Oppstart av kommunereform i Grenland

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Kragerø 9. september. Tema er oppstart av kommunereformen i Grenland.

Alle dei seks formannskapa i Grenland er samla til felles seminar om kommunereform 8. og 9. september.  Målet er å vedta felles oppstart og prosess i Grenland.

Statsråden vil møte formannskapa og halde innlegg tirsdag 9. september.

Stad: Kragerø Resort, Stabbestad
Tid: 09.00