Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

80 millionar kroner til polarforsking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Satsinga på Det internasjonale polaråret (IPY) 2007/2008 skal mellom anna styrkje oppbygginga av grunnleggjande forskingskompetanse ved dei norske miljøa og sikre at infrastrukturen for norsk polarforsking blir utnytta endå betre.

Pressemelding

Nr.: 67-06
Dato: 6.oktober

80 millionar kroner til polarforsking

Regjeringa foreslår å løyve 80 millionar kroner til arbeidet med Det internasjonale polaråret (IPY) 2007/2008. Satsinga skal mellom anna styrkje oppbygginga av grunnleggjande forskingskompetanse ved dei norske miljøa og sikre at infrastrukturen for norsk polarforsking blir utnytta endå betre. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping aukar med 10 milliardar kroner.

- Noreg er det einaste landet i verda som forvaltar område både i Arktis og Antarktis. Eg er oppteken av at vi som har lange tradisjonar som polarnasjon og mange høgt kvalifiserte polarforskingsmiljø, skal bidra aktivt i det internasjonale forskingsløftet som polaråret legg opp til, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007/2008 er ei internasjonal storsatsing, og det er venta at over 60 nasjonar og mellom 50 000 og 100 000 forskarar og teknikarar kjem til å delta. Forskingsinnsatsen i IPY får mykje å seie for ressurs- og naturforvaltinga i områda.

Dei totale løyvingane til forsking og utvikling over statsbudsjettet i 2007 er sette til om lag 16,3 milliardar kroner, det vil seie ein vekst på nær 900 millionar kroner frå 2006. I tillegg foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Forskingsfondet med 10 milliardar kroner til 60 milliardar kroner. Med den renta som er i dag, kjem det til å gi ei auka avkasting på om lag 440 millionar kroner i 2008. Under denne regjeringa har kapitalen i Forskingsfondet auka med totalt 24 milliardar kroner.

Den delen av avkastinga frå Forskingsfondet som blir disponert av Noregs forskingsråd, aukar med 232 millionar kroner i 2007. Dei auka midlane skal brukast til å styrkje prioriterte område i forskingspolitikken: det internasjonale polaråret (IPY) 2007/2008 (80 millionar kroner), dei tematiske satsingane energi og miljø, hav, mat og helse (80 millionar kroner), forskingsbasert innovasjon i næringslivet (20 millionar kroner), strategiske høgskuleprosjekt (10 millionar kroner), utvida gåveforsterkingsordning (30 millionar kroner) og vitskapeleg utstyr (12 millionar kroner).

Ei anna stor internasjonal forskingssatsing i 2007 er at Noreg skal delta i det sjuande EU-rammeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling. EUs rammeprogram er det mest omfattande internasjonale samarbeidet som norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i det sjuande rammeprogrammet, og foreslår å løyve 184 millionar kroner til kontingent til det nye programmet i 2007.

I tillegg skal det forskingsetiske arbeidet styrkjast med til saman 9,5 millionar kroner i 2007. Av dette skal 7,1 millionar kroner gå til å styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk. 2,4 millionar kroner skal gå til koordineringsfunksjonen som Nasjonal forskingsetisk komité for medisin (NEM) har for dei regionale komiteane, og til å opprette eit nasjonalt utval for gransking av påstandar om forskingsfusk.

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Kari Balke Øiseth, telefon 22 24 74 60
Avdelingsdirektør Live Haaland, telefon 22 24 74 58
Førstekonsulent Kristoffer Kolltveit, telefon 22 24 74 62

Til toppen