundes måtte selskapet ta i bruk ein stor del av det ordinære drifts- og investeringstilskotet frå Klima- og miljødepartementet for å få dekt underskot i drifta.

I samband med nysalderinga 2020 vart det løyva 17,2 mill. kroner til selskapet. 8,7 mill. kroner skulle dekke tapte inntekter som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, medan 8,5 mill. kroner skulle gå til styrking av eigenkapitalen i selskapet. Den auka løyvinga vart finansiert ved omdisponering på Klima- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka venta ein at selskapet ville oppleve eit nærmast totalt bortfall av inntekter frå besøkande forskarar frå både Noreg og andre land i 2021, som i 2020. Det vart løyva ei tilleggsløyving til selskapet på 20,6 mill. kroner for å bidra til å sikre vidare drift av selskapet og vareta viktige svalbardpolitiske mål.

Regjeringa foreslår ei løyving til Kings Bay AS på kap. 1473 post 70 på 36,0 mill. kroner.

5.5.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). I 2022 er det budsjettert med å nytte 18,3 mill. kroner til drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen. Utgifter til Meteorologisk institutt si del av husleiga for staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansiert over kap. 19 på svalbardbudsjettet.

5.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

5.6.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisterens administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard er på svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har seks tilsette.

Statsbygg starta i 2020 arbeidet med å refundamentere Svalbard kyrkje. Prosjektet blir ferdigstilt i 2021. I 2020 starta òg prosjektering av arbeid for betre arealutnytting ved Statens hus i Longyearbyen.

5.6.2 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk opna i 2018 eit nytt geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Arbeidet med å få i gang målingane med dei nye antennene er forseinka. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar, gjere målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler endringar på jorda frå verdsrommet og jordplateforskyvingar. Dette gir òg grunnlag for overvaking av havis som smeltar og endringar i havnivå. Eit nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA. Når to år med parallelle målingar med gammalt og nytt anlegg er gjennomførte, skal det gamle anlegget ved flystripa rivast. Samla budsjettramme for investeringane er på 395 mill. kroner. Sjå elles Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet.

Løyving til geodetisk observatorium i Ny-Ålesund skjer på kap. 595 Statens kartverk. Regjeringa foreslår ei løyving på post 30 Geodesiobservatoriet på 27,2 mill. kroner. Det er på post 01 Driftsutgifter sett av 12,1 mill. kroner til geodetisk observatorium i Ny-Ålesund i 2022.

5.6.3 Sjømåling

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. Etter dialog med Sysselmeisteren vart det på grunn av pandemien bestemt at den planlagde sjømålinga rundt Svalbard ikkje kunne gjennomførast i 2020. I 2021 er det planlagt 60 dagar med sjømåling rundt Svalbard. Målingane vil leggje vekt på å forbetre data om Storfjorden og å sjømåle langs vestsida av Svalbard. Det vil gi oppdatering av sjøkart 513 og 522 og dei elektroniske sjøkarta (ENC-ane) NO2, NO3, NO4 og NO5.

Løyving til sjømåling skjer på kap. 595 Statens kartverk. Det er satt av 8,7 mill. kroner til sjømåling ved Svalbard i 2021. I 2022 er det planlagt å nytte 10,7 mill. kroner. Kartverket vil fortsetje i same område som i 2021, men òg freiste å få kartlagt område Hinlopenrenna–Perryflaket.

5.6.4 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsstyresmakt for tenester innanfor post og elektronisk kommunikasjon i Noreg. Nkom gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nkom har inngått samarbeid med Sysselmeisteren på Svalbard.

5.7 Kulturdepartementet

5.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard Museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementet sitt budsjett kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. I samband med Prop. 1 S (2019–2020) var det løyvd 2,0 mill. kroner til Svalbard Museum. Regjeringa foreslo å auke løyvinga til Svalbard Museum med 2,9 mill. kroner på Kulturdepartementet sitt kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka, og inntektsfall for museet, jf. Prop. 127 S (2019–2020). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

I 2020 hadde Svalbard Museum om lag 12 300 besøk, ein nedgang på 74 pst. frå 2019.

Regjeringa foreslår ei løyving på 2,0 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket, jf. Vedlegg 1.

