Tilskot til samlivstiltak

Det er sett av 6,6 millioner kroner til organisasjonar og institusjonar som jobbar med samlivstiltak.

–  Barn skal ha ein trygg og god oppvekst, og det er viktig å koma tidlig inn for å førebyggja samlivsbrudd og konfliktar. Trygge foreldre gir trygge barn, seier barneminister Solveig Horne.

Målsettinga med tilskotsordninga er å stø opp om samlivet i parforhold og å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing. Det er også rom for å gje stønad til tiltak som er retta mot familiar med høgt konfliktnivå. Samliv i utradisjonelle samlivsformer og foreldresamarbeid etter samlivsbrot ligg også innanfor føremålet for tilskotsordninga.

–  Vi har no lyst ut 6,6 millioner kroner til samlivstiltak, dette er ein auke på 65 prosent frå i fjor. Eg håper at mange frivillige organisasjonar og institusjonar vil søke om midlar, seier statsråden.

Du finn meir informasjon om tilskotsordninga og korleis du søker på midlene på Bufdir sine nettsider.

Til toppen