Presseinvitasjon: Samferdselsministeren tek imot KVU for kryssing av Oslofjorden

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tek onsdag 19. november imot konseptvalutgreiinga (KVU) for kryssing av Oslofjorden. Statens vegvesen vil på vegne av alle dei involverte etatane overlevere si tilråding i R5 i Regjeringskvartalet.

Presse og kringkasting er velkomne til overlevering og presentasjon av utgreiinga, som er utarbeidd av Statens vegvesen, Kystverket og Jernbaneverket på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og prosjektleiar Anders Jordbakke i Statens vegvesen orienterer og svarer på spørsmål. Representantar frå Kystverket og Jernbaneverket vil også vere tilstades.

 Tid og stad:

  • Onsdag 19. november kl. 9.30
  • Auditoriet  i R5, Akersgata 59, Regjeringskvartalet, Oslo

Pressekontaktar:

Politisk rådgjevar Reynir Jóhannesson tlf. 465 48 595  eller
Ekspedisjonssjef Anne Marie Storli, Samferdselsdepartementet, tlf. 917 33 650