Historisk arkiv

Aspaker og Lien møtte ”Ett hav”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og olje- og energiminister Tord Lien møtte fredag dialogforumet Ett hav. Dette er eit forum der toppleiarar frå norsk sjømatnæring og petroleumsnæring møtest for dialog om sameksistens i norske havområde.


Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og olje og energiminister Tord Lien møtte fredag dialogforumet Ett hav. Dette er eit forum der toppleiarar frå norsk sjømatnæring og petroleumsnæring møtest for dialog om sameksistens i norske havområde.

 
Statsrådane er veldig fornøgde med at næringane søkjer løysingar gjennom dialog og samarbeid. 
- Noreg er eit havland og eit globalt føregangsland for verksemd på sjøen. Derfor er det veldig bra at næringa tek initiativ til å finne felles løysingar på felles problem, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
- Å leggje fram eit meir balansert bilete av forholdet mellom næringane våre er viktig, ikkje minst for tilliten mellom aktørane og for å vidareutvikle sameksistens på havet, seier olje- og energiminister Tord Lien.
På møtet blei det semje om å fortsetje med dialogen med alle dei involverte aktørane og ha fokus på utveksle kunnskap for å styrkje sameksistensen mellom sjømatnæringa og petroleumsnæringa.