Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 3
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 500

5 600

5 650

Sum kap. 0001

5 500

5 600

5 650

Post 70 Tilskot til Svalbard kyrkje

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.

Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Kyrkja på Svalbard står i ei særstilling, ikkje minst på grunn av den rolla ho speler i den offentlege beredskapen. Dette er noko av bakgrunnen for at løyvinga blir vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskotet frå Barne- og familiedepartementet til Den norske kyrkja.

Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Elles viser ein til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2021–2022) frå Barne- og familiedepartementet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,7 mill. kroner.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

187 416

156 110

160 210

Sum kap. 0003

187 416

156 110

160 210

Post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrift til svalbardmiljølova.

På fleire felt er oppgåvene dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen lokalstyre har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er lagd til staten eller andre. Dette gjeld bl.a. energiforsyning. Longyearbyen lokalstyre har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg, sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Longyearbyen lokalstyre er planstyresmakt i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29, som gjeld på Svalbard, jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og Longyearbyen lokalstyre, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg Longyearbyen lokalstyre sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere om det trengst særskilde førebuingar.

Kolkraftverket i Longyearbyen har vore i dagleg drift sidan 1983 og er prega av slitasje. Longyearbyen lokalstyre melder om høge utgifter til vedlikehald for kraftverket framover og utfordringar med å skaffe reservedelar.

Regjeringa la opp til at staten finansierte halvparten av kostnadene til eit nytt reservekraftverk. Stortinget løyvde på den bakgrunnen til saman 27,8 mill. kroner til eit nytt reservekraftverk i 2019 og 2020. Reservekraftverket er oppført på vestsida av kolkraftverket og vart sett i drift i november 2020. Reservekraftanlegget skal hjelpe til med å forsyne Longyearbyen med elektrisitet ved feil eller utfall i kolkraftverket. Kostnadene med å byggje eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen var på totalt 55,5 mill. kroner.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2020 overført 5,4 mill. kroner frå Nordpolet AS. I 2020 fordelte Longyearbyen lokalstyre 2,5 mill. kroner av overskotet frå 2019. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Longyearbyen lokalstyre har hatt utgifter til handteringa av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka og samstundes reduksjon i inntektene av same grunn. Det vart løyva 500 000 kroner til Longyearbyen lokalstyre for å kompensere for bortfall i inntekter frå barnehagar i 2020. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 (Prop. 117 S (2019–2020)) vart tilskotet til Longyearbyen lokalstyre auka med 19,7 mill. kroner, bl.a. for å dekke inntektstap og auka utgifter som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

Regjeringa foreslo i Prop. 67 S (2019–2020) å opprette ei tidsavgrensa tilskotsordning for permitterte, utanlandske arbeidstakarar. Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) at løyvinga òg kunne nyttast til ei tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen.

Bakgrunnen for løyvinga var å bidra til livsopphald til permitterte, utanlandske arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS som ikkje hadde rett til andre støtteformer. Tilskotsordninga for permitterte, utanlandske arbeidstakarar skulle leggje til rette for eit visst nivå av økonomisk tryggleik i ein ekstraordinær og uventa situasjon fram til dei anten var tilbake i arbeid eller kunne forlate Svalbard. Tilskotsordninga var klart tidsavgrensa, og det var ikkje aktuelt å vidareføre ordninga. Justis- og beredskapsdepartementet viste i den samanheng til Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, der det heiter:

Norske myndigheter legger til rette for et visst nivå av velferdsytelser i Longyearbyen. Det lave skattenivået og det faktum at utlendingslovgivningen ikke gjelder, reflekteres imidlertid i det lokale tjenestetilbudet […] Det legges ikke til rette for sosial- og velferdstjenester for personer som ikke kan finansiere oppholdet på Svalbard gjennom arbeidstilknytning. Sentrale rettighetslover, som f.eks. sosialtjenesteloven, er således ikke gjort gjeldende. Det er også egne bestemmelser for Svalbard som gir Sysselmannen adgang til å bortvise personer som ikke kan ta vare på seg selv […].