5.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum har drive Kunsthall Svalbard i Longyearbyen som eit utstillingslokale og prosjektrom for internasjonal samtidskunst. Museet arbeider med å få eit meir eigna lokale til formålet.

5.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Kulturdepartementet skipa 2016, i lag med Fritt Ord og kulturnæringsstiftinga SpareBank 1 Nord-Noreg, stiftinga Artica Svalbard. Formålet med stiftinga er bl.a. å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet, å styrke den kulturelle og kreative næringa på Svalbard og å setje søkelys på kor viktige nordområda er.

Regjeringa foreslår ei løyving på 2,8 mill. kroner til Artica Svalbard på Kulturdepartementet sitt kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda.

5.7.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 185 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335 post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene og blir fastsett i oktober det same året. Svalbardposten fekk 820 372 kroner i produksjonstilskot i 2020.

5.8 Kunnskapsdepartementet

5.8.1 Forslag til nye forskrifter om barnehageverksemd og grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

I dag gjeld ei eiga forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring på Svalbard (forskrift 18. januar 2007 nr. 76). Forskrifta regulerer rett og plikt til grunnskule på Svalbard, ansvaret til Longyearbyen lokalstyre og i kva utstrekning opplæringslova gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Det finst inga tilsvarande forskrift for barnehageverksemd på Svalbard.

I Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard stadfesta regjeringa at ein ville gjere ein gjennomgang av reguleringa for barnehage og grunnopplæring på Svalbard. Hensikta er å avklare rettssituasjonen og å oppdatere reguleringa slik at ho er i samsvar med rettsutviklinga sidan 2007 og svalbardpolitikken slik han går fram av stortingsmeldinga.

Kunnskapsdepartementet hadde i perioden 9. april til 15. august 2021 på høyring nye reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen. I høyringa foreslo departementet to nye forskrifter: forskrift om barnehageverksemd i Longyearbyen og forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen.

Forslaga er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk, slik han går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Det er viktig at barn og unge i Longyearbyen har eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet, og at tilbodet kan danne grunnlag for den vidare utdanninga og arbeidslivet deira. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med Fastlands-Noreg. Høyringsnotatet uttrykte balanse mellom desse omsyna.

Kunnskapsdepartementet tek sikte på å fastsetje nye forskrifter i løpet av 2021, slik at dei kan tre i kraft 1. januar 2022.

5.8.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. Senteret er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårig samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar med familiar.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2021–2021) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) å auke løyvinga på kap. 274 Universitetssentret på Svalbard Post 70 Tilskot til Universitetssentret på Svalbard med 3,7 mill. kroner i 2021. Den auka løyvinga skulle bl.a. gå til å dekke halvårseffekten av kapitalkostnadene som følgje av at UNIS sine bustader vart overførte til Statsbygg frå 1. juli 2021.

UNIS har hatt stor vekst i talet på studentar. I studentsamskipnaden sitt nye bustadbygg på Elvesletta er det mogleg å leige faste arbeidsplassar for prosjektstudentar, grupperom, lesesalplassar og areal for innovasjon og næringsprosjekt. Regjeringa foreslo å auke tilskotet til UNIS med 900 000 kroner i 2021 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275 post 45, for å dekke halvårseffekten av husleige og ekstra driftskostnader. Til saman foreslo regjeringa å auke løyvinga til UNIS med 3,7 mill. kroner. Regjeringa foreslo vidare at UNIS innanfor uendra tilskot skal dekke eit vedlikehaldsetterslep på bustadene på til saman 10 mill. kroner over ti år frå og med 2022, gjennom eit påslag i husleiga til Statsbygg. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

Statsbygg tok frå 1. juli 2021 over forvaltninga av UNIS sine bustader på Svalbard. I 2021 vart tilskotet til UNIS redusert med 110,7 mill. kroner, tilsvarande overskotet deira ved salet av bustadene. Tilskotet blir foreslått tilsvarande justert opp igjen i 2022. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til UNIS med 5,6 mill. kroner, tilsvarande kapitalkostnadene i husleiga, i tråd med praksis frå tidlegare forvaltningsoverføringar. Regjeringa foreslår vidare å auke tilskotet til UNIS med 1,9 mill. kroner frå og med 2022 for UNIS si leige av studentareal i det nye bygget til studentsamskipnaden. Sjå elles omtale i punkt 3.2.4.4.

