Historisk arkiv

Mæland i Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Monica Mæland (H) har blant anna sett nærmare på verksemda til Telenor når ho er i Myanmar for å støtte opp om det aukande samarbeidet mellom norsk og myanmarsk næringsliv.

Næringsminister Monica Mæland (H) har blant anna sett nærmare på verksemda til Telenor når ho er i Myanmar for å støtte opp om det aukande samarbeidet mellom norsk og myanmarsk næringsliv.

Næringsministeren deltek på DD mm kong Harald og dronning Sonjas statsbesøk til Myanmar.
- Myanmar er inne i ein spennande fase. Norske bedrifter ønskjer å ta del i den økonomiske voksteren i landet, som næringsminister støttar eg opp om dette, seier Mæland.

I Yangon sentrum såg næringsministeren nærmare på Telenor-forhandlarar. Telenor har over to millionar kundar i Myanmar. Eit av temaa for samtalane med blant andre Telenor sin Asia-sjef Sigve Brekke var samfunnsansvar og ulike utfordringar norske bedrifter møter i Myanmar.

- Eg forventar at norske bedrifter tek med seg den gode praksisen frå Noreg når dei er i utlandet. Dei skal vere blant dei fremste i å utøve samfunnsansvar og på den måten hjelpe til med å skape sømmelege arbeidsvilkår, seier Mæland.

Telenor står for den største norske investeringa i Myanmar så langt og har hatt svært rask utvikling sidan selskapet fekk lisens i februar.

- Eg er imponert over kor raskt Telenor har klart å etablere seg i Myanmar, seier Mæland.

Sjå fleire bilete frå gjesta på  NFD si Flickr-side (alle bilete til fri redaksjonell bruk).

Næringsminister Monica Mæland i Myanmar. Her ved ein Telenor-forhandlar i Yangon. Foto: Trona Viken, NFD
 

Nøkkeltal Noreg - Myanmar (2013):

  • Import av varer frå Myanmar: 14 millionar kronar.
  • Eksport av varer til Myanmar: 9 millionar kronar.
  • Norsk tenesteeksport til Myanmar: 84 millionar kronar.
  • Norske bedrifter som er aktive i Myanmar inkluderer blant andre: DNV GL, Eltek, Jacobsen Elektro, Jotun, Rolls Royce Bergen Engines, SN Power, Statoil, Telenor og Yara.