I tråd med etablerte prinsipp for svalbardpolitikken var det ikkje aktuelt å leggje til rette for at personar utan midlar til livsopphald skulle kunne opphalde seg på Svalbard over lengre tid.

Gjennom sommaren 2020 vart det tydeleg at det ikkje var sannsynleg at fleire ville kunne komme tilbake i arbeid på grunn av sesongvariasjonane i det lokale næringslivet og derfor ikkje ville vere i stand til å forsørgje seg sjølv og familiane sine. Regjeringa foreslo å omdisponere løyvinga frå tilskotsordninga til ei tidsavgrensa tilskotsordning for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

Longyearbyen lokalstyre forvalta begge ordningane. Informasjon om tilskotsordninga for permitterte utanlandske arbeidstakarar vart publisert på lokalstyret sine nettsider på fire språk: norsk, engelsk, thai og russisk. Informasjon om tilskotsordninga for heimreise vart publisert på norsk og engelsk, med noko informasjon omsett til thai og russisk.

Innafor tilskotsordninga for permitterte, utanlandske arbeidstakarar vart det lagd til rette for å søke om støtte til livsopphald og bustøtte. Innafor tilskotsordninga for heimreise vart det lagd til rette for å søke om støtte til flybillettar og reisepengar. Longyearbyen lokalstyre sette av eigne saks-behandlarressursar til ordningane.

Da den tidsavgrensa tilskotsordninga for permitterte utanlandske arbeidstakarar gjekk ut var det utbetalt til saman 1 537 898 kroner, fordelt på 1 143 457 kroner til støtte til livsopphald og 430 411 kroner til bustøtte. Dei fire klart største gruppene som fekk støtte var statsborgarar frå Thailand, Filippinane, Russland og Ukraina.

Da tilskotsordninga for heimreise for utanlandske arbeidstakarar i Longyearbyen gjekk ut var det utbetalt 267 658 kroner til flybillettar og 17 600 kroner i reisepengar. 22 utanlandske borgarar forlét Svalbard. Det var ingen familiar med barn som nytta ordninga. Den klart største gruppa statsborgarar var thailendarar, der 10 personer forlét Svalbard.

Det er foreslått ei løyving på posten på 160,2 mill. kroner.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskot til Svalbard Museum

13 312

13 700

14 000

Sum kap. 0004

13 312

13 700

14 000

Post 70 Tilskot til Svalbard Museum

Løyvinga skal gå til å dekke husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard Forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.

I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kulturdepartementet sitt kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Det er foreslått ei løyving på posten på 14,0 mill. kroner.

Kap. 0005 Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2020

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

72 063

74 500

75 616

Sum kap. 0005

72 063

74 500

75 616

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmeisteren skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterskontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, bl.a. terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap.

Sysselmeisteren på Svalbard hadde 45 årsverk i åremålsstillingar ved utgangen av 2020. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.

Sysselmeisteren disponerer store utstyrs- og transportressursar av dei typane som er nemnde over. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på Svalbard.

Ved alvorlege hendingar må systema for å halde oppe grunnleggjande funksjonsevne i samfunnet vere solide. Det er òg viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå. Å styrke samhandlinga i beredskapen og krisehandteringa er eit viktig verkemiddel for å gjere samfunnet mindre sårbart. Øvingar er ein viktig del av dette arbeidet.

Sysselmeisteren samarbeider med alle aktørane på ulike nivå og på ulike arenaer gjennom møteverksemd, samarbeid i enkeltsaker, foredrag, trening og øvingar og behandling av hendingar. I 2020 koordinerte den lokale redningssentralen (LRS Svalbard) 24 redningsoppdrag, mot 49 i 2019.

Romjula 2018 grunnstøytte ein trålar i Nordaust-Svalbard naturreservat, heilt nord i Hinlopenstredet. Sysselmeisteren gjennomførte ein vellukka redningsaksjon av mannskapet. Oppfølging av havaristen frå styresmaktene si side skjer ved Kystverket som ansvarleg styresmakt. Kystverket gav pålegg om fjerning av vraket, og Sysselmeisteren bidrog både i arbeidet med pålegget og i vurderinga av planen reiaren la for fjerninga.