Målet med tilskotet er at UNIS skal kunne tilby høgare utdanning og drive forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Tilbodet ved UNIS er på universitetsnivå og utgjer eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. Senteret speler òg ei sentral rolle i å vidareføre den norske polarforskingstradisjonen, i å utvikle Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

Virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka har påverka UNIS og korleis dei kunne planleggje og gjennomføre haustsemesteret 2020. Til vanleg er målet at om lag halvparten av studentane ved UNIS skal vere frå utlandet, og om lag halvparten skal vere frå norske fastlandsuniversitet. Mange av lærekreftene kjem òg frå fastlandsinstitusjonane. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka var det i 2020 berre 97 studentårsverk ved UNIS. 43 pst. av studentane hadde norsk nasjonalitet.

Kunnskapsdepartementet går ut ifrå at den usikre situasjonen som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka òg framover kan få innverknad bl.a. på utveksling av studentar mellom fastlandsuniversiteta og UNIS. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at UNIS gjer det som etter omstenda er mogleg for å fungere mest mogleg normalt, men at aktiviteten blir annleis som ein direkte konsekvens av virusutbrotet.

Regjeringa foreslår å løyve 158,3 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt kap. 274 post 70.

Tabell 5.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

Tildeling (mill. kroner)

105,2

112,2

117,9

125,4

124,4

128,9

138,3

136,2

142,5

Tilsette (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar)

84 (28)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

106 (43)

90 (39)

91 (40)

92 (40)

Studentar (årsverk)

160

175

190

203

214

222,5

218

213

97

5.8.3 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. Om ein ser bort frå store nasjonale investeringar i til dømes forskingsfartøy og -stasjonar, blir om lag 25 pst. av norsk polarforsking (om lag 313 mill. kroner i 2020) finansiert gjennom Noregs forskingsråd. Av dette er i underkant 30 pst. svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer i underkant av 5 pst. av norsk polarforsking og får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (67 mill. kroner i 2021, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (7,2 mill. kroner, kap. 1410, post 51). Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemd på øygruppa.

Svalbard Science Forum (SSF) er eit verktøy for strategisk, fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard. SSF administrerer to støtteordningar som stimulerer til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard og rekruttering av neste generasjon polarforskarar.

Nettportalen Research in Svalbard (RiS) (http://www.researchinsvalbard.no/) inneheld ei oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og i havområda rundt. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsaktivitet, og han gir oversikt over den forskingsaktiviteten som skjer i felt.

5.8.4 Regjeringa sin overordna strategi for forsking og høgare utdanning

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk, og denne rolla er styrkt i samband med utfasing av store delar av gruveverksemda. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt, heilårssamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktiviteten i Ny-Ålesund.

Regjeringa la i 2018 fram strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard som set opp overordna rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Oppfølginga går ut på å gjere desse rammene kjende for alle aktuelle aktørar.

Forskingsrådet la fram ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund i april 2019, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee). Norsk Polarinstitutt har ansvar for å setje i verk strategien i Ny-Ålesund.

Oppfølginga av begge strategiane går ut på å gjere desse rammene kjende for alle dei aktuelle aktørane.

5.8.5 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule hadde andre driftsår skuleåret 2020–2021 og bidreg til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Hausten 2020 gjekk det 52 elevar ved skulen, ein auke på seks elevar frå 2019. Skulen held til i mellombelse lokale på det noverande tidspunktet. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS skal byggje heilt nye undervisnings- og kontorlokale og kjøpe eksisterande studentbustader i Longyearbyen frå Noregs arktiske studentsamskipnad som folkehøgskulen skal leige.

På linje med andre folkehøgskular stengde skulen ned 12. mars i 2020 på grunn av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Skulen har sidan hausten 2021 vore i tilnærma normal drift. Regjeringa foreslår å vidareføre om lag 10,9 mill. kroner i ekstratilskot til skulen, i tillegg til det lovfesta ordinære tilskotet, fordi det er dyrare å drive ein folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. Satsane blir fastsette etter at denne proposisjonen er lagd fram. Midlane er foreslått løyvde på Kunnskapsdepartementet kap. 253, post 70.

5.8.6 Bygging av studentbustader

Studentbustadene i Nybyen i Longyearbyen ligg i eit område med skredfare. Noregs arktiske studentsamskipnad skal avhende både bustadene i Nybyen og Brakke 4 til staten.

Kunnskapsdepartementet gav i 2020 samskipnaden tilsegn om 180 nye hybeleiningar for bygging på Elvesletta. I statsbudsjettet for 2018 vart tilskotssatsen for bygging av studentbustader på Svalbard i 2018 dobla, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Den dobla satsen er vidareført og justert med venta prisvekst til 722 000 kroner i 2020.

5.8.7 Barnehagar

Lov av 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane. Det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som styresmakt for barnehagar.

Sysselmeisteren på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilde utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

5.8.8 Svalbard Integrated Earth Arctic Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) leverer bl.a. tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR). Den årlege tildelinga frå Forskingsrådet til SIOS KC er på om lag 12 mill. kroner, medan bidraget til SIOS InfraNOR er på 22 mill. kroner for 2021.

5.8.9 EISCAT

EISCAT er ei internasjonal vitskapleg stifting som driv fire store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og jorda si øvre atmosfære i dei nordlege delane av Fennoskandia. EISCAT er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. Stiftinga har kontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard. For tida går det for seg ei oppgradering av EISCAT som heiter EISCAT_3D. Denne omfattar nye radarstasjonar som skal auke forståinga av partikkelrørsler i tre dimensjonar i den øvre atmosfæren, bl.a. knytt til nordlys. Noregs forskingsråd dekker det norske bidraget til EISCAT_3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024. EISCAT har gitt UiT Noregs arktiske universitet i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard, og den nye radarstasjonen som kjem i Skibotn.

5.9 Landbruks- og matdepartementet

5.9.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard. Frøkvelvet er verdas største tryggingslager for frø. Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått frå media og styresmakter i andre land, har medverka til å auke forståinga for kor viktig det er å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, og medverke til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard.

Statsbygg eig og forvaltar bygningane til frøkvelvet. Nordisk Genressurssenter (NordGen) står for den faglege drifta.

5.10 Nærings- og fiskeridepartementet

5.10.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard. Frå 1. april 2020 har Nærings- og fiskeridepartementet forvalta all statleg eigd grunn på Svalbard direkte. Departementet har oppretta to nye stillingar i Nærings- og fiskeridepartementet, med fast tilhaldsstad i Longyearbyen. Inntektene frå grunnleiga dekker kostnadene til stillingane med tilhøyrande infrastruktur i Longyearbyen. Sjå elles Prop. 1 S (2020–2021) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2021–2021) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) at utgifts- og inntektsløyvinga til Nærings- og fiskeridepartementet sitt kontor på Svalbard blir flytta frå kap. 900, post 21 og kap. 3902, post 02 til eigne postar. Forslaget inneber at 6,5 mill. kroner blir flytta til ny post 26. Regjeringa foreslo samstundes å løyve 7,7 mill. kroner på kap. 3900 Post 03 Inntekter frå forvaltning av grunneigedom på Svalbard. Vidare foreslo regjeringa ei fullmakt til å overskride løyvinga mot ei tilsvarande meirinntekt under kap. 3900, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021).

I samband med oppryddinga etter gruvedrifta i Svea og Lunckefjell skal alle bygningar i Svea fjernast med nokre unntak. Bygga har heilt eller delvis status som freda og blir eigde av staten. Regjeringa legg opp til at nokre av bygningane kan stillast til disposisjon for Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) under føresetnad av at ein inngår ein langsiktig leigeavtale mellom Nærings- og fiskeridepartementet og UNIS. For at UNIS skal kunne nytte bygga til forsking og undervisningsaktivitet, er det behov for å gjere enkelte tilpassingar. Utgiftene er rekna til 10 mill. kroner fordelte på 2021 og 2022. UNIS forpliktar seg til å dekke kostnadene til oppgradering i løpet av ti år, med faste årlege avdragsinnbetalingar som blir inntektsførte på kap. 3900, post 03. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2021–2021) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) var det til saman løyva 11,5 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet Post 26 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard, kan overførast.