På ettersommaren 2020 vart vraket av trålaren fjerna frå Nordaust-Svalbard naturreservat. Arbeidet skjedde gjennom ein omfattande operasjon i eit vêrhardt område. Vraket vart kutta opp og frakta på lekter til fastlandet. Heile operasjonen vart gjennomført utan skade eller påverknad på miljøet. Kystverket hadde ansvaret for arbeida, og samarbeidde med Sysselmeisteren. Sjå nærmare omtale under punkt 3.2.3.6.

Fleire tilreisande turistar og større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Det har vore ein nedgang i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard i 2020 samanlikna med åra før, men tendensen er at talet aukar. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige igjen i framtida.

Figur 7.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 7.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sysselmeisteren utførte 621 politioppdrag i 2020, ein nedgang samanlikna med 758 politioppdrag i 2019. Nedgangen har bl.a. samanheng med redusert turisttilstrøyming som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

I 2020 vart det registrert 91 meldingar til politiet, ein reduksjon på om lag 21 pst. frå talet på meldingar til politiet i 2019. Oppklaringsprosenten for 2020 er på 71 pst. Talet på straffesaker på Svalbard har halde seg stabilt over fleire år, med ein viss nedgang dei to siste åra. Dei registrerte meldingane til politiet har i perioden 2010 til 2020 variert mellom 90 i 2010 til 159 i 2018, og gjennomsnittet er 120 melde saker kvart år dei siste åra. I 2020 vart det skrive ut 19 førelegg, og 7 saker vart sende til domstolsbehandling. Til samanlikning vart det i 2019 skrive ut 34 førelegg, og 20 saker vart sende til domstolsbehandling.

Sysselmeisteren samarbeider med Arbeidstilsynet og Svalbard skattekontor for å styrke kompetanse og innsats knytt til arbeidslivskriminalitet. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka har arbeidet berre delvis vore gjennomført i 2020, og ein har gjennomført eitt tilsyn. Ein antek at talet på samarbeidsmøte og felles tilsyn i 2021 vil kunne bli høgare.

Sysselmeisteren, barnevernstenesta hos Longyearbyen lokalstyre og Statens barnehus i Tromsø har etablert ein samarbeidsrutine som gir retningslinjer og føringar for samhandling ved mistanke om vald og overgrep i nære relasjonar. Dette vil styrke det tverretatlege og tverrfaglege samarbeidet i kryssingspunktet mellom politiet og barnevernstenesta sitt arbeid i saker der barn blir utsette for vald og overgrep.

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å styrke kapasiteten hos Sysselmeisteren for å følgje opp bransjestandarden for reiselivet for å ta hand om omsyn til smittevern. Regjeringa foreslo samstundes å utstyre eit av helikoptera til Sysselmeisteren med ein såkalla Epi Shuttle, eit medisinsk transportsystem som gjer det mogleg å transportere smittsame pasientar på forsvarleg vis. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020). Sysselmeisteren nytta òg midlane bl.a. til å tilsette to personar i mellombelse stillingar frå august 2020.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 1,0 mill. kroner som følgje av at forventa pensjonspremie til Statens pensjonskasse, inklusive arbeidsgjevaravgift av dette, tilsvarande blir redusert, jf. nærmare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) Justis- og beredskapsdepartementet under Del III, punkt 8.

Det er foreslått ei løyving på posten på 75,6 mill. kroner. Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 2.3.1.

Kap. 3005 Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

964

300

300

02

Refusjonar m.m.

2 436

3 000

3 000

Sum kap. 3005

3 400

3 300

3 300

Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmeisteren.

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter frå auksjonar og sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmeisteren. Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass.

Posten kan òg bli nytta til andre tilfeldige inntekter på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.

Post 02 Refusjonar m.m.

Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Dette gjeld hovudsakleg refusjon av lønn og andre kostnader ved Svalbards miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

221 881

228 557

287 536

Sum kap. 0006

221 881

228 557

287 536

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy og kjøp og drift av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) til vakt, beredskap og redning. Avstandane på Svalbard er store. Det er ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom samfunna og elles på øygruppa. For å kunne drive det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmeisteren heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla, i tillegg til beltevogn, bilar og snøskuterar, er òg nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Ressursane er nødvendige for å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme, òg i dei fjerne delane av øygruppa. Utgiftene til helikopter var for 2020 på 144 mill. kroner, samanlikna med 146 mill. kroner i 2019. Utgifter til tenestefartøy i 2020 var 69 mill. kroner, mot 60 mill. kroner i 2019.

Tenestefartøyet til Sysselmeisteren, MS «Polarsyssel» er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng blant anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.m. I tillegg er fartøyet avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt når Sysselmeisteren utøver mynde. «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa helikopteret til Sysselmeisteren. Det er særs viktig at helikopteret og fartøyet kan verke godt i lag. Frå 2020 disponerer Sysselmeisteren «Polarsyssel» heile året, jf. Innst. 17 S (2019–2020). Dette inneber ei styrking av beredskapen hos Sysselmeisteren. «Polarsyssel» er òg viktig for at Sysselmeisteren skal kunne drive oppsyn og utøve mynde. «Polarsyssel» segla 190 døgn i 2020. Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka var om lag 25 planlagde seglingsdøgn avlyste, i stor grad tokt for eksterne aktørar. I 2020 vart det ikkje gjennomført ordinære turistinspeksjonstokt med «Polarsyssel», som følgje av at det ikkje var reisande i felt. «Polarsyssel» vart nytta til å kontrollere dei få fartøya som reiste langs vestkysten av Spitsbergen om sommaren, med observasjon av ferdsel og korleis tryggleiken vart teken hand om på land. Dei tiltenkte turistinspeksjonstokta vart omgjorde til tokt for å gjennomføre sårbarheitsvurderingar og utveljing av framtidige plassar for ilandstiging for reiselivet. Sommaren 2021 har det vore lagt opp til fire turistinspeksjonstokt rundt heile øygruppa, med bistand frå Sjøfartsdirektoratet. Forlenginga av seglingssesongen har styrkt Sysselmeisteren si evne til å utøve mynde på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Sysselmeisteren har i dag ein avtale om leige av «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse opsjon ut 2025. Justis- og beredskapsdepartementet leier arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) som skal gi eit godt grunnlag for å vurdere kva slags framtidige behov eit tenestefartøy for Sysselmeisteren på Svalbard skal dekke. Konseptvalutgreiinga skal vere ferdigstilt på nyåret 2022.

Auka aktivitet både i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt påverkar sjøtryggleiken på Svalbard. Ein observerte samstundes ein nedgang i talet på redningsoppdrag frå 2019 til 2020, med 24 oppdrag i 2020 samanlikna med 59 oppdrag i 2019. Det er naturleg å anta at ein del av nedgangen kan sporast til lågare turisttilstrøyming som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

Auken i turismen og fiskeria og generelt i aktiviteten i farvatna rundt Svalbard inneber at risikoen for ulukker og andre hendingar aukar. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige. I 2019 var det ein klar auke i talet på ekspedisjonscruise, der mindre skip seglar rundt heile Svalbard og bruker gummibåtar til å stige i land.

Figur 7.2 Passasjerfartøy – seglingar nord for 79° nord

Figur 7.2 Passasjerfartøy – seglingar nord for 79° nord

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sysselmeisteren disponerer i dag to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. I sommarhalvåret opererer òg Lufttransport AS andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard. Den noverande helikopterkontrakten går ut i 2022.

Regjeringa har foreslått at det blir etablert ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren, jf. Prop. 85 S (2020–2021) Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med Sysselmannens helikoptertjeneste. Anbodskonkurransen viste at ein felles leverandør og felles operert base for Tromsø og helikoptertenesta for Sysselmeisteren vil gi økonomiske og kvalitetsmessige fordelar. Ein legg derfor opp til ei slik løysing. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 393 S (2020–2021). I februar 2021 inngjekk Justis- og beredskapsdepartementet kontrakt med CHC Helikopter Service AS. Ein tek sikte på å skifte til ny leverandør på Svalbardbasen i løpet av 2022. Som følgje av dette er løyvinga foreslått auka med 59,0 mill. kroner, bl.a. med 54,5 mill. kroner til eingongsutgifter ved byte av leverandør. Sjå elles omtalen under kap. 454 post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2021–2022) Justis- og beredskapsdepartementet. Avtalen varer i seks år, med moglegheit for å forlengje i inntil fire år, til saman ti år. Sjå elles punkt 3.2.2.3 for nærmare omtale.

Sysselmeisteren nyttar MS «Polarsyssel» og redningshelikoptera i øvingar med Kystvakta. Øvingane gir meir effektiv samhandling under reelle oppdrag.

Sysselmeisteren var til stades i felt med «Polarsyssel», eigne patruljar med småbåt og snøskuter og fire feltlag med personell med politifagleg og naturfagleg bakgrunn. Eit av feltlaga har i 2020 hatt vinterteneste med snøskuter, og dei tre andre har vore baserte på båt om sommaren. Vinterfeltlaget prioriterte områda med størst turistaktivitet og køyrde totalt 5 638 kilometer i løpet av to månader. I vintersesongen var feltlaget i kontakt med 230 privatpersonar på tur og 15 organiserte turfølgje med guidar til stades. Ingen straffesaker vart oppretta av vinterfeltlaget. Dei tre sommarfeltlaga var ute i felt i to månader og kontrollerte 37 båtar, samanlikna med 112 båtar i 2019. Om hausten vart det gjennomført åtte oppsynsturar der ein bl.a. kontrollerer jegerar. Ei sak vart oppretta.

Sysselmeisteren retta ein monnaleg del av oppsyn og nærvær mot Tempelfjorden og Billefjorden, som følgje av mellombelse restriksjonar på ferdsel på fjordis frå mars til mai og aktivitet av isbjørn i områda.

Som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka vart turisttrafikken i 2020 redusert samanlikna med tidlegare år, men det var likevel trafikk i områda. Erfaringar frå oppsynet har Sysselmeisteren nytta til bl.a. å utarbeide utkast til ny forskrift om tryggleik i felt m.m. Sjå nærmare omtale under punkt 3.2.4.5.

Sysselmeisteren gjennomfører kvar haust synfaring med helikopter av dei mest nytta rutene over breane på øya Spitsbergen saman med bregruppa i Raudekrossen i Longyearbyen. Overflyginga i 2020 viste at det er store endringar i breane. Rapporten frå synfaringa er offentleggjord på Sysselmeisteren sine heimesider.

Det er foreslått ei løyving på posten på 287,5 mill. kroner.

Kap. 3006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Leigeinntekter frå private

0

0

0

02

Refusjonar frå det offentlege

447

0

500

Sum kap. 3006

447

0

500

Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.

Post 01 Leigeinntekter frå private

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.

Det er foreslått ikkje å budsjettere med inntekter på posten.

Post 02 Refusjonar frå det offentlige

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 500 000 kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

30

Skred- og bustadtiltak, kan overførast

54 556

61 136

26 100

70

Diverse tilskot

1 016

1 100

1 100

Sum kap. 0007

55 572

62 236

27 200

Post 30 Skred- og bustadtiltak

Løyvinga på posten skal nyttast til skredsikringstiltak i Longyearbyen i området Lia under fjellet Sukkertoppen og snøskredvarsling. Sikringstiltak under Sukkertoppen består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellet. Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt. NVE har rekna samla kostnad for skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen til 165 mill. kroner. Arbeidet starta opp i 2019 og er venta ferdigstilt i 2022.