5.10.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925. DMF forvaltar vidare utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmeisteren, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard og har tilsyn med opningar av nedlagde gruver. DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for ein langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen er eit av hovudmåla at DMF skal sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Dei andre hovudmåla er at DMF skal bruke verkemidla sine slik at forvaltninga av, utvinninga av og arbeidet med mineralressursar er langsiktig, forsvarleg og berekraftig, at verksemda til DMF skal gi god rettleiing til og kommunisere godt med brukarane innanfor verksemdsområdet til etaten, at verksemda til DMF skal sørge for at tidlegare mineralverksemd er forsvarleg sikra, og at det blir gjennomført tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd på heimfalne gruveeigedommar som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022).

5.10.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Regjeringa foreslo i samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2018 at Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) si kolverksemd i Svea og Lunckefjell skulle avvik-last, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til vedtaket, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samstundes bestemt å setje i gang opprydding i området.

Oppryddingsarbeidet er delt opp i tre fasar (Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B).

Oppryddinga i Lunckefjell (fase 1) er gjennomført. Oppryddinga i Svea fase 2A starta opp våren 2020 og er ferdigstilt hausten 2021. Oppryddinga i Svea fase 2B starta opp våren 2021 og er venta ferdigstilt hausten 2023. I Prop. 195 S (2020–2021) vart det lagt fram ein revidert framdriftsplan som synte at det er mogleg å ferdigstille heile prosjektet hausten 2023, om lag eit år tidlegare enn venta.

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei løyving på 388 mill. kroner til SNSK for miljøtiltak i Svea for 2022 på kap. 900 post 31 Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. I tillegg er det fremma forslag om fullmakt til å forplikte staten for inntil 439 mill. kroner ut over budsjettåret for gjennomføring av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. For ytterlegare omtale av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell viser ein til Nærings- og fiskeridepartementet Prop. 1 S (2021–2022).

5.10.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Statens mål med eigarskapen i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) går fram av Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – bærekraftig verdiskaping. Her står det bl.a. at målet er «gjennom drift av Gruve 7 å bidra til at kraftverket i Longyearbyen har tilgang på stabil kullforsyning». Det går òg fram at «Gruve 7 […] skal ha effektiv drift». Gruve 7 står for kolforsyninga til kraftverket som leverer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen.

Med kolprisane i dag og eit rimeleg overslag på framtidige kolprisar er det venta at drifta av Gruve 7 vil gå med underskot i åra som kjem. Ein reknar med at det i 2022 må tilførast inntil 51 mill. kroner for å møte likviditetsbehovet i Gruve 7, inkludert nødvendige investeringar. Storleiken på dei årlege underskota vil i stor grad avhenge av utviklinga i kolprisen og av kor lenge gruva skal halde fram.

Nærings- og fiskeridepartementet fremmar forslag om å løyve 51 mill. kroner i tilskot til SNSK i 2022, på kap. 950 post 71, for å dekke dette behovet. For ytterlegare omtale viser ein til Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2021–2022).

5.10.5 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Kjøp av Hurtigruten sin bygningsportefølje, kjøp av bustadportefølje frå Longbo AS og nye lokale til Svalbard folkehøgskule

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) er heileigd av staten gjennom Nærings- og fiskeridepartementet. SNSK vart etter forhandlingar einige med Hurtigruten Svalbard om kjøp av selskapets bygningar på Svalbard, tre hotell, 40 bustader samt nokre næringslokalar til ein pris på 690 mill. kroner, av desse er 105 mill. kroner avhengig av at Hurtigruten oppnår bestemte vekst- og omsetningsmål for hotelldrifta. Som ein del av transaksjonen har partane inngått ei langsiktig samarbeidsavtale på 30 år som inneber at Hurtigruten leigar tilbake bygningane. Styret i SNSK oppmoda om at eigar bidreg med finansiering av kjøpet gjennom 40 pst. i ny eigenkapital og 60 pst. lån.

Nærings- og fiskeridepartementet fekk også våren 2021 ein førespurnad frå styret i SNSK om kapital for å bidra til at SNSK kan starte bygginga av et nytt permanent bygg for Svalbard folkehøgskule. Ramma på investeringa er inntil 200 mill. kroner. For å realisere prosjektet oppmoda styret i SNSK om at eigar bidreg med inntil 90 mill. kroner i ny eigenkapital og lån på inntil 110 mill. kroner.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2020–2021) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) vart det tilført kapital til SNSK gjennom 366 mill. kroner i ny eigenkapital og 524 mill. kroner i lån slik at SNSK kan finansiere kjøpet av Hurtigruten Svalbard sine bygningar og nye lokaler til Svalbard folkehøgskule.

SNSK har etter forhandlingar med Longbo AS blitt einige om ein pris på 85 mill. kroner for kjøp av til saman 76 bustadeiningar i Longyearbyen. Denne bustadporteføljen vil passe godt inn i selskapet sin portefølje og strategi, og samanfaller godt med staten sine mål med eigarskapen i SNSK. Styret i SNSK oppmoda om at eigar bidreg med lån for å kunne finansiere eit kjøp. Nærings- og fiskeridepartementet foreslår å løyve 85 mill. kroner i lån på kommersielle vilkår.

Sjå elles Prop. 1 S (2021–2022) Nærings- og fiskeridepartementet for nærmare omtale av SNSK og transaksjonane.

5.10.6 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd. Svalbard Reiselivsråd er ei samanslutning av 72 verksemder med interesser i reiselivet på Svalbard. Sjå nærmare omtale under punkt 3.2.4.1.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet for å byggje opp att reiselivsaktiviteten på øygruppa og å byggje opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken. Tilskotet skal bli nytta til å skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området og bidra til utvikling og implementering av nasjonal politikk, bl.a. eit berekraftig reiseliv. Tilskotet skal òg bli nytta til fellesoppgåver som drift av heilårig turistinformasjon, kompetansebygging blant aktørane og opplæring av guidar og turleiarar. Sjå nærmare omtale av reiseliv under punkt 3.25.1.

Tilskotet til Visit Svalbard AS vart auka med 3 mill. kroner i samband med Innst. 8 S (2020–2021). Det samla tilskotet til Visit Svalbard AS i 2021 vart 6,2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 3,2 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900 post 74.

5.10.7 Næringsstrategi for Svalbard

Næringsutvikling i Longyearbyen er eit viktig verkemiddel for å nå måla i svalbardpolitikken. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som understøttar måla i svalbardpolitikken. Regjeringa synleggjer i strategien Innovasjon og næringsutvikling på Svalbard sin politikk for næringsutvikling i Longyearbyen. Sjå elles nærmare omtale av strategien i Prop. 1 S (2019–2020) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,4 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2022. Forslaget fordeler seg som følgjer:

  • 1,3 mill. kroner på kap. 920 Noregs forskingsråd post 50 Tilskot til næringsretta forsking

  • 2,1 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Norge post 50 Tilskot til etablerere og bedrifter, inkl. tapsavsetningar

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet post 75 Tilskot til særskilte prosjekter, kan overførast

5.10.8 Romverksemd

Svalbard har ei sentral rolle i norsk romverksemd. Øygruppa har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er òg grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For neste programperiode, 2021–2027, har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Stortinget har gjeve samtykke til at Noreg skal delta i dette programmet for perioden 2021–2027. Det er venta at romprogrammet blir teke inn i EØS-avtalen i løpet av hausten 2021. Regjeringa foreslår å løyve 473,2 mill. kroner til norsk deltaking i EU sitt romprogram i 2022 på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 922 post 73. Norsk deltaking i EU sitt romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Space Norway AS har starta eit prosjekt som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis via satellitt. Regjeringa har gitt tilsegn om kapital for å bidra til å realisere prosjektet.

5.10.9 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt opna i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer òg desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

5.10.10 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

5.10.11 Olje- og energidepartementet

5.10.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for førebygging av flaum og skred. Noregs vassdrags- og energidirektorat kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene — om flom og skred.

NVE oppretta i 2016 ei regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Det er òg etablert ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen. Den lokale varslingstenesta vil bli vidareført vinteren 2021–2022.

Longyearbyen lokalstyre har ifølgje beredskapsforskrifta ansvaret for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir lokalstyret kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak. Oppfølgingstiltak kan vere auka overvaking eller evakuering. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod viss det er aktuelt.