Skredsikring i Lia

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 å auke løyvinga på statsbudsjettet kap. 480 Svalbard, post 50 Tilskot med 53 mill. kroner, jf. Prop. 85 S (2017–2018) og Innst. 400 S (2017–2018). 26 mill. kroner av løyvinga vart plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0007 post 30 Skred- og bustadtiltak. Løyvinga på svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 vart overført til 2019.

20 mill. kroner av løyvinga på svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 vart brukt til å kjøpe ut private bustadeigarar i bustadfeltet Gruvedalen. 6 mill. kroner av løyvinga vart tildelt Longyearbyen lokalstyre for å rive bustader i bustadfeltet Gruvedalen. Tiltaka vart gjennomførte i og rekneskapsførte for 2019.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) Svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 Skred- og bustadtiltak å løyve 45 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget. Som følgje av forseinkingar i arbeidet vart løyvinga redusert med 35 mill. kroner, jf. Prop. 24 S (2019–2020) Endringar i statsbudsjettet 2019 under Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet å løyve 61,2 mill. kroner til ytterlegare skredsikring i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2019–2020). Arbeidet med skredsikring inneber bl.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Dei nye klimaframskrivingane medfører utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av skredsikringsinstallasjonar i område med permafrost.

Regjeringa foreslo i Prop. 127 S (2019–2020) å auke løyvinga på svalbardbudsjettet sitt kap. 0007 Tilfeldige utgifter post 30 Skred- og bustadtiltak med 10 mill. kroner. Regjeringa foreslo samstundes å gi Olje- og energidepartementet ein bestillingsfullmakt på inntil 60 mill. kroner på posten. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

På grunn av den nemnde forseinkinga fekk løyvinga på kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet å løyve 61,1 mill. kroner til ytterlegare skredsikring i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2020–2021). Arbeidet omfattar bl.a. ferdigstilling av fangvollen og oppstart av arbeidet med støtteforbyggingar.

Dei samla kostnadene for skredsikringstiltak under Sukkertoppen har auka til 165 mill. kroner, bl.a. som følgje av dårlege grunnforhold, avgrensa tilgang til steinmassar av god nok kvalitet og handtering av forureina massar. Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2020–2021)) å gi Olje- og energidepartementet ein bestillingsfullmakt på inntil 25 mill. kroner på posten, bl.a. for at NVE kunne inngå kontraktar i 2021 med utbetaling og sluttføring av prosjektet i 2022. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Fullmakta har i hovudsak samanheng med ein kostnadsauke for fangvollen, bl.a. som følgje av utfordrande grunnforhold.

Det ligg førebels an til at arbeidet med Sukkertoppen held fram og blir avslutta i 2022.

Det er foreslått ei løyving på posten på 26,1 mill. kroner med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.

Post 70 Diverse tilskot

Løyvinga på post 70 skal bl.a. nyttast til kjøp av tenester frå Telenor for å sikre teletenester på Svalbard.

Det er foreslått ei løyving på posten på 1,1 mill. kroner.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

2 585

2 180

2 220

Sum kap. 0009

2 585

2 180

2 220

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023, bl.a. arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt, vedlikehald av bygg, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeid, bl.a. i form av ein serie med informasjonshefte.

Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,2 mill. kroner.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

374

0

0

Sum kap. 3009

374

0

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.

Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Inntekta var 374 000 kroner i 2020 og stammar frå refusjon av kostnader ved registrering av kulturminne på Platåberget og i Svea. Tiltakshavaren Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS har stått for kostnaden.

Det er foreslått ikkje å budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

1 938

1 976

2 200

Sum kap. 0011

1 938

1 976

2 200

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling knytt til Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at òg ressurs- og miljøaspekt blir tekne omsyn til.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,2 mill. kroner.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Refusjon

3 811

3 811

3 800

Sum kap. 0017

3 811

3 811

3 800

Post 50 Refusjon

Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt i Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1471.

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i arktiske strøk. Norsk Polarinstitutt er den faglege rådgivaren for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmeisteren i polarspørsmål og har permanent nærvær i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Det er foreslått ei løyving på posten på 3,8 mill. kroner.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Drift og vedlikehald

3 325

5 867

5 000

30

Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

858

0

400

Sum kap. 0018

4 183

5 867

5 400

Post 01 Drift og vedlikehald

Løyvinga på posten skal dekke bl.a. utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Løyvinga hadde monnaleg mindreutgift i 2020, bl.a. som følgje av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,0 mill. kroner.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke.

Det er planlagt å etablere ei ny sektorlykt i nordre del av Sørgattet, og det er derfor foreslått ei løyving på 400 000 kroner på posten.

Sjølv om innretningane på Svalbard er fornya dei siste åra, kan det framover vere behov for å setje lys på enkelte merke som i dag er utan lys.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

7 309

7 591

7 644

Sum kap. 0019

7 309

7 591

7 644

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke Meteorologisk institutt sine utgifter til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.

Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.

Det er foreslått ei løyving på posten på 7,6 mill. kroner.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

2 224

2 240

2 300

Sum kap. 0020

2 224

2 240

2 300

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.

Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg Svalbard har vidare ansvaret for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen, som leiger ut bustader til offentleg tilsette.

Statsbygg er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Vedlegg 1 og 2 gir ein oversikt over utgifter og inntekter som gjeld bygg og bustader på Svalbard. Forvaltninga av statleg eigde bustader i Longyearbyen er omtalt under punkt 3.2.5.4.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,3 mill. kroner.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

4 959

5 790

6 100

Sum kap. 0022

4 959

5 790

6 100

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten.

Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innanfor det som til kvar tid er fastsett for skattestyresmaktene.

Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.

Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2022, romartal II.

Det er foreslått ei løyving på posten på 6,1 mill. kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01. Sjå omtale under kap. 3030.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Diverse inntekter

330

330

270

Sum kap. 3022

330

330

270

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.

Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond. Avtalen vart reforhandla hausten 2020 og varer ut 2023.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 270 000 kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Skattar m.m.

192 391

186 800

185 000

71

Utførselsavgift

785

750

350

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 061

1 000

1 000

Sum kap. 3030

194 236

188 550

186 350

Post 70 Skattar m.m.

Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2022.

Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2020 og venta fastsetjing for inntektsåret 2021.

Prognosen for 2021 er på om lag same nivå som i 2020, så langt det ikkje skjer vesentlege endringar ved større enkelthendingar

Det er framleis mykje som er uvisst når det gjeld dei økonomiske verknadene av virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka på Svalbard. Turistnæringa er særs hardt råka, men òg verksemder som leverer varer og tenester til denne næringa merkar nedgangen i omsetnaden og må permittere tilsette. Ein går ut i frå at skatteinngangen i 2021 kan bli lågare enn budsjettforslaget for 2021.

Skatteinngangen i 2022 vil avhenge av når den økonomiske aktiviteten kjem i gang igjen etter virusutbrotet og dei følgjande smitteverntiltaka. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og -verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 185,0 mill. kroner.

Post 71 Utførselsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolum på Svalbard dei seinare åra. I åra etter 2017 har produksjonen vore fallande. Kolprisen kan samstundes endre seg fort, og anslaga er usikre.

To aktørar betaler utførselsavgift, og produksjonen er redusert dei seinare åra med tydeleg reduksjon i 2021. Overslaget for utførselsavgifta er uvisst på grunn av uvisse kolprisar, uvisse marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Ut frå dette legg ein til grunn det same inntektsnivået for utførselsavgift som i 2021.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 350 000 kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelt i bergverksordninga.

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.

I 2020 vart det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2021 var det 367 gyldige utmål på Svalbard.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 1,0 mill. kroner

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Tilskot

406 119

337 978

409 453

Sum kap. 3035

406 119

337 978

409 453

Post 50 Tilskot

Posten er tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, Prop. 1 S (2021–2022) kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekke underskotet på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 409,5 mill. kroner.

Til forsida