Sjå elles omtale i punkt 3.2.2.4 og kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

5.10.11.2 Ny energiløysing for Longyearbyen

I samband med behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard bad Stortinget Regjeringa om å setje i gang ei brei utgreiing av moglegheitene for framtidig energiforsyning på Svalbard, basert på berekraftige og fornybare løysingar, jf. Innst. 88 S (2016–2017).

Ei ekstern utgreiing vart lagd fram i juli 2018. I tillegg vart det halde eit ope innspelsmøte i november 2018. Gjennom 2019 og 2020 har Olje- og energidepartementet og NVE arbeidd med å kvalitetssikre utgreiinga og innspela som har komme. Det er òg gjennomført tilleggsvurderingar, bl.a. av energiløysingar i ein overgangsfase mellom det noverande kolkraftverket og ei ny, langsiktig løysing.

Regjeringa sitt forslag til rammer for ein energiplan for Longyearbyen legg grunnlaget for at kolkraftverket blir avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavenleg energiløysing. Løysinga skal vere basert på eit nytt kraftvarmeverk i kombinasjon med fornybar energi og auka satsing på energieffektivisering.

Kolkraftverket skal bli fasa ut til fordel for eit nytt kraftvarmeverk med ei gradvis og forsvarleg innfasing av meir fornybar energi. Ei energiløysing basert på fornybare energikjelder og diesel/multifuelteknologi er etter regjeringa si meining den løysinga som gir høgast forsyningstryggleik, lågaste kostnader og mogleggjer ei trinnvis oppbygging av ei langsiktig, fornybar energiløysing for Longyearbyen.

Sjå nærmare omtale under punkt 3.2.5.1.

5.11 Samferdsledepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2022 knytt til plikter på Svalbard.

Svalbard Lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna hadde i 2020 eit underskot på 1,8 mill. kroner, samanlikna med eit overskot på 13,3 mill. kroner i 2019. Lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom Fastlands-Noreg og øygruppa i tillegg til lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og samfunna i Ny-Ålesund og Svea. I normalår er det i tillegg mange charterflyoperasjonar mellom Svalbard og europeiske hovudstader. Svalbard lufthamn er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og Fastlands-Noreg og har derfor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt.

6 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2022

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2020, vedteke budsjett for 2021 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2022. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2020 finst i Meld. St. 3 (2020–2021) Statsrekneskapen 2020.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Utgifter

582 752

570 158

599 876

Inntekter

198 787

192 180

190 420

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Pst. endr. 21/22

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 500

5 600

5 650

0,9

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

187 416

156 110

160 210

2,6

0004

Tilskot til Svalbard Museum

13 312

13 700

14 000

2,2

0005

Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)

72 063

74 500

75 616

1,5

0006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)

221 881

228 557

287 536

25,8

0007

Tilfeldige utgifter

55 572

62 236

27 200

-56,3

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 585

2 180

2 220

1,8

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 938

1 976

2 200

11,3

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

3 811

3 811

3 800

-0,3

0018

Navigasjonsinnretningar

4 182

5 867

5 400

-8,0

0019

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

7 309

7 591

7 644

0,7

0020

Statsbygg, Svalbard

2 224

2 240

2 300

2,7

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

4 959

5 790

6 100

5,4

Sum kategori 06.80

582 752

570 158

599 876

5,2

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Pst. endr. 21/22

01–23

Driftsutgifter

316 284

328 701

388 616

18,2

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

55 414

61 136

26 500

-56,7

50–58

Overføringar til andre statsrekneskapar

191 227

159 921

164 010

2,6

70–89

Overføringar til private

19 828

20 400

20 750

1,7

Sum under departementet

582 753

570 158

599 876

5,2

Tabellen over syner postgruppe for 2020 og 2021 på dei postane løyvinga er plassert på i 2022.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Pst. endr. 21/22

3005

Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)

3 400

3 300

3 300

0

3006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)

447

0

500

500

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

374

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

330

330

270

-18,2

3030

Skattar og avgifter

194 236

188 550

186 350

-1,2

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

406 119

377 978

409 456

8,3

Sum kategori 06.80

604 906

570 158

599 876

5,2

Fotnotar

1.

Eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE, NORCE og Bjerknessenteret.

2.

SSB, Befolkningen på Svalbard.

Til forsida